Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 83
Psal NorSMB 83:2  Gud, teg ikkje! haldt deg ikkje still og roleg, Gud!
Psal NorSMB 83:3  For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!
Psal NorSMB 83:4  Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot deim som du tek vare på.
Psal NorSMB 83:5  Dei segjer: «Kom, lat oss rydja deim ut, so dei ikkje lenger er eit folk! og Israels namn skal ingen meir koma i hug!»
Psal NorSMB 83:6  For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjeng dei i pakt.
Psal NorSMB 83:7  Edoms tjeld og ismaelitarne, Moab og hagarenarne,
Psal NorSMB 83:8  Gebal og Ammon og Amalek, Filistarland med deim som bur i Tyrus.
Psal NorSMB 83:9  Ogso Assur hev gjenge i lag med deim, han låner sin arm til Lots søner. Sela.
Psal NorSMB 83:10  Gjer med deim som med Midjan! som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!
Psal NorSMB 83:11  Dei vart øydelagde ved En-Dor, dei vart til møk på marki.
Psal NorSMB 83:12  Far med deim, deira fremste menner, som med Oreb og Ze’eb, og med alle deira hovdingar som med Zebah og Salmunna!
Psal NorSMB 83:13  deim som segjer: «Lat oss hertaka Guds bustader!»
Psal NorSMB 83:14  Min Gud, gjer deim som ein dustkvervel, som agner for vinden!
Psal NorSMB 83:15  Lik ein eld som brenn ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,
Psal NorSMB 83:16  soleis forfylgje du deim med din storm og skræme deim med ditt uver!
Psal NorSMB 83:17  Fyll deira andlit med skam, at dei må søkja ditt namn, Herre!
Psal NorSMB 83:18  Lat deim skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunnar! Og lat deim få vita, at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!