Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 80
Psal NorSMB 80:1  Til songmeisteren, etter «Liljor»; eit vitnemål av Asaf, ein salme.
Psal NorSMB 80:2  Du Israels hyrding, vend øyra til! du som fører Josef som ei hjord, du som tronar yver kerubarne, syn deg herleg!
Psal NorSMB 80:3  Vekk upp ditt velde for Efraim og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp!
Psal NorSMB 80:4  Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!
Psal NorSMB 80:5  Herre Gud, Allhers drott! Kor lenge du frøser av harm, endå folket ditt bed!
Psal NorSMB 80:6  Du gav deim tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.
Psal NorSMB 80:7  Du sette oss til eit trættemål for våre grannar, og våre fiendar spottar seg imillom.
Psal NorSMB 80:8  Gud, allhers drott, reis oss upp att og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!
Psal NorSMB 80:9  Eit vintre flutte du frå Egyptarland, du dreiv heidningar ut og planta det.
Psal NorSMB 80:10  Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet.
Psal NorSMB 80:11  Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds cedrar av greinerne.
Psal NorSMB 80:12  Det strekte sine greiner ut til havet, og sine renningar burt imot elvi.
Psal NorSMB 80:13  Kvi hev du rive ned gardarne ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det?
Psal NorSMB 80:14  Svinet frå skogen gneg på det og dyri på marki beitar i det.
Psal NorSMB 80:15  Gud, allhers drott, vend um att! skoda ned frå himmelen og sjå og vitja ditt vintre!
Psal NorSMB 80:16  og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den son du hev valt deg ut!
Psal NorSMB 80:17  Det er brent med eld, det er avhogge, for trugsl frå ditt andlit gjeng dei til grunnar.
Psal NorSMB 80:18  Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut,
Psal NorSMB 80:19  so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn! Herre Gud, allhers drott, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!