Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 9
Psal NorSMB 9:1  Til songmeisteren, etter Mut-labben; ein salme av David.
Psal NorSMB 9:2  Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil fortelja um alle dine under.
Psal NorSMB 9:3  Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste!
Psal NorSMB 9:4  av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunnar for ditt andlit.
Psal NorSMB 9:5  For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar.
Psal NorSMB 9:6  Du hev aga heidningarne, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid.
Psal NorSMB 9:7  Fienden er all lagd i øyde til æveleg tid, byarne hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut.
Psal NorSMB 9:8  Men Herren sit som konge til æveleg tid, han hev sett upp sin stol til doms,
Psal NorSMB 9:9  og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folkeslag med rettvisa.
Psal NorSMB 9:10  Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
Psal NorSMB 9:11  Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje deim som søkjer deg, Herre!
Psal NorSMB 9:12  Syng lovsong til Herren som bur på Sion! forkynn millom folki hans store gjerningar!
Psal NorSMB 9:13  For han som hemner blod, kjem deim i hug, han gløymer ikkje ropet frå dei arme.
Psal NorSMB 9:14  Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av deim som meg hatar, du som lyfter meg upp frå daudens portar,
Psal NorSMB 9:15  so eg kann forkynna all din pris, i portarne åt Sions dotter fagna meg i di frelsa.
Psal NorSMB 9:16  Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
Psal NorSMB 9:17  Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verk hans eigne hender gjorde. Higgajon. Sela.
Psal NorSMB 9:18  Dei ugudlege skal fara burt til helheimen, alle heidningar som gløymer Gud.
Psal NorSMB 9:19  For den fatige vert ikkje gløymd for alltid, dei arme folks von ikkje spillt i all æva.
Psal NorSMB 9:20  Statt upp, Herre, lat ikkje menneskje få magt, lat heidningarne verta dømde for di åsyn! Set rædsla i deim, Herre! Lat heidningarne kjenna at dei er menneskje! Sela.