Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 66
Psal NorSMB 66:1  Til songmeisteren; ein song, ein salme. Ropa fagnadrop for Gud, all jordi!
Psal NorSMB 66:2  Syng ut hans namns æra, gjev honom æra til hans pris!
Psal NorSMB 66:3  Seg til Gud: «Kor skræmelege dine verk er! For di store magt skuld må dine fiendar gjøla for deg.
Psal NorSMB 66:4  All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn.» Sela.
Psal NorSMB 66:5  Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot menneskjeborni.
Psal NorSMB 66:6  Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i honom.
Psal NorSMB 66:7  Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningarne; dei tråssuge må ikkje upphøgja seg. Sela.
Psal NorSMB 66:8  De folk, lova vår Gud, og lat røysti av hans lovsong verta høyrd!
Psal NorSMB 66:9  han som heldt vår sjæl i live, og ikkje let vår fot vera ustød.
Psal NorSMB 66:10  For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.
Psal NorSMB 66:11  Du førde oss inn i eit garn, du lagde ei tyngjande byrd på våre lender.
Psal NorSMB 66:12  Du let menneskje fara yver vårt hovud, me kom i eld og vatn - men du førde oss ut til uppkveikjing.
Psal NorSMB 66:13  Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,
Psal NorSMB 66:14  det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala ut då eg var i naud.
Psal NorSMB 66:15  Brennoffer av feite sauer vil eg ofra til deg med eim av verar, eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela.
Psal NorSMB 66:16  Kom og høyr, so vil eg fortelja, alle de som ottast Gud, kva han hev gjort for mi sjæl.
Psal NorSMB 66:17  Til honom ropa eg med min munn, og lovsong var på tunga mi.
Psal NorSMB 66:18  Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.
Psal NorSMB 66:19  Men Gud hev høyrt, han lydde på mi bønerøyst.
Psal NorSMB 66:20  Lova vere Gud, som ikkje viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!