Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LAMENTATIONS
1 2 3 4 5
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Lame NorSMB 3:1  Eg er mannen som naudi såg under hans vreide-ris.
Lame NorSMB 3:2  Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos.
Lame NorSMB 3:3  Berre mot meg vender han si hand upp att og upp att heile dagen.
Lame NorSMB 3:4  Han hev late meg eldast i hold og hud, han hev krasa mine bein.
Lame NorSMB 3:5  Han bygde att for meg og ringa meg inn med beiska og møda.
Lame NorSMB 3:6  I myrkret hev han set meg, lik deim som longe er daude.
Lame NorSMB 3:7  Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor.
Lame NorSMB 3:8  Endå eg kallar og ropar, let han att for mi bøn.
Lame NorSMB 3:9  Han mura fyre mine vegar med tilhoggen stein, gjorde det uført på min stig.
Lame NorSMB 3:10  Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne.
Lame NorSMB 3:11  Til villstig gjorde han min veg; han reiv meg sund og lagde meg i øyde.
Lame NorSMB 3:12  Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.
Lame NorSMB 3:13  Han let renna inni mine nyro pilehus-sønerne sine.
Lame NorSMB 3:14  Eg vart til lått for alt mitt folk, deira nidvisa heile dagen.
Lame NorSMB 3:15  Han metta meg med beiske urter, han gav meg malurt å drikka.
Lame NorSMB 3:16  Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska.
Lame NorSMB 3:17  Og du støytte burt frå fred mi sjæl; eg gløymde kor det var å hava det godt.
Lame NorSMB 3:18  Og eg sagde: «Det er ute med mi kraft og med mi von til Herren.»
Lame NorSMB 3:19  Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og beiska.
Lame NorSMB 3:20  Ho minnest det, sjæli mi, og er nedbøygd i meg.
Lame NorSMB 3:21  Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona:
Lame NorSMB 3:22  Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all.
Lame NorSMB 3:24  Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom.
Lame NorSMB 3:25  Herren er god med deim som ventar på honom, med den sjæl som søkjer honom.
Lame NorSMB 3:26  Det er godt å vera still for Herren og venta på hans frelsa.
Lame NorSMB 3:27  Det er godt for mannen at han ber ok i sin ungdom,
Lame NorSMB 3:28  at han sit einsleg og tegjande, når han legg det på,
Lame NorSMB 3:29  at han luter seg med munnen mot moldi - kann henda det enn er von -
Lame NorSMB 3:30  at han held fram si kinn til slag, let seg metta med svivyrda.
Lame NorSMB 3:32  For um han legg på sorg, so miskunnar han endå etter sin store nåde.
Lame NorSMB 3:33  For det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni.
Lame NorSMB 3:35  at dei rengjer retten for mannen framfor åsyni til den Høgste,
Lame NorSMB 3:36  at ein gjer urett mot ein mann i hans sak - ser ikkje Herren slikt?
Lame NorSMB 3:38  Kjem ikkje frå munnen til den Høgste både vondt og godt?
Lame NorSMB 3:39  Kvi skal eit livande menneskje klaga? Kvar syrgje yver si synd!
Lame NorSMB 3:40  Lat oss ransaka våre vegar og røyna deim og venda oss til Herren!
Lame NorSMB 3:41  Lat oss lyfta våre hjarto likeins som våre hender til Gud i himmelen!
Lame NorSMB 3:42  Me hev synda og vore ulyduge, du hev ikkje tilgjeve.
Lame NorSMB 3:43  Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde.
Lame NorSMB 3:44  I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram.
Lame NorSMB 3:45  Til skarn og styggje hev du gjort oss midt imillom folki.
Lame NorSMB 3:46  Dei spila upp sitt gap imot oss, alle våre fiendar.
Lame NorSMB 3:47  Gruv og grav det vart vår lut, øyding og tjon.
Lame NorSMB 3:48  Tårebekkjer strøymer or mitt auga for tjonet på mitt folks dotter.
Lame NorSMB 3:50  fyrr Herrens skodar etter og ser frå himmelen.
Lame NorSMB 3:51  Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for kvar ei av døtterne i min by.
Lame NorSMB 3:52  Dei jaga og elte meg som ein fugl, dei som var mine fiendar utan orsak.
Lame NorSMB 3:53  Dei vilde taka livet av meg nede i brunnen, dei kasta stein på meg.
Lame NorSMB 3:54  Vatnet flødde yver mitt hovud, eg sagde: «Det er ute med meg.»
Lame NorSMB 3:55  Eg påkalla ditt namn, Herre, utor den djupe hola.
Lame NorSMB 3:56  Mi røyst høyrde du; haldt deg ikkje for øyro når eg ropar um lindring.
Lame NorSMB 3:57  Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sagde: «Ikkje ottast!»
Lame NorSMB 3:58  Du, Herre, hev ført saki for mi sjæl, du hev løyst ut mitt liv.
Lame NorSMB 3:59  Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak!
Lame NorSMB 3:60  Du hev set all deira hemnhug, alle deira løynderåder mot meg.
Lame NorSMB 3:61  Du hev høyrt deira svivyrdingar, alle deira løynderåder mot meg,
Lame NorSMB 3:62  det mine motstandarar sagde og tenkte imot meg dagen lang.
Lame NorSMB 3:63  Ansa på deim, når dei sit og når dei stend! um meg gjer dei nidvisor.
Lame NorSMB 3:64  Du, Herre, vil gjeva deim av same slag som deira hender hev gjort.
Lame NorSMB 3:65  Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, du vil bannstøyta deim.
Lame NorSMB 3:66  Du vil elta deim i vreide, og tyna deim so dei ikkje bid meir under Herrens himmel.