Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 74
Psal NorSMB 74:1  Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter?
Psal NorSMB 74:2  Kom i hug din lyd som du fekk deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell der du bur.
Psal NorSMB 74:3  Stig upp til dei ævelege øydehus! Alt hev fienden brote sund i heilagdomen.
Psal NorSMB 74:4  Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus, dei hev sett sine merke upp til merke.
Psal NorSMB 74:5  Det såg ut som når ein lyfter øksar og høgg i tettvakse tre.
Psal NorSMB 74:6  Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar.
Psal NorSMB 74:7  Dei hev sett eld på heilagdomen din, reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn.
Psal NorSMB 74:8  Dei hev sagt i sitt hjarta: «Lat oss tyna deim alle i hop!» Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet.
Psal NorSMB 74:9  Våre merke ser me ikkje, det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge.
Psal NorSMB 74:10  Gud, kor lenge skal motstandaren spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg?
Psal NorSMB 74:11  Kvifor dreg du di hand, di høgre hand, attende? Tak henne ut or barmen, og øydelegg!
Psal NorSMB 74:12  Gud er då min konge frå gamall tid, som skaper frelsa midt på jordi.
Psal NorSMB 74:13  Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet.
Psal NorSMB 74:14  Du slo sund hovudi til Livjatan, du gjorde honom til føda for folk i øydemarki.
Psal NorSMB 74:15  Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar.
Psal NorSMB 74:16  Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til, du hev laga ljosi og soli.
Psal NorSMB 74:17  Du hev sett fast alle grensor på jordi, sumar og vinter - du hev laga deim.
Psal NorSMB 74:18  Kom i hug dette: Fiendar hev spotta Herren, og eit dårlegt folk hev vanvyrdt ditt namn.
Psal NorSMB 74:19  Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar!
Psal NorSMB 74:20  Sjå til di pakt! for løyndekrokarne i landet er fulle av valds-bøle.
Psal NorSMB 74:21  Lat ikkje den nedtrykte snu um med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn!
Psal NorSMB 74:22  Statt upp, Gud! før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen!
Psal NorSMB 74:23  Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar som alltid stig upp!