Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 94
Psal NorSMB 94:1  Herre, du hemns Gud, du hemns Gud, syn deg i herlegdom!
Psal NorSMB 94:2  Statt upp, du domar yver jordi, lat dei ovmodige få lika for si gjerning!
Psal NorSMB 94:3  Kor lenge skal ugudlege, Herre, kor lenge skal ugudlege fegnast?
Psal NorSMB 94:4  Dei gøyser or seg og fører skamlaus tale; dei skrøyter, alle ugjerningsmenner.
Psal NorSMB 94:5  Ditt folk, Herre, krasar dei, og din arv plågar dei.
Psal NorSMB 94:6  Enkja og den framande slær dei i hel, og dei myrder dei farlause.
Psal NorSMB 94:7  Og dei segjer: «Herren ser ikkje, og Jakobs Gud merkar det ikkje.»
Psal NorSMB 94:8  Merka då, de uvituge i folket! Og de vitlause, når vil de taka til vitet?
Psal NorSMB 94:9  Han som hev sett inn øyra, skulde han ikkje høyra? Han som hev laga til auga, skulde han ikkje sjå?
Psal NorSMB 94:10  Han som tuktar heidningar, skulde han ikkje refsa, han som gjev menneski kunnskap?
Psal NorSMB 94:11  Herren kjenner mannsens tankar, at dei er fåfengd.
Psal NorSMB 94:12  Sæl er den mann som du, Herre, tuktar, og som du gjev lærdom or lovi di,
Psal NorSMB 94:13  til å gjeve honom ro for vonde dagar, til dess det vert grave ei grav for den ugudlege.
Psal NorSMB 94:14  For ikkje støyter Herren burt sitt folk, og arven sin forlet han ikkje.
Psal NorSMB 94:15  For domen skal venda um att til rettferd, og alle ærlege i hjarta skal halda med honom.
Psal NorSMB 94:16  Kven stend upp for meg imot dei vonde? Kven stig fram for meg mot deim som gjer urett?
Psal NorSMB 94:17  Dersom ikkje Herren var mi hjelp, so vilde sjæli mi snart bu i stilla.
Psal NorSMB 94:18  Når eg segjer: «Foten min er ustød, då held di miskunn meg uppe, Herre.»
Psal NorSMB 94:19  Når det kjem mange tunge tankar i mitt hjarta, då huggar dine trøystarord mi sjæl.
Psal NorSMB 94:20  Er vel tynings-domstolen i samlag med deg, der dei lagar urett i hop til rett?
Psal NorSMB 94:21  Dei flokkar seg i hop mot sjæli åt den rettferdige, og dei fordømer uskuldigt blod.
Psal NorSMB 94:22  Då vert Herren ei borg for meg, og min Gud vert eit berg som eg flyr til.
Psal NorSMB 94:23  Og han let deira urett koma attende yver deim, og for deira vondskap skal han gjera ende på deim, ja, Herren, vår Gud, skal gjera ende på deim.