Chapter 1
| II T | NorSMB | 1:1 | Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus, | |
| II T | NorSMB | 1:2 | til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre! | |
| II T | NorSMB | 1:3 | Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener i eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag, | |
| II T | NorSMB | 1:4 | og når eg hugsar dine tåror, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda, | |
| II T | NorSMB | 1:5 | då eg er mint um den skrymtlause trui som er i deg, den som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på bur i deg og. | |
| II T | NorSMB | 1:6 | Difor minner eg deg um å kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing. | |
| II T | NorSMB | 1:7 | For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke. | |
| II T | NorSMB | 1:8 | Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft! | |
| II T | NorSMB | 1:9 | han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider, | |
| II T | NorSMB | 1:10 | men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet; | |
| II T | NorSMB | 1:12 | Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er megtig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen. | |
| II T | NorSMB | 1:13 | Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus! | |
| II T | NorSMB | 1:14 | Tak vare på den fagre skatt som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss! | |
| II T | NorSMB | 1:15 | Du veit dette, at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes. | |
| II T | NorSMB | 1:16 | Herren vise miskunn mot Onesiforus’ hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved mine lekkjor. | |
Chapter 2
| II T | NorSMB | 2:2 | Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre! | |
| II T | NorSMB | 2:4 | Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren. | |
| II T | NorSMB | 2:5 | Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg. | |
| II T | NorSMB | 2:8 | Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium, | |
| II T | NorSMB | 2:9 | det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde. | |
| II T | NorSMB | 2:10 | Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom. | |
| II T | NorSMB | 2:14 | Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på! | |
| II T | NorSMB | 2:15 | Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg! | |
| II T | NorSMB | 2:16 | Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa, | |
| II T | NorSMB | 2:17 | og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus, | |
| II T | NorSMB | 2:18 | som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume. | |
| II T | NorSMB | 2:19 | Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.» | |
| II T | NorSMB | 2:20 | Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra. | |
| II T | NorSMB | 2:21 | Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning. | |
| II T | NorSMB | 2:22 | Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta! | |
| II T | NorSMB | 2:23 | Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid! | |
| II T | NorSMB | 2:24 | Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt, | |
| II T | NorSMB | 2:25 | so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi, | |
Chapter 3
| II T | NorSMB | 3:2 | For folk skal vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulyduge mot foreldre, utakksame, vanheilage, | |
| II T | NorSMB | 3:6 | For til deim høyrer dei som snikjer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster | |
| II T | NorSMB | 3:8 | Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneskje som er øydelagde i hugen, duglause i trui. | |
| II T | NorSMB | 3:9 | Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta audsynt for alle, liksom det og vart med hine. | |
| II T | NorSMB | 3:10 | Men du hev fylgt etter mi læra, mi ferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod, | |
| II T | NorSMB | 3:11 | mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or deim alle. | |
| II T | NorSMB | 3:13 | Men vonde menneskje og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre, med di dei fører vilt og fer vilt. | |
| II T | NorSMB | 3:14 | Men du, vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um, då du veit kven du hev lært det av, | |
| II T | NorSMB | 3:15 | og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus. | |
| II T | NorSMB | 3:16 | Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd, | |
Chapter 4
| II T | NorSMB | 4:1 | Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma livande og daude, og ved hans openberring og hans rike: | |
| II T | NorSMB | 4:2 | Forkynn ordet, statt nær med det i tid og i utid, yvertyd, refs, påminn med alt langmod og all læra! | |
| II T | NorSMB | 4:3 | For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den heilsame læra, men etter sine eigne lyster taka seg sjølve lærarar i flokketal, med di dei klæjar dei i øyra, | |
| II T | NorSMB | 4:5 | Men ver du edru i alle ting, lid vondt, gjer ein evangeli-forkynnars gjerning, fullfør di tenesta! | |
| II T | NorSMB | 4:8 | So ligg då rettferdskransen reidug til meg, den som Herren, den rettferdige domar, skal gjeva meg på hin dagen, då ikkje berre meg, men alle som hev elska hans openberring. | |
| II T | NorSMB | 4:10 | For Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verdi og for til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia. | |
| II T | NorSMB | 4:11 | Lukas er åleine hjå meg. Tak Markus og før honom med deg, for han er meg nyttug til tenesta. | |
| II T | NorSMB | 4:13 | Når du kjem, so tak med deg den kåpa som eg let att i Troas hjå Karpus, og bøkerne, serleg skinnbøkerne! | |
| II T | NorSMB | 4:14 | Koparsmeden Aleksander gjorde meg mykje vondt. Herren kjem til å løna han etter hans gjerningar! | |
| II T | NorSMB | 4:16 | Ved mitt fyrste forsvar møtte ingen med meg, men alle forlet meg. Gjev det ikkje må verta deim tilrekna! | |
| II T | NorSMB | 4:17 | Men Herren stod med meg og styrkte meg, so forkynningi ved meg skulde verta fullførd, og alle folkeslag få høyra henne; og eg vart utfria or løvegapet. | |
| II T | NorSMB | 4:18 | Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Honom vere æra i all æva! Amen. | |
| II T | NorSMB | 4:21 | Gjer deg umak med å koma fyre vinteren! Eubulus og Pudens og Linus og Klaudia og alle brørne helsar deg. | |