Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 35
Psal NorSMB 35:1  Av David. Herre, før mi sak mot deim som hev sak mot meg! Strid mot deim som strider mot meg!
Psal NorSMB 35:2  Grip skjold og verja og reis deg til hjelp for meg!
Psal NorSMB 35:3  Drag spjotet fram og steng vegen for deim som forfylgjer meg! Seg til mi sjæl: «Eg er di frelsa!»
Psal NorSMB 35:4  Lat deim blygjast og skjemmast, som stend meg etter livet! Lat deim vika attende med skam, som vil meg noko vondt!
Psal NorSMB 35:5  Lat deim verta som agner for vind, og Herrens engel støyte deim burt!
Psal NorSMB 35:6  Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje deim!
Psal NorSMB 35:7  For utan orsak hev dei løynt si grav med garn åt meg, utan orsak hev dei grave ei grav for mitt liv.
Psal NorSMB 35:8  Lat tjon koma yver honom, når han ikkje veit det, og det garn han løynde fanga honom; lat honom falla i det til sitt tjon!
Psal NorSMB 35:9  Og mi sjæl skal gleda seg i Herren, fagna seg i hans frelsa.
Psal NorSMB 35:10  Alle mine bein skal segja: «Herre, kven er som du, du som friar den arme frå ein som er honom for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar honom?»
Psal NorSMB 35:11  Det stend upp mange vitne; dei spør meg um det som eg ikkje veit.
Psal NorSMB 35:12  Dei gjev meg vondt til løn for godt; mi sjæl er lati åleine.
Psal NorSMB 35:13  Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjæl med fasta, og mi bøn vende att til min barm.
Psal NorSMB 35:14  Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og svartklædd, som ein som syrgjer på mor si.
Psal NorSMB 35:15  Men no, då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; det flokkast mot meg fantar og folk eg ikkje kjenner; dei riv sund og kviler ikkje.
Psal NorSMB 35:16  Liksom skamløysor som driv spott for ein brødbite, so skjer dei tenner imot meg.
Psal NorSMB 35:17  Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjæl undan deira herverk, mitt einaste frå unge løvor!
Psal NorSMB 35:18  Eg vil prisa deg i ei stor samling, lova deg millom mykje folk.
Psal NorSMB 35:19  Lat deim som utan grunn er mine fiendar ikkje gleda seg yver meg! Lat deim som hatar meg utan orsak ikkje blinka med auga!
Psal NorSMB 35:20  For dei talar ikkje fred, men tenkjer upp svikande ord mot dei stille i landet.
Psal NorSMB 35:21  Og dei riv sin munn vidt upp imot meg, dei segjer: «Ha, ha! Vårt auga hev set det!»
Psal NorSMB 35:22  Du ser det, Herre, teg ikkje! Herre, ver ikkje langt ifrå meg!
Psal NorSMB 35:23  Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak!
Psal NorSMB 35:24  Døm meg etter di rettferd, Herre min Gud, og lat deim ikkje gleda seg yver meg!
Psal NorSMB 35:25  Lat deim ikkje segja i sitt hjarta: «Ha, det er vår lyst!» Lat deim ikkje segja: «Me hev gløypt honom upp!»
Psal NorSMB 35:26  Lat deim skjemmast og blygjast alle saman som gled seg i mi ulukka; lat deim klæda seg i skam og skjemsla, dei som høgmodast yver meg!
Psal NorSMB 35:27  Lat deim fagna seg og gleda seg, som unner meg min rett, og lat deim alltid segja: «Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng honom godt!»
Psal NorSMB 35:28  Og mi tunga skal kveda ut di rettferd, heile dagen din pris.