Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 118
Psal NorSMB 118:1  Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
Psal NorSMB 118:3  Arons hus segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
Psal NorSMB 118:4  Dei som ottast Herren, segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
Psal NorSMB 118:5  Ut or trengsla ropa eg på Herren, Herren svara meg og førde meg ut i det frie.
Psal NorSMB 118:6  Herren er med meg, eg ræddast inkje, kva kann menneskje gjera meg?
Psal NorSMB 118:7  Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på deim som hatar meg.
Psal NorSMB 118:8  Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje.
Psal NorSMB 118:9  Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.
Psal NorSMB 118:10  Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
Psal NorSMB 118:11  Dei kringset, ja, kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
Psal NorSMB 118:12  Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
Psal NorSMB 118:13  Hardt støytte du meg, at eg skulde falla; men Herren hjelpte meg.
Psal NorSMB 118:14  Min styrke og lovsong er Herren, og han vart meg til frelsa.
Psal NorSMB 118:15  Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.
Psal NorSMB 118:16  Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.
Psal NorSMB 118:17  Eg skal ikkje døy, men liva og fortelja Herrens gjerningar.
Psal NorSMB 118:18  Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.
Psal NorSMB 118:19  Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren.
Psal NorSMB 118:20  Dette er Herrens port, dei rettferdige skal ganga der.
Psal NorSMB 118:21  Eg takkar deg av di du svara meg og vart meg til frelsa.
Psal NorSMB 118:22  Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein.
Psal NorSMB 118:23  Frå Herren er det kome, dette, det er underlegt for våre augo.
Psal NorSMB 118:24  Dette er dagen som Herren hev gjort, lat oss fegnast og gleda oss no!
Psal NorSMB 118:25  Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!
Psal NorSMB 118:26  Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.
Psal NorSMB 118:27  Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!
Psal NorSMB 118:28  Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.
Psal NorSMB 118:29  Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!