Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 22
Psal NorSMB 22:1  Til songmeisteren etter «Morgonraudens hind»; ein salme av David.
Psal NorSMB 22:2  Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.
Psal NorSMB 22:3  Min Gud! eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.
Psal NorSMB 22:4  Og du er då heilag, du som bur yver Israels lovsongar.
Psal NorSMB 22:5  På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du frelste deim.
Psal NorSMB 22:6  Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.
Psal NorSMB 22:7  Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneskje og vanvyrd av folk.
Psal NorSMB 22:8  Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen og rister på hovudet og segjer:
Psal NorSMB 22:9  «Legg det på Herren! han frelse honom, han berge honom, sidan han hev hugnad i honom!»
Psal NorSMB 22:10  Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.
Psal NorSMB 22:11  På deg er eg kasta frå morslivet, frå morsfanget er du min Gud.
Psal NorSMB 22:12  Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, for det finst ingen hjelpar.
Psal NorSMB 22:13  Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.
Psal NorSMB 22:14  Dei spilar upp sitt gap imot meg, som ei flengjande og burande løva.
Psal NorSMB 22:15  Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv.
Psal NorSMB 22:16  Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til min gom, og du legg meg ned i daudens dust.
Psal NorSMB 22:17  For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.
Psal NorSMB 22:18  Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei ser på meg med lyst.
Psal NorSMB 22:19  Dei skifte mine klæde millom seg og kasta lut um min kjole.
Psal NorSMB 22:20  Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!
Psal NorSMB 22:21  Fria mi sjæl frå sverdet, mi einaste frå hundevald!
Psal NorSMB 22:22  Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn - du bønhøyrer meg!
Psal NorSMB 22:23  Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i ålmugen vil eg lova deg.
Psal NorSMB 22:24  De som ottast Herren, lova honom, all Jakobs ætt, æra honom, og hav age for honom, all Israels ætt!
Psal NorSMB 22:25  For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom, og ikkje løynt si åsyn for honom; men då han ropa til honom, høyrde han.
Psal NorSMB 22:26  Frå deg kjem min lovsong i ein stor ålmuge; eg vil avgjera mine lovnader for deira augo som ottast honom.
Psal NorSMB 22:27  Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
Psal NorSMB 22:28  Alle endarne av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle heidninge-ætter skal tilbeda for di åsyn.
Psal NorSMB 22:29  For riket høyrer Herren til, og han råder yver alle hedningarne.
Psal NorSMB 22:30  Alle rikmenner på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne, alle dei som stig ned i dusti, og den som ikkje kann halda si sjæl i live.
Psal NorSMB 22:31  Etterkomarar skal tena honom; det skal verta fortalt um Herren til den komande ætt. Dei skal koma og forkynna hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.