Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 22
Luke NorSMB 22:1  No leid det nær innåt søtebrødhelgi, som dei kallar påske.
Luke NorSMB 22:2  Og øvsteprestarne og dei skriftlærde grunda på korleis dei skulde bera seg åt for å få rudt honom or vegen; for dei var rædde folket.
Luke NorSMB 22:3  Då for Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv;
Luke NorSMB 22:4  han gjekk av stad og tala med øvsteprestarne og hovdingarne for tempelvakti um korleis han skulde få gjeve Jesus yver til deim.
Luke NorSMB 22:6  Han slo til, og sidan leita han etter eit laglegt høve til å gjeva han yver til deim utan uppstyr.
Luke NorSMB 22:7  So kom søtebrødsdagen, den dagen då påskelambet skulde slagtast.
Luke NorSMB 22:8  Då sende han Peter og Johannes i veg og sagde: «Gakk av stad og stell til påskemålet åt oss, so me kann halda måltid!»
Luke NorSMB 22:9  «Kvar vil du me skal stella det til?» spurde dei.
Luke NorSMB 22:10  «Høyr her!» svara han; «når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukka med vatn. Honom skal de fylgja til han gjeng inn i eit hus,
Luke NorSMB 22:11  og so skal de segja til huseigaren: «Meisteren helsar: Kvar er romet der eg kann halda påskemåltid med læresveinarne mine?»
Luke NorSMB 22:12  Då syner han dykk ein stor sal med duka bord. Der skal de stella til.
Luke NorSMB 22:13  So gjekk dei, og fann det so som han hadde sagt, og dei stelte til påskemålet.
Luke NorSMB 22:14  Då tidi kom, sette han seg til bords, og apostlarne med honom.
Luke NorSMB 22:15  Og han sagde til deim: Eg hev lengta so etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, fyrr eg skal lida;
Luke NorSMB 22:16  for eg segjer dykk: Eg kjem aldri til å eta det meir, fyrr det hev fenge fullnaden sin i Guds rike.»
Luke NorSMB 22:17  So tok han ein kalk i handi, og takka og sagde: «Tak dette og skift det imillom dykk!
Luke NorSMB 22:18  For eg segjer dykk: Heretter skal eg aldri drikka av druvesafti fyrr Guds rike er kome.»
Luke NorSMB 22:19  Og han tok brødet, takka, og braut det, og gav deim og sagde: «Dette er likamen min, som vert gjeven for dykk! Gjer dette til minne um meg!»
Luke NorSMB 22:20  Like eins kalken etter dei hadde ete kveldverden, og sagde: «Denne kalken er den nye pakt i blodet mitt, det som renn for dykk.
Luke NorSMB 22:21  Men sjå: svikaren held handi si framyver bordet med meg!
Luke NorSMB 22:22  Menneskjesonen gjeng fulla burt; for so er det laga. Men ve yver den mannen som veld at han vert gjeven i fiendehand!»
Luke NorSMB 22:23  Då tok dei til å dryfta seg imillom kven av deim det kunde vera som skulde koma til å gjera dette.
Luke NorSMB 22:24  Det vart og ein ordstrid millom deim um kven av deim som skulde gjelda for den største.
Luke NorSMB 22:25  Då sagde han til deim: «Kongarne råder yver folki sine, og dei som held deim i age, vert kalla velgjerdsmenner.
Luke NorSMB 22:26  So må det ikkje vera med dykk; men den som er største ibland dykk, skal vera som han var yngst, og styraren som han var tenar.
Luke NorSMB 22:27  For kven er størst, den som sit til bords, eller den som ber på bordet? Er det ’kje den som sit til bords? Men eg er berre som ein bordsvein ibland dykk.
Luke NorSMB 22:28  De er dei som heldt ut hjå meg i røyningarne mine,
Luke NorSMB 22:29  og eg eignar dykk kongedøme, liksom far min eigna meg det;
Luke NorSMB 22:30  de skal eta og drikka ved bordet mitt i mitt rike, og sitja i kvar sitt høgsæte og styra dei tolv Israels-ætterne.
Luke NorSMB 22:31  Simon, Simon, høyr kva eg segjer: Satan kravde å få sælda dykk liksom korn.
Luke NorSMB 22:32  Men eg hev bede for deg at trui di ikkje må trjota, og når du ein gong vender um, so styrk brørne dine!»
Luke NorSMB 22:33  «Herre,» sagde Peter, «med deg gjeng eg gjerne både i fangehus og i dauden.»
Luke NorSMB 22:34  «Eg segjer deg, Peter,» svara Herren: «Hanen gjel ikkje i natt, fyrr du tri gonger hev neitta at du kjenner meg.»
Luke NorSMB 22:35  So sagde han til deim: «Då eg sende dykk i veg forutan pung og skreppa og skor, vanta de då nokon ting?» «Ingen ting,» svara dei.
Luke NorSMB 22:36  «Men no lyt den som hev pung taka honom med,» sagde han, «og like eins den som hev skreppa, og den som ikkje hev noko sverd, lyt selja kjolen sin og kjøpa seg eit.
Luke NorSMB 22:37  For eg segjer dykk at på meg lyt det sannast det ordet som stend skrive: «Og han vart rekna millom brotsmenner.» For med meg lid det mot enden.»
Luke NorSMB 22:38  «Herre,» sagde dei, «sjå her er tvo sverd.» «Det er nok,» svara han.
Luke NorSMB 22:39  So gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han var van ved; og læresveinarne fylgde og med.
Luke NorSMB 22:40  Då han var komen dit, sagde han til deim: «Bed at de ikkje må koma i freisting!»
Luke NorSMB 22:41  Han drog seg ifrå deim so langt som eit steinkast og lagde seg på kne og bad:
Luke NorSMB 22:42  «Fader, um du vilde taka denne skåli ifrå meg! Men lat det ikkje vera som eg vil, berre som du vil!»
Luke NorSMB 22:43  Ein engel frå himmelen synte seg for honom og styrkte honom.
Luke NorSMB 22:44  Og i si såre hjartekvida bad han endå heitare, og sveiten hans vart som blodsdråpar, som fall ned på jordi.
Luke NorSMB 22:45  So reiste han seg frå bøni. Då han kom til læresveinarne, såg han at dei hadde sovna av sorg.
Luke NorSMB 22:46  Då sagde han til deim: «Kvi søv de? Statt upp, og bed at de ikkje må koma i freisting!»
Luke NorSMB 22:47  Fyrr han hadde tala ut, fekk han sjå ein flokk som kom; han som heitte Judas - ein av dei tolv - gjekk fyre deim og kom burtåt Jesus, vilde kyssa honom.
Luke NorSMB 22:48  Då sagde Jesus til honom: «Judas, svik du Menneskjesonen med ein kyss?»
Luke NorSMB 22:49  Då dei som var ikring honom såg korleis det bar i veg, sagde dei: «Herre, skal me slå til med sverdet?»
Luke NorSMB 22:50  Og ein av deim hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra.
Luke NorSMB 22:51  Då tok Jesus til ords og sagde: «Lat det vera nok med det!» Og han tok burtpå øyra hans og lækte honom.
Luke NorSMB 22:52  So sagde han til deim som var komne og skulde taka honom, øvsteprestarne og tempelhovdingarne og styresmennerne: «De kjem med sverd og stavar som eg skulde vera ein røvar!
Luke NorSMB 22:53  Den tid eg var saman med dykk i templet dag etter dag, då baud de ’kje til å gripa meg. Men no er det dykkar time, no er det myrkret som råder.»
Luke NorSMB 22:54  So tok dei honom og førde honom burt og inn i garden åt øvstepresten; og Peter fylgde eit langt stykke etter.
Luke NorSMB 22:55  Dei hadde gjort upp ein eld midt i gardsromet og sett seg ikring, og Peter sette seg midt ibland deim.
Luke NorSMB 22:56  Med han sat der i ljoset, vart ei tenestgjenta var honom; ho stirde på honom og sagde: «Denne var og med honom!»
Luke NorSMB 22:57  Men han neitta og sagde: «Eg kjenner honom ikkje, kvinna!»
Luke NorSMB 22:58  Eit lite bil etter vart ein annan var honom og sagde: «Du er og ein av deim!» «Nei, mann, det er eg ikkje!» svara Peter.
Luke NorSMB 22:59  Då um lag ein time var liden, var det ein til som sanna det og sagde: «Jau visst var denne og med honom; han er då ein galilæar.»
Luke NorSMB 22:60  «Eg veit ’kje kva du talar um, mann!» sagde Peter. Og straks, fyrr han hadde tala ut, gol hanen.
Luke NorSMB 22:61  Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det ordet Herren hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel i natt, hev du avneitta meg tri gonger.»
Luke NorSMB 22:63  Dei mennerne som heldt Jesus, spotta honom og slo honom.
Luke NorSMB 22:64  Dei kasta eit klæde yver honom og spurde: «Kven var det som slo deg? Seg oss det, du som er ein profet!»
Luke NorSMB 22:66  Då det vart dag, kom styresmennerne åt folket i hop, og øvsteprestarne og dei skriftlærde; dei førde honom fram i rådsmøtet sitt
Luke NorSMB 22:67  og sagde: «Er du Messias, so seg oss det!» «Um eg segjer det åt dykk, trur de det ikkje,» svara han,
Luke NorSMB 22:69  Men heretter skal Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Guds allmagt.»
Luke NorSMB 22:70  Då spurde dei alle: «Er du då Guds Son?» Han svara: «De segjer det, og eg er det.»
Luke NorSMB 22:71  «Kva skal me med fleire vitnemål?» sagde dei då; «no høyrde me det av hans eigen munn!»