Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 68
Psal NorSMB 68:1  Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song.
Psal NorSMB 68:2  Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar honom, flyr for hans åsyn.
Psal NorSMB 68:3  Liksom røyk driv burt, so driv du deim burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunnar for Guds åsyn.
Psal NorSMB 68:4  Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda.
Psal NorSMB 68:5  Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn!
Psal NorSMB 68:6  Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad.
Psal NorSMB 68:7  Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende.
Psal NorSMB 68:8  Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki - Sela -
Psal NorSMB 68:9  då skalv jordi, ja, himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds, åsyn.
Psal NorSMB 68:10  Rikelegt regn let du falla, Gud, du styrkte arven din då han var utmødd.
Psal NorSMB 68:11  Ditt folk sette seg ned i landet; Gud, du var god og reidde det til for armingen.
Psal NorSMB 68:12  Herren gjev sigersong; ein stor skare av kvinnor kjem med gledebod.
Psal NorSMB 68:13  Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, deiler herfang.
Psal NorSMB 68:14  Når de ligg millom felæger, er det som sylvlagde duvevengjer, og vengfjører med grøn gullglima.
Psal NorSMB 68:15  Når den Allmegtige spreider kongar der, er det som det snøar på Salmon.
Psal NorSMB 68:16  Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange kollar er Basans fjell.
Psal NorSMB 68:17  Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.
Psal NorSMB 68:18  Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen.
Psal NorSMB 68:19  Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneskje, ogso av dei tråssuge, at du kunde bu der, Herre Gud.
Psal NorSMB 68:20  Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, er Gud vår frelsa. Sela.
Psal NorSMB 68:21  Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Herren er det utvegar frå dauden.
Psal NorSMB 68:22  Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på honom som ferdast i si syndeskuld.
Psal NorSMB 68:23  Herren segjer: «Frå Basan tek eg deim att, eg vil taka deim att frå havsens djup,
Psal NorSMB 68:24  so foten din må trakka i blod, tunga åt hundarne dine få sin lut av fiendarne.»
Psal NorSMB 68:25  Dei ser di sigersferd, Gud, sigersferdi der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen.
Psal NorSMB 68:26  Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på trummor.
Psal NorSMB 68:27  Lova Gud i samlingarne, lova Herren, de som er av Israels kjelda!
Psal NorSMB 68:28  Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver deim, hovdingarne av Juda - deira hop, hovdingarne av Sebulon, hovdingarne av Naftali.
Psal NorSMB 68:29  Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!
Psal NorSMB 68:30  For ditt tempel skuld yver Jerusalem vil kongar føra gåvor til deg.
Psal NorSMB 68:31  Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid.
Psal NorSMB 68:32  Velduge menner skal koma frå Egyptarland, Ætiopia skal skunda seg og retta henderne ut til Gud.
Psal NorSMB 68:33  De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren! Sela.
Psal NorSMB 68:34  Han som fer fram i dei eldegamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldug røyst.
Psal NorSMB 68:35  Gjev Gud magt! Yver Israel er hans høgd, og hans magt i dei høge skyer. Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket magt og styrke. Lova vere Gud!