Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
COLOSSIANS
Up
1 2 3 4
Toggle notes
Chapter 1
Colo NorSMB 1:1  Paulus, Kristi Jesu apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus
Colo NorSMB 1:2  til dei heilage og truande brør i Kristus i Kolossæ: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader!
Colo NorSMB 1:3  Me takkar alltid Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, når me bed for dykk,
Colo NorSMB 1:4  sidan me høyrde um dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleik de hev til alle dei heilage,
Colo NorSMB 1:5  for den von skuld som er gøymd åt dykk i himmelen, den som de fyrr hev høyrt um gjenom sannings-ordet i evangeliet,
Colo NorSMB 1:6  som er kome til dykk, liksom det og er i heile verdi og ber frukt og veks som hjå dykk frå den dag då de høyrde det og lærde å kjenna Guds nåde i sanning,
Colo NorSMB 1:7  so som de hev lært av Epafras, vår kjære medtenar, som er ein tru Kristi tenar for dykk,
Colo NorSMB 1:8  som og hev fortalt oss um dykkar kjærleik i Anden.
Colo NorSMB 1:9  Difor held me, frå den dag me høyrde det, ikkje heller upp med å gjera bøn for dykk og beda um at de må verta fyllte med kunnskap um hans vilje i all åndeleg visdom og skynsemd,
Colo NorSMB 1:10  so de må ferdast verdigt for Herren til all hugnad, so de ber frukt og veks i all god gjerning ved kunnskapen um Gud,
Colo NorSMB 1:11  so de vert styrkte med all styrke etter hans herlegdoms kraft til alt tolmod og langmod,
Colo NorSMB 1:12  so de med gleda takkar Faderen som gjorde oss duglege til å få arvlut med dei heilage i ljoset,
Colo NorSMB 1:13  han som fria oss ut frå myrkers magt og sette oss yver sin kjære Sons rike.
Colo NorSMB 1:14  I honom hev me utløysingi, forlating for synderne.
Colo NorSMB 1:15  Og han er eit bilæte av Gud den usynlege, den fyrstefødde framfor all skapning;
Colo NorSMB 1:16  for i honom er alle ting skapte, dei i himmelen og dei på jordi, dei synlege og dei usynlege, anten det so er kongssæte eller herredøme eller magter eller yverråder; alle saman er dei skapte ved honom, og til honom,
Colo NorSMB 1:17  og han er fyrr enn alle ting, og alle ting stend ved lag i honom.
Colo NorSMB 1:18  Og han er hovudet for likamen, som er kyrkja, han som er upphavet, den fyrstefødde av dei daude, for at han i alle måtar skulde vera den fremste.
Colo NorSMB 1:19  For i honom tektest det Gud, at heile hans fylla skulde bu,
Colo NorSMB 1:20  og ved honom å forlika alle ting med seg, med di han gjorde fred med blodet på krossen hans - ved honom, anten det so er dei på jordi eller dei i himmelen.
Colo NorSMB 1:21  Ogso dykk som fordom var framande vortne og fiendar ved dykkar huglag, i dei vonde gjerningar,
Colo NorSMB 1:22  dykk hev han no forlikt i hans kjøts likam ved dauden, for å stella dykk fram heilage og ulastande og uklandrande for si åsyn,
Colo NorSMB 1:23  so framt de vert verande i trui, grunnfeste og trauste, og ikkje let dykk rikka frå den voni evangeliet gjev, det som de hev høyrt, som er forkynt for kvar skapning under himmelen, og som eg, Paulus, vart tenar for.
Colo NorSMB 1:24  No gleder eg meg yver mine lidingar for dykk og utfyller i mitt kjøt det som endå vantar i Kristi trengslor, for hans likam som er kyrkja,
Colo NorSMB 1:25  som eg hev vorte tenar til etter det Guds hushald som eg hev fenge millom dykk, det vil segja å fullføra Guds ord,
Colo NorSMB 1:26  den løyndomen som var duld frå alle tider og ætter vart til, men no er openberra for hans heilage,
Colo NorSMB 1:27  som Gud vilde kunngjera, kor rik på herlegdom denne løyndomen er millom heidningarne, det er Kristus millom dykk, voni um herlegdom.
Colo NorSMB 1:28  Og honom forkynner me, med di me påminner kvart menneskje og lærer kvart menneskje med all visdom, so me kann framstella kvart menneskje fullkome i Kristus.
Colo NorSMB 1:29  For dette arbeider eg og, med di eg strider med hans kraft som verkar i meg med styrke.
Chapter 2
Colo NorSMB 2:1  For eg vil at de skal vita kor stor strid eg hev for dykk og deim i Laodikea og so mange som ikkje hev set mitt andlit i kjøtet,
Colo NorSMB 2:2  so deira hjarta må verta trøysta, med di dei vert samanknytte i kjærleik og vinn fram til heile rikdomen av det fullvisse skyn, til kunnskap um Guds løyndom, det er Kristus,
Colo NorSMB 2:3  han som alle skattar av visdom og kunnskap er løynde i.
Colo NorSMB 2:4  Dette segjer eg for at ingen skal dåra dykk med lokkande tale.
Colo NorSMB 2:5  For um eg enn i kjøtet er fråverande, er eg like vel i åndi saman med dykk, og ser med gleda dykkar gode skipnad og den faste grunn i dykkar tru på Kristus.
Colo NorSMB 2:6  Liksom de då tok imot Kristus Jesus som Herren; so ferdast i honom,
Colo NorSMB 2:7  so at de er rotfeste og vert uppbygde i honom og stadfeste i trui, so som de lærde, rike på henne med takksegjing.
Colo NorSMB 2:8  Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang med verdsleg visdom og tom dåring etter fråsegner av menneskje, etter barnelærdomen til verdi og ikkje etter Kristus!
Colo NorSMB 2:10  Og de er fyllte i honom, som er hovudet yver all magt og yverråd;
Colo NorSMB 2:11  i honom vart de og umskorne med ei umskjering som ikkje er gjord med hender, ved avklæding av kjøtslikamen, ved Kristi umskjering,
Colo NorSMB 2:12  då de vart gravlagde med honom i dåpen; der vart de og uppvekte med honom ved trui på Guds kraft, han som vekte honom upp frå dei daude.
Colo NorSMB 2:13  Ogso dykk, som var daude i dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han livande med honom, med di han tilgav oss alle våre misgjerningar
Colo NorSMB 2:14  og strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bodord, det som vitna imot oss, og han rudde det undan med di han nagla det til krossen.
Colo NorSMB 2:15  Han avvæpna magterne og yverråderne og synte deim openberrleg fram då han vann siger yver deim på krossen.
Colo NorSMB 2:16  Lat difor ingen døma dykk i mat eller drykk eller i saker um høgtid eller nymåne eller kviledag!
Colo NorSMB 2:17  desse ting er berre ein skugge av det som skulde koma; men likamen høyrer Kristus til.
Colo NorSMB 2:18  Lat ingen røva sigersprisen frå dykk, um nokon freistar på det med audmykt og engledyrking, med det han fer med syner, vert ovmodig utan grunn av sin kjøtlege hug
Colo NorSMB 2:19  og ikkje held fast ved hovudet, han som heile likamen veks Guds vokster ut ifrå, tilhjelpt og samanfest ved sine ledmot og band.
Colo NorSMB 2:20  Er de avdøyde med Kristus frå barnelærdomen til verdi, kvi gjev dei dykk då, som um de skulde liva i verdi, slike bod:
Colo NorSMB 2:21  «Du skal ikkje taka, ikkje smaka, ikkje røra»
Colo NorSMB 2:22  - det vil segja slikt som då alt saman er etla til øyding ved bruk - etter bod og lærdomar av menneskje,
Colo NorSMB 2:23  som vel hev ord for visdom ved sjølvgjord dyrking og audmykt og vyrdløysa mot likamen, men ikkje ved noko som er æra verdt, berre til mette for kjøtet?
Chapter 3
Colo NorSMB 3:1  Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!
Colo NorSMB 3:2  Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!
Colo NorSMB 3:3  For de er daude, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.
Colo NorSMB 3:4  Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med honom i herlegdom.
Colo NorSMB 3:5  So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!
Colo NorSMB 3:6  for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande;
Colo NorSMB 3:7  millom deim ferdast de og fordom, den tid de livde i desse ting;
Colo NorSMB 3:8  men no skal de og leggja deim alle av: Vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.
Colo NorSMB 3:9  Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer,
Colo NorSMB 3:10  og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte;
Colo NorSMB 3:11  her er ikkje grækar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri mann, men Kristus er alt og i alle.
Colo NorSMB 3:12  Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,
Colo NorSMB 3:13  so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og!
Colo NorSMB 3:14  Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!
Colo NorSMB 3:15  Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame!
Colo NorSMB 3:16  Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud.
Colo NorSMB 3:17  Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom!
Colo NorSMB 3:18  De konor, ver mennerne dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!
Colo NorSMB 3:19  De menner, elska konorne dykkar og ver ikkje beiske imot deim!
Colo NorSMB 3:20  De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad.
Colo NorSMB 3:21  De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet!
Colo NorSMB 3:22  De tenarar, ver lyduge i alle ting mot herrarne dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, liksom dei som strævar etter å tekkjast menneskje, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren!
Colo NorSMB 3:23  Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneskje,
Colo NorSMB 3:24  då de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus!
Colo NorSMB 3:25  Men den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.
Chapter 4
Colo NorSMB 4:1  De herrar, gjer imot dykkar tenarar det som rett og rimelegt er, då de veit at de og hev ein Herre i himmelen!
Colo NorSMB 4:2  Ver trottige i bøni, so de vaker i henne med takksegjing!
Colo NorSMB 4:3  Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet til å forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for,
Colo NorSMB 4:4  so eg kann openberra honom so som eg bør tala.
Colo NorSMB 4:5  Ferdast visleg med deim som er utanfor, so de kjøper den laglege tid!
Colo NorSMB 4:6  Dykkar tale vere alltid tekkjeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein.
Colo NorSMB 4:7  Kor det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og true medhjelpar og medtenar i Herren,
Colo NorSMB 4:8  som eg sender til dykk just for dette, at de skal få vita korleis det er med oss, og han skal trøysta dykkar hjarto,
Colo NorSMB 4:9  saman med Onesimus, den trune og kjære bror, som er ifrå dykk. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman.
Colo NorSMB 4:10  Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, Barnabas’ systkinbarn, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot honom! -
Colo NorSMB 4:11  og Jesus som og er kalla Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge.
Colo NorSMB 4:12  Epafras helsar dykk, han som er ifrå dykk, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje;
Colo NorSMB 4:13  for eg gjev honom det vitnemål, at han hev mykje stræv for dykk og deim i Laodikea og deim i Hierapolis.
Colo NorSMB 4:14  Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, og Demas.
Colo NorSMB 4:15  Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus!
Colo NorSMB 4:16  Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese i kyrkjelyden hjå laodikearane, og at de fær lesa brevet frå Laodikea!
Colo NorSMB 4:17  Og seg til Arkippus: «Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!»
Colo NorSMB 4:18  Helsing med mi, Paulus’, hand: Kom i hug mine lekkjor! Nåden vere med dykk!