Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 106
Psal NorSMB 106:1  Halleluja! Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
Psal NorSMB 106:2  Kven kann fullt ut nemna Herrens velduge verk, forkynna all hans lov?
Psal NorSMB 106:3  Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid!
Psal NorSMB 106:4  Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, gjesta meg med di frelsa!
Psal NorSMB 106:5  so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv.
Psal NorSMB 106:6  Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege.
Psal NorSMB 106:7  Våre feder i Egyptarland agta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men dei var tråssuge ved havet, ved Raudehavet.
Psal NorSMB 106:8  Men endå frelste han deim for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si magt,
Psal NorSMB 106:9  og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let deim ganga gjenom djupi som på slette marki,
Psal NorSMB 106:10  og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand,
Psal NorSMB 106:11  og vatn gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av deim.
Psal NorSMB 106:12  Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov.
Psal NorSMB 106:13  Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd;
Psal NorSMB 106:14  men dei fekk ein gir i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde stad.
Psal NorSMB 106:15  Då gav han deim det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv.
Psal NorSMB 106:16  Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage.
Psal NorSMB 106:17  Då opna jordi seg og slukte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram,
Psal NorSMB 106:18  og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege.
Psal NorSMB 106:19  Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilæte,
Psal NorSMB 106:20  og dei bytte burt si æra for bilætet av ein ukse som et gras.
Psal NorSMB 106:21  Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptarland,
Psal NorSMB 106:22  undergjerningar i Khams land, skræmelege ting ved Raudehavet.
Psal NorSMB 106:23  Og han tenktest til å tyna deim, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, at han ikkje skulde øydeleggja.
Psal NorSMB 106:24  Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans,
Psal NorSMB 106:25  og dei knurra i sine tjeld, høyrde ikkje på Herrens røyst.
Psal NorSMB 106:26  Då lyfte han si hand imot deim til å slå deim ned i øydemarki,
Psal NorSMB 106:27  og slå deira etterkomarar ned millom heidningarne og spreida deim kring i landi.
Psal NorSMB 106:28  Og dei batt seg saman med Ba’al-Peor, og dei åt av offer til dei daude,
Psal NorSMB 106:29  og dei vekte harm ved si åtferd, og ei plåga braut ut millom deim.
Psal NorSMB 106:30  Då stod Pinehas fram og heldt dom, og plåga stilltest;
Psal NorSMB 106:31  og det vart rekna honom til rettferd frå ætt til ætt æveleg.
Psal NorSMB 106:32  Og dei vekte vreide ved Meribavatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld;
Psal NorSMB 106:33  for dei var tråssuge mot hans ande, og han tala tankelaust med sine lippor.
Psal NorSMB 106:34  Dei øydelagde ikkje dei folki som Herren hadde tala med deim um,
Psal NorSMB 106:35  men dei blanda seg med heidningarne og lærde deira gjerningar,
Psal NorSMB 106:36  og dei tente deira avgudar, og desse vart deim til ei snara,
Psal NorSMB 106:38  og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter som dei ofra til Kana’ans avgudar, og landet vart vanhelga med blodskuld.
Psal NorSMB 106:39  Og dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd.
Psal NorSMB 106:40  Då loga Herrens vreide upp imot hans folk, og han stygdest ved sin arv.
Psal NorSMB 106:41  Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim,
Psal NorSMB 106:42  og deira fiendar trengde deim, og dei laut bøygja seg under deira hand.
Psal NorSMB 106:43  Mange gonger fria han deim ut, men dei var tråssuge og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning.
Psal NorSMB 106:44  Men han såg til deim då dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop.
Psal NorSMB 106:45  Og han kom i hug si pakt for deim, og han ynkast etter si store miskunn.
Psal NorSMB 106:46  Og han let deim finna miskunn hjå alle som hadde fanga deim.
Psal NorSMB 106:47  Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!
Psal NorSMB 106:48  Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segje: Amen. Halleluja!