Chapter 1
| I Ti | NorSMB | 1:1 | Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von, | |
| I Ti | NorSMB | 1:2 | til Timoteus, min egtefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre! | |
| I Ti | NorSMB | 1:3 | Som eg bad deg vera att i Efesus, då eg for til Makedonia, for at du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skal fara med framand læra, | |
| I Ti | NorSMB | 1:4 | og ikkje ansa eventyr og endelause ættartal, som heller fører til stridsspursmål enn til å vera Guds hushaldarar i trui: so gjer no det! | |
| I Ti | NorSMB | 1:5 | Men endemålet med bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru, | |
| I Ti | NorSMB | 1:7 | dei som vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller kva det er dei talar so fullvist um. | |
| I Ti | NorSMB | 1:9 | so han veit dette, at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, manndråparar, | |
| I Ti | NorSMB | 1:10 | horkarar, syndarar mot naturi, menneskjerøvarar, ljugarar, meineidarar, og um det elles er noko som er imot den heilsame læra, | |
| I Ti | NorSMB | 1:12 | Eg takkar honom som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg for tru, med di han sette meg til tenesta, | |
| I Ti | NorSMB | 1:13 | meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann, men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande, i vantru, | |
| I Ti | NorSMB | 1:15 | Sant er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom deim er eg den største; | |
| I Ti | NorSMB | 1:16 | men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for deim som skulde tru på honom til ævelegt liv. | |
| I Ti | NorSMB | 1:17 | Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud vere pris og æra i all æva! Amen. | |
| I Ti | NorSMB | 1:18 | Dette bod legg eg deg på hjarta, min son Timoteus, etter dei spådomar som fyrr er sagde um deg, so du i deim skal strida den gode striden, | |
| I Ti | NorSMB | 1:19 | med di du hev tru og eit godt samvit, som sume hev støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui; | |
Chapter 2
| I Ti | NorSMB | 2:1 | Eg påminner framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneskje, | |
| I Ti | NorSMB | 2:2 | for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, at me kann liva eit stilt og rolegt liv i all gudleg age og søma. | |
| I Ti | NorSMB | 2:5 | For ein Gud er det, ein millommann er det og millom Gud og menneskje, det menneskjet Kristus Jesus, | |
| I Ti | NorSMB | 2:7 | og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel - eg segjer sanning, eg lyg ikkje - til lærar for heidningarne i tru og sanning. | |
| I Ti | NorSMB | 2:8 | Eg vil då at mennerne på kvar stad skal beda so, at dei lyfter heilage hender utan vreide og ordstrid, | |
| I Ti | NorSMB | 2:9 | like eins og at kvinnorne skal pryda seg med sømeleg klædnad i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad, | |
| I Ti | NorSMB | 2:12 | Men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å læra eller å bjoda yver mannen, men å vera i stilla. | |
Chapter 3
| I Ti | NorSMB | 3:1 | Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning. | |
| I Ti | NorSMB | 3:2 | Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, ædrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg, | |
| I Ti | NorSMB | 3:5 | - um nokon ikkje veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? - | |
| I Ti | NorSMB | 3:7 | Men han skal og hava godt vitnemål av deim som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara. | |
| I Ti | NorSMB | 3:8 | Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning, | |
| I Ti | NorSMB | 3:10 | Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena kyrkjelyden, um dei er ulastelege. | |
| I Ti | NorSMB | 3:11 | Like eins skal kvinnorne vera vyrdelege, ikkje baktalande, men ædruelege, true i alle ting. | |
| I Ti | NorSMB | 3:12 | Tenarane for kyrkjelyden skal kvar vera mann til ei kona og styra vel sine born og sine eigne hus. | |
| I Ti | NorSMB | 3:13 | For dei som hev tent kyrkjelyden vel, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus. | |
| I Ti | NorSMB | 3:15 | men um eg drygjer, at du so skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er kyrkja åt den livande Gud, pilaren og grunnvollen til sanningi. | |
Chapter 4
| I Ti | NorSMB | 4:1 | Men Anden segjer klårleg, at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar | |
| I Ti | NorSMB | 4:3 | som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av deim som trur og hev lært sanningi å kjenna. | |
| I Ti | NorSMB | 4:4 | For all Guds skapning er god, og inkje er til å vanda, når det vert motteke med takk; | |
| I Ti | NorSMB | 4:6 | Når du lærer brørne dette, so er du ein god Jesu Kristi tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt. | |
| I Ti | NorSMB | 4:7 | Men haldt deg frå dei vanheilage og kjerringslege eventyr, men tem deg derimot upp i gudlegdom! | |
| I Ti | NorSMB | 4:8 | For den likamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; med di han hev lovnad for det livet som no er og for det som kjem. | |
| I Ti | NorSMB | 4:10 | For difor både arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den livande Gud, som er frelsar for alle menneskje, mest dei truande. | |
| I Ti | NorSMB | 4:12 | Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik! | |
| I Ti | NorSMB | 4:14 | Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart gjevi deg ved profetord med handpåleggjing av dei eldste! | |
Chapter 5
| I Ti | NorSMB | 5:1 | Tala ikkje hardt til ein gamall mann, men påminn honom som ein far, unge menner som brør, | |
| I Ti | NorSMB | 5:4 | Men um ei enkja hev born eller barneborn, so lat deim fyrst læra å visa eit gudlegt huglag imot sitt eige hus og gjeva sine foreldre vederlag, for det er tekkjelegt for Guds åsyn. | |
| I Ti | NorSMB | 5:5 | Men den som verkeleg er enkja og einsleg vorti, ho hev sett si von til Gud og held ved i bøn og påkalling natt og dag; | |
| I Ti | NorSMB | 5:8 | Men um nokon ikkje hev umsut for sine eigne og mest for sine husfolk, han hev forneitta trui og er verre enn ein vantruande. | |
| I Ti | NorSMB | 5:9 | Ei enkja kann verta vald, når ho ikkje er yngre enn seksti år, um ho hev vore ein manns kona, | |
| I Ti | NorSMB | 5:10 | hev vitnemål for gode gjerningar, hev fostra upp born, hev vist gjestmilda, hev tvætta føterne til dei heilage, hev vore dei naudtrengde til hjelp, hev lagt vinn på all god gjerning. | |
| I Ti | NorSMB | 5:11 | Men vis dei unge enkjor frå deg! for når dei av kjøtleg hug svik Kristus, so vil dei gifta seg, | |
| I Ti | NorSMB | 5:13 | Men attåt dette lærer dei og å ganga yrkjelause og fare ikring i husi, og ikkje berre yrkjelause, men og med drøsor og gagnløysa, med di dei fer med ulikleg tale. | |
| I Ti | NorSMB | 5:14 | Eg vil difor at unge enkjor skal gifta seg, føda born, styra huset, ikkje gjeva motstandaren tilhøve til lastord. | |
| I Ti | NorSMB | 5:16 | Dersom nokon truande mann eller kvinna hev enkjor, so syta dei for deim, og lata ikkje kyrkjelyden verta tyngd, so han kann syta for dei verkelege enkjor! | |
| I Ti | NorSMB | 5:17 | Dei eldste som er gode forstandarar, skal ein halda tvifald æra verde, mest deim som arbeider i tale og læra; | |
| I Ti | NorSMB | 5:18 | for Skrifti segjer: «Du skal ikkje leggja muleband på ein ukse som treskjer!» og «Ein arbeidsmann er si løn verd.» | |
| I Ti | NorSMB | 5:20 | Deim som syndar, skal du refsa so alle høyrer på, so at og dei andre kann hava otte. | |
| I Ti | NorSMB | 5:21 | Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus og dei utvalde englar, at du skal taka vare på dette utan fordom, so du ikkje gjer noko av godtykkje. | |
| I Ti | NorSMB | 5:22 | Ver ikkje snar til å leggja henderne på nokon, gjer deg ikkje medskuldig i framande synder! Haldt deg sjølv rein! | |
| I Ti | NorSMB | 5:23 | Drikk ikkje lenger berre vatn, men nøyt lite grand vin for magen din og dine jamlege sjukdomar! | |
| I Ti | NorSMB | 5:24 | Hjå nokre menneskje er synderne openberre og kjem i fyrevegen for deim til dom; men hjå andre fylgjer dei etter. | |
Chapter 6
| I Ti | NorSMB | 6:1 | So mange som er trælar under oket, skal halda herrarne sine all æra verde, so ikkje Guds namn og læra skal verta spotta. | |
| I Ti | NorSMB | 6:2 | Men dei som hev truande herrar, skal ikkje vanmæta deim for di dei er brør, men skal so mykje heller gjera si tenesta, av di dei som tek imot velgjerningi av deim, er truande og elska. Dette skal du læra og påminna um. | |
| I Ti | NorSMB | 6:3 | Dersom nokon lærer framand læra og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi heilsame ord og den læra som høver til gudlegdom, | |
| I Ti | NorSMB | 6:4 | so er han ovmodig, endå han ingen ting skynar, men er sjuk for stridsspursmål og ordkivsmål, som det kjem ovund av og trætta, spotting, vond mistru, | |
| I Ti | NorSMB | 6:5 | stendig krangling millom menneskje som er øydelagde i hugen og skilde med sanningi, dei som held gudlegdomen for ein veg til vinning. | |
| I Ti | NorSMB | 6:7 | for me hev ikkje havt noko med oss til verdi, det er då audsynt at me ikkje heller kann føra noko med oss derifrå; | |
| I Ti | NorSMB | 6:9 | Men dei som vil verta rike, fell i freisting og snara og mange dårlege og skadelege lyster, som søkkjer menneski ned i undergang og fortaping. | |
| I Ti | NorSMB | 6:10 | For pengehugen er ei rot til alt vondt; av trådom deretter hev sume fare vilt frå trui og hev gjenomstunge seg sjølve med mange pinslor. | |
| I Ti | NorSMB | 6:11 | Men du, Guds menneskje, fly frå desse ting! Men trå etter rettferd, gudlegdom, tru, kjærleik, tolmod, spaklynde! | |
| I Ti | NorSMB | 6:12 | Strid den gode striden i trui! grip det ævelege liv, som du vart kalla til og bar fram den gode vedkjenningi for mange vitne! | |
| I Ti | NorSMB | 6:13 | Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som vitna den gode vedkjenning for Pontius Pilatus, | |
| I Ti | NorSMB | 6:14 | at du skal halda bodet uflekka og ulastelegt til vår Herre Jesu Kristi openberring, | |
| I Ti | NorSMB | 6:15 | som den sæle og einaste megtige Herre skal visa oss i si tid, han som er kongen yver kongarne og herren yver herrarne, | |
| I Ti | NorSMB | 6:16 | han som åleine hev udøyelegdom, som bur i eit ljos som ingen kann koma til, som inkje menneskje hev set eller kann sjå; han hev æra og æveleg magt! Amen. | |
| I Ti | NorSMB | 6:17 | Bjod deim som er rike i den noverande verdi, at dei ikkje skal ovmoda seg eller setja si von til den uvisse rikdomen, men til Gud, som gjev oss rikleg alle ting å njota; | |
| I Ti | NorSMB | 6:19 | so dei legg seg upp ein god grunnvoll for den komande tid, so dei kann gripa det sanne liv. | |
| I Ti | NorSMB | 6:20 | Du, Timoteus, tak vare på det som er nedlagt hjå deg, og vend deg frå det vanheilage tome svall og dei motsegner av den kunnskap, som falskeleg vert kalla so, | |