Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 18
Psal NorSMB 18:1  Til songmeisteren; av Herrens tenar David, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dag då Herren hadde frelst honom frå alle hans fiendar og frå Saul.
Psal NorSMB 18:2  Og han sagde: Herre, eg hev deg hjarteleg kjær, min styrke!
Psal NorSMB 18:3  Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg.
Psal NorSMB 18:4  Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå mine fiendar.
Psal NorSMB 18:5  Daudsens reip var spente um meg, og bekkjer av vondskap skræmde meg.
Psal NorSMB 18:6  Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg.
Psal NorSMB 18:7  I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt rop kom for hans andlit, til hans øyro.
Psal NorSMB 18:8  Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid.
Psal NorSMB 18:9  Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; gloande kol loga frå honom.
Psal NorSMB 18:10  Og han lægde himmelen og steig ned, og det var kolmyrker under hans føter.
Psal NorSMB 18:11  Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.
Psal NorSMB 18:12  Og han gjorde myrker til sitt åklæde rundt ikring seg, til sitt tjeld myrke vatn, tjukke skyer.
Psal NorSMB 18:13  Frå glansen for hans andlit for hans skyer fram, hagl og gloande kol.
Psal NorSMB 18:14  Og Herren tora i himmelen, den Høgste let si røyst ljoda: hagl og gloande kol.
Psal NorSMB 18:15  Og han sende ut sine piler og spreidde deim ikring, og eldingar i mengd og fortulla deim.
Psal NorSMB 18:16  Då kom djupålarne i vatnom til synes, og grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase.
Psal NorSMB 18:17  Han rette ut handi frå det høge, han greip meg; han drog meg upp or store vatn.
Psal NorSMB 18:18  Han frelste meg frå min megtige fiende og frå mine hatarar, for dei var meg for sterke.
Psal NorSMB 18:19  Dei for imot meg på min motgangs dag; men Herren vart min studnad.
Psal NorSMB 18:20  Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.
Psal NorSMB 18:21  Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender.
Psal NorSMB 18:22  For eg tok vare på Herrens vegar og fall ikkje i vondskap frå min Gud.
Psal NorSMB 18:23  For alle hans lover hadde eg for auga, hans bodord støytte eg ikkje frå meg.
Psal NorSMB 18:24  Og eg var ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd.
Psal NorSMB 18:25  Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo.
Psal NorSMB 18:26  Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande mann syner du deg ulastande,
Psal NorSMB 18:27  mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang.
Psal NorSMB 18:28  For du frelser arme folk og tvingar høge augo ned.
Psal NorSMB 18:29  For du let mi lampa lysa klårt, Herren, min Gud, gjer mitt myrker bjart.
Psal NorSMB 18:30  For ved deg renner eg mot herflokkar, og ved min Gud spring eg yver murar.
Psal NorSMB 18:31  Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.
Psal NorSMB 18:32  For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud?
Psal NorSMB 18:33  Den Gud som gyrder meg med kraft og gjer min veg ulastande,
Psal NorSMB 18:34  som gjev meg føter liksom hindarne og set meg upp på mine høgder,
Psal NorSMB 18:35  som lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen.
Psal NorSMB 18:36  Og du gav meg di frelsa til skjold, di høgre hand studde meg, og di småminking gjorde meg stor.
Psal NorSMB 18:37  Du gjorde vidt rom åt mine stig under meg, og mine oklo vagga ikkje.
Psal NorSMB 18:38  Eg forfylgde mine fiendar og nådde deim og vende ikkje um fyrr eg hev gjort av med deim.
Psal NorSMB 18:39  Eg slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg; dei fell under føter.
Psal NorSMB 18:40  Og du gyrde meg med kraft til striden; du bøygde under meg deim som stod upp imot meg.
Psal NorSMB 18:41  Du let mine fiendar snu ryggen til meg, og mine hatarar, deim rudde eg ut.
Psal NorSMB 18:42  Dei ropa - men der var ingen frelsar - til Herren, men han svarar deim ikkje.
Psal NorSMB 18:43  Og eg smuldrar deim som dust for vinden; som søyla på gator slo eg deim ut.
Psal NorSMB 18:44  Du frelste meg frå folke-ufred; du sette meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjende, tente meg.
Psal NorSMB 18:45  Ved gjetordet um meg lydde dei meg; framande folk smeikte for meg.
Psal NorSMB 18:46  Framande folk visna av og gjekk skjelvande ut or sine borger.
Psal NorSMB 18:47  Herren liver, og lova er han, mitt berg, og upphøgd er den Gud som meg frelser,
Psal NorSMB 18:48  den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,
Psal NorSMB 18:49  som frelser meg frå mine fiendar; ja - du lyfter meg høgt yver deim som stend imot meg, frå valdsmannen bergar du meg.
Psal NorSMB 18:50  Difor vil eg prisa deg millom heidningarne, Herre, og lovsyngja ditt namn. Han gjer frelsa stor for sin konge, og gjer miskunn mot den som er salva av honom, mot David og hans ætt til æveleg tid.