Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ZECHARIAH
Up
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
Chapter 1
Zech NorSMB 1:1  I den åttande månaden i andre styringsåret åt Darius kom Herrens ord til profeten Zakarja, son til Berekja, son til Iddo; han sagde:
Zech NorSMB 1:3  Seg difor no til deim: So segjer Herren, allhers drott: Vend um til meg, segjer Herren, allhers drott, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers drott.
Zech NorSMB 1:4  Ver ikkje like federne dykkar som dei fyrre profetarne varsla med desse ordi: «So segjer Herren, allhers drott: Vend då um frå dei vonde vegarne dykkar og dei vonde gjerningarne dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.
Zech NorSMB 1:5  Federne dykkar, kvar er dei? Og profetarne, kann dei liva til æveleg tid?
Zech NorSMB 1:6  Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud mine tenarar, profetarne, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sagde: «Som Herren, allhers drott, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss.»
Zech NorSMB 1:7  På den fire og tjugande dagen i ellevte månaden - det er månaden sebat - i andre styringsåret åt Darius, kom Herrens ord til profeten Zakarja, son til Berekja, son til Iddo, soleis:
Zech NorSMB 1:8  Ei syn hadde eg um natti: Ein mann ridande på ein raud hest; han stod still millom myrtetrei i dalbotnen, og attanfor han stod raude, brune og kvite hestar.
Zech NorSMB 1:9  Då spurde eg: «Kva er dette, herre?» Og engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva dette er.»
Zech NorSMB 1:10  Mannen millom myrtetrei tok då til ords og sagde: Dette er dei som Herren hev sendt ut til å fara ikring på jordi.»
Zech NorSMB 1:11  Og dei tok til ords og svara Herrens engel som stod millom myrtetrei: «Me hev fare ikring på jordi, og me hev set at heile jordi kviler i fred og ro.»
Zech NorSMB 1:12  Då tok Herrens engel til ords og sagde: «Herre, allhers drott! Kor lenge vil du drygja fyrr du gjer miskunn mot Jerusalem og byarne i Juda, som du hev harmast på no i sytti år?»
Zech NorSMB 1:13  Herren svara då engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.
Zech NorSMB 1:14  Og engelen som tala med meg, sagde til meg: «Dette skal du forkynna: So segjer Herren, allhers drott: Eg er brennande ihuga for Jerusalem og Sion,
Zech NorSMB 1:15  og gruveleg vreid er eg på dei sjølv-trygge heidningfolki; for eg var berre litegrand vreid; men dei auka ulukka.
Zech NorSMB 1:16  Difor segjer Herren so: Eg vil atter venda meg til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers drott, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.
Zech NorSMB 1:17  Framleides skal du forkynna: So segjer Herren, allhers drott: Endå ein gong skal byarne mine fløyma yver av det som godt er, endå skal Herren trøysta Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem.»
Chapter 2
Zech NorSMB 2:1  So lyfte eg upp augo mine og fekk sjå fire horn.
Zech NorSMB 2:2  Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kva er dette?» Og han sagde til meg: «Dette er dei horni som hev spreidt Juda, Israel og Jerusalem.»
Zech NorSMB 2:4  og eg spurde: «Kva skal desse gjera?» Han svara: «Det var horni som spreidde Juda so at ingen lyfte hovudet sitt. Desse er no komne og skal skræma deim og slå av horni på dei heidningfolki som lyfte horn mot Judalandet til å spreida det.»
Zech NorSMB 2:5  Og eg lyfte upp augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi.
Zech NorSMB 2:6  Då spurde eg: «Kvar gjeng du?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor breidt og kor langt det skal verta.»
Zech NorSMB 2:7  Då kom han fram den engelen som tala med meg, og ein annan engel kom imot honom.
Zech NorSMB 2:8  Og han sagde til honom: «Spring og seg til denne unge mannen: «Fritt og ope skal Jerusalem liggja; slik ei mengd med folk og fe skal finnast der.
Zech NorSMB 2:9  Men eg skal sjølv vera ein eldmur rundt ikring, segjer Herren, og eg skal syna meg herleg der inne.»»
Zech NorSMB 2:10  Ai, ai! Skunda dykk burt frå Norderlandet, segjer Herren; for eg hev då spreidt dykk for alle heimsens fire vindar, segjer Herren.
Zech NorSMB 2:11  Ai! Sion! Røm undan, du som bur hjå dotteri Babel.
Zech NorSMB 2:12  For so segjer Herren, drott: For sin herlegdom skuld hev Herren sendt meg til heidningfolki som plundra dykk; for den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans.
Zech NorSMB 2:13  Sjå, eg lyfter handi mi mot deim, og dei skal verta til herfang for trælarne sine, og de skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg. Ropa høgt av frygd og gleda, du dotter Sion! For sjå, eg kjem og vil bu hjå deg, segjer Herren. Og mange heidningfolk skal venda seg til Herren på den dagen og verta mitt folk; ja, eg vil bu hjå deg, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til deg. Og til sin eigedom og arvlut skal Herren taka Juda i det heilage landet og endå ein gong velja ut Jerusalem. Ver stilt, alt kjøt, for Herren! For han hev rise upp og gjenge ut or sin heilage bustad.
Chapter 3
Zech NorSMB 3:1  So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga honom.
Zech NorSMB 3:2  Men Herren sagde til Satan: «Herren skal skjella deg ut, Satan! Herren skal skjella deg ut, han som hev valt ut Jerusalem! Er ikkje denne ein brand som er berga ut or elden?»
Zech NorSMB 3:3  Men Josva var klædd i skitne klæde der han stod framfor engelen.
Zech NorSMB 3:4  Då tok engelen til ords og sagde til deim som stod framfor honom: «Tak av honom dei skitne klædi!» Og til honom sjølv sagde han: «Sjå, eg hev teke burt syndeskuldi di, og no skal du klædast i høgtidsbunad.»
Zech NorSMB 3:5  Då sagde eg: «Å, set ei rein huva på hovudet hans!» Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på honom klædi, medan Herrens engel stod der.
Zech NorSMB 3:7  «So segjer Herren, allhers drott: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine fyresegner, so skal du både få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg lov til å ferdast millom desse som her stend.
Zech NorSMB 3:8  Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og dine felager som sit her framfyre deg, skal vera teikn og fyrebod; for sjå, eg vil lata tenaren min, Renning koma.
Zech NorSMB 3:9  For sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo - på denne steinen ritar eg innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers drott, og eg taka burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag.
Zech NorSMB 3:10  På den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal kvar og ein av dykk kunna beda venen sin til gjestebod under vintreet og fiketreet.»
Chapter 4
Zech NorSMB 4:1  Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom ein mann vert vekt or svevnen,
Zech NorSMB 4:2  og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer som gjeng til lamporne der ovantil,
Zech NorSMB 4:3  og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.»
Zech NorSMB 4:4  Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva skal desse ting tyda, herre?»
Zech NorSMB 4:5  Engelen som tala med meg, svara og sagde til meg: «Skynar du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre?»
Zech NorSMB 4:6  Då tok han til ords og sagde til meg: «Dette er Herrens ord til Zerubbabel: Ikkje med magt og ikkje med kraft, men med min ande, segjer Herren, allhers drott.
Zech NorSMB 4:7  Kven er du, du store fjell som reiser deg mot Zerubbabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med honom!»»
Zech NorSMB 4:9  Zerubbabels hender hev tufta dette huset; hans hender skal ogso fullenda det, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk.
Zech NorSMB 4:10  For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små, når desse sju med gleda ser blyloddet i Zerubbabels hand, desse Herrens augo som fer ikring yver heile jordi?
Zech NorSMB 4:11  Då tok eg til ords og sagde til honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?»
Zech NorSMB 4:12  Og eg tok atter til ords og spurde honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljegreinerne tett attved dei tvo gullrøyrerne som det renn gull ned ifrå?»
Zech NorSMB 4:13  Då sagde han til meg: «Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda?» Eg svara: «Nei, herre.»
Zech NorSMB 4:14  Då sagde han: «Det er dei tvo olje-sønerne som stend hjå herren yver all jordi.»
Chapter 5
Zech NorSMB 5:1  Sidan lyfte eg atter upp augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,
Zech NorSMB 5:2  og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.»
Zech NorSMB 5:3  Då sagde han til meg: «Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med henne skal kvar den som stel verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med henne skal kvar den som sver verta reinska burt her ifrå.
Zech NorSMB 5:4  Eg hev sendt henne ut, segjer Herren, allhers drott, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øydeleggja det, både tre og stein.»
Zech NorSMB 5:5  Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sagde til meg: «Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der!»
Zech NorSMB 5:6  Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det er skjeppa som kjem fram.» Og han sagde: «Soleis ser det ut med deim i heile landet.»
Zech NorSMB 5:7  Sjå, då vart eit rundt blylok lyft upp, og der var ei kvinna som sat i skjeppa.
Zech NorSMB 5:8  Då sagde han: «Dette er gudløysa.» Og so tok han og slengde henne ned i skjeppa og slo blyloket yver opningi.
Zech NorSMB 5:9  Då eg sidan lyfte upp augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengjerne deira - for dei hadde vengjer som storkevenger - og dei tok og lyfte skjeppa upp millom himmel og jord.
Zech NorSMB 5:10  Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med skjeppa?»
Zech NorSMB 5:11  Han svara: «Dei skal byggja eit hus åt henne i Sinearlandet, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.»
Chapter 6
Zech NorSMB 6:1  Då eg atter lyfte upp augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar.
Zech NorSMB 6:2  For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,
Zech NorSMB 6:3  for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute sterke hestar.
Zech NorSMB 6:4  Då tok eg til ords og sagde til engelen som tala med meg: «Kva skal dette tyda, Herre?»
Zech NorSMB 6:5  Og engelen svara og sagde til meg: «Det er dei fire himmelvindarne. Dei hev vore kalla inn for Herren yver all jordi og fer no av stad att.
Zech NorSMB 6:6  Vogni med dei svarte hestarne fer ut mot Norderlandet, dei kvite fylgjer etter deim, og dei flekkute fer utimot Sudlandet.»
Zech NorSMB 6:7  Men då dei sterkaste skulde fara ut, var dei fysne etter å få fara ikring på jordi, og han sagde: «Gakk, far ikring på jordi!» Og dei for ikring på jordi.
Zech NorSMB 6:8  So ropa han høgt på meg og sagde til meg: «Sjå, dei som fer ut imot Norderlandet, hev svala min harm på Norderlandet.»
Zech NorSMB 6:10  Tak imot av Heldai, Tobia og Jedaja gåvorne frå dei landlyste, ja, gakk sjølv på denne dagen av stad til huset åt Josias Sefanjason; for dit er dei komne frå Babel,
Zech NorSMB 6:11  og tak imot sylv og gull! Få so gjort ei kruna og set henne på hovudet åt øvstepresten Josva Jesadaksson!
Zech NorSMB 6:12  Og seg til honom: «So segjer Herren, allhers drott: Sjå der er ein mann som heiter Renning. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.
Zech NorSMB 6:13  Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom deim båe.
Zech NorSMB 6:14  Men kruna skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefanjason.
Zech NorSMB 6:15  Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja på Herrens tempel, og de skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer vel på røysti åt Herren, dykkar Gud.»
Chapter 7
Zech NorSMB 7:1  I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Zakarja, på den fjorde dagen i den niande månaden, i månaden kislev.
Zech NorSMB 7:2  Då sende Betel Sareser og Regem-Melek og mennerne hans av stad til å blidka Herren
Zech NorSMB 7:3  og spyrja prestarne i huset åt Herren, allhers drott, og profetarne: «Skal eg gråta og fasta i den femte månaden som me hev gjort no i mange, mange år?»
Zech NorSMB 7:4  Då kom ordet frå Herren, allhers drott, til meg soleis:
Zech NorSMB 7:5  Seg du til alt folket i landet og til prestarne: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for meg de hev fasta?
Zech NorSMB 7:6  Og når de et, og når de drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?
Zech NorSMB 7:7  Var det ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetarne, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i landsbyarne rundt ikring, og i Sudlandet og Låglandet like eins?
Zech NorSMB 7:9  Soleis tala Herren, allhers drott: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame mot kvarandre!
Zech NorSMB 7:10  Enkjor og farlause, framandfolk og fatige må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!
Zech NorSMB 7:11  Men dei vilde ikkje høyra, og dei sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra,
Zech NorSMB 7:12  ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers drott, sende ved sin ande gjenom dei fyrre profetarne. Då kom det ein stor vreide frå Herren, allhers drott.
Zech NorSMB 7:13  Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sagde no Herren, allhers drott: Eg vil ikkje høyra når dei ropar;
Zech NorSMB 7:14  men eg skal føykja deim burt millom alle heidningfolki som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter deim, so ingen fer att og fram. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.
Chapter 8
Zech NorSMB 8:1  Og Herren, allhers drott, sende ordet sitt soleis:
Zech NorSMB 8:2  So segjer Herren, allhers drott: Eg er mykje, mykje ihuga for Sion, ja, med brennande harm er eg ihuga for det.
Zech NorSMB 8:3  So segjer Herren: Eg vil venda attende til Sion og taka bustad i Jerusalem, og Jerusalem skal heita «Truskapsbyen» og fjellet åt Herren, allhers drott, «Heilagfjellet».
Zech NorSMB 8:4  So segjer Herren, allhers drott: Atter skal gamle menner og gamle kvinnor sitja på torgi i Jerusalem, alle med stav i hand for deira alderdom skuld,
Zech NorSMB 8:5  og torgi i byen skal vera fulle av gutar og gjentor som leikar seg der på torgi.
Zech NorSMB 8:6  So segjer Herren, allhers drott: Um dette kjem til å synast umogelegt for leivningen av dette folket i dei dagar, skulde det då og synast umogelegt for meg? segjer Herren, allhers drott.
Zech NorSMB 8:7  So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg skal frelsa folket mitt frå Austerheimen og Vesterheimen
Zech NorSMB 8:8  og føra deim heim, og dei skal bu i Jerusalem og vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud i truskap og rettferd.
Zech NorSMB 8:9  So segjer Herren, allhers drott: Lat dykkar hender vera sterke, de som i denne tid høyrer desse ordi av dei same profetarne som tala på den dagen då grunnsteinen vart lagd til huset åt Herren, allhers drott, templet, som skulde byggjast upp!
Zech NorSMB 8:10  Fyre desse dagarne hadde korkje folk eller fe løn for strævet sitt, og korkje den som gjekk ut eller den som gjekk inn var trygg for fienden; for eg slepte alle menneskje laus på kvarandre.
Zech NorSMB 8:11  Men no vil eg ikkje vera som i dei framfarne tider mot leivningen av dette folket, segjer Herren, allhers drott.
Zech NorSMB 8:12  Nei, trygt skal sædet vera: Vintreet skal gjeva si frukt og jordi si grøda, himmelen skal gjeva si dogg, og eg skal gjeva leivningen av dette folket alt dette til eiga.
Zech NorSMB 8:13  Då skal det henda: liksom de hev vore ei forbanning millom folki, både Judas hus og Israels hus, so vil eg no frelsa dykk, og de skal verta ei velsigning. Ottast ikkje! Lat dykkar hender vera sterke!
Zech NorSMB 8:14  For so segjer Herren, allhers drott: Liksom eg sette meg fyre å gjera vondt imot dykk, då federne dykkar gjorde meg harm, og eg ikkje angra på det, segjer Herren, allhers drott,
Zech NorSMB 8:15  soleis hev eg no i desse dagarne sett meg fyre å gjera vel imot Jerusalem og Judas hus. Ottast ikkje!
Zech NorSMB 8:16  Dette er det de skal gjera: Tala sanning med kvarandre! Seg rette og fredsæle domar i portarne dykkar!
Zech NorSMB 8:17  Tenk ikkje på vondt mot kvarandre i hjarta dykkar, og hav ikkje hug til rang eid! For alt slikt hatar eg, segjer Herren.
Zech NorSMB 8:18  Og ordet frå Herren, allhers drott, kom til meg soleis:
Zech NorSMB 8:19  So segjer Herren: Fasta i den fjorde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta Judas hus til frygd og gleda og gilde høgtider. Men elska sanningi og freden!
Zech NorSMB 8:20  So segjer Herren, allhers drott: Endå skal det verta so at folkeslag skal koma, ja, folk frå mange byar,
Zech NorSMB 8:21  og folket i den eine byen skal fara til den andre og segja: «Kom, lat oss ganga av stad og blidka Herren og søkja Herren, allhers drott!» «Eg vil ganga, eg og.»
Zech NorSMB 8:22  Og då skal det koma mange folkeslag og mannsterke heidningfolk og søkja Herren, allhers drott, i Jerusalem, og blidka Herren.
Zech NorSMB 8:23  So segjer Herren, allhers drott: I dei dagarne skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidningfolk, tek fat i kjolesnippen åt ein mann frå Juda og segjer: «Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Herren er med dykk.»
Chapter 9
Zech NorSMB 9:1  Ei framsegn, Herrens ord mot Hadraks land, og i Damaskus skal det slå seg ned; for Herren hev auga med manneætti og med alle Israels ætter,
Zech NorSMB 9:2  ja, ogso Hamat som ligg attved, Tyrus og Sidon, so kloke dei er.
Zech NorSMB 9:3  Tyrus bygde seg ei borg, dunga i hop sylv som mold og gull som gateskarn.
Zech NorSMB 9:4  Sjå, Herren vil arma henne ut, kasta ringmuren hennar i havet, og ho sjølv skal verta til føda for elden.
Zech NorSMB 9:5  Askalon skal sjå det og ottast, og Gaza vrida seg i stor rædsla; likeins Ekron, av di hennar von hev vorte til skammar, Gaza skal missa kongen sin, Askalon skal verta folketom.
Zech NorSMB 9:6  Og Asdod skal hysa berre herk; ja, eg vil gjøra enda på storlætet åt filistarane.
Zech NorSMB 9:7  Eg vil taka blodet ut av munnen deira og styggedomen burt frå tennerne deira; og då skal dei og verta ein leivning for vår Gud. Då skal dei verta liksom ættehovdingar i Juda, og Ekron skal vera som ein jebusitarne.
Zech NorSMB 9:8  Og eg skal lægra meg og verja huset mitt mot herar som kjem og gjeng, og ikkje meir skal nokon valdsherre velta seg inn yver deim; for no hev eg set med eigne augo.
Zech NorSMB 9:9  Gled deg storleg, du dotter Sion! Ropa av frygd, du dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg; rettferdig og frelst er han. Smålåten kjem han ridande på eit asen, på ein ung asenfole.
Zech NorSMB 9:10  Eg vil rydja burt stridsvognerne frå Efraim og hestarne frå Jerusalem, og alle stridsbogarne skal rydjast burt; han skal tala fred til folki, og hans herrevelde skal nå frå hav til hav og frå Storelvi til verdsens endar.
Zech NorSMB 9:11  For ditt paktblod skuld vil eg og fria dine fangar ut or brunnen der det ikkje finst vatn.
Zech NorSMB 9:12  Vend attende til den faste borgi, de fangar som hev von! Ogso i dag gjer eg kunnigt: Eg skal gjeva deg tvifelt att.
Zech NorSMB 9:13  For eg spenner Juda som ein boge, fyller Efraim som eit pilehus, og dine søner, du Sion, eggjar eg mot dine søner, du Javan, og eg gjer deg lik med sverdet åt ei kjempa.
Zech NorSMB 9:14  Ja, Herren skal syna seg yver deim, og pili hans fer ut som ein elding, Herren, Herren skal blåsa i luren og fara fram i sunnanstormarne.
Zech NorSMB 9:15  Herren, allhers drott, skal halda skjolden sin yver deim, og dei skal gløypa, med di dei trakkar slyngjesteinar under føter; dei skal drikka og ståka som av vin og verta fulle som offerskåler og altarhyrno.
Zech NorSMB 9:16  Ja, Herren, deira Gud, skal gjeva deim siger på denne dag; for dei er då det folket han hev teke til si hjord, og liksom glimesteinar i ei kruna strålar yver landet hans.
Zech NorSMB 9:17  Å, kor gildt og kor fagert det er! Kornet gjev ungguten merg i bein, og druvesafti fostrar upp fagre møyar.
Chapter 10
Zech NorSMB 10:1  Herren må de beda um regn i tidi for vårregnet, Herren er det som skaper torever, og han sender fossande flod-skurer, gjev grøda på marki for kvar ein mann.
Zech NorSMB 10:2  Men husgudarne talar fåfengd, og spåmennerne ser falske syner. Tome draumar talar dei, og svikfull er deira trøyst. Difor laut dei reika ikring som ein saueflokk og lida vondt av di det ikkje er nokon hyrding.
Zech NorSMB 10:3  Mot hyrdingarne er harmen min kveikt, og bukkarne vil eg heimsøkja, ja, Herren, allhers drott, ser til si hjord, Judas hus, og gjera henne til stashesten sin i striden.
Zech NorSMB 10:4  Frå det skal koma hyrnestein, frå det skal koma nagle, frå det skal koma stridsboge, frå det skal kvar einaste styresmann koma.
Zech NorSMB 10:5  Og dei skal vera lik kjempor som gjeng fram i striden nett som dei trakka i gateskarn; ja, strida skal dei; for Herren er med deim, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.
Zech NorSMB 10:6  Og eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus skal eg frelsa; ja, eg fører deim atter heim; for eg vil miskunna deim, og dei skal vera liksom eg aldri hadde støytt deim burt. For eg er Herren, deira Gud, og eg skal bønhøyra deim.
Zech NorSMB 10:7  Efraims menner skal verta lik velduge kjempor, og hjarto deira skal gleda seg liksom av vin. Sønerne deira skal sjå det med fagnad; deira hjarto skal frygda seg i Herren.
Zech NorSMB 10:8  Eg vil blistra på deim og samla deim; for eg hev løyst deim ut, og dei skal verta likso mangmente som dei fordom var.
Zech NorSMB 10:9  Eg vil så deim ut millom folki; men på dei framande stader skal dei minnast meg, og dei skal liva med borni sine og venda heim att.
Zech NorSMB 10:10  Ja, eg let deim koma heim frå Egyptarland, og frå Assur skal eg samla deim; til Gileadlandet og til Libanon fører eg deim, og der skal det skorta på rom åt deim.
Zech NorSMB 10:11  Han skal draga fram gjenom havet i trengsla; bylgjorne skal slå ned i havet, og alle djupi i Nilen skal turkast ut; Assurs byrgskap skal støytast ned, og kongsstaven skal vika frå Egyptarland.
Zech NorSMB 10:12  Men deim skal eg gjera sterke i Herren, og i hans namn skal dei ferdast, segjer Herren.
Chapter 11
Zech NorSMB 11:1  Lat upp portarne dine, Libanon, so elden kann øyda cedertrei dine!
Zech NorSMB 11:2  Jamra deg, du cypressa, for cederen er fallen, dei herlege trei avøydde! Jamra dykk, de Basan-eiker: for tjukkaste skogen er sokken!
Zech NorSMB 11:3  Høyr, kor hyrdingarne jamrar; for di deira herlegdom er lagd i øyde! Høyr, kor dei unge løvorne burar; for Jordans prydnad er herja!
Zech NorSMB 11:5  For dei som kjøper deim, slagtar deim utan å bøta for det, og dei som sel deim segjer: «Lova vere Herren! Eg vert då rik!» Og hyrdingarne deira sparer deim ikkje.
Zech NorSMB 11:6  For no vil eg ikkje meir spara folket i landet, segjer Herren; men eg vil lata menneski falla i henderne på kvarandre og i henderne på kongen sin, og dei skal øyda landet, og eg vil ikkje fria frå deira vald.
Zech NorSMB 11:7  So tok eg til å røkta slagtesauerne, ja, dei ringaste av sauerne, og eg tok meg tvo stavar, den eine kalla eg Godvilje, og den andre kalla eg Sameining. Eg gjætte då sauerne,
Zech NorSMB 11:8  og eg gjorde dei tri hyrdingarne til inkjes på ein månad. Då leiddest eg ved deim, og dei stygdest og ved meg,
Zech NorSMB 11:9  og so sagde eg: «Eg vil ikkje lenger vera hyrdingen dykkar. Lat dei døy som vil døy, og lat det øydast som vil øydast, og dei som vert att, fær eta kvarandre upp!»
Zech NorSMB 11:10  So tok eg staven min Godvilje og braut honom sund til å løysa upp pakti som eg hadde gjort med alle folki.
Zech NorSMB 11:11  Og ho vart gjord til inkjes same dagen, og då fekk dei sanna dei arme sauerne som ansa på meg, at det var Herrens ord.
Zech NorSMB 11:12  Dinæst sagde eg til deim: «Um de so synest, so gjev meg løni mi, og synest de ikkje det er verdt, so lat det vera!» Då vog dei upp tretti sylvdalar til løn åt meg.
Zech NorSMB 11:13  Då sagde Herren til meg: Sleng honom burt til pottemakaren, den herlege prisen som dei hev verdsett meg til! Og eg tok dei tretti sylvdalarne og kasta deim inn i Herrens hus, burt til pottemakaren.
Zech NorSMB 11:14  So braut eg sund den andre staven min, Sameining, til å løysa upp brorskapen millom Juda og Israel.
Zech NorSMB 11:15  Og Herren sagde til meg: Tak deg no atter hyrdingreidskap, som ein skarvehyrding.
Zech NorSMB 11:16  For sjå, eg let ein hyrding risa upp i landet, ein som ikkje bryr seg um dei burtkomne, ikkje leitar etter dei villfarne, ikkje heilar dei brotne og ikkje syter for dei friske; men kjøtet av dei feite et han, og klauverne deira riv han av.
Zech NorSMB 11:17  Usæl den skarvehyrdingen som svik sauerne! Sverd yver armen hans og yver høgre auga hans! Visna, ja, visna skal armen hans, og høgre auga hans verta blindt.
Chapter 12
Zech NorSMB 12:1  Ei framsegn, Herrens ord um Israel. So segjer Herren som spana ut himmelen, grunnfeste jordi og skaper ånd i mannebarm:
Zech NorSMB 12:2  Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folki rundt ikring, og jamvel yver Juda skal det koma når Jerusalem vert kringsett.
Zech NorSMB 12:3  På den dagen skal eg gjera Jerusalem til ein lyftestein for alle folki; alle dei som lyfter på honom, skal riva seg sund, og alle folki på jordi skal flokka seg imot det.
Zech NorSMB 12:4  På den dagen, segjer Herren, skal eg slå alle hestarne med villska og hestfolki med vitløysa; men yver Judas hus skal eg vaka, og alle hestarne åt folki slær eg med blindskap.
Zech NorSMB 12:5  Då skal ættehovdingane i Juda segja med seg sjølve: «Vår styrke er dei som bur i Jerusalem, ved Herren, allhers drott, deira Gud.»
Zech NorSMB 12:6  På den dagen skal eg lata ættehovdingarne i Juda verta liksom ei glodpanna i ein vedhaug og ein brennande kyndel midt i ein halmdunge, og dei skal brenna upp alle folki rundt ikring; men Jerusalem skal framleides bu trygt på sin stad, i Jerusalem.
Zech NorSMB 12:7  Og fyrst skal Herren frelsa tjeldi åt Juda, so ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, skal få større heider enn Juda.
Zech NorSMB 12:8  På den dagen skal Herren halda skjolden sin yver deim som bur i Jerusalem, og den veikaste stakkaren millom deim skal på den dagen vera som David, og Davids hus som Gud, som Herrens engel framfyre deim.
Zech NorSMB 12:9  Og på den dagen skal eg trå etter å tyna alle heidningfolki som fer imot Jerusalem.
Zech NorSMB 12:10  Men yver Davids hus og yver deim som bor i Jerusalem, skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge, og dei skal syrgja på honom som ein syrgjer på den einborne, og klaga sårt som ein klagar yver fyrstefødde sonen.
Zech NorSMB 12:11  På den dagen skal jammeren verta stor i Jerusalem liksom jammeren ved Hadadrimmon på Megiddosletta.
Zech NorSMB 12:12  Og landet skal syrgja, kvar ættgrein for seg: ættgreini frå Davids hus for seg og deira kvinnor for seg, ættgreini frå Natans hus for seg og deira kvinnor for seg,
Zech NorSMB 12:13  ættgreini frå Levis hus for seg og deira kvinnor for seg, Sime’is ættgrein for seg og deira kvinnor for seg;
Zech NorSMB 12:14  like eins alle dei andre ættgreinerne for seg og kvinnorne deira for seg.
Chapter 13
Zech NorSMB 13:1  På den dagen skal det vera ei opi kjelda for Davids hus og for deim som bor i Jerusalem til å tvætta av synd og ureinskap.
Zech NorSMB 13:2  Og på den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal eg rydja ut namni på avgudsbilæti or landet, so ingen meir skal minnast deim, ja, ogso profetarne og den ureine åndi skal eg senda ut or landet.
Zech NorSMB 13:3  Og um nokon sidan gjev seg til å spå, so skal far hans og mor hans, hans eigne foreldre, segja til honom: «Du kann ikkje få liva; for du hev tala lygn i Herrens namn.» Og far hans og mor hans, hans eigne foreldre, skal stinga honom ned når han gjev seg til å spå.
Zech NorSMB 13:4  På den dagen skal alle profetarne skjemmast ved synerne sine når dei spår, og dei skal ikkje klæda på seg ein hårkyrtel for å ljuga.
Zech NorSMB 13:5  Men kvar og ein av dei skal segja: «Eg er ikkje nokon profet. Ein jorddyrkar er eg. Ein mann som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.»
Zech NorSMB 13:6  Og um ein spør honom: «Kva er det for nokre sår du hev der på bringa di?» so kjem han til å svara: «Deim hev eg fenge i huset hjå venerne mine.»
Zech NorSMB 13:7  Vakna upp, du sverd, mot hyrdingen min, mot den mannen som stend meg so nær, segjer Herren, allhers drott. Slå hyrdingen, og lat sauerne spreidast, og eg skal hava handi mi mot dei små.
Zech NorSMB 13:8  Og i heile landet, segjer Herren, skal tvo tridjepartar øydast og andast; men ein tridjepart skal leivast der,
Zech NorSMB 13:9  og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer honom som ein skirer sylv, og prøver honom som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal svara deim; eg skal segja: «Dette er mitt folk;» og dei skal svara: «Herren er min Gud.»
Chapter 14
Zech NorSMB 14:1  Sjå, det kjem ein Herrens dag då dei skal skifta ut ditt herfang inne i deg.
Zech NorSMB 14:2  Då skal eg samla alle folkeslagi til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnorne skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
Zech NorSMB 14:3  Og Herren skal fara ut og strida mot desse folki som han stridde fyrr på slagdagen.
Zech NorSMB 14:4  På den dagen skal han standa med føterne på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord og andre helvti mot sud.
Zech NorSMB 14:5  Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal nå heilt til Asel; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda. Då skal han koma, Herren, min Gud - alle heilage med deg.
Zech NorSMB 14:6  På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; stjernorne skal kverva burt.
Zech NorSMB 14:7  Og det skal koma ein viss dag - han er kjend av Herren - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost.
Zech NorSMB 14:8  Og på den dagen skal det strøyma livande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.
Zech NorSMB 14:9  Då skal Herren vera konge yver heile jordi; på den dagen skal Herren vera ein og namnet hans eitt.
Zech NorSMB 14:10  Heile landet skal verta som Jordan-kverven, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, radt ifrå Benjamins-porten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersorne åt kongen.
Zech NorSMB 14:11  Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir, og Jerusalem skal liggja der trygt.
Zech NorSMB 14:12  Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna, medan dei stend på sine føter, augo deira skal rotna i holorne sine, og tunga skal rotna i munnen på deim.
Zech NorSMB 14:13  På den dagen skal ei stor rædsla frå Herren koma yver deim, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.
Zech NorSMB 14:14  Ogso Juda skal strida i Jerusalem, og då skal han samlast, rikdomen frå alle heidningfolki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd.
Zech NorSMB 14:15  Den same refsingi skal og koma yver hestarne og muldyri og kamelarne og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri.
Zech NorSMB 14:16  Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og beda til kongen, Herren, allhers drott, og høgtida lauvhyttehelgi.
Zech NorSMB 14:17  Og um nokre av ætterne på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og bed til kongen, Herren, allhers drott, so skal det ikkje koma regn hjå deim.
Zech NorSMB 14:18  Dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal den same refsingi koma yver deim som Herren let koma yver dei heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
Zech NorSMB 14:19  Dette er syndestraffi for Egyptarland og for alle heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
Zech NorSMB 14:20  På den dagen skal det standa på bjøllerne åt hestarne: «Vigd åt Herren,» og grytorne i Herrens hus skal vera som offerskålerne framfor altaret.
Zech NorSMB 14:21  Og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera vigd åt Herren, allhers drott, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av deim og koka i deim, og det skal ikkje meir finnast nokon kræmer i huset åt Herren, allhers drott, på den dagen.