Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EZRA
Up
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Toggle notes
Chapter 1
Ezra NorSMB 1:1  I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering:
Ezra NorSMB 1:2  «So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda.
Ezra NorSMB 1:3  Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere hans Gud, med honom, og han drage upp til Jerusalem i Juda og byggje hus åt Herren, Israels Gud! Det er den Gud som bur i Jerusalem.
Ezra NorSMB 1:4  Og kvar helst nokon endå er att og bur framand på ein stad, skal folket der hjelpa honom til med sylv og gull, lausøyre og bufe, umfram det som dei godviljugt gjev til gudshuset i Jerusalem.»»
Ezra NorSMB 1:5  Då gjorde ættarhovdingarne i Juda og Benjamin seg reiduge til å fara, og det same gjorde prestarne og levitarne, alle dei som Gud vekte hugen i, dei vilde fara upp og byggja Herrens hus i Jerusalem.
Ezra NorSMB 1:6  Og alle grannarne deira hjelpte deim til med gåvor: sylv og gull, lausøyre og bufe og dyrverdige gåvor, umfram alt det som dei sjølve gav godviljugt.
Ezra NorSMB 1:7  Kyrus sjølv, kongen, gav frå seg alle dei kjerald som Nebukadnessar hadde teke burt frå Jerusalem og sett inn i huset åt sin gud.
Ezra NorSMB 1:8  Desse gav no Kyrus, persarkongen, frå seg til Mitredat, som var skattmeister, og han talde deim for Sesbassar, som var hovding yver Juda.
Ezra NorSMB 1:9  Talet på desse kjerald var: Tretti gullfat, tusund sylvfat og ni og tjuge andre offerkjerald,
Ezra NorSMB 1:10  tretti gullskålar og fire hundrad og ti sylvskålar av ringare slag og tusund andre kjerald.
Ezra NorSMB 1:11  Kjeraldi av gull og sylv var i alt fem tusund og fire hundrad. Alt dette førde Sesbassar med seg då dei burtførde for upp frå Babel til Jerusalem.
Chapter 2
Ezra NorSMB 2:1  Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for ut or utlægdi, dei som Babel-kongen Nebukadnessar hadde ført burt til Babel, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.
Ezra NorSMB 2:2  Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Seraja, Re’elaja og Mordekai, Bilsan og Mispar, Bigvai og Rehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver Israels-lyden:
Ezra NorSMB 2:3  Paros-sønerne, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;
Ezra NorSMB 2:6  Pahat-Moabs-sønerne, av Jesua- og Joabs-sønerne, tvo tusund åtte hundrad og tolv;
Ezra NorSMB 2:7  Elams-sønerne, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
Ezra NorSMB 2:12  Azgads-sønerne, eit tusund tvo hundrad og tvo og tjuge;
Ezra NorSMB 2:13  Adonikams-sønerne, seks hundrad og seks og seksti;
Ezra NorSMB 2:16  Aters-sønerne av Hizkia-ætti, åtte og nitti;
Ezra NorSMB 2:23  mennerne frå Anatot, hundrad og åtte og tjuge;
Ezra NorSMB 2:25  Kirjat-Arims- og Kefira- og Be’erots-sønerne, sju hundrad og tri og fyrti;
Ezra NorSMB 2:26  Rama- og Geba-sønerne, seks hundrad og ein og tjuge;
Ezra NorSMB 2:28  mennerne frå Betel og Aj, tvo hundrad og tri og tjuge;
Ezra NorSMB 2:31  den andre Elams søner, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
Ezra NorSMB 2:33  Lods- og Hadids- og Ono-sønerne, sju hundrad og fem og tjuge;
Ezra NorSMB 2:35  Sena’a-sønerne, tri tusund seks hundrad og tretti.
Ezra NorSMB 2:36  Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
Ezra NorSMB 2:38  Pashurs-sønerne, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;
Ezra NorSMB 2:40  Av levitarne: Jesua- og Kadmiels-sønerne av Hodavja-sønerne, fire og sytti.
Ezra NorSMB 2:41  Av songararne: Asafs-sønerne, hundrad og åtte og tjuge.
Ezra NorSMB 2:42  Av dørvaktar-sønerne: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, i alt hundrad og ni og tretti.
Ezra NorSMB 2:43  Av tempelsveinarne: Siha-sønerne, Hasufa-sønerne, Tabbaots-sønerne,
Ezra NorSMB 2:44  Keros-sønerne, Siaha-sønerne, Padons-sønerne,
Ezra NorSMB 2:45  Lebana-sønerne, Hagaba-sønerne, Akkubs-sønerne,
Ezra NorSMB 2:46  Hagabs-sønerne, Samlai-sønerne, Hanans-sønerne,
Ezra NorSMB 2:47  Giddels-sønerne, Gahars-sønerne, Reaja-sønerne,
Ezra NorSMB 2:48  Resins-sønerne, Nekoda-sønerne, Gazzams-sønerne,
Ezra NorSMB 2:49  Uzza-sønerne, Paseahs-sønerne, Besai-sønerne,
Ezra NorSMB 2:50  Asna-sønerne, Me’unims-sønerne, Nefisims-sønerne,
Ezra NorSMB 2:51  Bakbuks-sønerne, Hakufa-sønerne, Harhurs-sønerne,
Ezra NorSMB 2:52  Basluts-sønerne, Mehida-sønerne, Harsa-sønerne,
Ezra NorSMB 2:53  Barkos-sønerne, Sisera-sønerne, Tamahs-sønerne,
Ezra NorSMB 2:55  Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Hassoferets-sønerne, Peruda-sønerne,
Ezra NorSMB 2:56  Ja’ala-sønerne, Darkons-sønerne, Giddels-sønerne,
Ezra NorSMB 2:57  Sefatja-sønerne, Hattils-sønerne, Pokeret-Hassebajims-sønerne, Ami-sønerne.
Ezra NorSMB 2:58  Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti.
Ezra NorSMB 2:59  Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addan og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var;
Ezra NorSMB 2:60  Delaja-sønerne, Tobia-sønerne og Nekoda-sønerne, seks hundrad og tvo og femti,
Ezra NorSMB 2:61  og av prestesønerne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim.
Ezra NorSMB 2:62  Desse leita etter ættetavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar.
Ezra NorSMB 2:63  Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest som hadde urim og tummim.
Ezra NorSMB 2:64  Heile lyden til var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,
Ezra NorSMB 2:65  umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad songarar, karar og kvende.
Ezra NorSMB 2:66  Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,
Ezra NorSMB 2:67  fire hundrad og fem og tretti kamelar og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
Ezra NorSMB 2:68  Då dei kom fram til Herrens hus i Jerusalem, gav nokre av ættarhovdingarne godviljugt ei gåva til gudshuset, so det kunde verta uppbygt att på den gamle staden.
Ezra NorSMB 2:69  Kvar av deim lagde i byggjekassa, etter som han hadde råd til, og det kom inn tri hundrad tusund dalar i gull og fem og tjuge tusund dalar i sylv, dertil eit hundrad prestekjolar.
Ezra NorSMB 2:70  Prestarne og levitarne og nokre av lyden, songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne, sette då bu i sine byar, og heile Israel elles busette seg kvar i sin by.
Chapter 3
Ezra NorSMB 3:1  Då den sjuande månaden kom, og Israels-sønerne budde i sine byar, samla dei seg i Jerusalem alle som ein mann.
Ezra NorSMB 3:2  Og Jesua Josadaksson og prestarne, brørne hans, og Zerubbabel Sealtielsson og hans brør tok til å byggja altaret åt Israels Gud, so dei kunde få ofra brennoffer på det, soleis som det er fyreskrive i lovi åt gudsmannen Moses.
Ezra NorSMB 3:3  Dei sette altaret på den staden det fyrr hadde vore; for dei hadde fenge rædsla i seg for folki som budde i landet. Og dei ofra brennoffer til Herren på alteret, brennoffer morgon og kveld.
Ezra NorSMB 3:4  So heldt dei lauvhyttehelg etter som det er fyreskrive, og bar fram brennoffer dag for dag etter sitt tal, so mange som det var fastsett for kvar dag.
Ezra NorSMB 3:5  Sidan ofra dei det dagvisse brennofferet og dei offer som høyrde til nymånaderne og alle Herrens heilage høgtider; sameleis kvar gong nokon kom godviljugt og bar fram offer til Herren.
Ezra NorSMB 3:6  Frå fyrste dagen i sjuande månaden tok dei til å ofra brennoffer til Herren; fyrr dei endå hadde lagt grunnen til Herrens tempel.
Ezra NorSMB 3:7  Sidan gav dei steinhoggarane og timbremennerne pengar, og til Sidons-sønerne og Tyrus-mennerne gav dei matvaror og drikkevaror og olje, for dei skulde føra cedertre frå Libanon sjøvegen til Jafo, etter ei fullmagt som dei hadde fenge hjå Kyrus, persarkongen.
Ezra NorSMB 3:8  I andre månaden i Året etter dei var komne heim til Guds hus i Jerusalem, tok dei til med verket. Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson og dei andre prestarne og levitarne, brørne deira, og elles alle dei som var komne til Jerusalem frå utlægdi, sette levitar som var tjuge år gamle og deryver, til å hava tilsyn med arbeidet på Guds hus.
Ezra NorSMB 3:9  Og Jesua med sønerne og brørne sine, og Kadmiel med sine søner, Juda-sønerne, alle som var sette til å hava uppsyn med deim som bygde på Guds hus, sameleis Henadads-sønerne med sine søner og brør, levitarne.
Ezra NorSMB 3:10  Bygningsmennerne lagde grunnvollen til Herrens hus, og imedan stod prestarne uppyver med lurar og fullt skrud, og levitarne, Asafs-sønerne, stod med cymblar; dei vilde prisa Herren soleis som David, Israels-kongen, hadde lært deim.
Ezra NorSMB 3:11  Dei song lov og takk til Herren, av di han er god og hans miskunn mot Israel varer æveleg. Og alt folket sette i med høge fagnadrop, og prisa Herren av di grunnvollen var lagd til Herrens hus.
Ezra NorSMB 3:12  Men mange av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne, dei gamle som hadde set det fyrre huset, gret høgt då dei såg på at grunnvollen til dette huset vart lagd; men mange var so glade at dei ropa høgt av fagnad.
Ezra NorSMB 3:13  Det var rådlaust for folket å skilja frå kvartanna fagnadropi og folkegråten; for folket sette i med velduge fagnadrop, og omen av dette lyddest langan leid.
Chapter 4
Ezra NorSMB 4:1  Uvenerne til Juda og Benjamin fekk høyra at dei som var komne heim or utlægdi, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.
Ezra NorSMB 4:2  Då gjekk dei til Zerubbabel og til ættarhovdingarne og sagde: «Lat oss få vera med dykk og byggja; me held oss til dykkar Gud likso vel som de, og til honom hev me ofra alt sidan den tid Asarhaddon var konge i Assyria og førde oss hit.»
Ezra NorSMB 4:3  Men Zerubbabel og Jesua og dei andre ættarhovdingarne for Israel sagde til deim: «Det sømer seg ikkje at de skal vera med oss og byggja eit hus åt vår Gud; me vil sjølve hjelpast åt og byggja hus åt Herren, Israels Gud, soleis som Kyrus, persarkongen, hev sagt oss fyre.»
Ezra NorSMB 4:4  Folket i landet skræmde då Juda-folket av og gjorde deim huglause, so dei slutta med byggjingi.
Ezra NorSMB 4:5  Dei leigde folk til å leggja meinråder mot deim, og tiltaket vart stogga i all den tid som Kyrus var konge, alt til Darius hadde teke til å styra i Persia.
Ezra NorSMB 4:6  Då Ahasveros hadde vorte konge, i den fyrste tid han styrde, då skreiv dei brev og klaga på ibuarane i Juda og Jerusalem.
Ezra NorSMB 4:7  I Artahsastas tid skreiv Bislam og Mitredat og Tabe’el og dei andre embætsbrørne hans til Artahsasta, konge i Persia. Brevet var skrive med syrisk skrift og umsett på syrisk.
Ezra NorSMB 4:8  Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai skreiv eit brev mot Jerusalem til kong Artahsasta, og innholdet var dette:
Ezra NorSMB 4:9  Dengong: Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embetsbrørne deira, dei frå Dina og Afarsatka, Tarpela og Persia, Erek og Babel, Susan, Deha og Elam
Ezra NorSMB 4:10  og dei andre folki som den store og velduge Asnappar hadde ført burt og late bu i Samaria-byen og det andre landet på hi sida elvi, og so burtetter.
Ezra NorSMB 4:11  Dette er avskrift av det brevet dei sende til kong Artahsasta: «Tenarane dine, mennerne på hi sida elvi og so burtetter.
Ezra NorSMB 4:12  Det skal kongen vita at dei jødarne som for ifrå deg og hit til oss, er no komne til Jerusalem, og der held dei på å byggja upp denne vonde uprørsbyen og setja murarne i stand og stella på grunnvollarne.
Ezra NorSMB 4:13  No vil me gjera det kunnigt for kongen, at skal denne byen verta uppatt-bygd og murarne fullførde, so vil folket der korkje leggja skattar eller gjeva toll eller vegpengar, og det vil verta til meins for innkomorne åt kongarne.
Ezra NorSMB 4:14  Sidan no me et salt frå kongsgarden, so sømer det seg ikkje at me skal sjå på den skaden som her vert lagd for kongen, difor sender me brev bod og let kongen vita dette,
Ezra NorSMB 4:15  so det kann verta etterset i sogeboki åt federne dine; der vil du sjå og læra at denne byen hev vore ein upprørsby frå gamalt, til stort mein for kongar og land, og at der hev vore skapt mykje uro; difor er og byen lagd i øyde.
Ezra NorSMB 4:16  Det let me kongen vita, at vert denne byen bygd upp og murane fullførde, då er det ute med landeigni di på andre sida elvi.»
Ezra NorSMB 4:17  Kongen sende brev attende til rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embætsbrørne deira som budde i Samaria og andre herad på hi sida elvi, og i brevet stod det: «Heil og sæl! og so burtetter.
Ezra NorSMB 4:18  Det brevet som de sende oss, hev vorte greinleg lese for meg.
Ezra NorSMB 4:19  Eg let folk sjå etter, og dei fann ut at den byen alt frå dei eldste tider hev sett seg upp mot kongarne, og at uppreist og uro hev vore der rett som det var.
Ezra NorSMB 4:20  Velduge kongar hev butt i Jerusalem, og dei rådde yver alt landet på hi sida elvi, og dei tok imot skatt og toll og vegpengar.
Ezra NorSMB 4:21  No lyt de skipa det so at desse folki ikkje fær halda på med arbeidet, og at byen ikkje skal verta uppbygd att, utan det skulde koma løyve frå meg.
Ezra NorSMB 4:22  Og det lyt sjå vel til at ingenting vert gløymd eller forsømt i denne saki, so skaden ikkje skal verta verre og kongarne lida tap.»
Ezra NorSMB 4:23  So snart som dette brevet frå kong Artahsasta hadde vorte lese for Rehum og skrivaren Simsai og embætsbrørne deira, for dei snøgt til jødarne i Jerusalem og hindra dei med vald og magt.
Ezra NorSMB 4:24  Då vart det stans med byggjingi på Guds hus i Jerusalem. Det vart ingenting gjort med dette fyrr Darius hadde vorte konge i Persia, det andre året han styrde.
Chapter 5
Ezra NorSMB 5:1  Profeten Haggai og Zakarja Iddoson, profetarne, profetera for dei jødarne som var i Juda og Jerusalem; dei tala i namnet åt Israels Gud, som var nemnt yver deim.
Ezra NorSMB 5:2  Då gjorde Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson seg reiduge og tok atter til å byggja på Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar studde uppunder og hjelpte deim.
Ezra NorSMB 5:3  Då kom Tatnai, som var jarl på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira og dei sagde: «Kven er det som hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?»
Ezra NorSMB 5:4  Me sagde då kva dei mennerne heite som stod fyre bygnaden.
Ezra NorSMB 5:5  Men yver styresmennerne åt jødarne vakte auga åt deira Gud, og mennerne lova at dei ikkje skulde leggja noko vondt i vegen for strævet deira, so lenge Darius hadde set på saki og det var kome brev frå honom.
Ezra NorSMB 5:6  Avskrift av det brevet som Tatnai, jarlen på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne hans, afarsakitarne, som budde på hi sida elvi, sende til kong Darius;
Ezra NorSMB 5:7  for dei sende han ei melding til honom, og i den stod det: «Heil og sæl vere kong Darius!
Ezra NorSMB 5:8  Vita skal kongen at me hev fare til fylket Juda, til huset åt den store Gud. Dette huset heldt dei no på og byggjer av store steinar, og legg bjelkar inn i murveggjerne. Arbeidet vert gjort med umhug og gjeng godt fram under henderne deira.
Ezra NorSMB 5:9  Me spurde styresmennerne: «Kven hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?»
Ezra NorSMB 5:10  Me spurde og kva dei heitte, so me skulde kunna nemna namni til deg, og skriva upp namni på dei mennerne som stod yver deim.
Ezra NorSMB 5:11  Då svara dei oss soleis: «Me er tenarane hans som er Gud i himmelen og på jordi, og me set upp att det huset som ein stor konge i Israel bygde og fullførde for mange år siden.
Ezra NorSMB 5:12  Men federne våre gjorde Gud i himmelen harm; difor gav han deim i henderne på Babels-kongen, kaldæaren Nebukadnessar; han lagde huset i øyde og tok folket med til Babel.
Ezra NorSMB 5:13  Men kong Kyrus, i det fyrste året han styrde i Babylon, gav lov til å byggja upp att dette gudshuset.
Ezra NorSMB 5:14  Kong Kyrus let og taka ut or templet i Babel dei kjerald av gull og sylv som Nebukadnessar hadde teke burt frå templet i Jerusalem og sidan sett inn i templet i Babel. Han gav deim til ein mann som heitte Sesbassar, som han hadde sett til jarl.
Ezra NorSMB 5:15  Og til honom sagde han: «Tak desse kjerald og far av stad og set deim inn i templet i Jerusalem! for Guds hus skal byggjast upp att på den fyrre staden.»
Ezra NorSMB 5:16  So kom då den same Sesbassar og lagde grunnen til Guds hus i Jerusalem. Dei hev bygt på det til denne tid, men endå er det ikkje ferdigt.»
Ezra NorSMB 5:17  Soframt no kongen so tykkjer, skulde det vore leita etter i skattkammeret der i Babel, um det er so at kong Kyrus hev gjeve lov til å byggja dette gudshuset i Jerusalem. Sidan lyt kongen lata oss vita kva som er hans vilje i denne saki.»
Chapter 6
Ezra NorSMB 6:1  Etter dette let kong Darius folk leita etter i arkivet der skattarne vart gløymde i Babel.
Ezra NorSMB 6:2  Då fann dei i borgi Ahmeta i jarleriket Media ei bokrulla, og i den stod det skrive: «Til minne:
Ezra NorSMB 6:3  I det fyrste året kong Kyrus styrde, gav kong Kyrus denne fyresegni: «Guds hus i Jerusalem, det huset skal no verta uppbygt upp att, so det vert ein stad som folk kann bera fram offer. Det skal setjast på fast grunn, og skal vera seksti alner høgt og seksti alner breidt,
Ezra NorSMB 6:4  med tri umkverv store steinar og eitt umkverv av nytt timber. Kostnaden skal greidast ut frå kongsgarden.
Ezra NorSMB 6:5  So skal og alle kjerald av gull og sylv gjevast attende, dei som Nebukadnessar tok ut or templet i Jerusalem og førde med seg til Babel; dei skal koma til templet i Jerusalem, til sin rette stad, dei skal setjast inn i Guds hus.» -
Ezra NorSMB 6:6  «Og no, du Tatnai, jarl i landi på hi sida elvi, og du Setar-Boznai, og embætsbrørne dykkar, mennerne frå Afarsak på hi sida elvi, haldt dykk burte derifrå!
Ezra NorSMB 6:7  De skal alle lata arbeidet på dette gudshuset i fred. Jarlen og styresmennerne hjå jødarne må byggja dette gudshuset den staden det skal vera.
Ezra NorSMB 6:8  Og no skal eg segja fyre korleis de skal fara åt med desse styresmennerne hjå jødarne, so dei kann få halda på med byggjingi. Det som dei treng til bygnaden, skal dei rett og reideleg få av dei innkomor som kongen hev av skatten frå landet på hi sida elvi, so arbeidet ikkje vert hindra.
Ezra NorSMB 6:9  Og det som dei treng av ungnaut og verar og lamb til brennoffer åt Gud i himmelen, kveite og salt, vin og olje, det skal dei få utan skort til kvar dag, etter uppgåva frå prestarne i Jerusalem,
Ezra NorSMB 6:10  so dei kann bera fram offer til ein god ange for Gud i himmelen, og beda for kongen og kongssønerne sitt liv.
Ezra NorSMB 6:11  Og no skal det høyra kva eg meir segjer fyre, at um nokon gjer imot dette bodet, då skal det brjotast ut ein bjelke or huset hans, og på den bjelken skal dei hengja mannen upp og negla honom fast, og huset hans skal verta gjort til ein møkdunge, av di han hev bore seg soleis.
Ezra NorSMB 6:12  Måtte so den Gud som hev late namnet sitt bu der, slå ned alle dei kongar og folk som retter handi si ut til å gjera imot dette bodet og vil gjera noko til meins for dette gudshuset i Jerusalem. Eg, Darius, hev sagt fyre alt dette. Lat det so ganga fullt etter fyresegni!»»
Ezra NorSMB 6:13  Tatnai, jarl yver landi på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira gjorde fullt og heilt etter som det stod i fyreskrifterne frå kong Dairus.
Ezra NorSMB 6:14  Styresmennerne hjå jødarne heldt på med byggjingi, og arbeidet gjekk godt fram etter talarne åt profetarne Haggai og Zakarja Iddoson. Dei bygde og fullførde arbeidet etter fyresegn frå Israels Gud og etter fyreskrifterne frå Kyrus og Darius og Artahsasta, kongen i Persia.
Ezra NorSMB 6:15  So vart då huset fullt ferdigt til tridje dagen i månaden adar i det sette styringsåret åt kong Dairus.
Ezra NorSMB 6:16  Og Israels-sønerne, prestarne og levitarne og alle dei andre som var komne heim att or utlægdi, heldt då høgtid og vigde dette gudshuset med fagnad.
Ezra NorSMB 6:17  Ved denne vigslingi ofra dei hundrad uksar og tvo hundrad verar og fire hundrad lamb, og til syndoffer for heile Israel tolv bukkar etter talet på ætterne i Israel.
Ezra NorSMB 6:18  Dei tilsette prestarne etter skifti deira, og levitarne etter deira avdeilder til gudstenesta i Jerusalem, soleis som det var fyreskrive i Moseboki.
Ezra NorSMB 6:19  Dei som var komne heim att or utlægdi, heldt påskehelg på fjortande dagen i den fyrste månaden.
Ezra NorSMB 6:20  Prestarne og levitarne hadde då reinsa seg, kvar ein, so dei alle var reine. Dei slagta påskelamb for alle som var komne heim att or utlægdi, for brørne sine, prestarne, og for seg sjølve.
Ezra NorSMB 6:21  Israels-sønerne som var komne heim att or utlægdi, åt då saman med alle som hadde skilt seg frå ureinskapen åt heidningarne i landet og slege lag med deim, av di dei vilde søkja Herren, Israels Gud.
Ezra NorSMB 6:22  Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.
Chapter 7
Ezra NorSMB 7:1  Då ei tid var lidi, hende det, medan kong Artahsasta styrde i Persia, at Ezra for heim frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Azarja, son åt Hilkia,
Ezra NorSMB 7:3  son åt Amarja, son åt Azarja, son åt Merajot,
Ezra NorSMB 7:5  son åt Abisua, son åt Pinehas, son åt Eleazar, son åt øvstepresten Aron.
Ezra NorSMB 7:6  Ezra var ein skriftlærd mann, vel kjend i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav honom alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt handi si yver honom.
Ezra NorSMB 7:7  Nokre av Israels-sønerne og av prestarne og levitarne og songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne var med honom heim til Jerusalem; det var i det sjuande styringsåret åt kong Artahsasta.
Ezra NorSMB 7:8  Han kom til Jerusalem i femte månaden det same sjuande året åt kongen.
Ezra NorSMB 7:9  Den fyrste dagen i fyrste månaden vart det fast avgjort at dei skulde fara frå Babel, og den fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver honom.
Ezra NorSMB 7:10  For Ezras hadde vendt hugen sin til å granska Herrens lov og fylgja henne, og til å læra andre i Israel upp i lov og rett.
Ezra NorSMB 7:11  Dette er avskrift av eit brev som kong Artahsasta gav den skriftlærde presten Ezra, som var kunnig i Herrens bodord og lover for Israel:
Ezra NorSMB 7:12  «Artahsasta, konge yver kongarne, til presten Ezra, den lærde i lovi åt Gud i himmelen. Utferda og so burtetter.
Ezra NorSMB 7:13  Med dette segjer eg fyre at kvar ein av Israels-folket i mitt rike og av prestarne og levitarne deira som hev hug til å fara til Jerusalem, må fara med deg,
Ezra NorSMB 7:14  sidan kongen og dei sju rådsmennerne hans hev sendt deg i veg til å sjå etter kor det er med Juda og Jerusalem etter lovi åt din Gud, den som du hev i di hand,
Ezra NorSMB 7:15  og til å føra fram det sylvet og gullet som kongen og rådsmennerne hans godviljugt hev gjeve til Israels Gud, han som hev bustaden sin i Jerusalem,
Ezra NorSMB 7:16  sameleis alt sylv og gull som du fær i heile Babels jarlerike, og dei gåvor som folket og prestarne godviljugt til huset åt sin Gud i Jerusalem.
Ezra NorSMB 7:17  Dette skal du gjera deg vel fyre med og kjøpa for desse pengarne uksar og verar og lamb og alt sovore som trengst til grjonoffer og drykkoffer, og det skal du ofra på altaret som høyrer til huset åt dykkar Gud i Jerusalem.
Ezra NorSMB 7:18  Det du og brørne dine finn det rettast å gjera med det som vert att av sylvet og gullet, det må de gjera soleis som dykkar Gud vil.
Ezra NorSMB 7:19  Men dei reidskaper som du fær til tenesta i huset åt din Gud, deim skal du gjeva frå deg åt Gud i Jerusalem.
Ezra NorSMB 7:20  Det som meir trengst til huset åt din Gud, det kann du greida ut or skattkammeret åt kongen.
Ezra NorSMB 7:21  Og eg, kong Artahsasta, segjer med dette fyre alle skattmeistrarne i landi på hi sida elvi, at alt det som presten Ezras, vismannen i lovi åt Gud i himmelen, bed dykk um, det skal de gjera og gjeva på fyrste ordet,
Ezra NorSMB 7:22  um det trengst upp til tvo og eit halvt hundrad våger med sylv, tri hundrad tunnor kveite, hundrad ankar vin og hundrad ankar med olje, dertil salt umælt.
Ezra NorSMB 7:23  Alt det som tarvst etter det Gud i himmelen segjer fyre, det skal verta gjort på fyrste ordet og gjeve til huset åt Gud i himmelen, so ikkje hans vreide skal koma yver riket åt kongen og sønerne hans.
Ezra NorSMB 7:24  Og det let me dykk vita, at ingen skal hava magt til å leggja skattar eller toll eller vegpengar på nokon prest eller levit, songar eller dørvaktar, tempelsvein eller annan som hev tenesta i dette gudshuset.
Ezra NorSMB 7:25  Og du, Ezras, må, etter den visdom du hev fenge frå din Gud, setja domarar og lovlærde folk til å døma manna millom hjå alt folket på hi sida elvi, alle dei som kjenner loverne åt din Gud; og den som ikkje det gjer, honom skal du læra å kjenna deim.
Ezra NorSMB 7:26  Og kvar den som ikkje gjer etter lovi åt din Gud og etter lovi åt kongen, yver honom skal det fellast ein rett dom, anten til daude eller utlægd, til pengebot eller til fangehus.»
Ezra NorSMB 7:27  Pris vere Herren, Gud åt federne våre, at han gav kongen slikt i hugen, til å pryda Herrens hus i Jerusalem,
Ezra NorSMB 7:28  og at han let meg finna nåde hjå kongen og rådsmennerne hans og hjå alle dei megtige hovdingarne åt kongen! Eg fekk mod då eg såg at Herren, min Gud, heldt handi si yver meg, og eg samla kringum meg nokre ættarhovdingar av Israel; dei skulde vera med meg på heimferd.
Chapter 8
Ezra NorSMB 8:1  Dette er dei ættarhovdingar som i Artahsasta si styringstid for med meg heim frå Babel, og soleis ser ættartavlorne deira ut:
Ezra NorSMB 8:2  Av Pinhas-sønerne Gersom; av Itamars-sønerne Daniel; av Davids-sønerne Hattus;
Ezra NorSMB 8:3  av Sekanja-sønerne av Paros-sønerne Zakarja, og med honom hundrad og femti karfolk som var uppskrivne i ættartavla;
Ezra NorSMB 8:4  av Pahat-Moabs-sønerne Eljoenai Zerahjason og tvo hundrad karfolk med honom;
Ezra NorSMB 8:5  av Sekanja-sønerne Jahasiels son og tri hundrad mann med honom;
Ezra NorSMB 8:6  av Adins-sønerne Ebed Jonatansson og femti mann med honom;
Ezra NorSMB 8:7  av Elams-sønerne Jesaja Ataljason og sytti mann med honom;
Ezra NorSMB 8:8  av Sefatja-sønerne Zebadja Mikaelsson og åtteti mann med honom;
Ezra NorSMB 8:9  av Joabs-sønerne Obadja Jehielsson og tvo hundrad og attan mann med honom;
Ezra NorSMB 8:10  av Selomits-sønerne Josifjas son og hundrad og seksti mann med honom;
Ezra NorSMB 8:11  av Bebai-sønerne Zakarja Bebaison og åtte og tjuge mann med honom;
Ezra NorSMB 8:12  av Azgads-sønerne Johanan Hakkatansson og hundrad og ti mann med honom;
Ezra NorSMB 8:13  av Adonikams-sønerne, dei som kom seinst og heitte Elifelet, Je’uel og Semaja, og seksti mann med deim;
Ezra NorSMB 8:14  av Bigvai-sønerne Utai og Zabbud og sytti mann med deim.
Ezra NorSMB 8:15  Eg samla deim attmed den elvi som renn til Ahava; der låg me i læger i tri dagar. Då eg so såg meir på folket og på prestarne, fann eg ingen av Levi-sønerne der.
Ezra NorSMB 8:16  Eg sende då bod etter ættarhovdingarne Eliezer og Ariel, Semaja og Elnatan og Jarib og Elnatan og Natan og Zakarja og Mesullam lærarane Jojarib og Elnatan.
Ezra NorSMB 8:17  Desse sagde eg fyre at dei skulde fara av stad til Iddo, hovudmannen i Kasifja-bygdi, og eg sagde kva ord dei skulde tala til Iddo og bror hans, tempelsveinarne i Kasifja-bygdi, so dei skulde senda oss tenarar til gudshuset vårt.
Ezra NorSMB 8:18  Og Gud heldt si gode hand yver oss, so dei sende oss ein vitug mann som heitte Serebja, av sønerne åt Mahli, son åt Levi, son åt Israel; han sjølv med søner og brør var attan i talet.
Ezra NorSMB 8:19  Sameleis sende dei Hasabja i lag med Jesaja av Merari-sønerne; med brørne hans og sønerne deira var det tjuge mann.
Ezra NorSMB 8:20  Dertil tvo hundrad og tjuge tempelsveinar, alle nemde på namn, av dei tempelsveinarne som David og hovdingarne hans hadde sett til tenarar åt levitarne.
Ezra NorSMB 8:21  Der ved Ahava-elvi lyste eg til ei fasta, av di med skulde audmykja oss for vår Gud og beda honom um god ferdalukka for oss sjølve og borni våre og all vår eigedom.
Ezra NorSMB 8:22  Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.»
Ezra NorSMB 8:23  Me fasta då og bad Gud um hjelp, og han høyrde bøni.
Ezra NorSMB 8:24  Sidan valde eg ut tolv av prestehovdingarne og Serebja og Hasabja og ti av brørne deira.
Ezra NorSMB 8:25  Åt desse vog eg upp sylvet og gullet og kjeraldi, det som kongen og rådsmennerne og hovdingarne hans, og alle Israels-mennerne som heldt seg der i landet, hadde gjeve til ei reida åt gudshuset vårt.
Ezra NorSMB 8:26  Eg vog upp åt deim sekstan hundrad våger sylv, sylvkoppar som vog i alt tvo hundrad og femti våger, og dertil tvo hundrad og femti våger med gull,
Ezra NorSMB 8:27  og umfram dette tjuge gullskålar, til fem tusund dalar, og tvo kjerald av gullblank kopar, dyr som gull.
Ezra NorSMB 8:28  Og eg sagde med deim: «De er vigde til Herren, og kjeraldi er vigde; sylvet og gullet er ei friviljug reida til Herren, Gud åt federne dykkar.
Ezra NorSMB 8:29  Agta no vel på det og gjæt det, til dess de kann vega det ut att i Jerusalem til dei fremste av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne hjå Israel, i kovarne i Herrens hus.»
Ezra NorSMB 8:30  Dermed tok prestarne og levitarne imot sylvet og gullet og koppar og kjerald som soleis var vege, og skulde føra det fram til Jerusalem til huset åt vår Gud.
Ezra NorSMB 8:31  So for me burt frå Ahava-elvi tolvte dagen i den fyrste månaden, og tok vegen til Jerusalem. Vår Guds hand var yver oss, og han berga oss frå uvener og lurarar på vegen.
Ezra NorSMB 8:32  Me kom til Jerusalem og fekk kvila ut der tri dagar.
Ezra NorSMB 8:33  Den fjorde dagen vart sylvet og gullet og koppar og kjerald vege upp gudshuset vårt og gjeve i henderne åt presten Meremot Uriason. Saman med honom var Eleazar Pinhasson og levitarne Jozabad Jesuason og Noadja Binnuison med og tok imot.
Ezra NorSMB 8:34  Det vart alt utgjeve etter tal og vegt, og vegti på alt vart uppskrivi.
Ezra NorSMB 8:35  Dei hertekne som var komne heim att or utlægdi, ofra no brennoffer til Israels Gud. Dei ofra tolv uksar for heile Israel og seks og nitti verar, sju og sytti lamb og tolv syndoffer-bukkar, alt til brennoffer åt Herren.
Ezra NorSMB 8:36  So gav dei frå seg kongsbodet til dei kongelege satraparne og til jarlarne i landi på hi sida elvi. Desse kom då og med hjelp både til lyden og til Guds hus.
Chapter 9
Ezra NorSMB 9:1  Etter desse hendingarne kom hovdingarne fram for meg og sagde: «Korkje folket i Israel eller prestarne og levitarne hev halde seg skilde frå folki i landi soleis som det helst kunde søma seg etter all den styggedomen som dei hev fare med både kananitarne og hetitarne, perizitarne og jebusitarne, ammonitarne og moabitarne, egyptararne og amoritarne.
Ezra NorSMB 9:2  For dei hev teke døtterne deira til konor både åt seg sjølve og åt sønerne sine. På den måten hev det heilage sædet blanda seg med folki i landet, og hovdingarne og formennerne hev vore dei fyrste til å fara med utruskap i dette stykket.»
Ezra NorSMB 9:3  Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjolen min og kåpa mi, og eg reiv hår av hovudet og or skjegget og vart sitjande so sorgfull at eg kunde ikkje segja eit ord.
Ezra NorSMB 9:4  Då samlast dei kringum meg alle dei som var forstøkte for det som Israels Gud hadde sagt um utruskapen deira som var heimkomne or utlægdi; men eg vart sitjande i djup sorg alt til kveldsofferet.
Ezra NorSMB 9:5  Ved kveldsoffertidi stod eg upp or sorgi mi og reiv sund kjolen og kåpa. So fall eg ned på kne og rette ut henderne mine mot Herren, min Gud,
Ezra NorSMB 9:6  og sagde: «Min Gud! eg skjemmest og blygjest for å lyfta andlitet mitt mot deg, min Gud; for misgjerningarne våre hev vakse upp yver hovudet vårt, og skuldi vår når til himmels.
Ezra NorSMB 9:7  Frå den tid federne våre livde og alt til no hev me vore i stor skuld. For misgjerningarne våre hev me, med kongarne og prestarne våre, vorte gjevne i henderne på framande kongar, til sverd og til utlægd, til plundring og skam, som det syner seg no i dag.
Ezra NorSMB 9:8  Men no ei ørliti stund hev Herren, vår Gud, miskunna oss, so han hev berga ein leivning av oss og gjeve oss eit fotfeste på den heilage staden sin, so han, vår Gud, kunde lata ljoset skina i augo våre, og me fekk ein liten livskveik i trældomen vår.
Ezra NorSMB 9:9  For trælar det er me; men endå hev Gud ikkje slept oss i trældomen, men hev late oss finna nåde for augo åt persarkongarne, so dei gav oss ein livskveik til å reisa upp att gudshuset vårt og byggja det upp frå røysi; dermed kunde me få ein innhegna bustad i Juda og Jerusalem.
Ezra NorSMB 9:10  Men vår Gud! kva skal me no segja etter dette? For me hev vendt oss frå bodordi dine,
Ezra NorSMB 9:11  deim som du gav ved tenarane dine, profetarne, då du sagde: «Landet som det her kjem til og skal taka til eigedom, er eit tilsulka land for all den sulking og all den styggedom som dei framande folki i sin ureinskap hev fyllt det med frå den eine enden til den andre.
Ezra NorSMB 9:12  Difor skal de korkje gjeva døtterne dykkar til sønerne deira eller taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar. De skal aldri bry dykk um deira velferd og lukka, so de kann verta sterke og få eta av landsens gode ting og lata landet gå i arv til borni dykkar um alder og æva.»
Ezra NorSMB 9:13  Du, vår Gud, hev vore miskunnsam meir enn me var verde etter synderne våre, og hev late ein leivning av oss, slik som denne her, verta berga. Skulde me no etter alt som hev kome yver oss ved dei vonde verki våre, og ved den store skuld me hev drege på oss,
Ezra NorSMB 9:14  skulde me då brjota bodordi dine att og hava samgifte med folk som driv sovorne styggedomar? Måtte du ikkje då harmast på oss, so du reint kom til å tyna oss so ingen leivning var att, og ingen berga seg undan?
Ezra NorSMB 9:15  Herre, Israels Gud! du er rettvis når me her i dag berre er ein leivning som er berga. Sjå no ligg me her i vår skuld framfor deg. Som det no er, kann ingen verta standande for deg.»
Chapter 10
Ezra NorSMB 10:1  Ezra låg på marki framfyre gudshuset og gret og bad og sanna synderne. Då samla det seg kring honom ein ovstor skare av Israels folk, karar og kvinnor og born, og folket gret sårt.
Ezra NorSMB 10:2  Då tok Sekanja Jehielsson av Olams-sønerne til ords og sagde med Ezra: «Me hev vore utrugne åt mot vår Gud, med di me hev teke framande konor frå dei framande folki her i landet; men endå er ikkje all voni ute for Israel i denne saki.
Ezra NorSMB 10:3  Lat oss no gjera samband med vår Gud, um at me jagar frå oss alle desse konorne, og borni som dei hev fenge, etter kravet frå Vårherre og frå dei mennerne som ræddast for Guds lov, og lat det so verta gjort etter lovi.
Ezra NorSMB 10:4  Ris upp! for det er du som lyt greida denne saki, og me skal stydja deg. Ver frihuga og set det i verk!»
Ezra NorSMB 10:5  Då reis Ezras upp og let prestehovdingarne og levithovdingarne og alle andre hovdingar i Israel gjera eid på at det måtte vera som her det var sagt. Og dei gjorde eiden.
Ezra NorSMB 10:6  Ezra stod upp frå den staden framfyre gudshuset, og gjekk inn i romet åt Johanan Eljasibsson. Og då han var komen dit, var han ikkje god til å eta eller drikka, soleis syrgde han yver utruskapen åt deim som var attkomne frå utlægdi.
Ezra NorSMB 10:7  So lyste dei ut yver Juda og Jerusalem til deim som var komen heim or utlægdi, at dei alle skulde samlast i Jerusalem!
Ezra NorSMB 10:8  Var det nokon som ikkje kom innan tridje dagen etter, soleis som hovdingarne og styringsmennerne hadde sett, so skulde all hans eigedom verta bannstøytt, og han sjølv verta jaga ut or samlingi av deim som var komne heim or utlægdi.
Ezra NorSMB 10:9  So samla alle Juda- og Benjamins-mennerne seg i Jerusalem til tridje dagen; det var tjugande dagen i den niande månaden. Alt folket sat på den opne plassen attmed gudshuset og skalv, både for saki skuld og for regnbyorne.
Ezra NorSMB 10:10  Då stod presten reis Ezra upp og sagde til deim: «De hev vore utrugne, med di de hev teke framande kvende til konor, og dermed hev de auka skuldi åt Israel.
Ezra NorSMB 10:11  Gjev no Herren æra, Gud åt federne dykkar, og gjer etter viljen hans; skil dykk frå dei hine folki her i landet og frå dei framande konorne!»
Ezra NorSMB 10:12  Då svara heile lyden med høg røyst: «Ja, som du hev sagt, so er me skuldige å gjera.
Ezra NorSMB 10:13  Men folket er mange i tal, og no er det regntidi, so me kann ikkje verta standande her ute. Dette er og ei ærend som ikkje verta avgjord på ein dag eller tvo; for me hev mykje synd på oss i dette stykket.
Ezra NorSMB 10:14  Lat difor hovdingarne våre gjera greida for heile lyden, og lat so alle deim i byarne våre som hev teke framande kvende til konor, møta fram til tider som vert fastsette, saman med styresmennerne og domarane frå den same byen, til dess me kann få vendt av vår Guds brennande harm for denne saki.»
Ezra NorSMB 10:15  Einast Jonatan Asaelsson og Jahzeja Tikvason gjorde motmæle mot dette, og Mesullam saman med leviten Sabbetai heldt med deim.
Ezra NorSMB 10:16  Dei som var attkomne or utlægdi, gjorde som sagt var. Og utvalde vart: Presten Ezras og nokre menner, hovdingar for ættgreinerne sine, alle nemnde på namn. So sette dei rådstemna den fyrste dagen i den tiande månaden til å granska denne saki.
Ezra NorSMB 10:17  Til fyrste dagen i fyrste månaden hadde dei greidt upp saki for dei mennerne som hadde teke seg framande kvende til konor.
Ezra NorSMB 10:18  Millom prestesønerne fann dei desse som hadde teke framande kvende til konor: Av sønerne åt Jesua Josadaksson og brørne hans: Ma’aseja, Eliezer, Jarib og Gedalja;
Ezra NorSMB 10:19  dei vilde styra frå seg konorne sine og ofra ein ver til syndoffer for den skuld dei hadde drege på seg - det lova dei og rette fram handi si på det;
Ezra NorSMB 10:21  av Harims-sønerne: Ma’aseja, Elias, Semaja, Jehiel og Uzzia;
Ezra NorSMB 10:22  av Pashurs-sønerne: Eljoenai, Ma’aseja, Ismael, Netanel, Jozabad og Elasa.
Ezra NorSMB 10:23  Av levitarne: Jozabad, Sime’i og Kelaja, som og heitte Kelita, Petahja, Juda og Eliezer;
Ezra NorSMB 10:24  av songarane: Eljasib; av dørvaktarane: Sallum, Telem og Uri.
Ezra NorSMB 10:25  Av Israel elles: Av Paros-sønerne: Ramja, Izza, Malkia, Mijamin, Eleazar, Malkia og Benaja;
Ezra NorSMB 10:26  av Elams-sønerne: Mattanja, Zakarja, Jehiel, Abdi, Jeremot og Elia;
Ezra NorSMB 10:27  av Zattu-sønerne: Eljoenai, Eljasib, Mattanja, Jeremot, Sabad og Aziza;
Ezra NorSMB 10:28  av Bebai-sønerne: Johanan, Hananja, Zabbai, Atlai;
Ezra NorSMB 10:29  av Bani-sønerne: Mesullam, Malluk og Adaja, Jasub, Seal og Jeremot;
Ezra NorSMB 10:30  av Pahat-Moabs-sønerne: Adna, Kelal, Benaja, Ma’aseja, Mattanja, Besalel, Binnui og Manasse;
Ezra NorSMB 10:31  og Harims-sønerne: Eliezer, Issia, Malkia, Semaja, Simeon,
Ezra NorSMB 10:33  av Hasums-sønerne: Mattenai, Mattatta, Sabad, Elifelet, Jeremai, Manasse, Sime’i;
Ezra NorSMB 10:43  av Nebo-sønerne: Je’iel, Mattitja, Zabad, Zebina, Jaddu, Joel og Benaja.
Ezra NorSMB 10:44  Alle desse hadde teke framande kvende til konor. Og millom konorne var det sume som hadde fenge born.