Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 119
Psal NorSMB 119:1  Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov!
Psal NorSMB 119:2  Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta,
Psal NorSMB 119:3  dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar.
Psal NorSMB 119:4  Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel.
Psal NorSMB 119:5  Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter!
Psal NorSMB 119:6  Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord.
Psal NorSMB 119:7  Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar.
Psal NorSMB 119:8  Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg.
Psal NorSMB 119:9  Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.
Psal NorSMB 119:10  Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord!
Psal NorSMB 119:11  I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg.
Psal NorSMB 119:13  Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn.
Psal NorSMB 119:14  Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom.
Psal NorSMB 119:15  På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar.
Psal NorSMB 119:16  I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord.
Psal NorSMB 119:17  Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord.
Psal NorSMB 119:18  Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov!
Psal NorSMB 119:19  Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg!
Psal NorSMB 119:20  Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid.
Psal NorSMB 119:21  Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord.
Psal NorSMB 119:22  Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på.
Psal NorSMB 119:23  Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter.
Psal NorSMB 119:24  Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar.
Psal NorSMB 119:25  Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord!
Psal NorSMB 119:26  Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter!
Psal NorSMB 119:27  Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under.
Psal NorSMB 119:28  Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord!
Psal NorSMB 119:30  Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg.
Psal NorSMB 119:31  Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar!
Psal NorSMB 119:32  Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta.
Psal NorSMB 119:33  Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes.
Psal NorSMB 119:34  Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta.
Psal NorSMB 119:35  Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg.
Psal NorSMB 119:36  Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!
Psal NorSMB 119:37  Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!
Psal NorSMB 119:38  Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg!
Psal NorSMB 119:39  Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode.
Psal NorSMB 119:40  Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd.
Psal NorSMB 119:41  Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord!
Psal NorSMB 119:42  Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord.
Psal NorSMB 119:43  Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg.
Psal NorSMB 119:45  Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner!
Psal NorSMB 119:46  Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.
Psal NorSMB 119:47  Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar.
Psal NorSMB 119:48  Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.
Psal NorSMB 119:49  Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von!
Psal NorSMB 119:50  Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live.
Psal NorSMB 119:51  Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike.
Psal NorSMB 119:52  Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta.
Psal NorSMB 119:53  Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov.
Psal NorSMB 119:54  Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand.
Psal NorSMB 119:55  Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov.
Psal NorSMB 119:56  Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter.
Psal NorSMB 119:57  Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord.
Psal NorSMB 119:58  Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!»
Psal NorSMB 119:59  Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål.
Psal NorSMB 119:60  Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord.
Psal NorSMB 119:61  Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt.
Psal NorSMB 119:62  Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover.
Psal NorSMB 119:63  Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner.
Psal NorSMB 119:64  Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter!
Psal NorSMB 119:65  Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord.
Psal NorSMB 119:66  Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord.
Psal NorSMB 119:67  Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord.
Psal NorSMB 119:68  Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter!
Psal NorSMB 119:69  Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner.
Psal NorSMB 119:70  Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov.
Psal NorSMB 119:71  Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter.
Psal NorSMB 119:72  Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv.
Psal NorSMB 119:73  Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord!
Psal NorSMB 119:74  Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg.
Psal NorSMB 119:75  Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned.
Psal NorSMB 119:76  Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar!
Psal NorSMB 119:77  Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst.
Psal NorSMB 119:78  Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner.
Psal NorSMB 119:79  Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål!
Psal NorSMB 119:80  Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar!
Psal NorSMB 119:81  Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord.
Psal NorSMB 119:82  Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?»
Psal NorSMB 119:83  For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje.
Psal NorSMB 119:84  Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg?
Psal NorSMB 119:85  Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov.
Psal NorSMB 119:86  Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg!
Psal NorSMB 119:87  Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner.
Psal NorSMB 119:88  Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn.
Psal NorSMB 119:89  Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen.
Psal NorSMB 119:90  Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend.
Psal NorSMB 119:91  Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar.
Psal NorSMB 119:92  Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud.
Psal NorSMB 119:93  I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live.
Psal NorSMB 119:94  Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter.
Psal NorSMB 119:95  På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg.
Psal NorSMB 119:96  På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt.
Psal NorSMB 119:97  Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.
Psal NorSMB 119:98  Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim.
Psal NorSMB 119:99  Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål.
Psal NorSMB 119:100  Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på.
Psal NorSMB 119:101  Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord.
Psal NorSMB 119:102  Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp.
Psal NorSMB 119:103  Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min.
Psal NorSMB 119:104  Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig.
Psal NorSMB 119:105  Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.
Psal NorSMB 119:106  Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover.
Psal NorSMB 119:107  Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord!
Psal NorSMB 119:108  Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar!
Psal NorSMB 119:109  Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt.
Psal NorSMB 119:110  Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt.
Psal NorSMB 119:111  Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda.
Psal NorSMB 119:112  Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes.
Psal NorSMB 119:114  Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg.
Psal NorSMB 119:115  Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord!
Psal NorSMB 119:116  Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von!
Psal NorSMB 119:117  Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter.
Psal NorSMB 119:118  Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd.
Psal NorSMB 119:119  Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål.
Psal NorSMB 119:120  Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg.
Psal NorSMB 119:121  Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg.
Psal NorSMB 119:122  Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg!
Psal NorSMB 119:123  Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord.
Psal NorSMB 119:124  Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter!
Psal NorSMB 119:125  Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål!
Psal NorSMB 119:126  Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov.
Psal NorSMB 119:127  Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull.
Psal NorSMB 119:128  Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig.
Psal NorSMB 119:129  Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim.
Psal NorSMB 119:130  Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke.
Psal NorSMB 119:131  Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg.
Psal NorSMB 119:132  Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn!
Psal NorSMB 119:133  Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg!
Psal NorSMB 119:134  Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner.
Psal NorSMB 119:135  Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter!
Psal NorSMB 119:136  Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov.
Psal NorSMB 119:138  Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap.
Psal NorSMB 119:139  Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord.
Psal NorSMB 119:141  Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt.
Psal NorSMB 119:142  Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning.
Psal NorSMB 119:143  Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst.
Psal NorSMB 119:144  Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva!
Psal NorSMB 119:145  Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på.
Psal NorSMB 119:146  Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål.
Psal NorSMB 119:147  Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord.
Psal NorSMB 119:148  Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord.
Psal NorSMB 119:149  Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar!
Psal NorSMB 119:150  Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte.
Psal NorSMB 119:151  Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning.
Psal NorSMB 119:152  Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva.
Psal NorSMB 119:153  Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt.
Psal NorSMB 119:154  Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord!
Psal NorSMB 119:155  Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter.
Psal NorSMB 119:156  Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar!
Psal NorSMB 119:157  Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike.
Psal NorSMB 119:158  Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord.
Psal NorSMB 119:159  Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn!
Psal NorSMB 119:160  Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov.
Psal NorSMB 119:161  Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord.
Psal NorSMB 119:162  Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang.
Psal NorSMB 119:163  Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska.
Psal NorSMB 119:164  Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar.
Psal NorSMB 119:165  Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall.
Psal NorSMB 119:166  Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde.
Psal NorSMB 119:167  Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje.
Psal NorSMB 119:168  Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn.
Psal NorSMB 119:169  Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord.
Psal NorSMB 119:170  Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord!
Psal NorSMB 119:171  Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter;
Psal NorSMB 119:172  Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd.
Psal NorSMB 119:173  Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut.
Psal NorSMB 119:174  Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst.
Psal NorSMB 119:175  Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg!
Psal NorSMB 119:176  Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt.