Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ACTS
Up
Toggle notes
Chapter 1
Acts NorSMB 1:1  Den fyrste boki skreiv eg, Teofilus, um alt det som Jesus tok til med både å gjera og læra,
Acts NorSMB 1:2  alt til den dagen då han vart uppteken, etter at han ved den Heilage Ande hadde gjeve sine bod til apostlarne som han hadde valt seg ut,
Acts NorSMB 1:3  deim som han og steig livande fram for med mange yvertydande teikn, etter han hadde lide, med di han i fyrti dagar synte seg for deim og tala um det som høyrer til Guds rike.
Acts NorSMB 1:4  Og då han var saman med deim, baud han deim at dei ikkje skulde vika frå Jerusalem, men venta på det som Faderen hadde lova, «som de,» sagde han, «hev høyrt av meg.
Acts NorSMB 1:5  For Johannes døypte med vatn, men de skal verta døypte med den Heilage Ande um ikkje mange dagar.»
Acts NorSMB 1:6  Då dei no var saman, spurde dei honom og sagde: «Herre, reiser du på den tidi riket upp att for Israel?»
Acts NorSMB 1:7  Han sagde til deim: «Det er ikkje dykkar sak å vita tid eller stund som Faderen hev sett i si eigi magt.
Acts NorSMB 1:8  Men de skal få kraft når den Heilage Ande kjem yver dykk; og de skal vera mine vitne i Jerusalem og i heile Judæa og Samaria og til ytste enden av jordi.»
Acts NorSMB 1:9  Og då han hadde sagt dette, for han upp so dei såg på; og ei sky tok honom burt for augo deira.
Acts NorSMB 1:10  Og som dei no stod og stirde mot himmelen då han for burt, sjå, då stod det tvo menner hjå deim i kvite klæde,
Acts NorSMB 1:11  og dei sagde: «Menner frå Galilæa, kvi stend de og ser upp mot himmelen? Denne Jesus som er teken upp frå dykk til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg honom fara til himmels.»
Acts NorSMB 1:12  Då vende dei um til Jerusalem frå det berget som er kalla Oljeberget, og som er nær Jerusalem, ein kviledagsveg derifrå.
Acts NorSMB 1:13  Og då dei kom inn der, gjekk dei upp på salen der dei heldt til - både Peter og Johannes og Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomæus og Mattæus, Jakob, Alfæus’ son, og Simon Selotes og Judas, Jakobs bror.
Acts NorSMB 1:14  Alle desse heldt samstendige ved i bøn saman med nokre kvinnor og Maria, Jesu mor, og brørne hans.
Acts NorSMB 1:15  Og i dei dagarne stod Peter upp midt imillom læresveinarne - og der var ein hop saman på umkring hundrad og tjuge - og han sagde:
Acts NorSMB 1:16  «Brør! Det laut verta uppfyllt det skriftordet som den Heilage Ande fyreåt tala gjenom Davids munn um Judas, som vart vegvisar for deim som greip Jesus;
Acts NorSMB 1:17  for han var rekna med millom oss og fekk lut i denne tenesta.
Acts NorSMB 1:18  Han kjøpte seg då ein åker av løni for si ugjerning, og då han stupte ned, og sprakk han midt i tvo, og all innvolen i honom valt ut.
Acts NorSMB 1:19  Og det vart kunnigt for alle deim som bur i Jerusalem, so at den åkeren på deira mål fekk namnet Hakeldama, det er: Blodåkeren;
Acts NorSMB 1:20  for det stend skrive i Salmeboki: «Hans bustad verte øydd, og ingen mann bu der,» og: «Ein annan take hans embætte!»
Acts NorSMB 1:21  Difor må ein av dei menner som hev vore med oss heile tidi då Herren Jesus gjekk inn og ut millom oss,
Acts NorSMB 1:22  alt frå Johannes-dåpen til den dagen han vart uppteken frå oss - ein av desse må verta vitne saman med oss um hans uppstoda.»
Acts NorSMB 1:23  Og dei stelte fram tvo: Josef som vart kalla Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias.
Acts NorSMB 1:24  Og dei bad og sagde: «Herre, du som kjenner hjarto i alle, syn oss den som du hev valt ut av desse tvo
Acts NorSMB 1:25  til å få lut i denne tenesta og apostelgjerning som Judas gjekk burt ifrå til å fara til sin egen stad!»
Acts NorSMB 1:26  Og dei kasta lut millom deim, og luten fall på Mattias, og han vart rekna saman med dei elleve apostlarne.
Chapter 2
Acts NorSMB 2:1  Og då kvitsunndagen var komen, var dei alle samla på same staden.
Acts NorSMB 2:2  Då kom det brått frå himmelen ein ljod som av ein framstormande sterk vind og fyllte heile huset der dei sat.
Acts NorSMB 2:3  Og det synte seg for deim tungor liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av deim.
Acts NorSMB 2:4  Då vart dei alle fyllte med den Heilage Ande, og dei tok til å tala med andre tungor, etter som Anden gav deim å tala.
Acts NorSMB 2:5  No budde det i Jerusalem jødar, gudlege menner frå alle folk under himmelen.
Acts NorSMB 2:6  Då so denne ljoden vart høyrd, kom mengdi saman og vart forfjamsa; for kvar mann høyrde deim tala på hans eige mål.
Acts NorSMB 2:7  Og dei vart forfærde og undra seg og sagde: «Høyr her, er ikkje alle desse som talar, galilæarar?
Acts NorSMB 2:8  og korleis kann me då høyra deim tala kvar på vårt eige mål, som me er fødde i,
Acts NorSMB 2:9  folk frå Partia og Media og Elam, og me som bur i Mesopotamia og i Judæa og Kappadokia, Pontus og Asia,
Acts NorSMB 2:10  Frygia og Pamfylia, Egyptarland og Libyalandet ved Kyrene, og me tilreisande frå Rom,
Acts NorSMB 2:11  både jødar og jødetruande, me frå Kreta og Arabia: me høyrer deim tala um Guds store verk på våre tungemål!»
Acts NorSMB 2:12  Men dei vart alle forfærde og rådville og sagde den eine til den andre: «Kva skal då dette vera?»
Acts NorSMB 2:13  Men andre sagde spottande: «Dei er fulle av søt vin.»
Acts NorSMB 2:14  Då stod Peter fram med dei elleve, lyfte røysti og tala til deim: «De jødiske menner og alle de som bur i Jerusalem! dette vere dykk kunnigt, og merk mine ord!
Acts NorSMB 2:15  For desse er ikkje drukne, so som de trur - det er då den tridje timen på dagen -.
Acts NorSMB 2:16  Men dette er det som er sagt gjenom profeten Joel:
Acts NorSMB 2:17  «Og det skal vera so i dei siste dagar, segjer Gud, då vil eg renna min Ande ut yver alt kjøt, og sønerne dykkar og døtterne dykkar skal tala profetord, og dei unge gutarne dykkar skal sjå syner, og dei gamle mennerne dykkar skal drøyma draumar.
Acts NorSMB 2:18  Ja, endå på trælarne mine og trælkvinnorne mine vil eg renna ut av min Ande i dei dagarne, og dei skal tala profetord.
Acts NorSMB 2:19  Og eg vil syna under på himmelen i det høge og teikn på jordi i det låge: blod og eld og røykdimma.
Acts NorSMB 2:20  Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr Herrens dag kjem, den store og herlege.
Acts NorSMB 2:21  Og det skal vera so at kvar den som kallar på Herrens namn, han skal verta frelst.»
Acts NorSMB 2:22  Israelitiske menner, høyr desse ordi: Jesus frå Nasaret, ein mann som av Gud var stadfest for dykk ved velduge gjerningar og under og teikn, som Gud gjorde ved honom midt imillom dykk, so som de og sjølve veit,
Acts NorSMB 2:23  han som vart yvergjeven etter Guds fastsette rådgjerd og fyrevitende, honom tok de og krossfeste med urettferdigt folks hender og slo honom i hel;
Acts NorSMB 2:24  men Gud uppreiste honom med di han løyste daudens rider, av di det ikkje var mogelegt at han kunde verta halden fast av honom.
Acts NorSMB 2:25  For David segjer um honom: «Eg hadde alltid Herren framfor augo mine; for han er ved mi høgre hand, so eg ikkje skal verta rikka.
Acts NorSMB 2:26  Difor gledde mitt hjarta seg, og mi tunga fagna seg; ja endå mitt kjøt skal kvila trygt i von;
Acts NorSMB 2:27  for du skal ikkje yverlata mi sjæl i helheimen og ikkje lata din heilage sjå undergang.
Acts NorSMB 2:28  Du hev kunngjort meg livsens vegar; du skal fylla meg med fagnad for di åsyn.»
Acts NorSMB 2:29  Brør! lat meg tala beint ut til dykk um patriarken David, at han både døydde og vart gravlagd, og hans grav er hjå oss den dag i dag.
Acts NorSMB 2:30  Då han no var ein profet, og visste det som Gud hadde svore ved ein eid, at han av frukti utav hans lend vilde setja ein på hans kongsstol,
Acts NorSMB 2:31  so tala han framsynt um Messias’ uppstoda det ordet at han ikkje vart yverlaten i helheimen, og ikkje heller hans kjøt såg undergang.
Acts NorSMB 2:32  Denne Jesus reiste Gud upp, som me alle er vitne um.
Acts NorSMB 2:33  Då han no er upphøgd ved Guds høgre hand og av Faderen hev fenge den Heilage Ande som var lova, so hev han rent dette ut, som de både ser og høyrer.
Acts NorSMB 2:34  For David for ikkje upp til himmelen; men han segjer: «Herren sagde til min Herre: «Set deg ved mi høgre hand,
Acts NorSMB 2:35  til dess eg fær lagt dine fiendar til skammel under dine føter!»»
Acts NorSMB 2:36  So skal då heile Israels hus vita for visst, at Gud hev gjort honom både til Herre og til Messias, denne Jesus som de krossfeste.»
Acts NorSMB 2:37  Men då dei høyrde det, gav det som ein styng i hjarta deira, og dei sagde til Peter og dei andre apostlarne: «Brør, kva skal me gjera?»
Acts NorSMB 2:38  Men Peter sagde til deim: «Vend um, og kvar av dykk late seg døypa på Jesu Kristi namn til forlating for synderne, og de skal få den Heilage Ande til gåva!
Acts NorSMB 2:39  For lovnaden høyrer dykk til og dykkar born og alle deim som er langt burte, so mange som Herren, vår Gud, kallar til.»
Acts NorSMB 2:40  Og med mange andre ord vitna han og lagde deim det på hjarta og sagde: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætti!»
Acts NorSMB 2:41  Dei som no tok imot hans ord, dei vart døypte, og den dagen vart det lagt til umkring tri tusund sjæler.
Acts NorSMB 2:42  Og dei heldt trutt fast ved læra åt apostlarne og samfundet og brødbrjotingi og bønerne.
Acts NorSMB 2:43  Og der kom otte på kvar sjæl, og det vart gjort mange under og teikn ved apostlarne.
Acts NorSMB 2:44  Og alle dei truande heldt seg saman og hadde allting til sameiga.
Acts NorSMB 2:45  Og eigedomarne sine og godset selde dei og skifte det ut til alle, etter som nokon hadde trong til.
Acts NorSMB 2:46  Og kvar dag søkte dei samheldigt templet og braut brødet heime og fekk seg føda med fagnad og hjartans einfelde,
Acts NorSMB 2:47  medan dei lova Gud og hadde ynde hjå alt folket. Men kvar dag lagde Herren til kyrkjelyden deim som let seg frelsa.
Chapter 3
Acts NorSMB 3:1  Men Peter og Johannes gjekk saman upp i templet i bønetimen, den niande timen.
Acts NorSMB 3:2  Og ein mann som var vanfør frå mors liv, vart boren fram; og dei sette honom kvar dag ved den tempeldøri som er kalla den fagre, so han kunde beda um sælebotsgåva av deim som gjekk inn i templet.
Acts NorSMB 3:3  Då han såg Peter og Johannes, som vilde ganga inn i templet, bad han um å få ei sælebotsgåva.
Acts NorSMB 3:4  Men Peter feste augo på honom, saman med Johannes, og sagde: «Sjå på oss!»
Acts NorSMB 3:5  Han stirde på deim og venta å få noko av deim.
Acts NorSMB 3:6  Men Peter sagde: «Sylv og gull hev eg ikkje; men det eg hev, det gjev eg deg: i nasaræaren Jesu Kristi namn statt upp og gakk!»
Acts NorSMB 3:7  So greip han honom ved høgre handi og reiste honom upp.
Acts NorSMB 3:8  Men straks vart føterne hans og oklo sterke, og han sprang upp og stod og gjekk ikring; og han gjekk med deim inn i templet, gjekk ikring der og sprang og lova Gud.
Acts NorSMB 3:9  Og alt folket såg honom ganga ikring og lova Gud;
Acts NorSMB 3:10  Og dei kjende honom, at det var han som hadde sete etter sælebotsgåva ved den fagre tempeldøri. Og dei vart fulle av undring og rædsla yver det som hadde hendt med honom.
Acts NorSMB 3:11  Med han heldt seg til Peter og Johannes, strøymde alt folket saman um deim i den sulehalli som er kalla Salomons, og dei var forstøkte.
Acts NorSMB 3:12  Då Peter det såg, svara han folket: «Israelitiske menner, kvi undrast de på dette, eller kvi stirer de so på oss, som um me av vår eigi magt eller gudlegdom hadde gjort at han kann ganga?
Acts NorSMB 3:13  Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, vår fedregud, hev herleggjort sin tenar Jesus, han som de sveik og forneitta for Pilatus, då han dømde at han skulde verta fri.
Acts NorSMB 3:14  Men de forneitta den heilage og rettferdige, og bad um at ein mordar måtte verta dykk unnt.
Acts NorSMB 3:15  Men livsens hovding slo de i hel, han som Gud reiste upp frå dei daude, som me er vitne til.
Acts NorSMB 3:16  Og ved trui på hans namn hev hans namn styrkt denne mannen, som de ser og kjenner; og trui som er verka ved honom, gav denne mannen hans fulle helsa for augo på dykk alle.
Acts NorSMB 3:17  Og no, brør, eg veit at de hev gjort det i vankunna, liksom og rådsherrarne dykkar.
Acts NorSMB 3:18  Men Gud uppfylte soleis det som han fyreåt sagde gjenom munnen til alle sine profetar, at hans Messias skulde lida.
Acts NorSMB 3:19  So gjer då bot og vend um, so synderne dykkar må verta utstrokne, so at hugsvalings tider kann koma frå Herrens åsyn,
Acts NorSMB 3:20  og han kann senda den Messias som er utkåra åt dykk, Jesus,
Acts NorSMB 3:21  han som himmelen skal hysa til tidi for atterreisingi av alle ting, som Gud hev tala um gjenom munnen til sine heilage profetar frå gamle dagar.
Acts NorSMB 3:22  For Moses hev sagt: «Herren, dykkar Gud, skal reisa upp åt dykk ein profet av dykkar brør liksom eg; honom skal de høyra i alt det som han talar til dykk.
Acts NorSMB 3:23  Og det skal bera so til, at kvar den sjæl som ikkje høyrer den profeten, skal verta utrudd or folket.»
Acts NorSMB 3:24  Men ogso alle profetarne frå Samuel og sidan, so mange som hev tala, dei hev og forkynt um desse dagarne.
Acts NorSMB 3:25  De er born åt profetarne og åt den pakti som Gud gjorde med våre feder, då han sagde til Abraham: «Og i di ætt skal alle ætter på jordi velsignast.»
Acts NorSMB 3:26  De var dei fyrste som Gud sende tenaren sin til, då han let honom koma fram for at han skulde velsigna dykk, med di kvar av dykk vender seg frå sin vondskap.»
Chapter 4
Acts NorSMB 4:1  Men medan dei tala til folket, kom prestarne og hovudsmannen for tempelvakti og sadducæarane yver deim,
Acts NorSMB 4:2  då dei harma seg yver at dei lærde folket og forkynte i Jesus uppstoda frå dei daude;
Acts NorSMB 4:3  og dei lagde hand på deim og sette deim i fengsel til næste dagen; for det var alt kveld.
Acts NorSMB 4:4  Men mange av deim som hadde høyrt ordet, kom til tru, og talet på mennerne vart umkring fem tusund.
Acts NorSMB 4:5  So hende det seg dagen etter, at deira rådsherrar og styresmenner og skriftlærde kom saman i Jerusalem,
Acts NorSMB 4:6  og med deim øvstepresten Annas og Kajafas og Johannes og Aleksander, og so mange som var av øvstepresteleg ætt.
Acts NorSMB 4:7  Og dei stelte deim fram for seg og spurde: «Kva kraft eller kva namn gjorde de dette ved?»
Acts NorSMB 4:8  Då sagde Peter til deim, fyllt av den Heilage Ande: «De rådsherrar for folket og Israels styresmenner!
Acts NorSMB 4:9  Når me i dag vert forhøyrde um ei velgjerning mot ein vanfør mann, kva han er lækt ved,
Acts NorSMB 4:10  so skal det vera kunnigt for dykk alle og heile Israels folk, at ved nasaræaren Jesu Kristi namn, han som de krossfeste, men som Gud reiste upp frå dei daude, ved honom stend denne frisk for dykkar augo.
Acts NorSMB 4:11  Han er den steinen som vart forsmådd av dykk, bygningsmenner, men som vart til hyrnestein.
Acts NorSMB 4:12  Og ikkje er det frelsa i nokon annan; for ikkje er der heller noko anna namn under himmelen, gjeve millom menneskje, som me skal verta frelste ved.»
Acts NorSMB 4:13  Men då dei såg slikt frimod hjå Peter og Johannes, og fekk vita at dei var ulærde lækfolk, undra dei seg; og dei kjende deim, at dei hadde vore med Jesus.
Acts NorSMB 4:14  Men då dei såg den mannen som hadde vorte lækt, standande hjå deim, hadde dei ikkje noko å segja imot.
Acts NorSMB 4:15  Men dei baud deim ganga ut ifrå rådet, og dei samrådde seg med kvarandre og sagde:
Acts NorSMB 4:16  «Kva skal me gjera med desse menneskje? for at eit audkjent teikn er gjort ved deim, det er synbert for alle deim som bur i Jerusalem, og me kann ikkje neitta det.
Acts NorSMB 4:17  Men for at det ikkje skal verta bore vidare utyver til folket, so lat oss strengt påleggja deim at dei ikkje meir må tala til noko menneskje i dette namnet.»
Acts NorSMB 4:18  So kalla dei deim inn og baud deim at dei slett ikkje måtte tala eller læra i Jesu namn.
Acts NorSMB 4:19  Men Peter og Johannes svara og sagde til deim: «Døm sjølve, um det er rett for Guds åsyn å lyda dykk meir enn Gud!
Acts NorSMB 4:20  for me kann ikkje anna enn tala um det som me hev set og høyrt.»
Acts NorSMB 4:21  Dei truga deim då endå meir og let deim ganga, då dei ikkje kunde finna nokor råd til å refsa deim for folket skuld; for alle lova Gud for det som hendt var.
Acts NorSMB 4:22  For han var meir enn fyrti år gamall den mannen som dette lækjedoms-teiknet hadde hendt med.
Acts NorSMB 4:23  Då dei so slapp lause, kom dei til sine eigne og fortalde det som øvsteprestarne og styresmennerne hadde sagt til deim.
Acts NorSMB 4:24  Då dei høyrde det, lyfte dei samlyndt si røyst til Gud og sagde: «Herre, du som gjorde himmelen og jordi og havet og alt det som i deim er,
Acts NorSMB 4:25  du som sagde gjenom din tenar Davids munn: «Kvifor rasa heidningarne og lagde folki fåfengde råd?
Acts NorSMB 4:26  Kongarne på jordi reiste seg, og hovdingarne samla seg saman imot Herren og imot den han salva.»
Acts NorSMB 4:27  Ja, i sanning, i denne byen slo dei seg saman mot din heilage tenar Jesus, som du salva, både Herodes og Pontius Pilatus med heidningarne og Israels folk,
Acts NorSMB 4:28  til å gjera det som di hand og di råd fyreåt hadde fastsett skulde hendast.
Acts NorSMB 4:29  Og no, Herre! sjå til deira trugsmål, og gjev dine tenarar å tala ditt ord med alt frimod,
Acts NorSMB 4:30  med di du retter ut di hand til lækjing og teikn og under ved din heilage tenar Jesu namn!»
Acts NorSMB 4:31  Og då dei hadde bede, skalv romet der dei var samankomne, og alle vart fyllte med den Heilage Ande, og dei tala Guds ord med frimod.
Acts NorSMB 4:32  Men heile mengdi av dei truande hadde eitt hjarta og ei sjæl. Og ikkje ein sagde at noko av hans gods var hans eige; men dei hadde alle ting til sameiga.
Acts NorSMB 4:33  Og med stor kraft bar apostlarne vitne um Herren Jesu uppstoda, og stor nåde var yver deim alle.
Acts NorSMB 4:34  For det var ikkje heller nokon trengande millom deim; for so mange som åtte jord eller hus, selde deim og bar fram pengeverdet for det som dei hadde selt,
Acts NorSMB 4:35  og lagde det for føterne på apostlarne; og det vart utskift til kvar, etter som nokon hadde trong til.
Acts NorSMB 4:36  Men Josef, som apostlarne hadde kalla med tilnamn Barnabas, det tyder: påminnaren, ein levit, ætta frå Kypern,
Acts NorSMB 4:37  som åtte ein åker, selde honom og bar pengarne fram og lagde deim for føterne på apostlarne.
Chapter 5
Acts NorSMB 5:1  Men ein mann med namnet Ananias med kona si Saffira selde ein eigedom,
Acts NorSMB 5:2  og han gøymde undan noko av pengeverdet, so kona hans visste det, og bar fram ein deil og lagde det for føterne på apostlarne.
Acts NorSMB 5:3  Men Peter sagde: «Ananias, kvifor hev Satan fyllt hjarta ditt, so du skulde ljuga for den Heilage Ande og gøyma undan av pengeverdet for jordstykket?
Acts NorSMB 5:4  Var det ikkje ditt medan du åtte det? og var det ikkje i di magt då det vart selt? Kvi hev du då sett deg denne gjerning fyre i hjarta ditt? Du hev ikkje loge for menneskje, men for Gud.»
Acts NorSMB 5:5  Men då Ananias høyrde desse ordi, seig han ned og gav upp åndi. Og det kom stor otte på alle deim som høyrde dette.
Acts NorSMB 5:6  Men dei unge mennerne stod upp og budde liket til og bar honom ut og jorda honom.
Acts NorSMB 5:7  Og det hende seg umkring tri timar seinare, då kom kona hans inn og visste ikkje um det som hadde hendt.
Acts NorSMB 5:8  Peter sagde då til henne: «Seg du meg, selde de jordstykket for den pris?» Ho svara: «Ja, for den pris.»
Acts NorSMB 5:9  Då sagde Peter til henne: «Kvi hev de vorte samtykte um å freista Herrens Ande! Sjå, deira føter som jorda mannen din, er utfyre døri, og dei skal bera deg ut.»
Acts NorSMB 5:10  Og ho seig straks ned for føterne hans og gav upp åndi. Men dei unge mennerne kom inn og fann henne daud og bar henne ut og jorda henne attved mannen hennar.
Acts NorSMB 5:11  Og det kom stor otte på heile kyrkjelyden og på alle deim som høyrde dette.
Acts NorSMB 5:12  Men ved henderne til apostlarne vart det gjort mange teikn og under millom folket, og dei var alle samstendige i Salomons sulehall.
Acts NorSMB 5:13  Men av dei andre våga ingen å slå lag med deim; men folket høgvyrde deim;
Acts NorSMB 5:14  og enn fleire som trudde, vart lagde til Herren, ei mengd både av menner og kvinnor,
Acts NorSMB 5:15  so dei jamvel bar dei sjuke ut på gatorne og lagde deim på sengjer og benkjer, so i det minste skuggen av Peter kunde yverskyggja nokon av deim, når han kom.
Acts NorSMB 5:16  Ja, endå frå byarne der i kring kom ei mengd saman til Jerusalem og førde sjuke med, og folk som var plåga av ureine ånder; og dei vart alle lækte.
Acts NorSMB 5:17  Men øvstepresten stod upp og alle dei som heldt med honom, det var sadducæarflokken, og dei vart fulle av brennhug,
Acts NorSMB 5:18  og dei lagde hand på apostlarne og kasta deim i det ålmenne fengslet.
Acts NorSMB 5:19  Men Herren engel opna um natti dørerne til fengslet og førde deim ut og sagde:
Acts NorSMB 5:20  «Gakk og stig fram og tala i templet alle dette livs ord til folket!»
Acts NorSMB 5:21  Då dei høyrde det, gjekk dei i dagningi inn i templet og lærde. Då so øvstepresten kom og dei som var med honom, kalla dei saman rådet og alle styresmennerne for Israels born, og dei sende bod til fengslet, at dei skulde føra deim fram.
Acts NorSMB 5:22  Men då tenarane kom der, fann dei deim ikkje i fengslet, og so vende dei um att og fortalde det og sagde:
Acts NorSMB 5:23  «Fengslet fann me stengt med all umsyn, og vakterne stod ved dørerne. Men då me let upp, fann me ingen der inne.»
Acts NorSMB 5:24  Då hovudsmannen for tempelvakti og øvsteprestarne høyrde dei ordi, vart dei rådville um deim, kva dette skulde verta til.
Acts NorSMB 5:25  So kom det ein og fortalde deim og sagde: «Sjå, dei mennerne som de kasta i fengsel, dei stend i templet og lærer folket.»
Acts NorSMB 5:26  Då gjekk hovudsmannen dit med tenarane og henta deim, men ikkje med magt; for dei var rædde for folket, at dei skulde verta steina.
Acts NorSMB 5:27  Men då dei hadde henta deim, stelte dei deim for rådet. Og øvstepresten spurde deim og sagde:
Acts NorSMB 5:28  «Baud me dykk ikkje strengt, at de ikkje skulde læra i dette namnet? og sjå, de hev fyllt Jerusalem med læra dykkar, og de vil føra yver oss denne manns blod.»
Acts NorSMB 5:29  Då svara Peter og apostlarne og sagde: «Ein skal lyda Gud meir enn menneskje.
Acts NorSMB 5:30  Vår fedregud reiste upp Jesus som de tok livet av då de hengde honom på eit tre.
Acts NorSMB 5:31  Denne hev Gud lyft upp ved si høgre hand til ein fyrste og frelsar til å gjeva Israel umvending og forlating for synderne.
Acts NorSMB 5:32  Og me er hans vitne um desse ting liksom og den Heilage Ande, som Gud hev gjeve deim som lyder honom.»
Acts NorSMB 5:33  Då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei rådlagde um å slå deim i hel.
Acts NorSMB 5:34  Men det reiste seg ein farisæar i rådet med namnet Gamaliel, ein lovlærar som var høgvyrd av heile folket, og han baud deim føra apostlarne ut ei liti stund.
Acts NorSMB 5:35  Og han sagde til deim: «Israelitiske menner! Sjå dykk vel fyre, kva de gjer med desse menneskje!
Acts NorSMB 5:36  For fyre desse dagar stod Teudas fram og sagde seg sjølv å vera noko, og ein flokk på umkring fire hundrad menner slo lag med honom; han vart slegen i hel, og alle dei som lydde honom, drivne frå kvarandre og vart til inkjes.
Acts NorSMB 5:37  Etter honom stod galilæaren Judas fram, den tid skatte-utskrivingi var, og eggja upp folket med seg. Han let og livet, og alle dei som lydde honom, vart spreidde frå kvarandre.
Acts NorSMB 5:38  Og no segjer eg dykk: Haldt dykk ifrå desse mennerne og lat deim fara! For er denne rådi eller dette verket av menneskje, skal det verta til inkjes.
Acts NorSMB 5:39  Men er det av Gud, so kann de ikkje gjera det til inkjes! Sjå til at de ikkje må verta funne stridande mot Gud.»
Acts NorSMB 5:40  Dei lydde honom, og kalla apostlarne inn att og let deim verta hudfletta, og baud deim at dei ikkje skulde tala i Jesu namn, og let deim so ganga.
Acts NorSMB 5:41  So gjekk dei då burt frå rådet, glade yver at dei var haldne verdige til å lida vanæra for hans namn skuld.
Acts NorSMB 5:42  Og dei heldt ikkje upp med å læra kvar dag i templet og heime og forkynna evangeliet um Kristus Jesus.
Chapter 6
Acts NorSMB 6:1  I desse dagarne, då talet på læresveinarne voks, murra dei græsktalande jøderne imot hebræarane, at deira enkjor vart mishaldne ved den daglege forsyting.
Acts NorSMB 6:2  Då kalla dei tolv heile mengdi av læresveinarne saman og sagde: «Det er ikkje høvelegt at me skal forlata Guds ord og tena ved bordi.
Acts NorSMB 6:3  Difor, brør, sjå dykk um etter sju menner millom dykk, som hev godt lov og er fulle av den Heilage Ande og visdom, so me kann setja deim til dette umbodet!
Acts NorSMB 6:4  Men me vil halda trutt ved i bøni og i tenesta med ordet.»
Acts NorSMB 6:5  Dette ordet lika heile mengdi vel, og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og den Heilage Ande, og Filip og Prokorus og Nikanor og Timon og Parmenas og Nikolaus, ein jødetruande frå Antiokia;
Acts NorSMB 6:6  og stelte deim fram for apostlarne, og dei bad og lagde henderne på deim.
Acts NorSMB 6:7  Og Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinarne voks mykje i Jerusalem, og ein stor hop av prestarne vart lyduge mot trui.
Acts NorSMB 6:8  Men Stefanus var full av tru og kraft og gjorde under og store teikn millom folket.
Acts NorSMB 6:9  Men der stod upp nokre av den synagoga som er kalla synagoga åt dei frigjevne og kyrenæarane og alexandrinarne, og av deim frå Kilikia og Asia, og dei gav seg i ordskifte med Stefanus.
Acts NorSMB 6:10  Og dei kunde ikkje standa seg mot den visdom og ånd han tala utav.
Acts NorSMB 6:11  Då tinga dei løynleg nokre menner som sagde: «Me hev høyrt honom tala spottande ord imot Moses og Gud.»
Acts NorSMB 6:12  Og dei øste upp folket og styresmennerne og dei skriftlærde, og dei sette på honom og reiv honom med og førde honom for rådet.
Acts NorSMB 6:13  Og dei stelte fram falske vitne, som sagde: «Denne mannen held ikkje upp med å tala mot denne heilage staden og mot lovi.
Acts NorSMB 6:14  For me hev høyrt honom segja at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned denne staden og brigda dei sedvanar som Moses gav oss.»
Acts NorSMB 6:15  Og då alle deim som sat i rådet, stirde på honom, såg dei åsyni hans som ein engels åsyn.
Chapter 7
Acts NorSMB 7:2  Han svara: «Brør og feder, høyr på meg! Herlegdomens Gud openberra seg for far vår, Abraham, då han var i Mesopotamia, fyrr han feste bu i Kharan;
Acts NorSMB 7:3  og han sagde til honom: «Gakk ut frå landet ditt og frå ætti di, og far til det landet som eg skal syna deg!»
Acts NorSMB 7:4  Då gjekk han ut or Kaldæarland og feste bu i Kharan; og då far hans var dåen, let han honom flytja derifrå til dette landet, der de no bur;
Acts NorSMB 7:5  men han gav honom ikkje arvlut der, ikkje ei fotbreidd eingong. Og han lova å gjeva honom det til eiga og hans ætt etter honom, endå han ikkje hadde barn.
Acts NorSMB 7:6  Og Gud tala soleis: «Hans ætt skal bu som utlendingar i framandt land, og dei skal gjera deim til trælar og fara ille med deim i fire hundrad år.
Acts NorSMB 7:7  Og det folket som dei trælar under, vil eg døma,» sagde Gud. «Og so skal dei draga ut og tena meg på denne staden.»
Acts NorSMB 7:8  Og han gav honom umskjeringspakti; og so avla han Isak og umskar honom den åttande dagen, og Isak Jakob, og Jakob dei tolv patriarkarne.
Acts NorSMB 7:9  Og patriarkarne ovundast på Josef og selde honom til Egyptarland. Og Gud var med honom
Acts NorSMB 7:10  og fria honom ut or alle hans trengslor og gav honom nåde og visdom for Farao, egyptarkongen, og han sette honom til hovding yver Egyptarland og heile sitt hus.
Acts NorSMB 7:11  So kom det hunger yver heile Egyptarland og Kana’an, og stor trengsla; og federne våre fann ikkje føda.
Acts NorSMB 7:12  Men då Jakob høyrde at der var korn i Egyptarland, sende han federne våre dit fyrste gongen.
Acts NorSMB 7:13  Og den andre gongen vart Josef attkjend av brørne sine, og Farao lærde å kjenna Josefs ætt.
Acts NorSMB 7:14  Men Josef sende bod og kalla Jakob, far sin, og alt folket sitt dit, fem og sytti sjæler.
Acts NorSMB 7:15  Og Jakob drog ned til Egyptarland, og han døydde, han og federne våre.
Acts NorSMB 7:16  Og dei vart flutte yver til Sikem og lagde i den gravi som Abraham kjøpte for sylv av borni åt Hemor i Sikem.
Acts NorSMB 7:17  Etter som det leid til tidi for den lovnaden som Gud tilsvor Abraham, auka folket seg og vart mannsterkt i Egyptarland,
Acts NorSMB 7:18  alt til det kom ein annan konge yver Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
Acts NorSMB 7:19  Han for med svikråd mot folket vårt og for ille med federne våre, til dess dei laut setja småborni sine ut, so dei ikkje skulde få liva.
Acts NorSMB 7:20  I den tidi vart Moses fødd, og han var yndeleg for Gud. Og han vart fostra i huset åt far sin i tri månader.
Acts NorSMB 7:21  Men då han vart utsett, tok Faraos dotter honom og fostra honom upp som sin eigen son.
Acts NorSMB 7:22  Og Moses vart upplærd i all egyptar-visdomen; og han var megtig i ord og gjerningar.
Acts NorSMB 7:23  Men då han hadde fyllt fyrti år, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.
Acts NorSMB 7:24  Og då han såg at ein leid urett, kom han honom til hjelp og tok hemn for honom som leid yvervald, og slo egyptaren i hel.
Acts NorSMB 7:25  Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud gav deim frelsa ved hans hand. Men dei skyna det ikkje.
Acts NorSMB 7:26  Dagen etter kom han til deim då dei trætta, og han talde deim til å halda fred og sagde: «Menner, de er brør; kvi gjer de urett mot kvarandre?»
Acts NorSMB 7:27  Men han som gjorde grannen sin urett, støytte honom ifrå seg og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?
Acts NorSMB 7:28  Vil du kanskje slå meg i hel, liksom du slo egyptaren i hel i går?»
Acts NorSMB 7:29  Men Moses flydde for dette ordet skuld og vart ein utlending i Midjans land, og han fekk tvo søner der.
Acts NorSMB 7:30  Og då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for honom i øydemarki ved Sinaifjellet i eldslogen i ein klunger.
Acts NorSMB 7:31  Då Moses såg det, undra han seg yver syni. Men då han gjekk burtåt og vilde sjå, kom ei røyst frå Herren:
Acts NorSMB 7:32  «Eg er din fedregud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Men Moses vart skjelvande rædd og torde ikkje sjå på.
Acts NorSMB 7:33  Og Herren sagde til honom: «Løys skorne av føterne dine! for staden du stend på, er heilag jord.
Acts NorSMB 7:34  Eg hev grant set illgjerdi mot mitt folk i Egyptarland og høyrt deira sukk, og eg hev stige ned og vil fria deim ut. Og no, kom! lat meg senda deg til Egyptarland!»
Acts NorSMB 7:35  Denne Moses som dei forneitta og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar?» honom sende Gud til hovding og utløysar ved den engels hand som synte seg for honom i klungeren.
Acts NorSMB 7:36  Han førde deim ut medan han gjorde under og teikn i Egyptarland og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.
Acts NorSMB 7:37  Han er den Moses som sagde til Israels-borni: «Ein profet liksom eg skal Herren, dykkar Gud, reisa upp åt dykk av dykkar brør.»
Acts NorSMB 7:38  Han er den som i lyden i øydemarki var med engelen som tala til honom på Sinaifjellet, og med federne våre, han som tok imot livande ord til å gjeva oss.
Acts NorSMB 7:39  Honom vilde federne dykkar ikkje lyda, men dei støytte honom ifrå seg og vende seg i sitt hjarta til Egyptarland, då dei sagde til Aron:
Acts NorSMB 7:40  «Gjer oss gudar, som kann ganga fyre oss! for denne Moses som førde oss ut or Egyptarland - me veit ikkje kva som hev hendt honom.»
Acts NorSMB 7:41  Og dei gjorde ein kalv i dei same dagarne bar offer fram til den avguden, og gledde seg yver det som deira eigne hender hadde gjort.
Acts NorSMB 7:42  Men Gud vende seg burt og yvergav deim til å tena himmelheren, so som det stend skrive i profetboki: «Hev vel de, Israels hus, gjeve meg slagtoffer og andre offer i fyrti år i øydemarki?
Acts NorSMB 7:43  Og de bar med dykk Moloks tjeld og guden Remfans stjerna, dei bilæti som de gjorde for å tilbeda deim. Og eg vil flytja dykk burt på hi sida åt Babylon.»
Acts NorSMB 7:44  Vitnemålstjeldet var hjå federne våre i øydemarki; so som han som tala til Moses, hadde bode å gjera det etter det bilætet han hadde set.
Acts NorSMB 7:45  Dette tok federne våre i arv og førde det inn med Josva i eigedomslandet til dei heidningfolki som Gud dreiv undan for federne våre alt til Davids dagar.
Acts NorSMB 7:46  Han fann nåde for Guds åsyn og bad um at han måtte finna ein bustad åt Jakobs Gud.
Acts NorSMB 7:48  Men den Høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender, som profeten segjer:
Acts NorSMB 7:49  «Himmelen er min kongsstol, og jordi skammel under mine føter. Kva hus vil de byggja meg? segjer Herren, eller kva stad er min kvilestad?
Acts NorSMB 7:51  De harde halsar og u-umskorne på hjarta og øyro! De stend alltid imot den Heilage Ande, som dykkar feder, so de og!
Acts NorSMB 7:52  Kven av profetarne forfylgde ikkje federne dykkar? og dei slo deim i hel, som fyreåt forkynte at den Rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og drepe,
Acts NorSMB 7:53  de som fekk lovi gjenom englar og hev ikkje halde henne!»
Acts NorSMB 7:54  Men då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei beit tennerne saman imot honom.
Acts NorSMB 7:55  Men han var full av den Heilage Ande og såg upp mot himmelen, og han såg Guds herlegdom, og Jesus standa ved Guds høgre hand.
Acts NorSMB 7:56  Og han sagde: «Sjå, eg ser himlarne opne og Menneskjesonen standa ved Guds høgre hand!»
Acts NorSMB 7:57  Då skreik dei med høg røyst og heldt for øyro sine og styrmde samlyndt inn på honom.
Acts NorSMB 7:58  Og dei dreiv honom ut utanfor byen og steina honom. Og vitni lagde klædi sine av ved føterne til ein ung mann som heitte Saulus.
Acts NorSMB 7:59  Og dei steina Stefanus, medan han bad og sagde: «Herre Jesus, tak imot mi ånd!»
Acts NorSMB 7:60  Men han fall på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna deim ikkje denne syndi!» Og då han hadde sagt dette, sovna han av.
Chapter 8
Acts NorSMB 8:1  Og Saulus samtykte i at dei drap honom. Men den dagen tok det til ei stor forfylgjing mot kyrkjelyden i Jerusalem, og dei vart spreidde ut yver Judæalandet og Samarialandet, alle so nær som apostlarne.
Acts NorSMB 8:2  Men nokre gudlege menner jorda Stefanus, og dei gret og jamra sårt etter honom.
Acts NorSMB 8:3  Men Saulus herja kyrkjelyden og gjekk inn i hus etter hus og drog fram menner og kvinnor og yvergav deim til fangehus.
Acts NorSMB 8:4  Men dei som var spreidde utyver, gjekk ikring og bar ut evangelie-ordet.
Acts NorSMB 8:5  Filip kom då ned til ein by i Samaria og forkynte Kristus for deim.
Acts NorSMB 8:6  Og folket gav samlyndt gaum etter det som vart sagt av Filip, med di dei høyrde og såg dei teikni som han gjorde.
Acts NorSMB 8:7  For or mange som hadde ureine ånder, for dei ut ropande med høg røyst, og mange lame og vanføre vart lækte.
Acts NorSMB 8:9  Men det var ein mann med namnet Simon, som fyrr hadde fare med trolldom i byen og fjetra folket i Samaria, med di han sagde seg vera noko stort.
Acts NorSMB 8:10  Og alle heldt seg til honom, både små og store, og sagde: «Han er Guds kraft som heiter stor.»
Acts NorSMB 8:11  Men dei heldt seg til honom, av di han i lang tid hadde fjetra deim med trollkunster.
Acts NorSMB 8:12  Men då dei no trudde Filip, som forkynte evangeliet um Guds rike og Jesu Kristi namn, so let dei seg døypa både menner og kvinnor.
Acts NorSMB 8:13  Og Simon tok ved trui han og, og då han var døypt, heldt han seg til Filip, og då han såg dei teikn og store kraftige gjerningar som vart gjorde, vart han mest frå seg av undring.
Acts NorSMB 8:14  Då apostlarne i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei til deim Peter og Johannes;
Acts NorSMB 8:15  dei kom ned og bad for deim, at dei måtte få den Heilage Ande;
Acts NorSMB 8:16  for endå var han ikkje fallen på nokon av deim, men dei var berre døypte til Herren Jesu namn.
Acts NorSMB 8:17  Då lagde dei henderne på deim, og dei fekk den Heilage Ande.
Acts NorSMB 8:18  Men då Simon såg at den Heilage Ande vart gjeven ved handpåleggjing av apostlarne, kom han til deim med pengar og sagde:
Acts NorSMB 8:19  «Gjev meg og denne magt, at den som eg legg henderne på, må få den Heilage Ande!»
Acts NorSMB 8:20  Men Peter sagde til honom: «Forbanna vere sylvet ditt saman med deg sjølv, for di du tenkte å kjøpa Guds gåva for pengar!
Acts NorSMB 8:21  Du hev ikkje deil eller lut i dette ordet; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud.
Acts NorSMB 8:22  Vend difor um frå denne vondskapen din, og bed til Gud, um den tanken i hjarta ditt kunde verta deg forlaten!
Acts NorSMB 8:23  For eg ser at du ligg i illskaps gall og urettferds band.»
Acts NorSMB 8:24  Då svara Simon: «Bed de for meg til Herren, at ikkje noko må koma yver meg av det som de hev sagt!»
Acts NorSMB 8:25  Då dei so hadde vitna og tala Herrens ord, vende dei um att til Jerusalem, og dei forkynte evangeliet i mange samaritanbyar.
Acts NorSMB 8:26  Men ein Herrens engel tala til Filip og sagde: «Statt upp og gakk mot sud på den vegen som gjeng ned frå Jerusalem til Gaza!» Det er ein øydeveg.
Acts NorSMB 8:27  Og han stod upp og gjekk; og sjå, der var ein mann frå Ætiopia, ein hirdmann, ein megtig herre hjå dronning Kandake i Ætiopia, ein som var sett yver heile skatten hennar; han var komen til Jerusalem for å tilbeda,
Acts NorSMB 8:28  og han var no på heimvegen og sat på vogni si og las profeten Jesaja.
Acts NorSMB 8:29  Men Anden sagde til Filip: «Gakk burtåt og haldt deg ved denne vogni!»
Acts NorSMB 8:30  Men Filip sprang til og høyrde at han las profeten Jesaja, og han sagde: «Skynar du det du les?»
Acts NorSMB 8:31  Men han sagde: «Korleis skulde eg kunna det, utan at nokon rettleider meg?» Og han bad Filip stiga upp og setja seg hjå honom.
Acts NorSMB 8:32  Men det stykket av skrifti som han las, var dette: «Som ein sau vart han førd til slagting, og liksom eit lamb som er tagalt for den som klypper det, soleis let han ikkje upp sin munn.
Acts NorSMB 8:33  I hans fornedring vart domen yver honom burtteken, og kven kann fortelja um hans ætt? for hans liv vert teke burt frå jordi.»
Acts NorSMB 8:34  Men hirdmannen tok til ords og sagde til Filip: «Eg bed deg: kven segjer profeten dette um? um seg sjølv eller um nokon annan?»
Acts NorSMB 8:35  Men Filip let upp munnen og gjekk ut ifrå dette skriftordet og forkynte honom evangeliet um Jesus.
Acts NorSMB 8:36  Og som dei for frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn. Og hirdmannen sagde: «Sjå her er vatn, kva hindrar meg frå å verta døypt?»
Acts NorSMB 8:37  Og Filip sagde: «Trur du av heile ditt hjarta, so er det tillate.» Men han svara og sagde: «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son.»
Acts NorSMB 8:38  Og han let vogni stana; og dei steig båe tvo ned i vatnet, både Filip og hirdmannen, og han døypte honom.
Acts NorSMB 8:39  Men då dei steig upp or vatnet, rykte Herrens Ande Filip burt, og hirdmannen såg honom ikkje meir; for han for glad sin veg.
Acts NorSMB 8:40  Men Filip vart funnen i Asdod. Og han gjekk ikring og forkynte evangeliet i alle byarne, til han kom til Cæsaræa.
Chapter 9
Acts NorSMB 9:1  Men Saulus frøste endå av trugsmål og mord mot Herrens læresveinar, og han gjekk til øvstepresten
Acts NorSMB 9:2  og bad honom um brev til Damaskus, til synagogorne der, at um han fann nokre som høyrde «den vegen» til, både menner og kvinnor, han då kunde føra deim bundne til Jerusalem.
Acts NorSMB 9:3  Men då han drog fram og kom nær til Damaskus, lyste det brått eit ljos frå himmelen um honom.
Acts NorSMB 9:4  Og han fall ned på jordi og høyrde ei røyst som sagde til honom: «Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?»
Acts NorSMB 9:5  Han sagde: «Kven er du, Herre?» Og han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.
Acts NorSMB 9:6  Men statt upp og gakk inn i byen, so skal det verta sagt deg kva du hev å gjera.»
Acts NorSMB 9:7  Men dei menner som var i ferdalag med honom, stod forstøkte då dei høyrde røysti, men såg ingen.
Acts NorSMB 9:8  Saulus reiste seg då upp frå jordi; men då han opna augo, såg han ingen ting. Dei leidde honom då ved handi og førde honom inn i Damaskus.
Acts NorSMB 9:9  Og i tri dagar såg han ikkje, og ikkje åt eller drakk han.
Acts NorSMB 9:10  Men det var ein læresvein i Damaskus med namnet Ananias, og til honom sagde Herren i ei syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre!»
Acts NorSMB 9:11  Og Herren sagde til honom: «Statt upp og gakk til den gata, som er kalla den beine, og spør i Judas’ hus etter ein mann frå Tarsus, med namnet Saulus; for sjå, han bed,
Acts NorSMB 9:12  og han hev i ei syn set ein mann med namnet Ananias, som kom og lagde handi på honom, so han skulde få syni att.»
Acts NorSMB 9:13  Men Ananias svara: «Herre, eg hev høyrt av mange um denne mannen, kor mykje vondt han hev gjort mot dine heilage i Jerusalem.
Acts NorSMB 9:14  Og her hev han fullmagt frå øvsteprestarne til å binda alle deim som kallar på ditt namn.»
Acts NorSMB 9:15  Men Herren sagde til honom: «Gakk du! for han er meg ein utvald reidskap til å bera mitt namn fram for heidningar og kongar og Israels born.
Acts NorSMB 9:16  For eg vil syna honom kor mykje han skal lida for mitt namn skuld.»
Acts NorSMB 9:17  So gjekk Ananias burt og kom inn i huset og lagde henderne på honom og sagde: «Saul, bror! Herren hev sendt meg, Jesus, han som synte seg for deg på vegen der du kom, so du skal få syni att og verta fyllt med den Heilage Ande.»
Acts NorSMB 9:18  Og straks fall det liksom flas frå augo hans, og han fekk syni att med det same, og han stod upp og vart døypt,
Acts NorSMB 9:19  og han tok føda og styrkte seg. So vart han verande nokre dagar hjå læresveinarne i Damaskus.
Acts NorSMB 9:20  Og straks forkynte han Jesus i synagogorne, at han er Guds Son.
Acts NorSMB 9:21  Og alle dei som høyrde det, vart reint frå seg av undring og sagde: «Er ikkje dette han som i Jerusalem rudde ut deim som påkallar dette namnet? og han var komen hit til å føra deim bundne til øvsteprestarne!»
Acts NorSMB 9:22  Men Saulus vart enn sterkare, og han målbatt jødarne som budde i Damaskus, med di han synte at denne er Messias.
Acts NorSMB 9:23  Men då mange dagar var lidne, samrådde jødarne seg um å slå honom i hel.
Acts NorSMB 9:24  Men rådgjerdi deira vart kunnig for Saulus. Dei vakta og portarne både dag og natt for å slå honom i hel.
Acts NorSMB 9:25  Men læresveinarne tok honom um natti og slepte honom ut igjenom muren, med di dei let honom ned i ei korg.
Acts NorSMB 9:26  Då han no kom til Jerusalem, prøvde han å halda seg til læresveinarne, og alle var rædde honom, av di dei ikkje trudde at han var ein læresvein.
Acts NorSMB 9:27  Men Barnabas tok og førde honom til apostlarne, og han fortalde deim korleis han såg Herren på vegen, og at han tala til honom, og korleis han i Damaskus lærde frimodig i Jesu namn.
Acts NorSMB 9:28  So gjekk han då inn og ut med deim i Jerusalem og lærde frimodig i Herrens namn,
Acts NorSMB 9:29  og han tala med dei græsktalande jødarne og gav seg i ordskifte med deim. Dei lagde seg då etter å slå honom i hel.
Acts NorSMB 9:30  Men då brørne fekk vita det, førde dei honom ned til Cæsarea og sende honom derifrå til Tarsus.
Acts NorSMB 9:31  So hadde då kyrkjelyden fred yver heile Judæa og Galilæa og Samaria, og han uppbygde seg og ferdast i otte for Herren og voks ved tilstyrkjing av den Heilage Ande.
Acts NorSMB 9:32  Og det hende seg, då Peter for ikring alle stader, at han og kom til dei heilage som budde i Lydda.
Acts NorSMB 9:33  Men der fann han ein mann med namnet Æneas, som i åtte år hadde lege sengfast og var lam.
Acts NorSMB 9:34  Og Peter sagde til honom: «Æneas! Jesus Kristus lækjar deg; statt upp og reid upp sengi di sjølv!» Og straks stod han upp.
Acts NorSMB 9:35  Og dei såg honom, alle dei som budde i Lydda og Saron; og dei vende um til Herren.
Acts NorSMB 9:36  I Joppe var det ei læresyster med namnet Tabita, som er utlagt: Dorkas. Ho var rik på gode gjerningar og sælebotsgåvor som ho gav.
Acts NorSMB 9:37  Men det hende seg i dei dagarne, at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne då og lagde henne på ein sal.
Acts NorSMB 9:38  Og då Lydda ligg nær ved Joppe, og læresveinarne hadde høyrt at Peter var der, sende dei tvo menner til honom og bad: «Ver ikkje leid um du lyt fara hit til oss!»
Acts NorSMB 9:39  Peter stod upp og vart med deim; og då han kom dit, førde dei honom uppå salen. Og alle enkjorne stod ikring honom og gret og synte fram dei kjolar og klædningar som Tabita hadde gjort medan ho var hjå deim.
Acts NorSMB 9:40  Men Peter let deim alle ganga ut, og fall på kne og bad; og han vende seg til liket og sagde: «Tabita, statt upp!» Og ho opna augo sine, og då ho såg Peter, sette ho seg upp.
Acts NorSMB 9:41  Og han gav henne handi og reiste henne upp og ropa på dei heilage og enkjorne og stelte henne fram livande.
Acts NorSMB 9:42  Dette vart kunnigt yver heile Joppe, og mange kom til tru på Herren.
Acts NorSMB 9:43  So vart det til det at han vart verande mange dagar i Joppe hjå ein som heitte Simon, ein garvar.
Chapter 10
Acts NorSMB 10:1  Det var ein mann i Cæsaræa med namnet Kornelius, ein hovudsmann ved den herflokken som vart kalla den italiske;
Acts NorSMB 10:2  han var ein gudleg mann, som med heile sitt hus ottast Gud og gav mange sælebotsgåvor til folket og bad alltid til Gud.
Acts NorSMB 10:3  Han såg klårt i ei syn ved den niande timen på dagen ein Guds engel som kom inn til honom og sagde til honom: «Kornelius!»
Acts NorSMB 10:4  Men han stirde på honom og vart rædd og sagde: «Kva er det, Herre?» Han svara honom: «Dine bøner og sælebotsgåvor hev stige upp til ei minning for Gud.
Acts NorSMB 10:5  Og no, send folk til Joppe og henta hit Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter!
Acts NorSMB 10:6  Han bur hjå ein som heiter Simon, ein garvar, som hev eit hus ved havet.»
Acts NorSMB 10:7  Då engelen som tala til Kornelius, gjekk burt, kalla han til seg tvo av tenarane sine og ein gudleg hermann av deim som alltid var hjå honom,
Acts NorSMB 10:8  og han fortalde deim alt saman og sende deim av til Joppe.
Acts NorSMB 10:9  Andre dagen, då dei var på vegen og kom nær til byen, steig Peter uppå taket og vilde beda - umkring den sette timen.
Acts NorSMB 10:10  Han vart då hungrig og vilde få seg mat. Medan dei laga maten til, kom der på honom ei burtrykning,
Acts NorSMB 10:11  og han ser himmelen opna, og det for eitkvart ned til honom, liksom ein stor linduk, som vart laten ned på jordi etter dei fire hyrno;
Acts NorSMB 10:12  og der var det alle slag firføtte dyr på jordi og krjupande dyr og himmelens fuglar.
Acts NorSMB 10:13  Og det kom ei røyst til honom: «Statt upp, Peter, slagta og et!»
Acts NorSMB 10:14  Men Peter sagde: «På ingen måte, Herre! for aldri hev eg ete noko vanheilagt eller ureint!»
Acts NorSMB 10:15  Og røysti kom på nytt andre gongen til honom: «Det som Gud hev reinsa, må ikkje du halda for ureint!»
Acts NorSMB 10:16  Dette hende tri gonger; og straks vart det teke upp att til himmelen.
Acts NorSMB 10:17  Medan Peter var reint rådvill um kva den syni skulde tyda som han hadde set, sjå, då stod dei utanfor porten, dei mennerne som var utsende frå Kornelius og hadde spurt upp Simons hus,
Acts NorSMB 10:18  og dei ropa inn og spurde um Simon som var kalla med tilnamnet Peter, budde der.
Acts NorSMB 10:19  Medan so Peter grunda på syni, sagde Anden til honom: «Sjå, tri menner leitar etter deg.
Acts NorSMB 10:20  Statt upp, gakk ned og fylg med deim utan tviking! for eg hev sendt deim.»
Acts NorSMB 10:21  Peter gjekk ned til mennerne som var sende til honom frå Kornelius, og sagde: «Sjå, eg er den som de leitar etter; kva ærend hev de her?»
Acts NorSMB 10:22  Dei sagde: «Kornelius, ein hovudsmann, ein rettferdig og gudleg mann, som hev godt lov av heile jødefolket, hev fenge det bodet ved ein heilag engel, at han skulde henta deg til sitt hus og høyra kva du hev å segja.»
Acts NorSMB 10:23  Han bad deim då inn og gav deim herbyrge. Og dagen etter stod han upp og gjekk av stad saman med deim, og nokre av brørne frå Joppe fylgde med honom.
Acts NorSMB 10:24  Dagen etter kom dei til Cæsarea og Kornelius venta deim og hadde bede saman sine frendar og næmaste vener.
Acts NorSMB 10:25  Då det no bar til at Peter gjekk inn, kom Kornelius imot honom, fall ned for føterne hans og tilbad.
Acts NorSMB 10:26  Men Peter reiste honom upp og sagde: «Statt upp! eg er og eit menneskje!»
Acts NorSMB 10:27  Og med di han samtala med honom, gjekk han inn og fann mange som var komne saman.
Acts NorSMB 10:28  Og han sagde til deim: «De veit kor uløyvelegt det er for ein jøde å hava samlag med nokon av eit anna folk eller å ganga inn til honom. Men meg hev Gud vist at eg ikkje må kalla noko menneskje vanheilagt eller ureint.
Acts NorSMB 10:29  Difor kom eg og utan motmæle då eg fekk bod. Eg spør då kvifor de hev sendt bod etter meg.»
Acts NorSMB 10:30  Då sagde Kornelius: «For fire dagar sidan, det var som no ved den niande timen, bad eg i mitt hus, og sjå, ein mann stod framfyre meg i skinande klædnad;
Acts NorSMB 10:31  og han sagde: «Kornelius, di bøn er høyrd, og dine sælebotsgåvor er ihugkomne for Guds åsyn.
Acts NorSMB 10:32  Send difor bod til Joppe og kalla til deg Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter! han bur i huset hjå Simon garvar ved havet; han skal tala til deg når han kjem.»
Acts NorSMB 10:33  Difor sende eg straks bod til deg; og du gjorde vel at du kom. No er me då alle til stadar for Guds åsyn for å høyra alt det som er pålagt deg av Gud.»
Acts NorSMB 10:34  Men Peter let upp sin munn og sagde: «Eg skynar i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk;
Acts NorSMB 10:35  men millom alle folk tek han imot den som ottast honom og gjer rettferd.
Acts NorSMB 10:36  Det ordet han sende ut til Israels-borni, då han forkynte evangeliet um fred ved Jesus Kristus - han er Herre yver alle - det kjenner de,
Acts NorSMB 10:37  det ordet som gjekk ut yver heile Judæa, med upphav frå Galilæa etter den dåp som Johannes forkynte,
Acts NorSMB 10:38  det um Jesus frå Nasaret, korleis Gud salva honom med den Heilage Ande og kraft, han som gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle deim som var yvervalda av djevelen; for Gud var med honom.
Acts NorSMB 10:39  Og me er vitne um alt det han gjorde både i Jødeland og i Jerusalem, han som dei slo i hel, med di dei hengde honom på eit tre.
Acts NorSMB 10:40  Honom reiste Gud upp den tridje dagen og let honom få syna seg,
Acts NorSMB 10:41  ikkje for alt folket, men for dei vitne som fyrr var utvalde av Gud, for oss som åt og drakk med honom, etter han var uppstaden frå dei daude.
Acts NorSMB 10:42  Og han baud oss å forkynna for folket og vitna at han er den som Gud hev sett til domar yver livande og daude.
Acts NorSMB 10:43  Um honom vitnar alle profetarne, at kvar den som trur på honom, skal få forlating for synderne ved hans namn.»
Acts NorSMB 10:44  Medan Peter endå tala desse ordi, fall den Heilage Ande på alle deim som høyrde ordet.
Acts NorSMB 10:45  Og alle dei truande av umskjeringi som var komne med Peter, vart forfærde yver at den Heilage Ande vart gjeven og utrend ogso yver heidningarne;
Acts NorSMB 10:46  for dei høyrde deim tala med tungor og storleg lova Gud.
Acts NorSMB 10:47  Då svara Peter: «Kann vel nokon meinka vatnet, at ikkje desse må verta døypte, som hev fenge den Heilage Ande liksom me?»
Acts NorSMB 10:48  Og han baud at dei skulde verta døypte i Jesu Kristi namn. Og dei bad honom drygja der nokre dagar.
Chapter 11
Acts NorSMB 11:1  Apostlarne og brørne som var i Judæa, høyrde at heidningarne og hadde teke imot Guds ord.
Acts NorSMB 11:2  Og då Peter kom upp til Jerusalem, klandra dei av umskjeringi på honom og sagde:
Acts NorSMB 11:3  «Du gjekk inn til menner som ikkje er umskorne, og åt i lag med deim.»
Acts NorSMB 11:4  Men Peter tok til og greidde det ut for deim i samanheng og sagde.
Acts NorSMB 11:5  «Eg var i byen Joppe og bad; då såg eg i burtrykning ei syn: det dala ned eitkvart, liksom ein stor linduk, som vart laten ned frå himmelen etter dei fire hyrno og kom like til meg.
Acts NorSMB 11:6  Då eg stirde på det, vart eg var og såg dei firføtte dyr på jordi og ville dyr og krjupande dyr og himmelens fuglar.
Acts NorSMB 11:7  Og eg høyrde ei røyst som sagde til meg: «Statt upp, Peter, slagta og et!»
Acts NorSMB 11:8  Men eg sagde: «På ingen måte, Herre! for noko vanheilagt eller ureint kom aldri i min munn.»
Acts NorSMB 11:9  Men røysti svara meg andre gongen frå himmelen: «Det som Gud hev reinsa, må ikkje du halda for ureint!»
Acts NorSMB 11:10  Dette hende seg tri gonger, og det vart alt saman drege upp i himmelen att.
Acts NorSMB 11:11  Og sjå, i same stundi stod det utanfor huset der eg var, tri menner, som var sende til meg frå Cæsarea.
Acts NorSMB 11:12  Og Anden sagde til meg at eg skulde fylgja med deim utan tviking. Men desse seks brørne gjekk og med meg, og me kom inn huset til mannen.
Acts NorSMB 11:13  Og han fortalde han oss korleis han hadde set engelen som stod i hans hus og sagde til honom: «Send bod til Joppe og henta Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter!
Acts NorSMB 11:14  han skal tala ord til deg som du skal verta frelst ved, du og heile ditt hus.»
Acts NorSMB 11:15  Men då eg tok til å tala, fall den Heilage Ande på deim, liksom på oss i fyrstningi.
Acts NorSMB 11:16  Då kom eg Herrens ord i hug, at han sagde: «Johannes døypte med vatn; men de skal verta døypte med den Heilage Ande.»
Acts NorSMB 11:17  Når då Gud hev gjeve deim same gåva som oss, då dei kom til trui på Herren Jesus Kristus, kven var då eg, at eg skulde vera megtig til å hindra Gud?»
Acts NorSMB 11:18  Men då dei høyrde dette, gav dei seg til ro og lova Gud og sagde: «So hev då Gud ogso gjeve heidningarne umvendingi til livet!»
Acts NorSMB 11:19  Dei som no var spreidde ved den trengsla som kom upp for Stefanus skuld, dei gjekk ikring radt til Fønikia og Kypern og Antiokia, men tala ikkje ordet til nokon utan berre til jødar.
Acts NorSMB 11:20  Men det var millom deim nokre menner frå Kypern og Kyrene, som kom til Antiokia og tala til grækarane og forkynte evangeliet um Herren Jesus.
Acts NorSMB 11:21  Og Herrens hand var med deim, og eit stort tal kom til trui og umvende seg til Herren.
Acts NorSMB 11:22  Denne tidend kom då kyrkjelyden i Jerusalem for øyro, og dei sende Barnabas ut til å fara til Antiokia.
Acts NorSMB 11:23  Då han kom dit og såg Guds nåde, gledde han seg og tilstyrkte deim alle til å halda fast ved Herren med hjartans fyreset;
Acts NorSMB 11:24  for han var ein god mann og full av den Heilage Ande og tru. Og mykje folk vart ført til Herren.
Acts NorSMB 11:25  Han for då ut til Tarsus for å leita etter Saulus; og då han fann honom, førde han honom med til Antiokia.
Acts NorSMB 11:26  Men det hende seg, at dei var saman eit heilt år hjå kyrkjelyden og lærde mykje folk, og i Antiokia vart læresveinarne fyrst kalla kristne.
Acts NorSMB 11:27  I dei dagarne kom det nokre profetar ned frå Jerusalem til Antiokia.
Acts NorSMB 11:28  Og ein av deim med namnet Agabus stod fram og kunngjorde ved Anden, at det skulde koma ein stor hunger yver heile mannheimen, og han kom ogso under keisar Klaudius.
Acts NorSMB 11:29  Læresveinarne sette seg då fyre å senda noko, etter som kvar av deim hadde råd, til hjelp for dei brørne som budde i Judæa.
Acts NorSMB 11:30  Det gjorde dei ogso, og dei sende det til dei eldste gjenom Barnabas og Saulus.
Chapter 12
Acts NorSMB 12:1  Ved denne tidi lagde kong Herodes hand på nokre av kyrkjelyden og for ille med deim.
Acts NorSMB 12:2  Jakob, bror til Johannes, tok han livet av med sverd.
Acts NorSMB 12:3  Og då han såg at det var jødarne til lags, heldt han fram og greip ogso Peter - det var i søtebrødhelgi -
Acts NorSMB 12:4  og då han hadde gripe honom, sette han honom i fengsel og yvergav til fire vaktskifte, på fire mann kvart, å vakta på honom, då han etter påske vilde føra honom fram for folket.
Acts NorSMB 12:5  Peter vart då vakta i fengslet. Men av kyrkjelyden vart det halde inderleg bøn til Gud for honom.
Acts NorSMB 12:6  Då so Herodes skulde til å føra honom fram, sov Peter den same natti millom tvo hermenner, bunden med tvo lekkjor, og vaktmenner utanfor døri vakta på fengslet.
Acts NorSMB 12:7  Og sjå, Herrens engel stod der, og eit ljos skein i fangeromet. Og han støytte Peter i sida, vekte honom og sagde: «Skunda deg og statt upp!» og lekkjorne fall av henderne på honom.
Acts NorSMB 12:8  Men engelen sagde til honom: «Bitt livgjordi um deg, og knyt på deg skorne dine!» Han so gjorde. Og han sagde til honom: «Kasta kjolen um deg, og fylg meg!»
Acts NorSMB 12:9  Og han gjekk ut og fylgde honom, og visste ikkje at det som engelen gjorde, var verkelegt, men trudde at han såg ei syn.
Acts NorSMB 12:10  Då dei var komne igjenom den fyrste og den andre vakti, kom dei til den jarnporten som ber ut til byen, og han opna seg for deim av seg sjølv. Og dei gjekk ut og gjekk ei gata frametter, og straks skildest engelen frå honom.
Acts NorSMB 12:11  Og Peter kom til seg sjølv att og sagde: «No veit eg i sanning at Herren sende engelen sin og fria meg ut or Herodes’ hand og frå alt det som jødefolket trår etter.»
Acts NorSMB 12:12  Og då han no hådde seg, gjekk han til huset hennar Maria, mor til Johannes som var kalla med tilnamnet Markus; der var mange komne saman og heldt bøn.
Acts NorSMB 12:13  Men då Peter banka på porten, kom det ut ei tenestgjenta, som heitte Rode, og skulde høyra etter.
Acts NorSMB 12:14  Og då ho kjende Peters røyst, vart ho so glad, at ho ikkje let upp porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.
Acts NorSMB 12:15  Men dei sagde til henne: «Du er frå vitet.» Men ho vissa at det var so. Då sagde dei: «Det er engelen hans.»
Acts NorSMB 12:16  Men Peter heldt på og banka; då let dei upp og såg honom, og dei vart forfærde.
Acts NorSMB 12:17  Men han gjorde teikn til dem med handi, at dei skulde tegja, og fortalde deim korleis Herren førde honom ut or fengslet. Og han sagde: «Fortel Jakob og brørne dette!» So gjekk han burt og for til ein annan stad.
Acts NorSMB 12:18  Då det so vart dag, var det ikkje liti røra millom hermennerne um kvar det då kunde ha vorte av Peter.
Acts NorSMB 12:19  Herodes let leita etter honom, men fann honom ikkje. Og han forhøyrde vaktmennerne og baud at dei skulde førast burt. Og han drog ned frå Judæa til Cæsarea og vart verande der.
Acts NorSMB 12:20  Han var storleg vreid på folket i Tyrus og Sidon. Men dei steig samrådde fram for honom, og då dei hadde vunne Blastus, ein hirdmann hjå kongen, bad dei um fred, av di landet deira hadde si næring frå kongens land.
Acts NorSMB 12:21  På ein fastsett dag klædde so Herodes seg i kongelegt skrud og sette seg på kongsstolen og heldt ein tale til deim.
Acts NorSMB 12:22  Og folket ropa til honom: «Det er Guds røyst og ikkje menneskjerøyst!»
Acts NorSMB 12:23  Straks slo Herrens engel honom, for di han ikkje gav Gud æra; og han vart uppeten av makk og anda ut.
Acts NorSMB 12:25  Og Barnabas og Saulus for atter frå Jerusalem då dei hadde fullført si tenesta, og tok og med seg Johannes som var kalla med tilnamnet Markus.
Chapter 13
Acts NorSMB 13:1  I Antiokia, hjå kyrkjelyden der, var det nokre profetar og lærarar: Barnabas og Simeon, som vart kalla Niger, og Lukius frå Kyrene og Manaen, fosterbror til fylkeskongen Herodes, og Saulus.
Acts NorSMB 13:2  Medan dei heldt gudstenesta og fasta, sagde den Heilage Ande: «Tak ut Barnabas og Saulus åt meg til den gjerning som eg hev kalla deim til!»
Acts NorSMB 13:3  Då fasta dei og bad og lagde henderne på deim og let deim fara.
Acts NorSMB 13:4  Då dei no soleis var utsende av den Heilage Ande, for dei ned til Seleukia og siglde derifrå yver til Kypern.
Acts NorSMB 13:5  Og då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i synagogorne til jødarne, og dei hadde ogso Johannes med til medhjelp.
Acts NorSMB 13:6  Då dei so hadde fare gjenom øyi radt til Pafus, fann dei ein trollmann, ein falsk profet, ein jøde, som hadde namnet Barjesus.
Acts NorSMB 13:7  Han var hjå landshovdingen Sergius Paulus, ein klok mann. Denne kalla til seg Barnabas og Saulus og ynskte å høyra Guds ord.
Acts NorSMB 13:8  Men Elymas, trollmannen - for so er namnet hans utlagt - stod deim imot og søkte å venda landshovdingen av frå trui.
Acts NorSMB 13:9  Men Saulus, som og vert kalla Paulus, vart fyllt med den Heilage Ande og såg kvast på honom og sagde:
Acts NorSMB 13:10  «Å du som er full av all svik og all vondskap, du djevels barn, du fiende til all rettferd! vil du ikkje halda upp med å forvenda Herrens beine vegar?
Acts NorSMB 13:11  Og no, sjå Herrens hand er yver deg, og du skal verta blind og ikkje sjå soli ei tid.» Og straks fall skodda og myrker på honom, og han trivla ikring og leita etter nokon som kunde leida honom ved handi.
Acts NorSMB 13:12  Då tok landshovdingen ved trui, då han såg det som hadde hendt, og han var full av undring yver Herrens læra.
Acts NorSMB 13:13  Paulus og fylgjet hans siglde so frå Pafus og kom til Perge i Pamfylia. Men Johannes skilde seg frå deim og vende um til Jerusalem.
Acts NorSMB 13:14  Men dei for lenger frå Perge og kom til Antiokia i Pisidia og gjekk inn i synagoga på kviledagen og sette seg.
Acts NorSMB 13:15  Etter lesnaden av lovi og profetarne sende forstandarane for synagoga bod til deim og sagde: «Brør, dersom de hev noko ord til påminning for folket, so tala!»
Acts NorSMB 13:16  So stod Paulus upp og slo til ljod med handi og sagde: «Israelitiske menner og de som ottast Gud, høyr!
Acts NorSMB 13:17  Dette folks, Israels, Gud valde ut federne våre, og han upphøgde folket i utlendingskapen i Egyptarland og førde deim ut derifrå med høglyft arm.
Acts NorSMB 13:18  Og umkring fyrti år bar han deim på faderarm i øydemarki,
Acts NorSMB 13:19  og han øydde ut sju folkeslag i Kana’ans-landet og skifte landet deira ut til arv åt deim, i fire hundrad og femti år på lag.
Acts NorSMB 13:20  So gav han deim domarar alt til profeten Samuel.
Acts NorSMB 13:21  Sidan kravde dei ein konge, og Gud gav deim Saul, Kis’ son, ein mann av Benjamins ætt, i fyrti år.
Acts NorSMB 13:22  Og då han hadde sett honom av, uppreiste han deim David til konge, han som han vitna um og sagde; «Eg fann David, Isais son, ein mann etter mitt hjarta; han skal gjera all min vilje.»
Acts NorSMB 13:23  Av hans ætt førde han etter lovnaden fram ein frelsar for Israel, Jesus,
Acts NorSMB 13:24  etter at Johannes fyreåt for hans koma hadde forkynt umvendingsdåp for heile Israels folk.
Acts NorSMB 13:25  Men då Johannes fullførde sitt livnadslaup, sagde han: «Den de held meg for å vera, er eg ikkje; men sjå, det kjem ein etter meg, som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av føterne på.»
Acts NorSMB 13:26  Brør, søner av Abrahams ætt, og dei millom dykk som ottast Gud! til dykk vart ordet um denne frelsa sendt.
Acts NorSMB 13:27  For dei som bur i Jerusalem og deira rådsherrar kjende honom ikkje, og med di dei dømde honom, uppfyllte dei og profetordi, som vert fyrelesne kvar kviledag.
Acts NorSMB 13:28  Og endå dei ikkje fann nokor daudskyld, bad dei Pilatus at han måtte verta ihelslegen.
Acts NorSMB 13:29  Men då dei hadde fullført alt det som stend skrive um honom, tok dei honom ned av treet og lagde honom i ei grav.
Acts NorSMB 13:31  og han synte seg i fleire dagar for deim som hadde gjenge med honom frå Galilæa upp til Jerusalem, dei som no er hans vitne for folket.
Acts NorSMB 13:32  Og me forkynner dykk evangeliet um den lovnaden som vart federne gjeven, at Gud hev uppfyllt denne for oss, deira born, då han reiste upp Jesus,
Acts NorSMB 13:33  so som det og stend skrive i den andre salmen: «Du er min son; eg hev født deg i dag.»
Acts NorSMB 13:34  Men at han reiste honom upp frå dei daude, so han aldri meir skal venda tilbake til undergang, det hev han sagt so: «Eg vil gjeva dykk dei heilage lovnader til David, dei trufaste.»
Acts NorSMB 13:35  Difor segjer han og ein annan stad: «Du skal ikkje lata din heilage sjå undergang.»
Acts NorSMB 13:36  For David sovna av, etter han i si livetid hadde tent Guds rådgjerd, og vart samla med sine feder og såg undergang.
Acts NorSMB 13:37  Men han som Gud vekte upp, han såg ikkje undergang.
Acts NorSMB 13:38  Det vere då kunnigt for dykk, brør, at i honom vert forlating for synderne forkynt dykk;
Acts NorSMB 13:39  og frå alt det som de ikkje kann verta rettferdiggjorde frå ved Mose lov, vert kvar den som trur rettferdiggjord i honom.
Acts NorSMB 13:40  Sjå difor til at det som er sagt hjå profetarne, ikkje skal koma yver dykk:
Acts NorSMB 13:41  «Sjå, de vanvyrdarar, og undra dykk og vert til inkjes! for eit verk gjer eg i dykkar dagar, eit verk som de ikkje vil tru, um nokon fortel dykk det.»»
Acts NorSMB 13:42  Men då dei gjekk ut, bad dei um at desse ordi måtte verta tala til deim den næste kviledagen.
Acts NorSMB 13:43  Og då synagogetenesta var enda, fylgde det med Paulus og Barnabas mange av jødarne og av dei jødetruande som dyrka Gud; og dei tala til deim og talde deim til å halda fast ved Guds nåde.
Acts NorSMB 13:44  Den næste kviledagen kom mest heile byen saman og vilde høyra Guds ord.
Acts NorSMB 13:45  Men då jødarne såg folkehoparne, vart dei fulle av brennhug, og dei sagde imot det som vart sagt av Paulus, ja, sagde imot og spotta.
Acts NorSMB 13:46  Då tok Paulus og Barnabas til ords og sagde beint ut: «Det var naudsynlegt at Guds ord vart tala fyrst til dykk; men sidan de støyter det burt og ikkje dømer dykk sjølve verdige til det ævelege liv, sjå, so vender me oss til heidningarne.
Acts NorSMB 13:47  For so hev Herren bode oss: «Eg hev sett deg til ljos for heidningar, at du skal vera til frelsa alt til ytste enden av jordi.»»
Acts NorSMB 13:48  Då heidningarne høyrde det, gledde dei seg og prisa Herrens ord, og dei tok ved trui, so mange som var etla til ævelegt liv.
Acts NorSMB 13:49  Og Herrens ord breidde seg ut yver heile landet.
Acts NorSMB 13:50  Men jødarne øste upp dei fornæme kvinnor som dyrka Gud, og dei fyrste menner i byen, og dei fekk i gang ei forfylgjing mot Paulus og Barnabas, og dei jaga deim ut frå sine landemerke.
Acts NorSMB 13:51  Dei riste dusti av føterne sine mot deim og kom til Ikonium.
Acts NorSMB 13:52  Men læresveinarne vart fyllte med gleda og den Heilage Ande.
Chapter 14
Acts NorSMB 14:1  So hende det seg i Ikonium, at dei gjekk saman inn i synagoga til jødarne, og tala soleis at ein stor mengd både med jødar og grækarar trudde.
Acts NorSMB 14:2  Men dei jødar som ikkje trudde, øste upp og sette vondt i hugen åt heidningarne imot brørne.
Acts NorSMB 14:3  Dei drygde då der ei lang tid og tala frimodigt i Herren, som vitna for sitt nådeord, med di han let teikn og under verta gjorde ved deira hender.
Acts NorSMB 14:4  Og mengdi i byen sundra seg: nokre heldt med jødarne, andre med apostlarne.
Acts NorSMB 14:5  Men då det vart stor ågang både av heidningarne og jødarne med deira styresmenner, med di dei vilde gjera vondt med deim og steina deim,
Acts NorSMB 14:6  og då dei merka det, flydde dei til byarne i Lykaonia: Lystra og Derbe, og landet der ikring;
Acts NorSMB 14:8  Og i Lystra sat det ein mann som var magtlaus i føterne og hadde vore vanfør frå mors liv og aldri hadde gjenge.
Acts NorSMB 14:9  Han høyrde Paulus tala, og då han stirde på honom og såg at han hadde tru på å verta lækt, sagde han med høg røyst:
Acts NorSMB 14:10  «Statt rett upp på føterne dine!» Og han sprang upp og gjekk ikring.
Acts NorSMB 14:11  Men då folket såg det som Paulus hadde gjort, lyfte dei røysti og sagde på lykaonisk: «Gudarne hev teke menneskjeskapnad på og er komne ned til oss.»
Acts NorSMB 14:12  Og dei kalla Barnabas Zeus og Paulus Hermes, av di han var den som førde ordet.
Acts NorSMB 14:13  Og presten for det Zeus-templet som var utanfor byen deira, kom til porten med uksar og kransar og vilde ofra saman med folket.
Acts NorSMB 14:14  Men då apostlarne Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei klædi sine sund og sprang inn i flokken,
Acts NorSMB 14:15  og ropa og sagde: «Menner, kva er det de gjer? Me er og menneskje under same kår som de, og me forkynner dykk evangeliet, at de skal venda dykk burt frå desse fåfengde gudar til den livande Gud, som gjorde himmelen og jordi og havet og alt som i deim er,
Acts NorSMB 14:16  han som i dei framfarne tiderne let alle heidningfolk ganga sine eigne vegar,
Acts NorSMB 14:17  endå han ikkje let seg utan vitnemål, men di han gjorde godt og gav dykk regn og grøderike tider frå himmelen, og metta hjarto dykkar med føda og fagnad.»
Acts NorSMB 14:18  Og ved å segja dette var det med naudi dei heldt folket frå å ofra til deim.
Acts NorSMB 14:19  Men det kom jødar dit frå Antiokia og Ikonium og eggja upp mengdi, og dei steina Paulus og drog honom ut or byen i den tru at han var slokna.
Acts NorSMB 14:20  Men medan læresveinarne stod um honom, reiste han seg upp og gjekk inn til byen. Og dagen etter gjekk han med Barnabas ut til Derbe.
Acts NorSMB 14:21  Og då dei hadde forkynt evangeliet der i byen og gjort mange til læresveinar, vende dei um att til Lystra og Ikonium og Antiokia,
Acts NorSMB 14:22  og dei styrkte sjælerne hjå læresveinarne og talde deim til å halda fast ved trui og sagde: «Me lyt ganga inn i Guds rike gjenom mange trengslor.»
Acts NorSMB 14:23  Og då dei hadde valt eldste åt deim for kvar kyrkjelyd, heldt dei bøn og fasta, og yvergav deim til den Herre som dei trudde på.
Acts NorSMB 14:25  og då dei hadde tala ordet i Perge, for dei ned til Attalia.
Acts NorSMB 14:26  Derifrå siglde dei til Antiokia, der som dei hadde vorte yvergjevne til Guds nåde til den gjerning som dei hadde fullført.
Acts NorSMB 14:27  Då dei kom dit, samla dei kyrkjelyden og fortalde kor store ting Gud hadde gjort ved deim, og at han hadde opna døri til tru for heidningarne.
Acts NorSMB 14:28  Og dei drygde der ikkje so kort tid saman med læresveinarne.
Chapter 15
Acts NorSMB 15:1  Og det kom nokre ned frå Judæa og lærde brørne: «Dersom de ikkje vert umskorne etter Mose sedvane, so kann de ikkje verta frelste.»
Acts NorSMB 15:2  Då der no vart strid, og Paulus og Barnabas kom i ikkje so lite ordskifte med deim, tok dei den råd at Paulus og Barnabas og nokre andre av deim skulde fara upp til apostlarne og dei eldste i Jerusalem for dette spursmålet skuld.
Acts NorSMB 15:3  Kyrkjelyden fylgde deim eit stykke på veg, og so drog dei gjenom Fønikia og Samaria og fortalde um korleis heidningarne hadde vendt um; og dei gjorde alle brørne stor gleda.
Acts NorSMB 15:4  Og då dei nådde fram til Jerusalem, vart dei fagna av kyrkjelyden og apostlarne og dei eldste, og dei fortalde kor store ting Gud hadde gjort ved deim.
Acts NorSMB 15:5  Men det reiste seg nokre av farisæarflokken som hadde teke ved trui, og sagde: «Ein må umskjera deim og påleggja deim å halda Mose lov.»
Acts NorSMB 15:6  Apostlarne og dei eldste kom då saman og skulde rådleggja um denne saki.
Acts NorSMB 15:7  Då det so vart eit kvast ordskifte, stod Peter upp og sagde til deim: «Brør! de veit at Gud for lenge sidan gjorde det utval millom dykk, at ved min munn skulde heidningarne få høyra ordet um evangeliet og koma til trui.
Acts NorSMB 15:8  Og Gud, som kjenner hjarto, han vitna for deim, då han gav deim den Heilage Ande liksom oss;
Acts NorSMB 15:9  og inkje skil gjorde han på oss og deim, med di han ved trui reinsa hjarto deira.
Acts NorSMB 15:10  Kvi freistar de då Gud no med å leggja på nakken til læresveinarne eit ok som korkje federne våre eller me orka å bera?
Acts NorSMB 15:11  Men ved Herren Jesu nåde trur me at me vert frelste, på same måten som dei.»
Acts NorSMB 15:12  Då tagde heile mengdi, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde kor store teikn og under Gud hadde gjort millom heidningarne ved deim.
Acts NorSMB 15:13  Og då dei hadde slutta å tala, tok Jakob til ords og sagde: «Brør, høyr på meg!
Acts NorSMB 15:14  Simeon hev fortalt korleis Gud frå det fyrste såg til å få seg eit folk av heidningar for sitt namn.
Acts NorSMB 15:15  Og med dette samstavast profetordi, so som det stend skrive:
Acts NorSMB 15:16  «Deretter vil eg venda tilbake og byggja upp att Davids nedfalne hytta, og det som er nedrive av henne, vil eg byggja upp att, og nyreisa det,
Acts NorSMB 15:17  so dei andre menneskje skal søkja Herren, ja, alle heidningfolki som mitt namn er nemnt yver,» segjer Herren, som gjer dette,
Acts NorSMB 15:19  Difor dømer eg at ein ikkje skal tyngja deim av heidningarne som umvender seg til Gud,
Acts NorSMB 15:20  men skriva til deim at dei skal halda seg frå ureinskap ved avgudar og frå hor og frå det som er strøypt og frå blod.
Acts NorSMB 15:21  For Moses hev frå gamle dagar i kvar by deim som forkynner honom, då han vert upplesen i synagogorne kvar kviledag.»
Acts NorSMB 15:22  Då vedtok apostlarne og dei eldste saman med heile kyrkjelyden å velja ut menner millom seg og senda deim til Antiokia med Paulus og Barnabas: det var Judas, med tilnamnet Barsabbas, og Silas, som var høgvyrde menner millom brørne.
Acts NorSMB 15:23  Og dei skreiv dette med deim: «Apostlarne og dei eldste og brørne helsar brørne av heidningarne i Antiokia og Syria og Kilikia.
Acts NorSMB 15:24  Etter di me hev høyrt at nokre som er komne frå oss, hev skræmt dykk upp ved sin tale og uroa sjælerne dykkar - me hev ikkje gjeve deim noko pålegg -
Acts NorSMB 15:25  so hev me samrådde vedteke å velja ut nokre menner og senda deim til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,
Acts NorSMB 15:26  menner som hev våga livet sitt for vår Herre Jesu Kristi namn.
Acts NorSMB 15:27  Me hev då sendt Judas og Silas, som og munnleg skal kunngjera det same.
Acts NorSMB 15:28  For den Heilage Ande og me hev vedteke at me ikkje vil leggja nokor byrd på dykk utyver desse naudturvelege ting:
Acts NorSMB 15:29  at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det strøypte og hor; og de vil finna dykk vel ved å vara dykk for desse ting. Liv vel!»
Acts NorSMB 15:30  Då no desse var sende av stad, kom dei til Antiokia, og dei kalla heile kyrkjelyden saman og gav deim brevet.
Acts NorSMB 15:31  Då dei hadde lese det, vart dei glade yver den trøysti.
Acts NorSMB 15:32  Judas og Silas, som sjølv var profetar, trøysta brørne med mange ord og styrkte deim,
Acts NorSMB 15:33  og då dei hadde vore der ei tid, let brørne deim fara med fred til deim som hadde sendt deim.
Acts NorSMB 15:35  Men Paulus og Barnabas drygde i Antiokia og lærde og forkynte Herrens ord ved evangeliet saman med mange andre.
Acts NorSMB 15:36  Men etter nokre dagar sagde Paulus til Barnabas: «Lat oss gjera ferdi upp att og sjå til våre brør i kvar by der me forkynte Herrens ord, korleis dei hev det!»
Acts NorSMB 15:37  Barnabas rådde til å taka Johannes med, som var kalla Markus.
Acts NorSMB 15:38  Men Paulus tykte ikkje dei skulde taka honom med, som hadde skilt seg frå deim i Pamfylia og ikkje gjenge med deim til deira gjerning.
Acts NorSMB 15:39  Det kom då til ein kvass strid, so dei skildest frå kvarandre, og Barnabas tok Markus med seg og siglde av til Kypern.
Acts NorSMB 15:40  Men Paulus valde Silas til fylgjesvein og drog ut etter at brørne hadde gjeve honom yver til Herrens nåde.
Acts NorSMB 15:41  Og han for gjenom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydarne.
Chapter 16
Acts NorSMB 16:1  Og han kom til Derbe og Lystra. Og sjå, der var det ein læresvein med namnet Timoteus, son åt ei truande jødisk kvinna og ein græsk far.
Acts NorSMB 16:2  Han hadde godt lov av brørne i Lystra og Ikonium.
Acts NorSMB 16:3  Honom vilde Paulus hava i fylgje med seg på ferdi, og han tok og umskar honom for dei jødar skuld som var på dei staderne, for dei visste alle at far hans var grækar.
Acts NorSMB 16:4  Som dei då drog gjenom byarne, pålagde dei deim å halda dei bodi som var vedtekne av apostlarne og dei eldste i Jerusalem.
Acts NorSMB 16:5  So vart då kyrkjelydarne styrkte i trui og voks i tal med kvar dag.
Acts NorSMB 16:6  So for dei gjenom Frygia og det galatiske land, for den Heilage Ande hindra deim frå å tala ordet i Asia,
Acts NorSMB 16:7  og då dei kom burtimot Mysia, freista dei å fara til Bitynia; og Jesu Ande gav deim ikkje lov.
Acts NorSMB 16:9  Og um natti viste det seg ei syn for Paulus; det stod ein mann frå Makedonia og bad honom og sagde: «Kom yver til Makedonia og hjelp oss!»
Acts NorSMB 16:10  Då han hadde set syni, søkte me straks å koma yver til Makedonia, sidan me kunde skyna at Herren hadde kalla oss til å forkynna evangeliet for deim.
Acts NorSMB 16:11  Me lagde so ut frå Troas og siglde beint yver til Samotrake og dagen etter til Neapolis,
Acts NorSMB 16:12  og derifrå til Filippi, som er den fyrste byen i den luten av Makedonia og ein romersk koloni. I den byen drygde me nokre dagar.
Acts NorSMB 16:13  På kviledagen gjekk me utanfor porten til ei elv, der dei hadde for vis å samlast til bøn, og me sette oss der og tala til dei kvinnor som der var komne saman.
Acts NorSMB 16:14  Og ei kvinna med namnet Lydia, som dreiv purpurhandel, frå byen Tyatira, ei som dyrka Gud etter jødetrui, ho høyrde på, og Herren let upp hjarta hennar, so ho gav gaum etter det som Paulus tala.
Acts NorSMB 16:15  Då ho og hennar hus var døypte, bad ho oss og sagde: «So sant de held meg for å vera ei som trur på Herren, so kom inn i mitt hus og ver der!» Og ho nøydde oss.
Acts NorSMB 16:16  Men det hende seg, ein gong då me drog ut til bønestaden, at det møtte oss ei trælkvinna som hadde ei spådomsånd og var herrarne sine til stor vinning med å spå.
Acts NorSMB 16:17  Ho fylgde etter Paulus og oss og ropa og sagde: «Desse menneski er den høgste Guds tenarar, som forkynner dykk frelsevegen!»
Acts NorSMB 16:18  Dette gjorde ho mange dagar. Men Paulus vart harm og vende seg og sagde til åndi: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn å fara ut or henne!» Og ho for ut or henne i same stundi.
Acts NorSMB 16:19  Men då herrarne hennar såg at deira von um vinning var spillt, tok dei fat på Paulus og Silas og drog deim med på torget til rettartinget,
Acts NorSMB 16:20  og dei førde deim fram for styresmennerne og sagde: «Desse mennerne rører reint upp byen vår; dei er jødar
Acts NorSMB 16:21  og forkynner seder som me ikkje hev lov til å taka imot eller liva etter, me som er romarar.»
Acts NorSMB 16:22  Folket reiste seg og imot deim, og styresmennerne reiv klædi av deim, og let deim hudflengjast,
Acts NorSMB 16:23  Og då dei hadde slege deim mange slag, kasta dei deim i fengsel og pålagde fangevaktaren å taka vel vare på deim.
Acts NorSMB 16:24  Då han hadde fengje det pålegget, kasta han deim i det inste fangeromet og sette føterne deira fast i stokken.
Acts NorSMB 16:25  Men umkring midnatt heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangarne lydde på deim.
Acts NorSMB 16:26  Då kom det brått ein stor jordskjelv, so at grunnvollen i fengslet skalv, og straks sprang alle dører upp, og lekkjorne losna av deim alle.
Acts NorSMB 16:27  Fangevaktaren for upp or svevnen, og då han såg dørerne i fengslet opna, drog han sverdet og vilde drepa seg, for han trudde at fangarne hadde rømt.
Acts NorSMB 16:28  Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! me er her alle saman.»
Acts NorSMB 16:29  Han bad då um ljos og sprang inn, og han fall skjelvande ned for Paulus og Silas.
Acts NorSMB 16:30  Og han førde deim ut og sagde: «Herrar, kva skal eg gjera for å verta frelst?»
Acts NorSMB 16:31  Dei svara: «Tru på Herren Jesus, so skal du verta frelst, du og ditt hus.»
Acts NorSMB 16:32  Og dei tala Herrens ord til honom og til alle i hans hus.
Acts NorSMB 16:33  So tok han deim til seg i same timen um natti og vaska deim etter slagi, og han vart straks døypt, han sjølv og alle hans.
Acts NorSMB 16:34  Og han førde deim upp i huset sitt, sette fram brød åt deim, og gledde seg for di han med heile sitt hus var komen til trui på Gud.
Acts NorSMB 16:35  Då det so vart dag, sende styresmennerne sveinarne og sagde: «Lat mennerne lause!»
Acts NorSMB 16:36  Fangevaktaren fortalde Paulus desse ordi: «Styresmennerne hev sendt bod at de skal sleppa lause; so gakk no ut og far i fred!»
Acts NorSMB 16:37  Men Paulus sagde til deim: «Dei hev hudflengt oss openberrleg utan lov og dom, me som er romerske borgarar; og so hev dei kasta oss i fengsel, og no vil dei jaga oss burt i løyndom. Men nei; lat deim koma sjølve og føra oss ut!»
Acts NorSMB 16:38  Sveinarne fortalde styresmennerne desse ordi. Og dei vart rædde, då dei høyrde at dei var romarar;
Acts NorSMB 16:39  dei kom og tala vel med deim og førde deim ut og bad deim fara frå byen.
Acts NorSMB 16:40  So gjekk dei ut or fengslet og gjekk inn til Lydia; og då dei hadde set brørne og gjeve deim påminningar, drog dei burt.
Chapter 17
Acts NorSMB 17:1  Då dei hadde fare gjenom Amfipolis og Apollonia, kom dei til Tessalonika, der jødarne hadde synagoga.
Acts NorSMB 17:2  Som Paulus’ sedvane var, gjekk han inn til deim, og tri kviledagar tala han med deim ut or skrifterne
Acts NorSMB 17:3  og tydde og greidde ut, at Messias skulde lida og standa upp frå dei daude, og sagde: «Dette er Messias, den Jesus som eg forkynner dykk.»
Acts NorSMB 17:4  Og nokre av deim vart yvertydde og heldt seg til Paulus og Silas, og like eins ein stor mengd av dei grækarar som dyrka Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnorne.
Acts NorSMB 17:5  Men jødarne vart fulle av brennhug og tok med seg nokre låke menneskje av deim som rak på torget, og gjorde eit upplaup og sette byen i røra. Og dei trengde seg fram imot Jasons hus og søkte å få deim ut til folket.
Acts NorSMB 17:6  Men då dei ikkje fann deim, drog dei Jason og nokre av brørne fram for byretten og ropa: «Desse som hev sett heile mannheimen i upprør, dei er og komne hit,
Acts NorSMB 17:7  og Jason hev teke imot deim. Og alle desse gjer beint imot keisarens lovbod, og segjer at ein annan er konge, og det er Jesus.»
Acts NorSMB 17:8  Og dei fekk skræmt upp folket og byretten, då dei høyrde dette.
Acts NorSMB 17:9  Og då dei hadde late Jason og dei andre ganga i borg for deim, let dei deim lause.
Acts NorSMB 17:10  Men brørne sende straks um natti både Paulus og Silas av stad til Berøa, og då dei kom dit, gjekk dei burt i synagoga til jødarne.
Acts NorSMB 17:11  Men desse var gjævare enn dei i Tessalonika, og dei tok imot ordet med all godvilje og ransaka dag etter dag i skrifterne um dette hadde seg soleis.
Acts NorSMB 17:12  Mange av dei kom då til trui, og ikkje få av dei fornæme græske kvinnor og menner.
Acts NorSMB 17:13  Men då jødarne i Tessalonika fekk vita at Paulus forkynte Guds ord i Berøa og, kom dei og dit og eggja upp folket.
Acts NorSMB 17:14  Straks sende då brørne Paulus burt på vegen til havet; men både Silas og Timoteus vart att der.
Acts NorSMB 17:15  Dei som fylgde Paulus, førde honom til Aten og drog so derifrå med det bodet til Silas og Timoteus, at dei skulde koma til honom so snart som råd var.
Acts NorSMB 17:16  Medan no Paulus venta på deim i Aten, harmast hans ånd i honom, då han såg at byen var full av avgudsbilæte.
Acts NorSMB 17:17  Han samtala då i synagoga med jødarne og deim som dyrka Gud, og på torget kvar dag med deim han råka på.
Acts NorSMB 17:18  Nokre av dei epikureiske og stoiske vismennerne gav seg i ordskifte med honom, og sume sagde: «Kva er det denne ordgytaren vil segja?» Men andre sagde: «Han synest vera talsmann for framande guddomar;» - for han forkynte deim evangeliet um Jesus og uppstoda.
Acts NorSMB 17:19  So tok dei honom i handi og førde honom upp til Areopagus og sagde: «Kann me få vita kva det er for ei ny læra, dette som du talar um?
Acts NorSMB 17:20  For det er underlege ting du fører oss for øyro. Difor vil me få vita kva dette skal tyda.»
Acts NorSMB 17:21  Men alle atenarar og dei framande som budde der, gav seg ikkje stunder til anna enn å fortelja eller høyra nytt.
Acts NorSMB 17:22  So stod då Paulus fram midt på Areopagus og sagde: «De ateniske menner! Eg ser at de i alle måtar er mykje annsame i dykkar gudsdyrking;
Acts NorSMB 17:23  for då eg gjekk ikring og såg på heilagdomarne dykkar, fann eg og eit altar med den innskrifti: «For ein ukjend Gud.» Det som de då dyrkar utan å kjenna det, dette forkynner eg dykk.
Acts NorSMB 17:24  Gud, han som gjorde verdi og alt det som i henne er, han som er herre yver himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er gjorde med hender,
Acts NorSMB 17:25  ikkje heller tek han tenesta av menneskjehender, som um han hadde trong til nokon ting, for han sjølv gjev alle liv og ande og alle ting;
Acts NorSMB 17:26  og han hev late alle folkeslag av eitt blod bu yver heile jordkringen og fastsett deim visse tider og landemerke for deira bustad,
Acts NorSMB 17:27  for at dei skulde leita etter Gud, um dei då kunde kjenna og finna honom, endå han ikkje er langt burte frå nokon einaste av oss.
Acts NorSMB 17:28  For i honom er det me liver og rører oss og er til, som og nokre av skaldarne dykkar hev sagt: «For me er ogso hans ætt.»
Acts NorSMB 17:29  Når me då er Guds ætt, må me ikkje tru at guddomen er lik gull eller sylv eller stein, eit bilæte av menneskjeleg kunst og tanke.
Acts NorSMB 17:30  Etter at Gud då hev havt tol med dei tidar då vankunna rådde, so byd han no alle menneskje alle stader at dei skal umvenda seg,
Acts NorSMB 17:31  etter som han hev fastsett ein dag då han vil døma mannheimen med rettferd ved ein mann som han fyreskipa til det, etter at han hadde gjeve jarteigner for alle med å reisa honom upp frå dei daude.»
Acts NorSMB 17:32  Men då dei høyrde um uppstoda av daude, spotta nokre, men andre sagde: «Me vil høyra deg ein gong til um dette.»
Acts NorSMB 17:34  Men nokre menner heldt seg til honom og kom til tru, millom deim ogso Dionysius, ein av domarane på Areopagus, og ei kvinna med namnet Damaris og andre med deim.
Chapter 18
Acts NorSMB 18:2  Der fann han ein jøde med namnet Akvilas, som var fødd i Pontus og nyst var komen frå Italia, og Priskilla, kona hans; for Klaudius hadde påbode at alle jødar skulde hava seg burt frå Rom; og han gjekk til deim,
Acts NorSMB 18:3  og då han dreiv same handverket, budde han hjå deim og arbeidde der; for dei var tjeldmakarar av handverk.
Acts NorSMB 18:4  Men han heldt samtalar i synagoga kvar kviledag og yvertydde jødar og grækarar.
Acts NorSMB 18:5  Då so Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, var Paulus fullt uppteken med å læra, med di han vitna for jødarne, at Jesus er Messias.
Acts NorSMB 18:6  Men då dei stod imot og spotta, riste han dusti av klædi sine og sagde til deim: «Dykkar blod kome yver dykkar hovud! Eg er rein; frå denne stundi gjeng eg til heidningarne.»
Acts NorSMB 18:7  So gjekk han burt derifrå og kom i huset til ein mann med namnet Justus, som dyrka Gud, og hans hus låg vegg i vegg med synagoga.
Acts NorSMB 18:8  Men Krispus, synagoge-forstandaren, kom til tru på Herren med heile sitt hus; og mange av folket i Korint kom til tru då dei høyrde honom, og let seg døypa.
Acts NorSMB 18:9  Og Herren sagde til Paulus i ei syn um natti: «Ottast ikkje, men tala, og teg ikkje!
Acts NorSMB 18:10  For eg er med deg, og ingen skal leggja hand på deg og gjera deg vondt; for eg hev mykje folk i denne byen.»
Acts NorSMB 18:11  Og han vart buande der eit år og seks månader, og lærde Guds ord millom deim.
Acts NorSMB 18:12  Men då Gallio var landshovding yver Akaia, reiste jødarne seg alle som ein mot Paulus og førde ham fram for domstolen og sagde.
Acts NorSMB 18:13  «Denne set folk upp til å dyrka Gud imot lovi.»
Acts NorSMB 18:14  Då Paulus vilde opna munnen, sagde Gallio til jødarne: «Var det nokor illgjerning eller noko vondt ustykke, de jødar, då hadde eg med god grunn høyrt på dykk med tolmod.
Acts NorSMB 18:15  Men er det stridsspursmål um ei læra og um namn og um dykkar lov, so stell med det sjølve! for i dei ting vil ikkje eg vera domar.»
Acts NorSMB 18:17  Men då tok dei alle fat på Sostenes, synagoge-forstandaren, og slo honom midt for domstolen. Og Gallio brydde seg ikkje noko um alt dette.
Acts NorSMB 18:18  Paulus vart der endå ei lang tid; so bad han velfar med brørne og siglde burt til Syria, og Priskilla og Akvilas i fylgje med honom, etter at han fyrst i Kenkreæ hadde klypt håret sitt, for han hadde ein lovnad på seg.
Acts NorSMB 18:19  So kom dei til Efesus; der let han dei andre vera att, og sjølv gjekk han inn i synagoga og gav seg i samtale med jødarne.
Acts NorSMB 18:20  Då dei bad honom vera der lenger, samtykte han ikkje,
Acts NorSMB 18:21  men baud deim velfar og sagde: «Eg skal koma til dykk att, um Gud so vil.» So siglde han frå Efesus,
Acts NorSMB 18:22  og han kom til Cæsarea, og han drog upp og helsa på kyrkjelyden og drog so ned til Antiokia.
Acts NorSMB 18:23  Då han hadde vore der ei tid, drog han ut og for gjenom Galatarlandet og Frygia frå ende til ende og styrkte alle læresveinarne.
Acts NorSMB 18:24  Men ein jøde med namnet Apollos, fødd i Aleksandria, ein ordhag mann, kom til Efesus; han var sterk i skrifterne.
Acts NorSMB 18:25  Han var upplærd um Herrens veg, og brennande i åndi tala og lærde han grannleg um Herren, endå han kjende berre Johannes-dåpen.
Acts NorSMB 18:26  Og han tok til å tala frimodigt i synagoga. Då Priskilla og Akvilas høyrde honom, tok dei honom til seg og greidde Guds veg grannare ut for honom.
Acts NorSMB 18:27  Då han so vilde draga derifrå til Akaia, talde brørne honom til og skreiv til læresveinarne um å taka imot honom. Og då han kom dit, var han ved Guds nåde til stor hjelp for dei truande.
Acts NorSMB 18:28  For med kraft målbatt han jødarne openberrleg for alle, med di han synte ut or skrifterne at Jesus er Messias.
Chapter 19
Acts NorSMB 19:1  Medan Apollos var i Korint, hende det at Paulus kom til Efesus, etter han hadde fare gjenom dei øvre bygder.
Acts NorSMB 19:2  Der fann han nokre læresveinar og sagde til deim: «Fekk de den Heilage Ande då de vart truande?» Dei svara honom: «Me hev ikkje ein gong høyrt um den Heilage Ande er komen.»
Acts NorSMB 19:3  Han sagde til deim: «Kva dåp er de då døypte med?» Dei sagde: «Med Johannes’ dåp.»
Acts NorSMB 19:4  Då sagde Paulus: «Johannes, han døypte med umvendings dåp, med di han sagde til folket, at dei skulde tru på den som kom etter honom, det er på Jesus.»
Acts NorSMB 19:5  Då dei høyrde det, let dei seg døypa til Herren Jesu namn,
Acts NorSMB 19:6  og då Paulus lagde henderne på deim, kom den Heilage Ande yver deim, og dei tala med tungor og profetiske ord.
Acts NorSMB 19:8  Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike.
Acts NorSMB 19:9  Men då nokre forherde seg og ikkje vilde tru, og tala ille for mengdi um denne vegen, braut han lag med deim og skilde læresveinarne ut og heldt dagleg samtalar i skulen åt Tyrannus.
Acts NorSMB 19:10  Dette varde i tvo år, so at alle dei som budde i Asia, fekk høyra Herrens ord, både jødar og grækarar,
Acts NorSMB 19:11  Og uvanlege kraftverk gjorde Gud ved Paulus’ hender,
Acts NorSMB 19:12  so at folk endå tok sveitedukar eller fangskinn som han hadde havt på seg, og gjekk med deim til dei sjuke, og dei vart fri for sjukdomarne, og dei vonde ånderne for ut or deim.
Acts NorSMB 19:13  Men nokre av dei jødar som for ikring og mana ånder, tok til å nemna Herren Jesus namn yver deim som hadde dei vonde ånderne, med di dei sagde: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.»
Acts NorSMB 19:14  Det var nokre søner til Skevas, ein jødisk øvsteprest, sju i talet, dei som gjorde dette.
Acts NorSMB 19:15  Men den vonde åndi svara og sagde: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg um; men de, kven er de?»
Acts NorSMB 19:16  Og mannen som den vonde åndi var i, sprang innpå deim og vann på deim og fekk yvermagt yver deim, so at dei laut fly nakne og såra ut or huset.
Acts NorSMB 19:17  Dette vart kunnigt for alle som budde i Efesus, både jødar og grækarar, og der kom ræddhug på deim alle, og Herren Jesu namn vart høglova.
Acts NorSMB 19:18  Og mange av deim som hadde teke ved trui, kom og vitna og fortalde um sine gjerningar.
Acts NorSMB 19:19  Og ein stor hop av deim som hadde fare med fåfengde kunster, bar bøkerne sine i hop og brende deim upp so alle folk såg det. Og dei rekna saman deira verde og fann at det var femti tusund sylvpengar.
Acts NorSMB 19:20  Soleis hadde Herrens ord veldug framgang og fekk magt.
Acts NorSMB 19:21  Då dette var fullført, sette Paulus seg fyre å draga gjenom Makedonia og Akaia og fara til Jerusalem, med di han sagde: «Når eg hev vore der, lyt eg og sjå Rom.»
Acts NorSMB 19:22  So sende han tvo av hjelpesmennerne sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv vart han endå verande ei tid i Asia.
Acts NorSMB 19:23  Men ved den tid vart der ikkje lite uppstyr um Guds veg.
Acts NorSMB 19:24  For det var ein mann med namnet Demetrius, ein sylvsmed, som gjorde Artemis-tempel av sylv og gav kunstsmedarne ikkje liti vinning.
Acts NorSMB 19:25  Han kalla saman desse og dei arbeidarar som sysla med det same, og sagde: «Menner, de veit at det er av dette arbeidet me hev vårt velstand.
Acts NorSMB 19:26  Og de ser og høyrer at ikkje berre i Efesus, men yver mest heile Asia hev denne Paulus ved yverteljing avvendt ein stor hop, med di han segjer at dei ikkje er gudar, dei som vert gjorde med henderne.
Acts NorSMB 19:27  No er det ikkje berre den fåren at dette vårt handverk skal få eit uord, men ogso at den store gudinna Artemis’ tempel skal verta rekna for ingen ting, og hennar storvelde verta øydelagt, ho som heile Asia og mannheimen dyrkar.»
Acts NorSMB 19:28  Då dei høyrde dette, vart dei fulle av harm og ropa: «Stor er den efesiske Artemis!»
Acts NorSMB 19:29  Og heile byen kom i fullt upprør, og dei styrmde alle som ein til teatret og reiv med seg makedonarane Gaius og Aristarkus, fylgjesmennerne åt Paulus.
Acts NorSMB 19:30  Då Paulus vilde ganga inn til folket, let ikkje læresveinarne honom få lov.
Acts NorSMB 19:31  Nokre av asiarådarne, som var hans vener, sende og bod til honom og bad honom at han ikkje måtte ganga inn i teatret.
Acts NorSMB 19:32  Nokre ropa då eitt, andre noko anna; for folkehopen var reint fortulla, og dei fleste visste ikkje kva dei var komne saman for.
Acts NorSMB 19:33  Men nokre av flokken sette Aleksander inn i saki, då jødarne skuva honom fram. Men Alexander slo til ljod med handi og vilde halda ein forsvarstale til folket.
Acts NorSMB 19:34  Men då dei fekk vita at han var ein jøde, vart det eit einaste rop frå deim alle, so dei mest i tvo timar ropa: «Stor er den efisiske Artemis!»
Acts NorSMB 19:35  Men byskrivaren fekk då stagga hopen og sagde: «Menner frå Efesus? Kva menneskje er det vel som ikkje veit at efesar-byen er tempelvaktar for den store gudinna Artemis og hennar himmelfalne bilæte?
Acts NorSMB 19:36  Då no ingen segjer imot dette, so må de styra dykk og ikkje gjera noko for framfust.
Acts NorSMB 19:37  For de hev ført hit desse mennerne, som korkje er tempelranarar eller spottar dykkar gudinna.
Acts NorSMB 19:38  Hev no Demetrius og kunstsmedarne med honom nokor klaga på nokon, so vert det då halde rettarmøte, og her er landshovdingar; lat deim so føra klaga på kvarandre!
Acts NorSMB 19:39  Men dersom det er noko anna de søkjer, so skal det verta avgjort på det lovlege ålmannating.
Acts NorSMB 19:40  For det er jamvel fåre for at me skal verta klaga for upprør etter dette i dag, då det ingen grunn finst, som me kann bruka til å gjera greida for dette upplaupet.» [Stu21: 41] Og med å segja dette fekk han hopen til å skiljast.
Chapter 20
Acts NorSMB 20:1  Då so uppstyret hadde stilna, kalla Paulus læresveinarne til seg og gav deim påminningar og bad farvel med deim; so drog han ut og vilde fara til Makedonia.
Acts NorSMB 20:2  Då han hadde fare gjenom desse landi og påminnt deim med mange ord, kom han til Grækland.
Acts NorSMB 20:3  Der vart han verande tri månader; og då jøderne lagde upp meinråd imot honom medan han skulde til å sigla til Syria, tok han den råd å leggja attervegen gjenom Makedonia.
Acts NorSMB 20:4  Til Asia fylgde honom Sopater, son åt Pyrrus, frå Berøa, og av deim frå Tessalonika Aristarkus og Sekundus, og Gaius frå Derbe og Timoteus, og av deim frå Asia Tykikus og Trofimus.
Acts NorSMB 20:5  Desse drog i fyrevegen og venta på oss i Troas.
Acts NorSMB 20:6  Men me siglde ut frå Filippi etter søtebrødhelgi, og kom fem dagar etter til deim i Troas, der me so drygde i sju dagar.
Acts NorSMB 20:7  Den fyrste dagen i vika var me saman og braut brødet; då heldt Paulus samtalar med deim, av di han vilde draga burt dagen etter, og han tøygde talen ut like til midnatt.
Acts NorSMB 20:9  Men ein ung mann med namnet Eutykus sat i vindauga og var fallen i djup svevn, då Paulus drog samtalen so lenge ut, og i svevnen datt han ut og sturta ned frå tridje høgdi og vart teken upp livlaus.
Acts NorSMB 20:10  Men Paulus gjekk ned og kasta seg yver honom og tok honom i famnen og sagde: «Ståka ikkje! for sjæli hans er i honom.»
Acts NorSMB 20:11  So gjekk han upp att og braut brødet og åt av det; og då han hadde tala med deim ei lang stund heilt til dagsprett, drog han av stad.
Acts NorSMB 20:12  Dei førde guten livande burt og vart storleg trøysta.
Acts NorSMB 20:13  Me hadde då gjenge um bord i skipet og siglde av til Assus og skulde taka Paulus um bord der; for so hadde han påbode, då han sjølv vilde ganga.
Acts NorSMB 20:14  Då han so kom til oss i Assus, tok me honom um bord og kom til Mitylene;
Acts NorSMB 20:15  og derifrå siglde me og kom dagen etter beint utfor Kios; andre dagen kom me til Samos, og då me hadde drygt ei stund i Trogillium, kom me dagen etter til Milet.
Acts NorSMB 20:16  For Paulus hadde sett seg fyre å sigla utanum Efesus, so han ikkje skulde spilla tid i Asia; for han trøytte seg etter å nå Jerusalem til kvitsundagen, um det var mogelegt for honom.
Acts NorSMB 20:17  Frå Milet sende han so bod til Efesus og kalla til seg dei eldste for kyrkjelyden.
Acts NorSMB 20:18  Då dei var komne til honom, sagde han til deim: «De veit korleis mi ferd hjå dykk hev vore heile tidi, alt frå fyrste dagen eg kom til Asia,
Acts NorSMB 20:19  at eg tente Herren med all audmykt og med tåror og i freistingar, som meinråderne frå jødarne førde yver meg,
Acts NorSMB 20:20  korleis eg ikkje heldt att noko av det som kunde vera dykk til gagn, men forkynte dykk det og lærde dykk det for ålmenta og heime i husi,
Acts NorSMB 20:21  med di eg vitna både for jødar og grækarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.
Acts NorSMB 20:22  Og no, sjå, bunden av Anden dreg eg til Jerusalem, og veit ikkje kva som der skal møta meg,
Acts NorSMB 20:23  utan det at den Heilage Ande i by etter by vitnar for meg og segjer at band og trengslor ventar meg.
Acts NorSMB 20:24  Men for meg sjølv agtar eg ikkje mitt liv eit ord verdt, når eg berre kann fullføra mitt laup og den tenesta som eg fekk av Herren Jesus: å vitna um evangeliet um Guds nåde.
Acts NorSMB 20:25  Og no, sjå, eg veit at de ikkje meir skal sjå mi åsyn, alle de som eg gjekk um imillom og forkynte Guds rike.
Acts NorSMB 20:26  Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er rein for alle manns blod.
Acts NorSMB 20:27  For ikkje heldt eg noko undan, men eg forkynte dykk heile Guds råd.
Acts NorSMB 20:28  Gjev då agt på dykk sjølve og på heile den hjord som den Heilage Ande sette dykk til tilsynsmenner i til å vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod!
Acts NorSMB 20:29  Eg veit at etter min burtgang skal det koma inn millom dykk ville vargar, som ikkje sparer hjordi.
Acts NorSMB 20:30  Ja, frå dykk sjølve skal det koma fram folk som fer med forvend tale og vil lokka læresveinarne etter seg.
Acts NorSMB 20:31  Vak difor, og kom i hug at eg tri år natt og dag ikkje heldt upp med å påminna kvar ein med tåror!
Acts NorSMB 20:32  Og no legg eg dykk yver på Gud og hans nådeord, han som hev magt til å uppbyggja dykk og gjeva dykk arvlut bland alle deim som hev vorte helga.
Acts NorSMB 20:33  Ingen manns sylv eller gull eller klædnad hev eg kravt.
Acts NorSMB 20:34  De veit sjølve at det som eg sjølv trong, og dei som var med meg, det hev desse henderne arbeidt for.
Acts NorSMB 20:35  I alle måtar synte eg dykk, at soleis skal me med strævsamt arbeid vera til hjelp for dei veike og hugsa på Herren Jesu ord, som han sjølv hev sagt: «Det er sælare å gjeva enn å taka.»»
Acts NorSMB 20:36  Då han hadde sagt dette, fall han på kne og bad saman med deim alle.
Acts NorSMB 20:37  Då brast dei alle i sterk gråt og fall Paulus um halsen og kysste honom.
Acts NorSMB 20:38  Og mest vondt gjorde deim det ordet han hadde sagt, at dei ikkje meir skulde få sjå hans åsyn. So fylgde dei honom til skipet.
Chapter 21
Acts NorSMB 21:1  Då me hadde rive oss frå deim og siglt av stad, kom me beinleides til Kos, næste dagen til Rodus og derifrå til Patara.
Acts NorSMB 21:2  Der fann me eit skip som skulde fara yver til Fønikia, og me gjekk då um bord og siglde av stad.
Acts NorSMB 21:3  Då me fekk Kypern i syne og hadde late henne etter oss på vinstre handi, siglde me til Syria og lagde åt ved Tyrus; for der skulde skipet lossa farmen.
Acts NorSMB 21:4  Me leita då upp læresveinarne og vart verande der sju dagar; dei sagde ved Anden til Paulus, at han ikkje skulde fara upp til Jerusalem.
Acts NorSMB 21:5  Då me hadde vore der dei dagarne ut, drog me derifrå og for lenger, og dei fylgde oss alle med kvinnor og born radt utanfor byen. So fall me på kne på strandi og bad;
Acts NorSMB 21:6  og då me hadde sagt kvarandre farvel, gjekk me um bord på skipet; men dei andre vende heim att.
Acts NorSMB 21:7  Me fullenda no sjøferdi og kom frå Tyrus til Ptolemais; der helsa me på brørne og vart ein dag yver hjå deim.
Acts NorSMB 21:8  Dagen etter drog me derifrå og kom til Cæsarea; der tok me inn til evangelisten Filip, som var ein av dei sju, og vart verande hjå honom.
Acts NorSMB 21:9  Han hadde fire ugifte døtter som hadde profetgåva.
Acts NorSMB 21:10  Då me vart der fleire dagar, kom det ned frå Judæa ein profet med namnet Agabus.
Acts NorSMB 21:11  Han kom til oss og tok Paulus’ belte og batt seg sjølv på hender og føter og sagde: «So segjer den Heilage Ande: «Den mannen som eig dette beltet, skal jødarne binda soleis i Jerusalem og gjeva honom yver i henderne på heidningarne.»»
Acts NorSMB 21:12  Då me høyrde dette, bad både me og dei som der budde, at han ikkje måtte fara upp til Jerusalem.
Acts NorSMB 21:13  Men Paulus svara: «Kvifor græt de og slit hjarta mitt sund? Eg er reidbuen ikkje berre til å verta bunden, men og til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.»
Acts NorSMB 21:14  Men då han ikkje var til å få yvertald, vart me stille og sagde: «Herrens vilje råde!»
Acts NorSMB 21:15  Då desse dagarne var lidne, gjorde me oss ferdige og for upp til Jerusalem,
Acts NorSMB 21:16  og nokre av læresveinarne i Cæsarea fylgde og med oss, og dei førde oss til ein som me skulde bu hjå, Mnason frå Kypern, ein gamall læresvein.
Acts NorSMB 21:17  Då me kom til Jerusalem, fagna brørne oss med gleda.
Acts NorSMB 21:18  Andre dagen gjekk Paulus med oss til Jakob, og alle dei eldste kom dit.
Acts NorSMB 21:19  Og då han hadde helsa på deim, fortalde han det eine etter det andre av det som Gud hadde gjort hjå heidningarne ved hans tenesta.
Acts NorSMB 21:20  Då dei høyrde det, lova dei Gud; og so sagde dei til honom: «Du ser, bror, kor mange tusund det er av jødar som hev teke ved trui, og alle hev dei stor ihuge for lovi.
Acts NorSMB 21:21  Men dei hev spurt um deg, at du ute millom hedningarne lærer alle jødar fråfall frå Moses, med di du segjer at dei ikkje skal umskjera borni sine eller liva etter dei gamle sedvanarne.
Acts NorSMB 21:22  Kva er då å gjera? Det vil i vissa koma ei stor mengd saman; for dei vil få høyra at du er komen.
Acts NorSMB 21:23  Gjer no difor som me segjer deg! Der er millom oss fire menner som hev ein lovnad på seg.
Acts NorSMB 21:24  Tak deim med deg og lat deg reinsa saman med deim, og ber du kostnaden for deim, so dei må kunna raka hovudet; so kann alle skyna at det er ingen ting i det som dei hev høyrt um deg, men at du og ferdast so at du held lovi.
Acts NorSMB 21:25  Men um dei heidningarne som hev teke trui, hev me sendt brev og avgjort at dei ikkje skal halda noko slikt, men berre vara seg for avgudsoffer og blod og det strøypte og hor.»
Acts NorSMB 21:26  Då tok Paulus mennerne med seg og let seg dagen etter reinsa saman med deim og gjekk inn i templet og vilde melda utgangen av reinsingsdagarne, då offeret skulde verta framført for kvar av deim.
Acts NorSMB 21:27  Då det so leid mot enden av dei sju dagarne, fekk jødarne frå Asia sjå honom i templet, og dei øste upp heile hopen og lagde hand på honom,
Acts NorSMB 21:28  medan dei skreik: «Israelitiske menner, kom til hjelp! Dette er det menneskjet som alle stader lærer alle imot folket og lovi og denne staden, og han hev jamvel ført grækarar inn i templet og vanhelga denne heilage staden.»
Acts NorSMB 21:29  For dei hadde fyrr set Trofimus frå Efesus saman med honom ute i byen, og so tenkte dei at Paulus hadde ført honom inn i templet.
Acts NorSMB 21:30  Og det vart røra i heile byen og samanstrøyming av folket, og dei tok fat på Paulus og drog honom utanfor templet, og straks vart dørerne stengde.
Acts NorSMB 21:31  Medan dei heldt på og vilde slå honom i hel, gjekk det melding upp til den øvste hovudsmannen for vakti, at heile Jerusalem var i ei røra.
Acts NorSMB 21:32  Han tok straks hermenner og hovudsmenner og skunda seg ned til deim. Men då dei såg den øvste hovudsmannen og hermennerne, heldt dei upp med å slå Paulus.
Acts NorSMB 21:33  Då kom den øvste hovudsmannen burt til honom og let deim gripa honom, og baud at han skulde verta bunden med tvo lekkjor; og han spurde kven han var, og kva han hadde gjort.
Acts NorSMB 21:34  Men den eine i hopen ropa det, og den andre det; og då han ikkje retteleg kunde få vissa for ståket skuld, baud han at han skulde førast inn i borgi.
Acts NorSMB 21:35  Då han kom upp til troppestigi, vart det so at hermennerne laut bera honom, so ustyrleg var hopen;
Acts NorSMB 21:36  for folkehopen fylgde med og skreik: «Drep honom!»
Acts NorSMB 21:37  Då Paulus skulde førast inn i borgi, sagde han til den øvste hovudsmannen: «Må eg få segja noko til deg?» Han svara: «Kann du græsk?
Acts NorSMB 21:38  So er du då ikkje den egyptaren som gjorde upprør for ei tid sidan og førde dei fire tusund mordarar ut i øydemarki?»
Acts NorSMB 21:39  Då sagde Paulus: «Eg er ein jøde frå Tarsus, borgar av ein ikkje ukjend by i Kilikia. Men eg bed deg: Gjev meg lov å tala til folket!»
Acts NorSMB 21:40  Då han gav honom lov, stelte Paulus seg i troppi og slo til ljod åt folket med handi. Då det vart reint stilt, tala han til deim på det hebraiske målet og sagde:
Chapter 22
Acts NorSMB 22:1  «Brør og feder! høyr det som eg no vil segja dykk til mitt forsvar!»
Acts NorSMB 22:2  Då dei høyrde at han tala til deim på det hebraiske målet, vart dei endå meir stille. So segjer han:
Acts NorSMB 22:3  «Eg er ein jøde, fødd i Tarsus i Kilikia, men uppfostra i denne byen ved Gamaliels føter, upplærd i dei strenge krav etter fedrelovi, og eg var ihuga for Gud, so som alle de er i dag;
Acts NorSMB 22:4  eg forfylgde Guds veg til dauden, lagde i lekkjor og yvergav til fangehus både menner og kvinnor,
Acts NorSMB 22:5  so som og øvstepresten og heile eldsterådet kann vitna med meg; av deim fekk eg jamvel brev med til brørne i Damaskus og for dit og vilde føra ogso deim som der var, bundne til Jerusalem, so dei skulde verta refste.
Acts NorSMB 22:6  Men det hende, då eg var på vegen og kom nær til Damaskus, då lyste det brått ved middagsleite eit sterkt ljos frå himmelen ikring meg.
Acts NorSMB 22:7  Og eg fall til jordi og høyrde ei røyst som sagde til meg: «Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?»
Acts NorSMB 22:8  Eg svara: «Kven er du, Herre?» Og han sagde til meg: «Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer.»
Acts NorSMB 22:9  Dei som var med meg, såg ljoset, men røysti av honom som tala til meg, høyrde dei ikkje.
Acts NorSMB 22:10  Då sagde eg: «Kva skal eg gjera, Herre?» Og Herren svara meg: «Statt upp og gakk inn i Damaskus; der skal det verta tala til deg um alt det som det er fyresett deg å gjera.»
Acts NorSMB 22:11  Då eg no ikkje kunde sjå for glima av det ljoset, vart eg leidd ved handi av fylgjesmennerne mine og kom inn i Damaskus.
Acts NorSMB 22:12  Og ein som heitte Ananias, ein gudleg mann etter lovi, med godt lov av alle dei jødar som budde der,
Acts NorSMB 22:13  han kom til meg og stod framfyre meg og sagde: «Saul, bror, sjå upp!» og eg såg upp på honom i same stundi.
Acts NorSMB 22:14  Og han sagde: «Vår fedregud hev valt deg ut til å vita hans vilje og sjå den Rettferdige og høyra røysti av hans munn.
Acts NorSMB 22:15  For du skal vera honom eit vitne for alle menneskje um det du hev set og høyrt.
Acts NorSMB 22:16  Og no, kva drygjer du etter? statt upp og lat deg døypa og få dine synder avtvegne, og kalla på Herrens namn!»
Acts NorSMB 22:17  Og det hende meg, då eg var komen att til Jerusalem og bad i templet, at det kom ei burtrykning på meg,
Acts NorSMB 22:18  og eg såg honom, og høyrde han sagde til meg: «Skunda deg og gakk i hast ut frå Jerusalem! for dei kjem ikkje til å taka imot vitnemålet ditt um meg.»
Acts NorSMB 22:19  Då sagde eg: «Herre, dei veit sjølve at eg sette fast og hudflengde ikring i synagogorne deim som trudde på deg.
Acts NorSMB 22:20  Og då blodet av Stefanus, ditt vitne, vart utrent, då stod eg og attved og samtykte i det og vakta klædi deira som slo honom i hel.»
Acts NorSMB 22:21  Og han sagde til meg: «Gakk! for eg vil senda deg ut til heidningfolk langt burte.»»
Acts NorSMB 22:22  Dei høyrde på honom til dette ordet; men då lyfte dei røysti og sagde: «Tak denne burt ifrå jordi! han burde ikkje få liva!»
Acts NorSMB 22:23  Då dei no skreik og reiv klædi av seg og kasta dust upp i veret,
Acts NorSMB 22:24  baud den øvste hovudsmannen at han skulle førast inn i borgi, og sagde at han skulde verta forhøyrd med hudflengjing, so han kunde få vita kvifor dei ropa soleis imot honom.
Acts NorSMB 22:25  Men då dei hadde bunde honom til slag med reimarne, sagde Paulus til hovudsmannen som stod der: «Hev de lov til å hudflengja ein romersk borgar, og det udømd?»
Acts NorSMB 22:26  Då hovudsmannen høyrde det, gjekk han til den øvste hovudsmannen og melde det og sagde: «Sjå til kva du vil gjera? for denne mannen er romersk borgar.»
Acts NorSMB 22:27  Den øvste hovudsmannen gjekk då burt til honom og sagde: «Seg meg: Er du romersk borgar?» Han svara: «Ja.»
Acts NorSMB 22:28  Den øvste hovudsmannen svara: «Eg hev kjøpt meg denne borgarretten for mange pengar.» Men Paulus sagde: «Men eg er endå fødd til honom.»
Acts NorSMB 22:29  Då gjekk dei straks frå honom, dei som skulde forhøyra honom; men ogso den øvste hovudsmannen vart rædd, då han fekk vita at han var romersk borgar, for di han hadde bunde honom.
Acts NorSMB 22:30  Men dagen etter, då han no vilde få full greida på det som jødarne klaga honom for, løyste han honom or lekkjorne og baud at øvsteprestarne og heile rådet skulde koma saman. Og han førde Paulus ned og stelte honom fram for deim.
Chapter 23
Acts NorSMB 23:1  Då feste Paulus augo på rådet og sagde: «Brør! Eg hev med alt godt samvit fare mi ferd for Gud til denne dag.»
Acts NorSMB 23:2  Øvstepresten Ananias baud deim som stod der, å slå honom på munnen.
Acts NorSMB 23:3  Då sagde Paulus til honom: «Gud skal slå deg, du kalka vegg! Og du sit her og skal døma meg etter lovi, og imot lovi byd du at dei skal slå meg!»
Acts NorSMB 23:4  Dei som stod der, sagde: «Skjeller du ut Guds øvsteprest?»
Acts NorSMB 23:5  Og Paulus sagde: «Eg visste ikkje, brør, at det var øvstepresten; for det stend skrive: «Ein hovding for ditt folk skal du ikkje skjella!»»
Acts NorSMB 23:6  Då no Paulus visste at den eine parten av deim var sadducæarar, og den andre farisæarar, ropa han i rådet: «Brør! Eg er ein farisæar, son åt farisæarar; det er for von og for uppstoda av daude at eg stend her for retten.»
Acts NorSMB 23:7  Då han hadde sagt dette, vart det strid millom farisæarane og sadducæarane, og flokken vart usamd.
Acts NorSMB 23:8  For sadducæarane segjer at det ikkje er nokor uppstoda og ingen engel eller ånd heller. Men farisæarane vedkjenner seg båe dei ting.
Acts NorSMB 23:9  No vart det eit stort skrik, og skriftlærde av farisæarflokken stod upp og stridde hardt og sagde: «Me finn inkje vondt hjå dette menneskjet; um det no var ei ånd som tala til honom, eller ein engel?»
Acts NorSMB 23:10  Då det vart stor strid, og den øvste hovudsmannen vart rædd for at dei skulde slita Paulus sund, baud han hermennerne ganga ned og riva honom ifrå deim og føra honom inn i borgi.
Acts NorSMB 23:11  Men natti etter stod Herren framfyre honom og sagde: «Ver hugheil! liksom du vitna um meg i Jerusalem, so skal du og vitna i Rom.»
Acts NorSMB 23:12  Men då det vart dag, slo jødarne seg saman og forbanna seg på at dei korkje skulde eta eller drikka fyrr dei hadde drepe Paulus.
Acts NorSMB 23:13  Det var meir enn fyrti som soleis hadde samansvore seg;
Acts NorSMB 23:14  og dei gjekk til øvsteprestarne og dei eldste og sagde: «Me hev forbanna oss på at me ikkje skal smaka nokon ting fyrr me hev drepe Paulus.
Acts NorSMB 23:15  No må de då saman med rådet lata den øvste hovudsmannen vita, at han skal føra honom ned til dykk, liksom de vilde ransaka grannare um honom. So held me oss ferdige til å drepa honom fyrr han når fram.»
Acts NorSMB 23:16  Men systerson til Paulus fekk høyra um den løynrådi, og han kom og gjekk inn i borgi og fortalde Paulus det.
Acts NorSMB 23:17  Paulus kalla då ein av hovudsmennerne til seg og sagde: «Før denne unge mannen til den øvste hovudsmannen, for han hev noko å melda honom.»
Acts NorSMB 23:18  Han tok honom då med seg og førde honom til den øvste hovudsmannen og sagde: «Den bundne Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge mannen til deg, då han hadde noko å segja deg.»
Acts NorSMB 23:19  Den øvste hovdingen tok honom ved handi og gjekk i einrom med honom og spurde: «Kva er det du hev å melda meg?»
Acts NorSMB 23:20  Han sagde: «Jødarne er samrådde um å beda deg at du i morgon skal føra Paulus ned til rådet, liksom dei vilde spyrja noko grannare um honom.
Acts NorSMB 23:21  Du må ikkje gjera deim til viljes, for meir enn fyrti menner av deim lurer i løynd på honom, og dei hev forbanna seg på at dei korkje skal eta eller drikka fyrr dei hev drepe honom; og no er dei ferdige og ventar på ja-minne frå deg.»
Acts NorSMB 23:22  Den øvste hovudsmannen let då den unge mannen ganga og baud honom: «Du må ikkje fortelja nokon at du hev late meg vita dette!»
Acts NorSMB 23:23  Og han kalla til seg eit par av hovudsmennerne og sagde: «Lat tvo hundrad hermenner helda seg ferdige til å fara til Cæsarea, og sytti hestfolk og tvo hundrad skyttarar, frå den tridje timen på natti!»
Acts NorSMB 23:24  Og han baud at dei skulde halda øyk i stand, so dei kunde lata Paulus rida på deim og føra honom trygt fram til landshovdingen Feliks.
Acts NorSMB 23:26  «Klaudius Lysias helsar den megtige landshovdingen Feliks.
Acts NorSMB 23:27  Denne mannen, som var gripen av jødarne og so nær hadde vorte drepen av deim, honom kom eg og fria ut med herfolket, då eg fekk vita at han var romersk borgar;
Acts NorSMB 23:28  og då eg vilde vita kva sak det var dei klaga honom for, førde eg honom ned for rådet deira.
Acts NorSMB 23:29  Eg fann honom då klaga for nokre spursmål i deira lov, men utan noko klagemål som gjorde honom skuldig til daude eller lekkjor.
Acts NorSMB 23:30  Men då det no er meldt meg at ei meinråd mot mannen er i gjerdom, sender eg honom straks til deg, etter at eg hev bode klagarane hans å bera fram for deg det dei hev å segja.»
Acts NorSMB 23:31  So tok då hermennerne Paulus, so som det var deim pålagt, og førde honom um natti til Antipatris,
Acts NorSMB 23:32  og dagen etter let dei hestfolket draga med honom og vende so um att til borgi.
Acts NorSMB 23:33  Hine kom då til Cæsarea og gav landshovdingen brevet, og dei førde og Paulus fram for honom.
Acts NorSMB 23:34  Då han hadde lese det og spurt kva land han var ifrå, og hadde fenge vita at han var frå Kilikia, sagde han:
Acts NorSMB 23:35  «Eg skal taka deg i forhøyr når klagarane dine kjem.» Og han baud at han skulde haldast i varetekt i Herodes-borgi.
Chapter 24
Acts NorSMB 24:1  Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias ned med nokre av styresmennerne og ein talar, Tertullus; dei bar fram for landshovdingen klaga mot Paulus.
Acts NorSMB 24:2  Han vart då kalla fram, og Tertullus tok til å klaga honom og sagde:
Acts NorSMB 24:3  «Då me kann takka deg for mykjen fred, og det ved di umsut er gjort rettarbøter for dette folket i alle måtar og alle stader, so skynar me på dette, megtigaste Feliks, med all takksemd.
Acts NorSMB 24:4  Men at eg ikkje skal hefta deg for lenge, so bed eg at du med ditt godlynde vil høyra på oss som stuttast!
Acts NorSMB 24:5  For me hev funne at denne mannen er ein pest og ein uppøsar millom alle jødarne yver heile mannheimen og ein hovudmann for serflokken nasaræarane.
Acts NorSMB 24:6  Han hev endå søkt å vanhelga templet; og me greip honom då og vilde døma honom etter vår lov.
Acts NorSMB 24:7  Men Lysias, den øvste hovudsmannen, kom og førde honom burt frå våre hender med stort valdsverk,
Acts NorSMB 24:8  og han baud klagarane hans å koma til deg; og av honom kann du sjølv, når du ransakar det, få kunnskap um alt det som me klagar honom for.»
Acts NorSMB 24:9  Men jødarne sanna med og sagde at dette hadde seg soleis.
Acts NorSMB 24:10  Men då landshovdingen nikka til honom, at han kunde få tala, so svara Paulus: «Då eg veit at du hev vore domar for dette folket i mange år, fører eg mitt forsvar med fritt mod;
Acts NorSMB 24:11  for du kann vissa deg um at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg gjekk upp til Jerusalem og vilde tilbeda.
Acts NorSMB 24:12  Og korkje i templet eller i synagogorne eller ikring i byen fann dei meg talande med nokon eller eggjande folk til upprør.
Acts NorSMB 24:13  Og dei kann ikkje heller prova for deg dette som dei klagar meg for.
Acts NorSMB 24:14  Men det sannar eg for deg, at etter den vegen som dei kallar ein serflokk, tener eg so min fedregud, at eg trur alt som er skrive i lovi og profetarne,
Acts NorSMB 24:15  og hev den voni til Gud som desse og sjølve ventar, at det skal koma ei uppstoda av daude, både av rettferdige og urettferdige.
Acts NorSMB 24:16  Difor legg eg sjølv vinn på alltid å hava eit uskadt samvit for Gud og menneskje.
Acts NorSMB 24:17  Då mange år var lidne, kom eg hit og skulde gjeva mitt folk milde gåvor og ofra,
Acts NorSMB 24:18  og dermed fann dei meg i templet, då eg hadde reinsa meg utan folkestim og utan uppstyr; men det var nokre jødar frå Asia,
Acts NorSMB 24:19  og dei skulde koma fram for deg og klaga, um dei hadde noko å bera på meg.
Acts NorSMB 24:20  Eller lat desse sjølve segja kva skuld dei fann hjå meg, då eg stod framfor rådet!
Acts NorSMB 24:21  utan det skulde vera for dette eine ordet som eg ropa ut, då eg stod millom deim: «For uppstoda av daude stend eg i dag for retten millom dykk!»»
Acts NorSMB 24:22  Men Feliks sette ut saki, då han visste betre um Guds veg, og han sagde: «Når Lysias, hovudsmannen, kjem her ned, skal eg prøva saki dykkar.»
Acts NorSMB 24:23  Og han baud hovudsmannen halda honom i varetekt og lata honom hava ro og ikkje hindra nokon av hans eigne frå å vera honom til tenesta.
Acts NorSMB 24:24  Då nokre dagar var farne, kom Feliks med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinna, og sende bod etter Paulus og høyrde honom um trui på Kristus.
Acts NorSMB 24:25  Men då han tala um rettferd og fråhald og den komande dom, vart Feliks rædd og svara: «Gakk burt denne gongen! når eg fær gode stunder, skal eg kalla deg til meg att.»
Acts NorSMB 24:26  Han hadde og den voni, at han skulde få pengar av Paulus; difor sende han og oftare bod etter honom og tala med honom.
Acts NorSMB 24:27  Då tvo år var lidne, fekk Feliks til ettermann Porcius Festus; og då Feliks vilde vinna seg takk av jødarne, let han Paulus bunden etter seg.
Chapter 25
Acts NorSMB 25:1  Då no Festus var komen til landshovding-embættet sitt, for han tri dagar etter upp til Jerusalem frå Cæsarea.
Acts NorSMB 25:2  Øvsteprestarne og dei fyrste menner av jødarne bar då fram for honom klaga mot Paulus og kom med ei bøn til honom,
Acts NorSMB 25:3  med di dei mot honom bad um det som ein nåde, at han skulde henta honom til Jerusalem; for dei lagde den løynrådi å slå honom i hel på vegen.
Acts NorSMB 25:4  Men Festus svara då at Paulus var i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv vilde fara dit snart.
Acts NorSMB 25:5  «So kann dei av dykk,» sagde han, «som hev umbod til det fara ned saman med meg, um det er noko gale med denne mannen, og klaga på honom.»
Acts NorSMB 25:6  Då han so hadde drygt hjå deim berre åtte eller ti dagar, for han ned til Cæsarea; dagen etter sette han seg på domstolen og baud at Paulus skulde førast fram.
Acts NorSMB 25:7  Då han var komen, stelte dei jødarne som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring honom og bar fram imot honom mange og tunge klagemål; men dei kunde ikkje prova deim,
Acts NorSMB 25:8  for Paulus forsvara seg og sagde: «Korkje mot den jødiske lov eller mot templet eller mot keisaren hev eg synda noko.»
Acts NorSMB 25:9  Men då Festus vilde vinna seg takk av jødarne, svara han Paulus og sagde: «Er du viljug til å fara upp til Jerusalem og der få dom av meg i denne sak?»
Acts NorSMB 25:10  Då sagde Paulus: «For keisarens domstol stend eg, og der hev eg rett til å verta dømd. Mot jødarne hev eg ingen urett gjort, so som du og vel veit.
Acts NorSMB 25:11  Hev eg urett, og hev gjort noko som gjer meg skuldig til dauden, so bed eg meg ikkje fri for å døy. Men er det ikkje noko i det som desse klagar meg for, då kann ingen yvergjeva meg til deim berre for å gjera deim til lags. Eg skyt saki inn for keisaren.»
Acts NorSMB 25:12  Då tala Festus med rådet sitt, og so sagde han: «For keisaren hev du skote saki inn; til keisaren skal du fara.»
Acts NorSMB 25:13  Men då nokre dagar var lidne, kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og vilde helsa på Festus.
Acts NorSMB 25:14  Då dei hadde vore der i fleire dagar, fortalde Festus kongen um Paulus og sagde: «Her er ein mann som Feliks let bunden etter seg;
Acts NorSMB 25:15  då eg kom til Jerusalem, kom øvsteprestarne og styresmennerne for jødarne fram med ei klaga mot honom og kravde straff yver honom.
Acts NorSMB 25:16  Eg svara deim at det ikkje er sedvane hjå romarane at dei for å gjera folk til lags yvergjev noko menneskje til dauden; men den som klaga gjeld, lyt fyrst standa åsyn til åsyn med klagarane sine og få høve til å forsvara seg mot klagemålet.
Acts NorSMB 25:17  Då dei so var komne saman her, drygde eg ikkje ut saki, men sette meg dagen etter på domstolen og baud at mannen skulde førast fram.
Acts NorSMB 25:18  Då no klagarane stod ikring honom, bar dei ikkje fram noko klagemål slikt som eg hadde tenkt meg.
Acts NorSMB 25:19  Men dei hadde nokre kivsmål med honom um deira eigi gudsdyrking og um ein Jesus som var daud, men som Paulus sagde var livande.
Acts NorSMB 25:20  Då eg stod rådlaus med ransakingi av dette, spurde eg um han vilde fara til Jerusalem og der få dom i saki.
Acts NorSMB 25:21  Men då Paulus innanka saki og vilde vera i varetekt til keisaren felte domen, baud eg at han skulde verta halden i varetekt til dess eg fær sendt honom til keisaren.»
Acts NorSMB 25:22  Agrippa sagde til Festus: «Eg vilde og gjerne høyra den mannen.» Han svara: «I morgon skal du få høyra honom.»
Acts NorSMB 25:23  Dagen etter kom so Agrippa og Berenike med stor stas og gjekk inn i salen saman med dei øvste hovudsmennerne og dei gjævastee menner i byen, og etter påbod av Festus vart Paulus førd fram.
Acts NorSMB 25:24  Då segjer Festus: «Kong Agrippa og alle de menner som her er saman med oss, her ser de honom som heile hopen av jødarne både i Jerusalem og her bad meg um, og ropa at han ikkje lenger måtte få liva.
Acts NorSMB 25:25  Men då eg fann at han ikkje hadde gjort noko som gjorde honom skuldig til dauden, og han sjølv og skaut saki inn for keisaren, so tok eg den avgjerdi å senda honom dit.
Acts NorSMB 25:26  Noko visst hev eg ikkje å skriva til herren um honom; difor førde eg honom fram for dykk og serleg for deg, kong Agrippa, so eg, når forhøyr er halde, kann hava noko å skriva.
Acts NorSMB 25:27  For eg tykkjer det er meiningslaust når eg sender ein fange, at eg ikkje kann segja frå um klagemåli mot honom.»
Chapter 26
Acts NorSMB 26:1  Då sagde Agrippa til Paulus: «Du fær lov til å tala um deg sjølv.» Då rette Paulus handi ut og forsvara seg soleis:
Acts NorSMB 26:2  «Imot alt det som jødarne klagar meg for, prisar eg meg lukkeleg, kong Agrippa, at eg i dag skal forsvara meg for deg,
Acts NorSMB 26:3  for du kjenner best til alle sedvanar og spursmål hjå jødarne; difor bed eg deg å høyra på meg med tolmod!
Acts NorSMB 26:4  Min livnad like frå ungdomen, som eg frå fyrste stund hev ført millom folket mitt og i Jerusalem, kjenner alle jødarne,
Acts NorSMB 26:5  då dei fyreåt veit um meg alt frå det fyrste, um dei vil vitna, at eg livde etter det strengaste serlaget i vår gudsdyrking, som farisæar.
Acts NorSMB 26:6  Og no stend eg her og skal verta dømd for von um lovnaden som Gud gav federne,
Acts NorSMB 26:7  den som vårt tolvgreina folk med vedhaldande gudsdyrking natt og dag vonar å nå fram til; for denne von skuld, kong Agrippa, klagar jødar meg!
Acts NorSMB 26:8  Kvi vert det halde for utrulegt millom dykk, at Gud vekkjer upp daude?
Acts NorSMB 26:9  Eg for min part trudde at eg måtte gjera mykje imot nasaræaren Jesu namn;
Acts NorSMB 26:10  det gjorde eg og i Jerusalem, og eg kasta mange av dei heilage i fangehus, då eg hadde fenge fullmagt frå øvsteprestarne, og når dei skulde verta ihelslegne, røysta eg med,
Acts NorSMB 26:11  og ikring i alle synagogorne tvinga eg deim tidt med refsing til å spotta, og eg rasa endå meir imot deim og forfylgde deim endå til byarne utanlands.
Acts NorSMB 26:12  Dermed for eg då og til Damaskus med fullmagt og umbod frå øvsteprestarne;
Acts NorSMB 26:13  og midt på dagen, konge, såg eg på vegen eit ljos, som klårare enn soli stråla frå himmelen ikring meg og fylgjesmennerne mine;
Acts NorSMB 26:14  og då me alle fall til jordi, høyrde eg ei røyst som tala til meg og sagde på hebraisk mål: «Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å spenna mot brodden.»
Acts NorSMB 26:15  Då sagde eg: «Kven er du, Herre?» Og Herren sagde: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer!
Acts NorSMB 26:16  Men reis deg upp og statt på føterne dine! For difor synte eg meg for deg, for å kåra deg ut til tenar og vitne både um det som du hev set, og um det som eg vil syna meg med for deg,
Acts NorSMB 26:17  med di eg friar deg ut frå folket og frå heidningarne som eg sender deg til,
Acts NorSMB 26:18  at du skal opna augo deira, so dei kann venda seg frå myrker til ljos og frå Satans magt til Gud, for at dei skal få forlating for synderne og arvlut millom deim som er helga ved trui på meg.»
Acts NorSMB 26:19  Difor, kong Agrippa, var eg ikkje ulydug mot den himmelske syni,
Acts NorSMB 26:20  men forkynte fyrst for folket i Damaskus og so i Jerusalem og i heile Judæaland og for heidningarne, at dei skulde gjera bot og venda um til Gud og gjera gjerningar som høver med umvendingi.
Acts NorSMB 26:21  For desse ting skuld greip nokre jødar meg i templet og freista å taka livet av meg.
Acts NorSMB 26:22  So hev eg då fenge hjelp av Gud og stend alt til denne dagen og vitnar både for liten og stor, med di eg ikkje segjer anna enn det som profetarne og Moses hev sagt skulde koma:
Acts NorSMB 26:23  at Messias skulde lida, at han som fyrstemannen utav uppstoda av daude skulde forkynna ljos for folket og for heidningarne.»
Acts NorSMB 26:24  Men då han forsvara seg so, segjer Festus med høg røyst: «Du er frå vitet, Paulus. Din store lærdom driv deg til vitløysa.»
Acts NorSMB 26:25  Men han segjer: «Eg er ikkje frå vitet, megtigaste Festus, men talar sanne og umtenkte ord.
Acts NorSMB 26:26  For kongen veit um dette, og til honom talar eg og frimodig; for eg trur ikkje at noko av dette er ukjent for honom; for dette hev ikkje hendt i nokon avkrok.
Acts NorSMB 26:27  Trur du profetarne, kong Agrippa? Eg veit at du trur!»
Acts NorSMB 26:28  Men Agrippa sagde til Paulus: «Det skil lite på at du fær meg yvertald til å verta ein kristen.»
Acts NorSMB 26:29  Då sagde Paulus: «Anten det er lite eller mykje som skal til, vilde eg ynskja til Gud, at ikkje berre du, men og alle dei som høyrer meg i dag, måtte verta slike som eg er, berre utan desse lekkjorne.
Acts NorSMB 26:30  Då reiste kongen seg og landshovdingen og Berenike og dei som sat der med deim;
Acts NorSMB 26:31  og dei gjekk i einrom og tala med kvarandre og sagde: «Denne mannen gjer ingen ting som skulde gjera honom skuldig til daude eller lekkjor.»
Acts NorSMB 26:32  Og Agrippa sagde til Festus: Denne mannen kunde vera laten laus, um han ikkje hadde skote saki si inn for keisaren.»
Chapter 27
Acts NorSMB 27:1  Då det no var avgjort at me skulde sigla av stad til Italia, gav dei både Paulus og nokre andre fangar yver til ein hovudsmann med namnet Julius ved den keisarlege herflokken.
Acts NorSMB 27:2  Me gjekk då um bord på eit skip frå Adramyttium, som skulde sigla frammed Asialandet, og so lagde me ut; Aristarkus, ein makedonar frå Tessalonika, var med oss.
Acts NorSMB 27:3  Og den andre dagen for me inn til Sidon, og Julius, som var menneskjekjærleg mot Paulus, let honom få ganga til venerne sine og njota godt av deira omsut.
Acts NorSMB 27:4  Derifrå for me ut og siglde inn under Kypern, av di det var motvind.
Acts NorSMB 27:5  Og då me hadde siglt yver havet ved Kilikia og Pamfylia, kom me til Myra i Lykia.
Acts NorSMB 27:6  Der fann hovudsmannen eit skip frå Aleksandria, som skulde til Italia, og han sette oss um bord i det.
Acts NorSMB 27:7  I mange dagar gjekk det no seint med siglingi, og det var med naud me vann fram imot Knidus; då vinden var imot, heldt me inn under Kreta ved Salmone,
Acts NorSMB 27:8  og det var med naud me vann framum der og kom til ein stad som vert kalla Godhamn, nær ved ein by Lasæa.
Acts NorSMB 27:9  Då lang tid var lidi, og det alt var fårleg å ferdast på sjøen, etter som jamvel fastetidi var ute, vara Paulus deim og sagde:
Acts NorSMB 27:10  «Menner, eg ser at sjøferdi vil vera eit våverk og til stor skade ikkje berre farm og skip, men og for vårt eige liv.»
Acts NorSMB 27:11  Men hovudsmannen hadde betre tru til styrmannen og skiperen enn til det som Paulus sagde.
Acts NorSMB 27:12  Og då hamni var ulagleg til vinterlægje, tok dei fleste den rådi å leggja ut ogso derifrå, um dei skulde kunna vinna fram og taka vinterlægje i Føniks, ei hamn på Kreta, som vender mot sudvest og nordvest.
Acts NorSMB 27:13  Då det no bles ein linn sunnanvind, tenkte dei at dei kunde fullføra si rådgjerd. Dei letta då og heldt tett frammed Kreta.
Acts NorSMB 27:14  Men ikkje lenge etter kom det ein kvervelstorm som vert kalla eurakylon, og kasta seg mot øyi;
Acts NorSMB 27:15  då skipet kom på rek og ikkje kunde halda seg upp mot vinden, gav me det upp og let oss driva.
Acts NorSMB 27:16  Me gjekk då inn under ei liti øy, som vert kalla Klauda, og det var med naud me fekk berga inn båten;
Acts NorSMB 27:17  då dei hadde fenge honom inn, tok dei til naudhjelp og surra skipet med tog. Og då dei var rædde for å driva ned på Syrten, strika dei seglet og dreiv på den måten.
Acts NorSMB 27:18  Då me leid mykje vondt av veret, kasta dei den andre dagen farmen yver bord,
Acts NorSMB 27:19  og tridje dagen kasta me ut skipsreidskapen med eigne hender.
Acts NorSMB 27:20  Sidan korkje sol eller stjernor synte seg på fleire dagar, og veret stod stridt på, var det no reint ute med all von um å verta berga.
Acts NorSMB 27:21  Og då dei ikkje hadde fenge mat på lenge, steig Paulus fram midt imillom deim og sagde: «Menner, de skulde ha fylgt mi råd og ikkje fare frå Kreta og so sloppe for dette våverket og denne skaden.
Acts NorSMB 27:22  Og no manar eg dykk til å vera ved godt mod; for ikkje ei sjæl av dykk skal forgangast, men berre skipet.
Acts NorSMB 27:23  For i natt stod det framfyre meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer, og som eg tener, og han sagde:
Acts NorSMB 27:24  «Ver ikkje rædd, Paulus! du skal stella deg fram for keisaren; og sjå, Gud hev gjeve deg alle deim som siglar med deg.»
Acts NorSMB 27:25  Difor, menner, ver ved godt mod, for eg lit på Gud, at det skal verta so som det er sagt meg.
Acts NorSMB 27:27  Då den fjortande natti kom, og me dreiv ikring i Adriatarhavet, merka sjøfolki ved midnatt at det bar nær til land.
Acts NorSMB 27:28  Og då dei lodda, fann dei tjuge famnar. Men då dei var komne ei lite stykke derifrå og lodda på nytt, fann dei femtan famnar.
Acts NorSMB 27:29  Og då dei var rædde for at dei skulde støyta på skjer nokon stad, kasta dei fire anker frå bakstamnen; og dei stunda på at det måtte verta dag.
Acts NorSMB 27:30  Men sjømennerne freista å røma burt frå skipet og sette båten på sjøen og lest vilja føra anker ut frå framstamnen;
Acts NorSMB 27:31  då sagde Paulus til hovudsmannen og hermennerne: «Dersom ikkje desse der vert verande um bord på skipet, so kann de ikkje verta berga.»
Acts NorSMB 27:32  Då hogg hermennerne togi til båten av, og slepte honom ned.
Acts NorSMB 27:33  Då det so leid mot dag, bad Paulus alle å taka føda, og han sagde: «I dag er det den fjortande dagen som de ventar fastande, og ikkje fær dykk mat.
Acts NorSMB 27:34  Difor bed eg dykk å taka føda; dette høyrer med til dykkar berging; for det skal ikkje forkomast eit hår av hovudet på nokon av dykk.»
Acts NorSMB 27:35  Då han hadde sagt dette, tok han eit brød og takka Gud for augo på alle, og han braut det og tok til å eta.
Acts NorSMB 27:36  Då vart dei alle ved godt mod og tok føda, dei og.
Acts NorSMB 27:37  Me var i det heile tvo hundrad og seks og sytti sjæler um bord på skipet.
Acts NorSMB 27:38  Og då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å kasta matvarorne i sjøen.
Acts NorSMB 27:39  Då det no vart dag, kjende dei ikkje landet, men dei vart vare ei vik som hadde ei flat strand; der vilde dei setja skipet på land, um det var mogelegt.
Acts NorSMB 27:40  Og dei slepte ankeri og let deim etter i havet, medan dei og løyste togi som dei hadde bunde styri med, og då dei hadde vunde seglet upp for vinden, heldt dei inn imot strandi.
Acts NorSMB 27:41  Men dei dreiv inn på ein grunne med djup sjø på båe sidor, og skipet støytte på; og framstamnen, som sette seg fast, vart standande urørleg, men bakstamnen vart sundslegen av det sterke bårebrotet.
Acts NorSMB 27:42  No vilde hermennerne drepa fangarne, so ingen skulde symja burt og røma.
Acts NorSMB 27:43  Men hovudsmannen, som vilde berga Paulus, hindra deim i denne rådi og gav det påbodet at dei som kunde symja, fyrst skulde kasta seg ut og koma i land,
Acts NorSMB 27:44  og so dei andre, sume på bordstubbar, andre på stykke av skipet. Og soleis hende det seg at alle vart berga i land.
Chapter 28
Acts NorSMB 28:1  Då me no var berga, fekk me vita at øyi heitte Malta.
Acts NorSMB 28:2  Dei innfødde synte oss uvanleg mannemilda; dei kveikte ein eld og tok seg av oss alle saman, då det tok til å regna og var kaldt.
Acts NorSMB 28:3  Men då Paulus tok saman ein haug med turrkvist og lagde på elden, kom det for varmen skuld ein orm ut og beit seg fast i handi hans.
Acts NorSMB 28:4  Då dei innfødde såg dyret hanga ved handi hans, sagde dei til kvarandre: «Dette menneskjet er i all vissa ein mordar, som den hemnande rettferd ikkje gjev lov til å liva, endå han er berga frå havet.»
Acts NorSMB 28:5  Han riste dyret av seg inn i elden og hadde ikkje noko mein av det.
Acts NorSMB 28:6  Men dei venta at han skulde trutna upp eller brått siga daud ned. Men då dei hadde venta ei lang stund og såg at det ikkje hende honom noko ilt, slo dei um og sagde at han var ein gud.
Acts NorSMB 28:7  Men ikkje langt frå den staden hadde den fyrste mannen på øyi ein gard; mannen heitte Publius, og han tok imot oss og synte oss venleg gjestmildskap i tri dagar.
Acts NorSMB 28:8  Og det råka so til, at far åt Publius låg hardt sjuk av feber og blodgang. Paulus gjekk inn til honom og bad og lagde henderne på honom og lækte honom.
Acts NorSMB 28:9  Og då dette hadde hendt seg, kom og dei andre på øyi som hadde sjukdomar, og dei vart lækte.
Acts NorSMB 28:10  Dei gjorde og stor æra på oss, og då me for derifrå, førde dei um bord slikt som me kunde trenga til.
Acts NorSMB 28:11  Då tri månader var lidne, for me derifrå på eit skip frå Aleksandria, som hadde lege vinteren yver ved øyi og hadde Tvillingarne til merke.
Acts NorSMB 28:12  Og me kom inn til Syrakus og vart verande der i tri dagar.
Acts NorSMB 28:13  Derifrå siglde me ikring og kom til Regium; og då det vart sunnanvind dagen etter, kom me på tvo dagar til Puteoli.
Acts NorSMB 28:14  Der fann me brør og vart bedne um å drygja sju dagar hjå deim. Og so kom me til Rom.
Acts NorSMB 28:15  Og då brørne der fekk høyra um oss, gjekk dei ut imot oss til Forum Appii og Tres Tabernæ; då Paulus såg deim, takka han Gud og fekk mod.
Acts NorSMB 28:16  Då me so var komne til Rom, gav hovudsmannen fangarne yver til hovdingen for livvakti. Men Paulus fekk lov til å bu for seg sjølv saman med den hermannen som vakta honom.
Acts NorSMB 28:17  Og då tri dagar var gjengne, hende det seg at Paulus kalla saman dei fyrste menner av jødarne der i byen, og då dei var komne saman, sagde han til deim: «Brør! Eg, som ingen ting hev gjort imot vårt folk eller våre fedre-seder, eg er frå Jerusalem yvergjeven som fange i henderne på romarane.
Acts NorSMB 28:18  Då dei hadde forhøyrt meg, vilde dei lata meg laus, av di det ikkje var nokor daudssak imot meg.
Acts NorSMB 28:19  Men då jødarne sette seg imot det, vart eg nøydd til å skjota saki inn for keisaren, men ikkje som um eg hadde noko klaga mitt folk for.
Acts NorSMB 28:20  For den sak skuld hev eg då kalla dykk hit, so eg kunde få sjå dykk og tala med dykk; for det er for Israels von skuld eg ligg i denne lekkja.»
Acts NorSMB 28:21  Dei sagde til honom: «Me hev ikkje fenge noko brev um deg frå Judæa, og ikkje hev nokon av brørne heller kome hit og fortalt eller sagt noko vondt um deg.
Acts NorSMB 28:22  Men me finn det rett at du let oss høyra dine tankar; for um denne serflokken er det oss kunnigt at han vert motsagd alle stader.»
Acts NorSMB 28:23  Då dei hadde fastsett ein dag for honom, kom det ein større flokk til honom der han budde; og han lagde då ut for deim og vitna um Guds rike og søkte å yvertyda deim um Jesus ut av Mose lov og profetarne, frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.
Acts NorSMB 28:24  Og nokre vart yvertydde ved det han sagde, men andre var vantruande.
Acts NorSMB 28:25  Dei gjekk frå kvarandre i usemja då Paulus hadde sagt det eine ordet: «Retteleg tala den Heilage Ande til dykkar feder ved profeten Jesaja,
Acts NorSMB 28:26  då han sagde: «Gakk til dette folket og seg: «De skal høyra og høyra og ikkje skyna, og sjå og sjå og ikkje skilja,
Acts NorSMB 28:27  for hjarta i dette folket hev vorte hardt, og dei er tunghøyrde på øyro, og dei let att augo sine, so dei ikkje skal sjå med augo og høyra med øyro og skyna med hjarta og venda um, so eg kunde få lækja deim.»»
Acts NorSMB 28:28  So vere det då kunnigt for dykk, at denne Guds frelsa er send til heidningarne; hjå deim skal ho og finna øyra.»
Acts NorSMB 28:29  Og då han hadde sagt dette, gjekk jødarne burt og hadde eit kvast ordskifte seg imillom.
Acts NorSMB 28:30  Han vart då verande heile tvo år i det herbyrget som han hadde leigt seg, og tok imot alle som kom til honom,
Acts NorSMB 28:31  og han forkynte Guds rike og lærde um Herren Jesus med alt frimod og utan hinder.