Toggle notes
Chapter 1
Prov | NorSMB | 1:8 | Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta ’kje frå deg det mor di deg lærer! | |
Prov | NorSMB | 1:11 | Um dei segjer: «Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fella for den skuldlause utan grunn; | |
Prov | NorSMB | 1:22 | «Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap? | |
Prov | NorSMB | 1:23 | Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord. | |
Prov | NorSMB | 1:27 | når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk. | |
Prov | NorSMB | 1:28 | Då vil eg ikkje svara når de ropar på meg, dei skal naudleita etter meg, men ikkje finna meg. | |
Chapter 2
Prov | NorSMB | 2:20 | Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast; | |
Chapter 3
Prov | NorSMB | 3:3 | Lat ei kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt deim um halsen på deg, skriv deim på di hjartetavla! | |
Prov | NorSMB | 3:14 | For det er betre å kjøpa visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull. | |
Prov | NorSMB | 3:27 | Haldt ei burte det gode frå deim som treng det, når det stend i di magt å gjeva det! | |
Prov | NorSMB | 3:28 | Seg ikkje til grannen din: «Gakk og kom att! Eg skal gjeva deg i morgon» - når du hev det no! | |
Prov | NorSMB | 3:33 | Herrens forbanning er i huset hjå den gudlause, men heimen åt rettferdige velsignar han. | |
Chapter 4
Prov | NorSMB | 4:4 | Då lærde han meg og sagde til meg: «Lat hjarta ditt hanga ved mine ord, tak vare på mine bod, so skal du liva. | |
Prov | NorSMB | 4:8 | Set han høgt, so skal han upphøgja deg, han fører deg til æra når du tek han i fang. | |
Prov | NorSMB | 4:16 | For dei søv ikkje, fær dei ’kje synda, dei misser svevnen, fær dei ikkje folk til å falla. | |
Prov | NorSMB | 4:18 | Men den stigen rettferdige gjeng, er som morgonglima som ljosnar og ljosnar til dagen renn. | |
Chapter 5
Prov | NorSMB | 5:19 | Elskhugs-hindi, ynde-gasella - barmen hennar alltid deg kveikje, stødt vere du trylt av hennar kjærleik. | |
Chapter 6
Prov | NorSMB | 6:3 | gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på grannen: Gakk og kasta deg ned for grannen, gjer ågang på han, | |
Prov | NorSMB | 6:22 | Når du gjeng, skal læra leida deg; når du ligg, skal ho vaka yver deg; når du vaknar, skal ho tala til deg. | |
Prov | NorSMB | 6:25 | Ikkje trå i hjarta etter vænleiken hennar, og lat ho ’kje fanga deg med augneloki sine! | |
Prov | NorSMB | 6:29 | So vert det med den som gjeng inn til kona åt grannen; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne. | |
Chapter 7
Prov | NorSMB | 7:21 | Ho fekk lokka han med all si sterke fyreteljing, forførde han med sine sleipe lippor. | |
Prov | NorSMB | 7:22 | Han fylgjer henne straks, som ein ukse gjeng til slagt, som i fotjarn til tukt for dåren, | |
Prov | NorSMB | 7:23 | til dess pili kløyver hans livr, som fuglen skundar til snara og veit ikkje at det gjeld livet. | |
Chapter 8
Prov | NorSMB | 8:13 | Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, åtferd stygg, og ein munn full av fals eg hatar. | |
Prov | NorSMB | 8:19 | Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv. | |
Prov | NorSMB | 8:29 | då han sette grensa for havet, so vatnet ei gjekk lenger enn han baud, då han la grunnvollar for jordi, | |
Prov | NorSMB | 8:30 | då var eg verksmeister hjå han og var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn. | |
Prov | NorSMB | 8:34 | Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørerne mine og vaktar dørstokkarne mine. | |
Chapter 9
Prov | NorSMB | 9:7 | Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk. | |
Chapter 10
Prov | NorSMB | 10:1 | Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg. | |
Prov | NorSMB | 10:6 | Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause gøymer vald. | |
Prov | NorSMB | 10:9 | den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend. | |
Prov | NorSMB | 10:19 | Der d’er mange ord, vil synd ikkje vanta, men den som set lås for lipporn’, er klok. | |
Prov | NorSMB | 10:24 | Det den ugudlege gruar for, kjem yver han, og det rettferdige ynskjer, vert deim gjeve. | |
Prov | NorSMB | 10:25 | Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn. | |
Chapter 11
Prov | NorSMB | 11:9 | Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap. | |
Prov | NorSMB | 11:10 | Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda. | |
Prov | NorSMB | 11:14 | Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa. | |
Prov | NorSMB | 11:17 | Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt. | |
Prov | NorSMB | 11:20 | Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast. | |
Prov | NorSMB | 11:21 | Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan. | |
Prov | NorSMB | 11:23 | Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide. | |
Prov | NorSMB | 11:27 | Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg. | |
Chapter 12
Prov | NorSMB | 12:4 | Ei fagna kona er ein krans for mannen sin, eit skjemda ting er fæl som ròt i beini hans. | |
Prov | NorSMB | 12:5 | Tankar hjå rettferdige tenkjer er det som rett er, dei råder som ugudlege legg upp, er svik. | |
Prov | NorSMB | 12:6 | Ordi hjå ugudlege gjeng ut på luring etter blod, men ærlege vert berga ved sin munn. | |
Prov | NorSMB | 12:7 | Ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med deim, men rettferdige folks hus stend fast. | |
Prov | NorSMB | 12:8 | Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den ranglyndte kjem i vanvyrdnad. | |
Prov | NorSMB | 12:10 | Den rettferdige veit korleis buskapen har det, men hardt er hjarta hjå ugudlege folk. | |
Prov | NorSMB | 12:11 | Den som dyrkar si jord, fær mette av brød, den som fer etter fåfengde ting, er fåvis. | |
Prov | NorSMB | 12:14 | Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og eit menneskje fær att det han hev gjort med sine hender. | |
Prov | NorSMB | 12:17 | Den som andar ærlegskap, segjer det som rett er, men det falske vitnet talar svik. | |
Prov | NorSMB | 12:20 | Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop, men dei som rå’r til fred, hev gleda. | |
Prov | NorSMB | 12:22 | Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap. | |
Chapter 13
Prov | NorSMB | 13:2 | Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarar stend etter vald. | |
Prov | NorSMB | 13:4 | Hugen i letingen lyster og fær ikkje noko, hugen i strævsame folk fær rikleg mette. | |
Prov | NorSMB | 13:8 | Mannsens rikdom er ein løysepeng for livet hans, men fatigmannen fær inkje trugsmål høyra. | |
Prov | NorSMB | 13:18 | Armod og skam fær den som viser age ifrå seg, men den som agtar på refsing, vinn æra. | |
Prov | NorSMB | 13:22 | Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige. | |
Prov | NorSMB | 13:24 | Den som sparer riset sitt, hatar son sin, men den som elskar han, tuktar honom tidleg. | |
Chapter 14
Prov | NorSMB | 14:2 | Den som ottast Herren, fer ærleg fram, men krokvegar gjeng den som vanvyrder honom. | |
Prov | NorSMB | 14:8 | Klok manns visdom er: han skynar vegen sin, men dåre-narreskapen er: dei svik seg sjølv. | |
Prov | NorSMB | 14:22 | Skal ikkje dei fara vilt som finn på vondt, og miskunn og truskap timast deim som finn på godt? | |
Prov | NorSMB | 14:26 | Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born det finnast skal ei livd. | |
Prov | NorSMB | 14:31 | Trykkjer du armingen, spottar du skaparen hans, men du ærar skaparen når du er mild mot fatigmann. | |
Prov | NorSMB | 14:32 | I ulukka si lyt den gudlause stupa, men den rettferdige hev trygd når han skal døy. | |
Chapter 15
Prov | NorSMB | 15:9 | Gudløysings veg er ei gruv for Herren, men han elskar den som renner etter rettferd. | |
Prov | NorSMB | 15:22 | Råder vert til inkjes utan rådleggjing, men med mange rådgjevarar kjem dei i stand. | |
Prov | NorSMB | 15:24 | Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede. | |
Prov | NorSMB | 15:28 | Rettferdig tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men gudlause let vondskap gøysa ut or munnen. | |
Prov | NorSMB | 15:32 | Den som vandar age, vanvyrder si sjæl, den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit. | |
Chapter 16
Prov | NorSMB | 16:6 | Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde. | |
Prov | NorSMB | 16:7 | Når Herren likar ferdi åt ein mann, so let han jamvel fiendarne halda fred med honom. | |
Prov | NorSMB | 16:16 | Å vinna visdom - kor mykje betre er det ei enn gull! Å vinna vit er meire verdt enn sylv. | |
Prov | NorSMB | 16:17 | Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt, den som agtar på sin veg, han varar si sjæl. | |
Prov | NorSMB | 16:22 | Klokskap er livsens kjelda for deim som eig han, men fåvit er refsing for fåvise folk. | |
Prov | NorSMB | 16:30 | Den som let augo att, vil tenkja range tankar, den som knip lipporne i hop, set vondt i verk. | |
Prov | NorSMB | 16:32 | Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by. | |
Chapter 17
Prov | NorSMB | 17:1 | Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av høgtidskost med trætta til. | |
Prov | NorSMB | 17:2 | Den kloke tenar skal råda yver ein uvisleg son, og millom brøder fær han skifta arv. | |
Prov | NorSMB | 17:5 | Spear du den fatige, so spottar du hans skapar, den som gled seg yver ulukka, skal få si refsing. | |
Prov | NorSMB | 17:7 | Det høver ikkje for ein dåre å tala store ord, enn mindre for ein fagnamann å ljuga. | |
Prov | NorSMB | 17:8 | Gåva er ein glimestein for den som fær ho; kvar ho vender seg, der fær ho framgang. | |
Prov | NorSMB | 17:9 | Søkjer du kjærleik, skyler du misgjerd, men riv du upp att ei sak, skil ven frå ven. | |
Prov | NorSMB | 17:14 | Å taka til med strid er som å sleppa vatn ut, haldt difor upp med trætta fyrr nokon gliser med tennerne! | |
Prov | NorSMB | 17:15 | Den som frikjenner ein ugudleg og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren. | |
Prov | NorSMB | 17:19 | Den som elskar trætta, elskar misgjerning, den som byggjer døri si høg, søkjer fall. | |
Prov | NorSMB | 17:20 | Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som forvender tunga si, fell i ulukka. | |
Prov | NorSMB | 17:26 | Det er ’kje godt at og rettferdige fær refsing, og ei at fagna folk fær slag for det som rett er. | |
Chapter 18
Prov | NorSMB | 18:17 | Den som fyrst legg fram si sak, fær rett, men so kjem motparten og granskar honom. | |
Prov | NorSMB | 18:19 | Hev ein bror lide urett, er han verre å vinna enn ein festningsby, og trættor er som stengsa for eit slott. | |
Prov | NorSMB | 18:20 | Mannen fær magen sin mett av frukti or munnen sin, av grøda frå lipporne vert han mett. | |
Chapter 19
Prov | NorSMB | 19:1 | Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust enn ein mann med range lippor som attpå er ein dåre. | |
Prov | NorSMB | 19:2 | Den som er tankelaus i hugen, gjeng det gale, og den som stig for fort med føterne, han stig i miss. | |
Prov | NorSMB | 19:5 | Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal ikkje sleppa undan. | |
Prov | NorSMB | 19:7 | Fatigmanns brør hatar honom alle, enn meir dreg hans vener seg burt frå honom. Han fer etter ord som er inkjevetta. | |
Prov | NorSMB | 19:8 | Den som elskar si sjæl, han vinn seg vit, den som vaktar sitt skyn, skal finna lukka. | |
Prov | NorSMB | 19:10 | Det høver ei for dåren å hava gode dagar, enn mindre for ein træl å råda yver hovdingar. | |
Prov | NorSMB | 19:13 | Ein dårleg son er reint ei ulukka for far sin, og kjerringtrætta er som si-drop frå taket. | |
Prov | NorSMB | 19:16 | Den som tek vare på bodet, tek vare på sitt liv, den som ei ansar si åtferd, skal missa livet. | |
Prov | NorSMB | 19:17 | Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og av honom fær han vederlag for si velgjerning. | |
Prov | NorSMB | 19:19 | Den som er svært sinna, lyt bøta for det, for um du hjelper han, du gjer vondt verre. | |
Prov | NorSMB | 19:23 | Otte for Herren fører til liv, mett fær ein kvila og vert ikkje heimsøkt med vondt. | |
Prov | NorSMB | 19:25 | Slær du spottaren, so vert uvitingen klok, og agar du den vituge, so fær han vit på kunnskap. | |
Prov | NorSMB | 19:26 | Den som er vond med far sin og jagar mor si burt, han er ein son til skam og skjemd. | |
Chapter 20
Prov | NorSMB | 20:2 | Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel. | |
Prov | NorSMB | 20:5 | Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp. | |
Prov | NorSMB | 20:13 | Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette. | |
Prov | NorSMB | 20:17 | Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein. | |
Prov | NorSMB | 20:25 | Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå. | |
Chapter 21
Prov | NorSMB | 21:7 | Den vald dei gudlause gjer, skal riva deim sjølve burt, for det som er, vil dei ikkje gjera. | |
Prov | NorSMB | 21:10 | Ugudleg manns sjæl hev hug til det vonde, hans næste finn ikkje miskunn hjå honom. | |
Prov | NorSMB | 21:11 | Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap. | |
Prov | NorSMB | 21:15 | Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei rædsla for illgjerningsmenner. | |
Prov | NorSMB | 21:18 | Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege. | |
Prov | NorSMB | 21:28 | Eit ljugar-vitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid. | |
Chapter 22
Prov | NorSMB | 22:5 | Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim. | |
Prov | NorSMB | 22:16 | Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap. | |
Prov | NorSMB | 22:18 | For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor! | |
Prov | NorSMB | 22:21 | til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg? | |
Prov | NorSMB | 22:22 | Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten! | |
Prov | NorSMB | 22:24 | Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann, | |
Chapter 23
Prov | NorSMB | 23:5 | Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels. | |
Prov | NorSMB | 23:7 | For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg. | |
Prov | NorSMB | 23:24 | Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han. | |
Prov | NorSMB | 23:29 | Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo? | |
Prov | NorSMB | 23:31 | Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned. | |
Chapter 24
Prov | NorSMB | 24:6 | Klok styring skal du bruka når du fører krig, hev du mange rådvise menn gjeng det godt. | |
Prov | NorSMB | 24:11 | Berga deim som dei fører til dauden, og dei som vinglar til rettarstaden, haldt deim att! | |
Prov | NorSMB | 24:12 | Um du segjer: «Me visste det ikkje, ser du,» tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som agtar på sjæli di, veit det, og han løner mannen etter hans gjerning? | |
Prov | NorSMB | 24:14 | Lær sameleis visdom for sjæli di! Finn du honom, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes. | |
Prov | NorSMB | 24:15 | Lur ikkje, du gudlause, på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde! | |
Prov | NorSMB | 24:16 | For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem. | |
Prov | NorSMB | 24:17 | Når din fiend’ fell, so gled deg ikkje, og når han stupar, fegnast ei ditt hjarta! | |
Prov | NorSMB | 24:24 | Den som segjer til den skuldige: «Du er uskuldig.» Honom vil folkeslag banna og folk forbanna; | |
Prov | NorSMB | 24:27 | Fullfør yrket ditt ute, og gjer det ferdigt for deg på marki! Sidan kann du byggja deg hus | |
Prov | NorSMB | 24:28 | ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn, for du vil vel ’kje svika med lipporne dine? | |
Prov | NorSMB | 24:29 | Seg ikkje: «Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han. Eg vil løna mannen etter hans gjerning.» | |
Prov | NorSMB | 24:31 | og sjå, han var vaksen full av tistlar, grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned. | |
Chapter 25
Prov | NorSMB | 25:1 | Dette er og ordtøke av Salomo, og mennerne åt Hizkia, kongen i Juda, hev samla deim. | |
Prov | NorSMB | 25:7 | For betre er at dei segjer med deg: «Stig her upp!» Enn at du vert nedflutt for augo på fyrsten. Kva so augo dine hev set. | |
Prov | NorSMB | 25:8 | Ver ikkje for snar til å reisa sak; for kva vil du gjera til slutt, når motparten gjer deg til skammar? | |
Prov | NorSMB | 25:10 | For elles vil den som høyrer det, skjella deg ut, og du vil alltid få låkt ord på deg. | |
Prov | NorSMB | 25:12 | Som ein gullring i øyra og sylgja av gull er ein vismann som refser for høyrande øyra. | |
Prov | NorSMB | 25:13 | Som svalande snø ein skurdonne-dag er ein tru bodberar for deim som sender han, han kveikjer sjæli åt herren sin. | |
Prov | NorSMB | 25:20 | Som kastar du klædi ein frostdag, som eddik på natron, so er den som syng visor for sorgfullt hjarta. | |
Prov | NorSMB | 25:26 | Som gruggi kjelda og ein utskjemd brunn, so er rettferdig mann som vinglar medan gudlaus ser det. | |
Chapter 26
Prov | NorSMB | 26:10 | Som ein skyttar som sårar alle, so er den som leiger dåren og kvar som fer framum. | |
Prov | NorSMB | 26:11 | Som hund som snur seg til si eigi spya, so er ein dåre som kjem att til narreskapen sin. | |
Prov | NorSMB | 26:12 | Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for honom. | |
Prov | NorSMB | 26:17 | Han triv i øyro på framumfarande hund, han som ryk upp i sinne for trætta som ikkje kjem han ved. | |
Prov | NorSMB | 26:27 | Den som grev ei grav, skal stupa nedi, den som velter ein stein, skal få han yver seg att. | |
Chapter 27
Prov | NorSMB | 27:10 | Slepp ikkje frå deg venen din og far din’s ven, so du lyt heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte. | |
Prov | NorSMB | 27:13 | Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta honom for ei framand kvinna! | |
Prov | NorSMB | 27:14 | Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning. | |
Prov | NorSMB | 27:18 | Den som agtar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, den som tek vare på sin herre, skal få æra. | |
Prov | NorSMB | 27:22 | Um du støyte uvitingen i mortelen med støytaren i hop med gryn, so vilde ikkje vitløysa vika ifrå han. | |
Chapter 28
Prov | NorSMB | 28:2 | Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge. | |
Prov | NorSMB | 28:4 | Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim. | |
Prov | NorSMB | 28:6 | Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar. | |
Prov | NorSMB | 28:7 | Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin. | |
Prov | NorSMB | 28:8 | Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme. | |
Prov | NorSMB | 28:10 | Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er. | |
Prov | NorSMB | 28:12 | Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk. | |
Prov | NorSMB | 28:13 | Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn. | |
Prov | NorSMB | 28:14 | Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka. | |
Prov | NorSMB | 28:16 | Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge. | |
Prov | NorSMB | 28:18 | Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine. | |
Prov | NorSMB | 28:19 | Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod. | |
Prov | NorSMB | 28:20 | Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst. | |
Prov | NorSMB | 28:21 | Det er ’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit. | |
Prov | NorSMB | 28:22 | I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han. | |
Prov | NorSMB | 28:23 | Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si. | |
Prov | NorSMB | 28:24 | Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror. | |
Prov | NorSMB | 28:26 | Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst. | |
Prov | NorSMB | 28:27 | Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg. | |
Chapter 29
Prov | NorSMB | 29:1 | Ein mann som etter mykje refsing endå er ein stivnakke, vil brått verta broten ulækjeleg sund. | |
Prov | NorSMB | 29:2 | Når rettferdige aukar i tal, då gled seg folket, men når gudlaus mann kjem til styre, sukkar folket. | |
Prov | NorSMB | 29:3 | Den som elskar visdom, gled sin far, men den som gjeng i lag med skjøkjor, øyder eiga si. | |
Prov | NorSMB | 29:6 | Ein vond manns misgjerd er snara for honom, men rettferdig mann fegnast og gled seg. | |
Prov | NorSMB | 29:16 | Når dei gudlause aukar, so aukar syndi, men dei rettferdige skal sjå med lyst på deira fall. | |
Prov | NorSMB | 29:19 | Med ord let trælen seg ikkje tukta, for han skynar deim vel, men bryr seg ’kje um deim. | |
Prov | NorSMB | 29:24 | Den som helar med tjuven, hatar sitt liv, han høyrer dei tek han i eid, men gjev ingi vitring. | |
Chapter 30
Prov | NorSMB | 30:1 | Ord av Agur, son åt Jake, profetordet. Mannen segjer so til Itiel, til Itiel og Ukal: | |
Prov | NorSMB | 30:4 | Kven hev stige upp til himmelen og stige ned? Kven hev samla vinden inn i nevarne? Kven hev bunde vatnet i eit klædeplagg? Kven hev alle enderne av jordi sett? Kva heiter han, kva heiter son hans - um du veit det? | |
Prov | NorSMB | 30:8 | Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg få eta mitt tiletla brød! | |
Prov | NorSMB | 30:9 | Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn. | |
Prov | NorSMB | 30:14 | ei ætt som heve sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund. | |
Prov | NorSMB | 30:15 | Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Tri finst det som aldri vert mette, fire som ei segjer: «Nok!» | |
Prov | NorSMB | 30:16 | Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!» | |
Prov | NorSMB | 30:17 | Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal bekkje-ramnarne hakka ut og ørnungar eta upp. | |
Prov | NorSMB | 30:19 | Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til møy. | |
Prov | NorSMB | 30:20 | Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: «Eg hev ikkje gjort noko vondt.» | |
Prov | NorSMB | 30:26 | Fjellgrevlingarne er ’kje noko veldugt folk, og endå byggjer dei seg hus i berget. | |
Chapter 31
Prov | NorSMB | 31:4 | Ei sømer det seg, Lemuel, for kongar, ei kongar sømer det seg å drikka vin, og ei for hovdingar å spyrja etter rusdrykk. | |
Prov | NorSMB | 31:6 | Lat han få rusdrykk som er åt å gå til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjæli. | |
Prov | NorSMB | 31:16 | Ho stilar på ein åker og fær han, for det ho med henderne tener ho plantar ein vingard. | |