Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
Toggle notes
Chapter 1
Jere NorSMB 1:1  Ord av Jeremia Hilkiason, ein av prestarne i Anatot i Benjaminslandet.
Jere NorSMB 1:2  Til honom kom Herrens ord i dei dagarne då Josia Amonsson var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,
Jere NorSMB 1:3  likeins i dei dagarne då Jojakim Josiason var konge i Juda alt til slutten av det ellevte styringsåret åt Sidkia Josiason, Juda-kongen, alt til burtføringi av Jerusalems-buarne i den femte månaden.
Jere NorSMB 1:5  Fyrr eg skapte deg i morsliv, kjende eg deg, og fyrr du kom ut or moderfang, helga eg deg; til profet åt folki sette eg deg.
Jere NorSMB 1:6  Men eg sagde: «Å, Herre, Herre! Sjå, eg kann ikkje med å tala, for eg er so ung.»
Jere NorSMB 1:7  Då sagde Herren med meg: Seg ikkje: «Eg er so ung,» men til alle som eg sender deg til, skal du ganga, og alt det eg byd deg, skal du tala.
Jere NorSMB 1:8  Ikkje ottast deim! For eg er med deg til å berga deg, segjer Herren.
Jere NorSMB 1:9  Og Herren rette ut si hand og tok på munnen min. So sagde Herren med meg: Sjå, eg hev lagt ordi mine i din munn.
Jere NorSMB 1:10  Sjå, eg hev i dag sett deg yver folki og yver kongeriki til å ryskja upp og riva ned, til å tyna og brjota ned, til å byggja og til å planta.
Jere NorSMB 1:11  Og Herrens ord kom til meg; han sagde: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Ein stav av vake-treet ser eg.»
Jere NorSMB 1:12  Og Herren sagde med meg: Gløgt såg du no, for vaka vil eg yver mitt ord til å fullføra det.
Jere NorSMB 1:13  So kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde: Kva ser du? Og eg svara: «Ei sjodande gryta ser eg, og nordantil snur ho seg hit.»
Jere NorSMB 1:14  Då sagde Herren med meg: Frå nord kjem ulukka sendande yver alle som bur i landet.
Jere NorSMB 1:15  For sjå, eg kallar på kvar ei ætt i riki der nord, segjer Herren. Og dei skal koma og setja kvar sin stol attmed inngangen til portarne i Jerusalem og mot alle murarne um det rundt ikring og mot alle byarne i Juda.
Jere NorSMB 1:16  Og eg vil segja mine domar yver deim for alt deira illverk, at dei vende seg frå meg og brende røykjelse åt andre gudar og tilbad dei verk deira hender gjorde.
Jere NorSMB 1:17  Men du - gyrd dine lender og statt upp og tala til deim alt det som eg byd deg. Ikkje ræddast for deim, so ikkje eg skal gjera deg rædd deim!
Jere NorSMB 1:18  Og eg, sjå eg hev i dag gjort deg til ei fast borg og til ein jarnstolpe og til ein koparmur mot alt landet: mot kongarne i Juda, mot hovdingarne, mot prestarne og mot lyden i landet.
Jere NorSMB 1:19  Dei skal strida mot deg og ikkje vinna på deg. For eg er med deg, segjer Herren, og skal berga deg.
Chapter 2
Jere NorSMB 2:2  Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der dei inkje sår.
Jere NorSMB 2:3  Heilagt var Israel for Herren, hans fyrstegrøda. Alle som vilde eta det, laut bøta, ulukka kom på deim, segjer Herren.
Jere NorSMB 2:4  Høyr Herrens ord, Jakobs hus, og alle ætter i Israels hus!
Jere NorSMB 2:5  So segjer Herren: Kva hev federne dykkar funne rangt hjå meg, sidan dei hadde seg undan meg og ferdast etter fåfenglege gudar og vart fåfenglege?
Jere NorSMB 2:6  Og dei sagde ikkje: «Kvar er Herren som førde oss ut or Egyptarlandet, som leidde oss i øydemarki, i eit land med heidar og klufter, i eit land med turk og daudeskuggar, i eit land der ingen mann hev fare, og der inkje menneskje hev butt?»
Jere NorSMB 2:7  Og eg let dykk koma inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom.
Jere NorSMB 2:8  Prestane sagde ikkje: «Kvar er Herren?» Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingarne fall ifrå meg. Og profetarne spådde ved Ba’al, og etter gagnlause gudar gjekk dei.
Jere NorSMB 2:9  Difor vil eg framleides trætta med dykk, segjer Herren; og med barneborni dykkar vil eg trætta.
Jere NorSMB 2:10  For far yver til Kittim-øyarne og sjå, og send bod til Kedar og høyr vel etter, og sjå um slikt er hendt!
Jere NorSMB 2:11  Hev noko folk bytt burt gudar, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk hev bytt sin herlegdom burt i gagnløysa.
Jere NorSMB 2:12  Vert forstøkte, de himlar, yver slikt, og tak fæla og stivna, segjer Herren.
Jere NorSMB 2:13  For tvo illverk hev mitt folk gjort: dei vende seg frå meg, kjelda med livande vatn, og grov seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.
Jere NorSMB 2:14  Er Israel ein træl? Er han ein træleson? Kvi er han vorten eit herfang?
Jere NorSMB 2:15  Ungløvor bura imot honom, let ljoma si røyst. Og dei gjorde hans land til ei audn, hans byar vart brende, ingen bur der.
Jere NorSMB 2:16  Jamvel Nofs-sønerne og Tahpanhes hev gjort deg snaud i kruna.
Jere NorSMB 2:17  Hev du ikkje sjølv valda deg dette, med di du vende deg frå Herren, din Gud, då han vilde leida deg på vegen?
Jere NorSMB 2:18  Og no, kva hev du med Egyptarvegen å gjera for å drikka vatn or Sihor? Og kva hev du med Assur-vegen å gjera for å drikka vatn or Elvi?
Jere NorSMB 2:19  Din vondskap agar deg, og dine fråfall refser deg: Kjenn då og sjå at det er vondt og beiskt at du vende deg frå Herren, din Gud, og at du ikkje hev otte for meg, segjer Herren, Allhers-Herren.
Jere NorSMB 2:20  For alt longe sidan braut du sund ditt ok, sleit sund dine band og sagde: «Eg vil ikkje tena.» For på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre lagde du deg ned og dreiv hor.
Jere NorSMB 2:21  Og eg hadde då planta deg eit godt vintre, alt igjenom av egte sæde; kor kunde du då verta umskapt for meg til villvin av framandt slag?
Jere NorSMB 2:22  For um du so vilde två deg i lut og bruka mykje såpa, so vilde di misgjerning endå vera urein for mi åsyn, segjer Herren, Herren.
Jere NorSMB 2:23  Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå.
Jere NorSMB 2:24  Som ei vill-asna, van med øydemarki, syp ho etter anden i si trå. Brund-giren hennar - kven kann døyva den? Dei som leitar etter henne, tarv ikkje renna seg trøytte; i hennar månad finn dei henne.
Jere NorSMB 2:25  Vara foten din so han ikkje vert berr, og strupen din so du ikkje vert tyrst! Men du segjer: «Rådlaust! Nei, for eg elskar framande,» og etter deim vil eg ganga.
Jere NorSMB 2:26  Liksom tjuven må skjemmast når han vert teken, soleis må Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongarne deira, hovdingarne deira og prestarne deira og profetarne deira,
Jere NorSMB 2:27  dei som segjer til treet: «Du er min far,» og til steinen: «Du hev født meg;» for dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andlitet. Men når dei er i naud, då ropar dei: «Ris upp og hjelp oss!»
Jere NorSMB 2:28  Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine.
Jere NorSMB 2:29  Kvi trætter de med meg? Alle er de falne frå meg, segjer Herren.
Jere NorSMB 2:30  Til fånyttes slo eg borni dykkar; age tok dei ikkje. Som ei herjande løva gløypte dykkar sverd profetarne dykkar.
Jere NorSMB 2:31  Du ætt, gjev gaum etter Herrens ord! Hev eg vore ei øydemark for Israel eller eit stum-myrkt land? Kvi segjer då lyden min: «Me gjeng lause, me vil aldri meir koma til deg.»
Jere NorSMB 2:32  Gløymer ei møy sin prydnad, ei brur sitt belte? Men lyden min hev gløymt meg i uteljande dagar.
Jere NorSMB 2:33  Kor vel du veit å leggja vegen din til å leita etter elskhug! Difor vandest du og på dine vegar til det vonde.
Jere NorSMB 2:34  Ja, på kjolesnipparne finst det blod av skuldlause armingar: ikkje kom du på deim i innbrot; men av di at alt dette er funne hjå deg.
Jere NorSMB 2:35  Endå segjer du: «Eg er skuldlaus; visseleg hev vreiden hans vendt seg frå meg.» Sjå, eg vil ganga til doms med deg av di at du segjer: «Eg hev ikkje synda.»
Jere NorSMB 2:36  Kvi fer du so langt burt i ei onnor leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, likeins som du vart til skammar med Assyria.
Jere NorSMB 2:37  Derifrå med skal du ganga ut med henderne yver ditt hovud. For Herren hev støytt burt deim du leit, og du fær ingi lukka med deim.
Chapter 3
Jere NorSMB 3:1  Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
Jere NorSMB 3:2  Lyft upp augo dine til snaudfjellkollarne og sjå: kvar var det du ikkje vart skjemd? Frammed vegarne sat du og stunda etter deim likeins som ein arab i øydemark, og du vanhelga landet med din horelivnad og vondskap.
Jere NorSMB 3:3  So vart då regnskurerne haldne att; og vårregn kom det ikkje. Men di panna var som på ei horkona: det beid ikkje skam i deg.
Jere NorSMB 3:4  Hev du ikkje nett no kalla på meg og sagt: «Min fader!» «Min ungdomsven er du?»
Jere NorSMB 3:5  «Kann han vilja gøyma på vreide æveleg og harmast for ævelengdi?» Sjå, det tala du, men gjorde det vonde og kunde det med.
Jere NorSMB 3:6  Og Herren sagde med meg i kong Josias dagar: Hev du set kva ho hev gjort, den utrue kvinna Israel? Ho gjekk upp på kvart eit høgt fjell og inn under kvart eit grønt tre og dreiv hor der.
Jere NorSMB 3:7  Og eg sagde: Etter ho hev gjort alt dette, vil ho snu attende til meg, men ho snudde ikkje. Og det såg den utrue kvinna, hennar syster Juda.
Jere NorSMB 3:8  Og eg såg at endå eg hadde sendt frå meg Israel, den fråfalne, og gjeve henne hennar skilsmålsbrev av di ho hadde drive hor, so ottast ikkje hennar utrue syster Juda like vel, men gjekk av stad og dreiv hor ho med.
Jere NorSMB 3:9  Og med sin ubljuge lauslivnad vanhelga ho landet, og ho dreiv hor med stein og med tre.
Jere NorSMB 3:10  Og med alt dette hev hennar utrue syster Juda ikkje snutt um til meg av alt sitt hjarta, men berre læst gjera det, segjer Herren.
Jere NorSMB 3:11  Og Herren sagde med meg: Den fråfalne, Israel, tedde seg rettferdigare enn den utrue, Juda.
Jere NorSMB 3:12  Gakk av stad og ropa ut desse ordi mot nord og seg: Snu då um, du frå falne, Israel, segjer Herren. Eg vil ikkje møta deg med harmfullt andlit, for eg er miskunnsam, segjer Herren, og gøymer ikkje æveleg på vreide.
Jere NorSMB 3:13  Berre kannast ved di misgjerning, at du fall ifrå Herren, din Gud, og på ymse leider for etter framande gudar inn under kvart eit grønt tre, men på mi røyst hev de ikkje lydt, segjer Herren.
Jere NorSMB 3:14  Snu um, de fråfalne born, segjer Herren, for eg er herren dykkar. Og eg vil taka dykk, ein or ein by og tvo av ei ætt, og lata dykk koma til Sion.
Jere NorSMB 3:15  Og eg vil gjeva dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal gjæta dykk med vit og skynsemd.
Jere NorSMB 3:16  Og når de aukar og veks i landet i dei dagarne, segjer Herren, då skal dei aldri meir tala um Herrens sambandskista, ja, ikkje koma henne i hug di heller og ikkje minnast henne og ikkje sakna henne, og dei skal ikkje heller meir gjera seg ei slik.
Jere NorSMB 3:17  I den tidi skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol, og alle folk skal samlast dit til Herrens namn, til Jerusalem. Og aldri meir skal dei ferdast etter sitt vonde, harde hjarta.
Jere NorSMB 3:18  I dei dagarne skal Juda-huset ganga til Israelshuset, og dei skal koma saman frå Norderlandet til det landet som eg gav federne dykkar til odel.
Jere NorSMB 3:19  Eg sagde då: «Å, kor høgt eg vilde sessa deg millom borni og gjeva deg eit hugnadlegt land, den herlegaste odel millom folki.» Og eg sagde: «De vil ropa til meg: «Min fader!» og ikkje meir skilja lag med meg.»
Jere NorSMB 3:20  Men liksom ei kvinna er utru mot venen sin, soleis hev de vore utrue mot meg, du Israels hus, segjer Herren.
Jere NorSMB 3:21  Ei røyst høyrest på dei snaudfjelli, gråt og bøner frå Israels-borni; for dei hev gjenge på range vegar, dei hev gløymt Herren, sin Gud.
Jere NorSMB 3:22  Snu um, de fråfalne born, so skal eg lækja dykk etter dykkar fråfall. Sjå her, me kjem til deg, for du er Herren, vår Gud.
Jere NorSMB 3:23  Sanneleg, til fåfengs var voni til haugarne, ståket på heidarne. Sanneleg, i Herren, vår Gud, er Israels frelsa.
Jere NorSMB 3:24  Og skjemdar-tinget hev ete upp det federne våre stræva i hop alt frå vår ungdom, deira sauer og kyr, deira søner og døtter.
Jere NorSMB 3:25  Lat oss då liggja i vår skjemd, og lat skammi vår breida seg yver oss! For mot Herren, vår Gud, hev me synda, me og federne våre, alt frå ungdom og til denne dag, og me hev ikkje lydt Herren, vår Guds, røyst.
Chapter 4
Jere NorSMB 4:1  Um du vender um, Israel, segjer Herren, då skal du få venda attende til meg, og um du hev dine styggjor burt frå mi åsyn, skal du ikkje ljota liva i fredløysa.
Jere NorSMB 4:2  Og um du sver: «So sant som Herren liver,» i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i honom og rosa seg i honom.
Jere NorSMB 4:3  For so segjer Herren med Juda-mennerne og med Jerusalem: Brjot dykk nybrot, og så ikkje millom klunger!
Jere NorSMB 4:4  Umskjer dykk for Herren, og tak burt dykkar hjartans fyrehud, de Juda-menner og Jerusalems-buar, so at harmen min ikkje skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for dykkar vonde verk skuld.
Jere NorSMB 4:5  Kunngjer i Juda og send bod til Jerusalem og seg: «Blås i lur i landet!» Ropa alt med de vinn, og seg: «Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste borger!»
Jere NorSMB 4:6  Set upp hermerke burtåt Sion! Fly undan, stana ikkje! For eg let ulukka koma frå nord med stort tjon.
Jere NorSMB 4:7  Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byarne dine vert lagde i øyde so ingen bur der.
Jere NorSMB 4:8  Gyrd dykk difor i sekk, barma dykk og øya dykk! For Herrens brennande vreide hev ikkje vendt seg frå oss.
Jere NorSMB 4:9  Og den dagen, segjer Herren, skal kongen og hovdingarne standa rådlause, prestarne skal ræddast og profetarne verta vitskræmde.
Jere NorSMB 4:10  Då sagde eg: «Å, Herre, Herre! Ille hev du svike dette folk og Jerusalem då du sagde: «Fred skal de hava» - og no gjeng sverd inn til sjæli.»
Jere NorSMB 4:11  I den tidi skal det verta sagt med dette folk og med Jerusalem: Ein glodheit vind frå snaudkollarne i øydemarki kjem imot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med.
Jere NorSMB 4:12  Ein vind, sterkare enn til slikt, vil eg lata koma; no vil eg og segja domen mot deim.
Jere NorSMB 4:13  Sjå, lik skyer kjem han upp farande, og lik eit stormver er hans vogner, fljotare enn ørnar er hans hestar: Usæle me! Det er ute med oss.
Jere NorSMB 4:14  Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst. Kor lenge skal dine synduge tankar bu i ditt brjost?
Jere NorSMB 4:15  For ei røyst kjem med tiend frå Dan og med usæle-bod frå Efraimsheidi.
Jere NorSMB 4:16  Lat folki få vita det, sjå til og lat Jerusalem få høyra det; umlægringsmenner kjem frå eit land langt undan og set i og ropar mot byarne i Juda.
Jere NorSMB 4:17  Likeins som markevaktarar sit dei og gjæter på henne rundt ikring; for mot meg hev ho vore tråssug, segjer Herren.
Jere NorSMB 4:18  Di åtferd og dine gjerningar hev valda deg dette; dette hev du for vondskapen din, at det er beiskt, at det gjeng alt inn til ditt hjarta.
Jere NorSMB 4:19  Å bringa mi, bringa mi! Eg skjelv av verk, hjarteverk. Mitt hjarta bankar i meg, eg kann ikkje tegja. For lurljom, herrop hev du høyrt, mi sjæl.
Jere NorSMB 4:20  Tjon på tjon vert det ropa, for alt landet er i øyde lagt; dåtteleg er tjeldi mine øydelagde, i ein augneblink tjelddukarne mine.
Jere NorSMB 4:21  Kor lenge skal eg sjå hermerke, høyra lurljom?
Jere NorSMB 4:22  For lyden min er fåvis, meg kjenner dei ikkje; uvituge born er dei, og dei er utan skyn; vise er dei til å gjera vondt, men dei hev ikkje vit på å gjera godt.
Jere NorSMB 4:23  Eg såg jordi, og sjå, ho var aud og øydi, og til himmelen såg eg, og ljoset hans var kvorve.
Jere NorSMB 4:24  Eg såg fjelli, og sjå, dei bivra, og alle haugarne rugla.
Jere NorSMB 4:25  Eg såg, og sjå, det fanst ikkje eit menneskje, og alle himmelens fuglar hadde floge burt.
Jere NorSMB 4:26  Eg såg, og sjå, det grøderike landet var ei øydemark, og alle byarne var nedrivne av Herren, av hans brennande harm.
Jere NorSMB 4:27  For so segjer Herren: Ei audn skal heile landet verta, men reint audt vil eg ikkje gjera det.
Jere NorSMB 4:28  Difor skal landet syrgja og himmelen der uppe klæda seg i svart, av di eg hev sagt det, tenkt det so, og eg angrar det ikkje og gjer det ikkje um att.
Jere NorSMB 4:29  For gnyen av ridarar og bogeskyttarar flyr kvar ein by; dei gjeng inn i skogarne og stig upp på hamrarne. Alle byar er folketome, ingen bur i deim.
Jere NorSMB 4:30  Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gull-prydnad og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vanvyrdar deg, dei stend deg etter livet.
Jere NorSMB 4:31  For eg høyrer rop nett som av ei kvinna i barnsnaud, naudrop som av kvinna når ho fær fyrste barnet, rop av dotteri Sion. Ho styn, ho retter ut henderne sine: Eie meg! Sjæli mi sig vanmegtig i mordar-vald.
Chapter 5
Jere NorSMB 5:1  Gakk kringum i gatorne i Jerusalem, og sjå etter og få vita og leita på torgi um de finn einkvar, um det er nokon som gjer rett, som legg vinn på ærlegdom, so vil eg tilgjeva byen.
Jere NorSMB 5:2  Og endå um dei segjer: «So sant som Herren liver,» so gjer dei rang eid like vel.
Jere NorSMB 5:3  Herre, ser ikkje augo dine etter ærlegdom? Du slo deim, men dei anka seg ikkje, du tynte deim, men dei let seg ikkje aga. Dei gjorde andlitet hardare enn stein, dei vilde ikkje venda um.
Jere NorSMB 5:4  Då sagde eg: «Dette er berre småfolk; dei er fåvituge, for dei veit ikkje Herrens veg, sin Guds rett.
Jere NorSMB 5:5  No vil eg ganga til storfolket og tala med deim, for dei veit Herrens veg, sin Guds rett.» Men nettupp dei, alle saman, hev brote sund oket, slite av seg bandi.
Jere NorSMB 5:6  Difor skal løva frå skogen slå deim, vargen frå villmarkerne tyna deim. Panteren ligg og gjæter attmed byarne deira; kvar den som gjeng ut or deim, vert sundriven. For mange er deira forbrot, mangfaldige deira fråfall.
Jere NorSMB 5:7  Kvi skulde då eg gjeva deg til? Borni dine hev vendt seg frå meg og svore ved slikt som ikkje er gud. Og eg metta deim, men dei dreiv hor og flokka seg i skjøkjehuset.
Jere NorSMB 5:8  Som velfødde hestar er dei tidleg ute; kvar ein kneggjar dei åt grannekona si.
Jere NorSMB 5:9  Skulde eg ikkje heimsøkja slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje harma seg på eit sovore folk?
Jere NorSMB 5:10  Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt. Riv av hennar vinrankor, dei høyrer ikkje Herren til.
Jere NorSMB 5:11  For dei hev ille svike meg, både Israels hus og Judas hus, segjer Herren.
Jere NorSMB 5:12  Dei hev neitta Herren og sagt: «Det er ikkje han, og nokor ulukka skal ikkje koma yver oss, og sverd og svolt skal me ikkje sjå.
Jere NorSMB 5:13  Og profetarne skal verta til vind, for det er ingen som talar i deim. Soleis skal det ganga med deim sjølve.»
Jere NorSMB 5:14  Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sidan de talar slike ord, sjå, so gjera eg mine ord i din munn til ein eld og dette folket til ved, og han skal øyda deim.
Jere NorSMB 5:15  Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
Jere NorSMB 5:16  Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.
Jere NorSMB 5:17  Og dei skal eta upp din avle og ditt brød, dei skal tyna dine søner og dine døtter, dei skal eta upp dine sauer og dine naut, dei skal øydeleggja dine vintre og fiketre, dine faste byar, som du lit på, skal dei brjota ned med sverd.
Jere NorSMB 5:18  Men jamvel i dei dagarne, segjer Herren, vil eg ikkje heiltupp øyda dykk ut.
Jere NorSMB 5:19  Og når de då segjer: «Kvi hev Herren, vår Gud, gjort alt dette imot oss?» då skal du segja med deim: «Likeins som de sveik meg og tente framande gudar i dykkar land, so skal de tena framande i eit land som ikkje er dykkar land!»
Jere NorSMB 5:20  Kunngjer dette i Jakobs hus og lat deim få høyra det i Juda og seg:
Jere NorSMB 5:21  Høyr dette, du fåvise og vitlause lyd, som hev augo, men ikkje ser, som hev øyro, men ikkje høyrer.
Jere NorSMB 5:22  Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? eg som sette fjøresanden til demma for havet, til eit ævelegt stengje som det ikkje kann fløda yver, som bårorne kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.
Jere NorSMB 5:23  Men denne lyden hev eit stridigt og tråssugt hjarta, dei hev vike undan og er burtgjengne.
Jere NorSMB 5:24  Og dei hev ikkje sagt i sitt hjarta: «Lat oss ottast Herren, vår Gud, som gjev regn, både haustregn og vårregn, i rett tid, som tek vare på dei visse haustonne-vikorne for oss!»
Jere NorSMB 5:25  Dykkar misgjerningar hev avlaga alt dette, og dykkar synder hev halde det gode burte frå dykk.
Jere NorSMB 5:26  For det finst ugudlege i lyden min, dei legg seg på lur liksom fuglefangarar huker, dei set ut gildra, menneskje veider dei.
Jere NorSMB 5:27  Nett som eit bur fullt av fuglar, so er husi deira fulle av svik; difor er dei store og rike vortne.
Jere NorSMB 5:28  Dei er feite vortne so det skin av deim; dei er breiddfulle med vondt; dei dømer ikkje i nokor sak, hjelpar ikkje den farlause til sin rett, og i fatigmanns sak dømer dei ikkje.
Jere NorSMB 5:29  Skulde eg ikkje heimsøkja for slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje hemna seg på eit sovore folk?
Jere NorSMB 5:30  Grysjelege og gruelege ting gjeng fyre seg i landet.
Jere NorSMB 5:31  Profetarne spår lygn, og prestarne er strenge herrar etter deira råd, og lyden min likar det. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?
Chapter 6
Jere NorSMB 6:1  Fly, de Benjamins-søner, ut or Jerusalem, og blås i herlur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! for ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing.
Jere NorSMB 6:2  Den fagre og kjælne, Sions dotter, henne tyner eg.
Jere NorSMB 6:3  Til henne skal hyrdingar koma med hjorderne sine; dei slær upp tjeld rundt kringum henne, dei beiter av kvar sitt stykke.
Jere NorSMB 6:4  Vigsla dykk til strid mot henne! Statt upp og lat oss draga upp høgst å dag! Usæle me! For det lid på dagen, og kveldskuggarne lengjest.
Jere NorSMB 6:5  Statt upp og lat oss draga upp um natti, og lat oss leggja hennar borghaller øyde!
Jere NorSMB 6:6  For so segjer Herren, allhers drott: Hogg tre og kasta upp ein voll mot Jerusalem! Det er byen som skal verta heimsøkt; han er fullsett med vondskap all igjenom.
Jere NorSMB 6:7  Likeins som brunnen let vatn vella fram, soleis let han sin vondskap vella fram. Valdsverk og tjon høyrest der, sår og slag er stødt framfor mi åsyn.
Jere NorSMB 6:8  Lat deg segja, Jerusalem, so mi sjæl ikkje skal venda seg frå deg, so eg ikkje skal gjera deg til ei audn, til eit ubygt land.
Jere NorSMB 6:9  So segjer Herren, allhers drott: Ei attpå-sanking, liksom på eit vintre, skal dei gjera på leivningen av Israel..
Jere NorSMB 6:10  Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord er vorte til spott bland deim, dei likar det ikkje,
Jere NorSMB 6:11  Men eg er full av Herrens harm, eg er utmødd av å halda honom inne. .
Jere NorSMB 6:12  Og husi deira skal koma i annan manns eige, deira jorder og konor like eins. For eg vil retta ut mi hand mot deim som bur i landet, segjer Herren.
Jere NorSMB 6:13  For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik.
Jere NorSMB 6:14  Og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er.
Jere NorSMB 6:15  Dei skal standa til skammar; for dei hev gjort skjemdarverk. Men dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell, den tid eg heimsøkjer deim, skal dei snåva, segjer Herren.
Jere NorSMB 6:16  So sagde Herren: Statt på vegarne og sjå etter og spør etter dei gamle stigarne, kvar vegen til det gode er, og ferdast so på den, so skal de finna kvild for sjælerne dykkar. Men dei sagde: «Me vil ikkje ferdast på honom.»
Jere NorSMB 6:17  Og eg sette vaktmenner yver dykk og sagde: «Lyd vel etter lurljomen!» Men dei sagde: «Me vil ikkje lyda etter.»
Jere NorSMB 6:18  Difor høyr, de folk, og få vit på, du lyd, kva som i deim bur.
Jere NorSMB 6:19  Høyr det, du jord: sjå, eg fører ulukka yver dette folk - den grøda deira løynderåder hev bore - for dei hev ikkje gjeve gaum etter mine ord, og loverne mine mismætte dei.
Jere NorSMB 6:20  Kva skal eg med røykjelse som kjem frå Sjeba, og med den beste kalmus frå eit land langt burte? Brennofferi dykkar er ikkje til hugnad, og slagtofferi hev eg ikkje hug på.
Jere NorSMB 6:21  Difor, so segjer Herren: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, og feder og søner saman skal snåva på deim, granne med granne skal verta tynt.
Jere NorSMB 6:22  So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå Norderlandet, ei stor tjod ris upp frå utkanten av jordi.
Jere NorSMB 6:23  Um boge og spjot held dei traust, illharde er dei og syner ikkje miskunn. Røysti deira marmar som havet, og på hestar kjem dei ridande, budde som menner til strid mot deg, du dotter Sion.
Jere NorSMB 6:24  Me hev fenge fretnader um deim, magtstolne seig våre hender; me tok fæla, fekk flagor som kvinna i føderider.
Jere NorSMB 6:25  Gakk ikkje ut på marki og ferdast ikkje på vegen! For fienden hev sverd; rædsla rundt ikring.
Jere NorSMB 6:26  Du dotter, mitt folk, gyrd deg med sekk og velt deg i oska, set i syrgjelæte som yver ein einberning, øya deg sårt! For brått kjem tynaren yver oss.
Jere NorSMB 6:27  Eg hev sett deg til ransakar hjå mitt folk - til ei borg - so du skal kjenna og ransaka deira veg.
Jere NorSMB 6:28  Alle saman er dei fråfalne og stridige; dei gjeng og baktalar, dei er kopar og jarn; alle saman fer dei med tyning og tjon.
Jere NorSMB 6:29  Smidjebelgen hev blåse, men av elden kjem berre bly; til fåfengs var den reinsande smelting, og dei vonde vart ikkje utskilde.
Jere NorSMB 6:30  «Sylv som er vanda» kallar dei deim, for Herren hev vanda deim.
Chapter 7
Jere NorSMB 7:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
Jere NorSMB 7:2  Gakk og statt i porten til Herrens hus og ropa der ut dette ordet, og seg: Høyr Herrens ord, alt Juda, de som gjeng inn gjenom desse portarne og vil tilbeda Herren!
Jere NorSMB 7:3  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykkar vegar og dykkar gjerningar betrast, so skal eg lata dykk bu på denne staden.
Jere NorSMB 7:4  Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer: «Dette er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel.»
Jere NorSMB 7:5  Men um de let dykkar vegar og gjerningar betrast, um de skifter rett millom mann og mann,
Jere NorSMB 7:6  ikkje er harde mot den framande, den farlause og enkja, og ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden, og ikkje ferdast etter andre gudar til ulukka for dykk sjølve,
Jere NorSMB 7:7  då vil eg lata dykk bu på denne staden, i landet som eg gav federne dykkar, frå æva og til æva.
Jere NorSMB 7:8  Sjå, de lit på ljugarord som det ikkje er gagn i.
Jere NorSMB 7:9  Er det ikkje so: de stel, myrder og driv hor og gjer rang eid og brenner røykjelse for Ba’al og fer etter andre gudar som de ikkje kjenner,
Jere NorSMB 7:10  og so kjem de og stend framfor mi åsyn i dette huset som er uppkalla etter mitt namn, og segjer: «No er me berga» - so de sidan kann gjera all denne styggedomen.
Jere NorSMB 7:11  Er då dette huset som er uppkalla etter mitt namn vorte eit røvarbol i dykkar augo? Eg med, sjå eg ser på det soleis, segjer Herren.
Jere NorSMB 7:12  For gakk til bustaden min i Silo, der som eg i fyrstningi let namnet mitt bu, og sjå kva eg hev gjort med det for vondskapen skuld i mitt folk Israel.
Jere NorSMB 7:13  Og no, etter di de gjer alle desse gjerningarne, segjer Herren, og eg tala jamt og samt, men de lydde ikkje, eg kalla på dykk, men de svara ikkje,
Jere NorSMB 7:14  so vil eg gjera med det huset som er uppkalla etter mitt namn, og som de lit på, og med den staden eg gav dykk og federne dykkar, likeins som eg hev gjort med Silo.
Jere NorSMB 7:15  Og eg vil støyta dykk burt frå mi åsyn, likeins som eg støytte frå meg alle brørne dykkar, all Efraims ætt.
Jere NorSMB 7:16  Men du, du skal ikkje beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim og ikkje naudbeda meg, for eg høyrer deg ikkje.
Jere NorSMB 7:17  Ser du ikkje kva dei gjer i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne?
Jere NorSMB 7:18  Borni sankar i hop ved, og federne kveikjer elden, og kvinnorne knodar deig til å laga kakor åt himmeldronningi, og drykkoffer renner dei ut for andre gudar, til å gjera det leidt for meg.
Jere NorSMB 7:19  Gjer dei då meg noko leidt? segjer Herren, er det ikkje seg sjølve, so skammi må liggja utanpå deim?
Jere NorSMB 7:20  Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, min vreide og min harm vert utrend yver denne staden, yver menneskja og yver dyri og yver trei på marki og yver grøda på jordi, og han skal brenna og ikkje slokna.
Jere NorSMB 7:21  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Legg brennofferi dykkar attåt slagtofferi og et kjøt?
Jere NorSMB 7:22  For den dagen eg førde federne dykkar ut or Egyptarlandet, tala eg ikkje med deim um eller gav deim noko bod um brennoffer og slagtoffer.
Jere NorSMB 7:23  Men dette baud eg deim og sagde: «Lyd mi røyst, so skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk, og gakk allstødt på den vegen som eg byd dykk, so det kann ganga dykk vel.»
Jere NorSMB 7:24  Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men ferdast etter sine eigne råder, sitt harde vonde hjarta, og dei snudde ryggen til meg og ikkje andlitet.
Jere NorSMB 7:25  Alt ifrå den dagen då federne dykkar for ut or Egyptarlandet og heilt til denne dag hev eg dagstødt, jamt og samt, sendt alle mine tenarar, profetarne, til dykk.
Jere NorSMB 7:26  Men dei lydde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til, men dei var hardnakka og for enn verre fram enn federne deira.
Jere NorSMB 7:27  Og du skal tala alle desse ordi til deim, men dei vil ikkje lyda på deg, og du skal ropa åt deim, men dei vil ikkje svara deg.
Jere NorSMB 7:28  Seg då med deim: «Dette er folket som ikkje lydde på Herren, sin Guds, røyst og ikkje let seg aga; truskapen er burt kvorven og ut-øydd or deira munn.»
Jere NorSMB 7:29  Klypp av håret ditt og kasta det burt og set i med eit syrgjekvæde på dei snaude haugar! For Herren hev vanda og støytt frå seg denne ætti som han er harm på.
Jere NorSMB 7:30  For Juda-sønerne hev gjort det som vondt er i mine augo, segjer Herren. Dei hev sett sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, og sulka det.
Jere NorSMB 7:31  Og dei hev bygt Tofet-haugar, dei som er i Hinnomssons-dalen, til å brenna sine søner og døtter i eld på - som eg ikkje hev bode, og som ikkje var kome meg i hugen.
Jere NorSMB 7:32  Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen», og dei skal gravleggja i Tofet, av di dei vantar rom.
Jere NorSMB 7:33  Og liki av dette folket skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jord, og ingen skal skræma deim burt.
Jere NorSMB 7:34  Då vil eg lata kverva burt or byarne i Juda og frå gatorne i Jerusalem fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, for landet skal verta lagt i øyde.
Chapter 8
Jere NorSMB 8:1  I den tidi, segjer Herren, skal dei taka beini åt Juda-kongarne og beini åt hovdingarne og beini åt prestarne og beini åt profetarne og beini åt Jerusalems-buarne ut or graverne deira,
Jere NorSMB 8:2  og breida deim ut for soli og for månen og heile himmelheren, som dei elska og tente, og som dei for etter, og som dei søkte, og som dei tilbad. Dei vert ikkje samla og ikkje gravlagde; til møk utyver marki skal dei verta.
Jere NorSMB 8:3  Og all leivningen som vert leivd av denne vonde ætti, på alle stader der dei leivde, der som eg driv deim burt, skal velja dauden heller enn livet, segjer Herren, allhers drott.
Jere NorSMB 8:4  Og du skal segja med deim: So segjer Herren: Dett ein og stend ikkje upp att? eller gjeng ein burt og snur ikkje um att?
Jere NorSMB 8:5  Kvi hev då denne Jerusalems-lyden falle frå med eit ævelegt fråfall? Dei held fast på sitt svik og vil ikkje snu um att.
Jere NorSMB 8:6  Eg gav gaum og lydde: dei talar det som ikkje er rett, det finst ikkje den mann som angrar sin vondskap og segjer: «Kva hev eg gjort!» Alle saman hev dei snutt seg burt i laupet, likeins som ein hest som renner av stad i strid.
Jere NorSMB 8:7  Jamvel storken under himmelen veit sine tider, og turtelduva og svala og trana ansar på tidi når dei skal koma, men mitt folk kjenner ikkje Herrens rett.
Jere NorSMB 8:8  Korleis kann de segja: «Me er Sise, og Herrens lov er hjå oss?» vanneleg, sjå, lygn-pennen åt dei skriftlærde hev gjort henne til lygn.
Jere NorSMB 8:9  Dei vise vert til skammar, dei vert tekne av ræddhug og rådløysa. Sjå, Herrens ord hev dei vanda; kvar skulde dei då hava visdom ifrå?
Jere NorSMB 8:10  Difor vil eg gjeva konorne deira til andre, jorderne deira åt landvinnarar. For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning, både profet og prest, alle saman fer dei med svik.
Jere NorSMB 8:11  Og dei fer lettvint åt med å lækja skaden åt dotteri, folket mitt, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er.
Jere NorSMB 8:12  Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort skjemdarverk. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell; i si heimsøkjingstid skal dei snåva, segjer Herren.
Jere NorSMB 8:13  Eg vil gjera av med deim, segjer Herren. Det bid ikkje druvor på vintreet og ikkje fikor på fiketreet, og lauvet er visna. Og eg sender deim slike som skal koma yver deim.
Jere NorSMB 8:14  Kvifor sit me i ro? Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste byarne og tynast der! for Herren, vår Gud, vil lata oss tynast og gjeva oss eitervatn å drikka, av di me hev synda imot Herren.
Jere NorSMB 8:15  Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, på ei tid med lækjedom, og sjå - fælske.
Jere NorSMB 8:16  Frå Dan høyrer ein frøsing av øykjerne hans, og for kneggjingi av dei spræke hestarne hans skjelv alt landet. Og dei kjem og et upp landet og det som i det er, byen og deim som i honom bur.
Jere NorSMB 8:17  For sjå, eg sender imot dykk ormar, basiliskar, som ikkje let seg mana burt, og dei skal bita dykk, segjer Herren.
Jere NorSMB 8:18  Å, kva kan hugsvala meg i sorgi! Hjarta er sjukt i meg.
Jere NorSMB 8:19  Sjå, naudropi frå dotteri, folket mitt, ljomar frå eit land langt burte: «Er då ikkje Herren i Sion? eller er ikkje kongen hennar der?» - Kvi hev dei harma meg med gudebilæti sine, med fåfenglege framande gudar?
Jere NorSMB 8:20  Skurdonni er lidi, fruktonni er ende, men me er ikkje frelste.
Jere NorSMB 8:21  Eg er tynt for tjonet på dotteri, folket mitt, eg gjeng i syrgjeklæde, fæla hev teke meg.
Jere NorSMB 8:22  Finst det då ikkje balsam i Gilead, eller bid det ingen lækjar der? Eller kvi hev ikkje dotteri, folket mitt, fenge bendsel på?
Chapter 9
Jere NorSMB 9:1  Å, um hovudet mitt var vatn og auga mitt ei tårekjelda! Då skulde eg gråta dag og natt yver deim som er ihelslegne for dotteri, folket mitt!
Jere NorSMB 9:2  Å, um eg hadde eit herbyrge i øydemarki! Då skulde eg skiljast med folket mitt og fara burt frå deim. For alle saman er dei horkarar, ein flokk av svikarar.
Jere NorSMB 9:3  Og dei spenner tunga som bogen sin til lygn, og ikkje på ærleg vis er dei megtige vortne i landet, men frå vondt til vondt gjeng dei fram, og meg veit dei ikkje av, segjer Herren.
Jere NorSMB 9:4  Vara dykk, kvar og ein for sin ven, og lit ikkje på ein bror! for kvar ein bror er ein stor-svikar, og kvar ein ven fer med baktale.
Jere NorSMB 9:5  Og kvar og ein svik sin ven, og sanning talar dei ikkje. Dei tem si tunge upp til å tala lygn, dei møder seg ut med meinkrokar.
Jere NorSMB 9:6  Du bur midt i svik: i sitt svik vil dei ikkje vita av meg, segjer Herren.
Jere NorSMB 9:7  Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil smelta deim og røyna deim, for kva anna skulde eg gjera med slik ei som dotteri, folket mitt?
Jere NorSMB 9:8  Tunga deira er ei drepande pil, svik talar ho. Med munnen talar dei venleg med grannen sin, men i hjarta set dei upp gildra for honom.
Jere NorSMB 9:9  Skulde eg ikkje heimsøkja deim for slikt? segjer Herren; skulde mi sjæl ikkje hemna seg på slikt eit folk?
Jere NorSMB 9:10  Yver heidarne vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkerne i audni med eit syrgjekvæde; for dei er avsvidne, so ingen fer der framum, og fe-rauting er ikkje høyrande der. Både himmelens fuglar og dyri er flydde og burtfarne.
Jere NorSMB 9:11  Og eg vil gjera Jerusalem til steinrøysar, til sjakal-bøle, og byarne i Juda vil eg gjera til ei audn so ingen bur i deim.
Jere NorSMB 9:12  Kven er so vis ein mann at han skynar dette, og kven hev Herrens munn tala til, so han kann kunngjera dette: Kvifor landet er i øyde lagt, avsvide som ei øydemark der ingen fer framum?
Jere NorSMB 9:13  Og Herren sagde: Sidan dei vende seg frå lovi mi, som eg gav deim, og ikkje lydde meg og ikkje ferdast etter henne,
Jere NorSMB 9:14  men ferdast etter sitt harde hjarta og etter Ba’alarne som federne deira hadde lært deim,
Jere NorSMB 9:15  difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta og eitervatn å drikka.
Jere NorSMB 9:16  Og eg vil spreida deim ut millom folkeslag som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira, og eg vil senda sverdet etter deim til dess eg fær tynt deim.
Jere NorSMB 9:17  So segjer Herren, allhers drott: Gjev gaum, og kalla på syrgjekvendi, at dei må koma, og send bod til dei kunnige kvinnorne, at dei kann koma!
Jere NorSMB 9:18  Og lat deim skunda seg og setja i eit syrgjekvad yver oss, so tåror kann trilla utor augo våre og augneloki våre vatsfljuga.
Jere NorSMB 9:19  For frå Sion høyrer ein omen av syrgjesong: «Å, kor øydelagde me er! Me er vortne ovleg til skammar; for landet laut me fly, av di at dei hev brote ned våre bustader.»
Jere NorSMB 9:20  Ja, høyr, de kvinnor, Herrens ord, og lat øyra dykkar taka imot ordet frå hans munn, og lær døtterne dykkar syrgjesong, og den eine lære hi syrgjekvæde!
Jere NorSMB 9:21  For dauden stig upp i vindaugo våre, er komen inn i hallerne våre. Han vil rydja ut borni på gata og ungmenni frå torgi.
Jere NorSMB 9:22  Tala: So segjer Herren: Og manne-liki skal liggja som møk burtyver jordi og som kornband etter skjeraren, og ingen samlar deim upp.
Jere NorSMB 9:23  So segjer Herren: Den vise rose seg ikkje av visdomen sin, og den sterke rose seg ikkje av styrken sin, den rike rose seg ikkje av rikdomen sin!
Jere NorSMB 9:24  Men den som vil rosa seg, han rose seg av di han er vitug og kjenner meg: at eg er Herren, som gjer miskunn, rett og rettferd på jordi; for i sovore hev eg hugnad, segjer Herren.
Jere NorSMB 9:25  Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja alle umskorne som er u-umskorne:
Jere NorSMB 9:26  Egyptarland og Juda, Edom og Ammons-sønerne og Moab og alle med rundklypt hår, som bur i øydemarki. For alle heidningfolki er u-umskorne, og heile Israels hus er u-umskore på hjarta.
Chapter 10
Jere NorSMB 10:1  Høyr det ord som Herren talar til dykk, Israels hus!
Jere NorSMB 10:2  So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningfolki, og ræddast ikkje himmelteikni, endå um heidningarne ræddast deim.
Jere NorSMB 10:3  For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd; for dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi,
Jere NorSMB 10:4  med sylv og med gull pryder han det, med naglar og hamar fester han det, so det ikkje skal stupa.
Jere NorSMB 10:5  Dei er som ei svarva trelurk, og kann ikkje tala. Ein lyt bera deim, for dei kann ikkje ganga. Ikkje ottast deim! for dei kann ikkje skada, og å ganga hev dei heller ikkje magt til.
Jere NorSMB 10:6  Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort i velde.
Jere NorSMB 10:7  Kven skulde ikkje ottast deg, du folkekonge! For det sømer deg, for millom alle vise hjå folki og i heile deira rike er ingen din like.
Jere NorSMB 10:8  For alle saman er uvituge og vitlause; ei fåfengleg læra! Tre er det,
Jere NorSMB 10:9  sylvplator, førde frå Tarsis, gull frå Ufaz, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender. Klædnaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.
Jere NorSMB 10:10  Men Herren er Gud i sanning; han er ein livande Gud og ein æveleg konge. For hans vreide bivrar jordi, og folkeslagi herder ikkje å standa for hans harm.
Jere NorSMB 10:11  So skal de segja med deim: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og under himmelen.
Jere NorSMB 10:12  Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.
Jere NorSMB 10:13  Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå enden av jordi, let eldingar laga regn, og sender vind ut or gøymslorne sine.
Jere NorSMB 10:14  Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim.
Jere NorSMB 10:15  Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.
Jere NorSMB 10:16  Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.
Jere NorSMB 10:17  Sanka godset ditt utor landet, du lyd som sit umlægra!
Jere NorSMB 10:18  For so segjer Herren: Sjå, eg vil slengja burt deim som bur i landet denne gongen, og trengja deim so dei skal få kjenna det.
Jere NorSMB 10:19  Eie meg, kor sundbroten eg er! Ulækjande er mitt sår. Men eg segjer: «Dette er då ei liding som eg lyt bera.»
Jere NorSMB 10:20  Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne. Borni mine er frå meg farne og er ikkje lenger til, ingen er til som heretter kann reisa tjeldet mitt og festa upp tjelddukarne mine.
Jere NorSMB 10:21  For hyrdingarne var uvituge og søkte ikkje Herren. Difor for dei ikkje viseleg åt, og all hjordi deira vart spreidd.
Jere NorSMB 10:22  Høyr, ein ljom! sjå, det kjem, og ein stor dyn frå Norderlandet - for å gjera Juda-byarne til ei audn, til sjakal-bøle.
Jere NorSMB 10:23  Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev magt til å styra sine stig.
Jere NorSMB 10:24  Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg reint til inkjes.
Jere NorSMB 10:25  Renn harmen din ut yver heidningfolki som ikkje kjenner deg, og yver ætter som ikkje påkallar namnet ditt! For dei hev ete på Jakob, ja, ete honom upp og gjort ende på honom, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.
Chapter 11
Jere NorSMB 11:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
Jere NorSMB 11:2  Høyr ordi i denne pakti, og tala til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne!
Jere NorSMB 11:3  Og du skal segja med deim: So segjer Herren, Israels Gud: Forbanna vere den mann som ikkje lyder på ordi i denne pakti,
Jere NorSMB 11:4  som eg baud federne dykkar den dagen eg let deim koma ut or Egyptarlandet, ut or jarnomnen, og sagde: Høyr på mi røyst og gjer alt dette, so som eg bed dykk, då skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud,
Jere NorSMB 11:5  so eg kann få halda den eiden som eg svor federne dykkar: å gjeva deim eit land som fløymer med mjølk og honning, so som det er enn i dag. Og eg svara og sagde: «Amen, Herre!»
Jere NorSMB 11:6  Og Herren sagde med meg: Ropa ut alle desse ordi i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne og seg: Lyd på ordi i denne pakti og gjer etter deim!
Jere NorSMB 11:7  For eg hev ålvorleg vara federne dykkar, då eg let deim koma ut or Egyptarlandet, og alt til denne dag, jamt og samt, og sagt: «Høyr på mi røyst!»
Jere NorSMB 11:8  Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men kvar og ein ferdast etter sitt vonde, harde hjarta. So let eg då koma yver deim alt det eg hadde sagt i denne pakti, som eg baud deim å halda, men som dei ikkje heldt.
Jere NorSMB 11:9  Og Herren sagde med meg: Det er kome upp at Juda-mennerne og Jerusalems-buarne hev vore med kvarandre i ei samansverjing.
Jere NorSMB 11:10  Dei hev snutt tilbake til misgjerningarne åt forfederne sine, som ikkje vilde høyra på ordi mine, og dei fer etter andre gudar, for å tena deim. Israels hus og Judas hus hev brote pakti mi, som eg gjorde med federne deira.
Jere NorSMB 11:11  Difor, so segjer Herren: Sjå, eg let koma yver deim ei ulukka som dei ikkje kann koma seg undan. Då skal dei ropa på meg, men eg vil ikkje høyra på deim.
Jere NorSMB 11:12  So skal Juda-byarne og Jerusalems-buarne ganga og ropa på gudarne som dei plar brenna røykjelse for; men dei skal ikkje frelsa deim i deira trengsletid.
Jere NorSMB 11:13  For gudarne dine, Juda, er vortne like mange som byarne dine, og du hev reist like mange altar for skjemdi, altar til å brenna røykjelse på for Ba’al, som det er gator i Jerusalem.
Jere NorSMB 11:14  Og du, ikkje skal du beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.
Jere NorSMB 11:15  Kva hev ho som eg elskar å gjera i mitt hus, ho som med mange gjer skjemdarverk? Kann heilagt offerkjøt fria deg? Når du gjer vondt, då fagnar du deg.
Jere NorSMB 11:16  «Eit sigrønt oljetre, prydt med fager frukt,» so kalla Herren deg; medan eit veldugt glam ljomar, kveikjer han eld på det, og greinerne brotnar av det.
Jere NorSMB 11:17  Og Herren, allhers drott, som planta deg, hev sagt illsegn imot deg for illgjerningi som Israels hus og Judas hus hev gjort til å harma meg upp, med å brenna røykjelse for Ba’al.
Jere NorSMB 11:18  Og Herren let meg få vita det, so no veit eg det; då synte du meg deira framferd.
Jere NorSMB 11:19  Men eg var som eit spakt lamb, som vert leidt til slagting, og eg visste ikkje at dei lagde løynderåder mot meg: «Lat oss øydeleggja treet og frukti og rydja honom ut or landet åt dei livande, so ein ikkje lenger kjem namnet hans i hug!»
Jere NorSMB 11:20  Men Herren, allhers drott, er ein rettferdig domar, han ransakar nyro og hjarta. Eg fær sjå at du hemner deg på deim, for eg hev lagt saki mi fram for deg.
Jere NorSMB 11:21  Difor, so segjer Herren um mennerne i Anatot, dei som ligg deg etter livet og segjer: «Du skal ikkje tala profetord i Herrens namn, annars skal du døy for vår hand,»
Jere NorSMB 11:22  - difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil heimsøkja deim dei unge menner skal falla for sverd, deira søner og døtter skal døy av svolt.
Jere NorSMB 11:23  Og ikkje noko skal verta leivt åt deim; for eg sender ulukka på mennerne i Anatot det året dei vert heimsøkte.
Chapter 12
Jere NorSMB 12:1  Rettferdig er du, Herre, når eg andordast med deg, endå lyt eg tala med deg um retten. Kvi gjeng det dei ugudlege vel? Kvi er dei sutlause alle dei sviksame?
Jere NorSMB 12:2  Du hev planta deim, dei hev røtt seg og; dei veks, dei ber frukt og; nær er du i deira munn, men langt burte frå deira nyro.
Jere NorSMB 12:3  Men du, Herre, kjenner meg, du ser meg og røyner mitt hjartelag mot deg; skil deim frå likeins som sauer til slagting, og vigsla deim til ein dråpsdag!
Jere NorSMB 12:4  Kor lenge skal landet syrgja og grøda på jordi alle stader torna burt? For deira vondskap skuld som der bur, er dyr og fuglar burtrivne; for dei segjer: «Han ser ikkje endelykti vår.»
Jere NorSMB 12:5  Um du vert utmødd når du løyp med gangande mann, korleis kann du då kapprenna med hestar? I eit fredt land er du trygg, men kva vil du gjera i tjukkskogen burtmed Jordan?
Jere NorSMB 12:6  For jamvel brørne dine og farshuset ditt, jamvel dei er utrue mot deg, jamvel dei set i illskrik attum din rygg. Tru deim ikkje, endå dei talar vænt til deg!
Jere NorSMB 12:7  Eg hev gjenge frå huset mitt, eg hev vanda odelen min, eg hev gjeve den som mi sjæl elska i henderne på hennar fiendar.
Jere NorSMB 12:8  Odelen min er vorten for meg som løva i skog: han hev sett i eit læte imot meg; difor hatar eg honom.
Jere NorSMB 12:9  Er odelen min som ein spreklut rovfugl? Rovfugl er det då rundt ikring honom. Gakk av stad, samla alle dyr i skogen, lat deim koma hit og eta!
Jere NorSMB 12:10  Hyrdingar i mengd øydelegg vinhagen min, trakkar ned odelsjordi mi; dei gjer den hugnadlege odelsjordi mi til ei øgjeleg audn.
Jere NorSMB 12:11  Til ei øydemark gjer dei henne; syrgjande og audsleg ligg ho framfyre meg. Alt landet er i øyde lagt, for ingen legg det på hjarta.
Jere NorSMB 12:12  Yver alle snaud-heidar i øydemarki kjem herjande hopar; for Herren hev eit sverd som øyder frå eine enden av landet til hin; alt kjøt er fredlaust.
Jere NorSMB 12:13  Dei sår kveite og haustar inn klunger; dei møder seg ut, men reint til fånyttes. So vert då til skammar med grøda dykkar for Herrens brennande vreide!
Jere NorSMB 12:14  So segjer Herren um alle dei vonde grannarne, som rører den odelseiga som eg hev gjeve mitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer deim upp or landet deira, og Judas hus vil eg rykkja upp undan deim.
Jere NorSMB 12:15  Men etter eg hev rykt deim upp, vil eg atter miskunna deim og lata dei koma tilbake til kvar sin odel og kvar til kvar sitt land.
Jere NorSMB 12:16  Um dei då lærer seg mitt folks vegar, so dei sver ved mitt namn: «So sant som Herren liver» - liksom dei lærde mitt folk å sverja ved Ba’al, då skal dei verta uppatt-bygde midt ibland mitt folk.
Jere NorSMB 12:17  Men um dei ikkje lyder, då vil eg rykkja upp det folket, rykkja det upp og tyna det, segjer Herren.
Chapter 13
Jere NorSMB 13:1  So sagde Herren med meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte, og spenn det um lenderne dine, men lat det ikkje koma i vatn!
Jere NorSMB 13:2  Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lenderne mine.
Jere NorSMB 13:3  Då kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde:
Jere NorSMB 13:4  Tak beltet som du kjøpte, som er um lenderne dine, og statt upp og gakk til Eufrat, og gøym det der i ei bergriva!
Jere NorSMB 13:5  Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde bode meg.
Jere NorSMB 13:6  So hende det mange dager etterpå, at Herren sagde med meg: Statt upp og gakk til Eufrat, og tak derifrå det beltet som eg baud deg å gøyma der!
Jere NorSMB 13:7  Og eg gjekk til Eufrat, og eg grov og tok beltet frå den staden der som eg hadde gøymt det. Og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir.
Jere NorSMB 13:9  So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem.
Jere NorSMB 13:10  Denne vonde lyden, som ikkje vil høyra mine ord, som ferdast etter sitt harde hjarta og fer etter andre gudar, og tener deim og tilbed deim, han skal verta som dette beltet, som det ikkje er gagn i meir.
Jere NorSMB 13:11  For likeins som beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg alt Israels hus og alt Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd, til fagnad og pryda; men dei høyrde ikkje.
Jere NorSMB 13:12  Og du skal segja med deim dette ordet: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på. Då skal dei segja med deg: «Veit me ikkje det då, at kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på?»
Jere NorSMB 13:13  Seg då med deim: So segjer Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, og kongarne som sit på Davids kongsstol, og prestarne og profetarne og alle som bur i Jerusalem, so dei vert drukne.
Jere NorSMB 13:14  Og eg vil krasa deim, kvar mot annan, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje spara og ikkje miskunna, og ikkje tykkja synd i deim, men tyna deim.
Jere NorSMB 13:15  Høyr og gjev gaum! Ver ikkje ovmodige! for Herren talar.
Jere NorSMB 13:16  Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt.
Jere NorSMB 13:17  Men vil de ikkje høyra på det, då lyt mi sjæl syrgja i løynd yver slikt eit ovmod, og mitt auga må gråta so tårorne trillar, av di Herrens hjord vert burtførd.
Jere NorSMB 13:18  Seg med kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! for den prydelege kruna er falli av dykkar hovud.
Jere NorSMB 13:19  Byarne i Sudlandet er stengde, og ingen opnar deim. Alt Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen.
Jere NorSMB 13:20  Lat upp augo dykkar og sjå kor dei kjem nordanfrå! Kvar er no hjordi som du hadde fenge, dei væne sauerne dine?
Jere NorSMB 13:21  Kva vil du segja, når han set til hovdingar yver deg deim som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna fær føderider?
Jere NorSMB 13:22  Og um du då segjer i ditt hjarta: «Kvi lyt eg taka imot dette?» - for di store misgjerning er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.
Jere NorSMB 13:23  Kann ein blåmann skifta si hud eller ein pantar sine flekkjer? Då skulde de og kunna gjera det gode, de som hev vanst til å gjera vondt.
Jere NorSMB 13:24  So vil eg då spreida deim liksom halm som fyk for vind utor øydemarki.
Jere NorSMB 13:25  Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lit på lygn.
Jere NorSMB 13:26  So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlit, so di skam vert synberr.
Jere NorSMB 13:27  Hordomen din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugar på marki, all skjemdarferdi di hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!
Chapter 14
Jere NorSMB 14:2  Syrgjande ligg Juda, portarne ormegtast; syrgjeklædde luter dei mot jord, og naudropi stig upp frå Jerusalem.
Jere NorSMB 14:3  Storfolket deira sender sine undergjevne etter vatn; dei kjem til brunnarne, men finn inkje vatn; deira kjerald kjem tome attende. Dei kjenner seg skjemde og vonbrotne og sveiper inn sine hovud.
Jere NorSMB 14:4  For jordi skuld, som er forfærd vorti av di det ikkje vert regn i landet, kjenner bønderne seg skjemde, sveiper inn sine hovud.
Jere NorSMB 14:5  For jamvel hindi i marki ber kalven, men gjeng ifrå honom, for di det ikkje finst gras.
Jere NorSMB 14:6  Og villasni stend på snaude haugar, dei syp etter anden som sjakalar; augo deira kjenast upp, for di det ikkje finst urter.
Jere NorSMB 14:7  Um våre misgjerningar vitnar mot oss, so gjer då miskunn for ditt namn skuld! For mange er våre fråfall, mot deg hev me synda.
Jere NorSMB 14:8  Du Israels von, du frelsar i trengsletid! Kvi er du som ein framand i landet, og som ein ferdamann som tjeldar berre for natti?
Jere NorSMB 14:9  Kvi er du lik ein forstøkt mann, lik ei kjempa som ikkje vinn å hjelpa? Du er då midt ibland oss, Herre, og me er uppkalla etter ditt namn; slepp oss ikkje frå deg!
Jere NorSMB 14:10  So segjer Herren um dette folket: Soleis likar dei å reika um; dei sparer ikkje føterne sine. So hev då Herren ikkje hugnad i deim; no vil han minnast misgjerningarne deira og heimsøkja synderne deira.
Jere NorSMB 14:11  Og Herren sagde med meg: Du skal ikkje beda um velgang for dette folket.
Jere NorSMB 14:12  Når dei fastar, lyder eg ikkje på deira rop, og når dei ofrar brennoffer og grjonoffer, hev eg ikkje hugnad i deim, men med sverd, svolt og sott vil eg tyna deim.
Jere NorSMB 14:13  Då sagde eg: «Å, Herre, Herre, sjå profetarne segjer med deim: «De skal ikkje sjå sverd, og de ikkje verta ute for svolt, men fred med tryggje vil eg gjeva dykk på denne staden.»»
Jere NorSMB 14:14  Då sagde Herren med meg: Lygn spår profetarne i mitt namn; ikkje hev eg sendt deim og ikkje bede deim og ikkje tala til deim; lygn-syner og runing og fåfengd og sitt hjartans svik, det er det dei spår åt dykk.
Jere NorSMB 14:15  Difor, so segjer Herren um dei profetarne som spår i midt namn, endå eg ikkje hev sendt deim, og som segjer at sverd og svolt ikkje skal koma i dette landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetarne.
Jere NorSMB 14:16  Og folket som dei spår åt, skal liggja slengt på gatorne i Jerusalem, tynt av svolten og sverdet, og ingen skal jorda deim - dei sjølve, konorne deira og sønerne deira og døtterne deira - og eg vil renna vondska deira ut yver deim.
Jere NorSMB 14:17  Men du skal segja med deim dette ordet: Tårorne trillar or augo mine natt og dag og fær ikkje stogga; for møyi, dotteri, folket mitt, er ovleg sundbroti, hev fenge eit stort ulækjande sår.
Jere NorSMB 14:18  Gjeng eg ut på marki, sjå, då ligg der dei som med sverd er slegne, og kjem eg inn i byen, sjå, der talmast dei av svolt. Ja, både prest og profet lyt flakka um, til eit land som dei ikkje kjenner.
Jere NorSMB 14:19  Hev du då reint støytt Juda frå deg, eller styggjest di sjæl ved Sion? Kvi hev du slege oss so, at det ikkje bid helsebot for oss? Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, og på ei tid med helsebot, og sjå - fælske.
Jere NorSMB 14:20  Herre, me kjennest ved vår ugudlege åtferd, misgjerningi åt federne våre, at me hev synda mot deg.
Jere NorSMB 14:21  For ditt namn skuld støyt oss ikkje frå deg, lat ikkje din herlegdoms kongsstol verta svivyrd! Kom i hug, brjot ikkje di pakt med oss!
Jere NorSMB 14:22  Finst det nokon av dei fåfenglege gudarne åt heidningfolki som kann gjeva regn? Eller sender himmelen regnskurer av seg sjølv? Er det ikkje du, Herre, vår Gud? Me stundar på deg, for du hev gjort alt dette.
Chapter 15
Jere NorSMB 15:1  Då sagde Herren med meg: Um so Moses og Samuel stod fram for mi åsyn, skulde mi sjæl ikkje venda seg til dette folket. Driv deim burt frå mi åsyn, og lat deim fara!
Jere NorSMB 15:2  Og når dei segjer med deg: «Kvar skal me då fara?» so skal du segja med deim: So segjer Herren: Til dauden den som åt dauden er etla, og til sverdet den som åt sverdet er etla, og til svolten den som åt svolten er etla, og til utlægd den som åt utlægd er etla.
Jere NorSMB 15:3  Fire slag heimsøkjingar byd eg då ut imot deg: Sverdet til å drepa, og hundarne til å draga deim burt, og fuglarne under himmelen og dyri på marki til å eta deim og øyda deim.
Jere NorSMB 15:4  Og eg vil gjera deim til ei skræma for alle kongeriki på jord, for det som Manasse Hizkiason, Juda-kongen, gjorde i Jerusalem.
Jere NorSMB 15:5  For kven vil tykkja synd i deg, Jerusalem, og kven vil syna deg medkjensla, og kven vil gjera seg ærend og spyrja um det stend vel til med deg?
Jere NorSMB 15:6  Du støytte meg ifrå deg, segjer Herren, du gjekk din veg. Difor retter eg handi ut imot deg og tyner deg; eg er trøytt av å ynkast.
Jere NorSMB 15:7  Og eg kastar deim med kasteskovl attmed landsens portar, eg gjer folket mitt barnlaust, eg tyner det - frå sine vegar snudde dei ikkje.
Jere NorSMB 15:8  Enkjorne deira vert fleire enn havsens sand; yver møderne til deira unge menner let eg ein tynar koma høgstedags leite, let rædsla og fælske dåtteleg koma yver deim.
Jere NorSMB 15:9  Ho som fødde sju søner, talmast burt og andast, hennar sol gjeng ned medan det enn er dag; ho vert skjemd og til skammar. Og det som vert att av deim, gjev eg åt sverdet framfor deira fiendar, segjer Herren.
Jere NorSMB 15:10  Eie meg, mor mi, at du skulde føda meg, meg som alle folk i landet strider og trættar med! Ikkje hev eg lånt deim og ikkje hev dei lånt meg, og endå bannar dei meg alle i hop.
Jere NorSMB 15:11  Herren sagde: Visseleg, eg vil fria deg, so det gjeng deg godt. Visseleg, eg vil lata fienden naudbeda deg når ulukka og naudi kjem på deim.
Jere NorSMB 15:12  Kann ein brjota sund jarn, jarn frå Norderland, og kopar?
Jere NorSMB 15:13  Godset ditt og skattarne dine vil eg gjeva til ran - utan betaling, og det for alle synderne dine, og innan alle dine landskil.
Jere NorSMB 15:14  Og eg vil lata fiendarne dine føra det burt, inn i eit land som du ikkje kjenner. For ein eld er kveikt i min vreide, mot dykk skal han loga.
Jere NorSMB 15:15  Du veit det, Herre, kom meg i hug og vitja meg, og hemn meg på deim som forfylgjer meg! Tak meg ikkje burt, langmodig som du er! Hugsa at eg tek imot svivyrda for di skuld!
Jere NorSMB 15:16  Eg fann dine ord, og eg åt deim, og dine ord vart til frygd for meg og til fagnad for mitt hjarta; for eg er uppkalla etter ditt namn, Herre, allhers Gud.
Jere NorSMB 15:17  Eg hev ikkje sete i lag med skjemtande menner og gama meg; gripen av di hand hev eg sete einsleg, for du fyllte meg med harm.
Jere NorSMB 15:18  Kvi er mi liding æveleg, og kvi vil såret mitt batna? Det vil ikkje gro. Du er vorten som ein svikal bekk åt meg, som vatn ein ikkje kann lita på.
Jere NorSMB 15:19  Difor, so segjer Herren: Um du vender um, vil eg atter lata deg standa framfor mi åsyn, og um du skil det dyre frå det verdlause, då skal eg hava deg som min munn. Dei skal då venda seg til deg, men du skal ikkje venda deg til deim.
Jere NorSMB 15:20  Og eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket; og dei skal strida imot deg, men ikkje vinna på deg, for eg er med deg og vil frelsa og berga deg, segjer Herren.
Jere NorSMB 15:21  Eg vil berga deg utor henderne på dei vonde og fria deg utor nevarne på valdsmenner.
Chapter 16
Jere NorSMB 16:2  Du skal ikkje taka deg kona og ikkje få deg søner og døtter på denne staden.
Jere NorSMB 16:3  For so segjer Herren um dei sønerne og døtterne som vert fødde på denne staden, og um deira møder som føder deim, og um deira feder som fær deim i dette landet:
Jere NorSMB 16:4  Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver deim, og ingen skal jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Jere NorSMB 16:5  For so segjer Herren: Du skal ikkje koma i gravøl og ikkje ganga og barma deg med deim og ikkje ynkast yver deim. For eg hev teke freden min burt frå dette folket, segjer Herren, min nåde og mi miskunn.
Jere NorSMB 16:6  Og dei skal døy, store og små, i dette landet, ingen skal jorda deim; og dei skal ikkje barma seg yver deim og rispa seg i holdet eller raka seg snaude i kruna for deira skuld.
Jere NorSMB 16:7  Og dei skal ikkje brjota brød åt nokon til trøyst i sorgi etter ein avliden og ikkje gjeva nokon trøystestaupet å drikka yver far han eller mor hans.
Jere NorSMB 16:8  I gjestebod skal du ikkje heller ganga og sitja der og eta og drikka.
Jere NorSMB 16:9  For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, framfor dykkar augo og i dykkar dagar let eg på denne staden kverva burt fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur.
Jere NorSMB 16:10  Når du då kunngjer for dette folket alle desse ordi, og dei segjer med deg: «Kvi hev Herren varsla all denne store ulukka yver oss, og kva er misgjerningi vår og kva er syndi vår som me hev forsynda oss med mot Herren, vår Gud?»
Jere NorSMB 16:11  då skal du segja med deim: «For di federne dykkar vende seg frå meg, segjer Herren, og gjekk etter andre gudar og tente deim og tilbad deim, men meg vende dei seg ifrå, og lovi mi heldt dei ikkje.
Jere NorSMB 16:12  Og de for verre åt enn federne dykkar; for sjå, kvar einaste av dykk ferdast etter dykkar vonde harde hjarta og høyrde ikkje på meg.
Jere NorSMB 16:13  Difor vil eg kasta dykk ut or dette landet til eit land som de ikkje kjenner, korkje de eller federne dykkar. Og der skal de tena andre gudar dag og natt, for eg vil ikkje gjera miskunn med dykk.»
Jere NorSMB 16:14  Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja: «So visst som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet,»
Jere NorSMB 16:15  men: «So sant som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Norderlandet og ut or alle dei landi som han hadde drive deim burt til.» For eg vil leida deim attende til landet deira, det som eg gav federne deira.
Jere NorSMB 16:16  Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, segjer Herren, og dei skal fiska deim. Og sidan sender eg bod etter mange veidemenner, og dei skal veida deim burt frå kvart eit fjell på kvar ein haug og i bergskortorne.
Jere NorSMB 16:17  For eg held auga med alle vegarne deira; dei er ikkje løynde for mi åsyn, og misgjerningarne deira er ikkje dulde for mine augo.
Jere NorSMB 16:18  Og fyrst vil eg lata deim bøta tvifelt for deira misgjerning og synd, av di dei vanhelga landet mitt med dei daude skrottarne av styggetingi sine og fyllte odelsjordi mi med ufyseskapen sin.
Jere NorSMB 16:19  Herre, min styrke og mi vern og mi livd på naudar-dagen! Til deg skal heidningfolk koma frå endarne av jordi. Og dei skal segja: «Berre lygn fekk federne våre fenge i arv, fåfenglege avgudar, gagnløysor alle saman.
Jere NorSMB 16:20  Kann mannen gjera seg gudar? - slikt er då ikkje gudar.»
Jere NorSMB 16:21  Difor, sjå, eg vil lata deim kjenna det, denne gongen vil eg lata deim kjenna mi hand og mitt velde, so dei skal få vita at namnet mitt er Herren.
Chapter 17
Jere NorSMB 17:1  Judas synd er skrivi med jarngriffel, med demant-odd; ho er innrita på deira hjartans tavlor og på deira altarhorn,
Jere NorSMB 17:2  likeins som borni deira kjem i hug altari deira og Astarte-bilæti deira attmed dei grøne tre på dei høge haugarne.
Jere NorSMB 17:3  Du fjellet mitt på vollen! Godset ditt, alle skattarne dine vil eg gjeva til herfang, likeins offerhaugarne dine, for synderne innan alle dine landskil.
Jere NorSMB 17:4  Då lyt du - og det er di eigi skuld - lata frå deg odelen din, som eg gav deg, og eg vil lata deg træla for fiendarne dine i eit land du ikkje kjenner. For ein eld hev de kveikt i min vreide, æveleg skal han loga.
Jere NorSMB 17:5  So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneskja og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren!
Jere NorSMB 17:6  Han skal verta som ein einekrake i heidi og ikkje få sjå at det kjem noko godt; men han skal bu på avsvidne stader i øydemarki, i eit saltlende der ingen annan bur.
Jere NorSMB 17:7  Velsigna er den mann som lit på Herren, og hev Herren å lita på.
Jere NorSMB 17:8  Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og som tøygjer røterne sine burt åt ein bekk, og som ikkje ræddast når hiten kjem, men hev sigrønt lauv, og som i turkår ikkje syrgjer og ikkje held upp med å bera frukt.
Jere NorSMB 17:9  Svikfullt er hjarta framfor alt anna, og låkt, kven kjenner det?
Jere NorSMB 17:10  Eg, Herren, ransakar hjarta og røyner nyro, og gjev so kvar og ein etter hans veg, etter frukti av hans gjerning.
Jere NorSMB 17:11  Lik ei rapphøna som ligg på egg ho ikkje sjølv hev vorpe, er den som samlar rikdom som ikkje er rettkomen; midt i sine dagar skal han lata honom frå seg, og når han ligg på sitt siste, er han ein dåre.
Jere NorSMB 17:12  Eit herlegdomssæte, høgreist frå gamalt, er staden åt heilagdomen vår.
Jere NorSMB 17:13  Herre, du Israels von! Alle som vender seg frå deg, skal verta til skammar. Ja, dei som hev vike frå meg, skal verta skrivne i moldi, for dei hev vendt seg frå Herren, kjelda med det livande vatnet.
Jere NorSMB 17:14  Læk meg, Herre, so vert eg lækt! Frels meg, so vert eg frelst! for du er min lovsong.
Jere NorSMB 17:15  Sjå, dei segjer med meg: «Kvar vart det av Herrens ord? Lat det koma!»
Jere NorSMB 17:16  Eg hev då ikkje drege meg undan, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukke-dag ynskte eg ikkje, du veit det; det som gjekk ut frå lipporne mine, er synbert for di åsyn.
Jere NorSMB 17:17  Ver ikkje til fælske for meg! Du er mi livd på ulukkedagen.
Jere NorSMB 17:18  Lat deim verta til skammar som forfylgjer meg, og lat ikkje meg verta til skammar! Lat deim fæla, og lat ikkje meg fæla! Lat ein ulukke-dag koma yver deim, og med ei tvifelt sundkrasing krase du deim!
Jere NorSMB 17:19  So sagde Herren med meg: Gakk og statt i Folkeporten, der som Juda-kongarne gjeng inn og der dei gjeng ut, og i alle portarne i Jerusalem!
Jere NorSMB 17:20  Og du skal segja med deim: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og alt Juda og alle Jerusalems-buar som gjeng inn gjenom desse portarne!
Jere NorSMB 17:21  So segjer Herren: Vara dykk for dykkar sjæler skuld, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd og kjem inn med gjenom Jerusalems-portarne!
Jere NorSMB 17:22  Og de skal ikkje bera nokor byrd ut or husi dykkar på kviledagen og ikkje gjera noko slag arbeid; men de skal halda kviledagen heilag, so som eg baud federne dykkar.
Jere NorSMB 17:23  Men dei høyrde ikkje og lagde ikkje øyra til, men gjorde seg hardnakka, so dei høyrde ikkje og tok ikkje age.
Jere NorSMB 17:24  Men um de høyrer på meg, segjer Herren, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd inn gjenom portarne i denne byen, og held kviledagen heilag, so det ikkje gjer noko arbeid,
Jere NorSMB 17:25  då skal kongar og hovdingar som sit i Davids kongsstol, koma inn gjenom portarne i denne byen på vogner og hestar, dei sjølve og deira hovdingar, Juda-mennerne og Jerusalems-buarne, og det skal æveleg bu folk i denne byen.
Jere NorSMB 17:26  Og frå Juda-byarne og frå umkverven kring Jerusalem og frå Benjaminslandet og frå låglandet og frå heiderne og frå Sudlandet, skal dei koma og bera fram brennoffer og slagtoffer og grjonoffer og røykjelse, og bera fram takkoffer i Herrens hus.
Jere NorSMB 17:27  Men um de ikkje høyrer på meg, so de held kviledagen heilag og ikkje kjem med nokor byrd og ber inn gjenom Jerusalems-portarne på kviledagen, då vil eg kveikja eld på portarne, og han skal øyda slotti i Jerusalem og ikkje slokna.
Chapter 18
Jere NorSMB 18:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
Jere NorSMB 18:2  Statt upp og gakk ned til krusmakar-huset, og der skal eg lata deg høyra ordi mine.
Jere NorSMB 18:3  Eg gjekk då ned til huset åt krusmakaren, og sjå, han gjorde arbeidet sitt på svarveskiva.
Jere NorSMB 18:4  Vart det då ubrukande, kjeraldet som krusmakaren heldt på å gjera, so som det kann verta med leiret i handi på krusmakaren, so gjorde han det um att til eit anna kjerald, soleis som krusmakeren tykte det høvelegt.
Jere NorSMB 18:6  Skulde eg ikkje kunna gjera med dykk, Israels hus, likeins som denne krusmakaren? segjer Herren. Sjå, likeins som leiret er i krusmakar-handi, so er de i mi hand, Israels hus.
Jere NorSMB 18:7  Stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil ryskja upp og riva ned og leggja i øyde;
Jere NorSMB 18:8  men um det folket som eg tala um, vender um frå sin vondskap, då angrar eg det vonde som eg hadde tenkt å gjera det.
Jere NorSMB 18:9  Men stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil byggja og planta.
Jere NorSMB 18:10  So gjer dei kann henda det som vondt er i mine augo, og høyrer ikkje på mi røyst: då angrar eg det gode som eg hadde sagt eg vilde gjera vel imot deim med.
Jere NorSMB 18:11  Seg no då dette til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: So segjer Herren: Sjå, eg emnar på ei ulukka åt dykk og tenkjer ut meinråder mot dykk. Vend då um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta på vegarne dykkar og verki dykkar!
Jere NorSMB 18:12  Men dei segjer: «Fåfengt! for me vil fylgja våre eigne tankar, og kvar og ein vil gjera etter sitt harde vonde hjarta.»
Jere NorSMB 18:13  Difor, so segjer Herren: Spør millom heidningfolki um nokon hev høyrt slikt. Ovleg grysjelege ting hev møyi Israel gjort.
Jere NorSMB 18:14  Bråner då Libanon-snøen brånar burt frå Markartinden, eller minkar den vellande uppkoma burt, den svale, rennande?
Jere NorSMB 18:15  Men mitt folk hev gløymt meg, dei brenner røykjelse åt fåfengdi; og dei fekk deim til å snåva på vegarne sine, dei gamle vegarne, so dei gjekk på stigar, på ujamne vegar,
Jere NorSMB 18:16  so dei gjer landet sitt til ei skræma, ei æveleg spott; alle som fer der framum, vert forstøkte og rister hovudet.
Jere NorSMB 18:17  Likeins som austanvinden vil eg spreida deim for fienden. Ryggen og ikkje andlitet skal eg syna deim på deira ulukke-dag.
Jere NorSMB 18:18  Då sagde dei: «Kom og lat oss leggja upp råder mot Jeremia! for det tryt ikkje på lov for presten, eller på råd for den vise, eller på ord for profeten. Kom, lat oss fella honom med våre tungor og ikkje bry oss det minste um det han segjer!»
Jere NorSMB 18:19  Gjev gaum etter meg, Herre, og høyr på kor dei trættar med meg!
Jere NorSMB 18:20  Skal ein løna godt med vondt? For dei hev grave ei grav for mitt liv. Kom i hug at eg stod for di åsyn og tala godt for deim, til å venda harmen din burt ifrå deim!
Jere NorSMB 18:21  Difor, gjev borni deira til svolten og lat sverdet få handsama deim, og gjer konorne deira barnlause og til enkjor, og lat mennerne deira verta drepne av sotti, og ungmenni deira slegne med sverd i striden!
Jere NorSMB 18:22  Lat naudrop høyrast or husi deira når du let mordflokkar brått koma yver deim! For dei hev grave ei grav til å fanga meg i og lurt upp snaror for føterne mine.
Jere NorSMB 18:23  Men du, Herre, kjenner alle deira råder imot meg til å drepa meg; gjev deim ikkje til deira misgjerning, og lat ikkje deira synd verta utstroki for di åsyn! Lat deim stupa for di åsyn; i di vreide-tid gjere du upp med deim!
Chapter 19
Jere NorSMB 19:1  So sagde Herren: Gakk og kjøp deg ei krukka av krusmakaren! Tak so med deg nokre av dei øvste av folket og nokre av dei øvste av prestarne,
Jere NorSMB 19:2  og gakk ut til Hinnomssons-dalen, som er frammed Krusbrot-porten, og ropa ut der dei ord som eg vil tala til deg!
Jere NorSMB 19:3  Du skal segja: «Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender ei ulukka yver denne staden, so det skal ringja for øyro på kvar den som høyrer det,
Jere NorSMB 19:4  sidan dei vende seg frå meg og mismætte denne staden og brende røykjelse der for andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira eller Juda-kongarne, og fyllte denne staden med skuldlaust blod,
Jere NorSMB 19:5  og bygde Ba’als-haugar til å brenna sønerne sine i eld på, til brennoffer åt Ba’al, slikt som eg korkje hev skipa eller tala um, og som aldri kom meg i hugen.
Jere NorSMB 19:6  Difor, sjå, det kjem det dagar, segjer Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen».
Jere NorSMB 19:7  Og Juda og Jerusalem gjer eg rådlause på denne staden, og let deim falla for sverd for deira fiendar og ved deira hand som ligg deim etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Jere NorSMB 19:8  Og eg vil gjera denne byen til ei skræma og til ei spott; alle som fer framum honom, skal verta forstøkte og hæda yver alle plågorne hans.
Jere NorSMB 19:9  Og eg vil lata deim eta kjøtet av sønerne sine og kjøtet av døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg deim etter livet, skal trengja deim med.»
Jere NorSMB 19:10  Og du skal krasa krukka framanfor augo på dei menner som gjeng med deg.
Jere NorSMB 19:11  Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, allhers drott: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja med di det ikkje bid andre stader til å jorda i.
Jere NorSMB 19:12  Soleis vil eg fara åt med denne staden, segjer Herren, og med deim som her bur, so eg gjer denne byen lik Tofet.
Jere NorSMB 19:13  Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongarne skal verta som Tofetstaden, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt heile himmelheren og rent ut drykkoffer åt framande gudar.»
Jere NorSMB 19:14  Og Jeremia kom frå Tofet, dit som Herren hadde sendt honom til å spå, og han stod i fyregarden til Herrens hus og sagde med alt folket:
Jere NorSMB 19:15  «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, yver denne byen og yver alle dei byarne som høyrer honom til, let eg koma all den ulukka som eg hev tala imot deim; for dei gjeng der hardnakka og høyrer ikkje mine ord.»
Chapter 20
Jere NorSMB 20:1  Og Pashur Immersson, presten, som var yver-tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia spå dette.
Jere NorSMB 20:2  Då slo Pashur profeten Jeremia og sette honom i stokken i den øvre Benjaminsporten i Herrens hus.
Jere NorSMB 20:3  Men dagen etter slepte Pashur Jeremia laus or stokken. Då sagde Jeremia med honom: «Herren kallar deg ikkje Pashur, men Magor Missabib.
Jere NorSMB 20:4  For so segjer Herren: Sjå, eg gjer deg til ei rædsla for deg sjølv og for alle venerne dine, og dei skal falla for fiendesverd midt framfor dine augo. Og alt Juda vil eg gjeva i Babel-kongens hand, og han skal føra deim i utlægd til Babel og slå deim med sverd.
Jere NorSMB 20:5  Og eg vil gjeva alt godset i denne byen og alt dei hev stræva i hop og alle deira eignaluter og alle skattarne åt Juda-kongarne - det vil eg gjeva i henderne på deira fiendar. Og dei skal rana deim og taka deim og føra deim til Babel.
Jere NorSMB 20:6  Og du, Pashur, og alle som bur i ditt hus skal verta fangar. Og til Babel skal du koma, og der skal du døy, og der skal du verta gravlagd, du og alle venerne dine, som du spådde lygn for.»
Jere NorSMB 20:7  Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka, du bruka magti på meg og vann. Eg hev vorte til låtteløgje all dagen, alle so spottar dei meg.
Jere NorSMB 20:8  For so ofte som eg talar, lyt eg skrika, um vald og tjon lyt eg ropa, for Herrens ord hev vorte meg til håd og spott all dagen.
Jere NorSMB 20:9  Difor sagde eg: «Eg vil ikkje koma honom i hug og ikkje lenger tala i hans namn.» Men då vart det i hjarta mitt som ein logande eld, innestengd i mine bein, og eg møddest med å tola det, men kunde ikkje.
Jere NorSMB 20:10  For eg høyrde mange baktala - rædsla rundt i kring: «Klaga honom, lat oss ganga og klaga honom!» Alle dei menner eg livde i fred med, gjætte på um eg ikkje skulde falla: «Kann henda let han seg lokka, so me kann vinna på honom og hemna oss på honom.»
Jere NorSMB 20:11  Men Herren er med meg lik ei veldug kjempa, difor skal forfylgjarane mine snåva og ikkje vinna. Dei vert ovleg til skammar for di dei ikkje for visleg åt - ei æveleg, ugløymande skjemsla.
Jere NorSMB 20:12  Og Herren, allhers drott, røyner med rettferd, han ser nyro og hjarta. Eg skal få sjå din hemn på deim; for eg hev lagt saki mi fram for deg.
Jere NorSMB 20:13  Syng for Herren, lova Herren! For han hev fria sjæli åt armingen ut or henderne på illgjerningsmenner.
Jere NorSMB 20:14  Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, vere ikkje velsigna!
Jere NorSMB 20:15  Forbanna vere den mann som kom med det gledebodet til far min: «Du hev fenge ein son,» og soleis gledde honom storleg.
Jere NorSMB 20:16  Med den mannen verte det likeins som med dei byarne Herren støytte i koll utan trege, og han høyre naudrop um morgonen og hergny ved høgstdags leite,
Jere NorSMB 20:17  for di han ikkje drap meg alt i moderlivet, so mor mi vart mi grav, og livet hennar æveleg fremmelegt!
Jere NorSMB 20:18  Kvi kom eg då ut or moderlivet til å sjå møda og sorg og enda mine dagar i skam?
Chapter 21
Jere NorSMB 21:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då kong Sidkia sende honom Pashur Malkiason og presten Sefanja Ma’asejason og let segja:
Jere NorSMB 21:2  «Spør Herren for oss, for Nebukadressar, Babel-kongen, strider mot oss. Kann henda Herren kunde gjera med oss etter alle sine underverk, so han fer burt ifrå oss.»
Jere NorSMB 21:3  Då sagde Jeremia med deim: So skal de segja med Sidkia:
Jere NorSMB 21:4  So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg snur attende dei stridsvåpn som er i henderne dykkar, og som de strider med utanfor muren mot Babel-kongen og kaldæarane, som kringset dykk, og eg vil samla deim midt i denne byen.
Jere NorSMB 21:5  Og eg vil sjølv strida mot dykk med utrett hand og med sterk arm og med vreide og med harm og med stor gram.
Jere NorSMB 21:6  Og eg vil slå deim som bur i denne byen, både folk og fe; i ei stor sott skal dei døy.
Jere NorSMB 21:7  Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.
Jere NorSMB 21:8  Og til dette folket skal du segja: So segjer Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til dauden:
Jere NorSMB 21:9  Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut og gjev seg til kaldæarane som kringset dykk, han skal liva, og han skal njota sitt liv til eit herfang.
Jere NorSMB 21:10  For eg hev sett mi åsyn imot denne byen til det vonde og ikkje til det gode, segjer Herren; i henderne på Babel-kongen vert han gjeven, og han skal brenna honom upp i eld.
Jere NorSMB 21:11  Og med Juda-kongens hus skal du segja: Høyr Herrens ord,
Jere NorSMB 21:12  du Davids hus! So segjer Herren: Set retten kvar morgon, og berga utor valdsmanns hand den som er utplundra, so ikkje harmen min skal fara ut som eld, og brenna so ingen kann sløkkja! - for illgjerningarne dykkar.
Jere NorSMB 21:13  Sjå, eg skal finna deg, du som bur i dalen, uppå berget på sletta, segjer Herren - de som segjer: «Kven kann koma ned yver oss, kven kann koma inn i bustaderne våre?»
Jere NorSMB 21:14  Og eg vil heimsøkja dykk etter den frukti dykkar verk hev bore, segjer Herren, og setja eld i skogen deira, og han skal øyda alt der rundt ikring.
Chapter 22
Jere NorSMB 22:1  So sagde Herren: Gakk ned til Juda-kongens hus og tala der dette ordet,
Jere NorSMB 22:2  og seg: Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids kongsstol, du sjølv og tenarane dine og folket ditt, de som gjeng inn um desse portar!
Jere NorSMB 22:3  So segjer Herren: Gjer rett og rettferd og berga ut or valdsmanns hand den som er utplundra, og far ikkje fram med urett og vald mot den framande, den farlause og enkja, og renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden.
Jere NorSMB 22:4  For um de gjer etter dette ordet, då skal kongar som sit på Davids kongsstol koma inn um portarne til dette huset på vogner og hestar - han sjølv og tenarane hans og folket hans.
Jere NorSMB 22:5  Men um de ikkje høyrer desse ordi, då sver eg ved meg sjølv, segjer Herren, at dette huset skal verta i øyde lagt.
Jere NorSMB 22:6  For so segjer Herren um Juda-kongens hus: Eit Gilead er du for meg, ein tind på Libanon; men i sanning, eg vil gjera deg til ei øydemark med byar der ingen bur.
Jere NorSMB 22:7  Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpn, og dei skal hogga dei gilde cedertrei dine og kasta deim på elden.
Jere NorSMB 22:8  Og mange heidningfolk skal ganga framum denne byen, og dei skal segja med kvarandre: «Kvi hev Herren fare soleis åt med denne store byen?»
Jere NorSMB 22:9  Og dei skal svara: «For di dei vende seg frå Herren, sin Guds pakt, og tilbad andre gudar og tente deim.»
Jere NorSMB 22:10  Gråt ikkje yver ein avliden og barma dykk ikkje for honom; men gråt yver den som burt er faren! for han skal ikkje meir koma att og sjå sitt fødeland.
Jere NorSMB 22:11  For so segjer Herren um Sallum Josiason, Juda-kongen, som vart konge etter Josia, far sin, og som burt er faren frå denne staden: Han skal ikkje meir koma hit att,
Jere NorSMB 22:12  men på den staden som dei førde honom fange til, der skal han døy, og dette landet skal han ikkje meir få sjå att.
Jere NorSMB 22:13  Usæl han som byggjer sitt hus med urett og sine salar med rangt, som let sin næste træla for inkje og ikkje gjev honom løni hans,
Jere NorSMB 22:14  som segjer: «Eg vil byggja meg eit stort hus og rome salar,» og høgg seg ut vindaugo på det og klæder det med cedertre og målar det med raudmåling.
Jere NorSMB 22:15  Er du konge for di du kann kappbyggja i cedertre? Far din - åt ikkje han og drakk og gjorde rett og rettferd? Då gjekk det honom vel.
Jere NorSMB 22:16  Han hjelpte armingen og fatigmannen til sin rett, då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.
Jere NorSMB 22:17  Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinningi di og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.
Jere NorSMB 22:18  Difor, so segjer Herren um Jojakim Josiason, Juda-kongen: Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, bror min! Ai, syster mi!» Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, Herre! Ai, hans herlegdom!»
Jere NorSMB 22:19  Liksom ein jordar eit asen, skal han verta jorda; dei skal dragsa honom ut og kasta honom burt langt utanfor Jerusalems-portarne.
Jere NorSMB 22:20  Stig upp på Libanon og ropa, og lat røysti di ljoma i Basan, og ropa frå Abarim! For alle elskarane dine er sundkrasa.
Jere NorSMB 22:21  Eg tala til deg medan det gjekk deg vel, men du sagde: «Eg vil ikkje høyra.» Det var vegen din alt frå din ungdom, at du ikkje høyrde mi røyst.
Jere NorSMB 22:22  Alle hyrdingarne dine skal få ein storm til hyrding, og elskarane dine skal verta fangar; ja, då skal du verta skjemd og til skammar for all vondskapen din.
Jere NorSMB 22:23  Du som bur på Libanon, som hev reiret ditt i cedertrei, å, kor du skal stynja når du fær rider, flagor som kvinna i barnsnaud!
Jere NorSMB 22:24  So sant som eg liver, segjer Herren, um so du Konja Jojakimsson, Juda-konge, var ein signetring på høgre handi mi, vilde eg riva deg der ifrå.
Jere NorSMB 22:25  Og eg vil gjeva deg i henderne på deim som ligg deg etter livet, og i henderne på deim som du ræddast, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på kaldæarane.
Jere NorSMB 22:26  Og eg vil slengja deg og mor di, som fødde deg, burt i eit anna land, der som de ikkje er fødde, og der skal de døy.
Jere NorSMB 22:27  Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit-att skal dei aldri koma.
Jere NorSMB 22:28  Er då denne mannen Konja eit vanvyrdt, sundbrote fat, eller eit kjerald som ingen hev hugnad i? Kvi er dei burtkasta, han og avkjømet hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?
Jere NorSMB 22:30  So segjer Herren: Skriv upp denne mannen barnlaus, ein uheppen mann all sin dag. For ingen av hans avkjøme skal få lukka til å sitja i Davids kongsstol og heretter rikja yver Juda.
Chapter 23
Jere NorSMB 23:1  Usæle dei hyrdingar som tyner og spreider gjætsle-hjordi mi, segjer Herren.
Jere NorSMB 23:2  Difor, so segjer Herren, Israels Gud, um hyrdingarne som gjæter folket mitt: De hev spreidt sauerne mine og jaga deim burt og ikkje set etter deim. Sjå, eg heimsøkjer dykk for den vonde åtferdi dykkar, segjer Herren.
Jere NorSMB 23:3  Men sjølv vil eg samla det som er att av sauerne mine or alle dei landi som eg hev drive deim til, og venda deim attende til si eigi beitemark, og dei skal veksa og aukast.
Jere NorSMB 23:4  Og eg vil setja hyrdingar yver deim, og dei skal gjæta deim. Og dei skal ikkje lenger ræddast eller taka fæla, og ingen av deim skal verta sakna, segjer Herren.
Jere NorSMB 23:5  Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil lata ein rettferdig renning standa fram åt David, og han skal vera konge og fara visleg åt og gjera rett og rettferd i landet.
Jere NorSMB 23:6  I hans dagar skal Juda verta frelst og Israel bu trygt, og dette er namnet hans, det dei kallar honom: «Herren, vår rettferd».
Jere NorSMB 23:7  Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal segja: «So sant som Herren liver, som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet,»
Jere NorSMB 23:8  men: «So sant som Herren liver, som leidde avkjømet åt Israels hus ut og let deim koma frå Norderland og frå alle landi som eg hadde drive deim til, so dei fær bu i landet sitt.»
Jere NorSMB 23:9  Um profetarne. Hjarta i mitt brjost er sundkrasa, alle beini mine skjelv. Eg er lik ein drukken mann, ein mann som vinen hev magtstole, for Herren skuld, for hans heilage ord skuld.
Jere NorSMB 23:10  For landet er fullt av horkarar - ja, under forbanning syrgjer landet, og beitelandi i øydemarki er turrbrende - og dei skundar seg til det som vondt er og er velduge i urett.
Jere NorSMB 23:11  For både profet og prest er gudlause, jamvel i huset mitt hev eg funne vondskapen deira, segjer Herren.
Jere NorSMB 23:12  Difor skal vegen deira verta åt deim som sleip-flekkjer i myrkret; dei skal støyta seg so dei dett på honom. For eg vil lata ulukka koma yver deim det året heimsøkjingi kjem, segjer Herren.
Jere NorSMB 23:13  Hjå profetarne i Samaria hev eg set dårskap; dei spådde ved Ba’al og førde mitt folk Israel på villstig.
Jere NorSMB 23:14  Men hjå profetarne i Jerusalem hev eg set gruvelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer henderne på illgjerningsmenner, so ingen av deim vender um frå sin vondskap. Dei er alle vortne liksom Sodoma åt meg, og hine ibuarane liksom Gomorra.
Jere NorSMB 23:15  Difor, so segjer Herren, allhers drott, um profetarne: Sjå, eg gjev deim malurt å eta og eitervatn å drikka. For ifrå profetarne i Jerusalem er gudløysa gjengi ut yver alt landet.
Jere NorSMB 23:16  So segjer Herren, allhers drott: Lyd ikkje på ordi åt dei profetar som spår åt dykk; dei kjem berre med tomt svall åt dykk; si eigi hjartesyn taler dei, ikkje noko frå Herrens munn.
Jere NorSMB 23:17  Jamt og samt segjer dei med deim som svivyrder meg: «Herren hev tala: Det skal ganga dykk vel.» Og med kvar og ein som ferdast etter sitt harde hjarta, segjer dei: «Nokor ulukka skal det ikkje koma yver dykk.»
Jere NorSMB 23:18  For kven av deim hev stade i Herrens råd, so han såg og høyrde hans ord? Kven hev gjeve gaum etter mitt ord og høyrt det?
Jere NorSMB 23:19  Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein kvervelstorm; ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.
Jere NorSMB 23:20  Herrens vreide skal ikkje halda upp fyrr enn han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar; i dagarn som kjem skal de greinleg skyna det.
Jere NorSMB 23:21  Eg sende ikkje profetarne, men dei sprang av stad; eg tala ikkje til deim, men dei spådde.
Jere NorSMB 23:22  Og hadde dei stade i mitt råd, då vilde dei lata mitt folk høyra mine ord, og snu deim frå deira vonde veg og frå deira vonde verk.
Jere NorSMB 23:23  Er eg ein Gud berre nær ved, segjer Herren, og ikkje ein Gud langt burte?
Jere NorSMB 23:24  Eller kann nokon løyna seg i slike løyne, so eg ikkje kann sjå honom? segjer Herren. Fyller eg ikkje himmelen og jordi? segjer Herren.
Jere NorSMB 23:25  Eg hev høyrt kva profetarne hev sagt, dei som spår lygn i mitt namn og segjer: «Eg drøymde, eg drøymde.»
Jere NorSMB 23:26  Kor lenge skal dette vera so? Hev dei eitkvart på hjarta, desse profetarne som spår lygn med di dei spår sitt hjartans svik -
Jere NorSMB 23:27  tenkjer dei kann henda å få mitt folk til å gløyma mitt namn med draumarne sine, som dei fortel kvarandre, likeins som federne deira gløymde mitt namn for Ba’al?
Jere NorSMB 23:28  Den profet som hev ein draum, han kann fortelja ein draum, men den som hev mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva hev halmen med kornet å gjera? segjer Herren.
Jere NorSMB 23:29  Er ikkje mitt ord som ein eld, segjer Herren, og som ein hamar som krasar berg?
Jere NorSMB 23:30  Difor, sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som stel ordi mine ein frå hin.
Jere NorSMB 23:31  Sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som tek sitt eige på tunga, men segjer: «So segjer Herren.»
Jere NorSMB 23:32  Sjå, eg skal finna deim som spår lygn-draumar, segjer Herren, og fortel deim og fører mitt folk på villstig med lygnerne sine og kytet sitt, endå eg ikkje hev sendt deim eller gjeve deim noko påbod, og dei ikkje er til minste gagn for dette folket, segjer Herren.
Jere NorSMB 23:33  Og når dette folket eller ein profet eller prest spør deg og segjer: «Kva er Herrens byrd?» då skal du segja med deim: «De er byrdi, og eg vil kasta dykk av, segjer Herren».
Jere NorSMB 23:34  Og den profet og den prest og det folk som segjer: «Herrens byrd» - slik ein mann og hans hus vil eg heimsøkja.
Jere NorSMB 23:35  So skal de segja kvar med sin granne og kvar med sin bror: «Kva hev Herren svara?» eller: «Kva hev Herren tala?»
Jere NorSMB 23:36  Men «Herrens byrd» skal de ikkje nemna lenger. For åt kvar mann skal hans eige ord verta «byrdi», for di de hev rengt ordi frå den livande Gud, Herren, allhers drott, vår Gud.
Jere NorSMB 23:37  So skal du segja med profeten: «Kva hev Herren svara deg?» eller: «Kva hev Herren tala?»
Jere NorSMB 23:38  Men segjer de: «Herrens byrd», då segjer Herren so: Av di de segjer dette ordet: «Herrens byrd», endå at eg gjorde denne bodsendingi åt dykk: «De skal ikkje segja «Herrens byrd,»»
Jere NorSMB 23:39  difor, sjå, so vil eg reint gløyma dykk og kasta dykk og byen som eg gav dykk og federne dykkar, burt frå mi åsyn.
Jere NorSMB 23:40  Og eg vil leggja på dykk ei æveleg skjemd og ei æveleg skam, som aldri skal gløymast.
Chapter 24
Jere NorSMB 24:1  Herren let meg sjå: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens tempel, då Nebukadressar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingarne, og timbremennerne og smedarne, og ført deim frå Jerusalem til Babel.
Jere NorSMB 24:2  I den eine korgi var det fikor av beste slag, like dei fyrst mogne fikorne, men i den andre korgi fikor av låkaste slag, so låke at dei ikkje var etande.
Jere NorSMB 24:3  Då sagde Herren med meg: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Fikor; dei gode fikorne er av beste slag, men dei låke er av låkaste slag, so låke at dei ikkje er etande.»
Jere NorSMB 24:5  So segjer Herren, Israels Gud: Likeins som med desse gode fikorne, soleis vil eg sjå på dei burtførde av Juda som eg hev sendt frå denne staden til Kaldæarlandet, til deira bate.
Jere NorSMB 24:6  Eg vil retta augo mine på deim til deira bate og lata dei venda attende til dette landet. Og eg vil byggja deim upp og ikkje riva deim ned att, og planta deim og ikkje rykkja deim upp att.
Jere NorSMB 24:7  Og eg vil gjeva deim hjarta til å kjenna meg, at eg er Herren. Og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud; for dei skal venda um til meg av alt sitt hjarta.
Jere NorSMB 24:8  Og likeins som med låke fikor som er so låke at dei ikkje er etande, - ja so segjer Herren - soleis vil eg gjera med Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans og leivningen av Jerusalem, dei som er att i dette landet, og dei som bur i Egyptarlandet.
Jere NorSMB 24:9  Og eg vil gjera deim til ei skræma og ein stygg for alle riki på jordi, til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei våbøn på alle dei stader som eg driv deim burt til.
Jere NorSMB 24:10  Og eg vil senda imot deim sverdet og svolten og sotti, til dei vert reint utrudde or landet som eg gav deim og federne deira.
Chapter 25
Jere NorSMB 25:1  Det ordet som kom til Jeremia um all Juda-lyden i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiason, Juda-kongen, det er fyrste styringsåret åt Nebukadressar, Babel-kongen,
Jere NorSMB 25:2  og som profeten Jeremia tala til heile Juda-folket og til alle Jerusalems-buarne; han sagde:
Jere NorSMB 25:3  Frå det trettande styringsåret åt Josia Amonsson, Juda-kongen, og alt til denne dag, no i tri og tjuge år, hev Herrens ord kome til meg, og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de vilde ikkje høyra.
Jere NorSMB 25:4  Og Herren sende til dykk alle tenararne sine, profetarne, jamt og samt, men de vilde ikkje høyra og lagde ikkje øyra til, so de kunde høyra.
Jere NorSMB 25:5  Han sagde: Vend um, kvar og ein frå sin vonde veg og frå dykkar vonde åtferd! so skal de få bu i det landet som Herren gav dykk og federne dykkar frå æva og til æva.
Jere NorSMB 25:6  Og ferdast ikkje etter andre gudar, so de tener og tilbed deim, og gjer meg ikkje harm med slikt som henderne dykkar hev gjort! so eg ikkje skal gjera dykk noko ilt.
Jere NorSMB 25:7  Men de lydde ikkje på meg, segjer Herren, men de vilde harma meg med slikt som henderne dykkar hev gjort dykk sjølve til tjon.
Jere NorSMB 25:8  Difor, so segjer Herren, allhers drott: Av di de ikkje lydde på mine ord,
Jere NorSMB 25:9  sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.
Jere NorSMB 25:10  Og eg vil gjera det audt hjå deim for fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, handkvern-dur og lampeljos.
Jere NorSMB 25:11  Og alt dette landet skal verta til audn og øyda, og desse folki skal tena Babel-kongen i sytti år.
Jere NorSMB 25:12  Og når sytti år er lidne, vil eg heimsøkja Babel-kongen og dette folket for deira misgjerningar, segjer Herren, og Kaldæarlandet vil eg heimsøkja og gjera det til ævelege øydemarker.
Jere NorSMB 25:13  Og eg vil lata koma yver det landet alle ordi mine som eg hev tala um det, alt som er skrive i denne boki, det som Jeremia hev spått um alle folkeslagi.
Jere NorSMB 25:14  For velduge folk og store kongar skal trælka deim og, og eg vil gjeva deim lika for deira verk og for det henderne deira hev gjort.
Jere NorSMB 25:15  For so sagde Herren, Israels Gud, med meg: Tak dette staupet med vreide-vin or mi hand og lat alle folkeslagi som eg sender deg til, drikka av det!
Jere NorSMB 25:16  Og dei skal drikka og raga og rasa for det sverdet som eg sender ibland deim.
Jere NorSMB 25:17  Eg tok då staupet or Herrens hand og let alle dei folki drikka som han sende meg til:
Jere NorSMB 25:18  Jerusalem og byarne i Juda og kongarne og hovdingarne der, for å gjera deim til audn og øyda, til ei spott og til ei våbøn - so som det er den dag i dag -
Jere NorSMB 25:19  Farao, egyptarkongen, og hans tenarar og hovdingar og all landslyden hans
Jere NorSMB 25:20  og alt blandingsfolket hans og alle kongarne i Us-landet og alle kongarne i Filistarlandet og Askalon og Gaza og Ekron og det som er att av Asdod,
Jere NorSMB 25:22  og alle kongarne i Tyrus og alle kongarne i Sidon og kongarne på havstrenderne, burtanfor havet,
Jere NorSMB 25:24  og alle kongarne i Arabia og alle kongarne yver blandingsfolket som bur i øydemarki,
Jere NorSMB 25:25  og alle kongarne i Zimri og alle kongarne i Elam og alle kongarne i Media
Jere NorSMB 25:26  og alle kongarne i Nordheimen, dei nærbuande og dei burtlengste, ein med hin, ja, alle riki i verdi utyver jordflata. Og Sesak-kongen skal drikka etter deim.
Jere NorSMB 25:27  Og du skal segja med deim: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Drikk til de vert drukne og spyr, og dett so de ikkje kann standa upp att - for sverdet som eg sender ibland dykk!
Jere NorSMB 25:28  Men vil dei ikkje taka staupet or di hand og drikka, då skal du segja med deim: So segjer Herren, allhers drott: Drikka skal de.
Jere NorSMB 25:29  For sjå, eg let ulukka fyrst råka den byen som er uppkalla etter mitt namn - og so skulde de sleppa å umgjelda! De skal ikkje sleppa å umgjelda, for sverd byd eg ut imot alle som bur på jordi, segjer Herren, allhers drott.
Jere NorSMB 25:30  Og du skal kunngjera for deim alle desse profetordi. Og du skal segja med deim: Herren skal bura frå høgdi og lata si røyst ljoma frå sin heilage bustad, ja, han skal stor-bura yver sitt beiteland, setja i med eit rop, liksom når dei trøder vinpersa, imot alle som bur på jordi.
Jere NorSMB 25:31  Det omar av ein dyn alt til enden av jordi, for Herren hev ei trætta med folki, han gjeng til doms med alt kjøt; han let sverdet få dei ugudlege, segjer Herren.
Jere NorSMB 25:32  So segjer Herren, allhers drott: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endarne av jordi.
Jere NorSMB 25:33  Og dei som Herren hev slege den dagen, skal liggja daude frå eine enden av jordi til hin; ingen skal gråta yver deim eller samla deim i hop og jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta.
Jere NorSMB 25:34  Barma dykk, de hyrdingar, og ropa, og velt dykk i moldi, de gjævingar i hjordi! for tidi til å slagta dykk er komi. Og eg vil spreida dykk, og de skal detta ned liksom eit dyrverdigt kjerald.
Jere NorSMB 25:35  Då vert det ingi livd for hyrdingarne og ingi undankoma for gjævingarne i hjordi.
Jere NorSMB 25:36  Høyr kor hyrdingarne ropar, kor gjævingarne i hjordi øyar seg! For Herren øyder ut beitemarki deira,
Jere NorSMB 25:37  og dei fredfulle engjarne vert aude for Herrens brennande vreide.
Jere NorSMB 25:38  Fram stig han som ei ungløva ut or si kjørr; ja, landet deira vert til ei audn for det herjande sverdet og for hans brennande vreide.
Chapter 26
Jere NorSMB 26:1  I den fyrste tidi som Jojakim Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet frå Herren; han sagde:
Jere NorSMB 26:2  So segjer Herren: Gakk i fyregarden til Herrens hus og tala mot Juda-byarne som kjem og tilbed i Herrens hus, tala alle dei ordi som eg hev bode deg å tala til deim! Tak ikkje undan eit einaste ord!
Jere NorSMB 26:3  Må henda dei kunde høyra og snu seg, kvar og ein frå sin vonde veg; då vil eg angra det vonde som eg tenkjer å gjera mot deim for den vonde framferdi deira.
Jere NorSMB 26:4  Og du skal segja med deim: So segjer Herren: Um de ikkje høyrer på meg og ferdast i den lovi som eg hev lagt fram for dykk,
Jere NorSMB 26:5  so høyrer ordi åt tenarane mine, profetarne, som eg sender dykk jamt og samt, endå de ikkje vil høyra,
Jere NorSMB 26:6  då vil eg fara åt med dette huset likeins som med Silo, og alle folkeslag på jord bruka denne byen til ei våbøn.
Jere NorSMB 26:7  Og prestarne og profetarne og alt folket høyrde Jeremia tala desse ordi i Herrens hus.
Jere NorSMB 26:8  Og då Jeremia hadde tala til endes alt det som Herren hadde bode honom å tala til heile folket, då tok prestarne og profetarne og alt folket honom og sagde: «No skal du døy.
Jere NorSMB 26:9  Kvi hev du spått i Herrens namn og sagt: «Det skal ganga med dette huset likeins som med Silo, og denne byen skal verta øydelagd so ingen bur her?»» Og alt folket samla seg imot Jeremia i Herrens hus.
Jere NorSMB 26:10  Og då Juda-hovdingarne frette dette, gjekk dei frå kongsgarden upp til Herrens hus og sette seg i inngangen til Herrens port, den nye.
Jere NorSMB 26:11  Då sagde prestarne og profetarne med hovdingarne og med alt folket: «Denne mannen er skuldig til å døy; for han hev spått mot denne byen, so som de hev høyrt med dykkar eigne øyro.»
Jere NorSMB 26:12  Då sagde Jeremia med alle hovdingarne og med alt folket: «Herren hev sendt meg til å spå imot dette huset og denne byen alt det som de hev høyrt.
Jere NorSMB 26:13  Lat då dykkar vegar og gjerningar betrast, og høyr på Herren, dykkar Guds røyst! So vil Herren angra det vonde som han hev tala imot dykk.
Jere NorSMB 26:14  Men eg, sjå, eg er i dykkar hand: gjer med meg det de tykkjer godt og rett!
Jere NorSMB 26:15  Men det skal de vita, at um de drep meg, so let de skuldlaust blod koma yver dykk og yver denne byen og yver deim som her bur. For Herren hev i sanning sendt meg til dykk å tala for øyro dykkar alle desse ordi.»
Jere NorSMB 26:16  Då sagde hovdingarne og alt folket til prestarne og profetarne: «Denne mannen er ikkje skuldig til å døy, for i Herrens, vår Guds, namn hev han tala til oss.»
Jere NorSMB 26:17  Og nokre av dei øvste i landet stod upp og sagde til heile folkehopen:
Jere NorSMB 26:18  «Mika frå Moreset spådde i dei dagarne då Hizkia var konge i Juda, og sagde til alt folket i Juda: «So segjer Herren, allhers drott: Sion skal verta pløgt til åker, og Jerusalem skal verta til steinrøysar og tempelberget til skograbbar.»
Jere NorSMB 26:19  Tok då Hizkia, Juda-kongen, og alt Juda og drap honom? Ottast han ikkje Herren og blidka Herren, so han angra på det vonde han hadde tala imot deim? Men me held på å koma oss i den største ulukka.»
Jere NorSMB 26:20  Det var og ein annan mann som spådde i Herrens namn, Uria Semajason frå Kirjat-Jearim. Og han spådde mot denne byen og dette landet nett på same måten som Jeremia.
Jere NorSMB 26:21  Men då kong Jojakim og alle hans kjempor og alle hans hovdingar høyrde ordi hans, so vilde kongen drepa honom. Men då Uria frette det, vart han rædd og flydde burt kom til Egyptarland.
Jere NorSMB 26:22  Då sende kong Jojakim nokre menner til Egyptarland, Elnatan Akborsson og menner med honom inn i Egyptarland.
Jere NorSMB 26:23  Og dei tok Uria ut or Egyptarlandet og for med honom til kong Jojakim, og han let drepa honom med sverd og kasta liket hans millom ålmuge-graverne.
Jere NorSMB 26:24  Men Ahikam Safansson heldt si hand yver Jeremia, so han ikkje vart gjeven i henderne på folket og miste livet.
Chapter 27
Jere NorSMB 27:1  I den fyrste tidi som Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet til Jeremia frå Herren; han sagde:
Jere NorSMB 27:2  So sagde Herren med meg: Gjer deg band og ok, og hav det um halsen din!
Jere NorSMB 27:3  Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-sønerne og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennerne som kjem til Jerusalem til Sidkia, Juda-kongen.
Jere NorSMB 27:4  Og bed deim segja med herrarne sine: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: So skal de segja med herrarne dykkar:
Jere NorSMB 27:5  Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store magt og min strake arm, og eg gjev dette til den eg tykkjer er den rette.
Jere NorSMB 27:6  Og no hev eg gjeve alle desse landi i henderne på Nebukadnessar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom, so dei kann tena honom.
Jere NorSMB 27:7  Og alle folki skal tena honom og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og er komi; då skal velduge folk og store kongar gjera honom til træl.
Jere NorSMB 27:8  Og det folket og det riket som ikkje vil tena honom, Nebukadnessar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja halsen sin under Babel-kongens ok, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg hev gjort ende på deim ved hans hand.
Jere NorSMB 27:9  Og de no - lyd ikkje på profetarne dykkar og spåmennerne dykkar og på draumarne dykkar og på runekallarne og tauvrekallarne dykkar, som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!»
Jere NorSMB 27:10  For lygn er det dei spår åt dykk, for at eg skal føra dykk langt burt frå landet dykkar og driva dykk burt, so de vert tynte.
Jere NorSMB 27:11  Men det folket som bøygjer halsen sin under Babel-kongens ok og tener honom, det vil eg lata vera i fred i landet sitt, segjer Herren, so dei kann dyrka det og bu i det.
Jere NorSMB 27:12  Og til Sidkia, Juda-kongen, tala eg alle desse ordi og sagde: Bøyg halsen dykkar under Babel-kongens ok, og ten honom og folket hans! då skal de få liva.
Jere NorSMB 27:13  Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen?
Jere NorSMB 27:14  Lyd ikkje på ordi åt dei profetarne som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» For lygn er det dei spår åt dykk.
Jere NorSMB 27:15  For eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren, men dei spår lygn i mitt namn, for at eg skal driva dykk burt, so de vert tynte, de og dei profetarne som spår åt dykk.
Jere NorSMB 27:16  Og til prestarne og heile dette folket tala eg og sagde: So segjer Herren: Lyd ikkje på ordi åt profetarne dykkar når dei spår åt dykk og segjer: «Sjå, kjeraldi or Herrens hus vert no snart flutte heim att frå Babel!» for lygn er det dei spår åt dykk.
Jere NorSMB 27:17  Lyd ikkje på deim, men ten Babel-kongen! So skal de få liva. Kvi skal denne byen verta til ei audn?
Jere NorSMB 27:18  Men um dei er profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers drott, at ikkje dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, vert førde til Babel.
Jere NorSMB 27:19  For so segjer Herren, allhers drott, um sulorne og um havet og understelli og alle hine ting som endå er att i denne byen,
Jere NorSMB 27:20  som Nebukadnessar, Babel-kongen, ikkje tok då han førde Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, i utlægd frå Jerusalem til Babel i lag med alt storfolket i Juda og Jerusalem -
Jere NorSMB 27:21  ja, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem:
Jere NorSMB 27:22  Til Babel skal dei verta flutte, og der skal dei vera alt til den dagen eg ser etter deim, segjer Herren, og fører deim upp og attende til denne staden.
Chapter 28
Jere NorSMB 28:1  So hende det same året, i den fyrste tidi Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, i det fjorde året, i den femte månaden, at Hananja Azzursson, profeten frå Gibeon, sagde med meg i Herrens hus beint upp i augo på prestarne og alt folket:
Jere NorSMB 28:2  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Eg hev brote sund Babel-kongens ok.
Jere NorSMB 28:3  Um tvo år vil eg føra attende til denne staden alle dei kjeraldi som Nebukadnessar, Babel-kongen, hev teke or Herrens hus og førd frå denne staden til Babel.
Jere NorSMB 28:4  Og Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og alle hine burtførde frå Juda som er komne til Babel, let eg koma attende til denne staden, segjer Herren; for eg bryt sund Babel-kongens ok.
Jere NorSMB 28:5  Då svara profeten Jeremia profeten Hananja beint uppi augo på prestarne og alt folket som stod i Herrens hus,
Jere NorSMB 28:6  og profeten Jeremia sagde: «Amen! Det gjere Herren! Herren setje i verk det som du hev spått so han fører attende frå Babel til denne staden kjeraldi or Herrens hus og alle dei burtførde!
Jere NorSMB 28:7  Men høyr no på dette ordet som eg talar i opne øyro på deg og alt folket!
Jere NorSMB 28:8  Dei profetarne som hev vore fyre meg og deg frå ævordsleg tid, dei spådde mot velduge land og store rike um ufred og ulukka og sott.
Jere NorSMB 28:9  Den profeten som spår um fred - når ordi åt den profeten sannar seg, då er det skynande at Herren i sanning hev sendt den profeten.»
Jere NorSMB 28:10  Då tok profeten Hananja oket av halsen på profeten Jeremia og braut det sund.
Jere NorSMB 28:11  Og Hananja sagde beint uppi augo på alt folket: «So segjer Herren: Soleis vil eg, fyrr tvo år er lidne, brjota sund Nebukadnessars, Babel-kongens, ok av halsen på alle folki.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg.
Jere NorSMB 28:12  Men Herrens ord kom til Jeremia etter profeten Hananja hadde brote sund oket av halsen på profeten Jeremia; han sagde:
Jere NorSMB 28:13  «Gakk og seg med Hananja: So segjer Herren: Eit tre-ok hev du brote sund, men att-istaden hev du laga eit jarn-ok.
Jere NorSMB 28:14  For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Eit jarn-ok hev eg lagt på halsen åt alle desse folki, for at dei skal tena Nebukadnessar, Babel-kongen, so dei lyt tena honom; ja, jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom.»
Jere NorSMB 28:15  Då sagde profeten Jeremia med profeten Hananja: «Høyr, du Hananja! Herren hev ikkje sendt deg, men du hev fenge dette folket til å lita på lygn.
Jere NorSMB 28:16  Difor, so segjer Herren so: Sjå, eg tek deg burt frå jordi; i dette året skal du døy, for du hev preika fråfall frå Herren.»
Jere NorSMB 28:17  Og profeten Hananja døydde same året i den sjuande månaden.
Chapter 29
Jere NorSMB 29:1  Og dette er ordi i det brevet som profeten Jeremia sende frå Jerusalem til deim som endå livde att av dei øvste millom dei burtførde, og til prestarne og profetarne og alt det folket som Nebukadnessar hadde ført burt frå Jerusalem til Babel,
Jere NorSMB 29:2  då kong Jekonja og kongsmori og hirdmennerne, dei høgste i Juda og Jerusalem og timbremennerne og smedarne var farne burt or Jerusalem.
Jere NorSMB 29:3  Brevet sende han med El’asa Safansson og Gemarja Hilkiason, som Sidkia, Juda-kongen, sende til Nebukadnessar, Babel-kongen, til Babel; det lydde so:
Jere NorSMB 29:4  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, til alle dei burtførde som eg hev ført burt frå Jerusalem til Babel:
Jere NorSMB 29:5  Bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti av deim!
Jere NorSMB 29:6  Tak dykk konor og avla søner og døtter, og tak konor åt sønerne dykkar, og gift burt døtterne dykkar, so dei kann få søner og døtter, so de kann fjølgast der og ikkje minka i tal!
Jere NorSMB 29:7  Og stræva etter det, at det må ganga den byen vel som eg hev ført dykk burt til, og bed for honom til Herren! For når det gjeng honom vel, so gjeng det dykk vel.
Jere NorSMB 29:8  For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykk ikkje dåra av dei profetarne som er hjå dykk og av spåmennerne dykkar, og gjev ikkje gaum etter draumarne dykkar som de drøymer!
Jere NorSMB 29:9  For lygn er det som dei spår åt dykk i mitt namn, og eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren.
Jere NorSMB 29:10  For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt på dykk det gode ordet mitt um å lata dykk koma tilbake til denne staden.
Jere NorSMB 29:11  For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til tjon, å gjeva dykk framtid og von.
Jere NorSMB 29:12  Og de skal påkalla meg og ganga og beda til meg, og eg vil høyra på dykk.
Jere NorSMB 29:13  Og de skal søkja meg og finna meg, når de spør etter meg av alt dykkar hjarta.
Jere NorSMB 29:14  Eg vil då lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og or alle dei staderne som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk venda tilbake til den staden som eg førde dykk burt ifrå.
Jere NorSMB 29:15  For de segjer: «Herren hev reist upp profetar åt oss i Babel.»
Jere NorSMB 29:16  For so segjer Herren um kongen som sit på Davids kongsstol og um alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje vart burtførde saman med dykk,
Jere NorSMB 29:17  so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg sender imot deim sverd og svolt og sott og gjer med deim som ein gjer med dei utskjemde fikorne som er so låke at dei ikkje er etande.
Jere NorSMB 29:18  Og eg elter deim med sverd, med svolt og med sott, og eg vil gjera deim til ei skræma for alle riki på jord, til ei våbøn og ein støkk, og til ei spott og ei hæding millom alle dei folki som eg driv deim til,
Jere NorSMB 29:19  for di at dei lydde ikkje på mine ord, segjer Herren, då eg sende tenarane mine, profetarne, til deim, jamt og samt, men de høyrde ikkje, segjer Herren.
Jere NorSMB 29:20  Men høyr no de Herrens ord, alle de burtførde som eg hev sendt frå Jerusalem til Babel!
Jere NorSMB 29:21  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um Ahab Kolajason og um Sidkia Ma’asejason som spår lygn åt dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev deim i handi på Nebukadressar, Babel-kongen, og han skal drepa deim framfor dykkar augo.
Jere NorSMB 29:22  Og etter deim skal dei laga ei våbøn, alle dei burtførde or Juda som er i Babel, og segja: «Herren gjere med deg likeins som med Sidkia og Ahab, som Babel-kongen steikte i elden!»
Jere NorSMB 29:23  For dei for med skjemdarverk i Israel og dreiv hor med grannekonorne sine og for med lygne-rødor i mitt namn, slikt som eg ikkje hadde sett deim til; eg veit det då og kann vitna um det, segjer Herren.
Jere NorSMB 29:25  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Du hev sendt brev i ditt namn til alt folket i Jerusalem og til presten Sefanja Ma’asejason og til alle prestarne, og sagt:
Jere NorSMB 29:26  «Herren hev sett deg til prest i staden for presten Jojada, so det skal vera tilsynsmenner i Herrens hus yver alle som er frå vitet gjengne og driv på og spår, so du kann setja deim i stokk og halsjarn.
Jere NorSMB 29:27  Kvi hev du då ikkje refst Jeremia frå Anatot som driv og spår åt dykk?
Jere NorSMB 29:28  For på denne måten hev han kunna gjera ordsending til oss i Babel og sagt: «Dette vert ei lang-æva; bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti or deim!»»
Jere NorSMB 29:29  Og presten Sefanja hadde lese dette brevet upp for profeten Jeremia.
Jere NorSMB 29:31  Gjer ordsending til alle dei burtførde og seg: So segjer Herren um Semaja, nehelamiten: Sidan Semaja hev spått åt dykk, endå eg ikkje hev sendt honom, og fenge dykk til å lita på lygn,
Jere NorSMB 29:32  difor, so segjer Herren: Sjå, eg heimsøkjer Semaja, nehelamiten, og avkjømet hans; ingen av deim skal få bu millom dette folket, og han skal ikkje få sjå det gode som eg gjer med folket mitt, segjer Herren, for han hev preika fråfall frå Herren.
Chapter 30
Jere NorSMB 30:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
Jere NorSMB 30:2  So segjer Herren, Israels Gud: Skriv deg upp i ei bok alle dei ordi eg hev tala til deg!
Jere NorSMB 30:3  For sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då eg endar utlægdi åt folket mitt, Israel og Juda, og let deim koma heim att til det landet som eg gav federne deira, so dei kann taka det til eign.
Jere NorSMB 30:4  Og dette er dei ordi som Herren hev tala um Israel og um Juda:
Jere NorSMB 30:5  So segjer Herren: Eit rædslerop hev me høyrt; otte og ingen fred.
Jere NorSMB 30:6  Spør og sjå etter um ein karmann føder barn! Kvi ser eg då alle mann med henderne på lenderne liksom kvinna i barnsnaud, og kvi er alle andliti vortne nåbleike?
Jere NorSMB 30:7  Å! Stor er den dagen, han hev ikkje sin like. Ja, ei trengsletid er det for Jakob, men han skal verta frelst derifrå.
Jere NorSMB 30:8  Og det skal henda den dagen, segjer Herren, allhers drott, at eg vil brjota oket hans av halsen din, og bandi dine vil eg riva sund. Ja, framande skal ikkje trælka honom lenger.
Jere NorSMB 30:9  Men dei skal tena Herren, sin Gud, og David, sin konge, som eg vil reisa upp åt deim.
Jere NorSMB 30:10  So ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg frå det burtlengste land og avkjømet ditt frå det landet som dei var burtførde til. Og Jakob skal snu heim att og vera i ro og trygd, og ingen skal skræma honom.
Jere NorSMB 30:11  For eg er med deg, segjer Herren, til å frelsa deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev spreidt deg imillom, det er berre deg eg ikkje vil gjera ende på, men eg vil aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.
Jere NorSMB 30:12  For so segjer Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.
Jere NorSMB 30:13  Ingen tek saki di på seg og kreistar verken ut; det bid ikkje helsebot, ikkje plåster for deg.
Jere NorSMB 30:14  Alle elskarane dine hev gløymt deg, dei spør ikkje etter deg. For eg hev slege deg likeins som ein fiende slær, eg hev aga deg som den miskunnlause, for di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange.
Jere NorSMB 30:15  Kvi eiar du deg yver skaden din, yver at plåga di er ulækjande? For di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange, hev eg gjort deg dette.
Jere NorSMB 30:16  Difor skal alle som et på deg, verta upp-etne, og alle som er trengjer deg, verta burtførde, alle saman, og dei som herjar deg, skal verta herja, og alle som ranar frå deg, vil eg gjeva til ran.
Jere NorSMB 30:17  For eg vil grøda såri dine og lækja deg etter slagi du hev fenge, segjer Herren, av di dei kallar deg «den burtdrivne», «Sion som ingen spør etter».
Jere NorSMB 30:18  So segjer Herren: Sjå, eg endar utlægdi for Jakobs tjeld og miskunnar bustaderne hans, og byen skal atter verta bygd på haugen sin, og slottet skal standa på sin rette stad.
Jere NorSMB 30:19  Og det skal ljoma av lovsangar og leikstemne-ljod frå deim. Og eg vil lata deim aukast og ikkje minka, og eg vil æra deim, og dei skal ikkje verta mismætte.
Jere NorSMB 30:20  Og sønerne hans skal vera som fordom, og lyden hans skal standa grunnfest framfor mi åsyn, og eg vil heimsøkja alle som trengjer honom.
Jere NorSMB 30:21  Og hans herlege skal vera utstokken frå honom sjølv, og drotten hans skal ganga fram or hans eigen flokk. Og eg vil lata honom nærra seg åt meg, so han fær koma til meg; for kven kunde elles vera so hjartug, at han kom meg nær? segjer Herren.
Jere NorSMB 30:22  Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.
Jere NorSMB 30:23  Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein rjukande storm: ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.
Jere NorSMB 30:24  Herrens brennande vreide skal ikkje halda upp fyrr han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar. I dagarne som kjem, skal de skyna det.
Chapter 31
Jere NorSMB 31:1  I den tidi, segjer Herren, skal eg vera Gud for alle ættgreinerne i Israel, og dei skal vera mitt folk.
Jere NorSMB 31:2  So segjer Herren: Det folket som slapp undan sverdet, hev funne nåde i øydemarki; eg vil av og få honom, Israel, til å roa seg.
Jere NorSMB 31:3  Langt burtanfrå hev Herren openberra seg for meg: Ja, med æveleg kjærleik hev eg elska deg, difor hev eg late mi miskunn mot deg halda ved.
Jere NorSMB 31:4  Enn skal eg byggja deg, so du vert uppatt-bygd, du møy Israel; enn skal du pryda deg med handtrummorne og ganga ut i dansen med dei leikande.
Jere NorSMB 31:5  Enn skal du planta vinhagar på Samaria-heidarne; dei som plantar, skal hausta og.
Jere NorSMB 31:6  For det kjem ein dag då vaktmenner skal ropa på Efraimsfjellet: «Statt upp, og lat oss draga upp til Sion, til Herren, vår Gud.»
Jere NorSMB 31:7  For so segjer Herren: Fagna dykk yver Jakob med gleda og set i med fagnadrop yver den fremste av folki! Gjer kunnigt, prisa og seg: «Herre, frels ditt folk, leivningen av Israel!»
Jere NorSMB 31:8  Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.
Jere NorSMB 31:9  Gråtande skal dei koma og audmjukleg bedande; eg vil fylgja dei; eg vil leida deim til vatsbekkjer på ein jamn veg, der dei ikkje skal snåva. For eg er vorten far åt Israel, og Efraim er min fyrstefødde son.
Jere NorSMB 31:10  Høyr Herrens ord, de folk, gjer det kunnigt på øyarne langt burte og seg: Han som spreidde Israel, vil samla det og gjæta det likeins som ein hyrding hjordi si.
Jere NorSMB 31:11  For Herren hev fria Jakob ut og løyst honom ut or henderne på den som var sterkare enn han.
Jere NorSMB 31:12  Og dei skal koma og fagna seg på Sionshøgdi, og dei skal strøyma til dei gode ting frå Herren, til korn og til druvesaft og til olje, til unge sauer og naut. Og sjæli deira skal vera lik ein vatsrik hage, og dei skal ikkje ormegtast lenger.
Jere NorSMB 31:13  Då skal møyar fegnast i dans, og gutar og gamlingar saman. Og eg skal venda sorgi deira til gleda og hugga deim og gleda deim etter deira sut.
Jere NorSMB 31:14  Og eg skal kvika prestarne med feite retter, og lyden min skal mettast med mine gode ting, segjer Herren.
Jere NorSMB 31:15  So segjer Herren: Ei røyst er høyrd i Rama, ynk, sår gråt; Rakel græt for borni sine. Ho vil ikkje lata seg trøysta for borni sine, for dei er ikkje lenger til.
Jere NorSMB 31:16  So segjer Herren: Haldt røysti di frå gråt og augo dine frå tåror! For verket ditt skal få si løn, segjer Herren, og dei skal snu heim att frå fiendeland.
Jere NorSMB 31:17  Ja, det er von um di framtid, segjer Herren, og borni skal snu heim att innum sine landskil.
Jere NorSMB 31:18  Eg hev greinleg høyrt kor Efraim barmar seg: «Du hev aga meg, ja, eg er aga som ein utamd kalv. Vend du meg um, so vil eg venda um, for du er Herren, min Gud.
Jere NorSMB 31:19  For sidan eg vende meg burt, angrar eg, og sidan eg vitrast, slær eg meg på lendi. Eg blygjest, ja, eg skjemmest, for eg lyt bera skammi frå ungdomstidi mi.»
Jere NorSMB 31:20  Er då Efraim meg so kjær ein son eller slikt eit eigna-barn, sidan eg stødt må minnast honom, endå eg ofte hev truga honom? Difor bankar hjarta mitt for hans skuld, eg lyt miskunna honom, segjer Herren.
Jere NorSMB 31:21  Reis deg vardar, set deg vegvisarar, gjev gaum etter kongsvegen, vegen du gjekk! Snu heim att, du møy Israel, snu heim att til desse byarne dine!
Jere NorSMB 31:22  Kor lenge vil du reika der att og fram, du fråfalne dotter? For Herren skaper nytt i landet: Kvinna vernar mannen.
Jere NorSMB 31:23  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Enn skal dei segja dette ordet i Judalandet og byarne der, når eg gjer ende på utlægdi deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell!»
Jere NorSMB 31:24  Og Juda med alle sine byar skal bu der i lag; bønder og kringfarande hyrdingfolk.
Jere NorSMB 31:25  For eg vil kveikja den utmødde sjæl, og alle ormegta sjæler vil eg metta.
Jere NorSMB 31:26  Ved dette vakna eg og såg meg um, og svevnen min hadde vore blid.
Jere NorSMB 31:27  Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil så Israelslandet og Judalandet med sæde av menneskje og sæde av dyr.
Jere NorSMB 31:28  Og likeins som eg vakte yver deim til å ryskja upp og riva ned og brjota ned og øyda og plåga deim, soleis vil eg og vaka yver deim til å byggja og planta, segjer Herren.
Jere NorSMB 31:29  I dei dagarne skal dei ikkje lenger segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtente.»
Jere NorSMB 31:30  Men kvar og ein skal døy for si eigi misgjerd; kvar den mann som et sure druvor, skal sjølv verta sårtent.
Jere NorSMB 31:31  Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og med Judas hus,
Jere NorSMB 31:32  ikkje slik ei pakt som den eg gjorde med federne deira den dagen eg tok deim i handi og leidde deim ut or Egyptarlandet, den pakti med meg som dei braut, endå eg var deira rette herre, segjer Herren.
Jere NorSMB 31:33  Men dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil leggja lovi mi inni deim, og skriva henne i hjarta deira, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
Jere NorSMB 31:34  Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin granne og kvar sin bror, og segja: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.
Jere NorSMB 31:35  So segjer Herren som sette soli til å lysa um dagen, månen og stjernorne til å lysa um natti, etter ei fast lov, han som reiser upp havet so bårorne bruser - Herren, allhers drott, er namnet hans:
Jere NorSMB 31:36  Dersom desse loverne vik for mi åsyn, segjer Herren, då skal og Israels ætt halda upp med å vera eit folk framfor mi åsyn alle dagar.
Jere NorSMB 31:37  So segjer Herren: Dersom himlarne let seg mæla der uppe og grunnvollarne åt jordi let seg ransaka der nede, då skal eg og støyta frå meg all Israels ætt for alt det dei hev gjort, segjer Herren.
Jere NorSMB 31:38  Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då byen skal verta bygd åt Herren frå Hananeltårnet alt til Hyrneporten,
Jere NorSMB 31:39  og mælesnori skal ganga derifrå beint på yver Garebhaugen, og so bøygja til Goa.
Jere NorSMB 31:40  Og heile Daudskrott- og Oskedalen og alle markerne burtåt Kidronsbekken alt aust til Hesteport-hyrna, skal vera helga åt Herren. Nokor øyding eller nedrivning skal det ikkje meir vera der i all æva.
Chapter 32
Jere NorSMB 32:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande styringsåret åt Sidkia, Juda-kongen, det er det attande året Nebukadressar var konge.
Jere NorSMB 32:2  Det var ved det leitet at Babel-kongens her kringsette Jerusalem, og profeten Jeremia var innestengd i vaktgarden som høyrde til Juda-kongens hus.
Jere NorSMB 32:3  Der hadde Sidkia, Juda-kongen, stengt honom inne med so falne ord: «Kvi spår du og segjer: «So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på Babel-kongen, og han skal taka honom,
Jere NorSMB 32:4  og Sidkia, Juda-kongen, skal ikkje sleppa or henderne på kaldæarane, men han skal til vissa verta gjeven i henderne på Babel-kongen, og tala med honom, munn mot munn, og sjå honom, auga mot auga,
Jere NorSMB 32:5  og til Babel skal han føra Sidkia, og der skal han vera til eg vitjar honom, segjer Herren; når de strider mot kaldæarane, skal lukka ikkje fylgja dykk.»»
Jere NorSMB 32:6  Og Jeremia sagde: «Herrens ord kom til meg; han sagde:
Jere NorSMB 32:7  Sjå, Hanamel, son åt Sallum, farbror din, kjem til deg og segjer: «Kjøp deg jordi mi i Anatot! For du hev odelsretten til å løysa henne.»»
Jere NorSMB 32:8  Og Hanamel, son åt farbror min, kom etter Herrens ord til meg i vaktgarden og sagde med meg: «Kjøp jordi mi som er i Anatot i Benjaminslandet! For du hev odelsretten, og du hev skyldnaden til å løysa. Kjøp då!» Då skyna eg at det var ord frå Herren.
Jere NorSMB 32:9  Og eg kjøpte jordi av Hanamel, son åt farbror min, i Anatot, og vog sylvet åt honom, syttan sylvdalar.
Jere NorSMB 32:10  So skreiv eg det i eit kjøpebrev og sette innsigle på og tok vitne og vog sylvet på ei skålvegt.
Jere NorSMB 32:11  Sidan tok eg kjøpebrevet, det innsigla, med avtalen og skilordi, og det opne,
Jere NorSMB 32:12  og eg gav kjøpebrevet til Baruk, son åt Neria Mahsejason, for augo på Hanamel, frenden min, og for augo på vitni som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei jødarne som sat i vaktgarden.
Jere NorSMB 32:14  «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Tak desse brevi, både kjøpebrevet med innsigle og det opne brevet, og legg deim i ei leirkrukka, so dei kann standa seg i lang tid!
Jere NorSMB 32:15  For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Enn skal det verta kjøpt hus og jorder og vinhagar i dette landet.»
Jere NorSMB 32:16  Då eg so hadde gjeve Baruk Neriason kjøpebrevet, bad eg til Herren og sagde:
Jere NorSMB 32:17  Å Herre, Herre! Sjå, du hev gjort himmelen og jordi med di store magt og med din strake arm; ingen ting er for vand for deg,
Jere NorSMB 32:18  du som gjer miskunn mot tusund på tusund, og for misgjerdi åt federne gjev du borni deira etter deim att uppi fanget, du store, velduge Gud - Herren, allhers drott, er namnet ditt -
Jere NorSMB 32:19  stor i råd og megtig i verk, du som hev augo dine opne yver alle vegarne åt mannsborni, so du kann gjeva kvar mann etter hans veg og etter den grøda hans verk hev bore,
Jere NorSMB 32:20  du som gjorde teikn og under i Egyptarlandet alt til denne dag, både i Israel og med andre menneskje, og gjorde deg namnfræg, so som du er enno i dag.
Jere NorSMB 32:21  Og du førde ditt folk ut or Egyptarlandet med teikn og med under og med sterk hand og strak arm og med stor fælska.
Jere NorSMB 32:22  Og du gav deim dette landet som du hadde svore federne deira å gjeva deim, eit land som fløymer med mjølk og honning.
Jere NorSMB 32:23  Og dei kom og tok det til eiga, men dei høyrde ikkje på di røyst og ferdast ikkje etter loverne dine. Dei gjorde ikkje noko av det du hadde bode deim å gjera. Då let du all denne ulukka koma på deim.
Jere NorSMB 32:24  Sjå, umlægringsvollarne er alt komne innåt byen, so dei kann taka honom, og ved sverd og svolt og sott er byen gjeven i henderne på kaldæarane, som strider imot honom. So no er det kome det du truga med, og sjå, du ser det.
Jere NorSMB 32:25  Og like vel hev du, Herre, Herre, sagt med meg: «Kjøp deg jordi for sylv og tak vitne på det!» - endå byen er gjeven i henderne på kaldæarane.
Jere NorSMB 32:27  Sjå, eg er Herren, all kjøts Gud: skulde nokon ting vera for vand for meg?
Jere NorSMB 32:28  Difor, so segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på kaldæarane og i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og han skal taka honom.
Jere NorSMB 32:29  Og kaldæarane, som strider mot denne byen, skal koma og setja eld på denne byen og brenna honom med dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt Ba’al og rent ut drykkoffer for andre gudar til å harma meg med.
Jere NorSMB 32:30  For Israels born og Judas born hev berre gjort det som vondt er framfor augo mine, alt frå si ungdomstid, ja, Israels born hev berre harma meg med dei verk deira hender hev gjort, segjer Herren.
Jere NorSMB 32:31  For denne byen hev vore til å gjera meg vreid og harm ifrå den dagen dei bygde honom, og alt fram til denne dag, so eg lyt taka honom burt frå mi åsyn
Jere NorSMB 32:32  for all vondskapen som Israels born og Judas born hev gjort til å harma meg med, dei sjølve, deira kongar, deira hovdingar, deira prestar og deira profetar, Juda-menner og Jerusalems-buar.
Jere NorSMB 32:33  Og dei snudde ryggen til meg og ikkje andlitet, og endå eg lærde dei jamt og samt, so høyrde dei ikkje, so dei tok age.
Jere NorSMB 32:34  Men dei sette sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, so dei sulka det ut.
Jere NorSMB 32:35  Og dei bygde dei Ba’al-haugarne som er i Hinnomssons-dalen, for dei vilde lata sønerne og døtterne sine ganga gjenom elden for Molek - slikt hadde eg då ikkje påbode, og aldri var det kome meg i hugen at dei skulde gjera slikt eit skjemdarverk og soleis få Juda til å synda.
Jere NorSMB 32:36  Og no, difor, segjer Herren, Israels Gud, um denne byen som de segjer sofalne ord um: «Han er gjeven i henderne på Babel-kongen ved sverd og svolt og sott»:
Jere NorSMB 32:37  Sjå, eg samlar deim ut or alle dei landi som eg hev drive deim til i min vreide og harm og store gram, og eg vil lata deim snu attende til denne staden og bu her trygge.
Jere NorSMB 32:38  Då skal dei vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
Jere NorSMB 32:39  Og eg vil gjeva deim eitt hjarta og ein veg, so dei ottast meg alle dagar, til bate for deim sjølve og sønerne deira etter deim.
Jere NorSMB 32:40  Og eg vil gjera ei ævepakt med deim, at eg aldri skal snu ifrå deim med mine velgjerningar mot deim, og eg vil leggja otte for meg i deira hjarta, so dei ikkje skal vika frå meg.
Jere NorSMB 32:41  Og eg vil fagna meg yver deim og gjera vel imot deim, og eg vil planta deim i dette landet med truskap, av alt mitt hjarta og av all mi sjæl.
Jere NorSMB 32:42  For so segjer Herren: Liksom eg hev late all denne store ulukka koma yver dette folket, soleis vil eg og lata alt det gode koma yver deim, som eg hev lova deim.
Jere NorSMB 32:43  Og jorder skal verta kjøpte i dette landet som de kallar «ei audn utan folk og fe, gjevi i henderne på kaldæarane».
Jere NorSMB 32:44  Jorder skal dei kjøpa for sylv og skriva kjøpebrev med innsigle på og vitne til i Benjaminslandet og i umkverven kring Jerusalem og i Juda-byarne, både i fjellbyarne og i byarne på flatlendet og i Sudlandet. For eg vil gjera ende på deira utlægd, segjer Herren.
Chapter 33
Jere NorSMB 33:1  Og Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han endå sat innestengd i vaktgarden; han sagde:
Jere NorSMB 33:2  So segjer Herren som gjer det, Herren som emnar det til og fullfører det - Herren er namnet hans -:
Jere NorSMB 33:3  Ropa til meg, so skal eg svara deg og kunngjera for deg store og uskynande ting, som du ikkje hev vit på.
Jere NorSMB 33:4  For so segjer Herren, Israels Gud, um husi i denne byen og um husi åt Juda-kongen, som er nedrivne til motråd mot umlægringsvollarne og sverdet:
Jere NorSMB 33:5  Dei er komne og vil strida mot kaldæarane, men det vert til å fylla husi med liki av dei menner som eg hev slege i min vreide og harm, og som med sin store vondskap hev valda at eg hev løynt mi åsyn for denne byen.
Jere NorSMB 33:6  Sjå, eg vil koma med helsebot og lækjedom og lækja deim, og eg vil syna deim ei ovnøgd med fred og trygd.
Jere NorSMB 33:7  Og eg vil gjera ende på Judas utlægd, og Israels utlægd, og eg vil byggja deim som i fyrstningi.
Jere NorSMB 33:8  Og eg vil reinsa deim for all misgjerningi deira, som dei hev synda mot meg med, og eg vil tilgjeva alle misgjerningarne deira, som dei hev synda mot meg med, og som dei hev forbrote seg mot meg med.
Jere NorSMB 33:9  Og byen skal vera meg til eit fagnad-namn, til pris og til pryda hjå alle folk på jordi som frettar alt det gode som eg gjer deim, og dei skal skjelva og titra for alt det gode og all den freden som eg der lagar til.
Jere NorSMB 33:10  So segjer Herren: På denne staden som de kallar «ein øydestad, utan folk og fe», i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, som ligg i øyde utan folk og utan ibuarar og utan fe, her skal ein få høyra
Jere NorSMB 33:11  fagnadljod og gledeljod, røyst av brudgom og røyst av brur og røysti av deim som segjer: «Prisa Herren, allhers drott, for Herren er god, for æveleg varar hans miskunn,» slike som ber fram takkoffer i Herrens hus. For eg endar utlægdi for landsens lyd, so han vert som i fyrstningi, segjer Herren.
Jere NorSMB 33:12  So segjer Herren, allhers drott: Enn skal på denne staden, som no er aud, utan folk og fe, og i alle byarne her ikring vera hagelende for hyrdingar som der let sauerne roa seg.
Jere NorSMB 33:13  I fjellbyarne, i flatlandsbyarne og i Sudlands-byarne og i Benjaminslandet og i umkverven kring Jerusalem og i Juda-byarne, skal sauerne enn renna framum den som tel deim, segjer Herren.
Jere NorSMB 33:14  Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera sannrøynt det gode ordet som eg hev tala um Israels hus og um Judas hus.
Jere NorSMB 33:15  I dei dagarne og i den tidi vil eg lata ein rettferdig renning renna upp for David, og han skal gjera rett og rettferd i landet.
Jere NorSMB 33:16  I dei dagarne skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt, og dei skal kalla det soleis: «Herren er vår rettferd.»
Jere NorSMB 33:17  For so segjer Herren: David skal ikkje vanta ein ettermann som kann sitja på kongsstolen åt Israels hus.
Jere NorSMB 33:18  Og levitprestarne skal aldri vanta ein ettermann framfor mi åsyn som kann ofra brennoffer og grjonoffer og bera fram slagtoffer alle dagar.
Jere NorSMB 33:20  So segjer Herren: Kann de brjota mi pakt med dagen og mi pakt med natti, so det ikkje vert dag og natt i si rette tid,
Jere NorSMB 33:21  då skal og mi pakt med min tenar David verta broti, so han ikkje skal hava ein son til konge på sin stol, og med levitprestarne som tener meg.
Jere NorSMB 33:22  Liksom himmelheren ikkje let seg telja, og sanden i havet ikkje let seg mæla, soleis vil eg gjera min tenar Davids ætt til ei ovmengd, og likeins levitarne som tener meg.
Jere NorSMB 33:24  Hev du ikkje gjeve gaum etter kva dette folket hev tala og sagt: «Båe ættgreinerne som Herren hadde utvalt, hev han støytt frå seg?» Soleis vanvyrder dei folket mitt, som det ikkje lenger var eit folk i deira augo.
Jere NorSMB 33:25  So segjer Herren: Hev eg ikkje gjort mi pakt med dag og natt, ikkje gjeve lover for himmel og jord,
Jere NorSMB 33:26  då vil eg støyta frå meg ætti åt Jakob og åt min tenar David, so eg ikkje av ætti hans tek styresmenner yver ætti åt Abraham og Isak og Jakob. For eg vil enda utlægdi deira og miskunna deim.
Chapter 34
Jere NorSMB 34:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren då Nebukadnessar, Babel-kongen, og heile heren hans og alle riki på jordi som han rådde yver, og alle folkeslagi stridde imot Jerusalem og i mot alle hennar byar; han sagde:
Jere NorSMB 34:2  So segjer Herren, Israels Gud: Gakk og tala til Sidkia, Juda-kongen, og seg med honom: So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på Babel-kongen, og han skal brenna honom upp i eld.
Jere NorSMB 34:3  Og du, du skal ikkje sleppa undan honom, men teken skal du verta, og du skal verta gjeven i hans hand, og augo dine skal sjå Babel-kongens augo, og hans munn skal tala med din munn, og til Babel skal du koma.
Jere NorSMB 34:4  Men høyr på Herrens ord, Sidkia, Juda-konge! So segjer Herren um deg: Du skal ikkje døy for sverd.
Jere NorSMB 34:5  I fred skal du døy, og likeins som det var likferd-brenning for federne dine, dei fyrre kongarne, dei som hev vore fyre deg, so skal dei og brenna for deg, og dei skal øya seg for deg: «Å, herre!» for det ordet hev eg tala, segjer Herren.
Jere NorSMB 34:6  Og profeten Jeremia tala til Sidkia, Juda-kongen, alle desse ordi i Jerusalem
Jere NorSMB 34:7  då heren åt Babel-kongen stridde imot Jerusalem og imot alle Juda-byarne som endå var att, imot Lakis og Azeka; for desse var dei faste byarne som då var att av Juda-byarne.
Jere NorSMB 34:8  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter kong Sidkia hadde gjort ei semja med alt folket i Jerusalem um å lysa ut fridom,
Jere NorSMB 34:9  at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si fri, um dei var hebræarar, so ingen jøde skulde halda sin jødiske bror i trældom.
Jere NorSMB 34:10  Då lydde alle hovdingarne og alt folket som hadde gjort den semja, at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si frie, so dei ikkje lenger heldt deim i trældom; dei lydde og gav deim frie.
Jere NorSMB 34:11  Men sidan gjorde dei det um-att og tok tilbake dei trælar og trælkvinnor som dei hadde slept frie, og truga deim til å vera trælar og trælkvinnor.
Jere NorSMB 34:12  Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren; han sagde:
Jere NorSMB 34:13  So segjer Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med federne dykkar den dagen eg førde dei ut or Egyptarlandet, or trælehuset, og sagde:
Jere NorSMB 34:14  «Når sju år er lidne, skal de gjeva kvar sin bror fri, um han er hebræar, som hev selt seg til deg. I seks år skal han tena deg, men sidan skal du lata honom fri frå deg fara. Men federne dykkar høyrde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til.
Jere NorSMB 34:15  Men no hadde de snutt og gjort det som rett var i mine augo, med di de hadde lyst ut fridom, kvar og ein for bror sin, og de hadde gjort ei semja framfor mi åsyn i det huset som er uppkalla etter mitt namn.
Jere NorSMB 34:16  Men so snudde de um-att og vanhelga namnet mitt og tok tilbake kvar sin træl og kvar si trælkvinna som de hadde slept frie til å fara kvar dei vilde, og de truga deim til å vera trælar og trælkvende åt dykk.
Jere NorSMB 34:17  Difor, so segjer Herren: De hev ikkje høyrt på meg og ropa ut fridom, kvar og ein for sin bror og sin næste; sjå, eg ropar ut fridom for dykk, segjer Herren, so de vert gjevne åt sverdet, åt sotti og åt svolten, og eg vil gjera dykk til ei skræma for alle riki på jordi,
Jere NorSMB 34:18  og eg gjev dei menner som braut pakti mi, som ikkje heldt ordi i den pakti dei gjorde framfor mi åsyn, pakti ved den kalven som dei skar i tvo og gjekk millom luterne av,
Jere NorSMB 34:19  - hovdingarne i Juda og hovdingarne i Jerusalem, hirdmennerne og prestarne og all landslyden som gjekk millom luterne av kalven -
Jere NorSMB 34:20  eg gjev deim i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Jere NorSMB 34:21  Og Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans gjev eg i henderne på deira fiendar og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og i henderne på Babel-kongens her, som no er faren burt frå dykk.
Jere NorSMB 34:22  Sjå, eg gjev deim det påbodet, segjer Herren, at dei skal snu tilbake til denne byen, og dei skal strida imot honom og taka honom og brenna honom upp i eld. Og byarne i Juda gjer eg til ei audn, der ingen bur.»
Chapter 35
Jere NorSMB 35:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren i Jojakim Josiasons, Juda-kongens, dagar; han sagde:
Jere NorSMB 35:2  Gakk til Rekabs-ætti og tala til deim og kom med deim til Herrens hus, inn i ein av kovarne, og gjev deim vin å drikka!
Jere NorSMB 35:3  Då tok eg Ja’azanja, son åt Jeremia Habassinjason, og brørne hans og alle sønerne hans og all Rekabs-ætti
Jere NorSMB 35:4  og hadde deim med til Herrens hus, inn i koven åt sønerne til gudsmannen Hanan Jigdaljason, den som låg jamsides med hovdingkoven, uppe yver koven åt dørstokkvaktaren Ma’aseja Sallumsson.
Jere NorSMB 35:5  Og eg sette fram for sønerne til Rekabs-ætti skåler, fulle av vin, og staup. So sagde eg med deim: «Drikk vin!»
Jere NorSMB 35:6  Men dei sagde: «Me drikk ikkje vin, for Jonadab Rekabsson, ættfaren vår, hev bode oss og sagt: «De skal ikkje i all æva drikka vin, korkje de eller borni dykkar.
Jere NorSMB 35:7  De skal ikkje heller byggja hus og ikkje så sæde og ikkje planta vinhage eller eiga noko slikt, men i tjeldbuder skal de bu alle dykkar dagar, so de må liva lenge i det landet der de bur som utlendingar.»
Jere NorSMB 35:8  Og me lydde påbodet frå vår ættfar, Jonadab Rekabsson, i alt det han bad oss um, so me aldri drikk vin, korkje me sjølve, konorne våre, sønerne våre eller døtterne våre,
Jere NorSMB 35:9  og byggjer oss ikkje hus til å bu i og hev oss ikkje vinhagar eller åkrar eller utsæde,
Jere NorSMB 35:10  men me hev butt i tjeldbuder, so me hev lydt og gjort alt det som vår ættfar, Jonadab, baud oss um.
Jere NorSMB 35:11  Men då Nebukadressar, Babel-kongen, kom farande upp i landet, då sagde me: «Kom, lat oss fara til Jerusalem undan kaldæarheren og undan syrarheren!» So sette me då bu i Jerusalem.»
Jere NorSMB 35:13  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gakk og seg til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: Vil de ikkje taka age so de lyder mine ord? segjer Herren.
Jere NorSMB 35:14  Ordi hans Jonadab Rekabsson er haldne, han baud sønerne sine at dei ikkje skulde drikka vin, og dei hev ikkje drukke vin alt til denne dag, men lydt påbodet frå ættfar sin. Og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de hev ikkje lydt meg.
Jere NorSMB 35:15  Og jamt og samt hev eg sendt til dykk alle mine tenarar, profetarne, og sagt: «Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat verki dykkar betrast, og ferdast ikkje etter andre gudar til å tena deim! då skal de få bu i dette landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar.» Men de lagde ikkje øyra til og lydde ikkje på meg.
Jere NorSMB 35:16  Ja, Jonadab Rekabssons born hev halde det bodet som ættfaren deira gav deim, men dette folket hev ikkje lydt meg.
Jere NorSMB 35:17  Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma yver Juda og yver alle som bur i Jerusalem, all den ulukka som eg hev truga dei med, av di at dei ikkje høyrde når eg tala til deim, og ikkje svara når eg kalla på deim.
Jere NorSMB 35:18  Men til Rekabs-ætti sagde Jeremia: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Av di at de hev lydt påbodet frå Jonadab, ættfaren dykkar, og halde alle bodi hans og gjort stødt som han baud dykk,
Jere NorSMB 35:19  difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Jonadab Rekabssons skal aldri vanta ein mann som kann standa framfor mi åsyn.
Chapter 36
Jere NorSMB 36:1  So hende det i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason at dette ordet til Jeremia frå Herren:
Jere NorSMB 36:2  Tak deg ein bokrull og skriv på honom alle dei ordi eg hev tala til deg um Israel og um Juda og um alle heidningefolki frå den dagen eg tala til deg, frå den tidi Josia rådde, og alt til denne dag!
Jere NorSMB 36:3  Kann henda Judas hus vil lyda på all den ulukka som eg tenkjer å gjera deim, so dei kann venda um, kvar og ein frå sin vonde veg, og eg kann få tilgjeva deim deira misgjerning og synd.
Jere NorSMB 36:4  Då kalla Jeremia til seg Baruk Neriason, og Baruk skreiv i bokrullen etter Jeremias munn alle Herrens ord som han hadde tala til honom.
Jere NorSMB 36:5  Og Jeremia bad Baruk og sagde: «Eg sjølv er meinka, eg kann ikkje koma i Herrens hus.
Jere NorSMB 36:6  Men gakk du dit og les or rullen som du hev skrive etter min munn, Herrens ord for folket i Herrens hus på ein fastedag! Du skal lesa deim for alt Juda, deim som er komne frå byarne sine.
Jere NorSMB 36:7  Må henda dei kunde leggja si bøn fram for Herrens åsyn og venda seg, kvar og ein frå sin vonde veg. For stor er den vreiden og harmen som Herren hev truga dette folket med.»
Jere NorSMB 36:8  Og Baruk Neriason gjorde plent so som profeten Jeremia hadde bede honom, og las or boki Herrens ord i Herrens hus.
Jere NorSMB 36:9  So hende det i det femte styringsåret åt Jojakim Josiason, kongen i Juda, i den niande månaden, at dei lyste på at alt folket i Jerusalem og alt det folk som var kome frå Juda-byarne til Jerusalem, skulde fasta framfor Herrens åsyn.
Jere NorSMB 36:10  Då las Baruk upp or boki Jeremias ord i Herrens hus, i koven åt Gemarja, son åt riksskrivaren Safan, i øvre fyregarden, attmed inngangen til den nye porten på Herrens hus, so alt folket høyrde på.
Jere NorSMB 36:11  Men då Mikaja, son åt Gemarja Safansson, høyrde alle Herrens ord or boki,
Jere NorSMB 36:12  gjekk han ned i kongsgarden, inn i riksskrivarkoven, og sjå, der sat alle hovdingarne: riksskrivaren Elisama og Delaja Sjemajason og Elnatan Akborsson og Gemarja Safansson og Sidkia Hananjason og alle hine hovdingarne.
Jere NorSMB 36:13  Og Mikaja kunngjorde for deim alle dei ordi han hadde høyrt, då Baruk las upp or boki medan folket høyrde på.
Jere NorSMB 36:14  Då sende alle hovdingarne Jehudi, son åt Netanja, son åt Selemja Kusison, til Baruk med denne ordsegni: «Tak med deg den rullen som du las upp for folket, og kom hit!» Og Baruk Neriason tok rullen med seg og kom til deim.
Jere NorSMB 36:15  Då sagde dei med honom: «Set deg og les honom for oss!» Og Baruk las for deim.
Jere NorSMB 36:16  Men då dei hadde høyrt alle ordi, såg dei forfærde på kvarandre og sagde til Baruk: «Me lyt melda dette til kongen.»
Jere NorSMB 36:17  So spurde dei Baruk og sagde: «Seg oss korleis du skreiv alle desse ordi etter hans munn!»
Jere NorSMB 36:18  Og Baruk svara deim: «Med sin munn sagde han meg alle desse ordi fyre, og eg skreiv det i boki med blekk.»
Jere NorSMB 36:19  Då sagde hovdingarne til Baruk: «Gakk og gøym deg og Jeremia med deg, so ingen veit kvar de er!»
Jere NorSMB 36:20  Sidan gjekk dei til kongen i fyregarden - men rullen let dei etter seg i koven åt riksskrivaren Elisama - og melde alt dette for kongen.
Jere NorSMB 36:21  Då sende kongen Jehudi av stad etter rullen, og han tok honom ut or koven åt riksskrivaren Elisama. Sidan las Jehudi honom upp for kongen og for hovdingarne som stod hjå kongen.
Jere NorSMB 36:22  Men kongen sat i vinterhalli - det var i den niande månaden - og det brann eld i ei glodpanna framfyre honom.
Jere NorSMB 36:23  Og kvar gong Jehudi hadde lese tri eller fire teigar, skar kongen av rullen med ein pennekniv og kasta stykket på elden i glodpanna, til heile rullen var uppbrend i elden i glodpanna.
Jere NorSMB 36:24  Og dei ræddast ikkje og reiv ikkje sund klædi sine, korkje kongen eller nokon av tenarane hans som høyrde alle desse ordi.
Jere NorSMB 36:25  Og endå Elnatan og Delaja og Gemarja naudbad kongen, at han ikkje måtte brenna upp rullen, høyrde han ikkje på deim.
Jere NorSMB 36:26  Og kongen bad Jerahme’el, kongssonen, og Seraja Azrielsson og Selemja Abde’elsson å taka skrivaren Baruk og profeten Jeremia, men Herren løynde deim.
Jere NorSMB 36:27  Då kom Herrens ord til Jeremia, etter kongen hadde brent upp rullen med dei ordi som Baruk hadde skrive etter Jeremias munn; han sagde:
Jere NorSMB 36:28  Tak deg atter ein annan rull og skriv på honom alle dei fyrre ordi som stod på den fyrre rullen, den som Jojakim, Juda-kongen, brende upp!
Jere NorSMB 36:29  Men um Jojakim, Juda-kongen, skal du segja: «So segjer Herren: Du brende denne rullen og sagde: «Kvi skreiv du på honom dette: Babel-kongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut or det folk og fe?»
Jere NorSMB 36:30  Difor, so segjer Herren um Jojakim, Juda-kongen: Han skal ingen hava som kann sitja på Davids kongsstol, og liket hans skal liggja utkasta i hiten um dagen og i kulden um natti.
Jere NorSMB 36:31  Og eg vil heimsøkja honom og avkjømet hans og tenarane hans for deira misgjerning, og eg vil lata koma yver deim og yver Jerusalems-buarne og Juda-mennerne alle dei ulukkor som eg hev truga dei med utan at dei høyrde.»
Jere NorSMB 36:32  Då tok Jeremia ein annan rull og gav honom til skrivaren Baruk Neriason, og han skreiv på honom etter Jeremias munn alle dei ordi som hadde stade i den boki som Jojakim, Juda-kongen, hadde brent upp i eld. Og til deim var det endå lagt mykje av same slaget.
Chapter 37
Jere NorSMB 37:1  Og Sidkia Josiason vart konge etter Konja Jojakimsson, som Nebukadressar, Babel-kongen, hadde gjort til konge i Judalandet.
Jere NorSMB 37:2  Men korkje han eller tenarane hans eller landslyden høyrde på Herrens ord, som han tala ved profeten Jeremia.
Jere NorSMB 37:3  Og kong Sidkia sende Jehukal Selemjason og presten Sefanja Ma’asejason til profeten Jeremia med denne ordsendingi: «Bed for oss til Herren, vår Gud!»
Jere NorSMB 37:4  Jeremia gjekk den-tid ut og inn millom folket, for dei hadde endå ikkje sett honom i fangehuset.
Jere NorSMB 37:5  Og Faraos her var då faren ut frå Egyptarland. Og då kaldæarane, som kringsette Jerusalem, frette det, for dei burt frå Jerusalem.
Jere NorSMB 37:6  Då kom Herrens ord til profeten Jeremia; han sagde:
Jere NorSMB 37:7  So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Faraos her, som er faren ut til å hjelpa dykk, vil snu um att til landet sitt, til Egyptarland.
Jere NorSMB 37:8  Og kaldæarane skal og koma att og strida mot denne byen. Og dei skal taka honom og brenna honom upp i eld.
Jere NorSMB 37:9  So segjer Herren: Dåra ikkje dykk sjølve med sofalne ord: «Kaldæarane fer no burt frå oss for ollo!» for dei fer ikkje burt.
Jere NorSMB 37:10  For um de so slo i hel heile kaldæarheren som strider imot dykk, so det berre var att hjå dei nokre særde menner, då skulde dei risa upp i kvar si tjeldbud og brenna upp denne byen i eld.
Jere NorSMB 37:11  So hende det då kaldæarheren for burt frå Jerusalem for Faraos her,
Jere NorSMB 37:12  at Jeremia gjekk ut or Jerusalem og vilde til Benjaminslandet. Der skulde han taka imot ein arvlut midt ibland folket.
Jere NorSMB 37:13  Men då han kom til Benjaminsporten, so var der ein vaktmann, og han heitte Jeria, son åt Selemja Hananjason. Han treiv i profeten Jeremia og sagde: «Du vil laupa burt til kaldæarane.»
Jere NorSMB 37:14  Men Jeremia sagde: «Det er lygn, eg vil ikkje laupa burt til kaldæarane!» Men han høyrde ikkje på honom, og Jeria treiv i Jeremia og for med honom til hovdingarne.
Jere NorSMB 37:15  Og hovdingarne harmast på Jeremia og slo honom. So sette dei honom i fengsel i huset åt riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort til fangehus.
Jere NorSMB 37:16  Då Jeremia var komen i fangeholet, i kjellaren, og hadde sete der ei lang tid,
Jere NorSMB 37:17  sende kong Sidkia bod og let henta honom, og kongen spurde honom i huset sitt i løynd og sagde: «Er det kome noko ord frå Herren?» Jeremia svara: «Ja,» og so sagde han: «Du skal verta gjeven i henderne på Babel-kongen.»
Jere NorSMB 37:18  Dinæst sagde Jeremia med kong Sidkia: «Kva hev eg synda mot deg og mot tenarane dine og mot dette folket, sidan de hev sett meg i fangehuset?
Jere NorSMB 37:19  Og kvar er no profetarne dykkar, som spådde åt dykk og sagde: «Babel-kongen skal ikkje koma yver dykk og yver dette landet?»
Jere NorSMB 37:20  Og høyr no, herre konge! Å, lat mi bøn koma fram for di åsyn og send meg ikkje attende til huset åt riksskrivaren Jonatan, so eg ikkje skal døy der!»
Jere NorSMB 37:21  Sidkia gav då påbod, og so sette dei Jeremia i varveitsla i vaktgarden og gav honom ein brødleiv um dagen frå Bakargata, til alt brødet var ende i byen. Jeremia vart då verande i vaktgarden.
Chapter 38
Jere NorSMB 38:1  Men Sefatja Mattansson og Gedalja Pashursson og Jukal Selemjason og Pashur Malkiason høyrde dei ordi som Jeremia tala til alt folket då han sagde:
Jere NorSMB 38:2  «So segjer Herren: Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut til kaldæarane, skal liva, han skal njota sitt liv til herfang og liva.
Jere NorSMB 38:3  So segjer Herren: Denne byen skal visseleg verta gjeven i henderne på heren åt Babel-kongen, og han skal taka honom.»
Jere NorSMB 38:4  Då sagde hovdingarne med kongen: «Lat deim drepa denne mannen, etter di han gjer folket modlaust, både hermennerne som er att i denne byen og alt det andre folket, med di han talar slike ord til deim. For denne mannen søker ikkje å gagna dette folket, men å skade det.»
Jere NorSMB 38:5  Då sagde Sidkia: «Sjå, han er i dykkar hender, for kongen magtast ikkje noko imot dykk.»
Jere NorSMB 38:6  Då tok dei Jeremia og kasta honom i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden; dei fira Jeremia ned med tog. Men i brunnen var det ikkje vatn, berre dy, og Jeremia sokk ned i dyet.
Jere NorSMB 38:7  Men ætiopen Ebed-Melek, ein hirdmann som var i kongsgarden, frette at dei hadde kasta Jeremia i brunnen - kongen sat då i Benjaminsporten.
Jere NorSMB 38:8  So gjekk Ebed-Melek ut or kongsgarden og tala til kongen og sagde:
Jere NorSMB 38:9  «Herre konge! Illverk hev desse menner fremja med alt det dei hev gjort mot profeten Jeremia som dei hev kasta i brunnen, og der lyt han døy av svolt, for det finst ikkje meir brød i byen.»
Jere NorSMB 38:10  Då bad kongen ætiopen Ebed-Melek og sagde: «Tak med deg herifrå tretti mann og drag profeten Jeremia upp or brunnen, fyrr han døyr.»
Jere NorSMB 38:11  Og Ebed-Melek tok mennerne med seg og gjekk inn i kongsgarden, i romet under skattkammeret, og tok der fillor av sundrivne og utslitne klæde og fira deim med tog ned i brunnen til Jeremia.
Jere NorSMB 38:12  Sidan sagde ætiopen Ebed-Melek med Jeremia: «Legg fillorne av dei sundrivne og utslitne klædi under armarne dine, under togi!» Og Jeremia gjorde so.
Jere NorSMB 38:13  Dei drog då Jeremia upp med togi og fekk honom upp or brunnen. Og no sat Jeremia i vaktgarden.
Jere NorSMB 38:14  Sidan sende kong Sidkia bod og let henta profeten Jeremia til seg i den tridje inngangen til Herrens hus. Og kongen sagde med Jeremia: «Eg vil spyrja deg um noko; løyn ikkje noko for meg!»
Jere NorSMB 38:15  Jeremia sagde med Sidkia: «Um eg segjer deg det, vil du då ikkje drepa meg? Og um eg gjev deg ei råd, so lyder du ikkje på meg.»
Jere NorSMB 38:16  Då gjorde kong Sedekias eiden sin til Jeremia i dulsmål og sagde: «So sant som Herren liver, han som hev skapt oss i dette vårt liv, vil eg ikkje drepa deg og ikkje gjeva deg i henderne på desse menner som ligg deg etter livet.»
Jere NorSMB 38:17  Då sagde Jeremia med Sidkia: «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gjeng du ut til Babel-kongens hovdingar, skal du få liva, og denne byen skal ikkje verta uppbrend i eld, men du skal få liva, du og ditt hus.
Jere NorSMB 38:18  Men gjeng du ikkje ut til Babel-kongens hovdingar, so skal denne byen verta gjeven i henderne på kaldæarane, og dei skal brenna honom upp i eld, og du sjølv skal ikkje koma deg undan deira hender.»
Jere NorSMB 38:19  Då sagde kong Sidkia med Jeremia: «Eg ottast dei jødarne som hev gjeve seg yver til kaldæarane, at eg kunde verta gjeven i deira hender, og dei skulde fara stygt åt med meg.»
Jere NorSMB 38:20  Men Jeremia sagde: «Dei skal ikkje gjera det. Høyr du på Herrens røyst i det eg talar til deg, då skal det ganga deg vel, og du skal få liva!
Jere NorSMB 38:21  Men dreg du deg undan og ikkje gjeng ut, då er dette det ordet Herren hev synt meg:
Jere NorSMB 38:22  Sjå, alle dei kvende som er att i Juda-kongens hus, skal verta førde ut til Babel-kongens hovdingar, og sjå, dei skal segja til deg: «Dine eigne vener hev lokka deg og vunne på deg; då føterne dine sokk ned i dya, drog dei seg undan.»
Jere NorSMB 38:23  Og alle konorne dine og borni dine skal dei leida ut til kaldæarane, og du sjølv skal ikkje sleppa undan deira hender, men Babel-kongen skal taka deg med si hand, og for di skuld skal denne byen verta uppbrend i eld.»
Jere NorSMB 38:24  Då sagde Sidkia til Jeremia: «Lat ingen få vita av denne samrøda, elles vert det din bane!
Jere NorSMB 38:25  Men når hovdingarne fær høyra at eg hev tala med deg, og dei so kjem til deg og segjer med deg: «Seg oss kva du hev tala med kongen! Løyn det ikkje for oss, elles drep me deg! Kva hev kongen tala til deg?»
Jere NorSMB 38:26  då skal du segja med deim: «Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongens åsyn, at han ikkje måtte lata meg fara tilbake til Jonatans hus og døy der.»»
Jere NorSMB 38:27  Og alle hovdingarne kom til Jeremia og spurde honom, han svara deim med kvart det ord som kongen hadde bede honom um. Då let dei honom vera i fred, for saki hadde ikkje vorte kjend.
Jere NorSMB 38:28  Og Jeremia sat i vaktgarden alt til den dagen då Jerusalem vart teke.
Chapter 39
Jere NorSMB 39:1  Men dette hende då Jerusalem var teke: I det niande styringsåret åt Juda-kongen Sidkia, i den tiande månaden, kom Nebukadnessar, Babel-kongen, og all hans her til Jerusalem og kringsette det.
Jere NorSMB 39:2  I det ellevte styringsåret åt Sidkia, i den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, braut dei inn i byen.
Jere NorSMB 39:3  Og alle hovdingarne åt Babel-kongen kom og sette seg i Midporten: Nergal-Sareser, Samgar-Nebu, Sarsekim, den øvste hirdmannen, Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle dei hine hovdingarne åt Babel-kongen.
Jere NorSMB 39:4  Men då Sidkia, Juda-kongen, og alle hermennerne såg deim, flydde dei og for um natti ut or byen på vegen til kongshagen gjenom porten millom båe murarne, og heldt leidi til øydemarki.
Jere NorSMB 39:5  Men kaldæarheren sette etter deim og nådde Sidkia på Jerikomoarne. Og dei tok honom og førde honom upp til Nebukadnessar, Babel-kongen, i Ribla i Hamat-bygdi, og han sagde domen yver honom.
Jere NorSMB 39:6  Og Babel-kongen let sønerne åt Sidkia drepa i Ribla framfor augo på honom. Sameleis let Babel-kongen alle stormennerne i Juda drepa.
Jere NorSMB 39:7  Men Sidkia let han blinda og binda med tvo koparlekkjor og føra honom til Babel.
Jere NorSMB 39:8  Og kaldæarane brende upp i eld både kongsgarden og folkehuset, og murarne kring Jerusalem reiv dei ned.
Jere NorSMB 39:9  Og Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, førde burt til Babel den leivningen av folket som var etter i byen, og rømingarne som hadde gjeve seg med honom, og den leivningen av folket som dessforutan var att.
Jere NorSMB 39:10  Men av ålmugefolk som inkje åtte, let Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, nokre etter i Judalandet, og gav deim samstundes vinhagar og åkrar.
Jere NorSMB 39:11  Og Nebukadressar, Babel-kongen, gav Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, påbod um Jeremia og sagde:
Jere NorSMB 39:12  Tak honom og sjå til med honom og gjer honom ikkje noko ilt, men gjer med honom so som han segjer med deg!
Jere NorSMB 39:13  Då sende Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, og Nebusazban, den øvste hirdmannen, og Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle hine Babel-kongens hovdingar
Jere NorSMB 39:14  - dei sende bod og let henta Jeremia frå vaktgarden og gav honom til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, at han skulde taka honom med seg heim; soleis vart han då verande hjå folket.
Jere NorSMB 39:15  Men til Jeremia hadde Herrens ord kome medan han sat innestengd i vaktgarden; han hadde sagt:
Jere NorSMB 39:16  Gakk og seg til ætiopen Ebed-Melek: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma det eg hev tala mot denne byen, til ulukka og ikkje til lukka, og det skal henda framfor augo dine den dagen.
Jere NorSMB 39:17  Men deg vil eg berga den dagen, segjer Herren, og du skal ikkje verta gjeven i henderne på dei menner som du ræddast.
Jere NorSMB 39:18  For eg vil lata deg sleppa undan, og du skal ikkje falla for sverd, men vinna ditt liv til herfang, av di du leit på meg, segjer Herren.
Chapter 40
Jere NorSMB 40:1  Det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde slept honom laus frå Rama, med di han henta honom, då han var bunden med lekkjor i lag med alle hine burtførde frå Jerusalem og Juda som vart burtførde til Babel.
Jere NorSMB 40:2  Hovdingen for livvakti henta då Jeremia. Og han sagde med honom: «Herren, din Gud, hev truga denne staden med denne ulukka.
Jere NorSMB 40:3  Og Herren let det koma, og gjorde so som han hadde truga. For de synda mot Herren og lydde ikkje hans røyst, og so råka dette dykk.
Jere NorSMB 40:4  Og sjå, no hev eg løyst lekkjorne av henderne dine i dag. Um du er huga på å koma med meg til Babel, so kom, og eg skal sjå til med deg; men um du er uhuga på å koma med meg til Babel, so lat vera. Sjå, alt landet ligg ope for deg; kvar du synest godt og rett å ganga, dit kann du ganga.»
Jere NorSMB 40:5  Men då han drygde med heimferdi, sagde han: «Du må gjerne fara til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, som Babel-kongen hev sett yver Juda-byarne, og ver med honom millom folket, eller gakk kvar du synest det er rett å ganga!» Og hovdingen for livvakti gav honom nistemat og gåvor og let honom fara.
Jere NorSMB 40:6  Og Jeremia for til Gedalja Ahikamsson i Mispa og var med honom millom det folket som var etter i landet.
Jere NorSMB 40:7  Då so alle herhovdingarne som var ute i bygderne, dei og mennerne deira, frette at Babel-kongen hadde sett Gedalja Ahikamsson yver landet, og at han hadde bede honom sjå til med menner og kvende og born og deim av ålmugen i landet som ikkje var burtførde til Babel,
Jere NorSMB 40:8  so for dei til Gedalja i Mispa, både Ismael Netanjason og Johanan og Jonatan Kareahs-søner og Seraja Tanhumetsson og sønerne åt Efai frå Netofa og Jezanja, ma’akatitsonen, og mennerne deira.
Jere NorSMB 40:9  Og Gedalja, son åt Ahikam Safansson, gjorde deim og mennerne deira eiden sin og sagde: «Det tarv ikkje ottast lydskyldnaden under kaldæarane. Ver i landet og ten Babel-kongen! so skal det ganga dykk vel!
Jere NorSMB 40:10  Og eg, sjå, eg buar i Mispa, so eg kann taka imot dei kaldæarar som kjem til oss. Men de lyt samla vin og frukt og olje og leggja det i kjeraldi dykkar og vera i byarne dykkar, som de hev teke til eiga.»
Jere NorSMB 40:11  Og alle jødarne som var i Moab og hjå Ammons-sønerne og i Edom og i alle andre land, dei frette og at Babel-kongen hadde late nokre av jødarne vera att, og at han hadde sett yver deim Gedalja, son åt Ahikam Safansson.
Jere NorSMB 40:12  Alle dei jødarne vende då heim att frå alle staderne som dei var drivne burt til, og kom til Judalandet, til Gedalja i Mispa, og dei samla vin og frukt i store mengder.
Jere NorSMB 40:13  Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var ute i bygderne, for til Gedalja i Mispa
Jere NorSMB 40:14  og sagde med han: «Veit du at Ba’alis, kongen yver Ammons-sønerne, hev sendt Ismael Netanjason til å slå deg i hel?» Men Gedalja Ahikamsson trudde deim ikkje.
Jere NorSMB 40:15  Og Johanan Kareahsson sagde i løynd med Gedalja i Mispa: «Lat meg ganga og drepa Ismael Netanjason! og ingen skal få vita det. Kvi skal han slå deg i hel, og alt Juda spreidast, dei som hev samla seg til deg, og leivningen av Juda tyntast?»
Jere NorSMB 40:16  Men Gedalja Ahikamsson sagde med Johanan Kareahsson: «Gjer ikkje det! For det er lygn det du melder um Ismael.»
Chapter 41
Jere NorSMB 41:1  So hende det i den sjuande månaden, at Ismael, son åt Netanja Elisamason, av kongsætti, ein av kongens stormenner, og ti mann med honom, kom til Gedalja Ahikamsson i Mispa, og dei fekk seg mat saman der i Mispa.
Jere NorSMB 41:2  Då stod Ismael Netanjason upp, og dei ti mann som var med honom, og dei slo Gedalja, son åt Ahikam Safansson, i hel med sverd, og drap honom som Babel-kongen hadde sett yver landet.
Jere NorSMB 41:3  Ismael slo og i hel alle dei jødarne som var med Gedalja i Mispa, og dei kaldæarane, stridsmennerne som var der.
Jere NorSMB 41:4  Men andre dagen etter han hadde drepe Gedalja, fyrr nokon visste det,
Jere NorSMB 41:5  kom det menner frå Sikem, frå Silo og Samaria, åtteti i alt, med avraka skjegg og sundrivne klæde og med merke rispa i holdet, og dei hadde med seg grjonoffer og røykjelse til å bera fram i Herrens hus.
Jere NorSMB 41:6  Og Ismael Netanjason gjekk ut imot deim frå Mispa, gråtande alt med han gjekk. Og då han møtte deim, sagde han med deim: «Kom til Gedalja Ahikamsson!»
Jere NorSMB 41:7  Men då dei var komne midt inn i byen, tok Ismael Netanjason og dei mennerne som var med honom og drap deim og kasta deim i brunnen.
Jere NorSMB 41:8  Men millom deim var det ti menner som sagde med Ismael: «Drep oss ikkje! for me hev forråd gøymde ute på marki: kveite og bygg og olje og honning.» Då let han deim vera og drap deim ikkje med brørne deira.
Jere NorSMB 41:9  Og brunnen som Ismael kasta liki i av alle dei menner som han hadde drepe umfram Gedalja, var den som kong Asa hadde gjort til vern mot Baesa, Israels-kongen; den fyllte Ismael Netanjason med drepne menner.
Jere NorSMB 41:10  Og Ismael førde burt all leivningen av folket i Mispa: Kongsdøtterne og alt folket som var att i Mispa, som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde sett Gedalja Ahikamsson yver - deim førde Ismael Netanjason burt fangar og gjekk av stad og vilde fara yver til Ammons-sønerne.
Jere NorSMB 41:11  Men då Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, frette alle dei illverki som Ismael Netanjason hadde gjort,
Jere NorSMB 41:12  tok dei alle mennerne og gjekk av stad og vilde strida mot Ismael Netanjason. Og dei fann honom attmed det store vatnet som er i Gibeon.
Jere NorSMB 41:13  Men då alt folket som var med Ismael, såg Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, gleddest dei.
Jere NorSMB 41:14  Dei snudde då, alt folket som Ismael hadde ført fangar frå Mispa, og gjekk tilbake til Johanan Kareahsson.
Jere NorSMB 41:15  Men Ismael Netanjason slapp undan frå Johanan med åtte mann og for til Ammons-sønerne.
Jere NorSMB 41:16  Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, tok med seg alle som var att av folket, deim or Mispa som han hadde vunne att frå Ismael Netanjason, etter han hadde drepe Gedalja Ahikamsson: stridsmenner og kvende og born og hirdmenner, som han hadde ført tilbake frå Gibeon.
Jere NorSMB 41:17  Dei for då av stad, men stana i Kimham-herbyrget, som er attmed Betlehem, og vilde halda fram med ferdi til Egyptarland
Jere NorSMB 41:18  - for kaldæarane skuld, for dei ottast deim av di Ismael Netanjason hadde drepe Gedalja Ahikamsson, som Babel-kongen hadde sett yver landet.
Chapter 42
Jere NorSMB 42:1  Då kom alle herhovdingarne fram, likeins Johanan Kareahsson og Jesanja Hosajason, og alt folket, både små og store,
Jere NorSMB 42:2  og sagde til profeten Jeremia: «Unn oss å leggja bøni vår fram for di åsyn, at du må beda for oss til Herren, din Gud, for all denne leivningen - for berre nokre få er me att av mange, so som du sjølv ser på oss -
Jere NorSMB 42:3  at Herren, din Gud, vil kunngjera for oss kva veg me skal ganga, og kva me skal gjera.»
Jere NorSMB 42:4  Profeten Jeremia sagde til deim: «Godt og vel! Sjå, eg vil beda til Herren, dykkar Gud, so som de segjer, og alt det Herren svarar dykk, det skal eg segja dykk. Eg vil ikkje halda noko løynt for dykk.»
Jere NorSMB 42:5  Då sagde dei med Jeremia: «Herren vere eit sant og trufast vitne mot oss, um me ikkje gjer etter kvart det ordet som Herren, din Gud, sender deg med til oss.
Jere NorSMB 42:6  Anten det er godt eller vondt, so vil me lyda røysti åt Herren, vår Gud, som me sender deg til, so det må ganga oss vel når me lyder røysti åt Herren, vår Gud.»
Jere NorSMB 42:7  So hende det ti dagar etterpå, at Herrens ord kom til Jeremia.
Jere NorSMB 42:8  Og han kalla på Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom og alt folket, både små og store,
Jere NorSMB 42:9  og sagde med deim: So segjer Herren, Israels Gud, som de sende meg til, so eg skulde leggja bøni dykkar fram for hans åsyn:
Jere NorSMB 42:10  Um de vert buande i dette landet, so vil eg byggja dykk upp og ikkje riva ned, og planta dykk og ikkje rykkja upp. For eg angrar det vonde som eg hev gjort dykk.
Jere NorSMB 42:11  Ottast ikkje Babel-kongen, som de no ottast, ottast ikkje honom! segjer Herren; for eg er med dykk og til å frelsa dykk ut av hans hand.
Jere NorSMB 42:12  Og eg vil lata dykk få miskunn, so han miskunnar dykk og snu heim att til landet dykkar.
Jere NorSMB 42:13  Men um de segjer: «Me vil ikkje vera i dette landet,» lyder de ikkje røysti åt Herren, dykkar Gud,
Jere NorSMB 42:14  men segjer: «Nei, men me vil fara til Egyptarlandet, der me slepp å sjå herstrid og høyra omen av stridslur og hungra etter brød, og der vil me bu» -
Jere NorSMB 42:15  so høyr no difor Herrens ord, du Juda-leivning! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Um de til røyndar held stemneleidi til Egyptarland, og fer dit og vil bu der,
Jere NorSMB 42:16  då skal sverdet som de ottast nå dykk der i Egyptarlandet, og svolten som de no ræddast, skal elta dykk til Egyptarland, og der skal de døy.
Jere NorSMB 42:17  Og alle dei menner som held stemneleidi til Egyptarland og vil bu der, dei skal døy for sverd, av svolt og i sott, og ingen av deim skal sleppa frå eller komast undan den ulukka som eg let ganga yver deim.
Jere NorSMB 42:18  For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Likeins som min vreide og harm var utrend yver Jerusalems, so skal min harm og verta utrend yver dykk når de fer til Egyptarland, so de vert til ein eid og til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding, og de skal aldri meir sjå denne staden.
Jere NorSMB 42:19  Herren hev tala til dykk, du Juda-leivning: Far ikkje til Egyptarland! Vita skal de at eg hev vara dykk i dag.
Jere NorSMB 42:20  For de dårar dykk - og her stend det um livet - for de sende meg til Herren, dykkar Gud, og sagde: «Bed for oss til Herren, vår Gud, og kunngjer oss alt det som Herren, vår Gud, segjer oss, so vil me gjera det.»
Jere NorSMB 42:21  Og eg hev kunngjort dykk det i dag, men de hev ikkje lydt på røysti åt Herren, dykkar Gud, i noko av det som han hev sendt meg med til dykk.
Jere NorSMB 42:22  Og vita skal de no, at de lyt døy for sverd, av svolt og i sott på den staden som de stundar etter å koma til so de kunde bu der.
Chapter 43
Jere NorSMB 43:1  Men då Jeremia hadde tala til folket alle Herrens, deira Guds, ord, som Herren, deira Gud, hadde sendt honom med til deim - alle desse ordi,
Jere NorSMB 43:2  då sagde Azarja Hosajason og Johanan Kareahsson og alle dei ovmodige mennerne - dei sagde med Jeremia: «Det er lygn det du segjer; Herren, vår Gud, hev ikkje sendt deg og sagt: «De skal ikkje fara til Egyptarland og bu der.»
Jere NorSMB 43:3  Men Baruk Neriason eggjar deg upp imot oss, so me skal verta gjevne i henderne på kaldæarane, og dei skal drepa oss eller føra oss burt til Babel.»
Jere NorSMB 43:4  Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne og alt folket vilde ikkje høyra på Herrens røyst og vera i Judalandet.
Jere NorSMB 43:5  Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne tok alle som var leivde etter av Juda, som var komne tilbake frå alle folki som dei hadde vore burtdrivne til, og vilde bu i Judalandet,
Jere NorSMB 43:6  mennerne og kvinnorne og småborni og kongsdøtterne og kvart eit liv som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde late vera att hjå Gedalja, son åt Ahikam Safansson, so og profeten Jeremia og Baruk Neriason,
Jere NorSMB 43:7  og for til Egyptarland, for dei høyrde ikkje på Herrens røyst. Og dei for til Tahpanhes.
Jere NorSMB 43:8  Og Herrens ord kom til Jeremia i Tahpanhes; han sagde:
Jere NorSMB 43:9  Tak deg nokre store steinar i handi og gøym deim i leiret i tiglsteinsleggjingi som er i inngangen til Faraos hus i Tahpanhes, framfor augo på menner frå Juda.
Jere NorSMB 43:10  Og du skal segja med deim: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender og hentar tenaren min Nebukadressar, Babel-kongen, og set kongsstolen hans uppå desse steinarne som eg hev gøymt, og han skal breida sitt glimande tæpe utyver deim.
Jere NorSMB 43:11  Og han skal koma og slå Egyptarlandet; den som er etla åt dauden, lyt døy, den som er etla til fange, vert fange, og den som er etla åt sverdet, vert sverdslegen.
Jere NorSMB 43:12  Og eg vil kveikja eld på gudehusi i Egyptarland, og han skal brenna deim upp og føra gudarne burt. Og han skal sveipa Egyptarlandet um seg, likeins som hyrdingen sveiper kappa si um seg. Og sidan skal han fara derifrå i fred.
Jere NorSMB 43:13  Og han skal brjota sund sulorne i Bet-Semes, som er i Egyptarlandet, og gudehusi i Egyptarland skal han brenna upp med eld.
Chapter 44
Jere NorSMB 44:1  Det ordet som kom til Jeremia åt alle dei jødarne som budde i Egyptarlandet, dei som budde i Migdol og i Tahpanhes og i Nof og i Patroslandet; han sagde:
Jere NorSMB 44:2  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: De hev set all den ulukka som eg hev late koma yver Jerusalem og yver alle Juda-byarne - og sjå, no er dei øydestader, og ingen bur i deim -
Jere NorSMB 44:3  for vondskapen deira so dei for med til å harma meg med, med di dei gjekk og brende røykjelse og tente andre gudar som dei ikkje kjende, korkje dei eller de eller federne dykkar.
Jere NorSMB 44:4  Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetarne, både jamt og samt, og sagde: Gjer då ikkje desse skræmelege ting som eg hatar!
Jere NorSMB 44:5  Men dei høyrde ikkje og lagde ikkje øyra til, so dei snudde frå sin vondskap og heldt upp med å brenna røykjelse åt andre gudar.
Jere NorSMB 44:6  Då vart min harm og min vreide utrend, og han brann i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, so dei vart til ei audn, til ei øyda, so som dei er enn i dag.
Jere NorSMB 44:7  Og no, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Kvi gjer de so stort eit tjon på dykk sjølve, so mann og kvinna, barn og brjostbarn vert utrudde for dykk midt ut or Juda, so de ikkje vert att ein leivning av dykk -
Jere NorSMB 44:8  og harmar meg med dei verk dykkar hender gjer, med di de brenner røykjelse åt andre gudar i Egyptarlandet som de er komne til og vil bu i - so dei skal verta utrudde for dykk, og de verta til ei våbøn og ei hæding hjå alle folk på jordi?
Jere NorSMB 44:9  Hev de gløymt det vonde som federne dykkar gjorde, og det vonde Juda-kongarne gjorde, og det vonde kvendi deira gjorde, og det vonde de sjølve gjorde, og det vonde kvendi dykkar gjorde i Judalandet og på Jerusalems-gatorne?
Jere NorSMB 44:10  Endå hev dei ikkje audmykt seg, og ikkje hev dei ottast og ikkje hev dei ferdast etter mi lov og etter mine bodord, som eg lagde fram for dykk og for federne dykkar.
Jere NorSMB 44:11  Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg snur andlitet mitt mot dykk til ulukka og eg vil rydja ut alt Juda.
Jere NorSMB 44:12  Og eg vil taka deim som er leivde etter Juda, deim som heldt stemneleidi til Egyptarlandet og for dit og vilde bu der. Og dei skal alle setja til, i Egyptarlandet skal dei falla; for sverd, av svolt skal dei setja til, både små og store; for sverd og av svolt skal dei døy. Og dei skal verta til ein eid, til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding.
Jere NorSMB 44:13  Og eg vil heimsøkja deim som bur i Egyptarlandet, likeins som eg heimsøkte Jerusalem, med sverd, med svolt og med sott.
Jere NorSMB 44:14  Og av Juda-leivningen, av deim som er komne og vil bu der i Egyptarlandet, skal ingen sleppa undan og verta att so han kann snu heim att til Judalandet som dei stundar å koma attende til, so dei kann bu der. For ingen skal koma dit att so nær som nokre få undanslopne.
Jere NorSMB 44:15  Då svara dei Jeremia, alle dei menner som visste at konorne deira brende røykjelse åt andre gudar, og alle kvinnorne som stod der i ein stor hop, og alt folket som budde i Egyptarlandet, i Patros, og sagde:
Jere NorSMB 44:16  «Me vil ikkje lyda på deg i det som du hev tala til oss i Herrens namn,
Jere NorSMB 44:17  men me vil gjera etter alt det som me hev lova med vår munn; å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, so som me fyrr hev gjort, me og federne våre og kongarne våre og hovdingarne våre, i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne. Då hadde me nøgdi av brød, og det gjekk oss vel, og me såg ingi ulukka kom yver oss.
Jere NorSMB 44:18  Men sidan me heldt upp med å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, hev me vanta alt, og av sverd og svolt er me tynte.
Jere NorSMB 44:19  Og når me brenner røykjelse åt himmeldronningi og renner ut drykkoffer åt henne, er det då mennerne våre uviljande at me hev laga henne kakor og dyrka henne og rent ut drykkoffer åt henne?»
Jere NorSMB 44:20  Då sagde Jeremia med all lyden, med mennerne og med kvinnorne og med all lyden som svara honom, han sagde:
Jere NorSMB 44:21  «Den offer-røykjingi som de hev gjort i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, de og federne dykkar og kongarne dykkar og hovdingarne dykkar og landslyden - skulde Herren ikkje minnast henne og koma henne i hug?
Jere NorSMB 44:22  Og Herren kunde ikkje lenger tola det for den vonde åtferdi dykkar, for alle dei styggjorne som de hev gjort. Og soleis vart landet dykkar til ei audn og ei øyda og til ei våbøn, folketomt so som det er enn i dag.
Jere NorSMB 44:23  For di de brende røykjelse og synda mot Herren og ikkje lydde på Herrens røyst og ikkje ferdast i hans lov, i hans bodord og vitnemål, difor kom denne ulukka yver dykk, so som det er enn i dag.»
Jere NorSMB 44:24  Og Jeremia sagde til alt folket og til alle kvinnorne: «Høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som er i Egyptarlandet!
Jere NorSMB 44:25  So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: De og konorne dykkar tala det med munnen dykkar og fullførde det med henderne dykkar med di de sagde: «Me vil halda lovnaderne våre som me hev gjort: å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne.» So berre haldt lovnaderne dykkar, og fullfør lovnaderne dykkar!
Jere NorSMB 44:26  Difor, høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som bur i Egyptarlandet: Sjå, eg hev svore ved mitt store namn, segjer Herren: Sanneleg, ikkje ein einaste Juda-mann skal taka namnet mitt på tunga si i alt Egyptarlandet so han segjer: «So sant som Herren, Herren liver!»
Jere NorSMB 44:27  Sjå, eg vil vaka yver deim til deira ulukka, og ikkje til deira lukka, og alle Juda-menner som er i Egyptarlandet, skal verta tynte av sverd og svolt til det er gjort ende på deim.
Jere NorSMB 44:28  Men dei som kjem seg undan sverdet, skal snu heim att frå Egyptarlandet og til Judalandet, berre ein liten flokk. Og all Juda-leivningen, dei som er komne til Egyptarlandet og vil bu der, skal få vita kva ord som stend ved lag, mitt eller deira.
Jere NorSMB 44:29  Og dette skal vera teiknet for dykk, segjer Herren, at eg vil heimsøkja dykk på denne staden, so de skal få vita at mine ord til dykk um ulukka stend ved lag:
Jere NorSMB 44:30  So segjer Herren: Sjå, eg gjev Farao Hofra, egyptarkongen, i fiendehender og i henderne på deim som ligg honom etter livet, likeins som eg hev gjeve Sidkia, Juda-kongen, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, som var fienden hans og låg honom etter livet.»
Chapter 45
Jere NorSMB 45:1  Det ordet som profeten Jeremia tala til Baruk Neriason då han skreiv desse ordi i ei bok etter Jeremias munn i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason; han sagde:
Jere NorSMB 45:3  Du sagde: «Eie meg! For Herren hev lagt sorg til min hugverk. Eg er trøytt av sukkarne mine og finn ingi kvild.»
Jere NorSMB 45:4  So skal du segja med honom: So segjer Herren: Sjå, det eg hev bygt upp, det riv eg ned, og det eg hev planta, det rykkjer eg upp, og dette gjeld heile jordi.
Jere NorSMB 45:5  Og du, du trår etter store ting åt deg: ikkje trå etter deim! For sjå, eg let ulukka koma yver alt kjøt, segjer Herren. Men eg vil gjeva deg livet ditt til herfang på kvar den stad du ferdast.
Chapter 46
Jere NorSMB 46:1  Herrens ord som kom til profeten Jeremia um heidningefolki.
Jere NorSMB 46:2  Um Egyptarland. Um heren til Farao Neko, Egyptarlands-kongen, som stod burtmed Fratelvi, attmed Karkemis, og som Nebukadressar, Babel-kongen, vann på i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiason, kongen i Juda.
Jere NorSMB 46:3  Bu til skjoldarne, dei små og dei store, og far ut i striden!
Jere NorSMB 46:4  Beit hestarne fyre og set dykk upp, ridarar, og fylk dykk hjelmbune! Kvet spjoti blanke, tak brynja på!
Jere NorSMB 46:5  Kvi ser eg slikt: hugbrotne hopar dei undan, kjemporne deira vert krasa, dei flyr og ser ikkje attende; rædsla rundt ikring, segjer Herren.
Jere NorSMB 46:6  Den lettføygde kann ikkje fly ifrå, og kjempa slepp ikkje undan. Der nord, attmed Fratelvi, snåvar dei og fell.
Jere NorSMB 46:7  Kven er det som stig upp likeins som Nilelvi med bårande vatn som i ei å?
Jere NorSMB 46:8  Egyptarland stig upp likeins som Nilelvi med bårande vatn som i ei å. Det segjer: «Eg vil stiga upp og breida meg utyver landi, i øyde vil eg leggja byar og dei som i deim bur.
Jere NorSMB 46:9  Kom uppetter, de hestar, og far rasande fram, de vogner! Kjemporne skal leggja av stad: Ætiopar og putarar som ber skjoldar, og ludarar som hev bogar å spenna.
Jere NorSMB 46:10  For dette er ein dag åt Herren, Herren, allhers drott, ein hemndag til å hemna seg på uvenerne sine. Då skal sverdet eta og verta mett og drikka seg drukke av blodet deira. For ei offerslagting held Herren, Herren, allhers drott, i Norderlandet attmed Fratelvi.
Jere NorSMB 46:11  Far upp til Gilead og få deg balsam, du møy, Egyptarlands dotter! Til inkjes brukar du lækjeråder i mengd; det bid ikkje plåster for deg.
Jere NorSMB 46:12  Folkeslag frettar skammi di, og jordi er full av naudropi dine. For ei kjempa snåvar i ei onnor, dei fell båe saman.»
Jere NorSMB 46:13  Det ordet som Herren tala til profeten Jeremia um det, at Nebukadressar, Babel-kongen, skulde koma og slå Egyptarlandet:
Jere NorSMB 46:14  Kunngjer det i Egyptarland og lat det frettast i Migdol, og lat det frettast i Nof og Tahpanhes! Seg: «Gakk fram og bu deg til! For sverdet hev ete alt ikring deg.»
Jere NorSMB 46:15  Kvi er din sterke støypt ned? Han kunde ikkje standa seg, for Herren støytt burti honom.
Jere NorSMB 46:16  Han fekk mange til å snåva, so den eine dett uppå den andre, og dei sagde: «Upp og lat oss snu attende til folket vårt, og til fødelandet vårt, undan det herjande sverdet!»
Jere NorSMB 46:17  Då ropar dei: «Farao, Egyptarlands-kongen, er berre ståket; han let den høvelege tidi fara frå seg.»
Jere NorSMB 46:18  So sant som eg liver, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans -: Lik Tabor millom fjelli og lik Karmel burtmed havet skal han koma.
Jere NorSMB 46:19  Få deg bunad til langferd, du busitjande Egyptarlands dotter! For Nof skal verta ei audn, so ingen kann bu der.
Jere NorSMB 46:20  Ei ovgild kviga er Egyptarland - ein klegg kjem nordanfrå, kjem gjer han.
Jere NorSMB 46:21  Leigde hermenner, som gjødkalvar hjå henne, dei og snur og flyr alle i hop, stanar ikkje; for ulukkedagen er komen yver deim, den tidi dei vert heimsøkte.
Jere NorSMB 46:22  Røysti hennar er liksom av skridande ormen. For med ein her skrid dei fram, og med øksar kjem dei mot henne likeins som vedhoggarar.
Jere NorSMB 46:23  Dei høgg ned hennar skog, segjer Herren; for han er ikkje til å finna seg fram igjenom; for dei er fleire enn engsprettor, det er ikkje tal på deim.
Jere NorSMB 46:24  Egyptarlands dotter vert til skammar; ho vert gjevi i henderne på eit norderlendskt folk.
Jere NorSMB 46:25  Herren, allhers drott, Israels Gud, segjer: Sjå eg heimsøkjer Amon frå No og Farao og Egyptarland og gudarne og kongarne der, både Farao og dei som lit på honom,
Jere NorSMB 46:26  Og eg gjev deim i henderne på deim som ligg deim etter livet, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på tenarane hans. Men etter det skal landet vera byggt i fred liksom i gamle dagar, segjer Herren.
Jere NorSMB 46:27  Men ottast ikkje, du min tenar Jakob, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg ut or burtlengste land, og avkjømet ut or utlægdi. Og Jakob skal koma tilbake og liva i ro og fred, og ingen skal skræma honom.
Jere NorSMB 46:28  Ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren; for eg er med deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev drive deg til. Men deg vil eg ikkje gjera ende på, men aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.
Chapter 47
Jere NorSMB 47:1  Herrens ord som kom til profeten Jeremia um filistarane, fyrr Farao vann Gaza.
Jere NorSMB 47:2  So segjer Herren: Sjå, vatn kjem upp-strøymande nordantil og vert til ei elv som fløder yver. Og dei fløder yver land og det som i deim er, yver byar og deim som i deim bur, so folket ropar høgt, og alle som bur i landet barmar seg.
Jere NorSMB 47:3  Når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når hans vogner skaldrar, når hans hjul skjell, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er dei.
Jere NorSMB 47:4  Det veld den dagen som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle undankomne som kunde hjelpa. For Herren tyner filistarane, leivningen frå Kaftorøyi.
Jere NorSMB 47:5  Fleinskalla er Gaza vorte, i øyde lagt er Askalon, det som er att av dalen deira; - kor lenge vil du rispa deg i holdet?
Jere NorSMB 47:6  Ai, ei, du Herrens sverd! Kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg atter inn i slira di, haldt deg i ro og ver still!
Jere NorSMB 47:7  Kor kunde du få kvila deg, sidan Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til Havstrandi, dit hev han etla deg.
Chapter 48
Jere NorSMB 48:1  Um Moab. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt, Kirjatajim er vorti til skammar, er teke, borgi er vorti til skammar og er livskræmd.
Jere NorSMB 48:2  Med Moabs frægd er det ute. I Hesbon bryggjar dei på meinråder imot det: «Kom, lat oss rydja det ut, so det ikkje lenger er eit folk!» Du og, Madmen, skal tagna, sverdet elter deg.
Jere NorSMB 48:3  Naudrop høyrest frå Horonajim, herjing og stort tjon.
Jere NorSMB 48:4  Moab er i øyde lagt; dei let naudropi høyrast alt til Soar.
Jere NorSMB 48:5  For gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, på vegen ned til Horonajim høyrer dei naudropi yver tjonet.
Jere NorSMB 48:6  Fly, berga livet dykkar, og vert som hjelpelause i øydemarki!
Jere NorSMB 48:7  For av di du leit på dine verk og dine skattar, skal du og verta teken. Og Kamos lyt fara i utlægd, hans prestar og hans hovdingar i lag med kvarandre.
Jere NorSMB 48:8  Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal sleppa undan. Dalen skal forgangast og slettlendet øydeleggjast, so som Herren hev sagt.
Jere NorSMB 48:9  Gjev Moab vengjer! for fljugande lyt han fara burt, og hans byar skal verta ei audn, so ingen bur i deim.
Jere NorSMB 48:10  Forbanna vere den som er seinfør til å gjera Herrens verk, og forbanna vere den som held sverdet sitt att ifrå blod!
Jere NorSMB 48:11  Moab hev livt i fred frå sin ungdom; han hev lege still på bermen sin og er ikkje tømd or eit kjer i anna, og aldri hev han fare i utlægd; difor sit dåmen hans i honom endå, og angen av honom hev ikkje brigdast.
Jere NorSMB 48:12  Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg sender honom vintapparar, og dei skal halla på kjeri hans og tøma deim og krasa krukkorne hans.
Jere NorSMB 48:13  Då skal Moab skjemmast av Kamos, likeins som Israels hus skjemdest av Betel, som dei leit på.
Jere NorSMB 48:14  Kor kann de segja: «Me er kjempor og velduge hermenner?»
Jere NorSMB 48:15  Moab er øydelagd, og dei stig upp i byarne hans, og hans druste drengjer stig ned til å verta slagta, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.
Jere NorSMB 48:16  Tjonet på Moab er kome nær, og ulukka hans hev bråhast.
Jere NorSMB 48:17  Hav medynk med honom, alle de som bur kringum honom, og alle de som kjenner namnet hans! Seg: «Korleis brotna teinen den sterke, staven den prydelege?»
Jere NorSMB 48:18  Stig ned or ditt æresæte og set deg på turre jordi, du busitjande Dibons dotter! For Moabs tynar stig upp imot deg, han legg borgerne dine i øyde.
Jere NorSMB 48:19  Gakk ut på vegen og skygn utyver, du som bur i Aroer! Spør honom som flyr, og henne som kjem seg undan, seg: «Kva er hendt?»
Jere NorSMB 48:20  Moab var til skammar, for han er krasa; barma dykk og ropa! Kunngjer hjå Arnon at Moab er øydelagd!
Jere NorSMB 48:21  Ja, domen er komen yver slettelandet, yver Holon og yver Jahsa og yver Mofa’at
Jere NorSMB 48:22  og yver Dibon og yver Nebo og yver Bet-Diblatajim
Jere NorSMB 48:23  og yver Kirjatajim og yver Bet-Gamul og yver Bet-Meon
Jere NorSMB 48:24  og yver Kerijot og yver Bosra og yver alle byarne i Moablandet, fjerr og nær.
Jere NorSMB 48:25  Avhogge er Moabs horn, og armen hans er broten, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:26  Gjer honom drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren. Ja, Moab skal baska seg i spya si og verta til åtløgje, han og.
Jere NorSMB 48:27  Eller hadde du ikkje Israel til åtløgje? Eller var han gripen millom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar um honom?
Jere NorSMB 48:28  Gakk burt ifrå byarne og set bu på bergknausar, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtum gil- gapet!
Jere NorSMB 48:29  Me hev høyrt um Moabs ovmod - storleg ovmoda han seg - um hans storlæte og ovmod og byrgskap og hjartans ovlæte.
Jere NorSMB 48:30  Eg kjenner, segjer Herren, hans ageløysa, det fåfengelege kytet hans, fåfengd hev han fare med.
Jere NorSMB 48:31  Difor lyt eg barma meg yver Moab, yver heile Moab lyt eg ropa, yver mennerne i Kir-Heres lyt ein sukka.
Jere NorSMB 48:32  Meir enn Jazer græt, lyt eg gråta yver deg, du vintre frå Sibma: kvisterne dine gjekk yver havet, dei nådde alt til Jazerhavet; midt i fruktonni di og vinonni di hev ein tynar søkt på deg.
Jere NorSMB 48:33  Gleda og fagnad er kvorve or aldehagen og or Moablandet, og vinen let eg trjota i vinpersorne. Dei trøder vinpersa med fagnadrop; fagnadropi som ikkje er slike fagnadrop.
Jere NorSMB 48:34  Frå det jamrande Hesbon alt til El’ale, alt til Jahas let dei røysti si ljoma, frå Soar til Horonajim, til Eglat-Selisa; for jamvel Nimrim-vatni vert til øydemarker.
Jere NorSMB 48:35  Og eg vil rydja ut or Moab, segjer Herren, kvar og ein som stig upp på ein haug og brenner røykjelse åt gudarne sine.
Jere NorSMB 48:36  Difor læt hjarta mitt som ei fløyta yver Moab, yver mennerne i Kir-Heres læt hjarta mitt som ei fløyta; difor misser dei det dei hev mugga i hop.
Jere NorSMB 48:37  For kvart eit hovud er fleinskalla, og alt skjegg er avraka, på alle hender er det rispa i holdet, og um lenderne sekk.
Jere NorSMB 48:38  Uppå alle taki i Moab og på torgi høyrest berre usælerop; for eg hev krasa Moab som eit kjerald ingen hev hugnad i, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:39  Å, kor forfærd han er! kor dei eiar seg! Å, kor Moab snur ryggen til skjemsla! Ja, Moab skal verta til eit åtløgje og ei skræma for alle som bur der kringum.
Jere NorSMB 48:40  For so segjer Herren: Sjå, det kjem ein fljugande som ein ørn og breider vengjerne sine ut yver Moab.
Jere NorSMB 48:41  Byarne vert tekne, borgerne vunne, og hjarta til kjemporne i Moab vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
Jere NorSMB 48:42  Og Moab skal verta øydelagd so han ikkje lenger er eit folk, for mot Herren hev han ovmoda seg.
Jere NorSMB 48:43  Gruv og grav og gildra åt deg som bur i Moab, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:44  Den som flyr undan gruvi, fell i gravi, og den som kjem seg upp or gravi, vert fanga i gildra. For eg let koma yver honom, yver Moab, eit år med heimsøkjing yver deim, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:45  I Hesbons skugge stend magtstolne rømingar; for eld fer ut or Hesbon og ein loge midt ut or Sihon, og han øydde Moabs tunnvange og kruna til stridsgny-sønerne.
Jere NorSMB 48:46  Usæl du Moab! Det er ute med folket åt Kamos; for sønerne dine vert tekne til fangar og døtterne dine til herfang.
Jere NorSMB 48:47  Men eg gjera ende på Moabs utlægd når tider er lidne, segjer Herren. So langt domen yver Moab.
Chapter 49
Jere NorSMB 49:1  Um Ammons-sønerne. So segjer Herren: Eig Israel ingi søner, eller hev han ingen erving? Kvi hev Malkam ervt Gad og hans folk sett seg ned i byarne hans?
Jere NorSMB 49:2  Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg let herrop høyrast til Rabba hjå Ammons-sønerne, og det skal verta til aude steinrøysar, og døtterne skal verta brende upp med eld, og då skal Israel erva sine ervingar, segjer Herren.
Jere NorSMB 49:3  Øya deg, Hesbon! For Aj er i øyde lagt; ropa, de Rabba-døtter! Sveip dykk i sekk, barma dykk, og renn att og fram millom kvierne! for Malkam lyt fara i utlægd, prestarne hans og hovdingarne i lag med kvarandre.
Jere NorSMB 49:4  Kvi gildar du deg av dalarne, av din grøderike dal, du fråfalne dotter, som lit på skattarne dine og segjer: «Kven kann nå meg?»
Jere NorSMB 49:5  Sjå, eg let fælske nå deg, segjer Herren, Herren, allhers drott, frå alle stader rundt ikring deg. Og de skal verta drivne burt, kvar til sin kant, og ingen skal samla i hop deim som flyr.
Jere NorSMB 49:6  Men sidan vil eg gjera ende på utlægdi åt Ammons-sønerne, segjer Herren.
Jere NorSMB 49:7  Um Edom. So segjer Herren, allhers drott: Bid det ikkje visdom lenger i Teman? Tryt det på råder for dei vituge? Er visdomen deira spillt?
Jere NorSMB 49:8  Fly, snu dykk, gøym dykk djupt nede, de som bur i Dedan! For Esaus ulukka let eg koma yver honom den tid eg heimsøkjer honom.
Jere NorSMB 49:9  Um druvehentarar kjem yver deg, so leiver dei ikkje noko til attpåhenting. Um tjuvar kjem med natti, vil dei tyna til dei hev fengje sitt nøgje.
Jere NorSMB 49:10  For eg vil sjølv draga hamen av Esau, eg legg gøymslorne hans i berrsyni, so han ikkje kann løyna seg. Avkjømet hans og brørne hans og grannarne hans vert tynte, og det er ute med honom.
Jere NorSMB 49:11  Bry deg ikkje um dine faderlause! eg vil halda liv i deim, og enkjorne dine kann lita på meg.
Jere NorSMB 49:12  For so segjer Herren: Sjå, dei som med rette ikkje skulde ha drukke or staupet, dei lyt drikka, og so skulde du sleppa urefst! Du skal ikkje sleppa urefst, men drikka skal du.
Jere NorSMB 49:13  For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei fælska, til ei hæding, til ei audn og til ei våbøn, og alle byarne som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.
Jere NorSMB 49:14  Ei tidend hev eg høyrt frå Herren, og ein bodberar er send millom folkeslagi: «Sanka dykk og far imot honom, bu dykk til bardage!»
Jere NorSMB 49:15  For sjå, eg gjer deg liten millom folki, svivyrd millom menner.
Jere NorSMB 49:16  Rædsla kome yver deg! Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergklypor, som klengjer deg fast til fjelltinden. Um du bygde reiret ditt so høgt som ørnen, so skulde eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.
Jere NorSMB 49:17  Og Edom skal verta til ei skræma; alle som fer der framum, skal ræddast og spotta yver alle plågorne hans.
Jere NorSMB 49:18  Liksom då Sodoma og Gomorra med grannebyar vart lagde i øyde, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der.
Jere NorSMB 49:19  Sjå, det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga det burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver det. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?
Jere NorSMB 49:20  Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Edom, og dei tankarne han hev tenkt um Teman-buarne: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, hagelendet deira skal taka fæla av deim.
Jere NorSMB 49:21  Av dynen av deira fall bivrar jordi, naudropet - omen av det høyrer ein radt til Raudehavet.
Jere NorSMB 49:22  Sjå, ein lik ein ørn stig upp og flyg fram og breider ut vengjerne sine yver Bosra. Og hjarta til Edom-kjemporne vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
Jere NorSMB 49:23  Um Damaskus. Hamat og Arpad er skjemde, for dei hev spurt ei låk tidend, dei er reint vitskræmde; i havet er uro, det kann ikkje vera stilt.
Jere NorSMB 49:24  Damaskus er hugfalle, det snur seg og flyr, otte hev gripe det; angest og rider hev gripe det liksom kvinna med fødeflagor.
Jere NorSMB 49:25  Kvi fekk han ikkje vera, byen den namnfræge, fagnad-byen min?
Jere NorSMB 49:26  Difor skal hans sveinar falla på gatorne hans og alle hermennerne verta tynte den dagen, segjer Herren, allhers drott.
Jere NorSMB 49:27  Og eg vil kveikja eld i Damaskus-murarne, og han skal øyda Benhadad-slotti.
Jere NorSMB 49:28  Um Kedar og Hasor-riki, som Nebukadressar, Babel-kongen, vann. So segjer Herren: Statt upp, far mot Kedar og tyn Austheims-sønerne!
Jere NorSMB 49:29  Tjeldi deira og sauerne deira skal dei taka, tjelddukarne deira og all bunaden deira og kamelarne deira skal dei føra burt med seg, og dei skal ropa til dei: «Rædsla rundt ikring!»
Jere NorSMB 49:30  «Fly, røm undan mest de vinn, gøym dykk djupt nede, de Hasor-buar, segjer Herren; for Nebukadressar, Babel-kongen, hev teke ei rådgjerd mot dykk og tenkt ut løynråd imot dykk.
Jere NorSMB 49:31  Statt upp, far upp imot eit fredleg folk som bur trygt, segjer Herren; portar og bommar vantar dei, for seg sjølve bur dei.
Jere NorSMB 49:32  Og kamelarne deira skal verta til ran, og dei store bølingarne deira til herfang; og eg vil spreida deim for alle vindar, mennerne med rundklypt hår; og frå alle leider let eg ulukka koma yver deim, segjer Herren.
Jere NorSMB 49:33  Og Hasor skal verta til sjakal-bøle, ei audn um alder og æva; ingen mann skal bu der, og inkje mannsbarn skal halda til der.»
Jere NorSMB 49:34  Herrens ord som kom til profeten Jeremia um Elam i den fyrste tidi Sidkia, Juda-kongen, styrde; han sagde:
Jere NorSMB 49:35  So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg bryt sund for Elam hans boge, den likaste magti deira.
Jere NorSMB 49:36  Og eg sender mot Elam fire vindar frå dei fire himmelætterne og spreider deim for alle desse vindarne. Og det skal ikkje finnast det folket som ikkje burtdrivne frå Elam skal koma til.
Jere NorSMB 49:37  Og eg vil gjera Elam forfærd for uvenerne sine og for deim som ligg deim etter livet, og eg vil lata ulukka koma yver deim, min brennande harm, segjer Herren, og eg vil senda sverd etter deim, til eg fær gjort ende på deim.
Jere NorSMB 49:38  Og eg vil setja kongsstolen min i Elam, og eg vil tyna der både konge og hovdingar, segjer Herren.
Jere NorSMB 49:39  Men når tider er lidne, vil eg gjera ende på Elams utlægd, segjer Herren.
Chapter 50
Jere NorSMB 50:1  Det ordet som Herren tala um Babel, um Kaldæarlandet, ved profeten Jeremia.
Jere NorSMB 50:2  Kunngjer det millom folki, og lat det frettast og set upp hermerke! Lat det frettast, dyl det ikkje! Seg: Babel er teki, Bel hev vorte til skammar, Merodak er livskræmd, hennar gudebilæte er vortne til skammar, hennar ufysne avgudar er livskræmde.
Jere NorSMB 50:3  For eit folk kjem imot det nordantil, det gjer hennar land til ei øydemark, so ingen bur i det: både folk og fe er flydde, er burte.
Jere NorSMB 50:4  I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, skal Israels-borni koma, dei og Juda-borni i lag med einannan; gråtande skal dei ganga og søkja Herren, sin Gud.
Jere NorSMB 50:5  Etter Sion skal dei spyrja, den vegen stemner dei: «Kom, lat oss halda oss til Herren med ei ævepakt som ikkje skal gløymast!»
Jere NorSMB 50:6  Burtkomne sauer var mitt folk. Hyrdingarne deira hadde ført deim på villstig, snutt deim upp i fjelli; frå hamar til haug gjekk dei, gløymde legebolet sitt.
Jere NorSMB 50:7  Alle som fann deim, åt på deim, og uvenerne deira sagde: «Me fær ikkje skuld på oss for det,» - for di dei hadde synda mot Herren, bustaden åt rettferdi, og voni åt federne deira, Herren.
Jere NorSMB 50:8  Fly ut or Babel, far burt or Kaldæarlandet, og ver som bukkar framfyre hjordi!
Jere NorSMB 50:9  For sjå, eg vekkjer upp frå Norderlandet ein skare av store folk og let deim fara mot Babel, og dei skal fylkja seg imot henne; derifrå vert ho teki. Pilerne deira er som frå ei viss-høv kjempa, dei vender ikkje attende med ugjort.
Jere NorSMB 50:10  Og Kaldæa skal verta til herfang; alle som ranar henne, skal få sitt nøgje, segjer Herren.
Jere NorSMB 50:11  Gled dykk berre, fagna dykk berre, de som ranar odelen min! Berre hoppa i veret som kviga når ho treskjer, og kneggja som velduge hestar.
Jere NorSMB 50:12  Mor dykkar vert ovleg til skammar, ho som fødde dykk, skal blygjast; sjå, den siste millom folki vert ho, ei øydemark, eit turt land og ei vill heid.
Jere NorSMB 50:13  Ubygd skal ho verta, ei audn all med seg, av di Herren er vreid; alle som fer framum Babel, skal ræddast og spotta yver alle hennar plågor.
Jere NorSMB 50:14  Fylk dykk mot Babel, rundt ikring, alle de bogeskyttarar! Skjot på henne, spar ikkje på pilerne! For mot Herren hev ho synda.
Jere NorSMB 50:15  Set i herrop mot henne, rundt ikring: «Ho laut gjeva seg; falne er hennar pilarar, nedrivne hennar murar.» For det er Herrens hemn. Hemn dykk på henne! Gjer med henne likeins som ho hev gjort!
Jere NorSMB 50:16  Ryd ut or Babel både såmannen og den som brukar sigden i skurdonni! For det herjande sverdet skal kvar og ein snu attende til sitt folk, og kvar og ein fly til sitt land.
Jere NorSMB 50:17  Israel er ein buvill sau; løva hev jaga honom av; Assur-kongen åt fyrst på honom, og no sist hev Nebukadnessar, Babel-kongen, togge hans bein.
Jere NorSMB 50:18  Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg heimsøkjer Babel-kongen og landet hans, likeins som eg heimsøkte Assur-kongen.
Jere NorSMB 50:19  Og eg vil snu Israel attende til hans beitemark, og han skal ganga og beita på Karmel og i Basan; og på Efraimsfjelli og i Gilead skal han få eta sitt nøgje.
Jere NorSMB 50:20  I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, vert det leita etter Israels misgjerning, men ho skal ikkje lenger vera til, og etter Judas synder, men dei skal ikkje finnast; for deim som eg let vera att, gjev eg til.
Jere NorSMB 50:21  Mot Meratajim-landet - far upp mot det og mot deim som bur i Pekod! Øyd deim og bannstøyt deim, når du set etter deim, segjer Herren, og gjer i heilt upp som eg hev bode deg!
Jere NorSMB 50:23  Kor er hamaren som slo all jordi sundbroten og sundknasa! Kor er Babel vorti ei skræma millom folki!
Jere NorSMB 50:24  Eg sette snara for deg, og du gjekk deg fast, Babel, og visste ikkje av det. Du vart funni, og gripi med; for du hadde gjeve deg i strid med Herren.
Jere NorSMB 50:25  Herren hev late upp våpnhuset sitt og teke ut sine vreidevåpn; for Herren, Herren, allhers drott, hev eit arbeid å gjera i Kaldæarlandet.
Jere NorSMB 50:26  Kom imot det frå alle leider! Lat upp forrådshusi, kasta det i ein dunge likeins som kornband, og bannstøyt det! Lat ikkje noko verta leivt!
Jere NorSMB 50:27  Tyn alle uksarne, før deim ned til slagting! Usæla yver deim! for dagen deira er komen, den tid dei skal verta heimsøkte.
Jere NorSMB 50:28  Høyr omen av deim som flyr og kjem seg undan frå Babellandet til å forkynna i Sion at Herren, vår Gud hemner, hemner for templet sitt!
Jere NorSMB 50:29  Bjod skyttarar ut mot Babel, alle deim som boge kann spenna! Slå læger rundt ikring henne, lat ingen koma seg undan! Lat henne få lika for sine gjerningar, gjer med henne heiltupp som ho sjølv hev gjort! For ho hev ovmoda seg mot Herren, mot Israels Heilage.
Jere NorSMB 50:30  Difor skal hennar drengjer falla på hennar gator og alle hennar hermenner verta tynte den dagen, segjer Herren.
Jere NorSMB 50:31  Sjå, eg kjem yver deg, Ovmod, segjer Herren, Herren, allhers drott; for dagen din er komen, tidi då eg vil heimsøkja deg.
Jere NorSMB 50:32  Og Ovmodet skal snåva og falla, og ingen skal reisa det upp att. Og eg vil kveikja eld på byarne, og han skal øyda alt kringum det.
Jere NorSMB 50:33  So segjer Herren, allhers drott: Trælka er Israels-sønerne og Juda-sønerne i lag med kvarandre; og alle som hertok deim, held deim faste, vil ikkje sleppa deim lause.
Jere NorSMB 50:34  Utløysaren deira er sterk, Herren, allhers drott, er namnet hans. Han skal føra saki deira med fynd so han roar jordi, men uroar Babel-buarne.
Jere NorSMB 50:35  Sverd yver Kaldæa, segjer Herren, yver Babel-buarne og yver hennar hovdingar og vismenner!
Jere NorSMB 50:36  Sverd yver pjåtre-kallarne, so dei stend der som dårar! Sverd yver hennar kjempor, so dei vert hugbrotne!
Jere NorSMB 50:37  Sverd yver hennar hestar og vogner og yver alt blandingsfolket hjå henne, so dei vert kvende! Sverd yver hennar skattar so dei vert rana!
Jere NorSMB 50:38  Turk yver hennar vatn so dei turkast upp! For det er eit land med avgudsbilæte, og dei ber seg som galne med dei skræmelege gudarne sine.
Jere NorSMB 50:39  Difor skal røysekatter med sjakaler halda til der, og strutsar skal hava sitt tilhelde der. Og der skal aldri meir verta bygt, men audt frå ætt til ætt.
Jere NorSMB 50:40  Likeins som då Gud lagde i øyde Sodoma og Gomorra med grannebyar, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der.
Jere NorSMB 50:41  Sjå, eit folk kjem nordanfrå, eit stort folk og velduge kongar ris upp frå utkantarne på jordi.
Jere NorSMB 50:42  Boge og spjot ber dei, meinharde er dei og miskunnlause; dunen av deim er som havmarm, og på hestar rid dei, budde som ein mann til bardage mot deg, Babels dotter.
Jere NorSMB 50:43  Babel-kongen hev fenge fretnad av deim, og hans hender er magtstolne; angest hev gripe honom, rider liksom kvinna med fødeflagor.
Jere NorSMB 50:44  Sjå det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga deim burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver henne. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?
Jere NorSMB 50:45  Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Babel, og dei tankarne han hev tenkt um Kaldæarlandet: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, beitemarki deira skal taka fæla av deim.
Jere NorSMB 50:46  Av ropet: «Babel er teki!» bivrar jordi, og millom folki skrik dei ende yver seg.
Chapter 51
Jere NorSMB 51:1  So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot ibuarane i Leb-Kamai.
Jere NorSMB 51:2  Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta henne og dei skal tøma landet hennar. For dei skal setja på henne frå alle leider på ulukkedagen.
Jere NorSMB 51:3  Lat bogeskyttaren spenna boge mot den som boge spenner og mot den som briskar seg i brynja, og spar ikkje hennar drengjer, bannstøyt all hennar her!
Jere NorSMB 51:4  Då skal daudslegne menner falla i Kaldæarlandet og stungne menner på gatorne.
Jere NorSMB 51:5  For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, av Herren, allhers drott, endå landet deira var fullt av skuld mot Israels Heilage.
Jere NorSMB 51:6  Fly ut or Babel, og kvar og ein berge sitt liv so de ikkje tynest ved hennar misgjerning! For dette er ei hemne-tid for Herren; han vil gjeva henne lika for det ho hev gjort.
Jere NorSMB 51:7  Eit gullstaup i Herrens hand var Babel, som gjorde all jordi drukki; av vinen hennar drakk folki, difor vart folki reint rasande.
Jere NorSMB 51:8  Dåtteleg datt Babel og vart krasa. Barma dykk yver henne! Henta balsam for hennar plåga! Kann henda det kunde verta lækt.
Jere NorSMB 51:9  «Me etla å lækja Babel, men ho var ulækjande. Lat oss skilja lag med henne, so me kann fara kvar til sitt land! For domen yver henne rekk upp til himmelen og når radt upp i skyerne.
Jere NorSMB 51:10  Herren hev late vår rettvise sak koma upp i ljoset; kom, lat oss fortelja i Sion Herrens, vår Guds verk!»
Jere NorSMB 51:11  Kvet pilerne blanke, grip skjoldarne! Herren hev vekt upp åndi til kongen i Media; for mot Babel hev han vendt sine tankar til å øydeleggja henne; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans.
Jere NorSMB 51:12  Reis hermerke mot Babel-murarne, haldt sterk vakt, set ut vaktmenner, skipa til umsåtmenner! For Herren hev både tenkt ut og sett i verk det han hev tala mot Babel-buarne.
Jere NorSMB 51:13  Du som bur attmed mykje vatn, rik på skattar, komen er din ende, di låke vinning hev nått sitt mål.
Jere NorSMB 51:14  Herren, allhers drott, hev svore ved seg sjølv: Endå eg hadde fyllt deg med menneskje som engsprettor i mengd, skal det like vel lyftast sigerrop yver deg.
Jere NorSMB 51:15  Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom, spana ut himlarne med sitt vit.
Jere NorSMB 51:16  Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå utkantarne på jordi, let eldingar laga regn og sender vind ut or gøymslorne sine.
Jere NorSMB 51:17  Kvar ein mann stend klumsa og hev ikkje vit på det, kvar ein gullsmed lyt skjemmast av bilæti sine; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, og det er ingi ånd i deim.
Jere NorSMB 51:18  Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.
Jere NorSMB 51:19  Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt og fenge seg si odelsrætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.
Jere NorSMB 51:20  Du var hamaren min, stridsvåpnet, so eg med deg krasa folkeslag og med deg øyda kongerike.
Jere NorSMB 51:21  Og med deg krasa eg hest og ridar, og med deg krasa eg vogn og køyrar.
Jere NorSMB 51:22  Og med deg krasa eg mann og kvinna, og med deg krasa eg gamall og ung, og med deg krasa eg svein og møy.
Jere NorSMB 51:23  Og med deg krasa eg hyrding og hjordi hans, og med deg krasa eg pløgjar og pløgje-uksarne hans, og med deg krasa eg jarlar og landshovdingar.
Jere NorSMB 51:24  Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldæa lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren.
Jere NorSMB 51:25  Sjå, eg kjem yver deg, du Tynefjell, segjer Herren, du som tyner all jordi; og eg vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrarne og gjera deg til eit forbrent fjell.
Jere NorSMB 51:26  Av deg kann ein då korkje taka hyrnestein eller grunnstein, men til ævelege audner skal du verta, segjer Herren.
Jere NorSMB 51:27  Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot henne, kalla imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenaz, set inn herhovdingar imot henne, før fram hestar som bustute engsprettor!
Jere NorSMB 51:28  Vig folkeslag til strid imot henne, kongarne or Media, jarlarne og landshovdingarne der, og alt det land dei råder yver!
Jere NorSMB 51:29  Då dirrar jordi og bivrar, for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der.
Jere NorSMB 51:30  Kjemporne i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgerne. Deira kraft er kvorvi, kvende er dei vortne. Det er kveikt eld på hennar bustader, hennar bommar er brotne sunder.
Jere NorSMB 51:31  Lauparsvein løyp mot lauparsvein og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan,
Jere NorSMB 51:32  at vadi er hersette, vatsdemmorne turrbrende med eld og hermennerne forfærde.
Jere NorSMB 51:33  For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Babels dotter likjest ein treskjevoll når han vert tiltrakka; endå ei liti rid, og skurdonni vil koma for henne.
Jere NorSMB 51:34  «Nebukadressar, Babel-kongen, hev ete oss, hev øydt oss, hev sett oss burt som eit tomt kjerald, hev gløypt oss som ein hav-drake, hev fyllt buken sin med forkunnmaten min, burt hev han drive oss.
Jere NorSMB 51:35  Valdsverki mot meg, ja, mot mitt kjøt, koma yver Babel!» segje Sion-buarne, «og mitt blod yver Kaldæa-folket! segje Jerusalem.
Jere NorSMB 51:36  Difor, so segjer Herren: Sjå, eg fører saki og hemnar meg for deg, og eg let hennar hav turkast upp og hennar kjelda torna.
Jere NorSMB 51:37  Og Babel skal verta til steinrøysar, eit sjakal-bøle, ei skræma og ei hæding; ingen skal bu der.
Jere NorSMB 51:38  Alle burar dei som ungløvor, gnaldrar som løve-kvelpar.
Jere NorSMB 51:39  Når dei då er upp-øste, vil eg gjera eit drykkjelag åt deim og gjera deim drukne, so dei fagnar seg og sovnar i ein æveleg svevn og ikkje vaknar, segjer Herren.
Jere NorSMB 51:40  Eg vil føra deim ned til slagting som lamb, som verar og bukkar.
Jere NorSMB 51:41  Kor er Sesak vorte teke, og «fagnaden for all jordi» herteken! Kor er Babel hev vorte til ei skræma millom folki!
Jere NorSMB 51:42  Havet gjekk yver Babel, ho vart løynt av dei marmande båror.
Jere NorSMB 51:43  Byarne hennar er vorte til ei audn, eit turt land og ei øydemark, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn fer framum.
Jere NorSMB 51:44  Og eg heimsøkjer Bel i Babel, og tek det han hev gløypt i seg ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til honom. Babel-murarne skal rynja, dei og.
Jere NorSMB 51:45  Far ut derifrå, mitt folk, so dei kann berga kvar sitt liv for Herrens brennande vreide!
Jere NorSMB 51:46  Og ver ikkje hugfalne og rædde for dei tiender som spørst i landet! For det vil koma ei tiend eitt året og ei onnor eit anna år, og urett vil råda på jordi, drott vil risa mot drott.
Jere NorSMB 51:47  Difor, sjå, dei dagar skal koma då eg heimsøkjer gudebilæti hjå Babel, og alt landet hennar skal verta til skammar; og alle skal falla daudslegne hjå henne.
Jere NorSMB 51:48  Då skal himmel og jord fagna seg yver Babel, for nordanfrå skal tynaren koma yver henne, segjer Herren.
Jere NorSMB 51:49  Babel skal og falla, dei slegne menner av Israel, liksom det og for Babel hev falle slegne menner på heile jordi.
Jere NorSMB 51:50  De som slapp undan frå sverdet, far av stad, stana ikkje! Minnest Herren frå burtlengste land, og kom Jerusalem i hug.
Jere NorSMB 51:51  Me vart til skammar, for me laut høyra på svivyrding; skammi breidde seg yver våre andlit, for framande hadde kome seg inn yver heilagdomarne i Herrens hus.
Jere NorSMB 51:52  Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja gudebilæti hennar, og i alt hennar land skal slegne menner stynja.
Jere NorSMB 51:53  Um so Babel vil hevja seg til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal frå meg tynarar koma yver henne, segjer Herren.
Jere NorSMB 51:54  Naudrop er høyrande frå Babel og stort tjon frå Kaldæarlandet.
Jere NorSMB 51:55  For Herren tyner Babel og stoggar det store ståket hjå henne. Og bårorne deira skal dynja som store vatn, si dunande røyst skal dei lata ljoma.
Jere NorSMB 51:56  For ein tynar kjem yver henne, yver Babel, og kjemporne hennar vert fanga, bogarne deira sundbrotne. For Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han gjev full løn.
Jere NorSMB 51:57  Og eg gjer deim drukne, hennar hovdingar og vismenner, hennar jarlar og landshovdingar og kjempor, og dei skal sovna av i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.
Jere NorSMB 51:58  So segjer Herren, allhers drott: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portarne, dei høge, brende med eld, so folk skal ha mødt seg for inkje og folkeslag for elden, og stræva seg trøytte.
Jere NorSMB 51:59  Den fyresegni som profeten Jeremia gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel med Sidkia, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. Men Seraja var kvartermeister.
Jere NorSMB 51:60  Og Jeremia skreiv i ei bok, all den ulukka som skulde koma yver Babel - alle desse ordi som er skrivne um Babel.
Jere NorSMB 51:61  Og Jeremia sagde med Seraja: «Når du kjem til Babel, då sjå til at du les alle desse ordi!»
Jere NorSMB 51:62  Og du skal segja: «Herre, du hev sjølv tala um denne staden at du vil rydja honom ut, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, for til ævelege audner skal han verta.»
Jere NorSMB 51:63  Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne midt ut i Frat
Jere NorSMB 51:64  og segja: «Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att,» for den ulukka som eg let koma yver byen, og trøytte skal dei verta.» Hit når Jeremia-ordi.
Chapter 52
Jere NorSMB 52:1  Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då vart konge, og elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jeremiadotter, frå Libna.
Jere NorSMB 52:2  Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim.
Jere NorSMB 52:3  Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.
Jere NorSMB 52:4  I det niande styringsåret hans, den tiande dagen i den tiande månaden, kom Nebukadressar, Babel-kongen, med heile heren sin til Jerusalem, lægra seg utanfor byen og bygde skansar rundt ikring honom.
Jere NorSMB 52:5  Byen vart kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.
Jere NorSMB 52:6  I den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, røynde svolten hardt på i byen, og landsfolket hadde inkje mat.
Jere NorSMB 52:7  Då vart bymuren gjenombroten, og alt stridsfolket rømde og for ut or byen um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne.
Jere NorSMB 52:8  Men kaldæarheren sette etter kongen og nådde Sidkia att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest.
Jere NorSMB 52:9  Dei fanga då kongen og førde honom upp til Babel-kongen, til Ribla i Hamatlandet, og han sagde upp domen yver honom.
Jere NorSMB 52:10  Og Babel-kongen drap sønerne åt Sidkia medan han såg på det; sameleis drap han alle hovdingarne i Juda der i Ribla.
Jere NorSMB 52:11  So stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med tvo koparlekkjor og førde honom til Babel og sette honom i fangehus, der var han til sin døyande dag.
Jere NorSMB 52:12  Og i den femte månaden, den tiande dagen i månaden, i det nittande styringsåret åt Babel-kongen Nebukadressar, kom livvakthovdingen Nebuzaradan, som stod for Babel-kongens åsyn, til Jerusalem.
Jere NorSMB 52:13  Han brende upp Herrens hus og kongsgarden, ja, alle husi i Jerusalem og alle storfolk-hus sette han eld på.
Jere NorSMB 52:14  Og heile kaldæarheren som var med livvakthovdingen, reiv ned alle murarne ikring Jerusalem.
Jere NorSMB 52:15  Og sume av ålmugen og resten av folket som var att i byen, og rømingarne som hadde gjenge yver til Babel-kongen, og den flokken som var att dessforutan, førde livvakthovdingen Nebuzaradan burt.
Jere NorSMB 52:16  Nokre av fatigfolket let livvakthovdingen Nebuzaradan vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne.
Jere NorSMB 52:17  Koparsulorne som høyrde til Herrens hus, og fotstykki og koparhavet som var i Herrens hus, braut kaldæarane sund, og førde all koparen av deim til Babel.
Jere NorSMB 52:18  Og dei tok oskefati og eldskuflerne og ljossakserne og blodbollarne og skålerne og alle kopargognere som dei hadde til gudstenesta.
Jere NorSMB 52:19  Og livvakthovdingen tok fati og glodpannorne og blodbollarne og oskefati og ljosestakarne og fati og bollarne, alt som var av gull og sylv.
Jere NorSMB 52:20  Tvo sulor og eit hav og dei tolv koparuksarne som var under fotstykki, som kong Salomo hadde laga åt Herrens hus - koparen i alle desse gognerne var ikkje vegande.
Jere NorSMB 52:21  Um sulorne er å segja: Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner gjekk ikring henne, og ho var fire fingrar tjukk og innhol.
Jere NorSMB 52:22  Og det var eit sulehovud på henne av kopar, og det eine sulehovudet var fem alner høgt, og det var krot og granateple rundt ikring på sulehovudet, alt av kopar. Og likeins var det på den andre sula og granateple.
Jere NorSMB 52:23  Og granatepli var seks og nitti utetter; alle granatepli på krotverket var eit hundrad rundt ikring.
Jere NorSMB 52:24  Livvakthovdingen tok øvstepresten Seraja og den næst øvste presten Sefanja og dei tri dørstokkvaktarane,
Jere NorSMB 52:25  og frå byen tok han ein hirdmann som var uppsynsmann yver herfolket, og sju mann som han råka på i byen av næmaste lagsfolket hjå kongen, dessutan skrivaren til herhovdingen, han som skreiv ut landsfolket til hertenesta, og seksti mann av landsfolket som han råka på i byen;
Jere NorSMB 52:26  deim tok livvakthovdingen Nebuzaradan og førde deim til Babel-kongen i Ribla.
Jere NorSMB 52:27  Og Babel-kongen slo deim i hel der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda burtført frå landet sitt.
Jere NorSMB 52:28  Dette er det folket som Nebukadressar førde burt: I det sjuande året tri tusund og tri og tjuge jødar;
Jere NorSMB 52:29  i Nebukadressars attande år åtte hundrad og tvo og tretti sjæler frå Jerusalem;
Jere NorSMB 52:30  i Nebukadressars tri og tjugande år førde Nebuzaradan, livvakthovdingen, burt av jødarne sju hundrad og fem og fyrti sjæler; fire tusund og seks hundrad sjæler i alt.
Jere NorSMB 52:31  I det sju og trettiande året etter Juda-kongen Jojakin var burtførd, den fem og tjugande dagen i den tolvte månaden, gav Evil-Merodak, Babel-kongen - same året som han vart konge - Jojakin, Juda-kongen, uppreisnad og tok honom ut or fangehuset.
Jere NorSMB 52:32  Han helsa honom venleg og gav honom fremste sessen millom dei kongarne som var hjå honom i Babel.
Jere NorSMB 52:33  Han fekk leggja av seg fangebunaden, og gjekk kvar dag til kongens bord, so lenge han livde.
Jere NorSMB 52:34  Kost og tæring naut han dagvisst på kongens kostnad til kvar dag det han trong for dagen, alt til sin døyande dag, heile si livetid.