Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NUMBERS
Up
Toggle notes
Chapter 1
Numb NorSMB 1:1  So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde:
Numb NorSMB 1:2  «De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein,
Numb NorSMB 1:3  alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.
Numb NorSMB 1:4  Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti.
Numb NorSMB 1:5  So heiter dei mennerne som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede’ur;
Numb NorSMB 1:6  av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai;
Numb NorSMB 1:10  av Josefs-sønerne: Elisama, son åt Ammihud, av Efraims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti;
Numb NorSMB 1:16  Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreætterne sine, hovdingarne yver Israels-folket.
Numb NorSMB 1:17  So henta Moses og Aron dei mennerne som var namngjevne,
Numb NorSMB 1:18  og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:19  soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra deim på Sinaiheidi.
Numb NorSMB 1:20  Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:21  so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 1:22  So mynstra han Simeons-sønerne og ætterne deira, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:23  so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann.
Numb NorSMB 1:24  So mynstra han Gads-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:25  so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
Numb NorSMB 1:26  So mynstra han Juda-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:27  so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
Numb NorSMB 1:28  So mynstra han Issakars-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:29  so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:30  So mynstra han Sebulons-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:31  so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:32  So mynstra han Josefs-sønerne og ætterne deira: Då alle dei våpnføre av Efraims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:34  og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:35  so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
Numb NorSMB 1:36  So mynstra han Benjamins-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:37  so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:38  So mynstra han Dans-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:39  so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
Numb NorSMB 1:40  So mynstra han Assers-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Assers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:41  so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 1:42  So mynstra han Naftali-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:43  so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:44  Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingarne var tolv i talet, ein for kvar ætt.
Numb NorSMB 1:45  Og talet på deim som vart mynstra av Israels-sønerne og ætterne deira, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter,
Numb NorSMB 1:46  var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra.
Numb NorSMB 1:47  Levitarne og ætterne deira vart ikkje mynstra i hop med dei hine.
Numb NorSMB 1:49  «Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hitt Israels-folket.
Numb NorSMB 1:50  Set levitarne til å stella med huset som lovi er gøymd i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal føra huset og all bunaden, og dei skal taka vare på huset, og lægra seg rundt ikring det.
Numb NorSMB 1:51  Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.
Numb NorSMB 1:52  Israels-sønerne skal lægra seg flokk i flokk, kvar i sitt eige læger og under sitt eige hermerke,
Numb NorSMB 1:53  men levitarne skal lægra seg kringum gudshuset, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitarne som skal taka vare på gudshuset.»
Numb NorSMB 1:54  Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.
Chapter 2
Numb NorSMB 2:1  Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
Numb NorSMB 2:2  «Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke.
Numb NorSMB 2:3  På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab;
Numb NorSMB 2:4  og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
Numb NorSMB 2:5  Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar;
Numb NorSMB 2:6  og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:7  Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-sønerne er Eliab, son åt Helon;
Numb NorSMB 2:8  og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:9  Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut.
Numb NorSMB 2:10  Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur;
Numb NorSMB 2:11  og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 2:12  Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai;
Numb NorSMB 2:13  og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.
Numb NorSMB 2:14  Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-sønerne er Eljasaf, son åt Re’uel;
Numb NorSMB 2:15  og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
Numb NorSMB 2:16  Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen.
Numb NorSMB 2:17  Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.
Numb NorSMB 2:18  Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud;
Numb NorSMB 2:19  og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 2:20  Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur;
Numb NorSMB 2:21  og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
Numb NorSMB 2:22  Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni;
Numb NorSMB 2:23  og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:24  Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad.
Numb NorSMB 2:25  Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai;
Numb NorSMB 2:26  og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
Numb NorSMB 2:27  Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran;
Numb NorSMB 2:28  og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 2:29  Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-sønerne er Ahira, son åt Enan;
Numb NorSMB 2:30  og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:31  Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.»
Numb NorSMB 2:32  Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.
Numb NorSMB 2:33  Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.
Numb NorSMB 2:34  Og Israels-sønerne gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt med Moses; soleis lægra dei seg under fanorne sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.
Chapter 3
Numb NorSMB 3:1  No skal me nemna ætti åt Aron og Moses som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinaifjellet:
Numb NorSMB 3:2  Sønerne hans Aron heitte Nadab - han var den eldste - og Abihu og Eleazar og Itamar.
Numb NorSMB 3:3  Det var namni på Arons-sønerne, dei som vart salva til prestar og innsette i preste-embættet.
Numb NorSMB 3:4  Men Nadab og Abihu døydde for Herrens åsyn, då dei bar uvigd eld fram for Herren på Sinaiheidi, og dei hadde ingi søner. Sidan stod Eleazar og Itamar fyre prestetenesta, under Arons, far sin’s, augo.
Numb NorSMB 3:6  «Lat Levi-ætti koma og ganga fram for Aron, øvstepresten; dei skal vera honom til hjelp.
Numb NorSMB 3:7  Dei skal syta for det som han og heile lyden treng når dei stend framanfor møtetjeldet, og greida alt arbeidet i gudshuset.
Numb NorSMB 3:8  Og dei skal taka vare på alt det som høyrer til møtetjeldet, og gjera alt som skal gjerast for Israels-folket; for det er dei som skal greida alt arbeidet i gudhuset.
Numb NorSMB 3:9  Du skal gjeva levitarne til Aron og sønerne hans: dei skal vera ei gåva til honom frå Israels-folket.
Numb NorSMB 3:10  Og Aron og sønerne hans skal du setja til å styra preste-embættet; kjem nokon annan innåt, so skal han lata livet.»
Numb NorSMB 3:12  «Sjå no hev eg sjølv teke ut levitarne or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv, hjå Israels-folket: levitarne skal vera mine.
Numb NorSMB 3:13  For mine er alle dei frumborne. Den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, vigde eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; meg høyrar det til, meg, Herren.»
Numb NorSMB 3:14  Og Herren tala atter til Moses på Sinaiheidi, og sagde:
Numb NorSMB 3:15  «Du skal mynstra Levi-sønerne etter ætter og ættgreiner, og alle karfolk som er yver ein månad gamle, skal du skriva inn i manntalet.»
Numb NorSMB 3:16  So mynstra Moses deim etter Herrens ord, so han var fyresagd.
Numb NorSMB 3:17  Sønerne hans Levi heitte Gerson og Kahat og Merari.
Numb NorSMB 3:18  Og sønerne hans Gerson med ættgreinene deira heitte Libni og Sime’i.
Numb NorSMB 3:19  Og sønerne hans Kahat med ættgreinene deira, det var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel.
Numb NorSMB 3:20  Og sønerne hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ætterne med greinerne deira.
Numb NorSMB 3:21  Frå Gerson er Libni-ætti og Some’i-ætti; det er dei me kallar Gersons-ætterne.
Numb NorSMB 3:22  Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det sju tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 3:23  Gersons-ætterne hadde lægret attanfor gudshuset, i vest.
Numb NorSMB 3:24  Og hovdingen yver Gersons-greini var Eljasaf, son åt Lael.
Numb NorSMB 3:25  Det som Gersons-ætterne skulde hava umsut med i møtetjeldet, det var sjølve tjeldet: åklædetæpi og raggetæpi og tekkjet yver deim, og tæpet til møtetjelddøri,
Numb NorSMB 3:26  og lereftsgarden kring tunet, og tæpet i porten til tunet kring gudshuset og altaret, og togi som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det.
Numb NorSMB 3:27  Frå Kahat er Amrams-ætti komi, og Jishars-ætti, og Hebrons-ætti, og Uzziels-ætti; det er dei me kallar Kahats-ætterne.
Numb NorSMB 3:28  Då dei var innskrivne i manntalet - alle karfolk yver ein månad gamle - so var dei åtte tusund og tri hundrad mann, som skulde taka vare på dei heilage tingi.
Numb NorSMB 3:29  Kahats-ætterne hadde lægret sitt på sudsida av gudshuset.
Numb NorSMB 3:30  Hovdingen yver Kahats-ætti og greinerne hennar var Elisafan, son åt Uzziel.
Numb NorSMB 3:31  Og det dei skulde hava umsut med, var lovtavlekista og bordet og ljosestaken og altari og forhenget, og dei heilage gognerne som dei hadde til gudstenesta, og alt som skulde gjerast med det.
Numb NorSMB 3:32  Den høgste hovdingen i Levi-ætti var Eleazar, son åt Aron, øvstepresten. Han hadde tilsynet med deim som gjorde alt som skulde gjerast i heilagdomen.
Numb NorSMB 3:33  Frå Merari er Mahli-ætti og Musi-ætti komne; det er dei me kallar Merari-ætterne.
Numb NorSMB 3:34  Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det seks tusund og tvo hundrad mann.
Numb NorSMB 3:35  Hovdingen yver Merari-ætti og greinerne hennar var Suriel, son åt Abiha’il. Dei hadde lægret sitt på nordsida av gudshuset.
Numb NorSMB 3:36  Det som Merari-sønerne var sette til, det var å hava umsut med plankarne i huset, og tverstokkarne og stolparne og stabbarne, og all reidskapen, og alt som skulde gjerast med det,
Numb NorSMB 3:37  og stolparne til tungarden, med stabbarne og pålarne og togi som høyrde til.
Numb NorSMB 3:38  Framanfor gudshuset, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønerne hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-sønerne; kom nokon annan innåt, so laut han lata livet.
Numb NorSMB 3:39  Dei som vart talde i Levi-ætti, dei som Moses og Aron talde, ætt for ætt, etter Herrens ord - alle karfolk yver ein månad gamle - var i alt tvo og tjuge tusund mann.
Numb NorSMB 3:40  Og Herren sagde til Moses: «Tel alle frumborne karfolk av Israels-lyden som er yver ein månaden gamle, og skriva deim inn i manntalet,
Numb NorSMB 3:41  og lat so meg, Herren, få levitarne i staden for deim, og feet åt levitarne i staden for alt det frumborne feet hjå Israels-folket.»
Numb NorSMB 3:42  So talde Moses alle dei frumborne Israels-sønerne, som Herren hadde sagt med honom.
Numb NorSMB 3:43  Og då han hadde skrive upp namni på alle frumborne karfolk som var yver ein månad gamle, og rekna deim i hop, so var talet tvo og tjuge tusund og tvo hundrad og tri og sytti.
Numb NorSMB 3:45  «Tak levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-sønerne, og feet åt levitarne i staden for feet deira; og levitarne skal høyra meg til, meg, Herren.
Numb NorSMB 3:46  Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar,
Numb NorSMB 3:47  skal du taka fem dalar for kvar; dei skal du taka i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren,
Numb NorSMB 3:48  og pengarne skal du gjeva til Aron og sønerne hans i utløysnad for dei frumborne som er yver talet.»
Numb NorSMB 3:49  So fekk Moses løysepengarne for dei som var att av dei frumborne Israels-sønerne, då dei hine var utløyste med levitarne;
Numb NorSMB 3:50  av desse same frumborne Israels-borni fekk han pengarne - det var eit tusund og tri hundrad og fem og seksti dalar i heilag mynt -
Numb NorSMB 3:51  og han gav deim til Aron og sønerne hans etter Herrens ord; for so hadde Herren sagt med honom.
Chapter 4
Numb NorSMB 4:1  Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
Numb NorSMB 4:2  [2-3] «I Levi-ætti skal du taka tal på deim av Kahats-sønerne som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera tenesta i møtetjeldet, du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.
Numb NorSMB 4:4  Det som Kahats-sønerne skal stella med i møtetjeldet, det er dei høgheilage tingi.
Numb NorSMB 4:5  Når lægret skal flytjast, so skal Aron og sønerne hans ganga inn, og taka ned forhengtæpet, og breida det yver lovtavlekista.
Numb NorSMB 4:6  Ovanpå det skal dei leggja ein feld av markuskinn, og breida ein heilvoven purpurduk yver, og so setja berestengerne i.
Numb NorSMB 4:7  Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit purpurklæde, og setja fati og skålerne og bollarne og drykkofferkannorne uppå det, og det dagvisse brødet skal og liggja der.
Numb NorSMB 4:8  Og yver alt dette skal dei breida ein karmesinraud klædesduk, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og setja berestengerne i.
Numb NorSMB 4:9  So skal dei taka eit purpurklæde og breida yver den bjarte ljosestaken og lamporne som høyrer til, og sakserne og saksplatorne og alle oljekopparne som dei hev når dei steller lamporne,
Numb NorSMB 4:10  og sveipa både staken og alle desse gognerne inn i ein feld av markuskinn, og leggja det på ei berebår.
Numb NorSMB 4:11  Yver det gullaltaret skal dei og breida eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og so setja berestengerne i.
Numb NorSMB 4:12  So skal dei taka alle dei gognerne som dei hev til gudstenesta i heilagdomen, og leggja deim i eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um deim, og leggja dei på ei bår.
Numb NorSMB 4:13  Storaltaret skal dei reinska for oska, og breida eit skarlaksklæde yver det
Numb NorSMB 4:14  og leggja uppå det alle gognerne som dei hev til altartenesta: glodpannorne og steikjespiti og eldskuflerne og blodbollarne, alle gognerne som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av markuskinn yver det og setja berestengene i.
Numb NorSMB 4:15  Og når Aron og sønerne hans er ferdige og hev sveipt inn dei heilage tingi og alle dei gognerne som høyrer til heilagdomen, og heren skal taka ut, då skal dei hine Kahats-sønerne koma og bera; men dei må ikkje røra dei heilage tingi; gjer dei det, lyt dei døy. Dette er det Kahats-sønerne skal bera av det som høyrer til møtetjeldet.
Numb NorSMB 4:16  Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, skal hava tilsynet med lampeoljen og den angande røykjelsen og det daglege grjonofferet og salvingsoljen, og med heile gudshuset og alt som der finst av heilage ting og gogner som høyrer til.»
Numb NorSMB 4:17  Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
Numb NorSMB 4:18  «Lat ikkje Kahats-ætti og greinerne hennar verta utrudd or Levi-folket!
Numb NorSMB 4:19  Høyr no kva de skal gjera for deim, so dei kann få liva og ikkje tarv døy når dei kjem innåt dei heilage tingi: Aron og sønerne hans skal koma, og setja deim, ein for ein, til det arbeidet dei hev å gjera, og syna deim byrderne dei skal bera.
Numb NorSMB 4:20  Men dei må ikkje ganga inn, ikkje so mykje som ein augneblink, og skoda det heilage; for då lyt dei døy.»
Numb NorSMB 4:22  «Av Gersons-sønerne skal du og taka tal på deim som er millom tretti og femti år,
Numb NorSMB 4:23  og er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstra deim etter ætter og ættgreiner.
Numb NorSMB 4:24  Høyr no kva det er Gersons-ætterne hev å gjera, kva dei skal taka vare på, og kva dei skal føra:
Numb NorSMB 4:25  dei skal føra åklædeveverne som høyrer til gudshuset, og møtetjeldet og taket og markuskinns-tekkjet som ligg ovanpå taket, og tæpet til møtetjelddøri,
Numb NorSMB 4:26  og lereftsgarden, og dørtæpet til porten åt tunet kring huset og altaret, og tjeldtogi, og alle arbeidsgreidorne som høyrer til; og alt som er å gjera med det, skal dei greida.
Numb NorSMB 4:27  Etter det som Aron og sønerne hans segjer, skal Gersons-sønerne retta seg i alle måtar, både med føringi og med alt anna arbeid dei hev, og de lyt setja deim fyre å taka vel vare på alt det dei førar.
Numb NorSMB 4:28  Dette er det Gersons-ætterne skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim i alt dei hev å gjera.
Numb NorSMB 4:30  som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.
Numb NorSMB 4:31  Det dei hev å føra og skal hava umsut med i møtetjeldet, det er plankarne i huset, med tverstokkarne og stolparne og stabbarne som høyrer til,
Numb NorSMB 4:32  og stolparne i tungarden, med stabbar og pålar og tog, og all reidskapen som høyrer til, og alt som skal gjerast med det, og de skal nemna for deim kvar ting som de vil hava deim til å taka vare på og føra.
Numb NorSMB 4:33  Dette er det Merari-ætterne skal gjera, det dei skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim.»
Numb NorSMB 4:34  Då no Moses og Aron og formennerne for lyden hadde mynstra Kahats-sønerne, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
Numb NorSMB 4:35  so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
Numb NorSMB 4:36  so var det tvo tusund og sju hundrad og femti mann som var mynstra, kvar etter si ætt.
Numb NorSMB 4:37  Det var talet på deim som vart mynstra i Kahats-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.
Numb NorSMB 4:38  Då Gersons-sønerne var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
Numb NorSMB 4:39  so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
Numb NorSMB 4:40  so var det tvo tusund og seks hundrad og tretti mann som var mynstra, kvar etter si ætt og ættgrein.
Numb NorSMB 4:41  Det var talet på deim som vart mynstra i Gersons-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter Herrens bod.
Numb NorSMB 4:42  Då Merari-sønerne og ætterne deira var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
Numb NorSMB 4:43  so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
Numb NorSMB 4:44  so var det tri tusund og tvo hundrad mann som var mynstra, kvar etter si ætt.
Numb NorSMB 4:45  Det var talet på deim som vart mynstra i Merari-ætterne, deim som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.
Numb NorSMB 4:46  Då alle levitar millom tretti og femti år var talde, alle som var føre til å gjera tenesta i møtetjeldet med bering eller anna arbeid,
Numb NorSMB 4:47  og Moses og Aron og Israels hovdingar hadde mynstra deim etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 4:48  so var det åtte tusund og fem hundrad og åtteti mann.
Numb NorSMB 4:49  Dei vart no etter Herrens bod sette til å gjera kvar sitt arbeid og bera kvar si byrd og greida kvar si ærend, og Moses rettleide deim, som Herren hadde sagt med honom.
Chapter 5
Numb NorSMB 5:2  «Seg til Israels-sønerne at dei skal senda alle spillsjuke ut or lægret, og alle som hev flod, og alle som hev vorte ureine av lik;
Numb NorSMB 5:3  anten det er menner eller kvende, so skal de hava deim burt; ut or lægret skal de senda deim, so dei ikkje skal sulka lægret dykkar, der eg bur midt imillom dykk.»
Numb NorSMB 5:4  Og Israels-sønerne gjorde so, og sende deim ut or lægret. Som Herren hadde sagt med Moses, so gjorde Israels-folket.
Numb NorSMB 5:6  «Seg til Israels-folket: «Hev ein mann eller ei kvinna gjort ei eller onnor synd, og vore utrue mot Herren, so dei ber på ei skuld,
Numb NorSMB 5:7  so skal dei skrifta den syndi dei hev gjort, og det dei hev kome til med urett, skal dei gjeva att alt saman, og endå leggja attåt femteparten av verdet. Dei skal gjeva det til den dei gjorde urett imot;
Numb NorSMB 5:8  liver han ikkje lenger, og finst det ingen kravsmann etter honom, som dei kann greida ut boti til, so skal den boti dei lyt leggja, gjevast åt Herren og høyra presten til, umfram soningsveren, som skal ofrast til soning for deim.
Numb NorSMB 5:9  Og alle reidor, alle dei vigde gåvorne som Israels-sønerne kjem til presten med, dei skal vera hans.
Numb NorSMB 5:10  Alt det som folk vigjer, skal han hava; det dei gjev presten skal høyra honom til.»»
Numb NorSMB 5:12  [12-14] «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Kjem det åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, og kona hev vore utru mot honom og lagt seg burt, men han ikkje veit det visst, og det ikkje kann provast at ho hev skjemt seg ut og lege med ein annan mann, etter di ingen hev kome yver deim og kann vitne imot henne - eller kjem åbryskapen yver honom, so han mistrur kona si, ho ikkje hev skjemt seg ut,
Numb NorSMB 5:15  so skal han taka kona med seg til presten, og hava med ei offergåva for henne; det skal vera ei kanna byggmjøl; men han skal ikkje slå olje på mjølet, eller leggja røykjelse attmed; for det er eit åbryskaps-grjonoffer, eit minnings-grjonoffer: som skal minna um eit brot.
Numb NorSMB 5:16  Presten skal leida kona fram for Herrens åsyn.
Numb NorSMB 5:17  Han skal henta vigslevatn i ei leirskål, og taka noko av dusti som er på golvet i gudshuset og hava uppi vatnet,
Numb NorSMB 5:18  og når han hev leidt kona fram for Herrens åsyn, skal han løysa upp håret hennar og gjeva henne minningsofferet i henderne - eit åbryskapsoffer skal det vera - og i si hand skal han halda det vonde vatnet som valdar våde.
Numb NorSMB 5:19  So skal han lata kona gjera eiden, og segja til henne: «So sant ingen annan mann hev lege hjå deg, og so sant du ikkje hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, so skal du inkje mein hava av dette vonde vatnet som valdar våde.
Numb NorSMB 5:20  Men er det so at du hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, og at ein annan enn din eigen mann hev lege hjå deg»
Numb NorSMB 5:21  - no skal presten lesa upp våbøn-eiden for kona og segja til henne -: «so skal Herren gjera deg til ei våbøn og ei banna hjå folket ditt; han skal lata mjødmi di minka og buken din bolna,
Numb NorSMB 5:22  og dette vatnet som valdar våde, skal siga ned i livet ditt, so buken din bolnar og mjødmi di minkar!» Og kona skal segja: «Ja vel! Ja vel!»
Numb NorSMB 5:23  Presten skal skriva desse våbønerne upp på eit blad, og två deim av i det vonde vatnet.
Numb NorSMB 5:24  Sidan skal han lata kona drikka det vonde vatnet som valdar våde, og ulukkevatnet skal siga ned i livet hennar og valda verk.
Numb NorSMB 5:25  So skal presten taka åbryskapsofferet utor handi på kvinna og svinga det att og fram for Herrens åsyn, og bera det fram åt altaret;
Numb NorSMB 5:26  og han skal taka ein neve av mjølet og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen til ei minning. Og når han hev gjeve kona vatnet, og ho hev drukke det,
Numb NorSMB 5:27  då skal det henda at dersom kona hev skjemt seg ut og vore utru mot mannen sin, so skal ulukkevatnet siga ned i livet hennar og valda verk; buken hennar skal bolna og mjødmi minka; og ho skal verta til ei våbøn hjå folket sitt.
Numb NorSMB 5:28  Men er ho rein, og ikkje hev skjemt seg ut, so skal ho vera uskadd og barnkjømd.
Numb NorSMB 5:29  Dette de lovi um åbryskap: når ei kona hev vore utru mot mannen sin og skjemt seg ut,
Numb NorSMB 5:30  eller når det kjem ei åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, då skal han leida kona fram for Herrens åsyn, og presten skal gjera med henne so som er sagt i denne lovi.
Numb NorSMB 5:31  Mannen skal vera fri for skuld, men kona lyt lida for brotet sitt.»»
Chapter 6
Numb NorSMB 6:2  «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når ein mann eller kvinna hev gjort ein heilag lovnad, og vigt seg til Herren,
Numb NorSMB 6:3  so skal dei halda seg ifrå vin og sterke drykkjer; dei må ikkje smaka vinedik eller annan sterk edik; dei må ikkje drikka nokon drykk som er tillaga av druvor, og ikkje eta druvor, korkje friske eller turre.
Numb NorSMB 6:4  So lenge vigsla varer, må dei ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje ein gong kart eller visar.
Numb NorSMB 6:5  So lenge vigslingslovnaden gjeld, må det ikkje koma saks på hovudet åt den som er vigd; alt til den tidi er ute som han hev vigt til Herren, skal han vera helga; han skal lata hovudhåret sitt veksa fritt.
Numb NorSMB 6:6  So lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma innåt noko lik.
Numb NorSMB 6:7  Um far eller mor eller bror eller syster hans døyr, so må han ikkje for deira skuld gjera seg urein; for vigsla åt hans Gud er på hovudet hans.
Numb NorSMB 6:8  Alt medan vigsla varer, er han helga åt Herren.
Numb NorSMB 6:9  Brådøyr det nokon innmed honom, og fører ureinskap yver det vigde hovudet hans, so skal han raka hovudet sitt den dagen han vert rein att; den sjuande dagen skal han raka det;
Numb NorSMB 6:10  og den åttande dagen skal han koma til presten, til møtetjelddøri, med tvo turtelduvor eller tvo duveungar,
Numb NorSMB 6:11  og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, so han fær soning for den syndi han førde yver seg, då han kom innåt liket. So skal han same dagen helga hovudet sitt,
Numb NorSMB 6:12  og vigja seg for Herren for den tid han hev lova, og bera fram eit årsgamalt lamb til skuldoffer. Den fyrste vigslingstidi gjeld ikkje meir, etter di vigsla hans vart utskjemd.
Numb NorSMB 6:13  So er lovi um den som hev vigt seg til Herren: Når vigslingstidi hans er ute, skal dei leida honom fram åt møtetjelddøri,
Numb NorSMB 6:14  og han skal bera fram gåvorne sine for Herren: eit årsgamalt lytelaust verlamb til brennoffer, og eit årsgamalt lytelaust saulamb til syndoffer, og ein lytelaus ver til takkoffer,
Numb NorSMB 6:15  og ei korg med søtt omnsbrød som er baka av fint mjøl, og hellekakor med olje i, og oljesmurde tunnbrødleivar, med grjonoffer og drykkoffer som høyrer til.
Numb NorSMB 6:16  Og presten skal bera det fram for Herrens åsyn, og ofra syndofferet og brennofferet hans;
Numb NorSMB 6:17  og av veren skal han stella til eit takkoffer åt Herren, og bera det fram saman med søtebrødkorgi, og so skal han bera fram grjonofferet og drykkofferet hans.
Numb NorSMB 6:18  Den vigde skal raka det vigde hovudet sitt i møtetjelddøri, og taka det vigde hovudhåret sitt, og leggja det på elden som brenn under takkofferet.
Numb NorSMB 6:19  Og presten skal taka den eine bogen av veren, kokt, og ei hellekaka av deim som er i korgi, og ein tunnbrødleiv, og leggja det i henderne på den vigde, etter han hev raka av seg det vigde håret sitt.
Numb NorSMB 6:20  Desse gåvorne skal presten svinga for Herrens åsyn; dei er heilage, og skal høyra presten til, umfram svingebringa og lyftelåret. Sidan kann den vigde drikka vin.
Numb NorSMB 6:21  Dette krev lovi av den som hev gjort vigslingslovnaden: desse gåvorne skal han bera fram for Herren attpå vigsla si umfram det han elles hev råd til; han skal fara åt som det høver med lovnaden han hev gjort, og fylgja dei fyresegnerne som gjeld for vigsla hans.»»
Numb NorSMB 6:23  «Tala til Aron og sønerne hans, og seg: «So skal de segja når de velsignar Israels-borni:
Numb NorSMB 6:25  Herren late sit andlit lysa mot deg, og vere deg nådig!
Numb NorSMB 6:26  Herren lyfte si åsyn på deg, og gjeve deg fred!»»
Numb NorSMB 6:27  Dei skal lysa mitt namn yver Israels-borni, so vil eg velsigna deim.»
Chapter 7
Numb NorSMB 7:1  Då Moses hadde fenge reist gudshuset og salva og vigsla det, og hadde salva og vigt all husbunaden og altaret med alt som til høyrde,
Numb NorSMB 7:2  då kom Israels jarlar, ættehovdingarne og fylkesstyrararne, dei som hadde stade for mynstringi,
Numb NorSMB 7:3  og førde offergåvorne sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingarne og ein ukse frå kvar av deim. Det kom dei til gudshuset med,
Numb NorSMB 7:5  «Tak i mot det av deim! De skal hava det til arbeidet ved møtetjeldet, og du skal gjeva det til levitarne, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.»
Numb NorSMB 7:6  So tok Moses imot vognerne og uksarne, og gav deim til levitarne:
Numb NorSMB 7:7  Gersons-sønerne gav han tvo vogner og fire uksar som dei skulde hava til å greida arbeidet sitt med.
Numb NorSMB 7:8  Og Merari-sønerne gav han fire vogner og åtte uksar som dei skulde greida sitt arbeid med; og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skulde rettleida deim.
Numb NorSMB 7:9  Kahats-sønerne gav han ikkje noko; for dei skulde taka vare på dei heilage tingi, og bera deim på herdarne.
Numb NorSMB 7:10  Den dagen altaret vart salva, kom hovdingarne med vigslegåvor, og bar deim fram åt altaret.
Numb NorSMB 7:11  Då sagde Herren til Moses: «Lat hovdingarne bera fram gåva si til altarvigsla kvar sin dag.»
Numb NorSMB 7:12  Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Nahson, son åt Amminadab, av Juda-ætti.
Numb NorSMB 7:13  Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ein halv mork, heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:14  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:15  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:17  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, son åt Amminadab.
Numb NorSMB 7:18  Andre dagen kom Netanel, son åt Suar, hovdingen yver Issakars-ætti,
Numb NorSMB 7:19  og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:20  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:21  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:23  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Netanel, son åt Suar.
Numb NorSMB 7:24  Tridje dagen kom hovdingen yver Sebulons-sønerne, Eliab, son åt Helon,
Numb NorSMB 7:25  med gåva si, og det var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:26  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:27  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:29  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eliab, son åt Helon.
Numb NorSMB 7:30  Fjorde dagen kom hovdingen yver Rubens-sønerne, Elisur, son åt Sede’ur.
Numb NorSMB 7:31  Gåva han bar fram, var eit sylvfat som åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:32  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:33  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:35  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisur, son åt Sede’ur.
Numb NorSMB 7:36  Femte dagen kom hovdingen yver Simeons-sønerne, Selumiel, son åt Surisaddai.
Numb NorSMB 7:37  Gåva han hadde med seg, var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:38  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:39  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:41  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Selumiel, son åt Surisaddai.
Numb NorSMB 7:42  Sette dagen kom hovdingen yver Gads-sønerne, Eljasaf, son åt Re’uel.
Numb NorSMB 7:43  Og gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:44  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:45  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:47  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eljasaf, son åt Re’uel.
Numb NorSMB 7:48  Sjuande dagen kom hovdingen yver Efraims-sønerne, Elisama, son åt Ammihud.
Numb NorSMB 7:49  Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:50  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:51  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:53  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisama, son åt Ammihud.
Numb NorSMB 7:54  Åttande dagen kom hovdingen yver Manasse-sønerne, Gamliel, son åt Pedasur.
Numb NorSMB 7:55  Hans gåva var og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:56  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:57  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:59  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Gamliel, son åt Pedasur.
Numb NorSMB 7:60  Niande dagen kom hovdingen yver Benjamins-sønerne, Abidan, son åt Gideoni.
Numb NorSMB 7:61  Han gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:62  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:63  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:65  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Abidan, son åt Gideoni.
Numb NorSMB 7:66  Tiande dagen kom hovdingen yver Dans-sønerne, Ahiezer, son åt Ammisaddai.
Numb NorSMB 7:67  Det han gav var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:68  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:69  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:71  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahiezer, son åt Ammisaddai.
Numb NorSMB 7:72  Ellevte dagen kom hovdingen yver Assers-sønerne, Pagiel, son åt Okran.
Numb NorSMB 7:73  Han og gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:74  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:75  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:77  og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Pagiel, son åt Okran.
Numb NorSMB 7:78  Tolvte dagen kom hovdingen yver Naftali-sønerne, Ahira, son åt Enan,
Numb NorSMB 7:79  og han gav og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 7:80  og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,
Numb NorSMB 7:81  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,
Numb NorSMB 7:83  og til takkofferet tvo naut og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahira, son åt Enan.
Numb NorSMB 7:84  Dette var vigslegåvorne frå Israels hovdingar då altaret vart salva: Tolv sylvfat var det og tolv sylvbollar og tolv gullskåler.
Numb NorSMB 7:85  Kvart sylvfat vog åtte merker, og kvar sylvbolle fire og ei halv mork; alle sylvkopparne i hop vog hundrad og femti merker etter heilag vegt.
Numb NorSMB 7:86  Dei tolv gullskålerne, som var fyllte med røykjelse, vog ti lodd kvar etter heilag vegt; alle gullskålerne i hop vog sju og ei halv mork.
Numb NorSMB 7:87  Av brennoffer-fe var det i alt tolv uksar og tolv verar og tolv årsgamle verlamb, med grjonoffer som til høyrde, og tolv geitebukkar til syndoffer,
Numb NorSMB 7:88  og av takkoffer-fe fire og tjuge uksar og seksti verar og seksti bukkar og seksti årsgamle verlamb. Det var vigslegåvorne som vart framborne då altaret var salva.
Numb NorSMB 7:89  Då so Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala med Herren, so høyrde han ei røyst som tala til honom frå romet yver lovtavlekista millom båe kerubarne - der tala Gud til honom.
Chapter 8
Numb NorSMB 8:2  «Tala til Aron, og seg til honom: «Når du set upp lamporne, so skal du laga det so at alle sju lamporne kastar ljoset frametter, på romet framanfor ljosestaken.»»
Numb NorSMB 8:3  Og Aron gjorde so: han sette upp lamporne so ljoset fall frametter, på romet framanfor ljosestaken, som Herren hadde sagt med honom.
Numb NorSMB 8:4  Ljosestaken var av drive gull; både leggen og kruna var drive arbeid. Etter det bilætet som Herren synte Moses, hadde dei gjort ljosestaken.
Numb NorSMB 8:6  «Du skal taka levitarne fram or Israels-folket og reinsa deim.
Numb NorSMB 8:7  So skal du fara åt når du reinsar deim: Du skal skvetta skiringsvatn på deim, og dei skal fara yver heile likamen sin med rakekniven, og två klædi sine, so dei er reine.
Numb NorSMB 8:8  So skal dei taka ein ung ukse og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, og til syndoffer skal du taka ein annan ung ukse.
Numb NorSMB 8:9  Du skal segja med levitarne, at dei skal koma hit til møtetjeldet, og so skal du kalla i hop heile Israels-lyden,
Numb NorSMB 8:10  og føra levitarne fram for Herrens åsyn. So skal Israels-sønerne leggja henderne på levitarne,
Numb NorSMB 8:11  og Aron skal vigja deim til Herren for Israels-folket på same visi som når han svinger offeret for Herrens åsyn; og sidan skal dei tena Herren; det skal vera deira kall.
Numb NorSMB 8:12  So skal levitarne leggja henderne på hovudet åt uksarne, og du skal ofra den eine til syndoffer og den andre til brennoffer åt Herren, og gjera soning for levitarne.
Numb NorSMB 8:13  So skal du då føra levitarne fram for Aron og sønerne hans, og vigja deim til Herren på same visi som når offeret vert svinga att og fram for Herrens åsyn.
Numb NorSMB 8:14  Du skal skilja levitarne ut ifrå hitt Israels-folket, og dei skal høyra meg til,
Numb NorSMB 8:15  og sidan, når du hev reinsa og vigt deim, skal dei koma og gjera tenesta i møtetjeldet.
Numb NorSMB 8:16  For dei er ei gåva til meg, ei gåva frå heile Israels-folket; eg valde meg deim i staden for det som kjem fyrst frå morsliv, alt det som er frumbore hjå Israels-folket.
Numb NorSMB 8:17  For mine er alle dei frumborne hjå Israels-folket, både folk og fe; den gongen eg slo i hel alt frumbore i Egyptarlandet, helga eg deim åt meg.
Numb NorSMB 8:18  Men no hev eg teke levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-borni;
Numb NorSMB 8:19  eg tok deim fram or Israels-folket, og gav deim til Aron og sønerne hans, på den måten at dei skulde greida tenesta i møtetjeldet for Israels-sønerne og gjera soning for deim, so Israels-sønerne ikkje skal koma innåt heilagdomen og soleis føra ulukka yver seg.»
Numb NorSMB 8:20  Moses og Aron og heile Israels-lyden gjorde i alle måtar so med levitarne som Herren hadde sagt med Moses.
Numb NorSMB 8:21  Og levitarne reinsa seg med skiringsvatnet, og tvo klædi sine, og Aron vigde deim for Herrens åsyn på same visi som når eit svingeoffer vert vigt, og gjorde soning for deim, so dei vart reine,
Numb NorSMB 8:22  og so kom dei og gjorde arbeidet sitt i møtetjeldet, for augo åt Aron og sønerne hans. Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde dei med levitarne.
Numb NorSMB 8:24  «Dette er lovi som gjeld for levitarne: Frå dei er fem og tjuge år gamle, skal dei standa i tenesta og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet;
Numb NorSMB 8:25  men so snart dei hev fyllt femti år, skal dei gjeva seg utor tenesta, og ikkje arbeida lenger.
Numb NorSMB 8:26  Dei kann vera brørne sine til hjelp i møtetjeldet med eitt og anna som er å gjera der, men dei skal ikkje hava fast tenesta. Soleis skal du skipa det med levitarne og tenesta deira.»
Chapter 9
Numb NorSMB 9:1  Året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses på Sinaiheidi, og sagde:
Numb NorSMB 9:2  «Israels-folket skal halda påskehelg på den tid som er sett:
Numb NorSMB 9:3  frå den fjortande dagen i denne månaden, solegladsbil, skal de høgtida påskehelgi si visse tid; alle dei lover og fyresegner som gjeld for påskehelgi, skal de fylgja.»
Numb NorSMB 9:4  Då tala Moses til Israels-sønerne, og sagde dei skulde høgtida påskehelgi,
Numb NorSMB 9:5  og so heldt dei påskehelg på Sinaiheidi den fjortande dagen i den fyrste månaden, solegladsbil; Israels-borni gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.
Numb NorSMB 9:6  Det var nokre menner som hadde vorte ureine av eit lik, og ikkje kunde halda høgtid den dagen; dei gjekk same dagen fram for Moses og Aron
Numb NorSMB 9:7  og sagde til honom: «Me hev vorte ureine av eit lik. Skal me for den skuld verta attsette, og ikkje få bera fram gåvorne våre for Herren i rett tid saman med hitt Israels-folket?»
Numb NorSMB 9:8  Då sagde Moses til deim: «Venta eit bil, so eg fer høyra kva Herren segjer um dette!»
Numb NorSMB 9:10  «Tala til Israels-sønerne, og seg: «Um nokon av dykk eller etterkomarane dykkar hev vorte ureine av lik, eller er på langferd, so skal dei like fullt halda påskehelg for Herren.
Numb NorSMB 9:11  Den fjortande dagen i den andre månaden, solegladsbil, skal dei eta påskelambet; attåt søtt brød og bitre urter skal dei eta det.
Numb NorSMB 9:12  Dei må ikkje leiva noko av det til morgonen, og ikkje brjota noko bein i det. Alle dei fyresegnerne som gjeld for påskehelgi, skal dei fylgja.
Numb NorSMB 9:13  Men den som er rein, og ikkje er ute og ferdast, og som endå let vera å halda påskehelg, han skal rydjast ut or ætti si, for di han ikkje hev bore fram gåvorne til Herren i rette tid; den mannen skal lida for syndi si.
Numb NorSMB 9:14  Og når ein framand som held til hjå dykk, vil halda påskehelg for Herren, so skal han og fylgja dei fyresegnerne og loverne som gjeld for påskehelgi. Det skal gjelda ei lov for dykk alle, for den framande so vel som den som den som er fødd og alen i landet.»»
Numb NorSMB 9:15  Den dagen gudshuset vart reist, sveipte skyi seg kringum huset, um tjeldet som gøymde Guds lov; men um kvelden var det som ein eld å sjå yver huset, og den heldt seg der alt til morgonen.
Numb NorSMB 9:16  Og soleis var det stødt: um dagen låg det ei sky yver gudshuset, og um natti ein eldsljoske.
Numb NorSMB 9:17  Og kvar gong skyi letta seg upp ifrå tjeldet, tok Israels-sønerne ut, og der som skyi let seg ned, der lægra dei seg;
Numb NorSMB 9:18  etter Herrens ord tok dei ut, og etter Herrens ord slo dei læger; men so lenge skyi låg yver gudshuset, heldt dei seg i lægret.
Numb NorSMB 9:19  Låg skyi lenge yver gudshuset, so retta Israels-borni seg etter det som Herren hadde sagt, og tok ikkje ut.
Numb NorSMB 9:20  Stundom låg skyi berre nokre få dagar yver gudshuset; då heldt dei seg i ro so lenge Herren vilde, og tok ut når han vilde.
Numb NorSMB 9:21  Stundom låg skyi der berre frå kveld til morgon; då tok dei ut um morgonen, med same skyi lyfte seg. Eller ho låg der ein dag og ei natt; når ho då hov seg upp, tok dei ut.
Numb NorSMB 9:22  Eller ho låg der eit par dagar, eller ein månad, eller endå lenger. Når skyi drygde so lenge, og vart liggjande yver gudshuset, heldt Israels-folket seg i lægret og tok ikkje ut; men so snart ho steig til vers, tok dei ut.
Numb NorSMB 9:23  Etter Herrens ord lægra dei seg, og etter Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje, soleis som Moses hadde sagt deim frå Herren.
Chapter 10
Numb NorSMB 10:2  «Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Deim skal du hava til å kalla lyden i hop med, og til å varsla folket når lægret skal flytjast.
Numb NorSMB 10:3  Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri;
Numb NorSMB 10:4  blæs de berre i ein, so skal styresmennerne, hovdingarne yver Israels-ætterne, samla seg hjå deg.
Numb NorSMB 10:5  Blæs de alarm, so skal dei flokkarne fara i veg som hev lægret sitt i aust;
Numb NorSMB 10:6  blæs de alarm andre venda, so skal dei som ligg i sud taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret;
Numb NorSMB 10:7  men når du vil kalla folket i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurarne, og ikkje blåsa alarm.
Numb NorSMB 10:8  Arons-sønerne, prestarne, er det som skal blåsa i deim. Dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk, frå ætt til ætt.
Numb NorSMB 10:9  Og når de fær ufred i landet, og fienden bryt på dykk, so skal de blåsa sterkt i lurarne; då skal Herren, dykkar Gud, koma dykk i hug, so de vert berga for uvenerne.
Numb NorSMB 10:10  Og på glededagarne dykkar og høgtiderne og nymånedagarne skal de låta i lurarne til brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk. Eg, Herren, er dykkar Gud.»
Numb NorSMB 10:11  Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå gudshuset,
Numb NorSMB 10:12  Då tok Israels-sønerne ut frå Sinaiheidi, flokk for flokk, etter som dei var fylkte; og skyi let seg ned att i Paranheidi.
Numb NorSMB 10:13  Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for deim.
Numb NorSMB 10:14  Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken;
Numb NorSMB 10:15  yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar,
Numb NorSMB 10:17  Kvar gong gudshuset var teke ned, for Gersons-sønerne og Merari-sønerne i veg, dei som førde huset.
Numb NorSMB 10:18  So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede’ur, som stod yver Rubens-flokken;
Numb NorSMB 10:19  yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai,
Numb NorSMB 10:21  So tok Kahats-sønerne i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine reist huset.
Numb NorSMB 10:22  So tok Efraims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efraims-flokken;
Numb NorSMB 10:23  yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur,
Numb NorSMB 10:24  og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni.
Numb NorSMB 10:25  So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk: Dei var attarst i fylkingi. Det var Ahiezer, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken;
Numb NorSMB 10:28  Soleis var Israels-sønerne fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei skulde taka ut,
Numb NorSMB 10:29  sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»
Numb NorSMB 10:30  «Nei,» svara Hobab, «eg vil fara heim til mitt eige land og folk.»
Numb NorSMB 10:31  «Kjære væne, gakk ikkje frå oss!» sagde Moses. «Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt!
Numb NorSMB 10:32  Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt, når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss.»
Numb NorSMB 10:33  So for dei då frå Gudsfjellet tri dagsleider fram, og Herrens sambandskista for fyre deim alle tri dagarne, og leita etter ein kvilestad for deim.
Numb NorSMB 10:34  Herrens sky stod yver deim um dagen, når dei for ifrå lægret.
Numb NorSMB 10:35  Og kvar gong kista tok i veg, kvad Moses: «Reis deg, Herre, so fienden ryk og uvenern’ dine rømer for deg!»
Numb NorSMB 10:36  Og når ho let seg ned, kvad han: «Herre, kom atter til alle dei tusund Israels-ætter!»
Chapter 11
Numb NorSMB 11:1  Det var ein gong folket klaga seg for Herren, liksom dei leid vondt. Då Herren høyrde det, vart han harm, og elden hans slo ned millom deim, og herja i den eine enden av lægret.
Numb NorSMB 11:2  Då ropa folket på Moses, og Moses bad til Herren for deim; so slokna elden av.
Numb NorSMB 11:3  Sidan kalla dei den staden Tabera, av di Herrens eld slo ned millom deim.
Numb NorSMB 11:4  Men herkemugen, som var med deim, fyste etter annan kost; då for Israels-folket og til å jamra seg att, og sagde: «Gud gjev me hadde kjøt å eta!
Numb NorSMB 11:5  Me saknar fisken som me fekk kostelaust i Egyptarland, og agurkarne og melonorne og purren og kvitlauken og skarlauken;
Numb NorSMB 11:6  her turkar me reint upp; me ser ikkje anna for augo enn manna.»
Numb NorSMB 11:7  Manna var likt korianderfrø og på lit som bedolahkvåda.
Numb NorSMB 11:8  Folket for utyver og sanka det, og mol det på handkvern eller støytte det sund i mortlar. Sidan saud dei det i gryta, og laga kakor av det; då smaka det som sukkerbrød med olje i.
Numb NorSMB 11:9  Når dalskoddi seig ned yver lægri um natti, fylgde det manna med.
Numb NorSMB 11:10  Då Moses høyrde gråt frå kvart einaste hus, og såg at Herren var fælande harm, tykte han det var ilt,
Numb NorSMB 11:11  og sagde til Herren: «Kvi hev du fare so hardt med tenaren din? Kvi hev du so lite godhug for meg at du vil leggja på meg slik ei byrd som å syta for heile dette folket?
Numb NorSMB 11:12  Hev då eg gjeve deim livet eller sett deim inn i verdi, sidan du segjer med meg at eg skal halda deim på armen, som barnfostren held eit sugebarn, og bera deim fram til det landet du hev lova federne deira?
Numb NorSMB 11:13  Kvar skal eg taka kjøt frå til heile dette folket? For dei heng yver meg med gråt, og segjer: «Gjev oss kjøt, so me fær eta!»
Numb NorSMB 11:14  Ikkje kann eg åleine syta for heile dette folket; det er meir enn eg orkar.
Numb NorSMB 11:15  Vil du fara so med meg, so drep meg heller med ein gong, so sant du vil meg vel, og lat meg ikkje sjå mi eigi ulukka.»
Numb NorSMB 11:16  Då sagde Herren til Moses: «Kalla meg i hop sytti av dei gildaste menner i Israel, deim som du veit er dei gjævaste millom folket og formenner for deim! Tak deim so med deg til møtetjeldet og lat deim standa der hjå deg,
Numb NorSMB 11:17  so vil eg koma ned og tala med deg der, og eg vil lata deim og få av den åndi som er yver deg, so dei kann hjelpa deg og bera all den tyngsla du hev av folket, og du ikkje tarv bera henne åleine.
Numb NorSMB 11:18  Og til folket skal du segja: «Helga dykk til i morgon, so skal de få kjøt å eta, etter di de jamra dykk for Herren og sagde: «Gud gjeve me hadde kjøt! Å kor godt me livde i Egyptarland!» No vil Herren gjeva dykk kjøt, som de skal eta av,
Numb NorSMB 11:19  og det ikkje ein dag, eller tvo eller fem eller ti eller tjuge dagar,
Numb NorSMB 11:20  men ein heil månad, til de byd dykk imot, so det lyt gjeva det upp att, for di de mismætte Herren som er midt imillom dykk, og jamra dykk for honom, og sagde: «Kvi for me då frå Egyptarland?»»»
Numb NorSMB 11:21  «Seks hundrad tusund gangføre menner er det folket som eg fylgjest med,» svara Moses, «og du segjer at du vil gjeva deim kjøt so dei hev mat for ein heil månad!
Numb NorSMB 11:22  Skal me slagta so mange sauer og naut at det rekk til for deim, eller skal all fisken i havet sankast i hop so dei fær nok?»
Numb NorSMB 11:23  Då sagde Herren til Moses: «Rekk ikkje Herrens arm so langt som han vil? No skal du få sjå um det ikkje gjeng som eg hev sagt.»
Numb NorSMB 11:24  So gjekk Moses ut, og kunngjorde Herrens ord for folket, og han kalla saman sytti av dei gjævaste mennerne i lyden, og bad deim standa rundt ikring møtetjeldet.
Numb NorSMB 11:25  Og Herren for ned i skyi, og tala til Moses, og let dei sytti gjæve mennerne få av den åndi som var yver honom. Då hende det at med same åndi let seg ned yver deim, tala dei profetord, men sidan gjorde dei det ikkje.
Numb NorSMB 11:26  Det var tvo menner som hadde vorte att i lægret; den eine heitte Eldad og den andre Medad. På deim let åndi seg og ned; for dei høyrde til deim som var uppskrivne, men dei hadde ikkje gjenge ut til møtetjeldet, og no tala dei profetord i lægret.
Numb NorSMB 11:27  Og ein svein kom springande med bod til Moses og sagde: «Eldad og Medad talar profetord i lægret.»
Numb NorSMB 11:28  Då tok Josva frami, han som hadde vore fylgjesveinen åt Moses alt ifrå ungdomen, og sagde: «Herre Moses, forbyd deim dette!»
Numb NorSMB 11:29  «Er du åbru for mi skuld?» svara Moses. «Eg vilde at heile Herrens folk kunde tala profetord, og at Herren sende sin Ande yver deim!»
Numb NorSMB 11:30  Då Moses vel var komen attende til lægret saman med Israels hovdingar,
Numb NorSMB 11:31  so sende Herren ein vind som førde enghønor inn ifrå havet, og støytte deim ned yver lægret og markerne rundt ikring, so vidt som ei dagsleid i firkant. Dei flaug so lågt at dei ikkje var meir enn eit par alner frå marki,
Numb NorSMB 11:32  og folket var ute heile den dagen og heile natti og heile den andre dagen og samla deim inn; ingen sanka mindre enn eit tjug tunnor, og dei breidde deim utyver rundt ikring lægret.
Numb NorSMB 11:33  Medan dei endå åt av kjøtet - det var ikkje ende - loga Herrens vreide upp att, og han sende ein øgjeleg manndaude yver deim.
Numb NorSMB 11:34  Difor kallar dei den staden Kibrot-Hatta’ava; for der vart dei jorda dei som hadde vore so fysne.
Numb NorSMB 11:35  Frå Kibrot-Hatta’ava for folket til Haserot, og der vart dei verande ei tid.
Chapter 12
Numb NorSMB 12:1  Mirjam, og Aron med, tala ille um Moses for den ætiopkvinna skuld, som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei ætiopisk kvinna -
Numb NorSMB 12:2  og dei sagde: «Er det då berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og?» Og Herren høyrde det.
Numb NorSMB 12:3  No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneskje på jordi.
Numb NorSMB 12:4  Men Herren sagde brått til Moses og til Aron og til Mirjam: «Gakk ut til møtetjeldet alle tri!» So gjekk dei dit alle tri.
Numb NorSMB 12:5  Og Herren for ned i ein skystopul, og stod i tjelddøri og ropa: «Aron og Mirjam!» Då gjekk dei ut båe tvo.
Numb NorSMB 12:6  Og han sagde: «Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet millom dykk, so ter eg, Herren, meg for honom i syner, og talar med honom i draumar.
Numb NorSMB 12:7  Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; honom lit eg so på, at eg hev sett honom yver heile mitt hus.
Numb NorSMB 12:8  Munn til munn talar eg med honom, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herren i rette hamen hans skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, min tenar?»
Numb NorSMB 12:9  Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt.
Numb NorSMB 12:10  Då skyi hadde kvorve burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk, og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.
Numb NorSMB 12:11  Då sagde han til Moses: «Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for mykje for syndi og dårskapen vår!
Numb NorSMB 12:12  Lat henne ikkje verta som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet!»
Numb NorSMB 12:13  Då ropa Moses til Herren og sagde: «Å kjære, kjære Gud, gjer henne god att!»
Numb NorSMB 12:14  Og Herren sagde til Moses: «Hadde far hennar sputta henne i andlitet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal dei stengja henne ute frå lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att!»
Numb NorSMB 12:15  So stengde dei Mirjam ute frå lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad, fyrr dei hadde teke henne inn att.
Numb NorSMB 12:16  Sidan tok folket ut frå Haserot, og slo læger i Paranheidi.
Chapter 13
Numb NorSMB 13:2  «Send ut folk til å forfara Kana’ans-landet, som eg vil gjeva Israels-borni! Ein mann for kvar ætt skal de senda, og alle skal vera av dei fremste mennerne deira.»
Numb NorSMB 13:3  So sende Moses folk ut frå Paranheidi, som Herren hadde sagt, og dei han sende var alle av dei gjævaste mennerne i Israel.
Numb NorSMB 13:4  Dei heitte: Sammua, son åt Sakkur, av Rubens-ætti;
Numb NorSMB 13:11  Gaddi, son åt Susi, av Josefs-ætti, av Manasse-greini;
Numb NorSMB 13:16  Det var dei mennerne som Moses sende ut til å rundfara landet; men Hosea, son åt Nun, kalla han Josva.
Numb NorSMB 13:17  Han sende dei på njosningsferd til Kana’ans-landet, og sagde til deim: «Far upp her, til Sudlandet, og tak upp i fjellet,
Numb NorSMB 13:18  og sjå korleis landet er laga, og um folket som bur der er sterkt eller veikt, um dei er få eller mange,
Numb NorSMB 13:19  og um landet deira er godt eller låkt, og kva slag byar dei bur i, um der er læger eller borger,
Numb NorSMB 13:20  og um jordi er feit eller skrinn, og um der er tre eller ikkje. Ver trøystuge, og tak med dykk noko av frukti i landet!» Det var då i det bilet druvorne for til å mogna.
Numb NorSMB 13:21  So tok dei av stad, og endefor landet, alt ifrå Sinheidi til Rehob, som ligg innmed vegen til Hamat.
Numb NorSMB 13:22  Dei for upp til Sudlandet og kom til Hebron. Der budde Ahiman og Sesai og Talmai, Anaks-sønerne - Hebron var bygt sju år fyre Soan i Egyptarland. -
Numb NorSMB 13:23  So kom dei til Eskoldalen. Der skar dei ei vintregrein med ein druvekrans, som tvo mann laut bera millom seg på ei stong, og so nokre granateple og fikor.
Numb NorSMB 13:24  Den staden vart sidan heitande Eskoldalen, etter den druvekransen som Israels-sønerne skar av der.
Numb NorSMB 13:25  Då det leid av fyrti dagar, kom dei att, og hadde endefare landet.
Numb NorSMB 13:26  Dei fann Moses og Aron og heile Israels-lyden i Paranheidi, i Kades, og gav fråsegn um det dei hadde set, og synte deim frukterne frå Kana’ans-landet.
Numb NorSMB 13:27  «Me kom til det landet du sende oss til,» sagde dei til Moses, «og det er visst at det landet fløymer med mjølk og honning, og her ser de frukterne som veks der.
Numb NorSMB 13:28  Men folket som bur der, er sterkt, og byarne store, med svære murar ikring. Anaks-sønerne såg me der og,
Numb NorSMB 13:29  og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»
Numb NorSMB 13:30  Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga på deim, og sagde: «Jau, me vil fara dit, og leggja landet under oss; me kann godt taka det.»
Numb NorSMB 13:31  Men dei mennerne som hadde vore med honom, sagde: «Me torer ikkje ganga imot dette folket; dei er oss for sterke.»
Numb NorSMB 13:32  Og dei lasta burt landet for Israels-folket, og sagde: «Det landet me for igjenom og skoda, er eit land til å øyda ut folk; og alle me såg der, var kjempekarar;
Numb NorSMB 13:33  der såg me risarne, Anaks-sønerne, som er av riseætt, og mot deim tyktest me å vera berre som engsprettor, og so tykte dei og.»
Chapter 14
Numb NorSMB 14:1  Då skreik alt folket yver seg, og dei gret heile natti.
Numb NorSMB 14:2  Og alle Israels-borni, heile lyden, mukka mot Moses og Aron, og sagde: «Gud gjeve me hadde døytt i Egyptarlandet eller her i øydemarki - å Gud gjeve me hadde døytt!
Numb NorSMB 14:3  Kvi vil Herren føra oss til dette landet, so me vert nedhogne, og konorne og borni våre vert fangar? Er det ikkje betre for oss å fara attende til Egyptarland?»
Numb NorSMB 14:4  Og dei sagde seg imillom: «Me vil taka oss ein hovding, og fara attende til Egyptarland!»
Numb NorSMB 14:5  Då kasta Moses og Aron seg ned på jordi for augo åt heile Israels-lyden;
Numb NorSMB 14:6  og Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som hadde vore med og forfare Kana’ans-landet, reiv sund klædi sine
Numb NorSMB 14:7  og tala til heile Israels-lyden, og sagde: «Det landet som me hev fare igjenom og skoda, er eit ovgodt land.
Numb NorSMB 14:8  Er Gud oss god, so fører han oss fram til landet, og gjev oss det; det er eit land som fløymer med mjølk og honning.
Numb NorSMB 14:9  Set dykk berre ikkje upp mot Gud, og ver ikkje rædde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje rædde!»
Numb NorSMB 14:10  Då vilde heile lyden steina deim; men Herrens herlegdom synte seg i møtetjeldet for heile Israels-folket.
Numb NorSMB 14:11  Og Herren sagde til Moses: «Kor lenge vil dette folket hæda og vanvyrda meg? Kor lenge vil dei mistru meg, endå so mange teikn som eg hev gjort millom deim?
Numb NorSMB 14:12  Men no vil eg søkja deim med sott, og rydja deim ut, og so vil eg gjera di ætt til eit større og sterkare folk enn dei er.»
Numb NorSMB 14:13  Då sagde Moses til Herren: «Skal då egyptarane få spyrja slikt? dei som du førde dette folket burt i frå i ditt velde!
Numb NorSMB 14:14  Skal dei få det å tala um med folk her i landet, som hev høyrt at du, Herre, er midt imillom dette folket, og syner deg for deim, andlit til andlit, du, Herre, og at skyi di held seg yver deim, og at du gjeng fyre deim i ein skystopul um dagen og i ein eldstopul um natti?
Numb NorSMB 14:15  Slær du no dette folket i hel, som det var ein mann, so kjem dei folki som hev høyrt ordet um deg til å segja:
Numb NorSMB 14:16  «Herren magta ikkje å føra dette folket fram til det landet han hadde lova deim, og so drap han deim ned i øydemarki.»
Numb NorSMB 14:17  Men syn deg no i ditt velde, Herre, som du lova då du sagde:
Numb NorSMB 14:18  «Herren er tolug og rik på nåde. Han tilgjev brot og misgjerningar; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og på barnebarns-borni og borni etter deim.»
Numb NorSMB 14:19  Tilgjev då av di store nåde broti åt dette folket, liksom du hev havt tolmod med deim heile vegen, frå Egyptarland og hit!»
Numb NorSMB 14:20  Då sagde Herren: «Eg skal gjeva deim til, som du bed um.
Numb NorSMB 14:21  Men so vist som eg liver og Herrens herlegdom fyller heile jordi:
Numb NorSMB 14:22  ingen av deim som hev set herlegdomen min og dei teikni eg gjorde i Egyptarland og i øydemarki, og som like vel hev freista meg gong på gong, og aldri vilde lyda på ordi mine -
Numb NorSMB 14:23  ingen av deim skal sjå det landet eg hev lova federne deira; ingen av deim som hev hædt og vanvyrdt meg, skal få sjå det.
Numb NorSMB 14:24  Men Kaleb, tenaren min, vil eg fylgja til det landet han hev vore i, og ætti hans skal få det til eiga; for honom er det ein annan hug i, og han hev halde seg trutt etter meg.
Numb NorSMB 14:25  Amalekitarne og kananitarne bur her i dalen; difor lyt de i morgon venda um, og taka ut i øydemarki, den vegen som ber til Raudehavet.»
Numb NorSMB 14:26  Og Herren tala meir til Moses og Aron, og sagde:
Numb NorSMB 14:27  «Kor lenge skal denne vonde lyden halda på å mukka mot meg? Eg hev nok høyrt korleis Israels-sønerne murrar og mukkar imot meg.
Numb NorSMB 14:28  Seg til deim: «So vist som eg liver,» segjer Herren: «det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få.
Numb NorSMB 14:29  Her i øydemarki skal beini dykkar liggja, alle de som vart mynstra, heile flokken, so mange som er yver tjuge år gamle og hev sett seg upp imot meg;
Numb NorSMB 14:30  ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg rette handi i veret på at eg vilde gjeva dykk til bustad - ingen utan Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.
Numb NorSMB 14:31  Småborni dykkar, som de spådde skulde falla i fiendehand, deim vil eg fylgja dit, og dei skal verta heime i det landet som de hev vanda.
Numb NorSMB 14:33  og sønerne dykkar skal gjæta i heiderne i fyrti år, og lida for utruskapen dykkar, til beini dykkar hev morkna i øydemarki.
Numb NorSMB 14:34  Likso mange dagar som de for yver Kana’ans-landet, likso mange år skal de lida for broti dykkar, fyrti år, eit år for kvar dag, og de skal få kjenna korleis det er når eg vender meg frå dykk.
Numb NorSMB 14:35  Det segjer eg, Herren: So vil eg gjera med heile denne vonde lyden, som hev slege seg i hop mot meg; i denne øydemarki skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.»»
Numb NorSMB 14:36  Dei mennerne som Moses hadde sendt ut til å forfara Kana’ans-landet, og som spreidde låke tiender um det då dei kom att, og fekk heile lyden til å setja seg upp imot Moses,
Numb NorSMB 14:37  desse mennerne, som hadde lasta burt landet, dei døydde brått for Herrens åsyn.
Numb NorSMB 14:38  Av alle deim som hadde fare på njosningsferd til Kana’ans-landet, var det berre Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som fekk liva.
Numb NorSMB 14:39  Og Moses bar Herrens ord fram for Israels-folket. Då angra dei sårt,
Numb NorSMB 14:40  og dagen etter, i otta, tok dei uppetter til høgfjellet, og sagde: «Sjå her er me og vil fara upp til den staden som Herren hev sagt; for me hev synda.»
Numb NorSMB 14:41  Då sagde Moses: «Kvi vil de då gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast.
Numb NorSMB 14:42  Far ikkje dit! For Herren er ikkje med dykk. De kjem berre til å rjuka for fienden.
Numb NorSMB 14:43  For der møter de amalekitarne og kananitarne, og då vert de nedhogne, etter di de hev vike frå Herren, og han ikkje er med dykk.»
Numb NorSMB 14:44  Like vel var dei so uvyrdne at dei styrmde av stad til høgfjellet. Men Herrens sambandskista og Moses flutte seg ikkje frå lægret.
Numb NorSMB 14:45  Og amalekitarne og kananitarne, som budde på det fjellet, kom ned, og slo deim og jaga deim frå einannan, og elte deim alt til Horma.
Chapter 15
Numb NorSMB 15:2  «Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet de skal bu og byggja i, det som eg vil gjeva dykk,
Numb NorSMB 15:3  og de lagar til offermat for Herren - brennoffer eller slagtoffer av storfe eller småfe, til godange for Herren - anten det er ein lovnad de vil løysa, eller ei gåva det gjev i godvilje, eller eit høgtidsoffer,
Numb NorSMB 15:4  so skal det attåt offeret som de ber fram for Herren, koma med eit grjongåva, og det skal vera ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna olje,
Numb NorSMB 15:5  og til drykkoffer skal du gjeva ei halvkanna vin attåt brenn- eller slagtofferet, dersom det er eit lamb;
Numb NorSMB 15:6  er det ein ver, so skal du til grjonoffer gjeva tvo kannor fint mjøl, blanda med tvo pottar olje,
Numb NorSMB 15:7  og til drykkoffer skal du bera fram tvo pottar vin; då er det eit offer som angar godt for Herren.
Numb NorSMB 15:8  Ofrar de ein ung ukse til brennoffer eller slagtoffer, anten det er ein lovnad de vil løysa, eller eit takkoffer til Herren,
Numb NorSMB 15:9  so skal du attåt uksen bera fram tri kannor fint mjøl, blanda med ei kanna olje, til grjonoffer,
Numb NorSMB 15:10  og til drykkoffer ei kanna vin; då er det ein offerrett som gjev god ange for Herren.
Numb NorSMB 15:11  Soleis skal de gjera for kvar ukse og ver og for kvart lamb eller kid
Numb NorSMB 15:13  Alle som er fødde og borne i landet, skal gjera so som eg no hev sagt, når dei vil bera fram ein offerrett til godange for Herren.
Numb NorSMB 15:14  Er det nokon framand som held til hjå dykk, eller i framtidi kjem til å bu millom dykk, og vil bera fram ein offerrett til godange for Herren, so skal han gjera like eins som de.
Numb NorSMB 15:15  Det gjeld same retten for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som bur i landet dykkar; det er ei lov som skal gjelda for alle tider at dei framande skal vera som de sjølve for Herrens åsyn.
Numb NorSMB 15:16  Ei lov og ein rett skal vera for dykk og for dei framande som bur hjå dykk.»»
Numb NorSMB 15:18  «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de kjem til det landet som eg vil føra dykk til,
Numb NorSMB 15:19  og et av den maten de avlar der, so skal de koma med ei reida til Herren:
Numb NorSMB 15:20  Av det fyrste gropet de mel, skal de bera fram ei kaka til reida for Herren, liksom de ber fram reida frå treskjarstanden -
Numb NorSMB 15:21  av det fyrste malingi skal de all tid gjeva Herren ei reida.
Numb NorSMB 15:22  Fer de i mist, og gløymer noko av dei bodi som Herren hev gjeve Moses,
Numb NorSMB 15:23  og som Moses hev kunngjort for dykk, anten no, med same Herren hev gjeve bodet, eller seinare frametter tidi,
Numb NorSMB 15:24  og det er uviljande gjort, og lyden uvitande, so skal heile lyden bera fram ein ung ukse til brennoffer og godange for Herren, med grjonoffer og drykkoffer som til høyrer, soleis som det er fyresagt, og ein geitebukk til syndoffer,
Numb NorSMB 15:25  og presten skal gjera soning for heile Israels-lyden; då skal dei få tilgjeving etter di det var uviljande gjort, og dei hev kome til Herren med offergåva si og bore fram syndofferet sitt til bot for si misferd.
Numb NorSMB 15:26  Både heile Israels-lyden og dei framande som bur millom deim, skal få tilgjeving. For heile folket var saka i misferdi.
Numb NorSMB 15:27  Er det ein einskildmann som uviljande hev synda, so skal han bera fram ei årsgamall geit til syndoffer.
Numb NorSMB 15:28  Og presten skal beda til Herren for den som uviljande hev misfare seg og synda, og gjera soning for honom, so skal han få tilgjeving.
Numb NorSMB 15:29  Dette gjeld både for den som er fødd og boren millom Israels-folket og for den framande som bur millom deim. Det gjeld same retten for dykk alle, når de uviljande gjer noko gale.
Numb NorSMB 15:30  Men den som med vilje gjer noko vondt, anten det er eit heimemenneskje eller ein framand, han hæder Gud og skal rydjast ut or folket sitt;
Numb NorSMB 15:31  for han hev vanvyrdt Herrens ord og brote bodet hans: den mannen skal rydjast ut; han skal lida for brotet sitt.»»
Numb NorSMB 15:32  Då Israels-folket var i øydemarki, råka dei ein gong ein mann som sanka ved ein helgedag.
Numb NorSMB 15:33  Dei som kom yver honom medan han sanka veden, førde honom fram for Moses og Aron og heile lyden.
Numb NorSMB 15:34  Og dei sette honom fast; for det var ikkje gjeve noko serskilt bod um kva som skulde gjerast med honom.
Numb NorSMB 15:35  Då sagde Herren til Moses: «Mannen skal lata livet: Heile lyden skal steina honom utanfor lægret.»
Numb NorSMB 15:36  So førde heile lyden honom ut til ein stad utanfor lægret, og steina honom i hel, soleis som Herren hadde sagt til Moses.
Numb NorSMB 15:38  «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim, at dei skal gjera seg duskar og hava i snipparne på klædi sine, både dei og etterkomarane deira, og i kvar dusk skal dei setja ei purpursnor.
Numb NorSMB 15:39  Dei duskarne skal de hava til prydnad, og når de ser på deim, skal de minnast alle Herrens bod og halda dykk etter deim, so de ikkje fer hit og dit etter som hjarta og augo segjer dykk til; for dei lokkar dykk jamleg til utruskap.
Numb NorSMB 15:40  Det er so de skal koma i hug å halda alle bodi mine og vera heilage for dykkar Gud.
Numb NorSMB 15:41  Eg er Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og vil vera dykkar Gud. Eg, Herren, er dykkar Gud.»
Chapter 16
Numb NorSMB 16:1  Korah, son åt Jishar Kahatsson av Levi-ætti, og Datan og Abiram, sønerne hans Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætti tok til å yppa seg mot Moses,
Numb NorSMB 16:2  og saman med dei tvo hundrad og femti av dei øvste i Israels-lyden, som var kåra til tingmenner, og hadde eit godt namn.
Numb NorSMB 16:3  Dei slo seg i hop mot Moses og Aron, og sagde til deim: «No lyt det vera nok! Heile lyden er heilag, alle saman, og Herren er midt imillom deim; kvi vil då de all tid halda dykk gildare enn Herrens lyd?»
Numb NorSMB 16:4  Då Moses høyrde det, kasta han seg ned på jordi.
Numb NorSMB 16:5  Og han tala til Korah og heile flokken hans, og sagde: «I morgon vil Herren syna kven som er hans folk, og kven som er heilag og kann koma inn til honom, og dei som han då vel, skal få koma inn til honom.
Numb NorSMB 16:6  Gjer no so, du Korah og heile flokken din: Tak i morgon med dykk glodfat,
Numb NorSMB 16:7  og hav eld i deim, og legg røykjelse på elden for Herrens åsyn, og den som Herren vel, han skal vera heilag. Lat so det vera nok, de Levi-søner!»
Numb NorSMB 16:8  Og endå sagde Moses til Korah: «Høyr no, de Levi-søner!
Numb NorSMB 16:9  Er de ikkje nøgde med at Israels Gud hev skilt dykk ut frå Israels-lyden, so de skulde vera næmare honom og greida arbeidet i Herrens hus, og ganga lyden til handa?
Numb NorSMB 16:10  Han hev teke deg og alle brørne dine, Levi-sønerne, innåt seg, og no trår de etter preste-embættet og?
Numb NorSMB 16:11  Det er mot Herren de hev slege dykk i hop, du og heile flokken din; for kva er Aron? Kann det vera verdt å setja seg upp i mot honom?»
Numb NorSMB 16:12  So sende Moses bod etter Datan og Abiram, sønerne hans Eliab; men dei svara: «Me kjem ikkje!
Numb NorSMB 16:13  Er det ikkje nok at du lokka oss burt frå eit land som fløymer med mjølk og honning, so me skulde døy i øydemarki? Vil du no attpå råda og rikja yver oss?
Numb NorSMB 16:14  Ikkje heller hev du ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, og gjeve oss åkrar og aldehagar til eiga! Trur du då du kann synkverva desse mennerne? Me kjem ikkje!»
Numb NorSMB 16:15  Då vart Moses brennande harm, og han sagde til Herren: «Ansa ikkje offeret deira! Ikkje so mykje som eit asen hev eg teke frå deim, og ingen av deim hev eg gjort noko til meins.»
Numb NorSMB 16:16  So sagde han til Korah: «Møt no fram for Herrens åsyn i morgon, du og heile flokken din! Aron skal og møta fram,
Numb NorSMB 16:17  og de skal taka kvar sitt glodfat og leggja røykjelse på deim, og bera deim fram for Herrens åsyn, tvo hundrad og femti glodfat, og du og Aron skal og taka kvar sitt glodfat.»
Numb NorSMB 16:18  So tok dei kvar sitt glodfat, og hadde eld i deim, og lagde røykjelse på og stod i møtetjelddøri, og det same gjorde Moses og Aron;
Numb NorSMB 16:19  og Korah samla heile lyden imot dei framanfor møtetjelddøri. Då synte Herrens herlegdom seg for heile lyden.
Numb NorSMB 16:21  «Skil dykk frå denne lyden, so skal eg gjera ende på deim, so fort som ein blunkar med auga.»
Numb NorSMB 16:22  Men dei kasta seg på kne, og sagde: «Allvelduge Gud, du som råder yver alle manneliv, vert du vill på heile lyden, for di ein mann syndar?»
Numb NorSMB 16:24  «Seg til folket at dei skal hava seg burt frå bustaden åt Korah og Datan og Abiram og frå alt som derikring er!»
Numb NorSMB 16:25  So reiste Moses seg upp og gjekk burt til Datan og Abiram, og Israels hovdingar fylgde honom.
Numb NorSMB 16:26  Og han tala til folket, og sagde: «Gakk burt frå husi åt desse gudlause mennerne, og kom ikkje innåt noko som høyrer deim til; elles kjem de og til å lida for alle synderne deira!»
Numb NorSMB 16:27  Då flutte dei seg burt frå buderne åt Korah og Datan og Abiram og alt som var ikring um. Men Datan og Abiram kom ut og stod i buddøri med konorne sine og borni, både store og små.
Numb NorSMB 16:28  Og Moses sagde: «Dette skal de hava til merke på at Herren hev sendt meg til å gjera alle desse verki, og at det ikkje er av meg sjølv eg gjer det:
Numb NorSMB 16:29  dersom desse døyr på same vis som anna folk, og møter lagnaden som alle andre menneskje, so hev Herren ikkje sendt meg;
Numb NorSMB 16:30  men dersom Herren let henda noko som aldri fyrr hev hendt, dersom jordi let upp gapet sitt, og gløyper deim og alt som deira er, so dei fer livande ned i helheimen, so veit de at desse mennerne hev spotta Herren.»
Numb NorSMB 16:31  Ikkje fyrr hadde han sagt dei ordi, so rivna grunnen under føterne deira;
Numb NorSMB 16:32  jordi let upp gapet sitt, og gløypte deim og husi deira og alt folket hans Korah og alt det dei åtte.
Numb NorSMB 16:33  Dei for livande ned i helheimen med alt som deira var, jordi gøymde deim, og dei kvarv burt or lyden.
Numb NorSMB 16:34  Og heile Israel, som stod rundt ikring, rømde då dei høyrde skriket deira; dei var rædde jordi skulde gløypa deim med.
Numb NorSMB 16:35  So for det eld ut frå Herren, og brende upp dei tvo hundrad og femti mennerne som hadde bore fram røykjelse.
Numb NorSMB 16:37  «Seg til Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, at han skal taka upp glodfati som ligg att der elden hev fare, og strå glørne vidt utyver! For heilage er dei,
Numb NorSMB 16:38  glodfati åt desse mennerne som laut lata livet for syndi si; de skal hamra dei ut til plator, og klæda altaret med deim. Dei hev vorte framborne for Herrens åsyn; difor er dei heilage, og skal vera eit varsl for Israels-borni.»
Numb NorSMB 16:39  Og Eleazar, presten, gjorde som Moses hadde sagt honom frå Herren: han tok koparfati som dei hadde bore fram dei mennerne som brann upp, og smedarne hamra plator av deim til å klæda altaret med,
Numb NorSMB 16:40  so Israels-borni skulde koma i hug at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, må ganga fram og brenna røykjelse for Herrens åsyn; elles kjem han til å fara same ferdi som Korah og hans flokk.
Numb NorSMB 16:41  Dagen etter mukka heile Israels-lyden mot Moses og Aron, og sagde: «Det er de som hev drepe Herrens folk!»
Numb NorSMB 16:42  og ålmugen tok til å samla seg mot deim. Moses og Aron vende seg mot møtetjeldet; då såg dei at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren skein fram.
Numb NorSMB 16:45  «Sjå til å koma dykk burt frå denne hopen, so skal eg tyna dei i ein augneblink!» Då kasta dei seg på kne,
Numb NorSMB 16:46  og Moses sagde til Aron: «Tak glodfatet; legg i gløder frå altaret, og hav røykjelse uppå, og skunda deg so burt til lyden med det, og gjer soning for deim! For Herren hev slept harmen sin laus - sotti er komi!»
Numb NorSMB 16:47  Aron gjorde som Moses sagde, og tok glodfatet og sprang midt inn i flokken; sotti hadde då alt teke til å herja millom folket. So lagde han røykjelsen på gløderne, og bad ei soningsbøn for folket,
Numb NorSMB 16:48  med han stod der millom daude og livande. Då stana sotti;
Numb NorSMB 16:49  men det var fjortan tusund og sju hundrad som døydde i den sotti, umfram deim som miste livet for Korahs skuld.
Numb NorSMB 16:50  Då sotti hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møtetjelddøri.
Chapter 17
Numb NorSMB 17:2  «Tala til Israels-sønerne, og få tolv stavar av deim, ein for kvar ætt; av kvar ættarhovding skal du få ein stav, og på den skal du rita namnet hans.
Numb NorSMB 17:3  Og Arons namn skal du setja på staven åt Levi-sønerne; for ein av stavarne skal deira ættarhovding hava.
Numb NorSMB 17:4  So skal du leggja stavarne i møtetjeldet, framfyre kunngjeringskista, der som eg er van å møtast med dykk.
Numb NorSMB 17:5  Då skal han bløma, staven åt den eg vel ut - so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plågar dykk med.»
Numb NorSMB 17:6  So tala Moses til Israels-borni, og hovdingarne gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom deim var staven hans Aron.
Numb NorSMB 17:7  Og Moses lagde stavarne ned framfor Herrens åsyn i kunngjeringstjeldet.
Numb NorSMB 17:8  Då han so andre dagen kom inn i kunngjeringstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast, og skote knuppar, og sett blom, og fenge mogne mandlar.
Numb NorSMB 17:9  Då tok han alle stavarne, og bar deim ut or heilagdomen, og synte deim åt alle Israels-borni, og då dei hadde set deim, tok kvar sin stav.
Numb NorSMB 17:10  Og Herren sagde til Moses: «Ber Arons stav inn att, og legg honom frammed kunngjeringskista! Der skal han gøymast til ei åtvaring for dei ulyduge; for held dei ikkje upp med å mukka imot meg, so skal dei døy.»
Numb NorSMB 17:11  Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt med honom, so gjorde han.
Numb NorSMB 17:12  Men Israels-borni sagde til Moses: «Sjå no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!
Numb NorSMB 17:13  Kjem nokon innåt - innåt Herrens hus - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?»
Chapter 18
Numb NorSMB 18:1  So sagde Herren til Aron: «Du og sønerne dine og heile farsætti di skal hava ansvaret for heilagdomen. Du og sønerne dine skal svara for preste-embættet dykkar.
Numb NorSMB 18:2  Og frendarne dine, Levi-sønerne, farsætti di, skal du hava med deg. Dei skal halda seg attmed deg, og ganga deg til handa når du og sønerne dine stend framfyre kunngjeringstjeldet.
Numb NorSMB 18:3  Og dei skal gjera det som du set deim til å gjera, alt det som skal gjerast i heile tjeldet; berre dei heilage tingi og altaret må dei ikkje koma innåt; for gjer dei det lyt dei døy, både dei og de.
Numb NorSMB 18:4  Dei skal halda seg attmed deg, og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; for ingen framand må koma innåt dykk.
Numb NorSMB 18:5  Men de lyt gjera alt som skal gjerast i sjølve heilagdomen og innmed altaret, so det ikkje tidare skal koma vreide yver Israels-folket.
Numb NorSMB 18:6  For det er eg som hev kåra ut levitarne, brørne dykkar, av Israels-folket; dei er ei gåva til dykk, og de skal gjeva deim åt Herren, so dei gjer det arbeidet som trengst i møtetjeldet.
Numb NorSMB 18:7  Men du og sønerne dine skal styra preste-embættet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og halda gudstenesta. Dykk gjev eg prestedømet i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.»
Numb NorSMB 18:8  Og Herren sagde til Aron: «Sjå, eg gjev deg det som skal gøymast av reidorne mine; alle dei heilage gåvorne frå Israels-folket, deim gjev eg deg og sønerne dine; det skal vera dykkar lut og rett i all framtid.
Numb NorSMB 18:9  Høyr no kva det er du skal hava av dei høgheilage gåvorne, når det som skal brennast, er teke undan: Alt det dei ber fram av grjonoffer og syndoffer og skuldoffer som dei gjev meg i bot, det er høgheilagt, og skal høyra deg og sønerne dine til.
Numb NorSMB 18:10  På den høgheilage staden skal du eta det; alle karar kann eta av det; heilagt skal det vera for deg.
Numb NorSMB 18:11  Like eins skal du hava dei gåvorne som dei gjev i reidor; alt det Israels-borni svingar for Herrens åsyn, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til i all framtid; alle i ætti di som er reine, kann eta av det.
Numb NorSMB 18:12  Alt det beste av oljen og av druvesafti og kornet, det fyrste dei avlar av det, og gjev Herren, det gjev eg deg.
Numb NorSMB 18:13  Dei fyrste mogna frukterne av alt som veks i landet deira, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine; alle i ætti di som er reine, kann eta deim.
Numb NorSMB 18:14  Alt som er vigsla i Israel, skal høyra deg til.
Numb NorSMB 18:15  Alt som kjem fyrst frå morsliv, alt livande som dei ber fram for Herren, anten det er folk eller fe, skal vera ditt; men det som er frumbore av folk, skal du lata deim løysa, og det som er frumbore av ureine dyr, kann og løysast.
Numb NorSMB 18:16  Løysepengarne for borni skal leggjast etter dei hev fyllt ein månad, og svara til det verdet som sett er: fem sylvdalar i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.
Numb NorSMB 18:17  Frumsungar av kyr eller sauer eller geiter må ikkje løysast; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; so røyken stig upp mot himmelen; det er ein angande rett for Herren.
Numb NorSMB 18:18  Kjøtet skal du hava; liksom svingebringa og det høgre låret skal det høyra deg til.
Numb NorSMB 18:19  Alle heilage reidor som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til for alle tider. Dette er ei æveleg og ubrjotande semja med deg og etterkomarane dine for Herrens åsyn.»
Numb NorSMB 18:20  Og Herren sagde til Aron: «Du fær ingen lut i landet deira og ingi jordeign millom deim; eg skal vera din lut og di eiga millom Israels-folket.
Numb NorSMB 18:21  Men all tiend i Israel gjev eg Levi-sønerne til eigedom for arbeidet deira, det arbeidet dei gjer i møtetjeldet.
Numb NorSMB 18:22  Og dei hine Israels-borni skal ikkje meir koma innåt møtetjeldet; for då fører dei synd yver seg, og lyt døy.
Numb NorSMB 18:23  Levi-sønerne åleine skal greida tenesta i møtetjeldet, og hava alt ansvaret; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. Dei skal ingi jordeign hava millom Israels-folket;
Numb NorSMB 18:24  men tiendi som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg levitarne; den skal vera deira eigedom; difor er det eg hev sagt at dei ingi jordeign skal hava millom Israels-folket.»
Numb NorSMB 18:26  «Du skal tala til levitarne, og segja til deim: «Når de tek imot tiendi som eg hev sagt de skal få til eigedom av Israels-folket, so skal de gjeva Herren ei reida av det - tiend av tiendi.
Numb NorSMB 18:27  Og reida dykkar skal reknast for jamgod med det kornet dei andre ber fram frå låven og den vinen dei kjem med frå persa.
Numb NorSMB 18:28  På den måten gjev de og Herren reida av all tiendi de fær hjå Israels-borni, og den reida de hev etla åt Herren, skal de gjeva Aron, øvstepresten.
Numb NorSMB 18:29  Av alle gåvor de fær, skal de fyrst taka ut alt det de vil gjeva Herren, og det de vigjer honom, lyt all tid vera av det beste.»
Numb NorSMB 18:30  Og du skal segja til deim: «Når de ofrar det beste av det, so skal det reknast likt med det som kjem inn ifrå låven og ifrå vinpersa;
Numb NorSMB 18:31  de kann eta det kvar de vil, både de og folket dykkar; for det er løni de skal hava for arbeidet i møtetjeldet.
Numb NorSMB 18:32  De ber ingi synd for det, når det berre gjev frå dykk det beste, og de vanhelgar ikkje dei heilage gåvorne frå Israels-folket, og skal ikkje lata livet.»»
Chapter 19
Numb NorSMB 19:1  Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
Numb NorSMB 19:2  «Høyr no eit lovbod som Herren hev gjeve! Han sagde: «Seg til Israels-sønerne at dei skal koma til deg med ei raud kviga, som ikkje hev vank eller veila, og aldri hev vore under åket.
Numb NorSMB 19:3  Den skal de gjeva til Eleazar, presten, og dei skal leida henne utanfor lægret og slagta henne for augo hans.
Numb NorSMB 19:4  Og han - Eleazar, presten - skal taka noko av blodet hennar på fingeren og skvetta sju gonger burt imot framsida av møtetjeldet.
Numb NorSMB 19:5  So skal dei brenna kviga for augo hans; både hudi og kjøtet og blodet, og møki med, skal dei brenna.
Numb NorSMB 19:6  Og presten skal taka cedertre og bergmynta og karmesin og kasta på elden som kviga brenn i.
Numb NorSMB 19:7  Sidan skal han två klædi sine, og lauga likamen sin i vatn, so kann han koma inn i lægret; men han skal vera urein alt til kvelds.
Numb NorSMB 19:8  Den som brende kviga, skal og två klædi sine og lauga likamen sin i vatn, og er urein til kvelds.
Numb NorSMB 19:9  Og ein som er rein, skal samla i hop oska av kviga, og leggja henne på ein rein stad utanfor lægret, so ho kann gøymast åt Israels-lyden til skiringsvatn; ho hev soningskraft.
Numb NorSMB 19:10  Men den som samla oska av kviga, lyt två klædi sine, og er urein til kvelds. Og dette skal vera ei æveleg lov både for Israels-folket og dei framande som bur millom deim.
Numb NorSMB 19:11  Den som kjem nær ein avliden, kven det so er, er urein sju dagar.
Numb NorSMB 19:12  Den tridje og den sjuande dagen skal han reinsa seg for synd med skiringsvatnet; so vert han rein att; men reinsar han seg ikkje den tridje og den sjuande dagen, so vert han ikkje rein.
Numb NorSMB 19:13  Kven som kjem nær ein avliden, eit mannelik, og ikkje reinsar seg, han sulkar Herrens hus, og skal rydjast ut or Israel; han er urein; so lenge det ikkje er skvett skiringsvatn på honom, fylgjer det ureinska med honom.
Numb NorSMB 19:14  So lyder lovi: Når ein døyr i eit hus, so skal alle som er i huset, og alle som kjem inn, vera ureine sju dagar.
Numb NorSMB 19:15  Og alle opne koppar, alle som det ikkje er lok på eller bundne yver, vert ureine.
Numb NorSMB 19:16  Og den som ute på marki kjem nær ein som er ihelslegen, eller eit anna lik, eller mannebein, eller ei grav, er urein i sju dagar.
Numb NorSMB 19:17  Er det ein som soleis hev vorte urein, so skal dei taka noko av oska etter det uppbrende syndofferet og ausa rennande vatn på i eit fat.
Numb NorSMB 19:18  Og ein som er rein, skal taka bergmynte og duppa i vatnet, og skvetta på huset og på alle dei ting og alle dei folk som er der, og på den som hev kome nær mannebein eller ein mann som er ihelslegen eller eit anna lik eller ei grav.
Numb NorSMB 19:19  Den tridje og den sjuande dagen skal dei reine skvetta på den som hev vorte urein; og den sjuande dagen skal han segja honom fri for synd; so skal han två klædi sine og lauga seg i vatn, og vert då rein att same kvelden.
Numb NorSMB 19:20  Men den som vert urein, og ikkje reinsar seg for synd, han skal rydjast ut or lyden, for di han hev sulka Herrens heilagdom - det hev ikkje kome skiringsvatn på honom: han er urein.
Numb NorSMB 19:21  Dette skal vera ei æveleg lov hjå deim. Den som skvette skiringsvatnet, skal tvo klædi sine, og den som kjem nær skiringsvatnet, er urein alt til kvelds.
Numb NorSMB 19:22  Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og alle som kjem innåt honom, er ureine til kvelds.»»
Chapter 20
Numb NorSMB 20:1  I den fyrste månaden kom Israels-sønerne, heile lyden, til Sinheidi, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
Numb NorSMB 20:2  Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron,
Numb NorSMB 20:3  og trætta med Moses, og sagde: «Gud gjeve me og hadde roke med då brørne våre let livet for Herrens åsyn!
Numb NorSMB 20:4  Kvi hev de havt Herrens folk ut i denne øydemarki, so me lyt døy her, både me og feet vårt?
Numb NorSMB 20:5  Kvi lokka de oss burt frå Egyptarland, og førde oss hit til denne fæle staden, der det ikkje veks anten korn eller fikor eller vintre eller aplar og ikkje finst drikkevatn?»
Numb NorSMB 20:6  Moses og Aron hadde seg undan flokken, og gjekk fram i møtetjelddøri og kasta seg på kne. Då synte Herrens herlegdom seg for deim.
Numb NorSMB 20:8  «Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg. Lat det koma vatn utor berget for deim, og gjev deim og feet deira drikka!»
Numb NorSMB 20:9  Moses gjorde som Herren sagde: han tok staven som låg framfor Herrens åsyn,
Numb NorSMB 20:10  og han og Aron kalla lyden i hop framfyre berget; so sagde han til deim: «Høyr no, stridnakkar! Skal me lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?»
Numb NorSMB 20:11  So lyfte han handi, og slo på berget med staven sin tvo gonger; då strøymde det ut mykje vatn, og folket og feet deira fekk drikka.
Numb NorSMB 20:12  Men Herren sagde til Moses og Aron: «Sidan de ikkje trudde på meg, og ikkje let Israels-borni sjå mi guddomsmagt, so skal de ikkje få føra denne lyden inn i det landet eg hev gjeve deim.»
Numb NorSMB 20:13  Det var denne kjelda som vart kalla Meribavatnet; der var det Israels-sønerne tretta med Herren, og han synte deim si guddomsmagt.
Numb NorSMB 20:14  Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: «So segjer Israel, bror din: «Du veit kor mykje vondt me hev lide.
Numb NorSMB 20:15  Federne våre for ned til Egyptarland, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre;
Numb NorSMB 20:16  då ropa me til Herren, og han høyrde bønerne våre, og sende oss ein engel, som førde oss ut or Egyptarland, og sjå no er me i Kadesbygdi, innmed landskilet ditt.
Numb NorSMB 20:17  Snilde deg, lat oss få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje ganga yver åkrarne eller vinhagarne, og ikkje taka vatn or brunnarne; me skal fara etter kongsvegen og ikkje taka av, korkje til høgre eller vinstre, fyrr me er komne igjenom landet ditt.»»
Numb NorSMB 20:18  Men Edom svara: «Du må ’kje fara fram her; gjer du det, so møter eg deg med sverd i hand.»
Numb NorSMB 20:19  «Eg skal fylgja storvegen,» sagde Israel, «og dersom eg drikk av vatnet ditt, eg eller buskapen min, so skal eg gjeva deg like for det. Det kann då ’kje gjera noko um eg gjeng etter vegen.»
Numb NorSMB 20:20  «Nei, du slepp ikkje fram her,» svara Edom, og gjekk imot deim med mykje folk og våpn.
Numb NorSMB 20:21  Edom vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara igjenom landet sitt, og Israel laut taka ei onnor leid.
Numb NorSMB 20:22  So tok dei ut ifrå Kades, heile Israels-lyden, og kom til Horfjellet.
Numb NorSMB 20:23  Og der, ved Horfjellet, i landskilet åt Edom, sagde Herren til Moses og Aron:
Numb NorSMB 20:24  «No skal Aron fara til federne sine. De var ulyduge mot meg ved Meribabrunnen; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-sønerne.
Numb NorSMB 20:25  Hav Aron og Eleazar, son hans, med deg upp på Horfjellet;
Numb NorSMB 20:26  og tak av Aron presteklædi, og hav deim på Eleazar, son hans! So skal Aron døy der, og fara til federne sine.»
Numb NorSMB 20:27  Moses gjorde som Herren sagde, og dei steig upp på Horfjellet for augo åt alt folket,
Numb NorSMB 20:28  og Moses tok av Aron presteklædi, og hadde deim på Eleazar, son hans. So døydde Aron der uppå fjellet, og då Moses og Eleazar kom ned av fjellet,
Numb NorSMB 20:29  og folket såg at Aron var burte, då syrgde alle Israels-ætterne yver honom i tretti dagar.
Chapter 21
Numb NorSMB 21:1  Då den kananitiske kongen som budde i Arad i Sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter ålmannvegen, tok han på deim, og fanga nokre av deim.
Numb NorSMB 21:2  Då gjorde Israel ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du dette folket i våre hender, so skal me bannstøyta byarne deira.»
Numb NorSMB 21:3  Og Herren høyrde bøni, og gav kananitarne i Israels hender, og Israel bannstøytte deim og byarne deira; sidan kalla dei den staden Horma.
Numb NorSMB 21:4  Frå Horfjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet, og vilde fara ikring Edomlandet. Men på vegen vart folket utoluge;
Numb NorSMB 21:5  dei lasta Gud og Moses, og sagde: «Kvi hadde de oss burt frå Egyptarland? No lyt me døy her i øydemarki; for her finst det korkje brød eller vatn, og me er hjarteleide av denne veike maten.»
Numb NorSMB 21:6  Då sende Herren eiterormar, som for inn imillom folket og hogg deim, so mange av deim døydde.
Numb NorSMB 21:7  So kom dei til Moses, og sagde: «Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormarne!» Då bad Moses for folket.
Numb NorSMB 21:8  Og Herren sagde til Moses: «Gjer deg ein eitarorm, og set honom upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på honom få liva.»
Numb NorSMB 21:9  So gjorde Moses ein koparorm, og sette honom på ei stong, og kvar gong ormarne hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han liva.
Numb NorSMB 21:10  Sidan tok Israels-sønerne i vegen att, og lægra seg i Obot.
Numb NorSMB 21:11  So tok dei ut frå Obot, og lægra seg ved Ijje-ha-Abarim i øydemarki austanfor Moab.
Numb NorSMB 21:12  So for dei derifrå, og slo læger i Zereddalen.
Numb NorSMB 21:13  So for dei lenger, og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utor Amoritarlandet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab, og byte millom Moab og amoritarne;
Numb NorSMB 21:14  difor stend det i boki um Herrens herferder: «Vaheb vann me snøgge som vinden, åern’ alle, ja sjølve Arnon -
Numb NorSMB 21:15  elvelidi som heldt til Arheim og hallar seg uppåt Moabs-eigni.»
Numb NorSMB 21:16  So for dei til Be’er. Der er den brunnen som Herren tala um då han sagde til Moses: «Kalla i hop folket, so skal eg gjeva deim vatn!»
Numb NorSMB 21:17  Då song Israel denne songen: «Vell upp, du klåre olla! Ein song me vil deg syngja!
Numb NorSMB 21:18  Du brunn som jarlar bora, og hovdingarne hola med styrarstavarn’ sine - frå aude grunn ei gåva.»
Numb NorSMB 21:19  Frå Mattana for dei so til Nahaliel, og frå Nahaliel til Bamot,
Numb NorSMB 21:20  og frå Bamot til den dalen som ligg i Moabmarki, tett med toppen av Pisgafjellet, og hallar ned imot Øydemoen.
Numb NorSMB 21:21  Israel sende bod til Sihon, kongen yver amoritarne, og sagde:
Numb NorSMB 21:22  «Lat meg få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje koma inn på åkrarne eller vingardarne, og ikkje drikka av brunnarne; me skal halda oss etter kongsvegen, til me er komne gjenom landet ditt.»
Numb NorSMB 21:23  Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt, og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han deim, og rauk på deim.
Numb NorSMB 21:24  Men Israel hogg honom ned med kvasse sverd, og tok landet hans, frå Arnon til Jabbok til Ammonriket; men landskilet åt Ammons-sønerne var tettsett med borger.
Numb NorSMB 21:25  Og Israel lagde under seg alle byarne åt amoritarne, og vart buande der, i Hesbon og alle dei byarne som høyrde til.
Numb NorSMB 21:26  For Hesbon var hovudstaden åt Sihon, amoritarkongen; han hadde slegest med den fyrre kongen i Moab, og teke frå honom alt landet heilt til Arnon.
Numb NorSMB 21:27  Difor segjer skalden: «Kom hit, kom hit til Hesbon, bygg upp att Sihons borg!
Numb NorSMB 21:28  For eld for ut frå Hesbon, frå Sihons stad ein loge, som øydde Ar i Moab og herja deim som hyste på Arnonhøgdene.
Numb NorSMB 21:29  Ai ei, no er det ute med ætti åt Kamos! Han sønern’ sine sender som rømingar or riket, og sine døtter driv han til amoritardrotten Sihon i fangeferd.
Numb NorSMB 21:30  Me skot på skot deim sende; Hesbon vart lagd i grus og heile landet herja med odd og egg, til Dibon. Me øydde alt ikring oss, og kveikte ufredselden alt burt åt Medeba.»
Numb NorSMB 21:32  og Moses sende njosnarar til Jazer; siden lagde dei under seg alle bygderne der ikring, og dreiv ut amoritarne som budde der.
Numb NorSMB 21:33  So tok dei på ei onnor leid, og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan, for i mot deim til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred.
Numb NorSMB 21:34  Men Herren sagde til Moses: «Du treng ikkje vera rædd honom! Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.»
Numb NorSMB 21:35  So hogg dei honom ned, både honom og sønerne og folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei åt seg landet.
Chapter 22
Numb NorSMB 22:1  So tok Israels-sønerne ut att, og lægra seg på Moabmoarne, på hi sida av Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko.
Numb NorSMB 22:2  Då Balak, son åt Sippor, fekk spurt kva Israel hadde gjort med amoritarne,
Numb NorSMB 22:3  då var rædsla stor i Moab. Moabitarne fælte seg for dette folket som var so mannsterkt,
Numb NorSMB 22:4  og sagde til hovdingarne i Midjan: «No kjem denne store hopen til å snøyda alt ikring oss, liksom uksarne når dei gneg snaudt på bøen.» Og Balak Sipporson - han var konge i Moab den tid -
Numb NorSMB 22:5  sende menner til Bileam, son åt Beor, som åtte heime i Petor ved Storelvi; dei skulde beda honom koma, og segja honom det frå kongen: «Det hev kome eit folk frå Egyptarland; dei er so mange at dei fyller heile landet, og dei hev slege seg ned midt fyre meg.
Numb NorSMB 22:6  Kjære deg, kom og bed ei våbøn yver det folket for meg; for dei er meg for sterke - då trur eg me skal vinna yver deim, so eg fær drive deim ut or landet; for eg veit at den du signar, er velsigna, og den du bannar, er forbanna.»
Numb NorSMB 22:7  Sendemennerne var av det gjævaste folket i Moab og Midjan; dei hadde spåmannsløn med seg, og då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.
Numb NorSMB 22:8  Då sagde han til deim: «Ver her i natt, so skal eg gjeva dykk svar, etter det som Herren segjer meg fyre.» So gav dei seg til hjå Bileam.
Numb NorSMB 22:9  Då kom Gud til Bileam, og sagde: «Kva er det for folk som er hjå deg?»
Numb NorSMB 22:10  Bileam svara: «Balak, son åt Sippor, Moabs konge, sender bod til meg og segjer:
Numb NorSMB 22:11  «Her hev kome eit folk frå Egyptarland, og dei er so mange at dei fyller alt landet. Kom og les ei våbøn yver deim, so trur eg visst eg skal råda med deim og jaga deim ut.»»
Numb NorSMB 22:12  Då sagde Gud til Bileam: «Gakk ikkje med deim! Du skal ikkje banna det folket; for dei er velsigna.»
Numb NorSMB 22:13  Um morgonen sagde Bileam til hovdingarne som Balak hadde sendt til honom: «Far heim att! Herren vil ikkje gjeva meg lov til å fylgja med dykk.»
Numb NorSMB 22:14  So tok Moabs-hovdingarne av stad, og då dei kom heim att til Balak, sagde dei: «Bileam vilde ikkje vera med oss.»
Numb NorSMB 22:15  Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn fyrste gongen.
Numb NorSMB 22:16  Då dei kom til Bileam, sagde dei til honom: «Balak, son åt Sippor, helsar deg, og segjer: «Gode deg, kom! Seg ikkje nei!
Numb NorSMB 22:17  Eg skal løna deg vel, og gjera alt det du segjer, berre du vil koma og banna dette folket for meg.»»
Numb NorSMB 22:18  Bileam svara kongsmennerne so: «Um Balak gjev meg huset fullt med sylv og gull, so kann eg ikkje gjera Herren, min Gud, imot, korkje i smått eller stort.
Numb NorSMB 22:19  Men ver no de og her natti yver, so fær eg høyra kva meir Herren hev å segja meg.»
Numb NorSMB 22:20  Då kom Gud um natti til Bileam, og sagde til honom: «Er desse mennerne komne her på den måten at dei vil få deg med seg, so kann du ferda deg til og fylgja deim; men gjer ikkje anna enn som eg segjer til deg.»
Numb NorSMB 22:21  Um morgonen gjorde Bileam seg reidug, og sala asna si, og for so i veg saman med Moabs-hovdingarne.
Numb NorSMB 22:22  Men Gud vart harm for di han tok ut, og Herrens engel kom imot honom, og stod på vegen som ein fiende, då han kom ridande på asna i lag med båe sveinarne sine.
Numb NorSMB 22:23  Og asna såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi; då tok ho av vegen, og ut på marki; men Bileam slo henne, so ho skulde halda vegen.
Numb NorSMB 22:24  Sidan møtte Herrens engel i ei geil millom vinhagarne. På båe sidor var det steingard,
Numb NorSMB 22:25  og då asna såg Herrens engel, strauk ho seg innåt garden, og klemde foten åt Bileam mot steinarne. Då slo han henne att.
Numb NorSMB 22:26  So gjekk Herrens engel framum endå ein gong, og stod i eit trongt klemstre; der var det ikkje råd å vika undan, korkje til høgre eller vinstre,
Numb NorSMB 22:27  og med same asna fekk sjå Herrens engel, lagde ho seg ned under Bileam. Då vart han harm, og slo henne med staven.
Numb NorSMB 22:28  Men Herren gav asna mål, og ho sagde til Bileam: «Kva hev eg gjort deg? No er det tridje gongen du slær meg.»
Numb NorSMB 22:29  «Du hev havt meg til narr,» svara Bileam. «Hadde eg havt eit sverd i handi, so hadde eg slege deg i hel med det same.»
Numb NorSMB 22:30  Då sagde asna: «Er ’kje eg asna di, som du hev ride på alt du hev vore til? Hev eg då havt for vis å fara soleis med deg?» «Nei,» sagde Bileam,
Numb NorSMB 22:31  og i det same opna Herren augo hans, so han såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi. Då kasta han seg på kne, og bøygde hovudet.
Numb NorSMB 22:32  Og Herrens engel sagde til honom: «Kvi hev du fare so, og slege asna di tri gonger? Det var eg som møtte deg som ein fiende, av di eg tykte denne ferdi var for brå.
Numb NorSMB 22:33  Og asna såg meg, og tok av vegen for meg alle tri gongerne. Hadde ikkje ho teke av vegen, so hadde eg no drepe deg, men asna hadde eg spart.»
Numb NorSMB 22:34  Då sagde Bileam til Herrens engel: «Eg hev synda; men eg visste ikkje at du stod framfyre meg på vegen; er dette deg imot, so skal eg venda heim att.»
Numb NorSMB 22:35  «Nei, far no du med mennerne,» svara Herrens engel, «men seg ikkje eit ord anna enn det som eg segjer deg fyre.» So tok Bileam i vegen att med kongsmennerne.
Numb NorSMB 22:36  Då Balak fekk høyra at Bileam kom, for han til møtes med honom til den byen som låg nørdst i Moabriket, ved Arnon, ytst utmed landskilet.
Numb NorSMB 22:37  Og han sagde til Bileam: «Sende eg ikkje einkom bod og bad deg til meg? Kvi vilde du ikkje koma? Trur du ikkje eg er god til å løna deg for umaken?»
Numb NorSMB 22:38  «No ser du eg er komen,» svara Bileam. «Men det er vandt um eg kann segja noko; berre dei ordi som Gud legg meg i munnen, kann eg tala.»
Numb NorSMB 22:39  So fylgde han med Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.
Numb NorSMB 22:40  Der slagta Balak storfe og småfe, og sende til Bileam og dei hovdingarne som var med honom.
Numb NorSMB 22:41  Morgonen etter tok kongen Bileam med seg upp på Bamot-Ba’al; derifrå kunde han sjå enden av Israels-lægret.
Chapter 23
Numb NorSMB 23:1  So sagde Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju uksar og sju verar!»
Numb NorSMB 23:2  Balak gjorde som Bileam sagde, og Balak og Bileam ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
Numb NorSMB 23:3  So sagde Bileam til Balak: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng burt eit bil; kann henda Herren kjem til møtes med meg; kva han då let meg sjå, det skal eg segja med deg.» So gjekk han burt på ei treberr høgd;
Numb NorSMB 23:4  der kom Gud til møtes med honom, og Bileam sagde til honom: «No hev eg stelt til sju altar, og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.»
Numb NorSMB 23:5  Då lagde Herren eit ord i munnen på honom, og sagde: «Gakk attende til Balak, og tala so som eg no hev lært deg.»
Numb NorSMB 23:6  Då han kom attende, såg han Balak stod ved brennofferet sitt med alle Moabs hovdingar.
Numb NorSMB 23:7  Då bar han fram spådomsordet sitt, og kvad: «Or Aram Balak hit meg baud, or austerfjelli Moabs drott: «Kom! Yver Jakob våbøn lys, og vreide vond yv’ Israel!»
Numb NorSMB 23:8  Koss kann eg beda vondt yv’ den som Gud vil vel og ikkje vondt, og lysa heitan harm yv’ ein som Herren ikkje harmast på?
Numb NorSMB 23:9  Frå høgste nuten ser eg han, frå haugarn’ eg augna kann: Ein lyd som liver for seg sjølv. Med heidningfolk held han ’kje lag.
Numb NorSMB 23:10  Kven kann upprekna Jakobs ætt, og taka tal på Israel? Det vøre telja sand i strand og gyvet som på jordi fyk. Mått’ eg som desse gode døy, og få ei endelykt som dei!»
Numb NorSMB 23:11  «Kva er det du gjer?» ropa Balak. «Til å banna fiendarne mine fekk eg deg hit, og so velsignar du deim!»
Numb NorSMB 23:12  «Lyt eg ikkje halda meg etter dei ordi som Herren legg meg i munnen?» svara Bileam.
Numb NorSMB 23:13  Då sagde Balak: «Kjære, kom og ver med meg til ein annan stad, so du kann sjå deim betre - her ser du berre enden av lægret; heile lægret ser du ikkje - og bed so ei våbøn yver deim der.»
Numb NorSMB 23:14  So tok han Bileam med seg til vardehaugen på toppen av Pisga; der bygde han sju altar og ofra ein ung ukse og ein ver på kvart altar.
Numb NorSMB 23:15  Og Bileam sagde til honom: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng der burt til eit møte.»
Numb NorSMB 23:16  So kom Herren til møtes med Bileam, og lagde eit ord i munnen hans, og sagde: «So skal du tala når du kjem attende til Balak!»
Numb NorSMB 23:17  Då han kom attende, stod Balak endå ved brennofferet, og Moabs hovdingar med honom. «Kva sagde Herren?» spurde han.
Numb NorSMB 23:18  Då bar Bileam upp spådomsordet sitt, og kvad: «Kom, Balak, og mitt kvede høyr, lyd på min song, son åt Sippor!
Numb NorSMB 23:19  Rett aldri munde Gud sitt ord mishalla som eit menneskje ell’ angra som eit mannebarn. Det han hev sagt, set han i verk det han hev lova, held han og.
Numb NorSMB 23:20  Velsigning send’ han - signar han, so kann eg ikkje venda det.
Numb NorSMB 23:21  Aldri hjå Jakob naud du såg, ell’ ulukka hjå Israel; Herren, hans Gud, er med han stødt, og kongeluren hjå han læt.
Numb NorSMB 23:22  Gud leidd han or Egyptarland, ein urukse med sterke horn.
Numb NorSMB 23:23  Jakob treng ingi trolldomskunst, og ingen spådom i Israel; når stundi er der, vert det sagt åt Jakob og åt Israel kva Gud vil gjera til kvar tid.
Numb NorSMB 23:24  Sjå, lyden som ei løva ris, som løva lyfter seg til sprang, og ikkje lyster leggja seg, fyrr ho hev metta seg med rov og drukke blod av deim ho drap.»
Numb NorSMB 23:25  Då sagde Balak til Bileam: «Um du ikkje vil banna deim, so tarv du då ikkje velsigna deim.»
Numb NorSMB 23:26  «Hev eg ikkje sagt deg at eg i eitt og alt lyt gjera som Herren segjer med meg?» svara Bileam.
Numb NorSMB 23:27  «Kjære, kom,» sagde kongen, «so skal eg fylgja deg til ein annan stad; kann henda Herren ikkje hev noko imot at du bannar deim der.»
Numb NorSMB 23:28  So tok han Bileam med seg upp på toppen av Peorfjellet, som skodar ned på Øydemoen.
Numb NorSMB 23:29  Då sagde Bileam til honom: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju unge uksar og sju verar!»
Numb NorSMB 23:30  Og Balak gjorde som Bileam sagde, og på kvart alter ein ukse og ein ver.
Chapter 24
Numb NorSMB 24:1  Men no tyktest Bileam sjå at det var Herrens vilje å velsigna Israel, og han gjekk ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andlitet mot øydemarki,
Numb NorSMB 24:2  og såg utyver til han fekk auga på Israels-ætterne, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver honom,
Numb NorSMB 24:3  og han kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,
Numb NorSMB 24:4  han som høyrer ord i frå Gud, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:
Numb NorSMB 24:5  Kor gilde buder Jakob hev, kor gjæv ein bustad Israel!
Numb NorSMB 24:6  Som bekkjedalar breider seg, som aldehagar kring ei å, aloetrei Herren ol, og cedrarn’, attmed vatnet veks.
Numb NorSMB 24:7  Utor hans byttor strøymer vatn, og vel hans åker vatna er. Hans konge yver Agag gjeng, og høgt hans rike hevjar seg.
Numb NorSMB 24:8  Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt.
Numb NorSMB 24:9  Som løva legg han seg til ro; kven vågar vel å vekkj’ han upp? Gud signe den som signar deg, og banne den som bannar deg!»
Numb NorSMB 24:10  Då vart Balak brennande harm på Bileam; han slo i hop henderne, og sagde til honom: «Eg kalla deg hit so du skulde beda vondt yver uvenerne mine, og no hev du velsigna deim tri gonger!
Numb NorSMB 24:11  Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å løna deg vel, men Herren hev meinka deg løni.»
Numb NorSMB 24:12  Bileam svara: «Sagde eg det ikkje straks åt dei mennerne du sende til meg? -
Numb NorSMB 24:13  «Um Balak gjev meg huset sitt fullt av sylv og gull,» sagde eg, «so kann eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.»
Numb NorSMB 24:14  No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.»
Numb NorSMB 24:15  So bar han upp spådomen sin, og kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,
Numb NorSMB 24:16  han som høyrer ord ifrå Gud, vita fær det den Høgste veit, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:
Numb NorSMB 24:17  Eg skodar han, men ikkje no, eg augnar han, men ikkje nær - ei stjerna som or Jakob stig, eit spir som sprett or Israel! - Moabs tunnvangar trør han sund, og øyder ufredsætti ut.
Numb NorSMB 24:18  Edom vert eigedomen hans, og Se’ir slær han under seg, det uvenern’ hans åtte fyrr; stort velde vinn seg Israel.
Numb NorSMB 24:19  Av Jakob ris den råda skal; han ryd ut or byarn’ ut deim som frå bardagen hev berga seg.»
Numb NorSMB 24:20  So såg han amalekitane. Då kvad han dette verset: «Fyrst utav folk er Amalek, men ein gong gjeng han og til grunns.»
Numb NorSMB 24:21  Og han såg kenitarne, og kvad: «Din bustad er ei borg so fast, på nuten hev ditt reir du bygt.
Numb NorSMB 24:22  Men endå vert det øydelagt snart fører Assur deg av stad.»
Numb NorSMB 24:23  So kvad han atter: «Ai, ei, kven vert vel etter då, når Gud let dette ganga fram?
Numb NorSMB 24:24  Med skip frå Kittimleidi kjem; dei døyver Assur, døyver deim som burtanfyre elvi bur, so dei og utor heimen kverv.»
Numb NorSMB 24:25  So gjorde Bileam seg reidug, og for heim att, og Balak tok og på si leid.
Chapter 25
Numb NorSMB 25:1  Med Israels-folket heldt til i Sittim, tok folket til å fljuga etter kvinnorne i Moab.
Numb NorSMB 25:2  Og Moabs-kvinnorne bad deim til blotveitslorne åt guden sin; so åt dei med deim og bøygde kne for guden deira;
Numb NorSMB 25:3  Israel tydde seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på Israel,
Numb NorSMB 25:4  og Herren sagde til Moses: «Tak med deg alle Israels hovdingar, og legg desse mennerne på stegl for Guds og alle manns augo, so Herrens brennande vreide kann vendast burt frå Israel!»
Numb NorSMB 25:5  Og Moses sagde til styresmennerne i Israel: «Kvar av dykk skal slå i hel deim av folki sine som hev halde seg til Ba’al-Peor!»
Numb NorSMB 25:6  Best det var, kom ein av Israels-sønerne med ei kvinna frå Midjan, og leidde henne heim til sitt eige folk midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, med dei sat og syrgde i møtetjelddøri.
Numb NorSMB 25:7  Då Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, såg det, steig han fram or lyden, og treiv eit spjot
Numb NorSMB 25:8  og gjekk etter mannen inn i koven, og rende spjotet gjenom deim båe, mannen og kvinna, so det gjekk inn i livet hennar. Då stanna sotti som herja Israels-folket.
Numb NorSMB 25:9  Men talet på deim som døydde i sotti, var fire og tjuge tusund.
Numb NorSMB 25:11  «Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, hev vendt vreiden min burt frå Israels-folket; etter di han stod so strengt på min rett, vilde ikkje eg vera so streng at eg gjorde ende på Israels-borni.
Numb NorSMB 25:12  Difor skal du segja honom at eg vil gjera samband med honom, so det skal ganga honom vel;
Numb NorSMB 25:13  ævelegt prestedøme lovar eg honom og ætti hans etter honom, for di han var so vyrk for æra åt sin Gud og gjorde soning for Israels-folket.»
Numb NorSMB 25:14  Den drepne israeliten, han som vart drepen i hop med den midjanitiske kvinna, heitte Zimri Saluson; han var formann for ei grein av Simeons-ætti.
Numb NorSMB 25:15  Og midjanitkvinna som vart drepi, heitte Kozbi; ho var dotter åt Sur, som var hovding yver ei ættgrein av midjanitarne.
Numb NorSMB 25:17  «De skal søkja åt midjanitarne og slå deim ned;
Numb NorSMB 25:18  for dei sat um dykk og lagde svikråder mot dykk då det hende, dette med Peor og Kozbi, frenka deira, hovdingdotteri frå Midjan, som vart drepi den gongen sotti kom yver dykk for Peors skuld.»
Chapter 26
Numb NorSMB 26:1  Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleazar, son åt Aron, øvstepresten:
Numb NorSMB 26:2  «Tak tal på heile Israels-lyden, ættgrein for ættgrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år!»
Numb NorSMB 26:3  So tala Moses og Eleazar, øvstepresten, åt deim på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:
Numb NorSMB 26:4  «Stig fram, alle menner som hev fyllt tjuge år!» - soleis som Herren hadde sagt med Moses. Israels-sønerne som for frå Egyptarland, det var.
Numb NorSMB 26:5  Ætti etter Ruben, eldste son åt Israel. Og Rubens-sønerne det var: Hanokitarne, ætti etter Hanok, pallu’itarne, ætti etter Pallu,
Numb NorSMB 26:6  hesronitarne, ætti etter Hesron, karamitarne, ætti etter Karmi.
Numb NorSMB 26:7  Dette var Rubens-ætterne, og av deim var det tri og fyrti tusund og sju hundrad og tretti mann som vart innskrivne i manntalet.
Numb NorSMB 26:9  Og borni åt Eliab heitte Nemuel og Datan og Abiram. Men Datan og Abiram, det var dei same som var valde til folketinget, og var med og yppa strid mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg upp mot Herren,
Numb NorSMB 26:10  og jordi let upp gapet sitt og gløypte både deim og Korah, og elden gjorde ende på dei tvo hundrad og femti mennerne, so heile flokken umkomst og vart til eit varsl.
Numb NorSMB 26:12  Simeons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Nemuelitarne, ætti etter Nemuel, jaminitarne, ætti etter Jamin, jakinitarne, ætti etter Jakin,
Numb NorSMB 26:13  zerahitarne, ætti etter Zerah, sa’ulitarne, ætti etter Sa’ul.
Numb NorSMB 26:14  Dette var Simeons-ætterne, tvo og tjuge tusund og tvo hundrad mann.
Numb NorSMB 26:15  Gads-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sefonitarne, ætti etter Sefon, haggitarne, ætti etter Haggi, sunitarne, ætti etter Suni,
Numb NorSMB 26:16  oznitarne, ætti etter Ozni, eritarne, ætti etter Eri,
Numb NorSMB 26:17  aroditarne, ætti etter Arod, arelitarne, ætti etter Areli.
Numb NorSMB 26:18  Dette var Gads-ætterne; dei var etter manntalet fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 26:19  Av borni åt Juda døydde tvo i Kana’ans-landet; dei heitte Er og Onan.
Numb NorSMB 26:20  Dei hine Juda-sønerne det var, etter ætterne deira: Selanitarne, ætti etter Sela, parsitarne, ætti etter Peres, zerahitarne, ætti etter Zerah.
Numb NorSMB 26:21  Og Peres-sønerne det var, etter ætterne deira: Hesronitarne, ætti etter Hesron, hamulitarne, ætti etter Hamul.
Numb NorSMB 26:22  Dette var Juda-ætterne. Av deim vart seks og sytti tusund og fem hundrad mann skrivne i rullorne.
Numb NorSMB 26:23  Issakars-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Tola’itarne, ætti etter Tola, punitarne, ætti etter Puvva,
Numb NorSMB 26:24  jasubitarne, ætti etter Jasub, simronitarne, ætti etter Simron.
Numb NorSMB 26:25  Dette var Issakars-ætterne. Av deim var det fire og seksti tusund og tri hundrad mann som vart mynstra.
Numb NorSMB 26:26  Sebulons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sarditarne, ætti etter Sered, elonitarne, ætti etter Elon, jahle’elitarne, ætti etter Jahle’el.
Numb NorSMB 26:27  Dette var Sebulons-ætterne. Av deim vart det mynstra seksti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 26:28  Sønerne åt Josef med ætterne sine var Manasse og Efraim.
Numb NorSMB 26:29  Manasse-sønerne det var: Makiritarne, ætti etter Makir. Makir fekk sonen Gilead; frå honom var gileaditarne ætta.
Numb NorSMB 26:30  Gileads-sønerne det var: I’ezritarne, ætti etter I’ezer, helkitarne, ætti etter Helek,
Numb NorSMB 26:31  asrielitarne, ætti etter Asriel, sikmitarne, ætti etter Sekem,
Numb NorSMB 26:32  semida’itarne, ætti etter Semida, hefritarne, ætti etter Hefer.
Numb NorSMB 26:33  Men Selofhad, son åt Hefer, hadde ingi søner, berre døtter, og namni på døtterne hans var Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.
Numb NorSMB 26:34  Dette var Manasse-ætterne. Av deim var det tvo og femti tusund og sju hundrad mann som vart innskrivne.
Numb NorSMB 26:35  Efraims-sønerne det var, etter ætterne deira: Sutalhitarne, ætti etter Sutelah, bakritarne, ætti etter Beker, tahanitarne, ætti etter Tahan.
Numb NorSMB 26:36  Og Sutelah-sønerne det var: Eranitarne, ætti etter Eran.
Numb NorSMB 26:37  Dette var Efraims-ætterne; dei var tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart skrivne. Det var Josefs-sønerne etter ætterne deira.
Numb NorSMB 26:38  Benjamins-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Balitarne, ætti etter Bela, asbelitarne, ætti etter Asbel, ahiramitarne, ætti etter Ahiram,
Numb NorSMB 26:39  sufamitarne, ætti etter Sefufam, hufamitarne, ætti etter Hufam.
Numb NorSMB 26:40  Og Bela-sønerne var: Arditarne og na’amanitarne; ætterne etter Ard og Na’aman.
Numb NorSMB 26:41  Dette var Benjamins-sønerne etter ætterne deira; av deim var det fem og fyrti tusund og seks hundrad mann som stod i manntalet.
Numb NorSMB 26:42  Dans-sønerne det var, etter ætterne deira: Suhamitarne, ætti etter Suham. Dette var Dans-ætterne etter ættetavla deira;
Numb NorSMB 26:43  Suhamit-ætterne var etter manntalet i alt fire og seksti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 26:44  Assers-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jimnitarne, ætti etter Jimna, jisvitarne, ætti etter Jisvi, beri’itarne, ætti etter Beria.
Numb NorSMB 26:45  Og Beria-sønerne det var: Hebritarne, ætti etter Heber, malkielitarne, ætti etter Malkiel.
Numb NorSMB 26:47  Dette var Assers-ætterne; av deim stod det tri og femti tusund og fire hundrad mann i rullorne.
Numb NorSMB 26:48  Naftali-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jahse’elitarne, ætti etter Jahse’el, gunitarne, ætti etter Guni,
Numb NorSMB 26:49  jisritarne, ætti etter Jeser, sillemitarne, ætti etter Sillem.
Numb NorSMB 26:50  Dette var Naftali-ætterne etter ættetalet deira; av deim vart det innskrive fem og fyrti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 26:51  So mange var det som vart mynstra av Israels-sønerne, seks hundrad og eitt tusund og sju hundrad og tretti mann.
Numb NorSMB 26:53  «Åt desse skal landet skiftast ut til eigedom, etter folketalet.
Numb NorSMB 26:54  Den som hev mykje folk, skal du gjeva mykje land, og den som hev lite folk mindre; kvar ætt skal få so mykje land som han hev våpnføre menner.
Numb NorSMB 26:55  Landet skal skiftast på den måten at dei dreg strå um bygderne, og alle som hev same ættarnamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget.
Numb NorSMB 26:56  Kvar skal få det som fell på honom etter strået, men den som hev mykje folk, skal få meir enn den som hev lite; soleis skal landet bytast millom deim.»
Numb NorSMB 26:57  Levi-ætterne det var etter manntalet: Gersonitarne, ætti etter Gerson, kahatitarne, ætti etter Kahat, meraritarne, ætti etter Merari.
Numb NorSMB 26:58  Desse ættgreinerne var det i Levi-ætti: Libnitarne, hebronitarne, mahlitarne, musitarne, korahitarne. Kahat var far åt Amram.
Numb NorSMB 26:59  Kona åt Amram heitte Jokebed; ho var dotter åt Levi og fødd i Egyptarland. Amram fekk med henne sønerne Aron og Moses, og Mirjam, syster deira.
Numb NorSMB 26:60  Og Aron fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
Numb NorSMB 26:61  Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigd eld fram for Herrens åsyn.
Numb NorSMB 26:62  Av levitarne vart tri og tjuge tusund innskrivne i manntalet, alle karfolk som var yver ein månad gamle. Dei vart ikkje talde saman med dei hine Israels-borni, av di dei ikkje fekk nokon odel millom deim.
Numb NorSMB 26:63  Dette var dei som Moses og Eleazer, øvstepresten, talde då dei mynstra Israels-sønerne på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko.
Numb NorSMB 26:64  Millom deim fanst det ingen som Moses og Aron, øvstepresten, hadde skrive inn i manntalet då dei mynstra Israels-sønerne i Sinaiheidi.
Numb NorSMB 26:65  For Herren hadde sagt at dei skulde døy i øydemarki, og no var det ingen annan att enn Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.
Chapter 27
Numb NorSMB 27:1  Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa, og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse -
Numb NorSMB 27:2  dei gjekk fram i møtetjelddøri, og stod framfor Moses og Eleazer, øvstepresten, og alle hovdingarne og heile lyden, og sagde:
Numb NorSMB 27:3  «Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si synd skuld, og han hadde ingi søner.
Numb NorSMB 27:4  Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre!»
Numb NorSMB 27:7  «Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva deim odel tilliks med farbrørne deira, og lata farsgarden ganga i arv til deim.
Numb NorSMB 27:8  Og til Israels-folket skal du segja: «Når ein mann døyr, og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri.
Numb NorSMB 27:9  Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden;
Numb NorSMB 27:10  og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden;
Numb NorSMB 27:11  men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-folket, soleis som Herren hev sagt med Moses.»»
Numb NorSMB 27:12  Sidan sagde Herren til Moses: «Stig upp på Abarimfjellet her, og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-sønerne.
Numb NorSMB 27:13  Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine, som Aron, bror din, fyre deg,
Numb NorSMB 27:14  av di de var ulyduge mot meg i Sinheidi, då lyden trætta, og de ikkje vilde syna deim mi guddomsmagt og lata vatnet strøyma fram for augo deira.» - Av det hev Meribavatnet ved Kades i Sinheidi fenge namn.
Numb NorSMB 27:16  «Herre, du som kjenner kvar manns hug, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,
Numb NorSMB 27:17  som kann ganga fyre deim både heime og burte og fylgja deim både ut og inn, so ikkje lyden din skal vera som ein saueflokk utan hyrding!»
Numb NorSMB 27:18  Og Herren sagde til Moses: «Tak Josva, son åt Nun! Han er ein heilag mann. Legg handi på hovudet hans,
Numb NorSMB 27:19  og leid honom fram for Eleazar, øvstepresten, og for heile lyden, og set honom inn til styresmann framfor augo deira,
Numb NorSMB 27:20  og gjev honom noko av den vyrdnaden du hev med deg, so kjem heile Israels-lyden til å høyra på honom.
Numb NorSMB 27:21  Og han skal ganga fram for Eleazar, øvstepresten, og Eleazar skal for Herrens åsyn spyrja urim-oraklet for honom, og etter hans ord skal dei retta seg i alt dei tek seg fyre, både Josva og heile Israels-borni og heile lyden.»
Numb NorSMB 27:22  Moses gjorde som Moses sagde; han tok og leidde Josva fram for Eleazar, øvstepresten, og heile lyden,
Numb NorSMB 27:23  og Eleazar lagde henderne på honom, og sette honom inn til styresmann, som Herren hadde havt Moses til å segja med honom.
Chapter 28
Numb NorSMB 28:2  «So skal du segja til Israels-sønerne: «Offeri mine, maten min, dei angande retterne mine lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.»
Numb NorSMB 28:3  Seg til deim: «So skal dei rettarne vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen, til fast brennoffer.
Numb NorSMB 28:4  Eitt lamb skal du ofra um morgonen, og eitt solegladsbil,
Numb NorSMB 28:5  og til grjonoffer ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna av den beste beroljen.
Numb NorSMB 28:6  Det skal vera det faste brennofferet, so som det vart frambore på Sinaifjellet til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.
Numb NorSMB 28:7  Og drykkofferet som høyrer til det eine lambet, skal vera ei halvkanna vin; den skal de skjenkja ut i heilagdomen til kryddedrykk for Herren.
Numb NorSMB 28:8  Det andre lambet skal du ofra solegladsbil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.
Numb NorSMB 28:9  Um kviledagen skal du ofra tvo årsgamle lamb utan lyte, og til grjonoffer tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, og drykkofferet som høyrer til.
Numb NorSMB 28:10  Det er kviledags-brennofferet som skal berast fram kvar helg, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.
Numb NorSMB 28:11  Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 28:12  og til grjonoffer tri kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ukse, og tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ver,
Numb NorSMB 28:13  og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, for kvart lamb; då er det eit rett brennoffer som angar godt, ein god offerrett for Herren.
Numb NorSMB 28:14  Og drykkofferet skal vera ei kanna vin for kvar ukse, og tvo pottar for kvar ver, og ei halvkanna for kvart lamb. Dette er månads-brennofferet som de skal bera fram kvar nymånedag i året.
Numb NorSMB 28:15  Då skal de og ofra ein geitebukk til syndoffer åt Herren, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.
Numb NorSMB 28:16  Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.
Numb NorSMB 28:17  Og den femtande dagen i den same månaden er det pilegrimshelg; då skal de eta usyrt brød sju dagar.
Numb NorSMB 28:18  Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.
Numb NorSMB 28:19  Og de skal bera fram for Herren ein rjukande brennofferrett: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
Numb NorSMB 28:20  og til grjonoffer attåt dei fint mjøl, blanda med olje: tri kannor for kvar ukse og tvo kannor attåt veren,
Numb NorSMB 28:23  Dette skal de ofra umfram morgon-brennofferet, som høyrer til den daglege offergåva.
Numb NorSMB 28:24  Sovorne gåvor skal de bera fram kvar av dei sju dagarne: det er offermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til.
Numb NorSMB 28:25  Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då.
Numb NorSMB 28:26  Nygrødedagen, når de ber fram eit nytt grjonoffer for Herren, og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.
Numb NorSMB 28:27  Og de skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb,
Numb NorSMB 28:28  og til grjonoffer fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar ukse, og tvo kannor for kvar ver,
Numb NorSMB 28:31  Det skal de ofra umfram det daglege brennofferet og grjonofferet som høyrer til. Offeri skal vera lytelause, og dei vanlege drykkofferi skal fylgja med.
Chapter 29
Numb NorSMB 29:1  Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurarne ljoma,
Numb NorSMB 29:2  og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:3  og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,
Numb NorSMB 29:6  umfram månads-brennofferet og grjonofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt grjonoffer og dei vanlege drykkofferi; då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.
Numb NorSMB 29:7  Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko arbeid;
Numb NorSMB 29:8  og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
Numb NorSMB 29:9  og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,
Numb NorSMB 29:11  og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med grjonofferet og drykkofferi som høyrer til.
Numb NorSMB 29:12  Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar.
Numb NorSMB 29:13  Då skal de bera fram for Herren ein brennofferrett, som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
Numb NorSMB 29:14  og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar av dei trettan uksarne, og tvo kannor for kvar av dei tvo verarne,
Numb NorSMB 29:16  og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.
Numb NorSMB 29:17  Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:18  og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
Numb NorSMB 29:19  og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og sine drykkoffer;
Numb NorSMB 29:20  tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:21  og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
Numb NorSMB 29:22  og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
Numb NorSMB 29:23  fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:24  med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
Numb NorSMB 29:25  og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
Numb NorSMB 29:26  femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:27  med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
Numb NorSMB 29:28  og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
Numb NorSMB 29:29  sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:30  med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
Numb NorSMB 29:31  og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
Numb NorSMB 29:32  sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:33  med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
Numb NorSMB 29:34  og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.
Numb NorSMB 29:35  Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid, og må ikkje gjera noko utearbeid;
Numb NorSMB 29:36  og de skal bera fram ein brennofferrett som angar godt: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
Numb NorSMB 29:37  med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet,
Numb NorSMB 29:38  og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.
Numb NorSMB 29:39  Dette er det de skal ofra Herren på høgtiderne dykkar, umfram det de hev lova eller gjev i godvilje, anten det er brennoffer eller grjonoffer eller drykkoffer eller takkoffer.»»
Chapter 30
Numb NorSMB 30:1  Og Moses sagde alt dette med Israels-folket, heiltupp soleis som Herren hadde sagt honom fyre.
Numb NorSMB 30:2  Sidan tala Moses til hovdingarne yver Israels-ætterne, og sagde: «Høyr no eit anna bod som Herren hev gjeve:
Numb NorSMB 30:3  Når ein mann hev gjort ein lovnad til Herren, eller svore ein eid, at han vil halda seg ifrå ymse ting, so skal han ikkje brjota ordet sitt; det han hev lova, skal han halda.
Numb NorSMB 30:4  Når ei ung kvinna, som endå er heime hjå far sin, hev gjort ein lovnad til Herren, og svore at ho vil halda seg ifrå ymse ting,
Numb NorSMB 30:5  og far hennar fær høyra um lovnaden hennar og eiden ho hev bunde seg med, og tegjer til det, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.
Numb NorSMB 30:6  Men dersom far hennar same dagen som han fær høyra um nokon lovnad ho hev gjort, eller nokon eid ho hev bunde seg med, forbyd henne å halda sitt ord, so skal det vera um inkje, og Herren skal gjeva henne til, etter di det var faren som meinka henne.
Numb NorSMB 30:7  Vert ho gift, og hev ein lovnad på seg, eller hev bunde seg med eit tankelaust ord, og sagt at ho vil halda seg ifrå ymse ting,
Numb NorSMB 30:8  og mannen hennar fyrr eller sidan fær vita det, og ikkje segjer noko imot, då skal det gjelda det ho hev lova, og det ordet ho hev bunde seg med, skal gjelda.
Numb NorSMB 30:9  Men dersom mannen hennar same dagen som han fær vita det, forbyd henne å halda sitt ord, so gjer han lovnaden ho hev på seg um inkje, og det tankelause ordet ho hev bunde seg med, og Herren skal gjeva henne til.
Numb NorSMB 30:10  Hev ei enkja eller fråskild kona gjort ein lovnad, og nemnt noko ho vil halda seg ifrå, so skal ho halda ord.
Numb NorSMB 30:11  Når ei kona etter ho er gift hev lova noko, eller bunde seg med eid til å halda seg ifrå eitt eller anna,
Numb NorSMB 30:12  og mannen hennar fær vita det, men tegjer og ikkje forbyd henne å halda sitt ord, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.
Numb NorSMB 30:13  Men dersom mannen hennar gjer det um inkje same dagen som han fær høyra um det, so gjeld ikkje noko av dei ordi ho soleis hev slept av munnen, anten det er ein lovnad ho hev gjort, eller det er noko ho hev svore seg ifrå: Mannen hennar hev gjort det um inkje, og Herren skal gjeva henne til.
Numb NorSMB 30:14  Kvar lovnad ho hev gjort og kvar eid ho hev svore um å halda seg ifrå eitt eller hitt og spekja seg, kann mannen hennar anten stadfesta eller gjera um inkje.
Numb NorSMB 30:15  Men tegjer han um det til andre dagen, so hev han stadfest alt det ho hev lova eller bunde seg til; han hev stadfest det med di han tagde då han fekk vita det.
Numb NorSMB 30:16  Og gjer han det fyrst um inkje ei tid etter han fekk høyra um det, so ber han ansvaret for brotet hennar.» Dette er dei fyresegnerne Herren gav Moses um den retten ein mann hev yver kona si, og ein far yver dotter si, so lenge ho er ung og er heime hjå faren.
Chapter 31
Numb NorSMB 31:2  «Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.»
Numb NorSMB 31:3  Då tala Moses til folket, og sagde: «Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midjanitarne, og føra Herrens hemn yver Midjan.
Numb NorSMB 31:4  Tusund mann frå kvar av Israels-ætterne skal de senda ut i herferd.»
Numb NorSMB 31:5  Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner.
Numb NorSMB 31:6  Deim sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med deim sende han Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten; han hadde med seg dei heilage gognerne og stridslurarne.
Numb NorSMB 31:7  Og dei gjorde ei herferd mot Midjan, so som Herren hadde sagt med Moses, og slo i hel alle karmenner.
Numb NorSMB 31:8  Og millom deim som dei drap, var kongarne i Midjan, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midjans-kongarne; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira.
Numb NorSMB 31:9  So tok dei konorne og borni åt midjanitarne og klyvdyri og bufeet deira og alt det dei åtte;
Numb NorSMB 31:10  og alle borgarne i det landet dei hadde slege seg ned i og alle tjeldlægri deira, sette dei eld på.
Numb NorSMB 31:11  Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke,
Numb NorSMB 31:12  førde dei dit som Moses og Eleazar, øvstepresten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko - både fangarne og feet og alt det andre herfanget.
Numb NorSMB 31:13  Og Moses og Eleazar, øvstepresten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med deim utanfor lægret.
Numb NorSMB 31:14  Men Moses var vond på hovdingarne som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann,
Numb NorSMB 31:15  og han sagde til deim: «Hev de spart alle kvinnorne?
Numb NorSMB 31:16  Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-sønerne til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd.
Numb NorSMB 31:17  Slå no i hel alle sveinborn, og alle kvinnor som hev ått mann eller havt med karfolk å gjera!
Numb NorSMB 31:18  Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til.
Numb NorSMB 31:19  Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg for synd den tridje og den sjuande dagen, både dei og fangarne deira.
Numb NorSMB 31:20  Og alle klæde, og alt som er gjort av ler eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.»
Numb NorSMB 31:21  Og Eleazar, øvstepresten, sagde til dei mennerne som hadde vore med i herferdi: «Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses:
Numb NorSMB 31:23  alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyt berre etterpå skira det med vigslevatn; men alt som ikkje toler eld, skal de hava i vatn.
Numb NorSMB 31:24  Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.»
Numb NorSMB 31:26  «Du og Eleazar, øvstepresten, og ættehovdingarne i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga,
Numb NorSMB 31:27  og skifta det likt millom stridsmennerne som var med i herferdi og alt hitt folket.
Numb NorSMB 31:28  Og du skal taka ei avgift av stridsmennerne: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe;
Numb NorSMB 31:29  det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleazar, øvstepresten; det skal vera ei reida til Herren.
Numb NorSMB 31:30  Og av den helvti som fell på dei hine Israels-sønerne, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av kyr og asen og sauer - av alt feet - og gjeva deim til levitarne som hev umsut med alt det som skal gjerast i Herrens hus.»
Numb NorSMB 31:31  Moses og Eleazar, øvstepresten, gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
Numb NorSMB 31:32  Og herfanget, det som var att av alt det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund;
Numb NorSMB 31:35  av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund.
Numb NorSMB 31:36  Helvti av dette, den luten som fall på hermennerne, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet,
Numb NorSMB 31:37  so avgifti til Herren av sauerne og geiterne vart seks hundrad og fem og sytti;
Numb NorSMB 31:38  uksar og kyr: seks og tretti tusund; av deim var avgifti til Herren tvo og sytti;
Numb NorSMB 31:39  asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av deim til Herren ein og seksti;
Numb NorSMB 31:40  fangar: sekstan tusund, og av deim i avgift til Herren tvo og tretti ungmøyar.
Numb NorSMB 31:41  Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleazar, øvstepresten, som Herren hadde sagt med honom.
Numb NorSMB 31:42  Den helvti som kom på dei hine Israels-sønerne, og som Moses hadde skift ifrå hermennerne,
Numb NorSMB 31:43  den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter,
Numb NorSMB 31:47  Av denne helvti - den som fall på Israels-sønerne - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe, og gav deim til levitarne som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt med honom.
Numb NorSMB 31:48  So gjekk hovdingarne yver herflokkarne, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses
Numb NorSMB 31:49  og sagde til honom: «Me hev teke tal på stridsmennerne som me hadde under oss, og det vantar ikkje ein mann.
Numb NorSMB 31:50  Difor kjem me no kvar med det gullet me hev vunne: armringar og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera ei gåva til Herren og ein løysepening for livet vårt.»
Numb NorSMB 31:51  Og Moses og Eleazar, øvstepresten, tok imot gullet dei kom med; alt saman var det fint arbeidde ting.
Numb NorSMB 31:52  Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt elleve hundrad merker; det var gåva frå hovdingarne.
Numb NorSMB 31:53  Men mannskapet hadde og vunne mykje gull, kvar åt seg.
Numb NorSMB 31:54  Då Moses og Eleazar, øvstepresten, hadde teke imot gullet av hovdingarne, bar dei det inn i møtetjeldet og gøymde det der til ei minning for Herren um Israels-folket.
Chapter 32
Numb NorSMB 32:1  Rubens-sønerne og Gads-sønerne hadde mykje bufe - uhorveleg mykje. Då dei no såg dei gode beitemarkerne i landet kring Jazer og i Gileadlandet,
Numb NorSMB 32:2  kom dei og sagde til Moses og Eleazar, øvstepresten, og hovdingarne i lyden:
Numb NorSMB 32:3  «Atarot og Dibon og Jazer og Nimra og Hesbon og Elale og Sebam og Nebo og Beon,
Numb NorSMB 32:4  dei bygderne som Herren hev vunne for Israels-lyden, det er gode febygder, og me hev mykje fe.
Numb NorSMB 32:5  «Vil du gjera vel mot oss», sagde dei, so lat oss få det landet til odel og eiga, og før oss ikkje yver Jordan!»
Numb NorSMB 32:6  Då sagde Moses til Gads-sønerne og Rubens-sønerne: «Skal brørne dykkar ganga i striden, og de setja dykk til her?
Numb NorSMB 32:7  Vil de då gjera Israels-sønerne uhuga til å fara yver åt det landet som Herren hev gjeve deim?
Numb NorSMB 32:8  Det var det federne dykkar gjorde då eg sende deim ut frå Kades-Barnea til å skoda landet:
Numb NorSMB 32:9  dei for upp til Eskoldalen og såg på landet, og so skræmde dei Israels-sønerne, so dei miste hugen til å koma inn i det landet som Herren hadde gjeve deim.
Numb NorSMB 32:10  Den dagen vart Herren brennande harm, og han svor:
Numb NorSMB 32:11  «Ingen av dei mennerne som for upp frå Egyptarland, og er yver tjuge år gamle, skal få sjå det landet eg hev lova Abraham og Isak og Jakob; for dei hev ikkje lydt meg som dei skulde -
Numb NorSMB 32:12  ingen utan Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti og Josva Nunsson; dei hev vore trugne til å fylgja Herren.»
Numb NorSMB 32:13  Herren vart harm på Israel og let deim flakka ikring i øydemarki i fyrti år, til det var ende på heile den ætti som hadde gjort Herren imot.
Numb NorSMB 32:14  Og no hev de stige i staden åt federne dykkar, eit elde av synduge menner, og aukar endå meir Herrens harm imot Israel.
Numb NorSMB 32:15  For slær de dykk ifrå og ikkje vil fylgja honom, so kjem han til å halda deim endå lenger i øydemarki, og de fører ulukka yver heile dette folket.»
Numb NorSMB 32:16  Då gjekk dei fram for Moses og sagde: «Me vil gjera kvier for feet vårt her og byggja borgar for konorne og borni våre;
Numb NorSMB 32:17  og so vil me væpna oss snøggast me vinn og fara fyre dei hine Israels-sønerne, til me hev ført deim dit dei skal; men konorne og borni våre skal sitja att i borgerne, so dei er trygge for folket her i landet.
Numb NorSMB 32:18  Me skal ikkje venda heim att, fyrr Israels-borni hev fenge kvar sin eigedom;
Numb NorSMB 32:19  for me vil ikkje taka land saman med dei andre på hi sida Jordan og lenger undan, når me fær vårt land på denne sida, austanfor Jordan.»
Numb NorSMB 32:20  «Ja, gjer de det,» sagde Moses, «væpnar de dykk til striden for Herrens augo,
Numb NorSMB 32:21  og alle stridsmennerne dykkar fer yver Jordan for Herrens augo, til han hev drive fiendarne sine or syne,
Numb NorSMB 32:22  og vender de ’kje heim att fyrr landet er vunne for Herrens augo, so hev de ingi skuld på dykk, korkje mot Herren eller Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom med Herrens vilje.
Numb NorSMB 32:23  Men gjer de det ikkje, då syndar de imot Herren, og skal få kjenna at syndi finn dykk att.
Numb NorSMB 32:24  Bygg borgar for konorne og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!»
Numb NorSMB 32:25  «Me vil gjera som du segjer, herre,» svara dei;
Numb NorSMB 32:26  «borni og konorne våre og feet og alle klyvdyri skal vera her i Gileads-borgerne;
Numb NorSMB 32:27  men sjølve vil me ganga yver Jordan for Herrens augo til strid, kvar våpnfør mann, soleis som du hev sagt.»
Numb NorSMB 32:28  So tala Moses um det til Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver alle Israels-ætterne,
Numb NorSMB 32:29  og sagde: «Gjeng Gads-sønerne og Rubens-sønerne, so mange som er våpnføre, med dykk yver Jordan for Herrens augo, og landet vert teke, so skal de gjeva deim Gileadlandet til eigedom.
Numb NorSMB 32:30  Men gjeng dei ikkje stridsbudde med dykk yver, so skal dei få eigedomen sin i Kana’ans-landet, saman med dykk andre.»
Numb NorSMB 32:31  Og Gads-sønerne og Rubens-sønerne svara: «Det som Herren hev sagt til oss, det vil me gjera:
Numb NorSMB 32:32  me vil fara stridsbudde yver til Kana’ans-landet for Herrens augo, men odelseiga vår skal vera her på denne sida av Jordan.»
Numb NorSMB 32:33  Då gav Moses Gads- og Rubens-ætterne og halve Manasse-ætti dei riki som Sihon, amoritarkongen, og Og, kongen i Basan, hadde ått, heile landet med alle byarne rundt ikring og markerne som høyrde til.
Numb NorSMB 32:34  Og Gads-sønerne bygde upp att Dibon og Atarot og Aroer
Numb NorSMB 32:36  og Bet-Nimra og Bet-Haran - faste borger og fekvier.
Numb NorSMB 32:37  Og Rubens-sønerne bygde upp att Hesbon og Elale og Kirjatajim
Numb NorSMB 32:38  og Nebo og Sibma og Ba’al-Meon, den siste vende dei namnet på; elles let dei borgerne hava dei gamle namni.
Numb NorSMB 32:39  Sønerne åt Makir, Manasses son, for til Gileadlandet, og tok det, og dreiv ut amoritarne som budde der.
Numb NorSMB 32:40  Og Moses gav Makirs-ætti Gilead, og dei sette seg ned der.
Numb NorSMB 32:41  Ja’ir, son åt Manasse, for av stad og tok tjeldbyarne deira, og kalla deim Ja’irsbyarne.
Numb NorSMB 32:42  Og Nobah for av, og tok Kenatborgi og grenderne der ikring og gav borgi sitt eige namn, Nobah.
Chapter 33
Numb NorSMB 33:1  No skal eg nemna dei staderne der Israels-folket tok læger på ferdi si, då Moses og Aron førde flokkarne deira burt frå Egyptarland.
Numb NorSMB 33:2  For kvar gong dei tok ut ifrå lægret, skreiv Moses upp kvar dei var, so som Herren hadde sagt med honom, og her er namni på lægerstaderne deira etter som dei for fram.
Numb NorSMB 33:3  Femtande dagen i fyrste månaden tok Israels-sønerne ut frå Ra’amses, påskedagen for dei i veg med tråss i hugen, midt for augo på alle egyptarane;
Numb NorSMB 33:4  egyptarane heldt då på og jorda alle sine frumborne, deim som Herren hadde slege i hel; for Herren hadde halde dom yver gudarne deira.
Numb NorSMB 33:5  Då Israels-sønerne hadde fare frå Ramses, lægra dei seg fyrst i Sukkot.
Numb NorSMB 33:6  So tok dei ut frå Sukkot, og lægra seg i Etam, ytst utmed øydemarki.
Numb NorSMB 33:7  So tok dei ut frå Etam, men sidan snudde dei um, og tok vegen til Pi-Hakhirot, som ligg midt imot Ba’al-Sefon, og dei lægra seg framanfor Migdol.
Numb NorSMB 33:8  So tok dei ut frå Pi-Hakhirot, og for tvert igjenom havet til øydemarki, og då dei hadde fare tri dagar i Etammarki, lægra dei seg i Mara.
Numb NorSMB 33:9  So tok dei ut frå Mara, og kom til Elim. I Elim var det tolv vatskjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der.
Numb NorSMB 33:10  So tok dei ut frå Elim, og lægra seg ved Raudehavet.
Numb NorSMB 33:11  So tok dei ut frå Raudehavet, og lægra seg i Sinheidi.
Numb NorSMB 33:12  So tok dei ut frå Sinheidi, og lægra seg i Dofka.
Numb NorSMB 33:14  So tok dei ut frå Alus, og lægra seg i Refidim; men der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
Numb NorSMB 33:15  So tok dei ut frå Refidim, og lægra seg i Sinaiheidi.
Numb NorSMB 33:16  So tok dei ut frå Sinaiheidi, og lægra seg i Kibrot-Hatta’ava.
Numb NorSMB 33:17  So tok dei ut frå Kibrot-Hatta’ava, og lægra seg i Haserot.
Numb NorSMB 33:18  So tok dei ut frå Haserot, og lægra seg i Ritma.
Numb NorSMB 33:19  So tok dei ut frå Ritma, og lægra seg i Rimmon-Peres.
Numb NorSMB 33:20  So tok dei ut frå Rimmon-Peres, og lægra seg i Libna.
Numb NorSMB 33:21  So tok dei ut frå Libna, og lægra seg i Rissa.
Numb NorSMB 33:22  So tok dei ut frå Rissa, og lægra seg i Kehelata.
Numb NorSMB 33:23  So tok dei ut frå Kehelata, og lægra seg innmed Seferfjellet.
Numb NorSMB 33:24  So tok dei ut frå Seferfjellet, og lægra seg i Harada.
Numb NorSMB 33:25  So tok dei ut frå Harada, og lægra seg i Makhelot.
Numb NorSMB 33:26  So tok dei ut frå Makhelot, og lægra seg i Tahat.
Numb NorSMB 33:27  So tok dei ut frå Tahat, og lægra seg i Tarah.
Numb NorSMB 33:28  So tok dei ut frå Tarah, og lægra seg i Mitka.
Numb NorSMB 33:29  So tok dei ut frå Mitka, og lægra seg i Hasmona.
Numb NorSMB 33:30  So tok dei ut frå Hasmona, og lægra seg i Moserot.
Numb NorSMB 33:31  So tok dei ut frå Moserot, og lægra seg i Bene-Ja’akan.
Numb NorSMB 33:32  So tok dei ut frå Bene-Ja’akan, og lægra seg i Hor-Hagidgad.
Numb NorSMB 33:33  So tok dei ut frå Hor-Hagidgad, og lægra seg i Jotbata.
Numb NorSMB 33:34  So tok dei ut frå Jotbata, og lægra seg i Abrona.
Numb NorSMB 33:35  So tok dei ut frå Abrona, og lægra seg i Esjon-Geber.
Numb NorSMB 33:36  So tok dei ut frå Esjon-Geber, og lægra seg i Sinheidi, i Kades.
Numb NorSMB 33:37  So tok dei ut frå Kades, og lægra seg attmed Horfjellet, i landskilet med Edom.
Numb NorSMB 33:38  Og Aron, øvstepresten, gjekk upp på Horfjellet, som Herren hadde sagt med honom, og der døydde han i det fyrtiande året etter Israels-sønerne hadde teke ut frå Egyptarlandet, fyrste dagen i femte månaden.
Numb NorSMB 33:39  Aron var hundrad og tri og tjuge år gamall då han døydde på Horfjellet.
Numb NorSMB 33:40  Men den kananitiske kongen som budde i Arad, i sørluten av Kana’an, fekk høyra at Israels-sønerne kom;
Numb NorSMB 33:41  då tok dei ut frå Horfjellet, og lægra seg i Salmona.
Numb NorSMB 33:42  So tok dei ut frå Salmona, og lægra seg i Punon.
Numb NorSMB 33:44  So tok dei ut frå Obot, og lægra seg i Ijje-ha-Abarim i landskilet med Moab.
Numb NorSMB 33:45  So tok dei ut frå Ijjim, og lægra seg i Dibon-Gad.
Numb NorSMB 33:46  So tok dei ut frå Dibon-Gad, og lægra seg i Almon-Diblataima.
Numb NorSMB 33:47  So tok dei ut frå Almon-Diblataima, og lægra seg i Abarimfjelli, austanfor Nebo.
Numb NorSMB 33:48  So tok dei ut frå Abarimfjelli, og lægra seg på Moabmoarne ved Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko;
Numb NorSMB 33:49  lægret deira låg langs med Jordan, og rakk frå Bet-ha-Jesjimot til Abel-hasj-sjittim på Moabmoarne.
Numb NorSMB 33:50  Og Herren tala til Moses på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:
Numb NorSMB 33:51  «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og kjem til Kana’ans-landet,
Numb NorSMB 33:52  so skal de driva ut deim som bur der i landet, og knasa alle bilætsteinarne deira, og slå sund alle gudelikjendi dei hev støypt seg, riva ned alle hovi.
Numb NorSMB 33:53  De skal eigna til dykk landet, og setja dykk ned der; for dykk hev eg gjeve det landet til odel og eiga.
Numb NorSMB 33:54  De skal skifta det millom dykk etter ætter, og draga strå um bygderne. Den som hev mykje folk, skal de gjeva mykje jord, og den som hev lite folk mindre. Kvar skal få den eigedomen som strået hans kjem ut med. Etter ætterne de høyrer til skal landet bytast millom dykk.
Numb NorSMB 33:55  Men driv de deim ikkje ut, dei som no bur i landet, so skal dei som de sparer verta tornar i augo og broddar i sidorne dykkar, og dei skal plåga dykk i dykkar eige land.
Numb NorSMB 33:56  Og det som eg hadde sett meg fyre å gjera med deim, det skal eg då gjera med dykk.»»
Chapter 34
Numb NorSMB 34:2  «Seg til Israels-sønerne: «Når de kjem inn i Kana’ans-landet - det er det landet de skal hava og eiga, heile Kana’ans-landet so vidt som det er -
Numb NorSMB 34:3  so skal landeskilet dykkar på sudsida ganga frå Sinheidi langs med Edom, den søre bytestrengen skal i aust ganga ut ifrå enden av Saltsjøen,
Numb NorSMB 34:4  og svinga sudum Skorpionskardet, og so taka yver til Sin; so skal han ganga fram sunnanfor Kades-Barnea, til han når Hasar-Addar, og so taka yver til Asmon;
Numb NorSMB 34:5  frå Asmon skal bytet svinga burt til Egyptarlands-bekken, og so ganga i havet.
Numb NorSMB 34:6  I vest skal landet støyta til Storhavet; det skal vera landskilet dykkar mot vest.
Numb NorSMB 34:7  På nordsida skal landskilet ganga soleis. Frå Storhavet skal de draga skiftelina til Horfjellet
Numb NorSMB 34:8  og frå Horfjellet dit som vegen ber til Hamat; der skal bytet ganga ut ved Sedad;
Numb NorSMB 34:9  sidan skal det halda fram til Zifron, og so enda ved Hasar-Enan. Dette skal vera landskilet dykkar mot nord.
Numb NorSMB 34:10  I aust skal de setja landskilet etter ei lina som gjeng frå Hasar-Enan til Sefam.
Numb NorSMB 34:11  Frå Sefam skal bytet ganga nedetter til Ha-ribla, i aust for Ajin, og so lenger ned, til det når berghallet austanfor Kinneretsjøen;
Numb NorSMB 34:12  so skal det ganga nedåt Jordan, og ut i Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, etter bytemerki sine rundt ikring.»»
Numb NorSMB 34:13  Og Moses sagde til Israels-sønerne: «Dette er det landet som de skal få til odel og eiga; de skal skifta det i luter, og draga strå um luterne; det er det landet som Herren hev sagt skal gjevast åt dei ni ætterne og den eine halve ætti.
Numb NorSMB 34:14  For Rubens-ætti med greinerne sine og Gads-ætti med sine greiner og den halve Manasse-ætti hev fenge dei eigorne dei skal hava;
Numb NorSMB 34:15  desse tvo ætterne og den halve ætti hev fenge sin eigedom på denne sida av Jordanelvi, som renn frammed Jeriko - i aust, der soli kjem upp.»
Numb NorSMB 34:17  «Høyr no kva dei er for menner som skal skifta ut landet millom dykk; Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson,
Numb NorSMB 34:18  og so ein hovding frå kvar ætt, som de skal taka til utskiftingsmann;
Numb NorSMB 34:22  so ein hovding av Dans-ætti: Bukki, son åt Jogli;
Numb NorSMB 34:23  og av Josefs-sønerne ein hovding av Manasse-ætti: Hanniel, son åt Efod,
Numb NorSMB 34:24  og ein hovding av Efraims-ætti: Kemuel, son åt Siftan;
Numb NorSMB 34:25  so ein hovding av Sebulons-ætti: Elisafan, son åt Parnak;
Numb NorSMB 34:26  og ein hovding av Issakars-ætti: Paltiel, son åt Azzan;
Numb NorSMB 34:27  og ein hovding av Assers-ætti: Akhihud, son åt Selomi;
Numb NorSMB 34:28  og ein hovding av Naftali-ætti: Pedael, son åt Ammihud.»
Numb NorSMB 34:29  Desse mennerne var det som Herren sagde skulde skifta eigedomarne millom Israels-sønerne i Kana’ans-landet.
Chapter 35
Numb NorSMB 35:1  Og Herren tala atter til Moses på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:
Numb NorSMB 35:2  «Seg til Israels-sønerne: «De skal gjeva levitarne byar til bustad i det landet de kjem til å eiga, og utmarki som ligg ikring, skal de og lata levitarne få.
Numb NorSMB 35:3  Byarne skal dei hava til å bu i, og utmarki som høyrer til, skal vera til beite for klyvdyri og feet og all buskapen deira.
Numb NorSMB 35:4  Utmarki som de gjev levitarne, skal nå tusund alner ut ifrå bymuren rundt ikring.
Numb NorSMB 35:5  Utanfor byen skal de mæla upp tvo tusund alner på austsida, og tvo tusund alner på sudsida, og tvo tusund alner på vestsida, og tvo tusund alner på nordsida, og byen skal liggja midt i; det skal vera bymarkerne deira.
Numb NorSMB 35:6  Dei byarne som de gjev levitarne, skal vera dei seks fredstaderne, som dråpsmenner kann røma til, og attåt deim skal de gjeva tvo og fyrti andre byar.
Numb NorSMB 35:7  I alt skal de gjeva levitarne åtte og fyrti byar med beitemarkerne som høyrer til.
Numb NorSMB 35:8  Og av dei byarne som de gjev deim av eigedomen åt Israels-sønerne, skal dei taka fleire frå den som hev mykje land, og færre frå den som hev lite. Kvar skal gjeva levitarne byar etter som han hev fenge land til.»»
Numb NorSMB 35:10  «Tala til Israels-sønerne og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og til Kana’ans-landet,
Numb NorSMB 35:11  so lyt de velja dykk ut nokre byar som de skal hava til fredstader, so ein dråpsmann som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.
Numb NorSMB 35:12  Dei byarne skal vera dykk til ei trygd mot den som vil hemna dråpet, so dråpsmannen ikkje skal lata livet, fyrr han hev stade til doms for lyden.
Numb NorSMB 35:13  Dei byarne som de tek til fredstader, skal vera seks i talet.
Numb NorSMB 35:14  Tri av deim skal vera på austsida av Jordan og tri i Kana’ans-landet; fredstader skal dei vera.
Numb NorSMB 35:15  Både for Israels-borni og for dei framande og innflutte som bur millom deim, skal desse seks byarne vera til ei livd, so den som uviljande hev drepe nokon, kann søkja dit.
Numb NorSMB 35:16  Den som slær ein med eit jarnhandyvle, so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numb NorSMB 35:17  Tek nokon ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og slær ein med so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numb NorSMB 35:18  Tek nokon eit trehandyvle som dei kann drepa folk med, og slær ein med det, so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numb NorSMB 35:19  Det er blodhemnaren kann slå manndråparen i hel; so snøgt som han finn honom, skal han slå honom i hel.
Numb NorSMB 35:20  Dersom nokon støyter til ein av hat, eller kastar noko på honom med vilje, so han døyr,
Numb NorSMB 35:21  eller av fiendskap slær ein med neven, so han døyr, so skal den som gjorde det lata livet; han er ein manndråpar: og blodhemnaren skal slå honom i hel so snøgt han finn honom.
Numb NorSMB 35:22  Men dersom nokon støyter til ein av vanvare, utan fiendskap, eller kastar einkvar tingen på honom mot sin vilje,
Numb NorSMB 35:23  eller råmar honom med ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og ikkje ser honom, og han døyr av det, men dråpsmannen ikkje var hans uven eller vilde honom vondt,
Numb NorSMB 35:24  då skal lyden døma millom dråpsmannen og blodhemnaren etter desse loverne.
Numb NorSMB 35:25  Og lyden skal verja dråpsmannen for blodhemnaren, og føra honom attende til fredstaden som han hadde søkt til, og der skal han vera til øvstepresten, han som er salva med den heilage oljen, er avliden.
Numb NorSMB 35:26  Men kjem han utum fredstaden som han hev tydt til,
Numb NorSMB 35:27  og blodhemnaren råkar honom der - utanfor fredstaden - so kann hemnaren slå honom i hel, og det skal ikkje reknast for manndråp;
Numb NorSMB 35:28  for dråpsmannen lyt halda seg i fredstaden sin, til øvstepresten er avliden; då fyrst kann han fara heim att til si eigi bygd og sin eigedom.
Numb NorSMB 35:29  Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk alle tider og alle stader.
Numb NorSMB 35:30  Hev nokon gjort manndråp, so skal han lata livet, so framt det er meir enn eitt vitne mot honom; etter ein manns vitnemål må ingen dømast frå livet.
Numb NorSMB 35:31  De må ikkje taka imot løysepengar for ein som er saka i manndråp og dømt til dauden, han skal lata livet.
Numb NorSMB 35:32  Og de må ikkje taka imot løysepengar for ein som hev tydt til ein fredstad, og lata honom koma ut att og bu ein annan stad i landet, fyrr øvstepresten er avliden.
Numb NorSMB 35:33  De skal ikkje vanhelga det landet de bur i; for blodet vanhelgar landet, og landet fær ikkje soning for blodet som hev runne der utan med blodet av den som rende det ut.
Numb NorSMB 35:34  Difor skal du ikkje sulka det landet de bur i, og som eg hev min bustad i; for eg Herren, hev bustaden min millom Israels-folket.»»
Chapter 36
Numb NorSMB 36:1  Husfederne åt Gileads-folket, som var ætta frå Makir, son åt Manasse, og høyrde til Josefs-ætterne, gjekk fram og tala so til Moses og styresmennerne, ættehovdingarne åt Israels-folket:
Numb NorSMB 36:2  «Herren sagde, at du skulle byta landet i luter og lata Israels-sønerne draga strå um luterne, og han sagde at du skulde lata døtterne åt Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin.
Numb NorSMB 36:3  Men vert no dei gifte med menner av dei andre Israels-ætterne, so gjeng eigedomen deira ifrå vår ætt, og jordi åt den ætti dei kjem inn i aukar, men vår ættarjord minkar.
Numb NorSMB 36:4  Og når jubelåret kjem hjå Israels-folket, so vert eigedomen åt desse gjentorne lagd til den ætti som dei hev kome inn i, og teken ifrå vår ætt.»
Numb NorSMB 36:5  Då tala Moses til Israels-sønerne, so som Herren hadde sagt honom fyre: «Det er rett som Josefs-sønerne segjer;
Numb NorSMB 36:6  Høyr no kva Herrens vilje er med døtterne åt Selofhad: dei kann gifta seg med kven dei vil, men det lyt vera innan fedreætti deira.
Numb NorSMB 36:7  For ingen eigedom må hjå Israels-folket ganga yver frå ei ætt til ei onnor. Alle Israels-sønerne skal halda på eigedomen åt fedreætti si.
Numb NorSMB 36:8  Og kvar ei dotter som erver jord i eit av Israelsfylki, lyt gifta seg med ein frå same fylket, so kvar Israelsson kann erva odelsjordi etter federne sine,
Numb NorSMB 36:9  og ingen eigedom skal ganga yver frå ei ætt til ei onnor, men alle Israels-ætterne halda på eigedomen sin.»
Numb NorSMB 36:10  Og døtterne åt Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
Numb NorSMB 36:11  Mahla og Tirsa og Hogla og Milka og Noa, alle døtterne åt Selofhad, gifte seg med frendar;
Numb NorSMB 36:12  med menner som var ætta frå Manasse, son åt Josef, gifte dei seg, so odelen deira kom til å fylgja den ætti dei høyrde til.
Numb NorSMB 36:13  Dette var dei bodi og loverne som Herren let Moses kunngjera for Israels-folket på Moabmoarne ved Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko.