JOB
Up
Chapter 1
Job | NorSMB | 1:1 | I landet Us budde det ein gong ein mann som heitte Job. Det var ein ærleg og rettvis mann som ottast Gud og heldt seg frå det som vondt var. | |
Job | NorSMB | 1:3 | og han åtte sju tusund sauer, tri tusund kamelar, fem hundrad par uksar og fem hundrad asnor, og dertil ei stor mengd tenarar, so han var den megtigaste av alle austerlendingarne. | |
Job | NorSMB | 1:4 | Sønerne hans hadde for skikk å halda gilde kvar sin dag heime hjå seg; og dei sende bod og bad dei tri systerne sine, at dei og skulde eta og drikka i lag med deim. | |
Job | NorSMB | 1:5 | Når so ein umgang med gjestebodsdagar var til endes, sende Job bod etter deim og helga deim tidleg um morgonen ofra han brennoffer, eitt for kvar einskild av deim. For Job tenkte: «Kanskje hev sønerne mine synda og banna Gud i hjarto sine.» Soleis gjorde Job kvar gong. | |
Job | NorSMB | 1:6 | Men so hende det ein dag at gudssønerne kom og stelte seg fram for Herren; og millom deim var og Satan. | |
Job | NorSMB | 1:7 | Herren spurde Satan: «Kvar kjem du ifrå?» «Eg hev fare og svive ikring på jordi,» svara Satan. | |
Job | NorSMB | 1:8 | Då spurde Herren Satan: «Hev du gjeve ans på Job, tenaren min? For liken hans finst ikkje på jordi, slik ein ærleg og rettvis mann som han er, og so som han ottast Gud og held seg frå det som vondt er.» | |
Job | NorSMB | 1:10 | Du hev då verna um honom og huset hans og alt han eig! Alt hans yrke hev du signa, og buskaparne hans hev breider seg ut i landet. | |
Job | NorSMB | 1:11 | Men rett ut handi di og rør ved alt det han eig - då skal han so visst banna deg upp i andlitet!» | |
Job | NorSMB | 1:12 | Då sagde Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di magt; men honom sjølv må du ikkje leggja hand på.» So gjekk Satan burt frå Herren. | |
Job | NorSMB | 1:13 | Ein dag sønerne og døtterne hans heldt måltid og drakk vin i huset hjå den eldste broren, | |
Job | NorSMB | 1:14 | kom det ein til Job og sagde: «Medan uksarne gjekk for plogen og asnorne beitte ved sida av, | |
Job | NorSMB | 1:15 | so kom sabæarane og tok deim og hogg ned drengjerne med sverd; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.» | |
Job | NorSMB | 1:16 | Medan han tala, kom ein annan og sagde: «Guds eld slo ned frå himmelen millom småfeet og hyrdingarne og brende deim upp; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg. | |
Job | NorSMB | 1:17 | Medan han tala, kom den tridje og sagde: «Kaldæarane kom i tri fylkingar og kasta seg yver kamelarne og rana deim; sveinarne hogg dei ned med sverd; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.» | |
Job | NorSMB | 1:18 | Medan han tala, kom den fjorde og sagde: Medan sønerne og døtterne dine åt og drakk heime hjå den eldste broren; | |
Job | NorSMB | 1:19 | so kom det ein sterk storm burtanfrå øydemarki og tok fat i alle fire hyrno på huset, so det seig i hop yver ungdomarne og slo deim i hel; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.» | |
Job | NorSMB | 1:20 | Då stod Job upp og reiv kappa si sund og klypte håret av hovudet og kasta seg å gruve og tilbad | |
Job | NorSMB | 1:21 | og sagde: «Naken kom eg or moderliv; naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok; Herrens namn vere lova!» | |
Chapter 2
Job | NorSMB | 2:1 | So hende det ein dag, at gudssønerne kom og stelte seg fram for Herren att, og Satan var millom deim og stelte seg fram for Herren. | |
Job | NorSMB | 2:2 | Og Herren spurde Satan: «Kvar kjem du ifrå?» «Eg hev fare og svive ikring på jordi,» svara Satan. | |
Job | NorSMB | 2:3 | Då spurde Herren honom: «Hev du gjeve ans på Job, tenaren min? For liken hans finst ikkje på jordi, slik ein ærleg og rettvis ein mann som han er, og so som han ottast Gud og held seg frå det som vondt er. Han er endå like ærleg, so du hev eggja meg upp til å tyna honom utan grunn.» | |
Job | NorSMB | 2:4 | Då sagde Satan til Herren: «Hud for hud; ein mann gjev gjerne alt han eig når han berre bergar livet. | |
Job | NorSMB | 2:5 | Men rett ut handi di og rør ved beini og holdet hans - han skal so visst banna deg upp i andlitet.» | |
Job | NorSMB | 2:10 | Men han svara henne: «Du talar som ei fåvis kvinna. Me tek imot av Gud det gode, skal me ’kje taka og det vonde?» Tråss i alt dette synda ikkje Job med lipporne sine. | |
Job | NorSMB | 2:11 | Tri vener til Job fekk høyra um den ulukka som hadde kome yver honom; dei kom kvar frå sin heimstad, Elifaz frå Teman, Bildad frå Suah, og Sofar frå Na’ama, og dei avtala seg imillom at dei skulde ganga til honom for å syna honom samhug og trøysta honom. | |
Job | NorSMB | 2:12 | Men alt på langt fråstand såg dei at han var heilt ukjenneleg; og dei sette i og gret og reiv sund kapporne sine og kasta mold yver hovudi upp i lufti. | |
Chapter 3
Job | NorSMB | 3:4 | Må denne dag til myrker verta - burtgløymd av Gud i høge himmel - og inkje ljos på honom skina! | |
Job | NorSMB | 3:5 | Lat svarte myrkret honom eiga og skyer seg kring honom samla! Dagmyrkjingar skal honom skræma | |
Job | NorSMB | 3:6 | og myrkret gløypa denne natt! Burt med den natt frå årsens dagar, ho kome ei i månads tal! | |
Job | NorSMB | 3:9 | Og morgonstjernor skal ’kje skina; fåfengt ho venta skal på ljoset - augbrunerne av morgonroden - | |
Chapter 4
Job | NorSMB | 4:16 | og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra: | |
Job | NorSMB | 4:19 | enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol. | |
Job | NorSMB | 4:20 | Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir. | |
Chapter 5
Job | NorSMB | 5:5 | Hans avling åt dei svoltne upp, dei tok ho tråss i klungergjerde, og snara lurde på hans gods. | |
Chapter 6
Job | NorSMB | 6:4 | For Allvalds pilar sit i meg, mi ånd lyt suga deira gift; Guds rædslor reiser seg til åtak. | |
Job | NorSMB | 6:10 | Då hadde endå eg mi trøyst; trass pina skulde glad eg hoppa! - Den Heilage sitt ord eg held på. | |
Chapter 7
Job | NorSMB | 7:4 | Eg segjer når eg gjeng til kvile: «Når skal eg atter standa upp?» Og kvelden vert so lang, so lang: Eg ligg uroleg alt til dagsprett. | |
Job | NorSMB | 7:20 | Hev eg gjort synd, kva gjer eg deg, du som på mannen vaktar stødt? Kvi hev du meg til skiva valt? So eg hev vorte meg ei byrd? | |
Chapter 8
Job | NorSMB | 8:6 | er du då rein og utan svik, då vil han vakna upp for deg og reisa nytt ditt rettferdshus, | |
Chapter 9
Job | NorSMB | 9:24 | Han jordi gav i nidings hand; på domarar han syni kverver. Er det ’kje han, kven er det då? | |
Chapter 10
Job | NorSMB | 10:1 | Mi sjæl er leid av livet mitt, eg gjev mi klaga lause taumar, vil tala i min såre hugverk. | |
Job | NorSMB | 10:3 | Finn du det godt å gjera vald, og øyda upp ditt eige verk, men lysa yver gudlaust råd? | |
Job | NorSMB | 10:15 | um eg var skuldig, usæl eg! Um skuldfri, tord’ eg ei meg briska, av skjemsla mett, med naud for augom; | |
Job | NorSMB | 10:17 | du førde nye vitne mot meg og harmast endå meir på meg og sende mot meg her på her. | |
Chapter 11
Job | NorSMB | 11:6 | og syna deg sin løynde visdom, kor han eig vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av syndi. | |
Chapter 12
Job | NorSMB | 12:3 | Men eg hev vit so vel som de; eg ei til atters stend for dykk; kven kjenner ikkje dette fyrr? | |
Job | NorSMB | 12:4 | Til spott for venen min vert eg som bad til Gud og bønhøyrd vart. Til spott vert rettvis mann og ærleg. | |
Job | NorSMB | 12:6 | Valdsmenn bur roleg i sitt tjeld; trygge er dei som tergar Gud, dei som hev Gud i neven sin. | |
Chapter 13
Job | NorSMB | 13:27 | og legg i stokken mine føter, og vaktar alle mine vegar, slær krins um mine foteblad. | |
Chapter 14
Job | NorSMB | 14:5 | Når dagetalet hans er sett, hans månads-tal sett fast hjå deg, når du for han ei grensa drog som ei han yverskrida kann, | |
Job | NorSMB | 14:7 | For treet er det endå von; um det vert det hogge, sprett det att, på renningar det vantar ikkje. | |
Job | NorSMB | 14:12 | so ligg ein mann, ris ikkje upp; til himmeln kverv, dei vaknar ikkje; ein kann ’kje vekkja deim or svevnen. | |
Job | NorSMB | 14:13 | Å, gjev du gøymde meg i helheim, løynde meg, til din vreide gav seg, gav meg ein frest, og so meg hugsa! | |
Job | NorSMB | 14:14 | Tru mannen døyr og livnar att? I all min strid eg skulde vona og venta til avløysing kom. | |
Job | NorSMB | 14:19 | Som vatnet holar steinen ut, og flaumen skolar moldi burt, so tek du ifrå mannen voni | |
Job | NorSMB | 14:20 | og tyngjer honom ned for alltid. Han fer av stad; med åsyn rengd du sender honom burt frå deg. | |
Chapter 15
Job | NorSMB | 15:28 | Han budde i bannstøytte byar, i hus som ingen burde bu i, men til grushaugar etla var. | |
Job | NorSMB | 15:30 | Han kann ’kje koma undan myrkret. Hans greiner turkast burt i hiten, og han kjem burt ved hans munns ande. | |
Chapter 16
Job | NorSMB | 16:4 | Eg skulde tala liksom de, i fall de var i staden min; eg sette ord i hop mot dykk, eg riste hovudet mot dykk; | |
Job | NorSMB | 16:8 | Du klemde meg, til vitne vart det, mi liding reiste seg imot meg og vitna mot meg beint i syni. | |
Job | NorSMB | 16:9 | Hans vreide reiv og elte meg; han gnistra tennerne imot meg; fiendar kveste augo på meg | |
Job | NorSMB | 16:10 | og opna munnen sin imot meg og slo mi kinn med skjemdarslag og stima saman imot meg. | |
Job | NorSMB | 16:12 | Midt i min fred han skræmde meg, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva sette han meg upp. | |
Job | NorSMB | 16:13 | Hans pilar svirrar kringum meg; bønlaust han kløyver mine nyro, mitt gall han tømer ut på jordi. | |
Chapter 17
Job | NorSMB | 17:11 | Og mine dagar dei kvarv burt; og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emna på. | |
Chapter 18
Job | NorSMB | 18:4 | Å, du som riv deg sund i sinne, skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad? | |
Chapter 19
Job | NorSMB | 19:12 | Hans skarar stemner fram mot meg; dei brøyter seg ein veg mot meg og lægrar seg kring tjeldet mitt. | |
Job | NorSMB | 19:27 | eg honom ser som venen min, mitt auga ser det, ingen framand! Å, nyro lengtar i mitt liv! | |
Chapter 20
Job | NorSMB | 20:23 | Og til å fylla buken hans han sender vreiden yver honom, let maten sin på honom regna. | |
Job | NorSMB | 20:25 | ut gjenom ryggen pili kjem, den blanke odd ut or hans gall, og dauderædslor fell på honom. | |
Job | NorSMB | 20:26 | Alt myrker gøymt er åt hans skattar, ja, ukveikt eld et honom upp, og øyder all hans eigedom. | |
Chapter 21
Job | NorSMB | 21:17 | Når sloknar lampa for gudlause? Når kjem ulukka yver deim? Gjev han deim straff i vreidesmod? | |
Job | NorSMB | 21:33 | Søtt søv han under torv i dal, og i hans far all verdi fer, som tallause gjekk fyre honom. | |
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Job | NorSMB | 24:5 | Lik ville asen fer dei ut til øydemarki med sitt stræv; og veidefang på ville heid er maten borni deira fær. | |
Job | NorSMB | 24:12 | Frå byen høyrest styn av menner, og gjenomstungne skrik um hjelp, men Gud ser ei slik meningsløysa. | |
Job | NorSMB | 24:13 | Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg ei på ljossens stigar. | |
Job | NorSMB | 24:14 | Ved dagsprett mordaren stend upp, slær arm og fatig mann i hel, um natti er han so som tjuven. | |
Job | NorSMB | 24:15 | Horkaren spæjar etter skyming; han tenkjer: «Inkje auga ser meg.» Sitt andlit gøymer han med maska. | |
Job | NorSMB | 24:16 | I myrkret bryt dei inn i hus, dei som ved dag seg inne stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita. | |
Job | NorSMB | 24:18 | Snøgt fer han yver vatnet burt, bannstøytt vert jordi hans i landet; til vinberg gjeng han ikkje meir. | |
Job | NorSMB | 24:20 | Av moderlivet gløymd han er, og makkar mettar seg på honom; det ingen er som minnest han; so brotsverk brest liksom eit tre. | |
Job | NorSMB | 24:21 | Han plundra ho som ikkje fødde, som ufør var til barne-eign; mot enkja gjorde han ’kje vel. | |
Job | NorSMB | 24:22 | Men han styd valdsmann med si kraft, og dei fær atter standa upp som hadde mist all von um livet. | |
Job | NorSMB | 24:24 | Høgt stig dei, brått - dei er ’kje meir - dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som aks på strå. | |
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Job | NorSMB | 30:1 | Men no er eg til spott for deim som yngre er av år enn eg; eg deira feder ikkje fann verdige plass hjå gjætarhunden. | |
Job | NorSMB | 30:3 | Dei magre er av naud og svolt, dei gneg i turre øydemarki som alt i går var reine audni, | |
Job | NorSMB | 30:12 | Eit utjo reiser seg til høgre, dei spenner mine føter burt, og legg ulukke-vegar mot meg. | |
Job | NorSMB | 30:13 | Og stigen min den bryt dei upp og hjelper til med mi ulukka, dei som er hjelpelause sjølv. | |
Job | NorSMB | 30:15 | Imot meg vender rædslor seg, mi æra elter dei som stormen, mi velferd kvarv som lette sky. | |
Chapter 31
Job | NorSMB | 31:7 | Veik mine stig frå vegen av, hev hjarta etter augo gjenge, var det ein flekk på mine hender, | |
Job | NorSMB | 31:34 | di eg var rædd den store hop og ottast spott frå ættefrendar, so stilt eg heldt meg innum dører? | |
Job | NorSMB | 31:35 | Å, vilde nokon høyra på meg! Sjå her er underskrifti mi, lat berre Allvald svara meg! Fekk eg den skrift min motpart skreiv, | |
Chapter 32
Job | NorSMB | 32:2 | Men då loga harmen upp hjå Elihu, son åt Barak’el, buziten, av Rams-ætti. Han vart harm på Job, av di han heldt seg sjølv rettferdigare enn Gud. | |
Job | NorSMB | 32:3 | Han harmast og på dei tri venerne, av di dei ikkje kunde finna noko svar, og endå dømde Job skuldig. | |
Job | NorSMB | 32:5 | men då Elihu såg at dei tri mennerne ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm. | |
Job | NorSMB | 32:6 | Og Elihu, son åt Barak’el, buziten, tok til ords og sagde: «Ung er eg etter år å rekna; de derimot er gamle menn. Difor eg blygdest og var rædd å segja til dykk det eg veit. | |
Job | NorSMB | 32:11 | Eg venta hev på dykkar ord og lydde vel på dykkar lærdom, alt med de leita etter ord. | |
Job | NorSMB | 32:12 | Og eg gav nøgje agt på dykk, men ingen sagde Job imot, ingen av dykk gav honom svar. | |
Chapter 33
Job | NorSMB | 33:15 | I draumar og i syn ved natt, når tunge svevnen fell på folk, når dei på lægjet ligg og blundar, | |
Job | NorSMB | 33:23 | Er det då yver han ein engel, ein millommann, ein utav tusund, som lærer mannen um hans plikt, | |
Job | NorSMB | 33:24 | Han ynkast yver han og segjer: «Frels honom frå i grav å ganga! Eg hev ei løysepening funne.» | |
Job | NorSMB | 33:26 | Han bed til Gud og nåde fær, so han hans åsyn ser med jubel. Og so fær mannen att si rettferd. | |
Job | NorSMB | 33:27 | Han syng for folk og segjer so: «Eg synda hev og krenkt det rette, men hev ’kje fenge lika for det; | |
Chapter 34
Job | NorSMB | 34:10 | Difor, de menn med vit, høyr meg! D’er langt frå Gud å vera gudlaus, frå Allvalds-Gud å gjera urett. | |
Job | NorSMB | 34:19 | Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle? | |
Job | NorSMB | 34:20 | Dei andast brått og midt um natti, eit folk avjagast og kverv burt, stormenn forgjengst i hjelpeløysa. | |
Job | NorSMB | 34:29 | Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen, | |
Job | NorSMB | 34:31 | For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond. | |
Job | NorSMB | 34:33 | Skal han då straffa som du tykkjer? D’er du som er den misnøgde; so lyt du velja, ikkje eg; og du fær segja det du veit. | |
Chapter 35
Chapter 36
Job | NorSMB | 36:7 | Han snur ’kje augo frå rettvise; hjå kongar på sin konungsstol han let deim ævleg sitja høgt. | |
Job | NorSMB | 36:11 | Um dei då høyrer vil og lyda, so liver dei sitt liv i lukka og sine år i herlegdom; | |
Job | NorSMB | 36:16 | Deg og han lokkar ut or trengsla, fritt fær du det og ikkje trongt, ditt bord er fullt av feite retter. | |
Chapter 37
Job | NorSMB | 37:4 | So burar røysti etterpå, han torar med sitt stolte mod, og ljoni held han ikkje att når røysti si han ljoma let. | |
Job | NorSMB | 37:12 | og hit og dit dei hastar fram, og skifter leid som han det vil og set i verk det som han byd, utyver vide jordheims-kringen; | |
Job | NorSMB | 37:21 | No kann ein ikkje ljoset sjå, um enn det klårt på himmeln skin, men vinden sopar skyi burt. | |
Job | NorSMB | 37:23 | Til Allvald kann me ikkje nå, til han som er so stor i magt; men rett og rettferd ei han krenkjer. | |
Chapter 38
Chapter 39
Job | NorSMB | 39:3 | Kven yter ramnen føda hans, når upp til Gud hans ungar ropar og flakkar kringum utan mat? | |
Job | NorSMB | 39:19 | Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; for fåfengt stræv ho ikkje ræddast. | |
Job | NorSMB | 39:28 | Han kneggjar: «Hui!» når luren læt, han verar striden langan leid, med skrik frå hovdingar og herrop! | |
Job | NorSMB | 39:30 | Stig ørnen høgt av di du byd, og byggjer reiret sitt i høgdi? Han bur på berg og held seg der, på kvasse tind og høge nut. Derfrå han spæjar etter mat, hans augo yver viddi skodar. Hans ungar gløypar i seg blod; der det finst lik, der er han og.» Og Herren svara Job og sagde: «Vil klandraren med Allvald trætta? Lat han som lastar Gud då svara!» Då svara Job Herren og sagde: «For ring eg er; kva skal eg svara? Eg handi legg på munnen min. Ein gong eg tala, no eg tegjer, tvo gong’ - eg gjer det ikkje meir.» | |
Chapter 40
Job | NorSMB | 40:18 | Strid gjeng elvi, ei han ottast; trygg er han um so sjølve Jordan fossar imot hans gap. | |
Job | NorSMB | 40:24 | Kann du han som leikfugl halda for smågjentorne i band? Handlar fiskarlag med honom, skiftar ut til kræmarar? Kann hans hud med spjot du fylla, og hans hovud med harpunar? Berre prøv - du skal det minnast; enn ein gong du gjer det ikkje! Kvar og ein vil missa voni, verta feld ved syni av han. | |
Chapter 41
Chapter 42
Job | NorSMB | 42:3 | Kven vil uvitug myrkja rådgjerd? Eg tala som ein fåvis mann um under som eg ikkje fata. | |
Job | NorSMB | 42:7 | Då no Herren hadde tala desse ordi til Job, sagde han til Elifaz frå Teman: «Eg er harm på deg og dei tvo venerne dine, av di de hev ikkje tala rett um meg soleis som Job, tenaren min. | |
Job | NorSMB | 42:8 | Tak difor sju uksar og sju verar, og gakk til Job, tenaren min, og ofra brennoffer for dykk; og lat Job, tenaren min, beda for dykk! For berre honom vil eg taka til nåde, so eg ikkje gjer ulukka på dykk, for de ikkje hev tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.» | |
Job | NorSMB | 42:9 | Og Elifaz frå Teman og Bildad frå Suah og Sofar frå Na’ama gjekk av stad og gjorde so som Herren hadde sagt til deim, og Herren høyrde Jobs bøn. | |
Job | NorSMB | 42:10 | No vende Herren lagnaden for Job, då han bad for venerne sine; og alt det Job hadde ått, fekk han tvifald att. | |
Job | NorSMB | 42:11 | Og alle brørne og systerne hans kom til honom, og like eins alle dei kjenningar han fyrr hadde havt, og dei åt og drakk med honom i huset hans. Og synte honom medynk og trøysta honom for all den ulukka som Herren ført yver honom, og kvar av deim gav honom ein gullpening og ein gullring. | |
Job | NorSMB | 42:12 | Og Herren velsigna den siste livetidi åt Job meir enn den fyrste; han fekk fjortan tusund sauer og seks tusund kamelar og tusund par uksar og tusund asnor. | |
Job | NorSMB | 42:15 | Det fanst ikkje so væne kvinnor i heile landet som døtterne åt Job, og far deira let deim erva til liks med brørne deira. | |
Job | NorSMB | 42:16 | Etter dette livde Job hundrad og fyrti år, og såg born og barneborn, fire ættleder. | |