Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
Toggle notes
Chapter 1
Gene NorSMB 1:2  Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver djupet; men Guds ande sveiv yver vatni.
Gene NorSMB 1:3  Då sagde Gud: «Det verte ljos!» So vart det ljos.
Gene NorSMB 1:4  Og Gud såg at ljoset var godt. Og Gud skilde ljoset frå myrkret.
Gene NorSMB 1:5  Og Gud kalla ljoset dag, og myrkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.
Gene NorSMB 1:6  Då sagde Gud: «Det verte ein vid kvelv midt i vatni: han skal skilja vatn ifrå vatn.»
Gene NorSMB 1:7  So gjorde Gud kvelven, og skilde vatnet som er nedunder kvelven, frå det vatnet som er uppyver kvelven. Og det vart so.
Gene NorSMB 1:8  Og Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
Gene NorSMB 1:9  Då sagde Gud: «Vatni under himmelen samle seg på ein stad, so det turre landet kjem fram!» So vart det so.
Gene NorSMB 1:10  Og Gud kalla det turre landet jord, og vatni som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg det var godt.
Gene NorSMB 1:11  Då sagde Gud: «Jordi bere fram gras og grode, urter som sår seg, og frukttre, som ber frukt med deira frø i, utyver jordi, kvart etter sitt slag!» Og so vart det.
Gene NorSMB 1:12  Og jordi bar fram gras og grode, urter som sår seg, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.
Gene NorSMB 1:13  Og det vart kveld, og det vart morgon, tridje dagen.
Gene NorSMB 1:14  Då sagde Gud: «Det verte skinande ljos på himmelkvelven: dei skal skilja dagen frå natti. Og dei skal vera til merke, og skipa tider og dagar og år.
Gene NorSMB 1:15  Og dei skal vera til ljos på himmelkvelven, og lysa utyver jordi.» Og so vart det.
Gene NorSMB 1:16  Og Gud gjorde dei tvo store ljosi, det større ljoset til å råda um dagen, og det mindre ljoset til å råda um natti, og so stjernorne.
Gene NorSMB 1:17  Og Gud sette deim på himmelkvelven til å lysa utyver jordi,
Gene NorSMB 1:18  og til å styra dagen og natti, og skilja ljoset frå myrkret. Og Gud såg det var godt.
Gene NorSMB 1:19  Og det vart kveld, og det vart morgon, fjorde dagen.
Gene NorSMB 1:20  Då sagde Gud: «Det skal yrja og aula med liv i vatnet, og fuglar skal fljuga yver jordi, uppunder himmelkvelven.»
Gene NorSMB 1:21  So skapte Gud dei store sjødyri, og alt livande som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle fljugande fuglar, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.
Gene NorSMB 1:22  Og Gud velsigna deim og sagde: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havi, og fuglarne skal aukast på jordi!»
Gene NorSMB 1:23  Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
Gene NorSMB 1:24  Då sagde Gud: «Jordi gjeve utor seg kvikjende av kvart slag, bufe og krek og villdyr, kvart etter sitt slag.» Og so vart det.
Gene NorSMB 1:25  Og Gud gjorde dei ville dyri, kvart etter sitt slag, og bufe av kvart eit slag, og alle dei dyr som krek på marki, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.
Gene NorSMB 1:26  Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»
Gene NorSMB 1:27  So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim.
Gene NorSMB 1:28  Og Gud velsigna deim, og Gud sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi og leggja henne under dykk, og råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver kvart dyr som røyver seg på jordi!»
Gene NorSMB 1:29  Og Gud sagde: «Sjå, eg gjev dykk alle urter som sår seg, alle som finst på jordi, og alle tre med alde som sår seg: for dykk skal det vera til føda.
Gene NorSMB 1:30  Og alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen og alt det som yrer på jordi, alt som hev ande og liv, gjev eg alt det grøne graset til føda.» Og so vart det.
Gene NorSMB 1:31  Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå: det var ovleg godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sette dagen.
Chapter 2
Gene NorSMB 2:1  So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her.
Gene NorSMB 2:2  Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde, den sjuande dagen, etter alt verket han hadde gjort.
Gene NorSMB 2:3  Og Gud velsigna den sjuande dagen, og gjorde honom heilag; for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde då han skapte.
Gene NorSMB 2:4  Dette er soga um himmelen og jordi, då dei vart skapte. Den tid Herren Gud gjorde jord og himmel,
Gene NorSMB 2:5  då fanst det endå ikkje ei grøn buska på jordi, og endå hadde ikkje eit grasstrå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jordi, og der var ingen mann til å dyrka marki.
Gene NorSMB 2:6  Då steig det upp eim or jordi, og dogga all marki.
Gene NorSMB 2:7  Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki, og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk ånd og liv.
Gene NorSMB 2:8  Og Herren Gud gjorde ein hage i Eden, langt aust, og der sette han mannen som han hadde skapt.
Gene NorSMB 2:9  Og Herren Gud let alle slag tre veksa upp av jordi, gilde å sjå til og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev vit på godt og vondt.
Gene NorSMB 2:10  Og det gjeng ei elv ut ifrå Eden. Ho vatnar hagen, og sidan kløyver ho seg i fire greiner.
Gene NorSMB 2:11  Den fyrste heiter Pison. Det er den som renn kringum heile Havilalandet, der som det er gull.
Gene NorSMB 2:12  Og gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolahkvåda og sjohamsteinen.
Gene NorSMB 2:13  Og den andre elvi heitte Gihon; det er den som renn kringum heile Kusjland.
Gene NorSMB 2:14  Og den tridje elvi heiter Hiddekel; det er den som gjeng framanfor Assur. Og den fjorde elvi, det er Frat.
Gene NorSMB 2:15  Og Herren Gud tok mannen og sette honom i Eden til å dyrka og varna hagen.
Gene NorSMB 2:16  Og Herren Gud sagde mannen fyre og baud: «Du må gjerne eta av alle trei i hagen.
Gene NorSMB 2:17  Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.»
Gene NorSMB 2:18  Og Herren Gud sagde: «Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva honom ei hjelp som høver for honom.»
Gene NorSMB 2:19  Og Herren Gud tok av jordi og skapte alle dyri på marki og alle fuglarne i lufti, og han leidde deim fram til mannen og vilde sjå kva han kalla deim; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita.
Gene NorSMB 2:20  Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglarne i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg.
Gene NorSMB 2:21  Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans, og fyllte atter med kjøt.
Gene NorSMB 2:22  Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom.
Gene NorSMB 2:23  Då sagde mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.»
Gene NorSMB 2:24  Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal verta eitt kjøt.
Gene NorSMB 2:25  Og dei var nakne, både mannen og kona hans, og blygdest ikkje.
Chapter 3
Gene NorSMB 3:1  Men ormen var sløgaste av alle villdyri, som Herren Gud hadde gjort, og han sagde med kona: «Kann det vera råd at Gud hev sagt, at de ikkje må eta av alle trei i hagen?»
Gene NorSMB 3:2  Og kona sagde med ormen: «Me kann eta av frukterne på trei i hagen,
Gene NorSMB 3:3  men frukti på det treet som er midt i hagen - «den,» sagde Gud, «må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy.»»
Gene NorSMB 3:4  Då sagde ormen med kona: «De skal ikkje døy.
Gene NorSMB 3:5  Men Gud veit vel at den dag de et av frukti, skal augo dykkar opnast, og de skal verta liksom Gud og skyna godt og vondt.»
Gene NorSMB 3:6  Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo, og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.
Gene NorSMB 3:7  Då fekk dei augo upp båe tvo, og gådde at dei var nakne. Og dei nesta i hop lauv av fiketreet og sveipte kring livet.
Gene NorSMB 3:8  Og dei høyrde Herren Gud som gjekk i hagen, då det leid imot kvelden og tok til å svalna. Og mannen og kona hans løynde seg for Guds augo millom trei i hagen.
Gene NorSMB 3:9  Då ropa Herren Gud på mannen og sagde til honom: «Kvar er du?»
Gene NorSMB 3:10  Og han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg rædd, av di eg var naken, og so løynde eg meg.»
Gene NorSMB 3:11  Då sagde han: «Kven sagde deg det, at du er naken? Hev du ete av det treet som eg sagde deg at du ikkje måtte eta av?»
Gene NorSMB 3:12  Og mannen sagde: «Kona som du gav meg til å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.»
Gene NorSMB 3:13  Då sagde Herren Gud til kona: «Kva er det du hev gjort!» Og kona sagde: «Ormen lokka meg, og eg åt.»
Gene NorSMB 3:14  Då sagde Herren Gud til ormen: «For di du gjorde det, skal du vera forbanna millom alt bufeet og millom alle villdyri. På buken skal du skrida, og mold skal du eta, alle dine livedagar.
Gene NorSMB 3:15  Og hat vil eg setja millom deg og kvinna, og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga deim i hælen.»
Gene NorSMB 3:16  Og til kona sagde han: «Stor vil eg gjera di møda, so tidt du er umhender. Med verk og vande skal du eiga born, og etter mannen din skal du stunda, og han skal hava velde yver deg.»
Gene NorSMB 3:17  Og til mannen sagde han: «For di du lydde kona di, og åt av det treet som eg forbaud deg å eta av, so skal jordi vera forbanna for di skuld. Med møda skal du næra deg av henne alle dine livedagar.
Gene NorSMB 3:18  Torn og tistel skal ho bera deg, og du skal eta urterne på marki.
Gene NorSMB 3:19  Med sveiten i andlitet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jordi att; for av henne er du teken. For mold er du, og til moldi skal du attende.»
Gene NorSMB 3:20  Og mannen kalla kona si Eva; for ho vart mor åt alle dei livande.
Gene NorSMB 3:21  Og Herren Gud gjorde skinnkjolar til mannen og kona hans og klædde deim med.
Gene NorSMB 3:22  Og Herren Gud sagde: «Sjå, mannen hev vorte som ein av oss til å skyna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handi, og tek av livsens tre og, og et, og liver i all æva!»
Gene NorSMB 3:23  Og Herren Gud viste honom ut or Edens hage, og sette honom til å dyrka jordi, som han var teken utav.
Gene NorSMB 3:24  Og han dreiv mannen burt, og framfyre Edens hage sette han kerubarne med logande sverd, som dei let brå att og fram: dei skulde vakta vegen til livsens tre.
Chapter 4
Gene NorSMB 4:1  Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn, og åtte Kain. Då sagde ho: «Ein son hev eg fenge av Herren!»
Gene NorSMB 4:2  Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain var jorddyrkar.
Gene NorSMB 4:3  Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.
Gene NorSMB 4:4  Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,
Gene NorSMB 4:5  men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg.
Gene NorSMB 4:6  Og Herren sagde til Kain: «Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg?
Gene NorSMB 4:7  Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo? Og hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.»
Gene NorSMB 4:8  Og Kain sagde det med Abel, bror sin. Og det gjekk so til, medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo honom i hel.
Gene NorSMB 4:9  Då sagde Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Og han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?»
Gene NorSMB 4:10  Då sagde han: «Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!
Gene NorSMB 4:11  Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.
Gene NorSMB 4:12  Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.»
Gene NorSMB 4:13  Då sagde Kain til Herren: «Skuldi mi er større enn eg kann bera.
Gene NorSMB 4:14  Sjå, du driv meg i dag ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.»
Gene NorSMB 4:15  Då sagde Herren til honom: «Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger.» Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå honom i hel, kven som fann honom.
Gene NorSMB 4:16  So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden.
Gene NorSMB 4:17  Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn, og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by, og kalla byen Hanok, etter son sin.
Gene NorSMB 4:18  Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek.
Gene NorSMB 4:19  Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, og den andre heitte Silla.
Gene NorSMB 4:20  Og Ada åtte sonen Jabal. Frå honom er dei ætta dei som bur i tjeldbuder og held buskap.
Gene NorSMB 4:21  Og bror hans heitte Jubal. Frå honom er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta.
Gene NorSMB 4:22  Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av jarn og av kopar. Og syster åt Tubalkain heitte Na’ama.
Gene NorSMB 4:23  Og Lamek kvad til konorne sine: «Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår, og ein svein for kvar skråma eg fær.
Gene NorSMB 4:24  For Kain skal sju gonger hemnast, men Lamek sju-ti og sju.»
Gene NorSMB 4:25  Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son, og kalla honom Set. «For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel,» sagde ho, «for di Kain slo honom i hel.»
Gene NorSMB 4:26  Og Set fekk og ein son, og kalla honom Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.
Chapter 5
Gene NorSMB 5:1  Dette er boki um Adams-ætti: Den dagen då Gud skapte menneskjet, skapte han det i Guds likning.
Gene NorSMB 5:2  Til kar og kvinna skapte han deim. Og han velsigna deim, og kalla deim menneskje den dagen då dei vart skapte.
Gene NorSMB 5:3  Då Adam var hundrad og tretti år gamall, fekk han ein son som var so lik honom som det skulde vore hans eige bilæte, og han kalla honom Set.
Gene NorSMB 5:4  Og etter han hadde fenge Set, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:5  Og alle livedagarne hans Adam vart ni hundrad og tretti år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:6  Då Set var hundrad og fem år gamall, fekk han sonen Enos.
Gene NorSMB 5:7  Og etter han hadde fenge Enos, livde han endå åtte hundrad og sju år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:8  Og alle dagarne hans Set vart ni hundrad og tolv år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:9  Då Enos var nitti år gamall, fekk han sonen Kenan.
Gene NorSMB 5:10  Og etter han hadde fenge Kenan, livde han endå åtte hundrad og femtan år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:11  Og alle dagarne hans Enos vart ni hundrad og fem år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:12  Då Kenan var sytti år gamall, fekk han sonen Mahalalel.
Gene NorSMB 5:13  Og etter han hadde fenge Mahalalel, livde han endå åtte hundrad og fyrti år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:14  Og alle dagarne hans Kenan vart ni hundrad og ti år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:15  Då Mahalalel var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Jared.
Gene NorSMB 5:16  Og etter han hadde fenge Jared, livde han endå åtte hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:17  Og alle dagarne hans Mahalalel vart åtte hundrad og fem og nitti år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:18  Då Jared var hundrad og tvo og seksti år gamall, fekk han sonen Enok.
Gene NorSMB 5:19  Og etter han hadde fenge Enok, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:20  Og alle dagarne hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:21  Då Enok var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Metusalah.
Gene NorSMB 5:22  Og etter han hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:23  Og alle dagarne hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år.
Gene NorSMB 5:24  Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok honom til seg.
Gene NorSMB 5:25  Då Metusalah var hundrad og sju og åtteti år gamall, fekk han sonen Lamek.
Gene NorSMB 5:26  Og etter han hadde fenge Lamek, livde han endå sju hundrad og tvo og åtteti år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:27  Og alle dagarne hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:28  Då Lamek var hundrad og tvo og åtteti år gamall, fekk han ein son,
Gene NorSMB 5:29  og kalla honom Noah, og sagde: «Han skal hugga oss i arbeidet vårt, og i alt vårt slit og slæp på den jordi som Herren hev forbanna.»
Gene NorSMB 5:30  Og etter han hadde fenge Noah, livde han endå fem hundrad og fem og nitti år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 5:31  Og alle dagarne hans Lamek vart sju hundrad og sju og sytti år. So døydde han.
Gene NorSMB 5:32  Då Noah hadde fyllt fem hundrad år, fekk han sønerne Sem og Kham og Jafet.
Chapter 6
Gene NorSMB 6:1  Og det hende, då manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter,
Gene NorSMB 6:2  då såg gudssønerne at mannedøtterne var væne, og tok til konor deim som dei kåra seg.
Gene NorSMB 6:3  Då sagde Herren: «Ikkje skal min ande bu æveleg i mannen, for di um dei hev forset seg. Han er kjøt, og dagarne hans skal vera hundrad og tjuge år.»
Gene NorSMB 6:4  I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di gudssønerne jamleg gav seg i lag med mannedøtterne, og fekk søner med deim; det var kjemporne, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi.
Gene NorSMB 6:5  Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.
Gene NorSMB 6:6  Då angra Herren at han hadde skapt mannen på jordi, og han var full av sorg i hjarta.
Gene NorSMB 6:7  Og Herren sagde: «Eg vil tyna menneskja som eg hev skapt, og rydja henne ut av jordi, både menneskje og dyr og krek og fuglarne i lufti; for eg angrar at eg hev skapt deim.»
Gene NorSMB 6:9  Dette er soga um Noah og ætti hans: Noah var ein rettvis og ulastande mann millom sine samtidingar; Noah gjekk på Guds veg.
Gene NorSMB 6:11  Men jordi vart verre og verre i Guds augo, og jordi vart full av urett.
Gene NorSMB 6:12  Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi.
Gene NorSMB 6:13  Då sagde Gud til Noah: «Eg hev sett meg fyre at eg vil gjera ende på alt kjøt. For dei hev fyllt upp jordi med urett. Og no vil eg øydeleggja både deim og jordi.
Gene NorSMB 6:14  Gjer deg ei ark av gofertre. Med kovar og kot skal du innreida arki, og bræda henne med bik både innan og utan.
Gene NorSMB 6:15  Soleis skal du gjera henne: Tri hundrad alner lang skal arki vera, og femti alner breid, og tretti alner høg.
Gene NorSMB 6:16  Øvst på arki skal du gjera ein glugg, som når ei aln ned på veggen. Og døri skal du setja på den eine sida. Du skal gjera arki trihøg, med mange rom i kvar høgd.
Gene NorSMB 6:17  Og eg vil lata storflodi koma med vatn yver jordi, og tyna alt kjøt under himmelen som det er livsande i. Alt som er på jordi, skal døy.
Gene NorSMB 6:18  Men med deg vil eg gjera ei pakt, og du skal ganga inn i arki, du og sønerne dine og kona di og konorne åt sønerne dine med deg.
Gene NorSMB 6:19  Og av alt som liver, alt kjøt, skal du taka tvo av kvart slag med inn i arki, so du held deim i live med deg. Han og ho skal dei vera.
Gene NorSMB 6:20  Av alle slag fuglar og av alle slag dyr og av alt kreket på marki skal par og par koma inn til deg, so dei kann halda liv i seg.
Gene NorSMB 6:21  Og du skal sanka av all den mat som etande er, og samla det til deg: for deg og for deim skal det vera til føda.»
Gene NorSMB 6:22  Og Noah gjorde so; han gjorde i alle måtar so som Gud sagde honom fyre.
Chapter 7
Gene NorSMB 7:1  So sagde Herren til Noah: «Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis millom deim som no liver.
Gene NorSMB 7:2  Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho;
Gene NorSMB 7:3  like eins av fuglarne i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi.
Gene NorSMB 7:4  For um sju dagar vil eg lata det regna på jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt.»
Gene NorSMB 7:5  Og Noah gjorde i alle måtar so som Herren sagde honom fyre.
Gene NorSMB 7:6  Noah var seks hundrad år gamall, då storflodi kom med vatn yver jordi.
Gene NorSMB 7:7  Då gjekk Noah og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom inn i arki, og berga seg for flaumen.
Gene NorSMB 7:8  Og av dei reine dyri, og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglarne, og av alt det som krelar på marki,
Gene NorSMB 7:9  kom par og par, han og ho, inn i arki til Noah, so som Gud hadde sagt Noah fyre.
Gene NorSMB 7:10  Og det hende, då dei sju dagarne var lidne, då kom vatnet fløymande yver jordi.
Gene NorSMB 7:11  Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah fyllte seks hundrad år, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmellukorne let seg upp.
Gene NorSMB 7:12  Og regnet fossa ned på jordi i fyrti dagar og fyrti næter.
Gene NorSMB 7:13  Denne same dagen gjekk Noah, og Sem og Kham og Jafet, sønerne hans Noah, og kona hans Noah, og dei tri sonekonorne hans med deim inn i arki,
Gene NorSMB 7:14  dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar på jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som kvitrar, alt som hev vengjor.
Gene NorSMB 7:15  Og dei kom inn i arki til Noah, tvo og tvo av alt kjøt som det er livsande i.
Gene NorSMB 7:16  Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt honom fyre. Og Herren let att etter honom.
Gene NorSMB 7:17  So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka, og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi.
Gene NorSMB 7:18  Og vatnet voks og auka uhorveleg utyver jordi, og arki dreiv burtyver vatnet.
Gene NorSMB 7:19  Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde.
Gene NorSMB 7:20  Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde.
Gene NorSMB 7:21  Då døydde alt kjøt som røyvde seg på jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde på jordi, og alt folket.
Gene NorSMB 7:22  Alt som hadde livsandedrag i si nos, alt som var på det turre landet, laut døy.
Gene NorSMB 7:23  So rudde han ut kvart liv som på jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglarne i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med honom i arki.
Gene NorSMB 7:24  Og vatnet flødde yver jordi i hundrad og femti dagar.
Chapter 8
Gene NorSMB 8:1  Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med honom i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall.
Gene NorSMB 8:2  Og brunnarne i djupet og lukorne på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga.
Gene NorSMB 8:3  Og vatnet drog seg etter kvart attende frå jordi, og vatnet minka, då hundrad og femti dagar var lidne.
Gene NorSMB 8:4  Og den syttande dagen i den sjuande månaden tok arki grunn og stana på Araratfjelli.
Gene NorSMB 8:5  Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden: Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindarne seg.
Gene NorSMB 8:6  Og det hende, då fyrti dagar var lidne, at Noah let upp vindauga på arki, som han hadde gjort,
Gene NorSMB 8:7  og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi.
Gene NorSMB 8:8  So sende han ei duva ut ifrå seg, og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki.
Gene NorSMB 8:9  Men duva fann ingen kvilestad for foten sin, og kom attende til honom i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi, og tok henne, og hadde henne inn til seg i arki.
Gene NorSMB 8:10  So bia han endå sju dagar, og sende so duva ut att or arki.
Gene NorSMB 8:11  Og då det leid til kvelds, kom duva heim til honom, og sjå: då hadde ho eit grønt oljetrelauv i nebben. Då skyna Noah at vatnet hadde sige undan frå jordi.
Gene NorSMB 8:12  Men han drygde endå sju dagar til. So let han ut duva, og då kom ho ikkje att til honom meir.
Gene NorSMB 8:13  Og det bar so til, at den fyrste dagen i den fyrste månaden i det seks hundrad og fyrste året, då hadde vatnet torna burt av jordi. Og Noah tok taket av arki, og såg utyver, og sjå, marki var turr.
Gene NorSMB 8:14  Og den sju og tjugande dagen i den andre månaden var jordi heiltupp turr.
Gene NorSMB 8:16  «Gakk ut or arki, du og kona di og sønerne dine og konorne åt sønerne dine med deg!
Gene NorSMB 8:17  Og alle dei dyr som er hjå deg, alt kjøt, både fuglarne og feet og alt kreket som krelar på jordi, skal du hava med deg ut, og dei skal yrja på jordi, og alast og aukast utyver jordi.»
Gene NorSMB 8:18  So gjekk Noah ut, og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom.
Gene NorSMB 8:19  Og alle dyri og alt kreket og alle fuglarne, alt som røyver seg på jordi, gjekk ut or arki, kvart etter sitt slag.
Gene NorSMB 8:20  Og Noah bygde Herren eit altar, og tok utav alt det reine feet og utav alle dei reine fuglarne, og ofra brennoffer på altaret.
Gene NorSMB 8:21  Og Herren kjende den gode gimen, og Herren sagde i sitt hjarta: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt, alt ifrå ungdomen. Og eg vil aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde.
Gene NorSMB 8:22  Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hite, og sumar og vinter, og dag og natt aldri trjota, so lenge som jordi stend.»
Chapter 9
Gene NorSMB 9:1  Og Gud velsigna Noah og sønerne hans og sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi.
Gene NorSMB 9:2  Age og otte skal dei bera for dykk alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskarne i havet: i dykkar hender er dei gjevne.
Gene NorSMB 9:3  Alt som røyver seg og liver, for dykk skal det vera til føda. Som eg gav dykk dei grøne urterne, so gjev eg dykk alt dette.
Gene NorSMB 9:4  Men kjøt med liv, med blodet i, det må de ikkje eta!
Gene NorSMB 9:5  Og berre dykkar eige blod vil eg hemna: eg vil krevja det att av kvart dyr, og av menneskjet og; kvar manns liv vil eg krevja att av hans bror.
Gene NorSMB 9:6  Den som tek manns blod, hans blod skal menner taka; for i Guds likning skapte han mannen.
Gene NorSMB 9:7  Men de skal veksa og aukast; de skal yrja på jordi og auka dykk på henne.»
Gene NorSMB 9:8  Og Gud sagde til Noah og sønerne hans, som var med honom:
Gene NorSMB 9:9  «Sjå, eg vil gjera ei pakt med dykk og med etterkomarane dykkar,
Gene NorSMB 9:10  og med kvart eit livande liv som hjå dykk er, både fuglar og fe og alle dei ville dyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arki, alt som liver på jordi:
Gene NorSMB 9:11  Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt livande tynast i flaumen, og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.»
Gene NorSMB 9:12  Og Gud sagde: «Dette er merket på pakti eg set millom meg og dykk og kvart livande liv som hjå dykk er, til æveleg tid:
Gene NorSMB 9:13  Bogen min set eg i skyi: han skal vera eit merke på pakti millom meg og jordi.
Gene NorSMB 9:14  Og so tidt eg let skyer skyggja yver jordi, og bogen ter seg i skyi,
Gene NorSMB 9:15  då skal eg koma i hug den pakti som er millom meg og dykk og kvart livande liv av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir verta ei flod som tyner alt kjøt.
Gene NorSMB 9:16  So skal bogen standa i skyi, og eg sjå honom og minnast ævordomspakti millom Gud og kvart livande liv av alt kjøt som til er på jordi.
Gene NorSMB 9:17  Dette,» sagde Gud til Noah, «er merket på den pakt eg hev sett millom meg og alt kjøt som til er på jordi.»
Gene NorSMB 9:18  Og Noahs-sønerne, som gjekk ut or arki, det var Sem og Kham og Jafet. Og Kham var far åt Kana’an.
Gene NorSMB 9:19  Desse tri var sønerne hans Noah, og frå deim hev alle folk på jordi greina seg ut.
Gene NorSMB 9:20  Og Noah var jorddyrkar, og han var den fyrste som gjorde ein vinhage.
Gene NorSMB 9:21  Og han drakk av vinen, og vart drukken, og so klædde han seg naken midt inni tjeldbudi.
Gene NorSMB 9:22  Og då Kham, far åt Kana’an, såg far sin liggja naken, gjekk han ut og sagde det med båe brørne sine.
Gene NorSMB 9:23  Då tok Sem og Jafet ei kåpa og lagde på herdarne sine, og gjekk inn baklengs, og breidde kåpa yver far sin; og dei vende augo burt, so dei såg ikkje blygsli åt far sin.
Gene NorSMB 9:24  Då so Noah vakna av ruset, fekk han vita kva den yngste sonen hans hadde gjort imot honom.
Gene NorSMB 9:25  Då sagde han: «Forbanna skal Kana’an vera! Den lågaste av alle trælar skal han vera for sine brøder.»
Gene NorSMB 9:26  So sagde han: «Lova vere Herren, Sems Gud, og Kana’an vera hans træl!
Gene NorSMB 9:27  Gud gjere det romt for Jafet! Under tjeldi hans Sem skal han bu, og Kana’an vere hans træl.»
Gene NorSMB 9:28  Etter storflodi livde Noah endå tri hundrad og femti år.
Gene NorSMB 9:29  Og alle dagarne hans Noah vart ni hundrad og femti år. So døydde han.
Chapter 10
Gene NorSMB 10:1  Dette er dei ætterne som hev kome frå sønerne hans Noah, Sem og Kham og Jafet; dei fekk søner, etter storflodi hadde vore:
Gene NorSMB 10:2  Sønerne hans Jafet var Gomer og Magog og Madaj og Javan og Tubal og Mesek og Tiras.
Gene NorSMB 10:3  Og sønerne hans Gomer var Askenas og Rifat og Togarma.
Gene NorSMB 10:4  Og sønerne hans Javan var Elisa og Tarsis, og Kittim og Dodanim.
Gene NorSMB 10:5  Frå deim hev folki på heidninge-øyarne greina seg ut i landi sine, kvart med sitt tungemål, etter sine ætter, i sine rike.
Gene NorSMB 10:6  Og sønerne hans Kham var Kusj og Misrajim og Put og Kana’an.
Gene NorSMB 10:7  Og sønerne hans Kusj var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønerne hans Raema var Sjeba og Dedan.
Gene NorSMB 10:8  Og Kusj hadde endå ein son, som heitte Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jordi.
Gene NorSMB 10:9  Han var ein gjæv veidemann i Herrens augo. Difor vert det sagt: «Ein gjæv veidemann i Herrens augo, som Nimrod.»
Gene NorSMB 10:10  Fyrst rådde han yver Babel og Erek og Akkad og Kalne i Sinearlandet.
Gene NorSMB 10:11  Frå det landet for han til Assur, og bygde Nineve og Rehobot-Ir og Kalah
Gene NorSMB 10:12  og Resen millom Nineve og Kalah; dette er Storstaden.
Gene NorSMB 10:13  Og Misrajim vart far til ludarane og anamarane og lehabarane og naftuharane
Gene NorSMB 10:14  og patrusarane og kasluharane, dei som filistarane hev kome frå, og kaftorarane.
Gene NorSMB 10:15  Og Kana’an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til Het
Gene NorSMB 10:16  og til jebusitarne og amoritarne og girgasitarne
Gene NorSMB 10:18  og arvaditarne og semaritarne og hamatitarne. Sidan breidde kananitarfolki seg vidare ut.
Gene NorSMB 10:19  Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim.
Gene NorSMB 10:20  Dette er Khams-sønerne, med sine ætter og tungemål, i sine land og rike.
Gene NorSMB 10:21  Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-sønerne er ætta frå.
Gene NorSMB 10:22  Og sønerne hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram.
Gene NorSMB 10:23  Og sønerne hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas.
Gene NorSMB 10:24  Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber.
Gene NorSMB 10:25  Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart jordi utbytt millom folki. Og bror hans heitte Joktan.
Gene NorSMB 10:26  Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og Jarah
Gene NorSMB 10:29  og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønerne hans Joktan.
Gene NorSMB 10:30  Og dei budde i Austfjellet, frå Mesa og burtimot Sefar.
Gene NorSMB 10:31  Dette er sønerne hans Sem, med sine ætter og tungemål, i sine land og med sine rike.
Gene NorSMB 10:32  Dette var dei folki som hev kome frå sønerne hans Noah, etter sine ættgreiner, i sine rike. Og frå deim hev alle folkeslag greina seg ut yver jordi etter storflodi.
Chapter 11
Gene NorSMB 11:1  Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi.
Gene NorSMB 11:2  Og det bar so til, då dei for austigjenom, at dei fann ei slette i Sinearlandet, og der slo dei seg ned.
Gene NorSMB 11:3  Og dei sagde seg imillom: «Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel!» Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbik.
Gene NorSMB 11:4  So sagde dei: «Kom, lat oss byggja oss ein by, med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde utyver all jordi!»
Gene NorSMB 11:5  Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.
Gene NorSMB 11:6  Og Herren sagde: «Sjå dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål, og dette er det fyrste dei tek seg fyre! No vert ikkje noko umogelegt for deim, kva dei so finn på å gjera.
Gene NorSMB 11:7  Lat oss då stiga ned der og vildra målet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.»
Gene NorSMB 11:8  So spreidde Herren deim derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp å byggja på byen.
Gene NorSMB 11:9  Difor kallar dei den byen Babel; for der vildra Herren målet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren deim ut yver all jordi.
Gene NorSMB 11:10  Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamall, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi.
Gene NorSMB 11:11  Og etter han hadde fenge Arpaksad, livde han endå i fem hundrad år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:12  Då Arpaksad var fem og tretti år gamall, fekk han sonen Salah.
Gene NorSMB 11:13  Og etter han hadde fenge Salah, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:14  Då Salah var tretti år gamall, fekk han sonen Eber.
Gene NorSMB 11:15  Og etter han hadde fenge Eber, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:16  Då Eber var fire og tretti år gamall, fekk han sonen Peleg.
Gene NorSMB 11:17  Og etter han hadde fenge Peleg, livde han endå fire hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:18  Då Peleg var tretti år gamall, fekk han sonen Re’u.
Gene NorSMB 11:19  Og etter han hadde fenge Re’u, livde han endå tvo hundrad og ni år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:20  Då Re’u var tvo og tretti år gamall, fekk han sonen Serug.
Gene NorSMB 11:21  Og etter han hadde fenge Serug, livde han endå tvo hundrad og sju år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:22  Då Serug var tretti år gamall, fekk han sonen Nahor.
Gene NorSMB 11:23  Og etter han hadde fenge Nahor, livde han endå tvo hundrad år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:24  Då Nahor var ni og tjuge år gamall, fekk han sonen Tarah.
Gene NorSMB 11:25  Og etter han hadde fenge Tarah, livde han endå hundrad og nittan år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:26  Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønerne Abram og Nahor og Haran.
Gene NorSMB 11:27  Dette er soga um Tarah og ætti hans: Tarah fekk sønerne Abram og Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.
Gene NorSMB 11:28  Og Haran døydde for augo åt Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldæa.
Gene NorSMB 11:29  Og Abram og Nahor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Saraj, og kona hans Nahor heitte Milka, og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska.
Gene NorSMB 11:30  Men Saraj var barnlaus; ho hadde aldri ått barn.
Gene NorSMB 11:31  Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Saraj, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldæa, og vilde fara til Kana’ans-land. Og dei kom til Kharan, og vart buande der.
Gene NorSMB 11:32  Og dagarne hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Kharan.
Chapter 12
Gene NorSMB 12:1  Då sagde Herren til Abram: «Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg.
Gene NorSMB 12:2  Og eg vil gjera deg til eit stort folk, og velsigna deg, og gjera namnet ditt stort. Du skal verta ei velsigning!
Gene NorSMB 12:3  Og eg vil velsigna deim som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna; og i deg skal alle folk på jordi velsignast.»
Gene NorSMB 12:4  So tok Abram ut, som Herren hadde sagt honom fyre, og Lot var med honom. Og Abram var fem og sytti år gamall, då han flutte frå Kharan.
Gene NorSMB 12:5  Og Abram tok med seg Saraj, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Kharan, og dei tok ut og vilde fara til Kana’ans-land, og dei kom til Kana’ans-land.
Gene NorSMB 12:6  Og Abram for framigjenom landet, alt til Sikemsbygdi, til Spåmannseiki. Og kananitarne budde då der i landet.
Gene NorSMB 12:7  Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
Gene NorSMB 12:8  Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel, og sette upp tjeldbudi si so han hadde Betel i vest og Aj i aust. Og der bygde han Herren eit altar, og kalla på Herren.
Gene NorSMB 12:9  Sidan muna Abram seg etter kvart framigjenom til sudlandet.
Gene NorSMB 12:10  So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptarland, og vilde halda til der; for naudi var stor i landet.
Gene NorSMB 12:11  Då det leid so langt at dei mest var komne til Egyptarland, sagde han til Saraj, kona si: «Høyr no her du! Eg veit at du er ei fager kona.
Gene NorSMB 12:12  Og det kjem til å ganga so, at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: «Dette er kona hans,» og so slær dei meg i hel, men deg let dei liva.
Gene NorSMB 12:13  Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!»
Gene NorSMB 12:14  Då so Abram kom fram til Egyptarland, såg egyptarane kona, og tykte ho var ovfager.
Gene NorSMB 12:15  Og hovdingarne åt Farao såg henne, og rosa henne for Farao. So vart kona henta til huset åt Farao.
Gene NorSMB 12:16  Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drengjer og gjentor og asenfyljor og kamelar.
Gene NorSMB 12:17  Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plågor for Saraj skuld, kona hans Abram.
Gene NorSMB 12:18  Og Farao kalla Abram til seg og sagde: «Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di?
Gene NorSMB 12:19  Kvi sagde du at ho var syster di, so eg tok henne og vilde havt henne til kona? Sjå der hev du kona di! Tak henne og far din veg!»
Gene NorSMB 12:20  Og Farao sette nokre menner til å fylgja honom ut or landet med kona hans og alt det han åtte.
Chapter 13
Gene NorSMB 13:1  So for Abram frå Egyptarland upp til Sudlandet med kona si og alt det han åtte, og Lot var med honom.
Gene NorSMB 13:2  Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og på gull.
Gene NorSMB 13:3  Sidan for han frå Sudlandet, dagsleid etter dagsleid, til dess han kom til Betel, til den staden som han fyrr hadde havt tjeldbudi si, millom Betel og Aj,
Gene NorSMB 13:4  der det altaret stod som han hadde bygt fyrste gongen han var der. Og der kalla Abram på Herren.
Gene NorSMB 13:5  Men Lot, som fylgdest med Abram, hadde og sauer og naut og tjeldbuder.
Gene NorSMB 13:6  Og landet kunde ikkje føda deim, når dei budde i hop; dei hadde so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman.
Gene NorSMB 13:7  So vart det trætta millom deim som gjætte for Abram og deim som gjætte for Lot. Og kananitarne og perizitarne budde då der i landet.
Gene NorSMB 13:8  Då sagde Abram med Lot: «Kjære deg, lat det ikkje vera trætta millom meg og deg, og millom mine hyrdingar og dine. Me er då brør!
Gene NorSMB 13:9  Hev du ikkje heile landet fyre deg? Skil då heller lag med meg! Tek du til vinstre, so skal eg taka til høgre, og tek du til høgre, so skal eg taka til vinstre.»
Gene NorSMB 13:10  Då skoda Lot ikring seg, og såg at heile Jordan-kverven, alt burtåt Soar, var rik på vatn yver alt, som Herrens hage, som Egyptarlandet - fyrr Herren lagde Sodoma og Gomorra i øyde.
Gene NorSMB 13:11  Og Lot valde seg ut heile Jordan-kverven. So tok Lot austigjenom, og dei skildest frå einannan:
Gene NorSMB 13:12  Abram vart buande i Kana’ans-land, og Lot budde i byarne i Jordan-kverven, og lægra alt burtåt Sodoma.
Gene NorSMB 13:13  Men mennerne i Sodoma var vonde, og synda groveleg mot Herren.
Gene NorSMB 13:14  Og Herren sagde til Abram, etter Lot hadde skilt lag med honom: «Lat upp augo dine og sjå ikring deg frå den staden du stend, nordetter og sudetter og austetter og vestetter!
Gene NorSMB 13:15  For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid.
Gene NorSMB 13:16  Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi: kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.
Gene NorSMB 13:17  Upp, og far landet igjenom, so langt og so breidt som det er! For deg vil eg gjeva det.»
Gene NorSMB 13:18  So flutte Abram tjeldbuderne, og kom til eikelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.
Chapter 14
Gene NorSMB 14:1  I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam, og Tideal konge yver heidningarne,
Gene NorSMB 14:2  då hende det at det vart ufred millom dei kongarne og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, som no heiter Soar.
Gene NorSMB 14:3  Alle desse slo seg i hop og lagde vegen til Siddimdalen, der som Saltsjøen er no.
Gene NorSMB 14:4  Tolv år hadde dei tent Kedorlaomer, men det trettande året fall dei frå honom.
Gene NorSMB 14:5  Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, og slo under seg refa’itarne i Asterot-Karnajim og zuzitarne i Ham og emitarne på Kirjatajimsletta
Gene NorSMB 14:6  og horitarne på fjelli deira, Se’irfjelli, alt til Paranlunden, som er utmed øydemarki.
Gene NorSMB 14:7  So snudde dei um, og kom til Domskjelda, der som Kades ligg, og lagde under seg alt Amalekitarlandet og amoritarne med, dei som budde i Haseson-Tamar.
Gene NorSMB 14:8  Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebojim og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut, og fylkte heren sin imot deim i Siddimdalen,
Gene NorSMB 14:9  mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver heidningarne, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem.
Gene NorSMB 14:10  Men i Siddimdalen var det fullt av jordbikgrover. Og kongarne i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i groverne; og dei som att var, rømde til fjells.
Gene NorSMB 14:11  Og hine tok alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira, og drog burt.
Gene NorSMB 14:12  Og dei tok Lot, brorson hans Abram, og godset hans og drog av med; for han budde i Sodoma.
Gene NorSMB 14:13  Men ein av deim som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebræaren, som budde i eikelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram.
Gene NorSMB 14:14  Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter deim alt til Dan.
Gene NorSMB 14:15  Der bytte han sund flokken sin, og tok på deim um natti med sveinarne sine, og han vann yver deim, og elte deim radt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus.
Gene NorSMB 14:16  So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, og kvendi og hitt folket med.
Gene NorSMB 14:17  Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, kom kongen i Sodoma imot honom til Flatedal, der som no heiter Kongsdalen.
Gene NorSMB 14:18  Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den Høgste.
Gene NorSMB 14:19  Og han velsigna honom og sagde: «Gud den Høgste, han som eiger Jord og himmel, signe Abram!
Gene NorSMB 14:20  Gud den Høgste vere lova! I di hand gav han din fiend.» Og Abram gav honom tiend av alt.
Gene NorSMB 14:21  Og kongen i Sodoma sagde med Abram: «Gjev meg folket, og tak du godset!»
Gene NorSMB 14:22  Då sagde Abram med kongen i Sodoma: «Eg retter upp handi til Herren, Gud den Høgste, han som eig himmel og jord:
Gene NorSMB 14:23  Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: «Eg gjorde Abram rik.»
Gene NorSMB 14:24  Eg vil ingen ting hava, anna enn den maten som sveinarne hev ete, og den luten som fell på dei mennerne som var med meg, Aner og Eskol og Mamre; lat deim få sin lut!»
Chapter 15
Gene NorSMB 15:1  Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: «Ver ikkje ottefull, Abram! Eg skal vera din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.»
Gene NorSMB 15:2  Då sagde Abram: «Herre, min Gud, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus.
Gene NorSMB 15:3  Sjå, meg hev du ikkje gjeve noko barn,» sagde Abram, «og rådsdrengen min kjem til å erva meg.»
Gene NorSMB 15:4  Men sjå: då kom Herrens ord til honom, og det lydde so: «Nei, han skal ikkje erva deg, men ein som er komen av ditt eige blod, skal erva deg.»
Gene NorSMB 15:5  Og han leidde honom utanfor, og sagde: «Kjære deg, sjå upp til himmelen og tel stjernorne, um du er god til. So tallaus,» sagde han til honom, «skal ætti di verta.»
Gene NorSMB 15:6  Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd.
Gene NorSMB 15:7  Og han sagde til honom: «Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldæa, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga.»
Gene NorSMB 15:8  Og Abram sagde: «Herre, min Gud, kva vissa skal eg hava på det, at eg skal få det til eiga?»
Gene NorSMB 15:9  Då sagde Herren til honom: «Henta meg ei triæringskviga og ei triæringsgeit og ein triæringsver og ei turtelduva og ein duveunge!»
Gene NorSMB 15:10  So henta Abram alt dette åt honom, og skar dyri midt i tvo, og lagde den eine luten av kvart dyr beint imot den andre. Men fuglarne skar han ikkje sund.
Gene NorSMB 15:11  Og ræfuglar kom dalande ned på kjøtet, men Abram jaga deim burt.
Gene NorSMB 15:12  Då det so leid til at soli vilde glada, kom det ein tung svevn på Abram, og gruv, stort myrker, kom yver honom.
Gene NorSMB 15:13  Og han sagde til Abram: «Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal tena folket der og tola mykje vondt av deim i fire hundrad år.
Gene NorSMB 15:14  Men det folket som dei lyt tena, vil eg og døma, og sidan skal dei draga ut med mykje gods.
Gene NorSMB 15:15  Og du skal fara i fred til federne dine; du skal ganga i gravi i høg alder.
Gene NorSMB 15:16  Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritarne, fyrr målet er fullt.»
Gene NorSMB 15:17  No var soli gladd, og det var stumende myrkt. Då fekk han sjå ein rjukande omn og ein eldsloge, som for fram millom kjøtstykki.
Gene NorSMB 15:18  Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
Gene NorSMB 15:19  landet åt kenitarne og kenizitarne og kadmonitarne
Gene NorSMB 15:21  og amoritarne og kananitarne og girgasitarne og jebusitarne.»
Chapter 16
Gene NorSMB 16:1  Saraj, kona hans Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei terna som var frå Egyptarland og heitte Hagar.
Gene NorSMB 16:2  Og Saraj sagde med Abram: «Du ser, Herren hev meinka meg born. Kjære deg, gakk inn til terna mi! Kann henda ho fær ein son åt meg.» Og Abram lydde rådi hennar Saraj.
Gene NorSMB 16:3  So tok Saraj, kona hans Abram, og let Abram, mannen sin, få Hagar frå Egyptarland, som var terna hennar, til kona. Då var det ti år sidan Abram hadde slege seg ned i Kana’ans-land.
Gene NorSMB 16:4  Og han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvyrde ho matmor si.
Gene NorSMB 16:5  Då sagde Saraj med Abram: «Du skal svara for den urett eg lid. Eg bad deg sjølv taka terna mi i fang, men no ho ser at ho er med barn, vanvyrder ho meg. Herren skal døma millom meg og deg!»
Gene NorSMB 16:6  Då sagde Abram med Saraj: «Terna di råder du sjølv yver. Gjer med henne som du synest!» Sidan var Saraj hard med henne, og ho rømde sin veg.
Gene NorSMB 16:7  Men Herrens engel fann henne innmed ei vatskjelda i øydemarki, den kjelda som er frammed vegen til Sur.
Gene NorSMB 16:8  Og han sagde: «Du Hagar, terna hennar Saraj, kvar kjem du frå, og kvar etlar du deg?» Og ho sagde: «Eg laut røma frå Saraj, matmor mi.»
Gene NorSMB 16:9  Då sagde Herrens engel til henne: «Gakk heim att til matmor di, og bøyg deg under handi hennar!»
Gene NorSMB 16:10  Og Herrens engel sagde til henne: «Eg vil gjeva deg ei ætt som er endelaus: reint uteljande skal ho vera!»
Gene NorSMB 16:11  Og Herrens engel sagde til henne: «Sjå, du er med barn, og du skal eiga ein son. Honom skal du kalla Ismael, av di Herren høyrde deg i naudi di.
Gene NorSMB 16:12  Det vert eit villasen til kar. Hans hand skal vera lyft mot alle, og alle hender mot honom. Og midt for augo på alle brørne sine skal han slå seg ned.»
Gene NorSMB 16:13  Og ho nemnde Herren, som hadde tala med henne, og sagde: «Du er Gud, den som ser alt!» Og ho sagde: «Kann det vera råd at eg her hev set skimten av den som all tid ser meg!»
Gene NorSMB 16:14  Difor kallar dei den kjelda «Kjelda åt den som liver, og ser meg»; ho er millom Kades og Bered.
Gene NorSMB 16:15  Og Hagar fekk ein son, og Abram kalla son sin, som Hagar hadde fenge, Ismael.
Gene NorSMB 16:16  Abram var seks og åtteti år gamall, då han fekk Ismael med Hagar.
Chapter 17
Gene NorSMB 17:1  Då Abram var ni og nitti år gamall, synte Herren seg for honom, og sagde til honom: «Eg er Gud den Allvelduge. Far du fram for mi åsyn, og haldt deg ulastande,
Gene NorSMB 17:2  so eg kann fremja mi pakt med deg og auka ætti di endelaust.»
Gene NorSMB 17:3  Då kasta Abram seg å gruve, og Gud tala med honom, og sagde:
Gene NorSMB 17:4  «Sjå, eg er i pakt med deg, og du skal verta far åt ein fjølde med tjoder.
Gene NorSMB 17:5  Dei skal ikkje lenger kalla deg Abram, men du skal heita Abraham: til far åt ei mengd med folkeslag vil eg gjera deg.
Gene NorSMB 17:6  Og eg vil lata deg veksa og aukast, so du vert til mange tjoder, kongar skal ættast frå deg.
Gene NorSMB 17:7  Og eg vil stadfesta mi pakt med deg og med ætti di etter deg, frå alder til alder, ei æveleg pakt, og vera din Gud og Gud åt ætti di etter deg.
Gene NorSMB 17:8  Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet som du held til i, heile Kana’ans-landet, til eiga i all æva, og eg vil vera deira Gud.»
Gene NorSMB 17:9  Og Gud sagde til Abraham: «Og du skal halda pakti mi, både du og ætti di etter deg, frå alder til alder!
Gene NorSMB 17:10  Dette er pakti, som de skal halda, millom meg og dykk og ætti di etter deg: Alt karfolk hjå dykk skal umskjerast!
Gene NorSMB 17:11  De skal skjera av holdet på huva dykkar: det skal vera merket på pakti millom meg og dykk.
Gene NorSMB 17:12  Kvart sveinbarn hjå dykk skal umskjerast, fyrst det er åtte dagar gamall, alder etter alder, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar: alle dei som er frå framande land, og ikkje er av di ætt.
Gene NorSMB 17:13  Umskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei som er kjøpte for pengarne dine! So skal pakti mi te seg på holdet dykkar, ei æveleg pakt!
Gene NorSMB 17:14  Men den som ikkje er umskoren, den som huveholdet ikkje er avskore på, den mannen skal verta utrudd or folket sitt; han hev brote mi pakt!»
Gene NorSMB 17:15  Og Gud sagde til Abraham: «Saraj, kona di, skal du ikkje lenger kalla Saraj: Sara skal ho heita.
Gene NorSMB 17:16  Og eg vil velsigna henne og gjeva deg ein son med henne og; velsigna vil eg henne, og ho skal verta til mange tjoder; kongar yver store rike skal ættast frå henne.»
Gene NorSMB 17:17  Då kasta Abraham seg å gruve, og log. Og han sagde med seg sjølv: «Kann ein mann som er hundrad år gamall, få barn? Og Sara, som er nitti år, kann ho verta mor?»
Gene NorSMB 17:18  Og Abraham sagde til Gud: «Gjev Ismael måtte få liva og tekkjast deg!»
Gene NorSMB 17:19  Då sagde Gud: «Som eg hev sagt: Sara, kona di, skal eiga ein son, og du skal kalla honom Isak, og eg vil stadfesta pakti mi med honom, ei æveleg pakt, med hans ætt etter honom!
Gene NorSMB 17:20  Og um Ismael, so hev eg og høyrt bøni di: Sjå, eg vil velsigna honom og lata honom veksa og aukast alt meir og meir. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera honom til eit stort folk.
Gene NorSMB 17:21  Men pakti mi vil eg stadfesta med Isak, som Sara skal eiga eit anna år dette bil.»
Gene NorSMB 17:22  So sagde han ikkje meir til honom då. Og Gud for upp att frå Abraham.
Gene NorSMB 17:23  Og same dagen tok Abraham son sin, Ismael, og alle som var fødde i huset hans, og alle som var kjøpte for pengarne hans, alt karfolket i huset hans Abraham, og skar av holdet på huva deira, som Gud hadde sagt med honom.
Gene NorSMB 17:24  Abraham var ni og nitti år gamall, då huveholdet vart avskore på honom.
Gene NorSMB 17:25  Og Ismael, son hans, var trettan år gamall, då huveholdet vart avskore på honom.
Gene NorSMB 17:26  Denne same dagen vart dei umskorne, både Abraham og Ismael, son hans.
Gene NorSMB 17:27  Og alle karar i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei framande, som var kjøpte for pengar, dei vart umskorne med honom.
Chapter 18
Gene NorSMB 18:1  Sidan synte Herren seg for honom i Mamrelunden, medan han sat i døri til tjeldbudi si, midt på heitaste dagen:
Gene NorSMB 18:2  Som han såg upp og skoda utyver, fekk han sjå tri menner som stod framfyre honom. Med same han vart var deim, sprang han imot deim frå buddøri, og bøygde seg nedåt jordi,
Gene NorSMB 18:3  og sagde: «Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og sjå innum åt tenaren din.
Gene NorSMB 18:4  Lat oss få henta noko vatn, so de kann två føterne og kvila dykk her under treet.
Gene NorSMB 18:5  So skal eg finna ein bite mat, som de kann styrkja dykk med, fyrr de fer lenger, sidan det høver seg so at de legg vegen um tenaren dykkar.» Og dei sagde: «Ja, gjer som du segjer!»
Gene NorSMB 18:6  Då skunda Abraham seg inn i budi til Sara og sagde: «Nøyt deg og tak tri settung fint mjøl, og knoda det, og baka kakor!»
Gene NorSMB 18:7  Og burt til buskapen sprang han, og tok ut ein uksekalv som var fin og god; den let han drengen få, og han nøytte seg og laga honom til.
Gene NorSMB 18:8  So tok han rjome og mjølk og kalven som drengen hadde laga til, og sette det fram åt deim, og sjølv stod han hjå deim under treet, medan dei åt.
Gene NorSMB 18:9  Då sagde dei til honom: «Kvar er Sara, kona di?» «Sjå der inni tjeldbudi er ho,» sagde Abraham.
Gene NorSMB 18:10  Då sagde han: «Når det lid ut i årsmotet, kjem eg hit til deg att, og då hev Sara, kona di, fenge ein son.» Og Sara høyrde det i buddøri; for den var attanfor honom.
Gene NorSMB 18:11  Men Abraham og Sara var gamle og ut i åri komne; Sara hadde det ikkje lenger so som kvendi plar hava det.
Gene NorSMB 18:12  Difor log Sara med seg sjølv, og tenkte: «Skulde eg få hug, endå so gamall og skrukkut som eg er? Og mannen min er og til års!»
Gene NorSMB 18:13  Då sagde Herren til Abraham: «Kvi log Sara og tenkte: «Kann dette vera sant, at eg skal eiga barn, eg som er so gamall?»
Gene NorSMB 18:14  Er det noko som er umogelegt for Herren? Til års dette bil kjem eg hit til deg att, og då hev Sara ein son.»
Gene NorSMB 18:15  Men Sara neitta og sagde: «Eg log ikkje.» For ho var rædd. Då sagde han: «Jau, du log.»
Gene NorSMB 18:16  So gjorde mennerne seg ferdige og gjekk, og dei tok leidi burtimot Sodoma; og Abraham gjekk med deim; han vilde fylgja deim på vegen.
Gene NorSMB 18:17  Då sagde Herren: «Kvi skulde eg dylja for Abraham det som eg tenkjer å gjera,
Gene NorSMB 18:18  Abraham som skal verta far til eit stort og sterkt folk? Alle folkeslag på jordi skal velsignast i honom.
Gene NorSMB 18:19  For eg kjenner honom for den mann, at han vil segja til borni sine og til huset sitt etter seg, at dei skal halda seg etter Herrens veg og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.»
Gene NorSMB 18:20  Og Herren sagde: «Klageropet yver Sodoma og Gomorra det er øgjelegt, og synderne deira dei er ovleg svære.
Gene NorSMB 18:21  No vil eg ned og sjå um dei hev fare so ille åt som det lydest av det ropet som hev stige upp til meg; og hev dei ikkje det, so fær eg vita det!»
Gene NorSMB 18:22  So snudde mennerne seg og gjekk, og dei tok vegen til Sodoma. Men Abraham stod endå framfor Herren.
Gene NorSMB 18:23  Og Abraham gjekk innåt og sagde: «Vil du då riva burt dei rettvise saman med dei gudlause?
Gene NorSMB 18:24  Um det no var femti rettvise menner i byen? Vil du då riva deim burt, og ikkje spara byen for deira skuld?
Gene NorSMB 18:25  Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng dei rettvise like eins som dei gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han gjera rett!»
Gene NorSMB 18:26  Då sagde Herren: «Finn eg i Sodoma by femti rettvise menner, so skal eg spara heile byen for deira skuld.»
Gene NorSMB 18:27  Og Abraham tok til ords att og sagde: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min, endå eg er mold og oska!
Gene NorSMB 18:28  Um det no skulde vanta fem på dei femti rettvise mennerne? Vil du då leggja heile byen i øyde for desse fem skuld?» og han svara: «Finn eg fem og fyrti, so skal eg ikkje øydeleggja honom.»
Gene NorSMB 18:29  Og Abraham heldt på og tala til honom, og sagde: «Um det no finst fyrti -?» og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, for dei fyrti skuld.»
Gene NorSMB 18:30  Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar! Um det no finst tretti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, so sant eg finn tretti.»
Gene NorSMB 18:31  Då sagde Abraham: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min! Um det finst no tjuge -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja byen, for dei tjuge skuld.»
Gene NorSMB 18:32  Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar berre denne eine gongen til! Um det finst no ti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja honom, for dei ti skuld.»
Gene NorSMB 18:33  So gjekk Herren burt, då han hadde tala til endes med Abraham. Og Abraham gjekk heim att til seg.
Chapter 19
Gene NorSMB 19:1  Og dei tvo englarne kom til Sodoma um kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå deim, reiste han seg og gjekk imot deim, og bøygde seg nedåt jordi,
Gene NorSMB 19:2  og sagde: «Gode herrar, gjer so vel og ver med tenaren dykkar heim, og gjev dykk til hjå meg i natt, og två føterne dykkar. So kann de vera tidleg uppe i morgon og taka på vegen att.» Og dei sagde: «Nei, me vil vera ute på torget i natt.»
Gene NorSMB 19:3  Men han nøydde deim so lenge til dei fylgde honom heim, og var med honom inn. Og han gjorde eit gjestebod åt deim, og baka søtebrød, og so åt dei.
Gene NorSMB 19:4  Dei hadde endå ikkje lagt seg, so kom byfolket, mennerne i Sodoma, både unge og gamle, heile lyden, frå alle kantar, og slo ring um huset.
Gene NorSMB 19:5  Og dei ropa til Lot og sagde med honom: «Kvar er dei mennerne som kom heim til deg i kveld? Lat deim koma ut til oss, so me kann få vår vilje med deim!»
Gene NorSMB 19:6  Då gjekk Lot ut i døri til deim, og let hurdi att etter seg
Gene NorSMB 19:7  og sagde: «Kjære brør, gjer då ikkje slik ei ugjerning!
Gene NorSMB 19:8  Sjå, eg hev tvo døtter, som ingen kar hev vore nær. Lat meg senda deim ut til dykk, so kann de gjera med deim som de synest. Men desse mennerne her, deim må de ikkje gjera noko, etter di dei hev kome inn under skuggen av taket mitt.»
Gene NorSMB 19:9  Men dei sagde: «Or vegen med deg! Her kjem denne framandkaren og fær bu her,» sagde dei, «og so gjev han seg til å døma jamt og samt! No skal me fara verre med deg enn med deim!» Og dei gjekk hardt inn på mannen, på Lot, og styrmde innåt og vilde brjota sund hurdi.
Gene NorSMB 19:10  Då rette mennerne ut handi, og tok Lot inn i huset til seg, og stengde att hurdi.
Gene NorSMB 19:11  Og dei vildra syni på dei kararne som var utfyre husdøri, både små og store, so dei fann ikkje døri, kor mykje dei stræva.
Gene NorSMB 19:12  Og mennerne sagde med Lot: «Hev du elles nokon her som er skyld deg? nokon måg? Både søner og døtter og alt ditt folk her i byen lyt du få med deg burt.
Gene NorSMB 19:13  For no skal me leggja denne byen i øyde, av di eit øgjelegt klagerop yver deim hev nått upp til Herren, og Herren hev sendt oss på den måten at me skal øydeleggja byen.»
Gene NorSMB 19:14  Då gjekk Lot ut og tala til mågarne sine, deim som skulde hava døtterne hans, og sagde: «Upp, og kom dykk burt frå denne staden! For no vil Herren øydeleggja byen.» Men mågarne hans tenkte at han berre vilde narra deim.
Gene NorSMB 19:15  Det fyrste det tok til å dagast, skunda englarne på Lot og sagde: «Upp! Tak kona di og dei tvo døtterne dine som er her, so du ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort her i byen!»
Gene NorSMB 19:16  Men han tøvra. Då greip mennerne honom i handi, både honom og kona og døtterne hans, av di Herren vilde spara honom, og dei leidde honom ut, og slepte honom ikkje, fyrr dei var utanfor byen.
Gene NorSMB 19:17  Då dei no var utum byen komne, sagde han: «Vil du berga livet, so røm! Sjå deg ikkje attende, og stana ikkje i heile kverven! Røm upp på fjellet! elles ryk du med.»
Gene NorSMB 19:19  Sjå, tenaren din hev funne nåde hjå deg, og stor er den miskunn du hev gjort meg, med di du hev berga livet mitt. Men upp på fjellet kann eg ikkje nå. Ulukka kunde koma yver meg, so eg laut døy.
Gene NorSMB 19:20  Sjå, denne byen der er snar å røma til, og han er so liten! Er han ikkje liten? Kjære væne, lat meg få berga meg dit, so eg vert verande i live!»
Gene NorSMB 19:21  Då sagde han til honom: «Ja, eg vil gjera deg til viljes i dette og, og ikkje søkkja ned den byen du talar um.
Gene NorSMB 19:22  Skunda deg og røm dit, for eg kann ingen ting gjera, fyrr du er komen der.» Difor kallar dei den byen Soar.
Gene NorSMB 19:23  Soli hadde runne på fjell, då Lot kom til Soar.
Gene NorSMB 19:24  Då let Herren det regna svåvel og eld, frå Herren, frå himmelen, nedyver Sodoma og Gomorra,
Gene NorSMB 19:25  og søkkte i kav båe dei byarne og heile kverven, med alle som i byarne budde, og alt som på vollarne voks.
Gene NorSMB 19:26  Og kona hans Lot såg attum seg. Då vart ho til ein saltstein.
Gene NorSMB 19:27  Um morgonen tidleg gjekk Abraham til den staden han var, då han stod framfor Herren,
Gene NorSMB 19:28  og han skoda utyver Sodoma og Gomorra og utyver alt landet i kverven, og då såg han - såg røyken valt upp av jordi, som røyken av ein masomn.
Gene NorSMB 19:29  So gjekk det til, at då Gud øydelagde byarne på Jordan-kverven, då kom Gud i hug Abraham, og leidde Lot midt utor øydeleggjingi, den gongen han søkkte ned dei byarne som Lot hadde butt i.
Gene NorSMB 19:30  Og Lot for frå Soar upp i fjellet, og gav seg til der, og båe døtterne hans med honom; for han torde ikkje bu i Soar. Og han budde i ein heller, både han og døtterne hans.
Gene NorSMB 19:31  Då sagde den eldste dotteri til den yngste: «Far vår er gamall, og det finst ikkje menner i landet, so dei kunde ganga til oss, som visi er i all verdi.
Gene NorSMB 19:32  Kom, lat oss gjeva far vår vin å drikka og leggja oss hjå honom, so me held uppe ætti åt far vår!»
Gene NorSMB 19:33  So skjenkte dei far sin vin same kvelden, og den eldste gjekk inn og lagde seg hjå far sin. Og han hådde ikkje då ho lagde seg, og heller ikkje då ho reis upp att.
Gene NorSMB 19:34  Og dagen etter sagde den eldste dotteri med den yngste: «Høyr her! I natt låg eg med far min. Lat oss gjeva honom vin å drikka i kveld og, og gakk du inn og legg deg hjå honom, so held me uppe ætti åt far vår!»
Gene NorSMB 19:35  So skjenkte dei far sin vin den kvelden og. Og den yngste kom og lagde seg hjå honom. Og han hådde ikkje at ho lagde seg, og heller ikkje at ho reis upp att.
Gene NorSMB 19:36  Og båe døtterne hans Lot vart umhender med far sin.
Gene NorSMB 19:37  Og den eldste fekk ein son, og kalla honom Moab. Frå honom er Moab-folket ætta, alt til den dag i dag.
Gene NorSMB 19:38  Og den yngste fekk og ein son, og kalla honom Ben-Ammi. Frå honom er Ammons-sønerne ætta, alt til den dag i dag.
Chapter 20
Gene NorSMB 20:1  So flutte Abraham derifrå til Sudlandet og sette seg ned millom Kades og Sur, og sidan heldt han til i Gerar.
Gene NorSMB 20:2  Og Abraham sagde um Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Og Abimelek, kongen i Gerar, sende folk ut, og tok Sara.
Gene NorSMB 20:3  Då kom Gud um natti til Abimelek i draume, og sagde til honom: «No lyt du døy, for di du hev teke denne kvinna; for ho er ei gift kona.»
Gene NorSMB 20:4  Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne. Og han sagde: «Herre, vil du då drepa rettvise folk og?
Gene NorSMB 20:5  Sagde han ikkje sjølv med meg: «Ho er syster mi»? Og ho, ho sagde og: «Han er bror min.» Med skuldlaust hjarta og reine hender gjorde eg dette.»
Gene NorSMB 20:6  Då sagde Gud til honom i draume: «Ja, eg veit at du gjorde det med skuldlaust hjarta, og det var eg sjølv som heldt deg ifrå å synda mot meg, med di eg ikkje let deg få røra henne.
Gene NorSMB 20:7  Lat no du mannen få att kona si; for han er ein gudsmann - so bed han for deg, og då fær du liva. Men gjev du henne ikkje ifrå deg, so må du vita at du skal døy, både du og alle dine.»
Gene NorSMB 20:8  Um morgonen tidleg reis Abimelek upp og kalla kring seg alle mennerne sine og sagde alt dette med deim, og kararne vart ovleg rædde.
Gene NorSMB 20:9  Og Abimelek kalla til seg Abraham, og sagde med honom: «Kvi gjorde du dette mot oss? Kva vondt hadde eg gjort deg, sidan du vilde leggja so stor ei synd på meg og riket mitt? Du hev fare åt imot meg som ingen skulde fara åt!
Gene NorSMB 20:10  Kva meinte du med det at du gjorde dette?» sagde Abimelek med Abraham.
Gene NorSMB 20:11  Då sagde Abraham: «Eg tenkte det: «Dei hev visst ingen age for Gud i dette landet; dei kjem til å drepa meg for kona skuld.»
Gene NorSMB 20:12  Og so er ho og i røyndi syster mi, dotter åt far min, men ikkje dotter åt mor mi. Og ho vart kona mi.
Gene NorSMB 20:13  Og då Gud let meg fara frå heimen min ut i vide verdi, då sagde eg med henne: «Dette lyt du gjera for mi skuld: kvar me kjem helst, so seg um meg: «Han er bror min.»»»
Gene NorSMB 20:14  So tok Abimelek både sauer og naut og drengjer og gjentor og gav Abraham, og let honom få att Sara, kona si.
Gene NorSMB 20:15  Og Abimelek sagde: «Sjå, her hev du landet mitt fyre deg; bu der du helst vil!»
Gene NorSMB 20:16  Og med Sara sagde han: «Sjå, her gjev eg bror din tusund sylvdalar. Det skal vera ei ærebot for deg hjå alle som er med deg, so kvar og ein kann sjå du er saklaus.»
Gene NorSMB 20:17  So bad Abraham til Gud for deim, og Gud lækte Abimelek og kona hans og ternorne hans, so dei fekk born.
Gene NorSMB 20:18  For Herren hadde heiltupp stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek for Sara skuld, kona hans Abraham.
Chapter 21
Gene NorSMB 21:1  Og Herren såg til Sara, som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova.
Gene NorSMB 21:2  Og Sara vart med barn, og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt.
Gene NorSMB 21:3  Og Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak.
Gene NorSMB 21:4  Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamall, som Gud hadde sagt honom fyre.
Gene NorSMB 21:5  Abraham var hundrad år gamall, då Isak, son hans, kom til verdi.
Gene NorSMB 21:6  Og Sara sagde: «Gud hev laga det, so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg.
Gene NorSMB 21:7  Kven skulde vel tenkt seg og sagt det med Abraham, at Sara skulde leggja eit barn til brjostet?» sagde ho, «og no på hans gamle dagar hev eg fenge ein son!»
Gene NorSMB 21:8  Og sveinen voks upp, og ho vande honom av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand.
Gene NorSMB 21:9  Og Sara såg at son åt Hagar frå Egyptarland, han som ho hadde fenge med Abraham, ståka og log.
Gene NorSMB 21:10  Då sagde ho med Abraham: «Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal son åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.»
Gene NorSMB 21:11  Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld.
Gene NorSMB 21:12  Men Gud sagde til Abraham: «Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt ho segjer til deg. For etter Isak skal ætti di heita.
Gene NorSMB 21:13  Og sonen åt terna vil eg og gjera til eit heilt folk, etter di han er ditt barn.»
Gene NorSMB 21:14  Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og tok fram brød og ei hit med vatn; det gav han Hagar, og lagde det på herdarne hennar; og han let henne få sveinen, og bad henne fara. So gjekk ho sin veg, og vingla umkring i Be’erseba-heidi.
Gene NorSMB 21:15  Og vatnet traut i hiti. Då lagde ho sveinen ned under ein runne,
Gene NorSMB 21:16  og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. «Eg vil ikkje sjå på at sveinen døyr,» tenkte ho; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret.
Gene NorSMB 21:17  Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sagde til henne: «Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud høyrde sveinen øya seg der han er.
Gene NorSMB 21:18  Reis deg, lyft sveinen upp, og haldt honom fast i handi; eg vil gjera honom til eit stort folk.»
Gene NorSMB 21:19  Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit, og fyllte hiti med vatn, og gav sveinen drikka.
Gene NorSMB 21:20  Og Gud var med sveinen, og han voks upp, og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar.
Gene NorSMB 21:21  Han slo seg ned i Paranheidi, og mor hans fann ei kona åt honom frå Egyptarland.
Gene NorSMB 21:22  I same tidi hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sagde med Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.
Gene NorSMB 21:23  So sver meg no her ved Gud, at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og barneborni mine: liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i.»
Gene NorSMB 21:24  Og Abraham sagde: «Ja, det skal eg sverja på!»
Gene NorSMB 21:25  Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver den brunnen som drengjerne hans Abimelek hadde rana til seg.
Gene NorSMB 21:26  Då sagde Abimelek: «Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og ikkje hev eg høyrt det heller fyrr no i dag.»
Gene NorSMB 21:27  So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom.
Gene NorSMB 21:28  Og Abraham sette sju gimberlamb av fenaden for seg sjølve.
Gene NorSMB 21:29  Då sagde Abimelek med Abraham: «Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve?»
Gene NorSMB 21:30  «Desse sju lambi skal du hava av meg,» svara han; «det skal vera til vitnemål for meg, at eg hev grave denne brunnen.»
Gene NorSMB 21:31  Difor kalla dei den staden Be’erseba. For der gjorde dei båe eiden.
Gene NorSMB 21:32  So gjorde dei då ei semja i Be’erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistarlandet.
Gene NorSMB 21:33  Og Abraham sette ei tamariska i Be’erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud.
Chapter 22
Gene NorSMB 22:1  Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at Gud vilde røyna Abraham. Og han sagde til honom: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.»
Gene NorSMB 22:2  Då sagde han: «Tak no son din, din einberningsson, honom som du held so av, Isak, og far til Morialand; der skal du gjera eit brennoffer og ofra honom på eit av fjelli, som eg skal segja deg.»
Gene NorSMB 22:3  Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og klyvja asnet sitt, og tok med seg tvo av drengjerne sine og Isak, son sin. Og då han hadde kløyvt ved til brennofferet, gav han seg på vegen, og gjekk til den staden som Gud hadde sagt.
Gene NorSMB 22:4  Tridje dagen då Abraham skoda kring seg, såg han staden han skulde til, langt burte.
Gene NorSMB 22:5  Då sagde Abraham til drengjerne sine: «Ver no de her hjå asnet. Eg og sveinen, me vil ganga dit burt og beda, og so kjem me hit til dykk att.»
Gene NorSMB 22:6  So tok Abraham offerveden og lagde på Isak, son sin, og sjølv tok han elden og kniven i handi, og so gjekk dei tvo eine.
Gene NorSMB 22:7  Då sagde Isak med Abraham, far sin: «Du far!» sagde han. Og han sagde: «Ja, barnet mitt!» «Sjå, her er elden og veden,» sagde Isak, «men kvar er lambet som me skal ofra?»
Gene NorSMB 22:8  Og Abraham sagde: «Gud veit nok råd til eit offerlamb, barnet mitt.» Og so gjekk dei tvo eine.
Gene NorSMB 22:9  Då dei so kom til den staden som Gud hadde sagt, då bygde Abraham eit altar og lagde veden til rettes. So batt han Isak, son sin, og lagde honom på altaret, ovanpå veden.
Gene NorSMB 22:10  Og Abraham rette ut handi og tok kniven, og vilde ofra son sin.
Gene NorSMB 22:11  Då ropa Herrens engel til honom frå himmelen og sagde: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
Gene NorSMB 22:12  Då sagde han: «Legg ikkje hand på sveinen, og gjer honom ikkje noko! For no veit eg at du hev age for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einberningsson for mi skuld.»
Gene NorSMB 22:13  Då Abraham skoda kring seg, fekk han auga på ein ver, som hekk fast etter horni i kjørri attanfor honom. So gjekk Abraham dit og tok veren, og ofra honom i staden for son sin.
Gene NorSMB 22:14  Og Abraham kalla den staden: «Herren veit råd». Difor segjer dei den dag i dag: «På Herrens fjell veit dei råd.»
Gene NorSMB 22:15  Og Herrens engel ropa endå ein gong frå himmelen til Abraham
Gene NorSMB 22:16  og sagde: «Ved meg sjølv sver eg,» segjer Herren: «for di du gjorde dette, og ikkje ein gong sparde din einberningsson,
Gene NorSMB 22:17  so skal eg storom velsigna deg og auka ætti di endelaust, som stjernorne på himmelen og sanden på havsens strand. Di ætt skal taka borgerne frå sine fiendar,
Gene NorSMB 22:18  og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast, for di du lydde etter ordi mine.»
Gene NorSMB 22:19  So gjekk Abraham attende til drengjerne sine, og dei tok på heimvegen, og fylgdest åt til Be’erseba. Og Abraham vart buande i Be’erseba.
Gene NorSMB 22:20  Ei tid etter dette hadde hendt, kom det ein og sagde med Abraham: «Nahor, bror din, og Milka hev og fenge born:
Gene NorSMB 22:21  Us, som er eldst, og Buz, bror hans, og Kemuel, far til Aram,
Gene NorSMB 22:22  og Kesed og Haso og Pildas og Jidlaf og Betuel.»
Gene NorSMB 22:23  Og Betuel var far åt Rebekka. Desse åtte sønerne fekk Nahor, bror åt Abraham, med Milka.
Gene NorSMB 22:24  Og med fylgjekona si, ho heitte Re’uma, fekk han og born; det var Tebah og Gaham og Tahas og Ma’aka.
Chapter 23
Gene NorSMB 23:1  Alderen hennar Sara vart hundrad og sju og tjuge år; det var liveåri hennar Sara.
Gene NorSMB 23:2  Og Sara døydde i Arbabyen, som no heiter Hebron, i Kana’ans-land. Og Abraham gjekk heim og øya og gret yver Sara.
Gene NorSMB 23:3  Sidan reis Abraham upp, og gjekk burt ifrå liket, og han tala til Hets-sønerne og sagde:
Gene NorSMB 23:4  «Ein framand er eg imillom dykk, ein utlending. Lat meg få ein gravstad til eiga hjå dykk, so eg kann få gøyma henne som eg hev mist.»
Gene NorSMB 23:5  Då svara Hets-sønerne Abraham og sagde med honom:
Gene NorSMB 23:6  «Høyr her, gode herre! Ein gjæv hovding er du imillom oss. I den beste av graverne våre kann du jorda henne som du hev mist. Ingen av oss skal meinka deg gravi si til å jorda henne i.»
Gene NorSMB 23:7  Då reiste Abraham seg, og bøygde seg for landslyden, for Hets-sønerne,
Gene NorSMB 23:8  og so tala han til deim og sagde: «Samtykkjer de det, at eg gøymer henne som eg hev mist, so gjer vel og tel for Efron, son åt Sohar,
Gene NorSMB 23:9  at han let meg få Makpelahelleren, som han eig, og som ligg i utkanten av gjordet hans. Han skal få gode pengar for honom, er so han vil selja meg honom, her midt imillom dykk, til eigande gravstad.»
Gene NorSMB 23:10  Men Efron sat midt imillom Hets-sønerne, og Efron, hetiten, svara Abraham, so dei høyrde på det, Hets-sønerne, alle dei som sokna til tingstaden hans, og sagde:
Gene NorSMB 23:11  «Nei, høyr her, gode herre! Det gjordet gjev eg deg, og helleren som er der, den gjev eg deg og, for augo åt landsmennerne mine gjev eg deg honom. Jorda du henne som du hev mist!»
Gene NorSMB 23:13  og han tala til Efron, so landslyden høyrde på det, og sagde: «Gjev du vilde høyra på meg! Eg legg det som gjordet er verdt. Tak imot det av meg, so eg der kann få jorda henne som eg hev mist!»
Gene NorSMB 23:15  «Høyr her, gode herre! Eit jordstykke, som er verdt fire hundrad sylvdalar, kva er det millom meg og deg? Jorda du henne som du hev mist!»
Gene NorSMB 23:16  Og Abraham merkte seg ordi hans Efron, og Abraham vog upp åt Efron det sylvet han hadde tala um medan Hets-sønerne høyrde på det, fire hundrad sylvdalar, av deim som gjekk og galdt millom kjøpmennerne.
Gene NorSMB 23:17  Og gjordet hans Efron i Makpela, som ligg austanfor Mamre, både gjordet og helleren som der var, og alle dei tre som på gjordet voks, so vidt det rokk rundt ikring, vart skøytt
Gene NorSMB 23:18  til Abraham, so dei såg på det, Hets-sønerne, alle dei som sokna til tingstaden hans.
Gene NorSMB 23:19  Sidan jorda Abraham Sara, kona si, i helleren på Makpelagjordet, austanfor Mamre, der Hebron no ligg, i Kana’ans-land.
Gene NorSMB 23:20  Og gjordet med helleren som var der, kom frå Hets-sønerne yver på Abrahams hender, so han fekk det til eigande gravstad.
Chapter 24
Gene NorSMB 24:1  Abraham var gamall og langt uti åri. Men Herren hadde velsigna honom i eitt og alt.
Gene NorSMB 24:2  Og Abraham sagde med tenaren sin, han som var den eldste i huset og rådde yver alt det han åtte: «Kjære deg, legg handi di i fanget mitt,
Gene NorSMB 24:3  so vil eg taka ein eid av deg ved Herren, som er Gud i himmelen og Gud på jordi, at du ikkje skal lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana’ans-folket, som eg bur i lag med;
Gene NorSMB 24:4  men til heimlandet mitt og til mitt eige folk skal du fara og festa ei kona åt Isak, son min.»
Gene NorSMB 24:5  Då sagde tenaren med honom: «Men um no ikkje ho vil fylgja meg hit til dette landet, skal eg då taka son din attende til det landet som du er komen ifrå?»
Gene NorSMB 24:6  Og Abraham svara: «Vara deg, so du ikkje fer dit att med son min!
Gene NorSMB 24:7  Herren, Gud i himmelen, som tok meg ut or farshuset mitt og fødesheimen min, og som tala til meg, og svor meg til og sagde: «Di ætt vil eg gjeva dette landet» - han skal senda sin engel fyre deg, so du der finn ei kona åt son min.
Gene NorSMB 24:8  Men vil ikkje ho fylgja deg, so skal du vera løyst ifrå eiden, berre far ikkje dit att med son min!»
Gene NorSMB 24:9  Då lagde tenaren handi si i fanget åt Abraham, husbonden sin, og svor honom eiden på dette.
Gene NorSMB 24:10  So tok tenaren ti kamelar, av deim som husbonden hans åtte, og for av garde, og med seg hadde han alle slag gilde ting, som høyrde husbonden hans til; og han tok ut, og for til Mesopotamia, til byen hans Nahor.
Gene NorSMB 24:11  Og han let kamelarne leggja seg ned utanfor byen, innmed vatsbrunnen; det var i kveldingi, det bilet då kvendi plar koma ut og henta vatn.
Gene NorSMB 24:12  Og han sagde: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, å, lat det laga seg godt for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min!
Gene NorSMB 24:13  Sjå, no stend eg her innmed vatskjelda, medan døtterne åt bymennerne kjem ut etter vatn.
Gene NorSMB 24:14  Lat det då vera so, at den møyi som eg segjer dette med: «Kjære væne, halla på krukka di, og lat meg få drikka!» og som svarar: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka!» - at ho er den du hev etla åt Isak, tenaren din, og på det skal eg skyna at du vil gjera vel mot husbonden min!»
Gene NorSMB 24:15  Og sjå: fyrr han hadde tala til endes, bar det so til at Rebekka, dotter hans Betuel, son åt Milka og Nahor, bror hans Abraham, kom ut, med krukka si på oksli.
Gene NorSMB 24:16  Det var ei ovvæn gjenta, ei ungmøy, som ingen kar hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda, og fyllte krukka si, og kom upp att.
Gene NorSMB 24:17  Då sprang tenaren imot henne og sagde: «Kjære væne, lat meg få drikka litt vatn av krukka di!»
Gene NorSMB 24:18  Og ho sagde: «Drikk, gode herre!» og ho skunda seg og tok krukka si ned i handi og gav honom drikka.
Gene NorSMB 24:19  Og då han hadde drukke seg utyrst, sagde ho: «No skal eg henta vatn åt kamelarne dine og, til dei fær nøgdi si.»
Gene NorSMB 24:20  So nøytte ho seg og tømde krukka i troi, og sprang so burt til brunnen att etter vatn, og ho brynnte alle kamelarne hans.
Gene NorSMB 24:21  Og mannen stirde på henne og tagde; han vilde sjå, um Herren let ferdi hans lukkast, eller ikkje.
Gene NorSMB 24:22  Då so kamelarne hadde drukke, tok mannen fram ein gullring, som vog ein halvt lodd, og tvo gullband, som ho skulde hava kring armarne; dei vog ti lodd.
Gene NorSMB 24:23  Og han sagde: «Kven er du dotter åt? Kjære deg, seg meg det! Hev far din rom til å hysa oss i natt?»
Gene NorSMB 24:24  Og ho svara: «Eg er dotter hans Betuel, son åt Nahor og Milka.
Gene NorSMB 24:25  Me hev fullt upp både av halm og for,» sagde ho til honom, «og husrom for dykk hev me og.»
Gene NorSMB 24:26  Då lagde mannen seg på kne, og takka Herren og sagde:
Gene NorSMB 24:27  «Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min! Han hev ikkje gløymt sin nåde og truskap mot husbonden min. Herren hev leidt meg rette vegen fram til brorfolket åt husbonden min!»
Gene NorSMB 24:28  Men møyi sprang heim til mor si og fortalde alt dette.
Gene NorSMB 24:29  Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Og Laban sprang ut til kjelda, til mannen:
Gene NorSMB 24:30  då han fekk sjå ringen og gullbandi som syster hans hadde kring armarne, og då han høyrde Rebekka, syster hans, sagde: «Det og det sagde mannen med meg,» so gjekk han og vilde finna mannen, og sjå: der stod han hjå kamelarne attmed kjelda.
Gene NorSMB 24:31  Då sagde han: «Kom inn, du som Herren hev velsigna so rikleg! Kvi stend du her ute? Og eg hev skipa i huset og stelt til rom åt kamelarne!»
Gene NorSMB 24:32  So gjekk mannen inn i huset, og klyvja av kamelarne; og hin kom med halm og for åt kamelarne, og med vatn åt honom og deim som var med honom, til å två føterne i.
Gene NorSMB 24:33  Og dei sette fram mat åt honom; men han sagde: «Eg vil ikkje eta fyrr eg hev bore upp målemnet mitt.» «Seg fram!» sagde hin.
Gene NorSMB 24:35  Herren hev storleg velsigna husbonden min, so han hev vorte rik; han hev gjeve honom sauer og naut, og sylv og gull, og drengjer og gjentor, og kamelar og asen.
Gene NorSMB 24:36  Og Sara, kona åt husbonden min, åtte ein son på sine gamle dagar; honom hev han gjeve alt det han eig.
Gene NorSMB 24:37  Og husbonden min tok ein eid av meg og sagde: «Du skal ikkje lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana’ans-folket, som eg bur i lag med.
Gene NorSMB 24:38  Men til farshuset mitt skal du fara, og til mi eigi ætt, og festa ei kona åt son min.»
Gene NorSMB 24:39  Då sagde eg til husbonden min: «Men um no ikkje ho vil fylgja meg?»
Gene NorSMB 24:40  Og han sagde med meg: «For Herrens åsyn hev eg ferdast; han skal senda sin engel med deg og lata ferdi di lukkast, so du finn ei kona åt son min av mi eigi ætt og i farshuset mitt.
Gene NorSMB 24:41  Då skal du vera løyst ifrå eiden, når du kjem til mi eigi ætt; og vil dei ikkje gjeva deg henne, so er du og løyst ifrå eiden.»
Gene NorSMB 24:42  So kom eg då i dag til kjelda, og eg sagde: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min! Å vilde du lata ferdi mi lukkast for meg!
Gene NorSMB 24:43  Sjå no stend eg her innmed vatskjelda; lat det då vera so: når det kjem ei møy ut etter vatn, og eg segjer med henne: «Kjære væne, lat meg få drikka litt vatn av krukka di,»
Gene NorSMB 24:44  og ho då segjer med meg: «Drikk du, og til kamelarne dine skal eg og henta vatn,» so er ho det vivet som Herren hev etla åt son til husbonden min.»
Gene NorSMB 24:45  Fyrr eg fekk sagt alt det eg hadde på hjarta, sjå, då kom Rebekka ut, med krukka si på oksli, og ho gjekk ned til kjelda og auste upp vatn. Og eg sagde med henne: «Kjære væne, lat meg få drikka!»
Gene NorSMB 24:46  Då skunda ho seg og tok krukka si ned av oksli, og sagde: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka.» So drakk eg, og kamelarne gav ho og vatn.
Gene NorSMB 24:47  Og eg spurde henne: «Kven er du dotter åt?» «Dotter hans Betuel, son åt Nahor og Milka,» sagde ho. Då sette eg ringen i nosi hennar, og gullbandi på armarne hennar.
Gene NorSMB 24:48  Og eg lagde meg på kne og takka Herren, og eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, for di han hadde styrt meg på rette vegen til å finna brordotter åt husbonden min for son hans.
Gene NorSMB 24:49  Vil de no vera snilde og trugne mot husbonden min, so seg meg det, og vil de ikkje, so seg meg det, so eg kann venda meg på ei onnor leid!»
Gene NorSMB 24:50  Då svara Laban og Betuel og sagde: «Dette kjem frå Herren! Me kann ingen ting segja deg, korkje vondt eller godt.
Gene NorSMB 24:51  Sjå her hev du Rebekka! Tak henne og far heim att, og lat son åt husbonden din få henne til kona, som Herren hev sagt.»
Gene NorSMB 24:52  Då tenaren hans Abraham høyrde dei ordi, lagde han seg å gruve og takka Herren.
Gene NorSMB 24:53  Og tenaren tok fram sylvty og gullty og væne klæde og gav Rebekka, og mor hennar og bror hennar gav han og gode gåvor.
Gene NorSMB 24:54  So åt dei og drakk, han og dei mennerne som var med honom, og dei var der um natti. Men då dei reis upp um morgonen, sagde han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!»
Gene NorSMB 24:55  Då sagde bror hennar og mor hennar: «Lat møyi få drygja eit bil hjå oss, ei åtte ti dagar; sidan kann du fara!»
Gene NorSMB 24:56  Men han sagde med deim: «Heft meg ikkje, no Herren hev late ferdi mi lukkast! Lat meg få taka i vegen og fara heim att til husbonden min!»
Gene NorSMB 24:57  Då sagde dei: «Me skal ropa på møyi og spyrja henne sjølv!»
Gene NorSMB 24:58  So ropa dei på Rebekka og sagde med henne: «Vil du fara med denne mannen?» «Ja, det vil eg,» sagde ho.
Gene NorSMB 24:59  So bad dei vel fara med Rebekka, syster si, og fostermor hennar, og med tenaren hans Abraham og mennerne hans.
Gene NorSMB 24:60  Og dei velsigna Rebekka og sagde med henne: «Du syster vår, måtte du verta til tusund gonger titusund. Og måtte ætti di borgern’ ifrå sine uvener taka!»
Gene NorSMB 24:61  Og Rebekka og møyarne hennar ferda seg til, og steig på kamelarne, og fylgde mannen. Og tenaren tok Rebekka med seg og for av garde.
Gene NorSMB 24:62  Isak var nyst heimkomen: han hadde vore burt til «Kjelda åt den som liver, og ser meg»; for han budde i Sudlandet.
Gene NorSMB 24:63  Og Isak gjekk ute på marki og lengta, medan det for til å kvelda. Og då han såg upp og skoda kring seg, sjå, då kom der kamelar.
Gene NorSMB 24:64  Og Rebekka såg upp, og gådde Isak. Då sprang ho ned av kamelen,
Gene NorSMB 24:65  og sagde til tenaren: «Kven er denne mannen som kjem imot oss på marki?» «Det er husbonden min,» sagde tenaren. Då tok ho sløret og hadde attfor andlitet.
Gene NorSMB 24:66  So fortalde tenaren Isak alt det han hadde gjort.
Gene NorSMB 24:67  Og Isak leidde henne inn i den tjeldbudi som Sara, mor hans, hadde havt, og tok Rebekka heim til seg, og ho vart kona hans, og han heldt henne kjær. So fekk Isak trøyst i sorgi yver mor si.
Chapter 25
Gene NorSMB 25:1  Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura.
Gene NorSMB 25:2  Med henne fekk han Simran og Joksan og Medan og Midjan og Jisbak og Suah.
Gene NorSMB 25:3  Og Joksan var far til Sjeba og Dedan. Og sønerne hans Dedan var Assurar og Letusar og Leummar.
Gene NorSMB 25:4  Og sønerne hans Midjan var Efa og Efer og Hanok og Abida og Elda’a. Alle desse var borni hennar Ketura.
Gene NorSMB 25:6  Men sønerne åt fylgjekonorne sine gav Abraham gåvor og let deim flytja burt frå Isak, son sin, og taka austetter, til Austerland, medan han endå livde.
Gene NorSMB 25:7  Og dette er dagarne hans Abraham og den alderen han nådde: hundrad og fem og sytti år.
Gene NorSMB 25:8  Og Abraham sålast og døydde etter ein god alderdom, gamall og mett av dagar, og kom til federne sine.
Gene NorSMB 25:9  Og Isak og Ismael, sønerne hans, jorda honom i Makpelahelleren, på gjordet hans Efron, son åt Sohar, hetiten, austanfor Mamre,
Gene NorSMB 25:10  det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne. Der vart Abraham og Sara, kona hans, jorda.
Gene NorSMB 25:11  Men då Abraham var slokna, gav Gud velsigningi si til Isak, son hans. Og Isak, han budde attmed «Kjelda åt den som liver, og ser meg».
Gene NorSMB 25:12  Dette er ættartalet åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptarland, terna hennar Sara.
Gene NorSMB 25:13  Og dette er namni på sønerne hans Ismael, dei namni som er i ættarsoga deira: Nebajot, det var eldste son hans Ismael, og Kedar og Adbe’el og Mibsam
Gene NorSMB 25:16  Dette var sønerne hans Ismael, og dette var namni deira, med grenderne og lægri deira, tolv ættarhovdingar.
Gene NorSMB 25:17  Og dette er liveåri hans Ismael: hundrad og sju og tretti år. Og han sålast og døydde, og kom til federne sine.
Gene NorSMB 25:18  Og dei budde frå Havila til Sur, som ligg midt for Egyptarland, når du tek leidi mot Assur. Midt for augo åt alle brørne sine slo han seg ned.
Gene NorSMB 25:20  Abraham var far åt Isak. Og Isak var fyrti år gamall, då han gifte seg med Rebekka, dotter åt Betuel, aramæaren frå Mesopotamia, syster åt Laban, aramæaren.
Gene NorSMB 25:21  Og Isak bad til Herren for Rebekka, kona si, av di ho var barnlaus. Og Herren høyrde bøni hans, og Rebekka, kona hans, vart umhender.
Gene NorSMB 25:22  Men borni drogst i livet hennar. Då sagde ho: «Er det so, kvi skal eg då vera til?» Og ho gjekk av stad og spurde Herren.
Gene NorSMB 25:23  Og Herren sagde til henne: «I livet ditt er lydar tvo, Tvo folk skal frå ditt fang seg greina; Eitt folk er sterkare enn hitt. Den eldre skal den yngre tena!»
Gene NorSMB 25:24  Då so tidi hennar kom, at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
Gene NorSMB 25:25  Og den som kom fyrst, var raud, og loden yver allan, som ein feld; so kalla dei honom Esau.
Gene NorSMB 25:26  Og då bror hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei honom Jakob. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamall.
Gene NorSMB 25:27  Og sveinarne voks upp, og Esau vart ein glup veidemann, og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar, og heldt seg heime, attmed tjeldbuderne.
Gene NorSMB 25:28  Og Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob.
Gene NorSMB 25:29  Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod.
Gene NorSMB 25:30  Og Esau sagde med Jakob: «Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt!» Difor kallar dei honom Edom.
Gene NorSMB 25:32  Og Esau sagde: «Du ser, eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen?»
Gene NorSMB 25:33  «Gjer fyrst eiden på det!» sagde Jakob. So gjorde Esau eiden på det, og selde odelen sin til Jakob.
Gene NorSMB 25:34  Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt, og drakk, og reis upp, og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.
Chapter 26
Gene NorSMB 26:1  Og det kom eit uår, so det vart stor naud i landet, liksom fyrre gongen, medan Abraham livde. Då for Isak til Gerar, til Abimelek, filistarkongen.
Gene NorSMB 26:2  Og Herren synte seg for honom og sagde: «Far ikkje ned til Egyptarland! Bu i det landet som eg segjer deg!
Gene NorSMB 26:3  Hald til i dette landet! Eg skal vera med deg og velsigna deg; for deg og ætti di vil eg gjeva alle desse landi; eg vil halda den eiden eg svor Abraham, far din.
Gene NorSMB 26:4  Og eg vil lata ætti di aukast, so ho vert som stjernorne på himmelen, og eg vil gjeva ætti di alle desse landi, og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast,
Gene NorSMB 26:5  for di Abraham lydde meg, og heldt alt det eg vilde han skulde halda, bodi og fyresegnerne og loverne mine.»
Gene NorSMB 26:7  Og mennerne der i bygdi spurde honom ut um kona hans. Då sagde han: «Ho er syster mi.» For han torde ikkje segja at ho var kona hans; han var rædd mennerne i bygdi kunde slå honom i hel for Rebekka skuld, av di ho var so væn.
Gene NorSMB 26:8  Men då han hadde vore der eit bil, bar det so til, at Abimelek, filistarkongen, skvatta ut igjenom vindauga og fekk sjå at Isak heldt gaman med Rebekka, kona si.
Gene NorSMB 26:9  Og Abimelek kalla Isak til seg og sagde: «No ser me ho er kona di! Kvi sagde du då at ho var syster di?» «Eg tenkte eg kunde koma til å missa livet for hennar skuld,» svara Isak.
Gene NorSMB 26:10  Då sagde Abimelek: «Kva er det du hev gjort imot oss! Kor lett kunde ikkje det ha hendt, at einkvar av folket hadde lege med kona di, og då hadde du lagt ei stor synd på oss.»
Gene NorSMB 26:11  Sidan tala Abimelek til alt folket og lyste ut dei ordi: «Den som rører denne mannen eller kona hans, han skal lata livet.»
Gene NorSMB 26:12  Isak sådde der i landet, og det året fekk han hundrad foll; for Herren velsigna honom.
Gene NorSMB 26:13  Og mannen tok til å verta rik, og vart rikare og rikare, til han var ovrik.
Gene NorSMB 26:14  Han hadde mykje bufe, både smått og stort, og mange drengjer, og filistarane vart ovundsjuke på honom.
Gene NorSMB 26:15  Og alle dei brunnar som drengjerne åt far hans hadde grave medan Abraham, far hans, livde, deim kasta filistarane att, og fyllte deim med jord.
Gene NorSMB 26:16  Og Abimelek sagde med Isak: «Flyt burt ifrå oss! du hev vorte for stor for oss.»
Gene NorSMB 26:17  So flutte Isak burt, og lægra i Gerardalen, og der vart han buande.
Gene NorSMB 26:18  Og Isak grov upp att dei brunnarne som dei hadde grave medan Abraham, far hans, livde, og som filistarane hadde fyllt att då Abraham var burte, og han kalla deim det same som far hans hadde kalla deim.
Gene NorSMB 26:19  Og drengjerne hans Isak grov der i dalen, og fann ei vatsådr.
Gene NorSMB 26:20  Då tok hyrdingarne frå Gerar til å trætta med hyrdingarne hans Isak, og sagde: «Det er vårt vatn.» Og Isak kalla den brunnen Esek, av di dei hadde dregest med honom.
Gene NorSMB 26:21  Sidan grov dei ein annan brunn. Den trætta dei og um, og han kalla honom Sitna
Gene NorSMB 26:22  So flutte han burt derifrå, og grov ein ny brunn. Den trætta dei ikkje um, og han kalla honom Rehobot, og sagde: «No hev Herren gjort det romt for oss, so me kann veksa i landet.»
Gene NorSMB 26:24  Og same natti synte Herren seg for honom, og sagde: «Eg er Gud åt Abraham, far din. Ver ikkje rædd, eg er med deg; eg skal velsigna deg og lata ætti di aukast for Abraham skuld, han som var tenaren min.»
Gene NorSMB 26:25  So bygde han eit altar der, og kalla på Gud. Og der sette han upp tjeldbudi si, og drengjerne hans grov ein brunn.
Gene NorSMB 26:26  Sidan kom Abimelek til honom frå Gerar med Ahusat, venen sin, og Pikol, herhovdingen sin.
Gene NorSMB 26:27  Då sagde Isak med deim: «Kvi kjem de hit til meg, de som hev hata meg og jaga meg burt ifrå dykk?»
Gene NorSMB 26:28  Og dei svara: «Me ser det grant at Herren er med deg, og no segjer me: «Kom, lat oss sverja ein eid oss imillom, me og du, og lat oss få gjera ei semja med deg,
Gene NorSMB 26:29  at du ikkje skal gjera oss noko vondt, liksom heller ikkje me rørde deg, men berre gjorde vel imot deg, og let deg fara i fred.» No er du den som Herren hev velsigna.»
Gene NorSMB 26:30  So gjorde han eit gjestebod for deim, og dei åt og drakk.
Gene NorSMB 26:31  Og tidleg um morgonen reis dei upp, og gjorde eiden åt kvarandre. Sidan bad Isak farvel med deim, og dei for burt ifrå honom i fred.
Gene NorSMB 26:32  Same dagen hende det at drengjerne hans Isak kom og sagde frå um den brunnen dei hadde grave. «No hev me funne vatn!» sagde dei med honom.
Gene NorSMB 26:33  Og han kalla brunnen Sjib’a. Difor heiter byen Be’erseba den dag i dag.
Gene NorSMB 26:34  Då Esau var fyrti år gamall, gifte han seg med Jehudit, dotter åt ein hetit som heitte Be’eri, og med Basmat, dotter åt ein annan hetit, som heitte Elon.
Chapter 27
Gene NorSMB 27:1  Då Isak var gamall vorten, og tok til å dimmast på syni, so han ikkje kunde skilja, då kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sagde: «Du son min!» Og Esau svara: «Ja, her er eg!»
Gene NorSMB 27:2  Då sagde han: «No er eg gamall vorten og veit ikkje kva dag eg kann døy.
Gene NorSMB 27:3  Tak no du veidegogni di, pilehuset og bogen, og gakk ut i marki, og veid meg noko vilt,
Gene NorSMB 27:4  og laga ein god rett åt meg, soleis som du veit eg likar det, og kom so inn til meg med det; då vil eg eta, so sjæli mi kann få velsigna deg, innan eg døyr.»
Gene NorSMB 27:5  Og Rebekka lydde på at Isak tala til Esau, son sin. So gjekk Esau ut i marki og vilde veida noko vilt og hava med seg heim.
Gene NorSMB 27:6  Då sagde Rebekka med Jakob, son sin: «Høyr her!» sagde ho, «eg lydde på at far din tala til Esau, bror din, og sagde:
Gene NorSMB 27:7  «Kom heim med noko vilt, og laga ein god rett åt meg, so eg fær eta; då vil eg velsigna deg for Herrens åsyn, innan eg døyr.»
Gene NorSMB 27:8  Lyd no du meg, son min, og gjer som eg segjer deg fyre.
Gene NorSMB 27:9  Gakk burt i buflokken, og tak tvo gode kidungar, so skal eg laga ein god rett av deim åt far din, soleis som eg veit han likar det,
Gene NorSMB 27:10  og du skal ganga inn til far din med det, so han fær eta og kann velsigna deg, fyrr han døyr!»
Gene NorSMB 27:11  Då sagde Jakob med Rebekka, mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snaud.
Gene NorSMB 27:12  Kann henda far min trivlar på meg. Då trur han eg vil hava honom til narr, og eg fær ei våbøn yver meg og ingi velsigning.»
Gene NorSMB 27:13  «Den våbøni skal eg taka på meg, son min,» sagde mor hans. «Berre lyd du meg, og gakk og henta meg kidi!»
Gene NorSMB 27:14  Då gjekk han og henta deim, og kom til mor si med deim, og mor hans laga ein god rett, soleis som ho visste far hans vilde lika det.
Gene NorSMB 27:15  So tok Rebekka dei beste klædi åt Esau, eldste son sin - dei låg inni huset hjå henne - og hadde deim på Jakob, yngste son sin.
Gene NorSMB 27:16  Og skinni av kidungarne hadde ho på henderne hans og på halsen hans der han var snaud.
Gene NorSMB 27:17  So let ho Jakob, son sin, få den gode retten og brødet som ho hadde stelt til,
Gene NorSMB 27:18  og han gjekk inn til far sin, og sagde: «Far!» Og han sagde: «Ja, her er eg. Kven er du, guten min?»
Gene NorSMB 27:19  Då sagde Jakob med far sin: «Eg er Esau, eldste son din. Eg hev gjort som du bad meg. Ris no upp, og set deg og et av det eg hev veidt, so sjæli di kann velsigna meg!»
Gene NorSMB 27:20  Og Isak sagde med son sin: «So snøgg som du var til å finna det, son min!» Og han sagde: «Herren, din Gud, sende det imot meg.»
Gene NorSMB 27:21  Då sagde Isak med Jakob: «Kom då hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg um du er Esau, son min, eller ikkje!»
Gene NorSMB 27:22  So gjekk Jakob innåt Isak, far sin, og han trivla på honom og sagde: «Det er målet hans Jakob, men henderne hans Esau.»
Gene NorSMB 27:23  Og han kjende honom ikkje; for henderne hans var lodne som henderne åt Esau, bror hans; og han velsigna honom.
Gene NorSMB 27:24  «Er du Esau, son min?» sagde han. Og han svara: «Ja, det er eg.»
Gene NorSMB 27:25  «Set no fram åt meg då,» sagde Isak, «og lat meg få eta av det som son min hev veidt, so sjæli mi kann velsigna deg!» Då sette han fram åt honom, og han åt, og han kom med vin til honom, og han drakk.
Gene NorSMB 27:26  So sagde Isak, far hans, med honom: «Kom no hit, og kyss meg, son min!»
Gene NorSMB 27:27  Då gjekk han burt til honom og kysste honom, og han kjende angen av klædi hans, og velsigna honom og sagde: «Sjå, som angen av ei eng som Herren signa, so angar det av sonen min!
Gene NorSMB 27:28  So gjeve Gud deg dogg frå himlen høge, og engjar av dei feitaste på jordi, og nøgdi utav korn og druvesaft!
Gene NorSMB 27:29  Deg tjoder tena skal, og folkeslag skal falla deg til fota. Ver herre yver brørne dine! Borni åt mor di bøygje seg for deg! Forbanna vere dei som deg forbannar! Velsigna vere dei som deg velsignar!»
Gene NorSMB 27:30  Med same Isak hadde velsigna Jakob - det var ikkje meir enn so vidt at Jakob var komen ut att frå Isak, far sin - då kom Esau, bror hans, heim att or veideskog.
Gene NorSMB 27:31  Han og laga ein god rett og bar inn til far sin. So sagde han med far sin: «Vil ikkje far risa upp og eta av det som son hans hev veidt, so sjæli di kann velsigna meg!»
Gene NorSMB 27:32  Og Isak, far hans, spurde honom: «Kven er du?» Og han svara: «Eg er Esau, eldste son din.»
Gene NorSMB 27:33  Då vart Isak so forfærd at han skalv, og han sagde: «Kven var det då som veide vilt og kom til meg med? Eg åt av alt saman, og velsigna honom, fyrr du kom, og no lyt han vera velsigna.»
Gene NorSMB 27:34  Då Esau høyrde dei ordi av far sin, sette han i eit skrik so høgt og sårt, at det var ilt å høyra. So sagde han med far sin: «Velsigna meg, velsigna meg og, far!»
Gene NorSMB 27:35  Men han svara: «Bror din kom med velor og tok velsigningi di.»
Gene NorSMB 27:36  «Heiter han då ikkje med rette Jakob?» sagde Esau. «Meg hev han no svike tvo gonger. Fyrst tok han odelen min, og sjå no hev han teke velsigningi mi.» So sagde han: «Hev du ikkje att ei velsigning til meg og?»
Gene NorSMB 27:37  Og Isak svara Esau og sagde: «Sjå, no hev eg sett honom til herre yver deg, og alle brørne hans hev eg gjort til hans tenarar, og med korn og druvesaft hev eg styrkt honom! Kva kann eg so gjera for deg, son min?»
Gene NorSMB 27:38  Og Esau sagde med far sin: «Hev du då berre denne eine velsigningi, far? Velsigna meg, velsigna meg og, far!» Og Esau gret høgt.
Gene NorSMB 27:39  Då tok Isak, far hans, til ords att, og sagde til honom: «Sjå, langt burte frå dei feite bøarne din bustad vera skal, og utan himmeldoggi ovantil.
Gene NorSMB 27:40  Av sverdet ditt du liva skal, og tena lyt du broder din, men ein gong kjem den tid du riv deg laus, og rister oket hans av halsen din.»
Gene NorSMB 27:41  Men Esau hata Jakob for den velsigningi som far hans hadde lyst yver honom, og Esau sagde med seg sjølv: «Snart kjem den tidi då me lyt syrgja yver far min; då skal eg drepa Jakob, bror min.»
Gene NorSMB 27:42  Og Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sagde med honom: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.
Gene NorSMB 27:43  Lyd no meg, son min: tak ut og røm til Kharan, til Laban, bror min,
Gene NorSMB 27:44  Og ver hjå honom eit bil, til harmen hev gjenge av bror din,
Gene NorSMB 27:45  til vreiden hans hev gjeve seg, og han hev gløymt det du hev gjort imot honom! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvi skulde eg missa dykk båe tvo på ein dag?»
Gene NorSMB 27:46  So sagde Rebekka med Isak: «Eg er so leid av livet for desse Hets-døtterne skuld! Skulde no Jakob og taka seg ei kona utav Hets-døtterne, slik ei som desse, ei her ifrå landet, kva hadde eg då liva etter?»
Chapter 28
Gene NorSMB 28:1  Og Isak kalla Jakob inn til seg og velsigna honom, og talde for honom og sagde med honom: «Du skal ikkje taka noko Kana’ans-kvende til kona.
Gene NorSMB 28:2  Gjer deg reidug og far til Mesopotamia, til huset åt Betuel, morfar din: få deg der ei kona, ei av døtterne hans Laban, morbror din.
Gene NorSMB 28:3  Og Gud den Allvelduge velsigne deg, og late ætti di veksa og aukast, so du vert til ein heil flokk med tjoder.
Gene NorSMB 28:4  Han gjeve deg velsigningi åt Abraham, både deg og ætti di med deg, so du kjem til å eiga det landet du no held til i, det som Gud gav Abraham!»
Gene NorSMB 28:5  So bad Isak farvel med Jakob, og han for til Mesopotamia, til Laban Betuelsson, aramæaren, som var bror hennar Rebekka, mor åt Jakob og Esau.
Gene NorSMB 28:6  Då Esau såg at Isak hadde velsigna Jakob og sendt honom til Mesopotamia, av di han vilde at han skulde få seg ei kona derifrå, at han hadde velsigna honom, og talt for honom og sagt: «Du skal ikkje taka noko Kana’ans-kvende til kona!»
Gene NorSMB 28:7  og at Jakob hadde lydt foreldri sine, og fare til Mesopotamia,
Gene NorSMB 28:8  og då Esau såg at Isak, far hans, mislika Kana’ans-kvendi,
Gene NorSMB 28:9  so gjekk han til Ismael, og tok Mahalat, dotter åt Ismael, son hans Abraham, syster åt Nebajot, til kona, attåt dei andre konorne sine.
Gene NorSMB 28:10  Og Jakob tok ut frå Be’erseba, og gav seg på vegen til Kharan.
Gene NorSMB 28:11  So kom han til ein stad som han laut gjeva seg til um natti; for soli var gladd. Og han tok ein av steinarne som låg der, og hadde til hovudgjerd, og lagde seg so til å sova på den staden.
Gene NorSMB 28:12  Då drøymde han, og såg ein stige, som stod på jordi og rakk med øvste enden upp i himmelen, og han såg at Guds englar kleiv upp og ned etter stigen.
Gene NorSMB 28:13  Og sjå: Herren stod uppyver honom og sagde: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, godfar din, og Gud åt Isak. Dette landet som du no ligg i, det vil eg gjeva deg og ætti di.
Gene NorSMB 28:14  Og ætti di skal verta som dusti på jordi, og du skal greina deg ut i vest og i aust og i nord og i sud, og i deg og di ætt skal alle folk på jordi velsignast.
Gene NorSMB 28:15  Og sjå, eg skal vera med deg og vara deg kvar du so fer, og leida deg attende til dette landet: eg skal ikkje sleppa deg utor augo, fyrr eg hev gjort det eg hev lova deg!»
Gene NorSMB 28:16  Då Jakob vakna or svevnen, sagde han: «Ja sanneleg er Herren på denne staden, og eg som ikkje visste det!»
Gene NorSMB 28:17  So kom det ein otte yver honom, og han sagde: «Kor ageleg han er, denne staden! Dette må vera Guds hus, og her er porten til himmelen.»
Gene NorSMB 28:18  Um morgonen tidleg reis Jakob upp, og tok den steinen han hadde havt til hovudgjerd, og reiste honom upp til eit merke, og slo olje uppå honom.
Gene NorSMB 28:19  Og han kalla den staden Betel. Men fyrr heitte byen Luz.
Gene NorSMB 28:20  Og Jakob gjorde ein lovnad og sagde: «Er Gud med meg og varar meg på den vegen eg ferdast etter, og gjev meg mat å eta og klæde å klæda meg med,
Gene NorSMB 28:21  og eg kjem vel heim att til huset åt far min, so skal Herren vera min Gud,
Gene NorSMB 28:22  og denne steinen, som eg hev reist upp til eit merke, han skal verta eit gudshus, og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.»
Chapter 29
Gene NorSMB 29:1  So tok Jakob i vegen att, og gjekk til han kom til Austmannalandet.
Gene NorSMB 29:2  Og då han skoda kring seg, såg han ein brunn på marki og tri saueflokkar som låg der innmed; for av den brunnen vatna dei buskapen. Men steinen som låg yver brunnen, var stor.
Gene NorSMB 29:3  Og når alle buflokkarne hadde samla seg der, velte dei steinen av brunnen, og vatna feet, og so lagde dei steinen på staden sin att, yver brunnen.
Gene NorSMB 29:4  Og Jakob spurde deim: «Kvar er de frå, brørne mine?» Då sagde dei: «Me er frå Kharan.»
Gene NorSMB 29:5  So spurde Jakob: «Kjenner de Laban, son åt Nahor?» Og dei svara: «Ja, me kjenner honom.»
Gene NorSMB 29:6  «Liver han vel?» spurte Jakob. «Ja, det gjer han,» sagde dei, «og sjå der kjem Rakel, dotter hans, med sauerne.»
Gene NorSMB 29:7  Då sagde han: «Sjå, soli stend endå høgt; det er ikkje tidi å sanka buskapen endå. Lat sauerne få drikka, og gakk av og gjæt att!»
Gene NorSMB 29:8  «Det kann me ikkje, fyrr alle buflokkarne hev kome i hop,» sagde dei. «Då velter me steinen av brunnen, og vatnar feet.»
Gene NorSMB 29:9  Medan han stod og tala med deim, kom Rakel med buskapen åt far sin; for det var ho som gjætte.
Gene NorSMB 29:10  Og då Jakob såg Rakel, dotter åt Laban, morbror sin, og såg buskapen hans, so gjekk han innåt, og velte steinen av brunnen, og vatna feet åt Laban, morbror sin.
Gene NorSMB 29:12  Og Jakob sagde det med Rakel at han var skyld far hennar, og at han var son åt Rebekka. Då sprang ho heim, og sagde det med far sin.
Gene NorSMB 29:13  Med same Laban fekk høyra um Jakob, systerson sin, sprang han imot honom, og slo armarne kring honom, og kysste honom mange gonger, og bad honom med seg heim. So fortalde han Laban alt det som hendt hadde.
Gene NorSMB 29:14  Og Laban sagde med honom: «Ja menn er me same folket!» So var han hjå honom ein månads tid.
Gene NorSMB 29:15  Då sagde Laban med Jakob: «Skulde du tena hjå meg for inkje, for di um du er systerson min? Seg ifrå kva du vil hava i løn!»
Gene NorSMB 29:16  No hadde Laban tvo døtter; den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel.
Gene NorSMB 29:17  Og Lea var daudøygd, men Rakel var både velvaksi og væn.
Gene NorSMB 29:18  Og Jakob hadde huglagt Rakel, og sagde: «Eg skal tena hjå deg i sju år, fær eg Rakel, den yngste dotteri di.»
Gene NorSMB 29:19  Og Laban svara: «Det er betre eg gjev deg henne, enn at eg gjev henne til ein framand mann. Ver du hjå meg!»
Gene NorSMB 29:20  So tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åri tykte han var som nokre få dagar, av di han var so sæl utav henne.
Gene NorSMB 29:21  Sidan sagde Jakob med Laban: «Lat meg no få kona mi! for tidi mi er ute, og eg vil taka henne heim til meg.»
Gene NorSMB 29:22  Då bad Laban i hop alt folket der i grendi, og gjorde eit gjestebod.
Gene NorSMB 29:23  Og um kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde henne inn til honom, og han sov hjå henne.
Gene NorSMB 29:24  Og Laban let henne få Zilpa, tenestgjenta si: ho skulde tena hjå Lea, dotter hans, no.
Gene NorSMB 29:25  Men um morgonen - sjå, då var det Lea! Då sagde han til Laban: «Kvi hev du fare soleis åt imot meg! Var det ikkje for Rakel eg tente! Kvi hev du svike meg?»
Gene NorSMB 29:26  «Me hev ikkje det for vis her i landet,» svara Laban, «å gifta burt den som yngre er fyre den som er eldre.
Gene NorSMB 29:27  Ver no hjå denne til brudlaupsvika er ute, so skal me gjeva deg den andre og, er so at du vil tena hjå meg i sju år til.»
Gene NorSMB 29:28  Og Jakob gjorde so, og var hjå henne til brudlaupsdagarne var ende. Då gav Laban honom Rakel, dotter si, til kona.
Gene NorSMB 29:29  Og han let Rakel, dotter si, få Bilha, tenestgjenta si: no skulde ho tena hjå henne.
Gene NorSMB 29:30  Og Jakob tok Rakel og heim til seg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han endå sju år til hjå Laban.
Gene NorSMB 29:31  Då Herren såg at Lea var vanvyrd, let han henne få born, men Rakel fekk ingi.
Gene NorSMB 29:32  Og Lea vart med barn, og åtte ein son, og kalla honom Ruben. «Herren hev set kor vondt eg hev det,» sagde ho, «no kjem mannen min til å halda av meg.»
Gene NorSMB 29:33  Og ho vart med barn ein gong til, og åtte ein son, og sagde: «Herren hev høyrt at eg var vanvyrd; difor gav han meg denne og.» So kalla ho honom Simeon.
Gene NorSMB 29:34  Og ho vart med barn endå ein gong, og åtte ein son, og sagde: «No lyt fulla mannen min halda seg til meg, sidan han hev fenge tri søner med meg.» Difor kalla dei honom Levi.
Gene NorSMB 29:35  Og ho vart med barn fjorde gongen, og åtte ein son, og sagde: «No vil eg lova Herren.» Difor kalla ho honom Juda. So fekk ho ikkje fleire born då.
Chapter 30
Gene NorSMB 30:1  Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho ovundsjuk på syster si, og sagde med Jakob: «Lat meg få born, elles so døyr eg!»
Gene NorSMB 30:2  Då vart Jakob harm på Rakel og sagde: «Er eg i staden åt Gud, som hev meinka deg born?»
Gene NorSMB 30:3  Då sagde ho: «Sjå her er Bilha, terna mi. Gakk inn til henne, so ho kann føda på fanget mitt og hjelpa meg og til ein son!»
Gene NorSMB 30:4  So gav ho honom Bilha, terna si, til kona, og Jakob gjekk inn til henne.
Gene NorSMB 30:5  Og Bilha vart med barn, og fekk ein son med Jakob.
Gene NorSMB 30:6  Då sagde Rakel: «Gud hev dømt i mi sak: han høyrde bøni mi, og gav meg ein son.» So kalla ho honom Dan.
Gene NorSMB 30:7  Og Bilha, terna hennar Rakel, vart med barn att, og fekk ein son til med Jakob.
Gene NorSMB 30:8  Då sagde Rakel: «Harde otor hev eg stade med syster mi, og no hev eg vunne.» So kalla ho honom Naftali.
Gene NorSMB 30:9  Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Zilpa, terna si, og gav Jakob til kona.
Gene NorSMB 30:10  Og Zilpa, terna hennar Lea, fekk ein son med Jakob.
Gene NorSMB 30:11  Då sagde Lea: «No hadde eg lukka med meg!» So kalla ho honom Gad.
Gene NorSMB 30:12  Og Zilpa, terna hennar Lea, fekk ein son til med Jakob.
Gene NorSMB 30:13  Då sagde Lea: «Å sæle meg! Droserne kjem til å sælka meg!» So kalla ho honom Asser.
Gene NorSMB 30:14  Ein dag i skurdonni gjekk Ruben av og fann rune-eple på marki, og bar deim heim til Lea, mor si. Då sagde Rakel med Lea: «Kjære væne, gjev meg nokre av dei rune-epli som son din hev funne!»
Gene NorSMB 30:15  Men ho svara henne: «Er det ikkje nok at du hev teke mannen min? Vil du no taka rune-epli åt son min og?» Då sagde Rakel: «Det er det same, fær eg rune-epli åt son din, so kann mannen få sova hjå deg i natt.»
Gene NorSMB 30:16  Um kvelden, då Jakob kom heim frå marki, gjekk Lea til møtes med honom og sagde: «Det er hjå meg du skal vera i natt; eg hev tinga deg for rune-epli åt son min.» So sov han hjå henne den natti.
Gene NorSMB 30:17  Og Gud høyrde Lea, og ho vart med barn, og åtte den femte sonen.
Gene NorSMB 30:18  Då sagde Lea: «No hev Gud gjeve meg mi løn, for di eg let mannen få terna mi.» So kalla ho honom Issakar.
Gene NorSMB 30:19  Og Lea vart med barn att, og åtte den sette sonen.
Gene NorSMB 30:20  Då sagde Lea: «Gud hev gjeve meg ei god gåva. No kjem mannen min til å bu hjå meg, sidan han hev fenge seks søner med meg.» So kalla ho honom Sebulon.
Gene NorSMB 30:22  Då kom Gud i hug Rakel, og Gud høyrde bønerne hennar, og gjorde henne barnkjømd.
Gene NorSMB 30:23  So vart ho då umhender, og åtte ein son. Då sagde ho: «Gud hev teke burt skammi mi.»
Gene NorSMB 30:24  Og ho kalla honom Josef og sagde: «Gjev Herren vilde lata meg få ein son til!»
Gene NorSMB 30:25  Då no Rakel hadde fenge Josef, sagde Jakob med Laban: «Slepp meg or tenesta, so eg kann fara heim til mitt eige land!
Gene NorSMB 30:26  Lat meg få konorne og borni mine, som eg hev tent for, so vil eg fara! For du veit sjølv kor lenge eg hev tent hjå deg.»
Gene NorSMB 30:27  Då sagde Laban med honom: «Hadde du berre noko godvilje for meg! Eg hev fenge ei vitring um at det er for di skuld Herren hev velsigna meg.
Gene NorSMB 30:28  Set berre på kva du vil hava i løn,» sagde han, «so skal eg gjeva deg det!»
Gene NorSMB 30:29  Og Jakob sagde med honom: «Du veit sjølv kor vel eg hev tent deg, og korleis bufeet ditt hev muna, medan eg hev stelt med det.
Gene NorSMB 30:30  For det var lite du hadde, fyrr eg kom hit, og no hev det auka mengdevis, og Herren hev velsigna deg for kvart fet eg gjekk. Men når skal no eg få syta for mitt eige hus?»
Gene NorSMB 30:31  «Kva skal eg gjeva deg?» sagde hin. «Du tarv ikkje gjeva meg noko,» sagde Jakob. «Vil du gjera som eg no segjer, so skal eg gjæta buskapen din og sjå etter honom, som eg hev gjort.
Gene NorSMB 30:32  I dag vil eg ganga gjenom heile buskapen din og skilja ut alt som er droplut eller spreklut, både det som er svart i saueflokken, og det som er spreklut eller droplut i geiteflokken, og det skal vera løni mi.
Gene NorSMB 30:33  Og mi truheit skal svara for meg, når du heretter kjem og ser yver løni mi: Finst det hjå meg nokor geit som ikkje er droplut eller spreklut, eller nokon sau som ikkje er svart, so er dei stolne.»
Gene NorSMB 30:34  Då sagde Laban: «Ja ja, lat det vera som du segjer!»
Gene NorSMB 30:35  Og same dagen skilde han ut dei bukkarne som var salute og spreklute, og alle dei geiterne som var droplute og spreklute, alt som det var noko kvitt på, og alt som var svart i saueflokken, og let sønerne sine taka vare på det.
Gene NorSMB 30:36  Og han lagde tri dagsleider millom seg og Jakob. Og Jakob laut gjæta det som att var av fenaden hans Laban.
Gene NorSMB 30:37  Men Jakob fann seg grøne stavar av poppel og mandeltre og løn, og randa deim, so den kvite veden synte millom borkerenderne.
Gene NorSMB 30:38  Og stavarne, som han hadde randa, sette han upp i trørne i vatskuporne, der småfeet kom og skulde drikka, midt for augo på småfeet; for det var jamt dei flaug, når dei kom og skulde drikka.
Gene NorSMB 30:39  So para småfeet seg innmed stavarne, og fekk ungar som var salute og droplute og spreklute.
Gene NorSMB 30:40  Men lambi skilde Jakob ifrå og let småfeet venda augo mot det som var droplut, og mot alt som var svart i buskapen hans Laban. Soleis fekk han seg flokkar for seg sjølv, og hadde deim ikkje i hop med buskapen hans Laban.
Gene NorSMB 30:41  Og kvar gong det var trivelegt småfe som flaug, so sette Jakob randestavarne i trørne, midt for augo på deim, so dei skulde para seg innmed stavarne.
Gene NorSMB 30:42  Men var det slikt som ikkje vilde trivast, so sette han ikkje stavarne der. Soleis fekk Laban det feet som ikkje vilde trivast, og Jakob det som var trivelegt.
Gene NorSMB 30:43  Og mannen vart rikare og rikare, og fekk mykje bufe, og gjentor og drengjer, og kamelar og asen.
Chapter 31
Gene NorSMB 31:1  So fekk han høyra at sønerne hans Laban hadde sagt: «Jakob hev teke alt det som far vår åtte, og av det som far vår åtte, hev han lagt seg til all denne rikdomen.»
Gene NorSMB 31:2  Og Jakob såg på andlitet hans Laban at han var ikkje den same mot honom som han hadde vore.
Gene NorSMB 31:3  Og Herren sagde til Jakob: «Far attende til landet åt federne dine og til ditt eige folk, og eg skal vera med deg.»
Gene NorSMB 31:4  Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad deim koma ut på marki, til buskapen hans.
Gene NorSMB 31:5  Og han sagde med deim: «Eg ser på andlitet åt far dykkar at han er ikkje den same mot meg som fyrr. Men Gud åt far min hev vore med meg.
Gene NorSMB 31:6  Og de veit at eg hev tent far dykkar det beste eg vann.
Gene NorSMB 31:7  Og far dykkar hev svike meg og brigda um att løni mi dei ti gongerne. Men Gud let honom ikkje få lov til å gjera meg nokon skade.
Gene NorSMB 31:8  Når han sagde so: «Dei droplute skal vera løni di,» so fekk alt småfeet droplute ungar; og når han sagde so: «Dei salute skal vera løni di,» so fekk alt småfeet salute ungar.
Gene NorSMB 31:9  Soleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det.
Gene NorSMB 31:10  Og ved det leitet då småfeet flaug, drøymde eg at eg let upp augo og såg ikring meg, og sjå, då var bukkarne som sprang på småfeet, salute og droplute og skjengjute.
Gene NorSMB 31:11  Og Guds engel sagde til meg i draume: «Jakob!» og eg svara: «Ja, her er eg.»
Gene NorSMB 31:12  Då sagde han: «Lat upp augo, so skal du få sjå at alle bukkarne som spring på småfeet, er salute og droplute og skjengjute. For eg hev set korleis Laban fer åt mot deg.
Gene NorSMB 31:13  Eg er din Gud frå Betel, der som du salva steinen, der som du gjorde meg ein lovnad. Gjer deg no reidug og far ut or dette landet og attende til fødesheimen din!»»
Gene NorSMB 31:14  Då svara Rakel og Lea og sagde med honom: «Hev då me endå nokon lut og arv i huset åt far vår?
Gene NorSMB 31:15  Hev ikkje han rekna oss for framande? Han hev selt oss, og longe øydt upp det han fekk for oss.
Gene NorSMB 31:16  All rikdomen som Gud hev teke frå far vår, høyrer oss og borni våre til. Gjer no berre du alt det som Gud hev sagt til deg!»
Gene NorSMB 31:17  So budde Jakob seg til ferdi, og sette borni og konorne sine på kamelarne.
Gene NorSMB 31:18  Og han tok med seg alt bufeet sitt og alt godset som han hadde samla seg, det feet som han åtte og hadde ale seg til i Mesopotamia, og vilde fara til Isak, far sin, i Kana’ans-land.
Gene NorSMB 31:19  Laban hadde gjenge av og skulde klyppa sauerne sine. Då stal Rakel med seg husgudarne som far hennar hadde.
Gene NorSMB 31:20  Og Jakob stal seg burt ifrå Laban, aramæaren, og gat ikkje noko um at han vilde fara sin veg.
Gene NorSMB 31:21  Han tok ut med alt det han åtte, og gav seg på vegen, og sette yver elvi, og tok leidi mot Gileadfjellet.
Gene NorSMB 31:22  Tridje dagen etter fekk Laban vita at Jakob hadde stroke sin veg.
Gene NorSMB 31:23  Då tok han med seg skyldfolki sine, og sette etter honom sju dagsleider, og nådde honom att på Gileadfjellet.
Gene NorSMB 31:24  Men Gud kom til Laban, aramæaren, i draume um natti, og sagde til honom: «Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!»
Gene NorSMB 31:25  Då Laban nådde att Jakob, hadde Jakob sett upp tjeldbudi si på fjellet; og Laban og skyldfolki hans sette og upp budi si på Gileadfjellet.
Gene NorSMB 31:26  Og Laban sagde med Jakob: «Kva tyder det at du hev stole deg burt ifrå meg og drege døtterne mine av garde, som dei var hertekne?
Gene NorSMB 31:27  Kvi løynde du deg av, og stal deg burt ifrå meg? Kvi sagde du det ikkje med meg, so eg kunde fylgt deg på vegen med glederop og song og trummor og harpor?
Gene NorSMB 31:28  Du let meg ikkje ein gong få kyssa borni og døtterne mine. Dette var uvisleg gjort av deg!
Gene NorSMB 31:29  Eg hev det i mi magt å gjera dykk ilt. Men Gud åt far dykkar sagde til meg i natt: «Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!»
Gene NorSMB 31:30  Men var det no so at du laut taka ut, av di du lengta so sårt etter fødesheimen din, kvi stal du då gudarne mine?»
Gene NorSMB 31:31  Då svara Jakob og sagde med Laban: «Eg var rædd; eg tenkte du kunde taka døtterne dine frå meg med hardom.
Gene NorSMB 31:32  Men den som du finn gudarne dine hjå, han skal ikkje liva. Sjå no etter, og lat skyldfolki våre vera vitne, um du kannast med noko av det eg hev med meg, og tak det so til deg!» Men Jakob visste ikkje at Rakel hadde teke deim.
Gene NorSMB 31:33  Og Laban gjekk inn i budi hans Jakob og i budi hennar Lea og i budi åt båe ternorne, men fann ikkje noko. So gjekk han ut or budi hennar Lea, og inn i budi hennar Rakel.
Gene NorSMB 31:34  Men Rakel hadde teke husgudarne, og lagt deim under klyvsalen, og sett seg på deim. Og Laban rannsaka heile budi, men fann ikkje noko.
Gene NorSMB 31:35  Og ho sagde med far sin: «Far må ikkje vera vond, for di eg ikkje kann reisa meg upp for honom! For det er so med meg no som stundom plar vera med kvendi.» Og han leita både høgt og lågt, men fann ikkje husgudarne.
Gene NorSMB 31:36  Då vart Jakob harm, og skjemde på Laban. Og Jakob tok til ords og sagde med Laban: «Kva hev eg forbrote? kva vondt hev eg gjort, sidan du elter meg so?
Gene NorSMB 31:37  Då du rannsaka alt det eg hev, kva fann du då som høyrer huset ditt til? Legg det fram her og lat mine og dine skyldfolk få sjå det, so dei kann døma millom oss tvo!
Gene NorSMB 31:38  No hev eg vore hjå deg i tjuge år: Søyorne og geiterne dine hev aldri kasta, og verarne i fenaden din hev eg ikkje ete upp.
Gene NorSMB 31:39  Det som var ihelrive, kom eg ikkje heim til deg med. Sjølv bøtte eg skaden. Av meg kravde du det, anten det var stole um dagen eller um natti.
Gene NorSMB 31:40  Um dagen vilde hiten tyna meg, og kulden um natti, og eg fekk ikkje svevn på augo.
Gene NorSMB 31:41  Tjuge år er det no eg hev vore hjå deg; fjortan år hev eg tent for båe døtterne dine, og seks år for fenaden din; men du brigda um att løni mi dei ti gongerne.
Gene NorSMB 31:42  Hadde ikkje Gud åt far min, han som var Gud åt Abraham, og som Isak ber age for, hadde ikkje han vore med meg, so hadde du visst no sendt meg burt med tvo hender tome. Men Gud såg mi møda og alt mitt slæp, og han jamna det for meg i natt.»
Gene NorSMB 31:43  Då svara Laban og sagde med Jakob: «Det er mine døtter, og mine born, og min buskap, og mitt alt du ser. Kva skulde eg då no gjera desse døtterne mine eller borni deira, som dei hev født til verdi?
Gene NorSMB 31:44  So kom no og lat oss gjera ei semja, eg og du, og den skal vera til vitnemål millom meg og deg!»
Gene NorSMB 31:45  So tok Jakob ein stein og reiste honom upp til eit merke.
Gene NorSMB 31:46  Og Jakob sagde med skyldfolki sine: «Sanka i hop stein!» So fann dei seg steinar, og bygde ein varde, og sette seg og åt der, innmed varden.
Gene NorSMB 31:47  Og Laban kalla varden Jegar Sahaduta, og Jakob kalla honom Gal’ed.
Gene NorSMB 31:48  Og Laban sagde: «No er denne varden vitne millom meg og deg.» Difor kalla dei honom Gal’ed,
Gene NorSMB 31:49  og Mispa, «av di,» sagde han, «Herren skal halde vakt millom meg og deg, når me hev kome einannan or syne.
Gene NorSMB 31:50  Fer du ille med døtterne mine, eller tek du deg andre konor attåt døtterne mine, då er det fulla ingen mann innmed oss, men kom i hug det: Gud er vitne millom meg og deg.»
Gene NorSMB 31:51  Og Laban sagde med Jakob: «Sjå, denne varden og denne merkesteinen, som eg hev reist millom meg og deg -
Gene NorSMB 31:52  vitne skal dei vera, både varden og merkesteinen, at ikkje skal eg fara framum denne varden, burt til deg, og ikkje skal du fara hitum denne varden og denne merkesteinen, heim til meg, på det som vondt er.
Gene NorSMB 31:53  Gud åt Abraham og Gud åt Nahor døme millom oss, han som var Gud åt far deira!» So svor Jakob ved honom som Isak, far hans, bar age for.
Gene NorSMB 31:54  Og Jakob ofra eit slagtoffer på fjellet, og bad skyldfolki sine eta med seg. Og dei åt med honom, og var på fjellet um natti.
Gene NorSMB 31:55  Um morgonen tidleg reis Laban upp, og kysste barneborni og døtterne sine, og velsigna deim. So tok Laban ut, og for heim att til seg.
Chapter 32
Gene NorSMB 32:1  Og Jakob for sin veg framigjenom, og Guds englar møtte honom.
Gene NorSMB 32:2  Då Jakob såg deim, sagde han: «Dette er Guds herlæger,» og han kalla den staden Mahanajim.
Gene NorSMB 32:3  Og Jakob sende folk fyre seg til Se’irlandet, til Edomsmarki, med bod til Esau, bror sin.
Gene NorSMB 32:4  Og han sagde deim fyre: «So skal de segja med herren min, Esau: «So segjer Jakob, tenaren din: «Eg hev halde til hjå Laban, og trøytt der til no.
Gene NorSMB 32:5  Og eg hev fenge meg uksar og asen og småfe og drengjer og gjentor, og no var eg huga til å senda deg bod um dette, herre bror, um eg kunde gjera deg blid på meg.»»»
Gene NorSMB 32:6  Og dei kom attende til Jakob og sagde: «Me råka Esau, bror din, og rett no kjem han sjølv til møtes med deg, og fire hundrad mann med honom.»
Gene NorSMB 32:7  Då vart Jakob ovleg rædd, og det var so bringa hans vilde snøra seg i hop. Og han bytte folket som var med honom, og sauerne og nauti og kamelarne, i tvo hopar,
Gene NorSMB 32:8  og sagde: «Um Esau kjem yver den eine hopen og slær honom ned, so kann den hopen som att er, få berga seg undan.»
Gene NorSMB 32:9  Og Jakob sagde: «Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sagde til meg: «Far attende til landet ditt og fødesheimen din, og eg skal gjera vel imot deg» -
Gene NorSMB 32:10  eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordanelvi, og no er eg vorten til tvo store hopar.
Gene NorSMB 32:11  Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so rædd honom; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.
Gene NorSMB 32:12  Du hev då sjølv sagt: «Eg skal allstødt gjera vel imot deg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.»»
Gene NorSMB 32:13  So var han der um natti, og av alt det han åtte, tok han ut ei gåva til Esau, bror sin:
Gene NorSMB 32:14  tvo hundrad geiter og tjuge bukkar, tvo hundrad søyor og tjuge verar,
Gene NorSMB 32:15  tretti mjølkekamelar med fyli deira, fyrti kvigor og ti vetrungsuksar, tjuge asenfyljur og ti asenfolar.
Gene NorSMB 32:16  Og han let drengjerne sine fara i vegen med dette, kvar drift for seg, og sagde med deim: «Far de fyre meg, og lat det vera eit godt stykke millom kvar drift!»
Gene NorSMB 32:17  So sagde han med den fyrste av deim: «Når Esau, bror min, møter deg, og han talar til deg og spør: «Kven høyrer du til, og kvar skal du av, og kven eig den bølingen, som du driv?»
Gene NorSMB 32:18  då skal du segja: «Jakob, tenaren din; det er ei gåva han sender Esau, herren min, og snart kjem han sjølv etter.»»
Gene NorSMB 32:19  Sameleis tala han til den andre og den tridje og til alle drivarane, og sagde: «De som eg no hev sagt, skal de segja med Esau, når de møter honom.
Gene NorSMB 32:20  Og dette skal de og segja: «Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.»» For han tenkte: «Eg vil blidka honom med denne gåva, som eg sender fyre meg, og sidan vil eg sjå honom i andlitet; kann henda han då tek vel imot meg.»
Gene NorSMB 32:21  So for dei fyre med gåva, og sjølv var han i lægret den natti.
Gene NorSMB 32:22  Same natti reis han upp, og tok båe konorne og båe ternorne sine og alle dei elleve sønerne sine og gjekk yver Jabbokvadet.
Gene NorSMB 32:23  Han tok og flutte deim yver åi, og alt han åtte, førde han yver.
Gene NorSMB 32:24  So var Jakob att åleine. Då kom det ein mann og drogst med honom radt til i dagingi.
Gene NorSMB 32:25  Og då han såg at han ikkje kunde råda med honom, snart han mjødmeskåli hans, og mjødmi gjekk or led på Jakob, medan dei drogst.
Gene NorSMB 32:26  Og han sagde: «Slepp meg, for no er det dagen.» Men Jakob sagde: «Eg slepper deg ikkje, utan du velsignar meg.»
Gene NorSMB 32:27  «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob,» svara han.
Gene NorSMB 32:28  Då sagde mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel. For du hev stridt med Gud og med menner, og vunne.»
Gene NorSMB 32:29  Og Jakob spurde honom og sagde: «Kjære deg, seg meg namnet ditt!» Men han svara: «Kvi spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna honom der.
Gene NorSMB 32:30  Og Jakob kalla den staden Peniel; «for eg hev set Gud, andlit mot andlit,» sagde han, «og endå berga livet.»
Gene NorSMB 32:31  Og med same han var komen framum Penuel, rann soli. Og han var halt i mjødmi.
Gene NorSMB 32:32  Difor er det so den dag i dag, at Israels-sønerne aldri et den store seni som er på mjødmeskåli, av di han snart mjødmeskåli hans Jakob på den store seni der er.
Chapter 33
Gene NorSMB 33:1  Og Jakob skoda framyver, og sjå, der kom Esau og fire hundrad mann med honom. Då skifte han borni millom Lea og Rakel og båe ternorne,
Gene NorSMB 33:2  og sette ternorne og borni deira fremst, og Lea og borni hennar attanfor, og Rakel og Josef attarst.
Gene NorSMB 33:3  Og sjølv gjekk han fram fyre deim, og bøygde seg nedåt jordi sju gonger, til dess han kom tett innåt bror sin.
Gene NorSMB 33:4  Men Esau sprang imot honom, og tok honom i fanget, og lagde armarne um halsen hans, og kysste honom, og dei gret.
Gene NorSMB 33:5  Då han såg upp, vart han var konorne og borni; då sagde han: «Kva er dette for folk du hev med deg?» «Det er dei borni som Gud hev unnt tenaren din,» sagde Jakob.
Gene NorSMB 33:6  So gjekk ternorne fram med borni sine og bøygde seg.
Gene NorSMB 33:7  Og Lea og borni hennar gjekk og fram og bøygde seg. Sidan gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
Gene NorSMB 33:8  Då sagde han: «Kva vilde du med heile denne buskapen som eg møtte?» «Eg vilde gjera deg blid på meg, herre bror,» sagde hin.
Gene NorSMB 33:9  Då sagde Esau: «Eg hev nok, bror. Hav du sjølv det som ditt er!»
Gene NorSMB 33:10  «Å nei, kjære væne!» sagde Jakob. «Hev du noko godvilje for meg, so tak imot gåva mi! For då eg såg deg i andlitet, var det som eg såg Guds andlit, med di du var so blid imot meg.
Gene NorSMB 33:11  Kjære deg, tak imot gåva eg sende deg! For Gud hev vore god mot meg, og eg hev nok av alle slag.» Og han nøydde honom, til han tok imot det.
Gene NorSMB 33:12  So sagde Esau: «Lat oss taka ut og koma i vegen, so skal eg fara jamte med deg.»
Gene NorSMB 33:13  Men Jakob sagde: «Du veit, herre bror, at borni ikkje toler mykje, og eg hev lambsøyor og nybære kyr å taka vare på. Driv ein deim for hardt, um det berre er ein dag, so døyr heile buskapen.
Gene NorSMB 33:14  Vil ikkje du gjera vel og fara fyre meg, herre bror! So kann eg rusla so smått, etter som drifterne og borni orkar til, til dess eg kjem til deg i Se’ir.»
Gene NorSMB 33:15  «So vil eg lata nokre av dei mennerne eg hev med, vera att hjå deg,» sagde Esau. «Kvi då?» sagde hin; «berre du vil vera blid på meg, herre bror!»
Gene NorSMB 33:16  So snudde Esau um same dagen, og for sin veg heim att til Se’ir.
Gene NorSMB 33:17  Og Jakob tok vegen til Sukkot, og bygde seg eit hus, og til buskapen sin gjorde han skålar. Difor kallar dei den staden Sukkot.
Gene NorSMB 33:18  Og Jakob kom seg vel fram til Sikemsbyen i Kana’ans-land, den gongen han for frå Mesopotamia, og han fann seg eit læger framanfor byen.
Gene NorSMB 33:19  Og det jordstykket som han hadde sett upp tjeldbudi si på, kjøpte han av sønerne hans Hemor, far åt Sikem, for hundrad gullpengar.
Gene NorSMB 33:20  Og han bygde eit altar der, og kalla det: «Gud er Gud åt Israel».
Chapter 34
Gene NorSMB 34:1  Dina, dotter åt Jakob og Lea, gjekk ein gong ut og vilde sjå på droserne i landet.
Gene NorSMB 34:2  Og Sikem, son åt Hemor, heviten, som var hovding i landet, såg henne, og han tok henne, og låg med henne, og tok æra hennar.
Gene NorSMB 34:3  Og hugen hans stod til Dina, dotter åt Jakob; for han hadde fenge henne kjær. Og han tala blidt til gjenta og hugga henne.
Gene NorSMB 34:4  Sidan tala Sikem til Hemor, far sin, og sagde: «Lat meg få den møyi til kona!»
Gene NorSMB 34:5  Og Jakob fekk høyra at han hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønerne hans var med buskapen utpå marki, og Jakob tagde med det, til dei kom heim att.
Gene NorSMB 34:6  Men Hemor, far hans Sikem, gjekk ut til Jakob og vilde tala med honom.
Gene NorSMB 34:7  Sønerne hans Jakob kom heim frå marki, då dei fekk høyra dette. Og det gjorde kararne ilt, og dei var ovleg harme. For han hadde fare skamleg åt mot Israel, med di han hadde lege hjå dotter hans Jakob; slikt skulde aldri henda!
Gene NorSMB 34:8  Då tala Hemor med deim og sagde: «Sikem, son min, hev huglagt dotter dykkar; kjære væne, lat honom få henne til kona!
Gene NorSMB 34:9  Lat oss gifta borni våre i hop: gjev oss døtterne dykkar, og tak de våre døtter.
Gene NorSMB 34:10  Og gjev dykk so til hjå oss. De hev heile landet fyre dykk. De kann få bu her, og fara fritt kring i landet og få dykk eigedomar her.»
Gene NorSMB 34:11  Og Sikem sagde med far hennar og brørne hennar: «Kunde eg berre få gjort dykk blide på meg! Det de krev av meg, skal de få.
Gene NorSMB 34:12  Krev so mykje de vil av meg i festarfe og i benkjargåva! Eg skal gjeva det de vil hava, berre eg fær møyi til kona!»
Gene NorSMB 34:13  Men sønerne hans Jakob svara Sikem og Hemor, far hans, med svikfulle ord, for di han hadde skjemt ut Dina, syster deira.
Gene NorSMB 34:14  «Me kann ikkje gjera det,» sagde dei, «og gjeva syster vår til ein mann som hev huvehold; det vilde vera ei vanæra for oss.
Gene NorSMB 34:15  Berre på det vilkåret kann me laga oss etter dykk, at de vert liksom me, og alle karar hjå dykk vert umskorne.
Gene NorSMB 34:16  Då skal me gjeva dykk døtterne våre, og taka dykkar døtter til konor, og bu hjå dykk, so me vert eitt folk.
Gene NorSMB 34:17  Men vil de ikkje lyda oss og lata dykk umskjera, so tek me syster vår, og fer burt.»
Gene NorSMB 34:18  Og dei tykte vel um ordi deira, både Hemor og Sikem, son hans Hemor.
Gene NorSMB 34:19  Og sveinen drygde ikkje, men gjorde dette. For han heldt av dotter hans Jakob, og han var den gjævaste i heile ætti si.
Gene NorSMB 34:20  So møtte Hemor og Sikem, son hans, til tings i byen sin, og dei tala til bymennerne og sagde:
Gene NorSMB 34:21  «Desse mennerne vil gjerne vera vener med oss. Dei vil gjeva seg til her og fara kring i landet, og de veit at landet er vidt nok åt deim til alle kantar. Me skal taka døtterne deira til konor, og gjeva deim våre døtter.
Gene NorSMB 34:22  Men berre på eitt vilkår vil dei laga seg etter oss og bu hjå oss, so me vert eitt folk, og det er at alle karar hjå oss vert umskorne, som dei er sjølve.
Gene NorSMB 34:23  Buskapen deira og godset deira og klyvdyri deira, vert ikkje alt det vårt, når me berre lagar oss etter deim, so dei gjev seg til hjå oss?»
Gene NorSMB 34:24  Og dei lydde Hemor og Sikem, son hans, alle som åtte heime der i byen; og alle karar, dei som åtte heime der i byen, vart umskorne.
Gene NorSMB 34:25  So hende det den tridje dagen, då dei var sjuke av verken, at tvo av sønerne hans Jakob, Simeon og Levi, sambrørne hennar Dina, tok sverdi sine, og storma inn i byen, medan folki var trygge, og drap alle karar.
Gene NorSMB 34:26  Og dei hogg ned Hemor og Sikem, son hans, med kvasse sverd, og tok Dina ut or huset hans Sikem, og drog burt.
Gene NorSMB 34:27  Sønerne hans Jakob kom yver deim som falne var, og herja byen, for di dei hadde skjemt ut syster deira.
Gene NorSMB 34:28  Dei tok sauerne og nauti deira og asni deira, både det som var i byen og det som var på marki.
Gene NorSMB 34:29  Og alt godset deira og alle borni og kvendi deira rana dei og drog av med, og alt som i husi var.
Gene NorSMB 34:30  Då sagde Jakob med Simeon og Levi: «De hev gjort meg ei stor sorg! De veld at eg fær eit uord på meg hjå landslyden, kananitarne og perizitarne. Me er då berre ein liten flokk, og samlar dei seg imot meg, so kjem dei til å slå meg i hel, og tyna både meg og mitt hus.»
Gene NorSMB 34:31  «Skulde han fara åt med syster vår som med ei skjøkja?» sagde dei.
Chapter 35
Gene NorSMB 35:1  Og Gud sagde til Jakob: «Gjer deg reidug, og far upp til Betel, og gjev deg til der, og bygg eit altar åt Gud, han som synte seg for deg, då du rømde for Esau, bror din.»
Gene NorSMB 35:2  Då sagde Jakob med husfolket sitt og alle deim som var med honom: «Få burt dei framande gudarne, som er hjå dykk, og fjelga dykk, og byt klæde!
Gene NorSMB 35:3  Og lat oss so taka ut og fara upp til Betel! Der vil eg byggja eit altar åt Gud, han som høyrde bøni mi den dagen eg var i fåre, og som var med meg på den vegen eg for.»
Gene NorSMB 35:4  Då let dei Jakob få alle dei framande gudarne som dei hadde hjå seg, og ringarne som dei hadde i øyro; og Jakob grov det ned under den eiki som stend innmed Sikem.
Gene NorSMB 35:5  So tok dei ut, og ein otte frå Gud kom yver byarne rundt ikring deim, so dei sette ikkje etter Jakobs-sønerne.
Gene NorSMB 35:6  Og Jakob kom til Luz, som ligg i Kana’ans-land - no heiter det Betel - både han og alt folket som var med honom.
Gene NorSMB 35:7  Der bygde han eit altar, og kalla den staden «Gud i Betel»; for der hadde Gud synt seg for honom den gongen han rømde for bror sin.
Gene NorSMB 35:8  Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart jorda nedanfor Betel, attunder ei eik; den kallar dei Gråtareiki.
Gene NorSMB 35:9  Gud synte seg endå ein gong for Jakob, den tid han kom frå heim Mesopotamia, og velsigna honom.
Gene NorSMB 35:10  Og Gud sagde til honom: «Du heiter Jakob! heretter skal du ikkje heita Jakob; Israel skal du heita!» Sidan kalla dei honom Israel.
Gene NorSMB 35:11  Og Gud sagde til honom: «Eg er Gud, den Allvelduge. Du skal veksa og aukast! Eit folk, ei mengd med folkeslag skal ættast frå deg, og undan deg skal kongar alast.
Gene NorSMB 35:12  Og det landet som eg gav Abraham og Isak, det vil eg gjeva deg; ætti di etter deg vil eg gjeva det landet.»
Gene NorSMB 35:13  So for Gud upp ifrå honom på den staden han var då han tala med honom.
Gene NorSMB 35:14  Då reiste Jakob upp ein stein på den staden han var då han tala med honom, ein minnestein, og auste drykkoffer på honom, og slo olje utyver honom.
Gene NorSMB 35:15  Og Jakob kalla den staden han var då Gud tala med honom, Betel.
Gene NorSMB 35:16  So tok dei ut att frå Betel, og då dei hadde att som eit augneleite til Efrat, fekk Rakel barnilt, og ho vart strengt sjuk.
Gene NorSMB 35:17  Og medan ho låg i hardaste riderne, sagde ljosmori med henne: «Syt ikkje no! Her hev du ein son att.»
Gene NorSMB 35:18  Og i det same ho sålast - for ho laut døy - kalla ho honom Benoni; men far hans kalla honom Benjamin.
Gene NorSMB 35:19  Då Rakel var slokna, vart ho jorda frammed vegen til Efrat, som no heiter Betlehem.
Gene NorSMB 35:20  Og Jakob reiste upp ein minnestein på gravi hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel; han stend der den dag i dag.
Gene NorSMB 35:21  So tok Israel ut att, og sette upp tjeldbudi si burtanfor Bølingstårnet.
Gene NorSMB 35:22  Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk av og låg hjå Bilha, fylgjekona åt far hans. Og Israel fekk vita det. Sønerne hans Jakob var tolv i talet.
Gene NorSMB 35:23  Sønerne hennar Lea var Ruben, eldste son hans Jakob, og Simeon og Levi og Juda og Issakar og Sebulon.
Gene NorSMB 35:25  Og sønerne åt Bilha, terna hennar Rakel, var Dan og Naftali.
Gene NorSMB 35:26  Og sønerne åt Zilpa, terna hennar Lea, var Gad og Asser. Dette var sønerne hans Jakob, som han hadde fenge i Mesopotamia.
Gene NorSMB 35:27  Og Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre, tett innmed Arbabyen, som no heiter Hebron, der som Abraham og Isak hadde halde til.
Gene NorSMB 35:28  Og dagarne hans Isak vart hundrad og åtteti år.
Gene NorSMB 35:29  Då sålast Isak og døydde, og kom saman med federne sine, gamall og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønerne hans, fylgde honom til gravi.
Chapter 36
Gene NorSMB 36:2  Esau tok seg konor av Kana’ans-folket: Ada, dotter åt Elon, hetiten, og Åhålibama, dotter åt Ana, sonedotter åt Sibeon, heviten,
Gene NorSMB 36:3  og Basmat, dotter åt Ismael, syster åt Nebajot.
Gene NorSMB 36:4  Og Esau fekk med Ada sonen Elifaz, og med Basmat sonen Re’uel.
Gene NorSMB 36:5  Og med Åhålibama fekk han sønerne Je’us og Jalam og Korah. Dette var sønerne hans Esau, som han fekk i Kana’ans-land.
Gene NorSMB 36:6  Og Esau tok konorne sine og sønerne og døtterne sine og heile huslyden sin og buskapen sin og alle klyvdyri sine og alt godset sitt, som han hadde sanka i Kana’ans-land, og flutte burt frå Jakob, bror sin, og av til eit anna land.
Gene NorSMB 36:7  For dei åtte so mykje fe, at dei kunde ikkje bu saman; landet som dei heldt til i, kunde ikkje føda deim, so stor var buskapen deira.
Gene NorSMB 36:8  So sette Esau seg ned i Se’irfjelli; Esau, det er den same som Edom.
Gene NorSMB 36:9  Og dette er ætti hans Esau, far åt Edom-folket i Se’irfjelli:
Gene NorSMB 36:10  Dette er namni på sønerne hans Esau: Elifaz, son åt Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son åt Basmat, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:11  Og sønerne hans Elifaz var Teman og Omar og Sefo og Gatam og Kenaz.
Gene NorSMB 36:12  Og Elifaz, son hans Esau, hadde ei fylgjekona som heitte Timna. Med henne fekk Elifaz sonen Amalek. Dette var sønerne hennar Ada, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:13  Og dette er sønerne hans Re’uel: Nahat og Zerah, Samma og Mizza. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:14  Og dette er sønerne åt Åhålibama, dotter hans Ana, sonedotter hans Sibeon, kona hans Esau: med henne fekk Esau sønerne Je’us og Jalam og Korah.
Gene NorSMB 36:15  Dette er jarlarne åt Esau-folket: Sønerne åt Elifaz, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenaz-jarlen,
Gene NorSMB 36:16  Korah-jarlen, Gatam-jarlen, Amalek-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Elifaz i Edomlandet. Dette var sønerne åt Ada.
Gene NorSMB 36:17  Og dette er sønerne hans Re’uel, son åt Esau: Nahat-jarlen, Zerah-jarlen, Samma-jarlen, Mizza-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Re’uel i Edomlandet. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:18  Og dette er sønerne åt Åhålibama, kona hans Esau: Je’us-jarlen, Jalam-jarlen, Korah-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Åhålibama Anasdotter, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:19  Dette var Esaus-sønerne, og dette var jarlarne deira. Dette var Edom-folket.
Gene NorSMB 36:20  Dette er sønerne åt Se’ir, horiten, som hadde bygt landet: Lotan og Sobal og Sibeon og Ana
Gene NorSMB 36:21  og Dison og Eser og Disan. Det var jarlarne åt horitarne, Se’ir-folket i Edomlandet.
Gene NorSMB 36:22  Og sønerne hans Lotan var Hori og Hemam, og syster hans Lotan var Timna.
Gene NorSMB 36:23  Og dette er sønerne hans Sobal: Alvan og Manahat og Ebal, Sefo og Onam.
Gene NorSMB 36:24  Og dette er sønerne hans Sibeon: Aja og Ana. Ana var det som fann dei heite kjeldorne i øydemarki, medan han gjætte asni åt Sibeon, far sin.
Gene NorSMB 36:25  Og dette er borni hans Ana: Dison og Åhålibama Anasdotter.
Gene NorSMB 36:26  Og dette er sønerne hans Dison: Hemdan og Esban og Jitran og Keran.
Gene NorSMB 36:27  Dette er sønerne hans Eser: Bilhan og Za’avan og Akan.
Gene NorSMB 36:29  Dette er jarlarne åt horitarne: Lotan-jarlen, Sobal-jarlen, Sibeon-jarlen, Ana-jarlen,
Gene NorSMB 36:30  Dison-jarlen, Eser-jarlen, Disan-jarlen. Det var jarlarne åt horitarne, fylkeshovdingarne deira, i Se’irlandet.
Gene NorSMB 36:31  Og dette er dei kongarne som rådde yver Edomlandet, fyrr det rådde nokon konge yver Israels-folket.
Gene NorSMB 36:32  Bela, son åt Beor, var konge i Edom, og byen han sat i heitte Dinhaba.
Gene NorSMB 36:33  Og Bela døydde, og Jobab, son åt Zerah, frå Bosra, vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:34  Og Jobab døydde, og Husam frå Temanitarlandet vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:35  Og Husam døydde, og Hadad, son åt Bedad, vart konge i staden hans; han var det som vann yver midjanitarne på Moabmoen. Og byen hans heitte Avit.
Gene NorSMB 36:36  Og Hadad døydde, og Samla frå Masreka vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:37  Og Samla døydde, og Saul frå Rehobot uppmed åi vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:38  Og Saul døydde, og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:39  Og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, døydde, og Hadar vart konge i staden hans, og hans by heitte Pa’u; og kona hans heitte Mehetabel, dotter åt Matred, som var dotter åt Mezahab.
Gene NorSMB 36:40  Og dette er jarlarne av Esau-ætti, etter sine ætter, i sine bustader, med sine namn: Timna-jarlen, Alva-jarlen, Jetet-jarlen,
Gene NorSMB 36:43  Magdiel-jarlen, Iram-jarlen. Det var jarlarne i Edom, etter bustaderne sine i det landet dei åtte. Dette var ætti hans Esau, far åt Edom-folket.
Chapter 37
Gene NorSMB 37:1  Jakob vart buande i Kana’ans-landet, der som far hans hadde halde til.
Gene NorSMB 37:2  Dette er soga um Jakobs-ætti: Då Josef var syttan år gamall, gjætte han fenaden i lag med brørne sine; han var busvein hjå sønerne til Bilha og Zilpa, konorne åt far hans, og alt det vonde som vart sagt um deim, gjekk Josef til far deira med.
Gene NorSMB 37:3  Men Israel heldt Josef kjærast av alle borni sine, for han hadde fenge honom på sine gamle dagar; og han gjorde ein sid ermekjole åt honom.
Gene NorSMB 37:4  Og då brørne hans såg at far deira heldt meir av honom enn av alle brørne hans, vart dei hatige på honom, og kunde ikkje tala eit godt ord til honom.
Gene NorSMB 37:5  Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på honom.
Gene NorSMB 37:6  «No skal de høyra kva eg hev drøymt,» sagde han til deim.
Gene NorSMB 37:7  «Eg tykte me var utpå åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg upp og stod, og dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.»
Gene NorSMB 37:8  Då sagde brørne hans med honom: «Skal du, kann henda, verta kongen vår og råda yver oss?» Og sidan hata dei honom endå meir for draumarne og rødorne hans.
Gene NorSMB 37:9  So hadde han ein draum att, og den fortalde han og brørne sine. «Veit de kva eg no hev drøymt?» sagde han: «Eg tykte soli og månen og elleve stjernor lagde seg å gruve for meg.»
Gene NorSMB 37:10  Men då han sagde det med far sin og brørne sine, skjemde far hans på honom og sagde med honom: «Kva er det no du hev drøymt att! Skulde eg og mor di og brørne dine koma og leggja oss å gruve for deg?»
Gene NorSMB 37:11  Og brørne hans var ovundsjuke på honom, men far hans lagde seg dette på minne.
Gene NorSMB 37:12  So var det ein gong brørne hans var av og gjætte buskapen åt far sin burtmed Sikem.
Gene NorSMB 37:13  Då sagde Israel med Josef: «Gjæter ikkje brørne dine burtmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til deim!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
Gene NorSMB 37:14  Då sagde Israel med honom: «Kjære deg, gakk av og sjå korleis det stend til med brørne dine og korleis det er med buskapen, og kom so heim att og seg meg det!» Dermed so sende han Josef av stad frå Hebrondalen, og so kom han til Sikem.
Gene NorSMB 37:15  Medan han no vanka umkring i marki, møtte han ein mann, og mannen tala til honom og spurde: «Kva leitar du etter?»
Gene NorSMB 37:16  «Eg leitar etter brørne mine,» svara han. «Kjære deg, seg meg kvar dei gjæter!»
Gene NorSMB 37:17  «Dei hev teke ut herifrå,» sagde mannen: «Eg høyrde dei sagde: «No vil me til Dotan.»» So gjekk Josef til Dotan, og der fann han brørne sine.
Gene NorSMB 37:18  Dei såg honom langt burte, og fyrr han kom innåt deim, samråddest dei um å drepa honom,
Gene NorSMB 37:19  og dei sagde seg imillom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren!
Gene NorSMB 37:20  Kom og lat oss slå honom i hel og kasta honom ned i ein av desse brunnarne her, og so segja at eit udyr hev ete honom upp! Då skal me sjå kva det vert av draumarne hans.»
Gene NorSMB 37:21  Då Ruben høyrde det, vilde han berga honom utor henderne deira og sagde: «Lat oss ikkje taka livet hans!»
Gene NorSMB 37:22  Og Ruben sagde med deim: «Lat det ikkje renna blod! Kasta honom heller ned i denne brunnen, som er i øydemarki, men legg ikkje hand på honom!» Dette sagde han av di han vilde berga honom utor henderne deira og få honom heim att til far hans.
Gene NorSMB 37:23  Då no Josef var komen innåt brørne sine, hadde dei av honom kjolen hans, den side ermekjolen han gjekk i,
Gene NorSMB 37:24  og tok og kasta honom ned i brunnen; men brunnen var tom; det var ikkje vatn i honom.
Gene NorSMB 37:25  So sette dei seg ned, og vilde få seg mat. Men då dei såg upp og skoda kring seg, vart dei vare eit ferdafylgje: det var ismaelitar, som kom frå Gilead, og førde kryddor og balsam og rosekvåda på kamelarne sine; det var dei på veg til Egyptarland med.
Gene NorSMB 37:26  Då sagde Juda med brørne sine: «Kva bate hev me av det at me slær bror vår i hel og dyl dråpet?
Gene NorSMB 37:27  Kom, og lat oss selja honom til ismaelitarne, og ikkje leggja hand på honom; han er då bror vår, vårt eige kjøt og blod!» Og brørne hans lydde honom,
Gene NorSMB 37:28  og då kjøpmennerne - dei var frå Midjan - for framum, drog dei Josef upp or brunnen, og so selde dei Josef for tjuge sylvdalar til ismaelitarne; og dei tok Josef med seg til Egyptarland.
Gene NorSMB 37:29  So kom Ruben attende til brunnen, men då han skulde sjå, var ikkje Josef i brunnen. Då reiv han sund klædi sine,
Gene NorSMB 37:30  og han gjekk attende til brørne sine, og sagde: «Sveinen er der ikkje! Og eg, kvar skal eg no gjera av meg?»
Gene NorSMB 37:31  So tok dei kjolen åt Josef, og slagta ein bukk, og duppa kjolen i blodet.
Gene NorSMB 37:32  Og dei sende ermekjolen heim til far sin og sagde: «Denne hev me funne. Sjå etter um det ikkje er kjolen åt son din!»
Gene NorSMB 37:33  Og han kjende honom att, og sagde: «Jau, det er kjolen åt son min. Eit udyr hev ete honom upp. Josef er ihelriven!»
Gene NorSMB 37:34  Og Jakob reiv sund klædi sine, og sveipte ein sekk um mjødmarne, og syrgde yver son sin i lang, lang tid.
Gene NorSMB 37:35  Og alle sønerne og døtterne hans kom og vilde trøysta honom, men han let seg ikkje trøysta; «Med sorg og sut lyt eg fara ned til son min i nåheimen!» sagde han. Og far hans gret yver honom;
Gene NorSMB 37:36  men midjanitarne selde honom i Egyptarland, til Potifar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti.
Chapter 38
Gene NorSMB 38:1  I same tidi bar det so til at Juda for nedyver frå brørne sine, og gav seg til hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.
Gene NorSMB 38:2  Der såg Juda dotter åt ein kananitisk mann som heitte Sua, og han tok henne til kona, og budde i hop med henne.
Gene NorSMB 38:3  Og ho vart med barn, og åtte ein son; honom kalla han Er.
Gene NorSMB 38:4  So vart ho med barn ein gong til, og åtte ein son, og ho kalla honom Onan.
Gene NorSMB 38:5  Sidan åtte ho endå ein son, og kalla honom Sela; då ho fekk honom, var Juda i Kezib.
Gene NorSMB 38:6  Og Juda feste ei kone åt Er, eldste son sin; ho heitte Tamar.
Gene NorSMB 38:7  Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og Herren laga det so at han døydde.
Gene NorSMB 38:8  Då sagde Juda med Onan: «Tak brorkona di heim til deg, og gift deg med henne, so du held uppe ætti åt bror din!»
Gene NorSMB 38:9  Men Onan visste at borni ikkje skulde vera hans; og når han låg med enkja etter bror sin, let han det spillast på jordi, so han ikkje skulde gjeva bror sin avkjøme.
Gene NorSMB 38:10  Og Herren tykte ille um det han gjorde, og laga det so at han og døydde.
Gene NorSMB 38:11  Då sagde Juda til Tamar, sonekona si: «No lyt du sitja enkja i huset åt far din, til Sela, son min, er vaksen!» For han tenkte: «Elles kjem han og til å døy, som brørne hans.» So for Tamar heim att, og budde hjå far sin.
Gene NorSMB 38:12  Då det leid frametter ei tid, døydde dotter åt Sua, kona hans Juda. Og då syrgjetidi var ute, gjekk Juda upp til Timna, til deim som klypte sauerne hans, både han og venen hans, Hira frå Adullam.
Gene NorSMB 38:13  Og Tamar fekk spurt det; for det kom ein og sagde med henne: «Sjå, verfar din er på veg upp til Timna og vil klyppa sauerne sine.»
Gene NorSMB 38:14  Då lagde ho av seg enkjebunaden sin, og kasta på seg ei kåpa og sveipte henne vel kring seg, og so sette ho seg frammed ledet utfor Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sela var vaksen, og at ho ikkje fekk honom.
Gene NorSMB 38:15  Då Juda såg henne, tenkte han det var ei skjøkja, av di ho heldt kåpa attfor andlitet.
Gene NorSMB 38:16  So tok han av vegen, og gjekk innåt henne og sagde: «Kom og lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Då sagde ho: «Kva gjev du meg, er so du fær liggja med meg?»
Gene NorSMB 38:17  «Eg skal senda deg eit kid av buskapen min,» sagde han. «Gjev meg so noko i vissa då, til du sender meg det!» sagde ho.
Gene NorSMB 38:18  «Kva vissa skal eg gjeva deg?» sagde han. «Seglringen din og lekkjet ditt og staven som du hev i handi,» sagde ho. Det gav han henne, og so fekk han liggja med henne, og ho vart fremmeleg med honom.
Gene NorSMB 38:19  Og ho stod upp og gjekk sin veg, og lagde av seg kåpa og hadde på seg enkjebunaden sin.
Gene NorSMB 38:20  Og Juda sende kidet med venen sin, han frå Adullam, og bad honom få att vissa av kvinna; men han fann henne ikkje.
Gene NorSMB 38:21  Og han spurde folki i grendi hennar og sagde: «Kvar er skjøkja, ho i Enajim, frammed vegen?» Men dei sagde: «Det hev ikkje vore nokor skjøkje her.»
Gene NorSMB 38:22  So kom han attende til Juda og sagde: «Eg fann henne ikkje, og folki der i grendi sagde endå det: «Det hev ikkje vore nokor skjøkja her.»»
Gene NorSMB 38:23  Då sagde Juda: «Lat henne hava det, so me ikkje fær skam av dette! Kidet veit du no eg hev sendt, men du fann henne ikkje.»
Gene NorSMB 38:24  So var det på lag tri månader etter, då kom dei og sagde med Juda: «Tamar, sonekona di, hev lagt seg burt, so ho jamvel hev vorte med barn.» Då sagde Juda: «Leid henne ut! Ho skal brennast.»
Gene NorSMB 38:25  Då dei so leide henne ut, sende ho bod til verfar sin og sagde: «Det er med den mannen som eig dette, at eg hev vorte med barn. Du skulde vel ikkje vita kven som eig denne seglringen og lekki og staven?» sagde ho.
Gene NorSMB 38:26  Og Juda kjendest med det, og sagde: «Ho er i sin gode rett imot meg; for eg let henne ikkje få Sela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.
Gene NorSMB 38:27  Då det so leid til at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
Gene NorSMB 38:28  Og i det same ho fødde, rette den eine handi fram. Då tok ljosmori og batt ein raud tråd kring handi hans, og sagde: «Denne kom fyrst.»
Gene NorSMB 38:29  Men so drog han handi attende, og då kom bror hans fram! Då sagde ho: «Korleis er det du bryt deg fram!» Og dei kalla honom Peres.
Gene NorSMB 38:30  So kom bror hans, han som hadde den raude tråden kring handi. Honom kalla dei Zerah.
Chapter 39
Gene NorSMB 39:1  Og Josef, han vart førd ned til Egyptarland, og Potifar, ein egyptar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti, kjøpte honom av ismaelitarne, som hadde ført honom dit.
Gene NorSMB 39:2  Men Herren var med Josef, so han vart ein mann som alt gjekk vel for. Han vart verande hjå husbonden sin, egyptaren,
Gene NorSMB 39:3  og då husbonden hans såg at Herren var med honom og let alt han gjorde, lukkast for honom,
Gene NorSMB 39:4  so vart Josef både gjæv og gild i hans augo, og laut ganga honom til handa; og han sette honom til å styra huset sitt, og alt han åtte, lagde han i hans hender.
Gene NorSMB 39:5  Og alt ifrå den tid han hadde sett honom yver huset sitt og yver alt det han åtte, so velsigna Herren huset åt egyptaren for Josef skuld; det fylgde ei Herrens velsigning med alt det han åtte, både i hus og på mark.
Gene NorSMB 39:6  So let han då Josef råda yver alt det han åtte, og såg ikkje etter med honom i nokon ting, anna berre åt og drakk. Josef var både velvaksen og væn.
Gene NorSMB 39:7  Og det hende, då det leid um ei tid, at kona åt husbonden hans kasta augo på Josef og sagde: «Kom og ligg med meg!»
Gene NorSMB 39:8  Men han bar seg undan, og sagde med kona åt husbonden sin: «Sjå, husbonden min ser ikkje etter med meg i nokon ting i heile huset; alt han eig, hev han lagt i mine hender.
Gene NorSMB 39:9  Han hev ikkje meir å segja i dette huset enn eg, og hev ikkje meinka meg nokon ting utan deg, etter di du er kona hans. Korleis kunde eg då gjera so stygg ei gjerning, og so synda mot Gud?»
Gene NorSMB 39:10  Som ho no tala til Josef dag etter dag, og han ikkje vilde lyda etter henne og liggja innmed henne eller vera i hop med henne,
Gene NorSMB 39:11  so hende det ein gong at han kom inn i huset og skulde gjera arbeidet sitt, og det var ingen av husens folk inne.
Gene NorSMB 39:12  Då greip ho honom i kjolen og sagde: «Kom og ligg med meg!» Men han rømde ut og let kjolen etter seg i henderne hennar.
Gene NorSMB 39:13  Då ho såg at han hadde rømt ut, og at kjolen hans var att i henderne hennar,
Gene NorSMB 39:14  so ropa ho på husfolket sitt, og sagde med deim: «Sjå, her hev han drege innpå oss ein hebraisk mann, som fer og vil gantast med oss. Han kom inn til meg og vilde liggja med meg. Då ropa eg so høgt eg kunde,
Gene NorSMB 39:15  og då han høyrde eg sette i og ropa, rømde han brått ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.»
Gene NorSMB 39:16  So let ho kjolen hans liggja hjå seg til husbonden hans kom heim.
Gene NorSMB 39:17  Då sagde ho det same med honom: «Den hebraiske tenaren,» sagde ho, «som du hev drege inn i huset åt oss, kom inn til meg og tok til å gantast med meg.
Gene NorSMB 39:18  Men då eg sette i og ropa, brårømde han ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.»
Gene NorSMB 39:19  Då no husbonden hans høyrde rødorne åt kona si, korleis ho lagde ut og sagde: «So og so for tenaren din åt mot meg,» so vart han brennande harm.
Gene NorSMB 39:20  Og husbonden hans Josef tok honom og sette honom i fangetårnet, der dei sat dei som kongen heldt fengsla, og han vart verande der i fangetårnet.
Gene NorSMB 39:21  Men Herren var med Josef, og vende alle hjarto til honom, og laga det so at styresmannen i fangetårnet fekk godvilje for honom.
Gene NorSMB 39:22  Og styresmannen i fangetårnet sette Josef til å sjå etter alle fangarne som var i tårnet, og alt som der skulde gjerast, det laut han gjera.
Gene NorSMB 39:23  Styresmannen i fangetårnet såg ikkje etter nokon verdeleg ting som Josef hadde under hender. For Herren var med honom; og kva han so gjorde, so lagde Herren lukka til.
Chapter 40
Gene NorSMB 40:1  Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland.
Gene NorSMB 40:2  Og Farao vart harm på båe hirdmennerne sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren,
Gene NorSMB 40:3  og sette deim faste hjå hovdingen yver livvakti, i tårnet, der Josef sat fanga.
Gene NorSMB 40:4  Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til deim, og han gjekk deim til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset.
Gene NorSMB 40:5  Ein gong hadde dei kvar sin draum, båe tvo, skjenkaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumarne deira hadde kvar si meining.
Gene NorSMB 40:6  Og då Josef kom inn til deim um morgonen, såg han det på deim at dei var i ulag.
Gene NorSMB 40:7  Då tala han til hirdmennerne åt Farao, deim som sat fengsla med honom hjå husbonden hans, og spurde: «Kvi er de so sturne av dykk i dag?»
Gene NorSMB 40:8  «Me hev drøymt,» svara dei, «og det er ingen som kann tyda draumarne våre.» Då sagde Josef med deim: «Er det ikkje Gud som råder for uttydingi! Seg de meg kva de hev drøymt!»
Gene NorSMB 40:9  So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sagde med honom: «Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg,
Gene NorSMB 40:10  og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomarne spratt, kartarne mogna til druvor.
Gene NorSMB 40:11  Og staupet åt Farao heldt eg i handi, og druvorne tok eg og kreista utor deim upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.»
Gene NorSMB 40:12  Og Josef sagde med honom: «Dette er so å tyda: Dei tri greinerne, det er tri dagar.
Gene NorSMB 40:13  Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans.
Gene NorSMB 40:14  Men kom no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære væne, gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset!
Gene NorSMB 40:15  For eg er stolen frå Hebræarlandet, og her hev eg ikkje heller gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.»
Gene NorSMB 40:16  Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sagde han med Josef: «Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet.
Gene NorSMB 40:17  Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglarne åt deim upp utor korgi på hovudet mitt.»
Gene NorSMB 40:18  Og Josef tok til ords og sagde: «Dette er so å tyda: Dei tri korgerne, det er tri dagar.
Gene NorSMB 40:19  Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglarne skal eta kjøtet av deg.»
Gene NorSMB 40:20  So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennerne sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren imillom mennerne sine.
Gene NorSMB 40:21  Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embættet hans, so han fekk retta staupet til Farao,
Gene NorSMB 40:22  og bakarmeisteren hengde han, so som Josef hadde spått deim.
Gene NorSMB 40:23  Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde honom.
Chapter 41
Gene NorSMB 41:1  So hende det ei tvo års tid etter, at Farao drøymde han stod nedmed elvi.
Gene NorSMB 41:2  Og sjå, upp or elvi kom det sju kyr, væne å sjå til og holduge, og dei gjekk og beitte i storren.
Gene NorSMB 41:3  Og etter deim kom det sju andre kyr upp or elvi, stygge å sjå til og turrvorne, og dei stod på elvbakken, hjå dei fyrste kyrne.
Gene NorSMB 41:4  Og dei stygge og turrvorne kyrne åt upp dei sju væne og holduge kyrne. Då vakna Farao.
Gene NorSMB 41:5  So sovna han att, og hadde ein draum til. Han tykte han såg sju aks som skaut upp på eitt strå, og var tjukke og væne.
Gene NorSMB 41:6  Og etter deim rann det upp sju aks som var tome og svidne av austanvinden.
Gene NorSMB 41:7  Og dei tome aksi gløypte dei sju tjukke og fulle aksi. Då vakna Farao, og skyna at han hadde drøymt.
Gene NorSMB 41:8  Men um morgonen hadde han slik uro i seg. So sende han bod og kalla til seg alle runemeistrar i Egyptarland, og alle dei vise menner der var. Og Farao fortalde deim draumarne sine; men det var ingen som kunde tyda deim for honom.
Gene NorSMB 41:9  Då tala skjenkjarmeisteren til Farao og sagde: «Mine eigne synder lyt eg minna um i dag:
Gene NorSMB 41:10  Farao vart ein gong harm på tenarane sine, og sette meg fast hjå hovdingen yver livvakti, både meg og bakarmeisteren.
Gene NorSMB 41:11  Då hadde me kvar sin draum same natti, eg og han, og draumarne våre hadde kvar si meining.
Gene NorSMB 41:12  Og det var ein hebraisk gut med oss der; han var tenar hjå hovdingen yver livvakti. Honom fortalde me det, og han tydde draumarne for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt til, tydde han deim.
Gene NorSMB 41:13  Og so som han spådde oss, so gjekk det: eg vart sett inn att i romet mitt, og hin vart hengd.»
Gene NorSMB 41:14  So sende Farao bod etter Josef. Då skunda dei seg og slepte honom ut or fengslet; og han raka seg og bytte klæde, og so gjekk han fram for Farao.
Gene NorSMB 41:15  Og Farao sagde til Josef: «Eg hev havt ein draum, og det er ingen som er god til å tyda honom. Men eg hev høyrt sagt um deg, at berre du høyrer ein draum, so tyder du honom med same.»
Gene NorSMB 41:16  Og Josef svara Farao og sagde: «Eg råder ikkje for det. Gud vil visst gjeva eit svar som spår lukke for Farao.»
Gene NorSMB 41:17  So sagde Farao til Josef: «Eg drøymde eg stod på elvbakken.
Gene NorSMB 41:18  Og sjå, upp or elvi det sju kyr, feite på hold og væne på skapnad, og dei beitte i storren.
Gene NorSMB 41:19  Og etter deim kom det upp sju andre kyr, skrinne og ovleg stygge på skapnad og turre på hold; eg hev aldri set so ljote kyr i heile Egyptarlandet.
Gene NorSMB 41:20  Og dei skrinne og stygge kyrne åt upp dei sju fyrste, holduge kyrne.
Gene NorSMB 41:21  Dei sokk i skrovet deira; men det synte ikkje at dei hadde fenge deim i seg; dei var stygge å sjå til, som dei hadde vore. Då vakna eg.
Gene NorSMB 41:22  Sidan drøymde eg at eg såg sju aks som skaut upp på eitt strå, og var fulle og væne.
Gene NorSMB 41:23  Og etter deim rann det upp sju aks som var turre og tome og svidne av austanvinden.
Gene NorSMB 41:24  Og dei tome aksi gløypte dei sju gode aksi. Eg sagde det med runemeistrarne, men ingen kunde greida det for meg.»
Gene NorSMB 41:25  Då sagde Josef med Farao: «Alt det Farao hev drøymt, er ein draum. Det Gud vil gjera, hev han gjort kunnigt for Farao.
Gene NorSMB 41:26  Dei sju væne kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksi, det er og sju år; det er ein og same draumen.
Gene NorSMB 41:27  Og dei sju skrinne og stygge kyrne, som kom upp etterpå hine, det er sju år, og dei sju aksi som var tome og svidne av austanvinden; det er sju uår, som skal koma.
Gene NorSMB 41:28  Det er som eg sagde med Farao: Det Gud vil gjera, det hev han synt Farao.
Gene NorSMB 41:29  Sjå, no kjem det sju år med ovnøgd og rikdom i heile Egyptarlandet.
Gene NorSMB 41:30  Men etter deim skal det koma sju uår, so all ovnøgdi vert gløymd i Egyptarland, og uåri skal arma ut landet.
Gene NorSMB 41:31  Og ingen skal minnast ovnøgdi som var i landet, for den naudi som kjem etterpå; for den vert ovleg hard.
Gene NorSMB 41:32  Og det at draumen kom fyre Farao tvo vendor, det kjem seg av di at Gud er fastrådd på dette, og at han vil gjera det snart.
Gene NorSMB 41:33  No skulde Farao sjå seg ut ein vitug og vis mann, og setja honom yver Egyptarlandet.
Gene NorSMB 41:34  Det skulde Farao gjera, og so skulde han setja inn futar utyver landet, som skal krevja inn femte luten av grøda i Egyptarland i dei sju ovnøgdaråri.
Gene NorSMB 41:35  Og dei skal samla alle slag mat i desse gode åri som kjem, og dunga upp matkorn i byarne, og taka vare på det for Farao.
Gene NorSMB 41:36  Og maten skal vera til ei berging for landet i dei sju uåri som kjem i Egyptarland, so landet ikkje skal øydast av svolt.»
Gene NorSMB 41:37  Dei ordi tykte dei godt um, både Farao og alle mennerne hans.
Gene NorSMB 41:38  Og Farao sagde med mennerne sine: «Skal tru me finn maken til honom? - ein mann som er full av Guds ande!»
Gene NorSMB 41:39  So sagde Farao med Josef: «Etter di Gud hev late deg vita alt dette, so er ingen so vitug og vis som du.
Gene NorSMB 41:40  Du skal standa fyre huset mitt, og etter ditt ord skal heile folket mitt retta seg. Berre kongsstolen vil eg hava framum deg.
Gene NorSMB 41:41  Sjå, eg set deg yver heile Egyptarlandet,» sagde Farao med Josef.
Gene NorSMB 41:42  Og Farao tok seglringen av handi si og sette på handi hans Josef, og klædde honom i kvite linklæde, og hengde eit gullekkje kring halsen hans.
Gene NorSMB 41:43  Og han let honom køyra i den vogni som var næst etter hans eigi vogn, og dei ropa framfyre honom: «Abrek!» Og han sette honom yver heile Egyptarlandet.
Gene NorSMB 41:44  Og Farao sagde med Josef: «Eg er Farao! Ingen skal røyva hand eller fot i heile Egyptarlandet, utan at du vil det.»
Gene NorSMB 41:45  Og Farao kalla Josef Safnat-Paneah, og gav honom Asnat til kona; ho var dotter åt Potifera, presten i On. So tok Josef til å ferdast kring i Egyptarland.
Gene NorSMB 41:46  Josef var tretti år gamall, då han stod framfor Farao, kongen i Egyptarland. Og Josef bad vel liva med Farao, og for heile Egyptarlandet igjenom.
Gene NorSMB 41:48  Og han samla allslags grøda av sju årsavlingar, som dei fekk i Egyptarland, og lagde upp mat i byarne. I kvar by lagde han upp grøda av åkrarne som låg ikring.
Gene NorSMB 41:49  Og Josef hauga upp korn som havsens sand, uhorveleg mykje, til dei heldt upp å telja; for det var ikkje tal på.
Gene NorSMB 41:50  Fyrr det fyrste uåret kom, fekk Josef tvo søner med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On.
Gene NorSMB 41:51  Og Josef kalla den fyrste Manasse - «av di,» sagde han, «Gud let meg gløyma all mi møda og heile mi ætt.»
Gene NorSMB 41:52  Og den andre kalla han Efraim - «av di,» sagde han, «Gud let meg veksa i det landet som eg leid vondt i.»
Gene NorSMB 41:53  So leid dei til endes dei sju åri då det var slik ovnøgd i Egyptarlandet,
Gene NorSMB 41:54  og dei sju uåri tok til å koma, som Josef hadde sagt; då vart det naud og svolt i alle land, men i heile Egyptarlandet, der var brød.
Gene NorSMB 41:55  Og heile Egyptarland svalt, og folket ropa til Farao etter brød. Då sagde Farao med alle egyptarane: «Gakk til Josef! Det han segjer til dykk, skal de gjera!»
Gene NorSMB 41:56  Og naudi breidde seg yver heile jordi. Men Josef let upp alle kornbuderne og selde til egyptarane; for naudi var hard i Egyptarlandet.
Gene NorSMB 41:57  Og frå heile verdi kom dei til Egyptarland og vilde kjøpa korn hjå Josef; for naudi var stor all verdi yver.
Chapter 42
Gene NorSMB 42:1  Då Jakob høyrde at det var korn i Egyptarland, sagde han med sønerne sine: «Kvi sit de og stirer på kvarandre?
Gene NorSMB 42:2  Eg hev fenge spurt,» sagde han, «at dei hev korn i Egyptarland. Far no der ned og kjøp korn åt oss, so me kann halda livet og ikkje døy burt!»
Gene NorSMB 42:3  Og brørne hans Josef tok nedigjenom, ti i talet, og vilde kjøpa korn i Egyptarland.
Gene NorSMB 42:4  Men Benjamin, rettebror åt Josef, sende Jakob ikkje av stad med brørne hans; han var rædd det kunde henda honom ei ulukka.
Gene NorSMB 42:5  So kom då Israels-sønerne og vilde kjøpa korn, millom alle dei andre som kom; for det var uår i Kana’ans-land.
Gene NorSMB 42:6  Men Josef var den som rådde i landet. Han var det som selde korn til all landslyden. Og brørne hans Josef kom og lagde seg å gruve for honom.
Gene NorSMB 42:7  Då Josef såg brørne sine, kjende han deim att, men lest ikkje ved vera; han tala strengt til deim og spurde: «Kvar er de frå?» «Frå Kana’ans-land,» sagde dei. «Me kjem og vil kjøpa grjon.»
Gene NorSMB 42:8  Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje honom.
Gene NorSMB 42:9  Og Josef laut minnast det som han hadde drøymt um deim, og sagde med deim: «De er njosnarar, de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.»
Gene NorSMB 42:10  «Nei, gode herre,» sagde dei; «tenarane dine vil berre kjøpa grjon.
Gene NorSMB 42:11  Me er alle søner åt ein mann. Me er ærlege folk: tenarane dine hev aldri vore njosnarar.»
Gene NorSMB 42:12  «Jau,» sagde han, «de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.»
Gene NorSMB 42:13  Då sagde dei: «Tenarane dine er tolv brør og søner åt ein mann i Kana’ans-landet. Og den yngste av oss er no heime hjå far vår, men ein er ikkje til lenger.»
Gene NorSMB 42:14  Då sagde Josef med deim: «Det er som eg hev sagt: De er njosnarar.
Gene NorSMB 42:15  Men no vil eg røyna dykk: So visst som Farao liver, de slepp ikkje herifrå, fyrr yngste bror dykkar kjem hit.
Gene NorSMB 42:16  Ein av dykk skal fara i vegen og henta bror dykkar, og dei andre vil eg halda fengsla, so det kann røynast um det er sant, det de segjer; og er det ikkje det, so er de njosnarar, so visst som Farao liver!»
Gene NorSMB 42:17  So heldt han deim alle saman fengsla i tri dagar.
Gene NorSMB 42:18  Og tridje dagen sagde Josef med deim: «Gjer no som eg segjer, so skal de få liva! Eg hev age for Gud!
Gene NorSMB 42:19  Er de ærlege folk, so skal ein av dykk brør vera att i fangehuset, men de andre kann fara i vegen og hava med dykk korn til livberging for deim som heime er.
Gene NorSMB 42:20  Og den yngste bror dykkar skal de koma hit til meg med, so ordi dykkar kann sannast, og de ikkje skal missa livet.» Og dei so gjorde.
Gene NorSMB 42:21  Og dei sagde seg imillom: «Å ja, ja, kor vel me er verde dette, for det me gjorde mot bror vår! Me såg kor hjarterædd han var, då han bad so vænt for seg, og endå høyrde me ikkje på honom. Difor er me no komne i slik naud.»
Gene NorSMB 42:22  Då tok Ruben til ords og sagde: «Var det ikkje det eg sagde dykk, at de ikkje skulde fara so stygt med guten? Men de vilde ikkje høyra. Og sjå, no kjem hemnen for blodet hans!»
Gene NorSMB 42:23  Men dei visste ikkje at Josef skyna det; for han bruka tolk, når han tala med deim.
Gene NorSMB 42:24  Og han snudde seg frå deim og gret. So kom han innåt deim att, og tala til deim, og han tok Simeon ifrå deim, og batt honom, so dei såg på det.
Gene NorSMB 42:25  Sidan sagde Josef frå, at dei skulde fylla sekkjerne deira med korn og leggja pengarne åt kvar av deim att i sekken hans, og gjeva deim nista med på vegen. Og so vart gjort.
Gene NorSMB 42:26  So klyvja dei kornet på asni sine, og for sin veg.
Gene NorSMB 42:27  Men då ein av deim løyste upp klyvi si og vilde gjeva asnet for på kvilestaden, fekk han sjå pengarne sine: dei låg ovanpå i sekken hans.
Gene NorSMB 42:28  Og han sagde med brørne sine: «Pengarne mine hev kome att! Sjå, her ligg dei i sekken min.» Då vart dei reint ille ved; dei såg på kvarandre og skalv, og sagde: «Kva er det Gud hev gjort mot oss her?»
Gene NorSMB 42:29  So kom dei heim til Jakob, far sin, i Kana’ans-landet, og dei fortalde honom alt det som hadde hendt deim, og sagde:
Gene NorSMB 42:30  «Mannen som råder der i landet, tala strengt til oss, og tok oss for folk som vilde njosna ut landet.
Gene NorSMB 42:31  Då sagde me med honom: «Me er ærlege folk; me hev aldri vore njosnarar.
Gene NorSMB 42:32  Me er tolv brør, alle sønerne åt far vår. Ein av oss er ikkje til lenger, og den yngste er endå heime hjå far vår i Kana’ans-landet.»
Gene NorSMB 42:33  Og mannen som råder der i landet, sagde med oss: «Dette vil eg hava til merke på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg, og de andre kann taka med dykk det de treng til livberging for deim som heime er, og fara i vegen,
Gene NorSMB 42:34  og so lyt de koma til meg att med yngste bror dykkar, so eg fær sjå at de ikkje er njosnarar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kann fara fritt kringum i landet.»»
Gene NorSMB 42:35  Då dei so tømde sekkjerne sine, då fann kvar sitt pengeknyte i sekken sin; dei såg det både dei og far deira, at det var deira eigne pengeknyte, og vart fælne.
Gene NorSMB 42:36  Og Jakob, far deira, sagde med deim: «De gjer meg reint barnlaus; Josef er burte, og Simeon er burte, og no vil de taka Benjamin og ifrå meg; det kjem yver meg, alt dette.»
Gene NorSMB 42:37  Då sagde Ruben med far sin: «Båe sønerne mine kann du drepa, kjem eg ikkje heim til deg att med honom! Gjev honom berre i mine hender! Eg skal hava honom heim att til deg.»
Gene NorSMB 42:38  Men han svara: «Son min skal ikkje fara med dykk der ned. For bror hans er burte, og han er att åleine, og hender det honom nokor ulukka på den vegen de ferdast etter, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sorg ned i nåheimen.» Men svolten var hard i landet.
Chapter 43
Gene NorSMB 43:1  Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptarland, sagde far deira med deim: «Far i vegen att og kjøp oss noko grjon!»
Gene NorSMB 43:2  Då sagde Juda med honom: «Denne mannen lyste so strenge ord og sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan yngste bror dykkar er med.»
Gene NorSMB 43:3  Vil du no lata bror vår få vera med oss, so skal me fara ned og kjøpa grjon åt deg.
Gene NorSMB 43:4  Men sender du honom ikkje med, so vil me ikkje fara. For mannen sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan bror dykkar er med.»»
Gene NorSMB 43:5  Då sagde Israel: «Kvi gjorde de meg so ille imot og sagde det med mannen at de hadde endå ein bror?»
Gene NorSMB 43:6  Og dei svara: «Mannen spurde oss ut både um oss og ætti vår, og sagde: «Liver far dykkar endå? Hev de nokon bror?» So svara me, som han spurde til. Kor kunde då me tenkja at han skulde segja: «Kom hit med bror dykkar!»»
Gene NorSMB 43:7  Og Juda sagde med Israel, far sin: «Send du sveinen med meg, so vil me oss reiduge og fara, so me kann halda livet og ikkje døy burt, både me og du og småborni våre.
Gene NorSMB 43:8  Eg skal svara for honom. Av meg kann du krevja honom att. Kjem eg ikkje heim til deg att med honom og set honom framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det all min dag.
Gene NorSMB 43:9  For hadde me ikkje drygt so lenge, so kunde me no vore heim att tvo vendor.»
Gene NorSMB 43:10  Då sagde Israel, far deira, med deim: «Er det ikkje onnor råd, so gjer som eg segjer: Tak med dykk i sekkjerne dykkar av alt det gjævaste som finst i landet, noko balsam og noko honning, kryddor og rosekvåda, pistacie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåva til mannen.
Gene NorSMB 43:11  Og tak ein gong til so mange pengar med dykk! For dei pengarne som kom att og låg ovanpå i sekkjerne dykkar, fær de hava med attende; kann henda det berre var eit mistak.
Gene NorSMB 43:12  Tak so bror dykkar med, og gjer dykk reiduge, og far attende til mannen!
Gene NorSMB 43:13  Og Gud den Allvelduge late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender Benjamin og den andre bror dykkar med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus!»
Gene NorSMB 43:14  So tok dei gåva, og ein gong til so mange pengar tok dei med seg, og so Benjamin. Og dei gav seg på vegen, og for ned til Egyptarland, og gjekk fram for Josef.
Gene NorSMB 43:15  Då Josef såg at Benjamin var med deim, sagde han med den som stod fyre huset hans: «Bed desse mennerne inn, og slagta eit naut og laga det til; for dei skal eta til middags med meg.»
Gene NorSMB 43:16  Og mannen gjorde som Josef sagde, og bad deim inn i huset åt Josef.
Gene NorSMB 43:17  Men då dei skulde inn i huset åt Josef, vart dei rædde, og sagde: «Det er nok for dei pengarne skuld som låg att i sekkjerne våre fyrre gongen, at me skal her inn. Dei kjem til å velta seg inn på oss, og kasta seg yver oss, og taka oss til trælar, med asni våre.»
Gene NorSMB 43:18  So gjekk dei burt til mannen som stod fyre huset hans Josef, og tala til honom i husdøri,
Gene NorSMB 43:19  og sagde: «Høyr her, gode herre! Du veit me hev vore her ein gong fyrr og kjøpt grjon.
Gene NorSMB 43:20  Men då me kom til kvilestaden, og løyste upp klyvjarne våre, då fann kvar sine pengar ovanpå i sekken sin; det var våre eigne pengar, med si fulle vegt, og no hev me deim med oss hit att.
Gene NorSMB 43:21  Og andre pengar hev me og med oss, til å kjøpa grjon for. Me veit ikkje kven som hev lagt pengarne i sekkjerne våre.»
Gene NorSMB 43:22  Då sagde han: «Ver de hugheile! Hav ingen otte på dykk! Dykkar Gud og Gud åt far dykkar hev lagt ei gåva til dykk i sekkjerne. Pengarne dykkar hev eg fenge.» So henta han Simeon ut til deim.
Gene NorSMB 43:23  Sidan fylgde mannen deim inn i huset hans Josef, og gav deim vatn, so dei fekk två føterne sine, og gav deim for til asni.
Gene NorSMB 43:24  So lagde dei gåvorne til reide, til Josef skulde koma heim til middags; for dei hadde høyrt at dei skulde eta der.
Gene NorSMB 43:25  Då so Josef kom heim, bar dei inn til honom gåvorne som dei hadde med seg, og lagde seg å gruve for honom.
Gene NorSMB 43:26  Og han spurde korleis dei livde, og sagde: «Stend det vel til med den gamle far dykkar, som de tala um? Liver han endå?»
Gene NorSMB 43:27  «Ja,» svara dei, «det stend vel til med far vår, tenaren din. Han liver endå.» Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for honom.
Gene NorSMB 43:28  Då han fekk auga på Benjamin, bror sin, son åt hans eigi mor, sagde han: «Er dette den yngste bror dykkar, som de tala til meg um? - Gud signe deg, guten min!» sagde han.
Gene NorSMB 43:29  Og Josef skunda seg burt. For hjarta hans kløktest, då han såg bror sin, so han laut få gråta. Og han gjekk inn i koven og gret.
Gene NorSMB 43:30  So tvo han seg i andlitet, og gjekk ut att, og han gjorde seg hard, og sagde: «Set maten fram!»
Gene NorSMB 43:31  Då sette dei fram, for honom i ser, og for deim i ser, og for egyptarane i ser, deim som åt hjå honom; for egyptarane torer ikkje eta i lag med hebræarane; dei held det for å vare ufjelgt.
Gene NorSMB 43:32  Dei vart sessa midt fyre honom etter alderen, frå den eldste til den yngste, og dei såg på kvarandre og undrast.
Gene NorSMB 43:33  Og det vart sendt um til deim av dei retterne som han sjølv åt av, og Benjamin fekk fem gonger so mykje som dei andre. Og dei drakk med honom, og vart fjåge.
Chapter 44
Gene NorSMB 44:1  Sidan sagde han med den som stod fyre huset hans: «Fyll sekkjerne åt desse mennerne med grjon, so mykje som dei kann føra, og legg pengarne åt kvar av deim ovanpå i sekken hans.
Gene NorSMB 44:2  Og staupet mitt, sylvstaupet, det skal du leggja øvst i sekken åt den yngste av deim, i hop med kornpengarne hans.» Og han gjorde som Josef sagde honom fyre.
Gene NorSMB 44:3  Um morgonen, med same det ljosna, let dei mennerne fara av stad med asni sine.
Gene NorSMB 44:4  Dei var ikkje langt utum byen komne, då Josef sagde med den som stod fyre huset hans: «Upp, og set etter mennerne, og fyrst du når deim att, so seg ned deim: «Kvi løner de godt med ilt?
Gene NorSMB 44:5  Er ikkje dette det staupet som husbonden min drikk av, og som han plar spå i? Dette var ille gjort av dykk!»»
Gene NorSMB 44:7  Då sagde dei med honom: «Kvi talar du soleis, herre? Gud frie tenarane dine frå å gjera slikte ting.
Gene NorSMB 44:8  Sjå no, dei pengarne som me fann øvst i sekkjerne våre, deim hadde me med hit til deg att frå Kana’ans-landet. Kvi skulde me då stela sylv eller gull utor huset åt husbonden din?
Gene NorSMB 44:9  Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og me andre skal vera trælarne dine.»
Gene NorSMB 44:10  «Ja,» sagde han, «lat det vera so som de segjer! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men dei andre skal vera saklause.»
Gene NorSMB 44:11  So skunda dei seg, og lyfte klyvjarne ned på marki, og løyste upp kvar si klyv.
Gene NorSMB 44:12  Og han rannsaka; han tok til hjå den eldste, og enda hjå den yngste. Og staupet vart funne i sekken hans Benjamin.
Gene NorSMB 44:13  Då reiv dei sund klædi sine, og klyvja på asni att, og for attende til byen.
Gene NorSMB 44:14  Og Juda og brørne hans gjekk inn til huset åt Josef, for han var der endå, og dei kasta seg å gruve for honom.
Gene NorSMB 44:15  Og Josef sagde med deim: «Kva er det de hev gjort no? Veit de ikkje at ein mann som eg kann finna ut det som er dult?»
Gene NorSMB 44:16  Då sagde Juda: «Kva skal me segja til deg, herre? Korleis skal me taka til ords? Kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælarne dine, både me og han som staupet vart funne hjå.»
Gene NorSMB 44:17  Men han sagde: «Gud frie meg frå å gjera slikt! Den som staupet vart funnen hjå, han skal vera trælen min. Men de andre kann fara i fred heim til far dykkar.»
Gene NorSMB 44:18  Då steig Juda fram for honom og sagde: «Høyr meg, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, herre, og lat ikkje vreiden din loga upp mot tenaren din! For du er som Farao sjølv!
Gene NorSMB 44:19  Du spurde oss, herre, og sagde: «Hev de nokon far eller bror?»
Gene NorSMB 44:20  Då sagde me til deg: «Ja, me hev ein gamall far, og han hev ein liten son, som han fekk på sine gamle dagar, bror åt denne sveinen er burte, og han er att åleine etter mor si, og far hans held honom so kjær.»
Gene NorSMB 44:21  Og du sagde til oss: «Kom hit til meg med honom, so eg fær sjå honom med mine eigne augo!»
Gene NorSMB 44:22  Då sagde me til deg: «Sveinen må ikkje skiljast frå far sin; skilst han ifrå honom, so døyr faren.»
Gene NorSMB 44:23  Og du sagde til oss: «Kjem ikkje yngste bror dykkar hit med dykk, so skal de ikkje oftare koma for augo mine.»
Gene NorSMB 44:24  Då me so kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde me honom kva du hadde sagt, herre.
Gene NorSMB 44:25  Og far vår sagde: «Far i vegen att og kjøp noko grjon åt oss!»
Gene NorSMB 44:26  Då sagde me: «Me torer ikkje koma der att. Men er yngste bror vår med oss, so skal me fara der ned. For me fær ikkje koma mannen for augo utan yngste bror vår er med.»
Gene NorSMB 44:27  Og far vår sagde med oss: «De veit at eg fekk tvo søner med kona mi.
Gene NorSMB 44:28  Og den eine vart burte for meg, og eg sagde: «Han er visst ihelriven;» for eg hev aldri set honom sidan.
Gene NorSMB 44:29  Tek de no denne og ifrå meg, og vert han fyre ei uheppa, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sut og harm ned i nåheimen.»
Gene NorSMB 44:30  Skal eg no koma heim til far min, og me hev ikkje med oss sveinen, som hjarta hans heng so fast ved,
Gene NorSMB 44:31  då vert det dauden hans, med same han ser at sveinen ikkje er med, og me lyt senda dei grå håri åt far vår med sut og sorg ned i nåheimen.
Gene NorSMB 44:32  For eg tok på meg å svara for sveinen hjå far min, og sagde: «Kjem eg ikkje heim til deg att med honom, so skal eg vera saka i det for far min alle mine dagar!»
Gene NorSMB 44:33  Lat difor meg få vera att i staden for sveinen, og vera trælen din, og lat sveinen få fara heim att med brørne sine.
Gene NorSMB 44:34  For korleis kunde eg koma heim att til far min, når sveinen ikkje var med? Eg tolde ikkje sjå på den sorg som då kom yver far min.»
Chapter 45
Gene NorSMB 45:1  Då kunde ikkje Josef dylja tårorne lenger for alle deim som stod ikring honom. Han ropa: «Lat alle ganga ut ifrå meg!» Og det var ingen inne, då Josef opendaga seg for brørne sine.
Gene NorSMB 45:2  Og han brast i og gret so høgt at egyptarane høyrde det, og dei høyrde det i huset åt Farao.
Gene NorSMB 45:3  Og Josef sagde med brørne sine: «Eg er Josef. Liver far min endå?» Men brørne hans kunde ikkje svara; dei stod der som dei var klumsa.
Gene NorSMB 45:4  Då sagde Josef med brørne sine: «Kjære væne, kom hit til meg!» So gjekk dei burt til honom. Då sagde han: «Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egyptarland.
Gene NorSMB 45:5  Men no skal de ikkje syta eller harmast, for di de selde meg hit! Til livberging for mange hev Gud sendt meg fyre dykk.
Gene NorSMB 45:6  For no er det andre året her er svolt i landet, og endå kjem her fem år til som det korkje vert pløgt eller hausta.
Gene NorSMB 45:7  Men Gud sende meg fyre, av di han vilde leiva ætt etter dykk på jordi, og av di han vilde berga liv for dykk, so det vart ei stor frelsa.
Gene NorSMB 45:8  So er det då ikkje de, som hev sendt meg hit, men Gud, og han hev gjort meg til far for Farao og til herre yver alt hans hus og til styrar i heile Egyptarlandet.
Gene NorSMB 45:9  Skunda dykk og far heim til far min, og seg med honom: «So segjer Josef, son din: «Gud hev sett meg til herre yver heile Egyptarland. Kom no ned til meg! Dryg ikkje!
Gene NorSMB 45:10  Du skal få bu i Gosenlandet og vera innmed meg, både du og borni og barneborni dine, med bufeet ditt, både smått og stort, og med alt det du hev.
Gene NorSMB 45:11  Og eg skal syta for deg der - for endå kjem det fem uår - so det ikkje skal vanta deg noko, korkje deg eller huslyden din eller nokon av dine.»»
Gene NorSMB 45:12  No ser de det med dykkar eigne augo, og Benjamin, bror min, ser det og, at det er eg som talar til dykk.
Gene NorSMB 45:13  Ber då bod til far min um all mi æra og magt i Egyptarland og um alt de hev set, og skunda dykk og kom hit att med far min!»
Gene NorSMB 45:14  So lagde han armarne um halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret og innmed barmen hans.
Gene NorSMB 45:15  Og han kysste alle brørne sine og gret, medan han heldt deim i fanget. Og sidan rødde brørne hans med honom.
Gene NorSMB 45:16  Og det spurdest i huset åt Farao, at brørne hans Josef var komne, og Farao og mennerne hans vart fegne.
Gene NorSMB 45:17  Og Farao sagde med Josef: «Seg du med brørne dine: «So skal de gjera: de skal klyvja på dyri dykkar og fara, til de kjem heim til Kana’ans-landet.
Gene NorSMB 45:18  Då skal de taka far dykkar og huslydarne dykkar og koma hit til meg, so skal eg gjeva dykk det beste i Egyptarlandet, og de skal få eta av landsens feita.»
Gene NorSMB 45:19  Seg du deim frå meg: «So skal de gjera: de skal taka med dykk vogner frå Egyptarlandet til borni og konorne dykkar og henta far dykkar og koma.
Gene NorSMB 45:20  Og de skal ikkje kvida dykk, um de må fara ifrå husbunaden dykkar; for det beste i heile Egyptarland skal de få.»»
Gene NorSMB 45:21  Og Israels-sønerne gjorde so. Og Josef gav deim vogner, som Farao hadde sagt, og gav deim nista med på vegen.
Gene NorSMB 45:22  Og han gav deim alle kvar sin klædnad, men Benjamin gav han tri hundrad sylvdalar og fem klædnader.
Gene NorSMB 45:23  Og sameleis sende han far sin ti asen, som bar av alt det beste som fanst i Egyptarland, og ti asenfyljor, som bar korn og brød og mat til far hans på ferdi.
Gene NorSMB 45:24  So bad han farvel med brørne sine, og dei for av stad, og han sagde med deim: «De må ikkje verta usams på vegen!»
Gene NorSMB 45:25  So tok dei ut frå Egyptarland, og kom heim att til Jakob, far sin, i Kana’ans-land.
Gene NorSMB 45:26  Og dei bar fram bodet til honom og sagde: «Josef er endå i live, og han er jamvel styrar yver heile Egyptarland.» Men han var like kald i hjarta; for han trudde deim ikkje.
Gene NorSMB 45:27  So sagde dei honom alt det Josef hadde sagt med deim, og han såg vognerne som Josef hadde sendt til å henta honom i. Då kvikna far deira i hugen:
Gene NorSMB 45:28  «Å du store syn!» sagde Israel, «Josef, son min, er endå i live! Eg vil av og sjå honom, fyrr eg døyr.»
Chapter 46
Gene NorSMB 46:1  Og Israel tok ut med alt det han hadde, og då han kom til Be’erseba, ofra han slagtoffer til honom som var Gud åt Isak, far hans.
Gene NorSMB 46:2  Då tala Gud til Israel i syner um natti, og sagde: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
Gene NorSMB 46:3  Då sagde han: «Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje rædd å fara ned til Egyptarland; for der vil eg gjera deg til eit stort folk.
Gene NorSMB 46:4  Eg skal fara med deg ned til Egyptarland, og eg skal fylgja deg upp att og; det kann du lita på! Og Josef skal leggja att augo dine.»
Gene NorSMB 46:5  So tok Jakob ut frå Be’erseba, og Israels-sønerne køyrde Jakob, far sin, og borni og konorne sine i dei vognerne som Farao hadde sendt til å henta honom i.
Gene NorSMB 46:6  Og dei tok med seg bufeet sitt og godset sitt, som dei hadde lagt seg til i Kana’ans-land. So kom dei til Egyptarland, Jakob og all hans ætt med honom:
Gene NorSMB 46:7  Sønerne og sonesønerne sine, døtterne og sonedøtterne sine, heile si ætt, hadde han med seg til Egyptarland.
Gene NorSMB 46:8  Og dette er namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland, Jakob og sønerne hans: Ruben, eldste son åt Jakob,
Gene NorSMB 46:9  og sønerne åt Ruben: Hanok og Pallu og Hesron og Karmi;
Gene NorSMB 46:10  og sønerne åt Simeon: Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar og Saul, son åt kananitarkvinna;
Gene NorSMB 46:11  og sønerne åt Levi: Gerson og Kahat og Merari;
Gene NorSMB 46:12  og sønerne åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Zerah; men Er og Onan døydde i Kana’ans-land - og sønerne åt Peres: Hesron og Hamul;
Gene NorSMB 46:13  og sønerne åt Issakar: Tola og Puva og Job og Simron;
Gene NorSMB 46:14  og sønerne åt Sebulon: Sered og Elon og Jahle’el.
Gene NorSMB 46:15  Dette var sønerne åt Lea; ho fekk deim med Jakob i Mesopotamia, og so Dina, dotter hans. Alle desse sønerne og døtterne hans var tri og tretti i tallet.
Gene NorSMB 46:16  Og sønerne åt Gad: Sifjon og Haggi, Suni og Esbon, Eri og Arodi og Areli;
Gene NorSMB 46:17  Og sønerne åt Asser: Jimna og Jisva og Jisvi og Bria, og so Serah, syster deira; og sønerne åt Bria: Heber og Malkiel.
Gene NorSMB 46:18  Dette var sønerne åt Zilpa, som Laban gav Lea, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var sekstan i talet.
Gene NorSMB 46:19  Og sønerne åt Rakel, kona hans Jakob: Josef og Benjamin.
Gene NorSMB 46:20  Og Josef fekk born i Egyptarland; han fekk deim med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On: dei heitte Manasse og Efraim.
Gene NorSMB 46:21  Og sønerne åt Benjamin: Bela og Beker og Asbel, Gera og Na’aman, Ehi og Ros, Muppim og Huppim og Ard.
Gene NorSMB 46:22  Dette var dei borni som Jakob fekk med Rakel; dei var i alt fjortan.
Gene NorSMB 46:24  og sønerne åt Naftali: Jahse’el og Guni og Jeser og Sillem.
Gene NorSMB 46:25  Dette var sønerne åt Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var i alt sju.
Gene NorSMB 46:26  Alle dei som kom med Jakob til Egyptarland, og som var ætta ifrå honom, umfram konorne åt sønerne hans, var alt i alt seks og seksti mann.
Gene NorSMB 46:27  Og sønerne åt Josef, som han fekk i Egyptarland, var tvo. Alle som kom til Egyptarland av Jakobs-ætti, var sytti i talet.
Gene NorSMB 46:28  Og han sende Juda fyre seg til Josef, og bad at han vilde syna deim vegen til Gosen. Og so kom dei til Gosenlandet.
Gene NorSMB 46:29  Og Josef let setja fyre vogni si, og for upp til Gosen, til møtes med Israel, far sin; og med same han fekk sjå honom, kasta han seg um halsen på honom, og gret lenge, med armarne um halsen hans.
Gene NorSMB 46:30  Då sagde Israel med Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg hev set deg i andlitet, og veit at du endå er i live.»
Gene NorSMB 46:31  Og Josef sagde med brørne sine og med farsfolket sitt: «No vil eg upp til Farao og bera fram bod um dette og segja: «Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kana’ans-land, hev kome hit til meg.
Gene NorSMB 46:32  Og desse mennerne er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauerne og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit.»
Gene NorSMB 46:33  Når so Farao kallar dykk til seg og spør: «Kva hev de til liveveg?»
Gene NorSMB 46:34  so skal de svara: «Fehyrdingar hev tenarane dine vore alt ifrå ungdomen og til no, både me og federne våre» - so de kann få bu i Gosenlandet; for egyptarane hev ein stygg til alle sauehyrdingar.»
Chapter 47
Gene NorSMB 47:1  So kom Josef med bod um dette til Farao og sagde: «Far min og brørne mine hev kome hit frå Kana’ans-land med bufeet sitt, både smått og stort, og med alt det dei eig; og no er dei i Gosenland.»
Gene NorSMB 47:2  Og av alle brørne sine tok han ut fem mann, og leidde deim fram for Farao.
Gene NorSMB 47:3  Og Farao spurde brørne hans: «Kva hev de til liveveg?» Då sagde dei med Farao: «Tenarane dine er fehyrdingar, og det same var federne våre.
Gene NorSMB 47:4  Me vilde gjerne halda til her i landet,» sagde dei til Farao; «for det finst ikkje beite for buskapen vår, av di det er eit svært uår i Kana’ans-land. Lat difor tenarane dine få bu i Gosenlandet!»
Gene NorSMB 47:5  Då sagde Farao med Josef: «Far din og brørne dine hev kome hit til deg.
Gene NorSMB 47:6  Du hev heile Egyptarland fyre deg! Lat far din og brørne dine få bu i den beste luten av landet! Dei kann få bu i Gosenlandet. Og veit du um at det er dugande karar imillom deim, so set deim til rådsmenner yver bufeet mitt!»
Gene NorSMB 47:7  Og Josef henta Jakob, far sin, og leidde honom fram for Farao. Og Jakob helsa Farao.
Gene NorSMB 47:8  Og Farao spurde Jakob: «Kor mange er dine livedagar og år?»
Gene NorSMB 47:9  Då sagde Jakob med Farao: «Dei dagar og år eg hev ferdast på jordi, er hundrad og tretti år. Få og låke hev dei vore, mine livedagar og år, og ikkje hev dei nått so høgt som livedagarne og åri åt federne mine i den tidi dei ferdast på jordi.»
Gene NorSMB 47:10  Og Jakob velsigna Farao, og so bad han vel liva med Farao.
Gene NorSMB 47:11  Og Josef let far sin og brørne sine få seg bustader, og gav deim jord i Egyptarland, i den beste bygdi i landet, Ramseslandet, so som Farao hadde sagt honom fyre.
Gene NorSMB 47:12  Og Josef sytte for brød åt far sin og brørne sine og alt farsfolket sitt, og gav deim etter som dei hadde mange born til.
Gene NorSMB 47:13  Og det fanst ikkje brød på heile jordi. For naudi var ovleg stor, og både Egyptarlandet og Kana’ans-landet var reint avmagta av svolten.
Gene NorSMB 47:14  Og Josef samla alle dei pengar som fanst i Egyptarland og i Kana’ans-land; han fekk deim for kornet han selde. Og Josef gøymde pengarne i huset åt Farao.
Gene NorSMB 47:15  So traut pengarne både i Egyptarland og i Kana’ans-land. Då kom alle egyptarane til Josef og sagde: «Gjev oss brød! Skal me døy for augo dine, berre av di me ikkje hev fleire pengar?»
Gene NorSMB 47:16  Og Josef sagde: «Kom med bufeet dykkar, so skal eg gjeva dykk brød for bufeet, um de ikkje hev fleire pengar.»
Gene NorSMB 47:17  So kom dei til Josef med bufeet sitt, og Josef gav deim brød for hestarne og for sauerne og nauti som dei hadde, og for asni; og han heldt deim med brød det året for alt bufeet deira.
Gene NorSMB 47:18  So leid det året, og året etter kom dei til honom og sagde med honom: «Me vil ikkje dylja for deg, herre, at pengarne hev trote, og buskapen vår hev du fenge. Me hev ikkje anna att å bjoda deg enn kroppen og jordi vår.
Gene NorSMB 47:19  Kvi skal me tynast for augo dine, både me og jordi vår? Kjøp du oss og gardarne våre for brød, so skal me med gardarne våre vera trælar under Farao. Lat oss berre få såkorn, so me kann halda livet og ikkje døy burt, og so gardarne ikkje skal øydast.»
Gene NorSMB 47:20  So kjøpte Josef all jord i Egyptarland til Farao; for egyptarane selde mannjamt jordvegarne sine, av di svolten tvinga deim; og Farao vart eigande all jord i landet.
Gene NorSMB 47:21  Og han let folket byta bustad grend for grend i heile Egyptarland, frå ende til annan.
Gene NorSMB 47:22  Berre prestegardarne kjøpte han ikkje. For prestarne hadde ei viss innkoma av Farao og livde av det som Farao hadde etla deim. Difor selde dei ikkje gardarne sine.
Gene NorSMB 47:23  Og Josef sagde til folket: «Sjå no hev eg kjøpt både dykk og jordi dykkar til Farao. Her hev de såkorn: så no åkrarne!
Gene NorSMB 47:24  Men av det de haustar, skal de gjeva femteparten til Farao, og dei fire partarne skal de hava til å så åkrarne med, og til mat for dykk sjølve og deim som er i husi hjå dykk, og til mat for borni dykkar.»
Gene NorSMB 47:25  Då sagde dei: «Du hev berga livet vårt. Vil berre du vera god mot oss, so vil me gjerne vera trælar under Farao.»
Gene NorSMB 47:26  So sette Josef ei lov, som er gjeldande den dag i dag, at all jord i Egyptarland skulde svara femteparten av avlen i skatt til Farao. Berre prestejordi kom ikkje under Farao.
Gene NorSMB 47:27  Israel vart buande i Egyptarland, i Gosenlandet, og dei fekk seg eigedomar der, og voks og auka seg uhorveleg.
Gene NorSMB 47:28  Og Jakob livde syttan år i Egyptarland, og dagarne hans Jakob, liveåri hans, vart hundrad og sju og fyrti år.
Gene NorSMB 47:29  Då det leid med Israel, og han venta på enden, sende han bod etter Josef, son sin, og sagde med honom: «Kjære deg, held du aldri so lite av meg, so legg handi di i fanget mitt, og lova meg at du vil vera snild og trugen med meg og ikkje jorda meg i Egyptarland.
Gene NorSMB 47:30  Lat meg få kvila hjå federne mine! Før meg burt frå Egyptarland, og jorda meg i gravi deira!» Og han svara: «Eg skal gjera som du segjer.»
Gene NorSMB 47:31  Då sagde Israel: «Gjer eiden på det!» So gjorde han eiden på det. Og Israel lutte seg ned yver hovudgjerdi og bad.
Chapter 48
Gene NorSMB 48:1  Ei tid etter dette hadde hendt, kom dei og sagde med Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg båe sønerne sine, Manasse og Efraim.
Gene NorSMB 48:2  Og det kom ein med bod um dette til Jakob og sagde: «Josef, son din, kjem til deg!» Då gjorde Israel seg sterk, og reiste seg upp i sengi.
Gene NorSMB 48:3  Og Jakob sagde med Josef: «Gud den Allvelduge synte seg for meg i Luz i Kana’ans-land og velsigna meg,
Gene NorSMB 48:4  og sagde til meg: «Sjå, eg vil lata deg veksa og aukast og gjera deg til ein flokk med folkeslag; og eg vil gjeva ætti di etter deg dette landet til eiga i all æva.»
Gene NorSMB 48:5  Dei tvo sønerne dine som du fekk i Egyptarlandet, fyrr eg kom hit til deg, dei skal no vera mine: Efraim og Manasse skal høyra meg til, liksom Ruben og Simeon.
Gene NorSMB 48:6  Men dei borni som du sidan hev fenge, dei skal vera dine eigne; etter brørne sine skal dei heita i det landet dei kjem til å erva.
Gene NorSMB 48:7  For då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på vegen, i Kana’ans-land, då me hadde att so mykje som eit augneleite til Efrat. Og eg jorda henne der, innmed vegen til Efrat, det som no heiter Betlehem.»
Gene NorSMB 48:8  Då Jakob såg sønerne hans Josef, spurde han: «Kven er det?»
Gene NorSMB 48:9  Og Josef sagde med far sin: «Det er sønerne mine, som Gud hev gjeve meg her.» Då sagde Jakob: «Kjære væne, kom hit til meg med deim, so eg kann få velsigna deim!»
Gene NorSMB 48:10  Men augo hans Israel var dimme av alder; han skilde ikkje klårt. So leidde Josef deim burt til honom, og han kysste deim og tok deim i fanget.
Gene NorSMB 48:11  Og Israel sagde med Josef: «Eg tenkte aldri eg skulde få sjå deg meir, og sjå no hev Gud endå til late meg få sjå borni dine!»
Gene NorSMB 48:12  So tok Josef deim ned av fanget hans, og bøygde seg nedåt jordi for honom.
Gene NorSMB 48:13  Sidan tok Josef deim båe, Efraim i høgre handi, midt for vinstre handi hans Israel, og Manasse i vinstre handi, midt for høgre handi hans Jakob, og leidde deim innåt honom.
Gene NorSMB 48:14  Og Jakob rette ut høgre handi, og lagde henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste av deim, og vinstre handi lagde han på hovudet hans Manasse. Med vilje lagde han henderne so; for Manasse var eldst.
Gene NorSMB 48:15  Og han velsigna Josef og sagde: «Den Gud som federne mine, Abraham og Isak, hadde for augo medan dei ferdast på jordi, den Gud som vara meg frå di eg vart til og til den dag i dag,
Gene NorSMB 48:16  den engelen som løyste meg ut frå alt vondt, han velsigne sveinarne, so dei kann pryda namnet mitt og namnet åt federne mine, Abraham og Isak, og aukast til ei uhorveleg mengd på jordi!»
Gene NorSMB 48:17  Då Josef såg at far hans hadde lagt høgre handi på hovudet hans Efraim, mislika han det; han fata handi åt far sin og vilde flytja henne frå hovudet hans Efraim burt på hovudet hans Manasse,
Gene NorSMB 48:18  og han sagde med far sin: «Ikkje so, far! For denne er eldst; legg høgre handi på hans hovud!»
Gene NorSMB 48:19  Men det vilde ikkje far hans, og han sagde: «Eg veit det, son min, eg veit det. Han og skal verta eit folk, han og skal verta stor, men bror hans som yngre er, han skal verta større; hans ætt skal verta ein fjølde med tjoder.»
Gene NorSMB 48:20  So velsigna han deim same dagen, og sagde: «Ved deg skal Israel velsigna og segja so: «Gud gjere deg som Efraim og som Manasse!»» - han nemnde Efraim fyre Manasse.
Gene NorSMB 48:21  Sidan sagde Israel med Josef: «No lyt eg døy, men Gud skal vera med dykk og fylgja dykk attende til landet åt federne dykkar.
Gene NorSMB 48:22  Og eg gjev deg ein bergås framum brørne dine; den tok eg frå amoriten med sverdet og bogen min.»
Chapter 49
Gene NorSMB 49:1  Og Jakob kalla kring seg sønerne sine og sagde: «Samla dykk saman, so skal eg varsla korleis det skal ganga dykk langt fram i tiderne:
Gene NorSMB 49:2  Kom i hop og høyr, de søner åt Jakob, kom og høyr på Israel, dykkar far!
Gene NorSMB 49:3  Ruben, min eldste er du, blom av mi magt og min manndom, høgst i vyrdnad og størst i velde.
Gene NorSMB 49:4  Sjodande vilt som vatnet, dkal du ingen fyremun få; for i kvila åt far din du for! Kor vanærlegt! Han låg i mi lega.
Gene NorSMB 49:5  Sambrøder er Simeon og Levi, valdsvåpen er deira verja.
Gene NorSMB 49:6  Søk ei deira samråd, mi sål, sky deira sellskap, mitt hjarta! For i harm slo dei menner i hel, og sjølvvilje skamskar dei uksar.
Gene NorSMB 49:7  Forbanna ein ofse so strid, ei illska som deira so arg! Eg skal sprengja deim sund kring i Jakob, eg skal spreida deim utyver Israel.
Gene NorSMB 49:8  Juda, deg lovar lydt dine brøder, handi di fatar din fiend i nakken, søkern’ åt far din fell deg til fota.
Gene NorSMB 49:9  Ein løveunge er Juda! Frå herjing kjem sonen min heim: Som ei løvemor legg han seg ned, kven vågar av kvildi han vekkja?
Gene NorSMB 49:10  Ikkje skal kongespir kverva frå Juda ell’ styrarstaven ifrå han stol, fyrr Fredsdrotten kjem, han som folki mun fylgja.
Gene NorSMB 49:11  I vingarden bind han sin gangar, sin fole i soldruvegrein; i vin sin klædnad han vaskar, i druveblod tvær han sin kjol’,
Gene NorSMB 49:12  med augo døkke av vin, med tenner kvite av mjølk.
Gene NorSMB 49:13  Sebulon utmed sjøstrandi bur, utmed strandi, der skutorne lender. Og Sidon hev han med sida.
Gene NorSMB 49:14  Issakar, det sterkbygde asnet, på kvii ligg han og kviler.
Gene NorSMB 49:15  Og han tykte kvildi var god, og at landet var fagert og fint, so bøygde han rygg under byrdi, og vart slik ein trugen træl.
Gene NorSMB 49:16  Dan, han skal døma sitt folk som dei andre Israels ætter.
Gene NorSMB 49:17  Dan verte ein hoggorm på vegen, ein eiterorm innmed stigen, som hesten i hælarne høgg, so ridaren ryk på rygg.
Gene NorSMB 49:19  På Gad mun ransmenner renna, men han renner etter deim radt.
Gene NorSMB 49:20  Feit er føda hans Asser, forkunnmat sender han kongar.
Gene NorSMB 49:21  Naftali er ei spelande hind, og ordi hans leikar so linne.
Gene NorSMB 49:22  Josef er eit aldetre ungt, eit aldetre ungt innmed kjelda; yver muren skyt greinerne upp.
Gene NorSMB 49:23  Med pileskot dei han eggjar og søkjer, dei skyttararn’ mange;
Gene NorSMB 49:24  Men han stend med sin boge so stødt, og røyver armarne raust: Hjelp fær han hjå kjempa åt Jakob, der! - hjå hyrdingen, Israels berg,
Gene NorSMB 49:25  Hjå Gud åt far din, han vare deg! Hjå den Velduge, han velsigne deg med velsigning or himmelen høge, med velsigning or djupet som ligg under jordi, med velsigning i brjost og i liv!
Gene NorSMB 49:26  Far din’s velsigning rakk yver dei eld’-gamle ovgilde fjelli, til ævordoms herlege høgder: På Josefs hovud ho kome, ho kome på kruna åt han, som er hovdingen for sine brøder!
Gene NorSMB 49:27  Benjamin er ein ulv som riv sund; um morgonen et han upp ranet, til kvelds han skifter ut herfang.»
Gene NorSMB 49:28  Dette var alle Israels-ætterne, tolv i talet, og soleis var det far deira tala til deim: Han velsigna deim, og kvar av deim fekk si eigi velsigning, som høvde åt honom.
Gene NorSMB 49:29  Og han bad deim og sagde til deim: «No gjeng eg til folket mitt! Jorda meg då hjå federne mine, i den helleren som er på gjordet åt Efron, hetiten,
Gene NorSMB 49:30  i den helleren som er på Makpelagjordet, austanfor Mamre i Kana’ans-landet, det gjordet som Abraham kjøpte av Efron, hetiten, til eigande gravstad.
Gene NorSMB 49:31  Der jorda dei Abraham og Sara, kona hans, og der jorda dei Isak og Rebekka, kona hans, og der jorda eg Lea,
Gene NorSMB 49:32  på det gjordet og i den helleren der, som var kjøpt av Hets-sønerne.»
Gene NorSMB 49:33  Då Jakob var ferdig med dei fyresegnerne han hadde å gjeva sønerne sine, drog han føterne upp i sengi. Og han sålast og kom til federne sine.
Chapter 50
Gene NorSMB 50:1  Og Josef lutte seg ned yver andlitet åt far sin, og gret uppyver honom og kysste honom.
Gene NorSMB 50:2  Og Josef bad lækjarane som han hadde i si tenesta, at dei skulde salva liket åt far hans. So salva dei liket åt Israel.
Gene NorSMB 50:3  Og det gjekk fyrti dagar med til det; for so lang tid tek det å salva eit lik. Og egyptarane gret yver honom i sytti dagar.
Gene NorSMB 50:4  Då syrgjedagarne etter honom var utlidne, tala Josef til hirdi åt Farao og sagde: «Hev de aldri so lite godvilje for meg, so gjer vel og ber fram desse ordi mine til Farao og seg:
Gene NorSMB 50:5  «Far min tok ein eid av meg og sagde: «No lyt eg døy! I grefti mi, som eg let grava åt meg i Kana’ans-landet, der skal du jorda meg!» Lat meg difor fara upp og jorda far min og so koma hit att!»»
Gene NorSMB 50:6  Og Farao sagde: «Far du upp, og jorda far din, som du hev lova honom!»
Gene NorSMB 50:7  So for Josef upp og skulde jorda far sin, og med honom for alle mennerne åt Farao, dei høgste i hirdi hans og alle dei øvste i Egyptarlandet,
Gene NorSMB 50:8  og heile huset hans Josef, og brørne hans og husfolket åt far hans. Berre småborni sine og sauerne og nauti sine let dei vera att i Gosenlandet.
Gene NorSMB 50:9  Og det fylgde honom både vogner og hestfolk, so det vart ei drusteleg ferd.
Gene NorSMB 50:10  Då dei kom til Goren-Ha’atad, som er på hi sida åt Jordan, heldt dei ei stor og ovende vyrdeleg syrgjehøgtid, og han gjorde likferd etter far sin i sju dagar.
Gene NorSMB 50:11  Og då kananitarne, som budde der i landet, såg likferdi i Goren-Ha’atad, sagde dei: «Det er ei drusteleg likferd egyptarane held der!» Difor kallar dei den staden Egyptarvollen. Han er på hi sida åt Jordan.
Gene NorSMB 50:12  So gjorde sønerne hans so med honom som han hadde sagt deim fyre.
Gene NorSMB 50:13  Og dei førde honom til Kana’ans-landet, og jorda honom i helleren på Makpelagjordet, det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne til eigande gravstad, austanfor Mamre.
Gene NorSMB 50:14  Og då Josef hadde jorda far sin, for han attende til Egyptarland, både han og brørne hans og alle dei som hadde vore med honom upp og jorda far hans.
Gene NorSMB 50:15  Då brørne åt Josef såg at far deira var burte, sagde dei: «Berre ikkje Josef kjem til å sitja etter oss gjera oss like for alt det vonde me gjorde mot honom!»
Gene NorSMB 50:16  So sende dei bod til Josef og sagde: «Far din bad oss, fyrr han døydde, at me skulde bera fram dette bodet til deg:
Gene NorSMB 50:17  «So skal de segja med Josef,» sagde han: «Å kjære, gode deg, gløym det brotet og den syndi brørne dine gjorde, då dei for so stygt med deg!» So gløym no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din!» Og Josef gret, då dei tala so til honom.
Gene NorSMB 50:18  So kom brørne hans sjølve og kasta seg å gruve for honom og sagde: «Sjå her kjem me og vil vera tenarane dine!»
Gene NorSMB 50:19  Då sagde Josef: «Ver ikkje rædde! Er då eg i staden åt Guds?
Gene NorSMB 50:20  De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.
Gene NorSMB 50:21  So ver no ikkje rædde! Eg skal syta for dykk og for borni dykkar.» Og han hugga deim og tala blidt til deim.
Gene NorSMB 50:22  Josef vart buande i Egyptarland, både han og farsfolket hans. Og Josef livde hundrad og ti år.
Gene NorSMB 50:23  Og Josef fekk sjå barneborn åt Efraim, og borni åt Makir, son hans Manasse, fekk han og taka i fanget.
Gene NorSMB 50:24  Og Josef sagde med brørne sine: «No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp or dette landet til det landet som han hev lova Abraham og Isak og Jakob.»
Gene NorSMB 50:25  Og Josef tok ein eid av Israels-sønerne, og sagde: «Når Gud kjem og hentar dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.»
Gene NorSMB 50:26  Og Josef døydde, då han var hundrad og ti år gamall, og dei salva liket hans, og lagde det i kista i Egyptarland.