PSALMS
Up
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
67
68
69
70
71
72
73
74
75
76
77
78
79
80
81
82
83
84
85
86
87
88
89
90
91
92
93
94
95
96
97
98
99
100
101
102
103
104
105
106
107
108
109
110
111
112
113
114
115
116
117
118
119
120
121
122
123
124
125
126
127
128
129
130
131
132
133
134
135
136
137
138
139
140
141
142
143
144
145
146
147
148
149
150
Chapter 1
Psal | NorSMB | 1:1 | Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar, | |
Psal | NorSMB | 1:3 | Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med. | |
Psal | NorSMB | 1:5 | Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige. | |
Chapter 2
Psal | NorSMB | 2:2 | Kongarne på jordi reiser seg, og herremennerne legg råd saman imot Herren og den han hev salva: | |
Psal | NorSMB | 2:7 | Eg vil fortelja um ei rådgjerd: Herren sagde til meg: «Du er min son, eg hev født deg i dag. | |
Chapter 3
Chapter 4
Psal | NorSMB | 4:2 | Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn! | |
Psal | NorSMB | 4:3 | De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela. | |
Psal | NorSMB | 4:4 | Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom. | |
Psal | NorSMB | 4:5 | Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! Sela. | |
Psal | NorSMB | 4:7 | Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre! | |
Chapter 5
Psal | NorSMB | 5:4 | Herre, um morgonen vil du høyre mi røyst; um morgonen legg eg mi sak fram for deg og ventar. | |
Psal | NorSMB | 5:5 | For du er ikkje ein Gud som hev hugnad i ugudleg åtferd; den vonde fær ikkje bu hjå deg. | |
Psal | NorSMB | 5:7 | Du let deim som talar lygn ganga under; den blodgiruge og falske mann styggjest Herren ved. | |
Psal | NorSMB | 5:8 | Men eg vil ved di store miskunn ganga inn i ditt hus, vil med otte for deg falla ned framfyre ditt heilage tempel. | |
Psal | NorSMB | 5:9 | Herre, leid meg ved di rettferd, for deira skuld som lurar på meg, jamna din veg for meg! | |
Psal | NorSMB | 5:10 | For det finst ikkje sanning i deira munn; det indre i deim er ein avgrunn; strupen deira er ei opi grav; tunga si gjer dei hål. | |
Psal | NorSMB | 5:11 | Gud, døm dei skuldige! Lat deim falla for sine eigne meinråder, støyt deim ned for deira mange misgjerningar! for dei hev gjort upprør mot deg. | |
Chapter 6
Psal | NorSMB | 6:3 | Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande. | |
Psal | NorSMB | 6:7 | Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje. | |
Psal | NorSMB | 6:8 | Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg. | |
Chapter 7
Psal | NorSMB | 7:5 | dersom eg hev gjort vondt imot den som heldt fred med meg, og plundra den som trengde meg utan orsak: | |
Psal | NorSMB | 7:6 | so lat fienden forfylgja mi sjæl og nå henne og trøda ned mitt liv til jordi og leggja mi æra i moldi! Sela. | |
Psal | NorSMB | 7:7 | Statt upp, Herre, i din vreide! reis deg upp imot ofsen hjå deim som trengjer meg, og vakna upp til hjelp for meg, du som hev påbode dom! | |
Psal | NorSMB | 7:8 | Og lat ei samling av folkeslag standa rundt ikring deg, og far upp att yver deim til det høge! | |
Psal | NorSMB | 7:9 | Herren held dom yver folki. Døm meg, Herre, etter mi rettferd og etter den uskyld som er hjå meg! | |
Psal | NorSMB | 7:10 | Lat då vondskapen hjå dei ugudlege få ende, og styrk den rettferdige! For du er den som prøver hjarto og nyro, ein rettferdig Gud. | |
Psal | NorSMB | 7:13 | So framt ein ikkje vender um, so kvesser han sitt sverd; sin boge hev han spent og gjort ferdig | |
Chapter 8
Psal | NorSMB | 8:2 | Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen. | |
Psal | NorSMB | 8:3 | Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge. | |
Psal | NorSMB | 8:4 | Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand, | |
Psal | NorSMB | 8:5 | kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom! | |
Psal | NorSMB | 8:7 | Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter: | |
Chapter 9
Psal | NorSMB | 9:5 | For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar. | |
Psal | NorSMB | 9:6 | Du hev aga heidningarne, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid. | |
Psal | NorSMB | 9:7 | Fienden er all lagd i øyde til æveleg tid, byarne hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut. | |
Psal | NorSMB | 9:11 | Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje deim som søkjer deg, Herre! | |
Psal | NorSMB | 9:12 | Syng lovsong til Herren som bur på Sion! forkynn millom folki hans store gjerningar! | |
Psal | NorSMB | 9:14 | Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av deim som meg hatar, du som lyfter meg upp frå daudens portar, | |
Psal | NorSMB | 9:15 | so eg kann forkynna all din pris, i portarne åt Sions dotter fagna meg i di frelsa. | |
Psal | NorSMB | 9:16 | Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde. | |
Psal | NorSMB | 9:17 | Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verk hans eigne hender gjorde. Higgajon. Sela. | |
Psal | NorSMB | 9:19 | For den fatige vert ikkje gløymd for alltid, dei arme folks von ikkje spillt i all æva. | |
Chapter 10
Psal | NorSMB | 10:2 | Ved ovmodet hjå dei ugudlege illhugast den arme; lat deim vert fanga i dei meinråder dei hev tenkt upp! | |
Psal | NorSMB | 10:3 | For den ugudlege rosar det hans sjæl lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren. | |
Psal | NorSMB | 10:4 | Den ugudlege set nosi høgt og segjer: «Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til!» det er alle hans tankar. | |
Psal | NorSMB | 10:5 | Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå honom i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - deim blæs han åt. | |
Psal | NorSMB | 10:6 | Han segjer i sitt hjarta: «Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.» | |
Psal | NorSMB | 10:7 | Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka. | |
Psal | NorSMB | 10:8 | Han ligg på lur ved gardarne, på løynlege stader myrder han den uskuldige, hans augo spæjar etter den verjelause. | |
Psal | NorSMB | 10:9 | Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg honom i sitt garn. | |
Psal | NorSMB | 10:11 | Han segjer i sitt hjarta: «Gud hev gløymt det, han hev løynt sitt andlit, han ser det aldri.» | |
Psal | NorSMB | 10:14 | Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja deim i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause. | |
Psal | NorSMB | 10:15 | Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn honom meir! | |
Psal | NorSMB | 10:17 | Herre, du hev høyrt ynskjet frå dei arme, du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til, | |
Chapter 11
Psal | NorSMB | 11:1 | Til songmeisteren; av David. Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjæl: «Fly til dykkar fjell som ein fugl! | |
Psal | NorSMB | 11:2 | For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei hev lagt si pil på strengen til å skjota i myrkret på dei trugne i hjarta. | |
Psal | NorSMB | 11:4 | Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver menneskjeborni. | |
Psal | NorSMB | 11:5 | Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, honom hatar hans sjæl. | |
Psal | NorSMB | 11:6 | Han skal lata snaror regna ned på dei ugudlege, eld og svåvel og glodheit vind vert deim tilmælt i deira staup. | |
Chapter 12
Psal | NorSMB | 12:2 | Frels, Herre! For det er ute med den gudlege, dei trufaste er komne burt frå menneskjeborni. | |
Psal | NorSMB | 12:3 | Lygn talar dei kvar med sin næste, med smeikjande lippa, med tvihuga hjarta talar dei. | |
Psal | NorSMB | 12:5 | deim som segjer: «Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?» | |
Psal | NorSMB | 12:6 | «For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg,» segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.» | |
Psal | NorSMB | 12:7 | Herrens ord er reine ord, eit sylv som er reinsa i verkstaden på jordi, sju gonger skirt. | |
Chapter 13
Psal | NorSMB | 13:2 | Kor lenge, Herre, vil du stendigt gløyma meg? Kor lenge vil du løyna ditt andlit for meg? | |
Psal | NorSMB | 13:3 | Kor lenge skal eg hava sorger i mi sjæl, hugverk i mitt hjarta heile dagen? Kor lenge skal min fiende vera upphøgd yver meg? | |
Psal | NorSMB | 13:4 | Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden, | |
Psal | NorSMB | 13:5 | so min fiende ikkje skal segja: «Eg hev vunne yver honom,» so mine motstandarar ikkje skal fagna seg yver at eg fell. | |
Chapter 14
Psal | NorSMB | 14:1 | Til songmeisteren; av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira gjerning; det er ingen som gjer godt. | |
Psal | NorSMB | 14:2 | Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud. | |
Psal | NorSMB | 14:3 | Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste. | |
Psal | NorSMB | 14:4 | Veit dei då ikkje, alle dei som gjer urett? Dei et upp mitt folk, liksom dei et brød; på Herren kallar dei ikkje. | |
Chapter 15
Psal | NorSMB | 15:1 | Ein salme av David. Herre, kven skal vera gjest i ditt tjeld? Kven skal bu på ditt heilage fjell? | |
Psal | NorSMB | 15:3 | Han baktalar ikkje med si tunga, han gjer ikkje vondt imot sin næste og fører ikkje skam yver den som stend honom nær. | |
Psal | NorSMB | 15:4 | Svivyrdeleg er i hans augo den gudlause, men han ærar deim som ottast Herren. Sver han til sin eigen skade, so bryt han då aldri sin eid. | |
Chapter 16
Psal | NorSMB | 16:4 | Mange sorger skal dei hava som byter åt seg ein annan; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor. | |
Psal | NorSMB | 16:8 | Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka. | |
Psal | NorSMB | 16:9 | Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg, ja, ogso mitt kjøt skal kvila i trygd. | |
Psal | NorSMB | 16:10 | For du vil ikkje yverlata mi sjæl til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang. | |
Chapter 17
Psal | NorSMB | 17:1 | Ei bøn av David. Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå saklause lippor! | |
Psal | NorSMB | 17:3 | Du prøver mitt hjarta, gjestar det um natti, du ransakar meg, du finn ingen ting; min tanke vik ikkje av frå min munn. | |
Psal | NorSMB | 17:4 | Mot det som menneskje hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar. | |
Psal | NorSMB | 17:7 | Vis di underfulle miskunn, du som frelsar deim som flyr til deg, frå deim som stend imot di høgre hand! | |
Psal | NorSMB | 17:11 | Kvar me gjeng, kringgjeng dei oss no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi. | |
Psal | NorSMB | 17:13 | Statt upp, Herre, stig fram imot honom, støyt honom ned, frels mi sjæl frå den ugudlege med ditt sverd, | |
Psal | NorSMB | 17:14 | frå menner med di hand, Herre, frå menner av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine avleivor etter seg til sine born! | |
Chapter 18
Psal | NorSMB | 18:1 | Til songmeisteren; av Herrens tenar David, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dag då Herren hadde frelst honom frå alle hans fiendar og frå Saul. | |
Psal | NorSMB | 18:3 | Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg. | |
Psal | NorSMB | 18:7 | I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt rop kom for hans andlit, til hans øyro. | |
Psal | NorSMB | 18:8 | Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid. | |
Psal | NorSMB | 18:9 | Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; gloande kol loga frå honom. | |
Psal | NorSMB | 18:12 | Og han gjorde myrker til sitt åklæde rundt ikring seg, til sitt tjeld myrke vatn, tjukke skyer. | |
Psal | NorSMB | 18:15 | Og han sende ut sine piler og spreidde deim ikring, og eldingar i mengd og fortulla deim. | |
Psal | NorSMB | 18:16 | Då kom djupålarne i vatnom til synes, og grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase. | |
Psal | NorSMB | 18:18 | Han frelste meg frå min megtige fiende og frå mine hatarar, for dei var meg for sterke. | |
Psal | NorSMB | 18:21 | Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender. | |
Psal | NorSMB | 18:25 | Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo. | |
Psal | NorSMB | 18:26 | Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande mann syner du deg ulastande, | |
Psal | NorSMB | 18:31 | Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom. | |
Psal | NorSMB | 18:36 | Og du gav meg di frelsa til skjold, di høgre hand studde meg, og di småminking gjorde meg stor. | |
Psal | NorSMB | 18:38 | Eg forfylgde mine fiendar og nådde deim og vende ikkje um fyrr eg hev gjort av med deim. | |
Psal | NorSMB | 18:40 | Og du gyrde meg med kraft til striden; du bøygde under meg deim som stod upp imot meg. | |
Psal | NorSMB | 18:44 | Du frelste meg frå folke-ufred; du sette meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjende, tente meg. | |
Psal | NorSMB | 18:49 | som frelser meg frå mine fiendar; ja - du lyfter meg høgt yver deim som stend imot meg, frå valdsmannen bergar du meg. | |
Chapter 19
Psal | NorSMB | 19:3 | Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap. | |
Psal | NorSMB | 19:5 | Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim. | |
Psal | NorSMB | 19:6 | Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid. | |
Psal | NorSMB | 19:7 | Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite. | |
Psal | NorSMB | 19:8 | Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis. | |
Psal | NorSMB | 19:9 | Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo. | |
Psal | NorSMB | 19:10 | Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman. | |
Psal | NorSMB | 19:11 | Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne. | |
Chapter 20
Psal | NorSMB | 20:6 | Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner! | |
Psal | NorSMB | 20:7 | No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand. | |
Psal | NorSMB | 20:8 | Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud. | |
Chapter 21
Psal | NorSMB | 21:3 | Det hans hjarta ynskte, hev du gjeve honom og ikkje neitta honom det hans lippor bad um. Sela. | |
Psal | NorSMB | 21:4 | For du kom honom til møtes med velsigning av gode ting; du sette ei kruna av gull på hans hovud. | |
Psal | NorSMB | 21:7 | For du set honom til velsigning for alle tider, du hugnar honom med gleda for di åsyn. | |
Psal | NorSMB | 21:8 | For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka. | |
Psal | NorSMB | 21:10 | Du skal gjera deim som ein gloande omn, når du viser di åsyn; Herren skal rydja deim ut i sin vreide, og eld fortæra deim. | |
Chapter 22
Psal | NorSMB | 22:2 | Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa. | |
Psal | NorSMB | 22:3 | Min Gud! eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja. | |
Psal | NorSMB | 22:9 | «Legg det på Herren! han frelse honom, han berge honom, sidan han hev hugnad i honom!» | |
Psal | NorSMB | 22:10 | Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet. | |
Psal | NorSMB | 22:15 | Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv. | |
Psal | NorSMB | 22:16 | Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til min gom, og du legg meg ned i daudens dust. | |
Psal | NorSMB | 22:17 | For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter. | |
Psal | NorSMB | 22:24 | De som ottast Herren, lova honom, all Jakobs ætt, æra honom, og hav age for honom, all Israels ætt! | |
Psal | NorSMB | 22:25 | For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom, og ikkje løynt si åsyn for honom; men då han ropa til honom, høyrde han. | |
Psal | NorSMB | 22:26 | Frå deg kjem min lovsong i ein stor ålmuge; eg vil avgjera mine lovnader for deira augo som ottast honom. | |
Psal | NorSMB | 22:27 | Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid! | |
Psal | NorSMB | 22:28 | Alle endarne av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle heidninge-ætter skal tilbeda for di åsyn. | |
Psal | NorSMB | 22:30 | Alle rikmenner på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne, alle dei som stig ned i dusti, og den som ikkje kann halda si sjæl i live. | |
Chapter 23
Psal | NorSMB | 23:2 | Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila. | |
Psal | NorSMB | 23:4 | Endå um eg gjeng i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg. | |
Psal | NorSMB | 23:5 | Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup. | |
Chapter 24
Psal | NorSMB | 24:1 | Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det. | |
Psal | NorSMB | 24:4 | Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik. | |
Psal | NorSMB | 24:6 | Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela. | |
Psal | NorSMB | 24:7 | De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! | |
Psal | NorSMB | 24:9 | De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! | |
Chapter 25
Psal | NorSMB | 25:2 | Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar; lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg! | |
Psal | NorSMB | 25:3 | Ja, ingen av deim som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar, som utan årsak bryt si tru. | |
Psal | NorSMB | 25:5 | Leid meg fram i di sanning og lær meg! for du er Gud, min frelsar, på deg ventar eg all dagen. | |
Psal | NorSMB | 25:7 | Kom ikkje i hug min ungdoms synder og mine misgjerningar; kom meg i hug etter di miskunn for din godhug skuld, Herre! | |
Psal | NorSMB | 25:10 | Alle Herrens stigar er nåde og sanning mot deim som held hans pakt og hans vitnemål. | |
Chapter 26
Psal | NorSMB | 26:1 | Av David. Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg. | |
Chapter 27
Psal | NorSMB | 27:1 | Av David. Herren er mitt ljos og mi frelsa, kven skulde eg ottast for? Herren er verni for mitt liv, kven skulde eg ræddast for? | |
Psal | NorSMB | 27:2 | Når illmenne søkjer på meg og vil eta mitt kjøt, mine motstandarar og mine fiendar, so snåvar og fell dei sjølve. | |
Psal | NorSMB | 27:3 | Um ein her lægrar seg imot meg, so ottast ikkje mitt hjarta; um ufred reiser seg imot meg, er eg endå hugheil. | |
Psal | NorSMB | 27:4 | Eitt hev eg bede Herren um, det stundar eg etter: at eg må bu i Herrens hus alle mine livdagar, so eg kann skoda Herrens ynde og grunda i hans tempel. | |
Psal | NorSMB | 27:5 | For han gøymer meg i sitt hus på den vonde dag, han løyner meg i løynrom i sitt tjeld; han fører meg upp på eit berg. | |
Psal | NorSMB | 27:6 | Og no skal mitt hovud vera upphøgd seg yver mine fiendar rundt ikring meg, og eg vil bera fram offer med fagnadljod i hans tjeld, eg vil syngja og leika for Herren. | |
Psal | NorSMB | 27:9 | Løyn ikkje di åsyn for meg, vis ikkje din tenar frå deg i vreide! Du hev vore mi hjelp. Støyt meg ikkje burt og forlat meg ikkje, du Gud som er mi frelsa! | |
Psal | NorSMB | 27:11 | Lær meg, Herre, din veg, og leid meg på den jamne stig for deira skuld som lurer på meg! | |
Psal | NorSMB | 27:12 | Gjev meg ikkje til deira mordhug som trengjer meg! for falske vitne stend upp imot meg, og folk som frøser av vald. | |
Chapter 28
Psal | NorSMB | 28:1 | Av David. @Til deg, Herre, ropar eg: mitt berg, ver ikkje tagall imot meg, so eg ikkje, når du tegjer til meg, skal verta lik deim som fer ned i gravi! | |
Psal | NorSMB | 28:2 | Høyr røysti av mine audmjuke bøner, når eg ropar til deg, når eg lyfter mine hender til din heilage høgkor. | |
Psal | NorSMB | 28:3 | Riv meg ikkje burt med dei ugudlege og med ugjerningsmenner, dei som talar um fred med sin næste, men med vondt i sitt hjarta. | |
Psal | NorSMB | 28:4 | Gjev deim etter deira gjerning og etter vondskapen i deira verk! Gjev deim etter det deira hender hev gjort, løn deim som dei hev fortent! | |
Psal | NorSMB | 28:5 | For dei legg ikkje merke til Herrens gjerningar eller til verket av hans hender; han vil riva deim ned og ikkje byggja deim upp. | |
Psal | NorSMB | 28:7 | Herren er min styrke og min skjold; på honom leit mitt hjarta, og eg fekk hjelp. Difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa honom med min song. | |
Chapter 29
Psal | NorSMB | 29:3 | Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatn. | |
Psal | NorSMB | 29:8 | Herrens røyst fær øydemarki til å skjelva, Herren fær øydemarki ved Kades til å skjelva. | |
Psal | NorSMB | 29:9 | Herrens røyst fær hindarne til å kalva og snøyder skogarne, og i hans tempel segjer alt: «Æra!» | |
Chapter 30
Psal | NorSMB | 30:2 | Høgt vil eg lova deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg. | |
Psal | NorSMB | 30:4 | Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi. | |
Psal | NorSMB | 30:6 | For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men til morgons vert det gledesong. | |
Psal | NorSMB | 30:8 | Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd. | |
Psal | NorSMB | 30:10 | «Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann mold prisa deg, forkynna din truskap? | |
Chapter 31
Psal | NorSMB | 31:2 | Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd! | |
Psal | NorSMB | 31:3 | Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg! | |
Psal | NorSMB | 31:8 | Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjælenaud. | |
Psal | NorSMB | 31:10 | Ver meg nådig, Herre, for eg vert trengd! Mitt auga er upptært av hugverk, ja, mi sjæl og min likam. | |
Psal | NorSMB | 31:11 | For mitt liv kverv burt med sorg, og mine år med sukk; mi kraft fell av for mi misgjerning skuld, og mine bein er utmødde. | |
Psal | NorSMB | 31:12 | For alle mine motstandarar skuld hev eg vorte til skam, ja, til stor skam for mine grannar, og til skræma for mine kjenningar; dei som ser meg på gata, flyr undan for meg. | |
Psal | NorSMB | 31:13 | Eg er gløymd som ein daud mann, ute or hjarta; eg hev vorte som eit sundbrotnande kjerald. | |
Psal | NorSMB | 31:14 | For eg høyrer baktale av mange, rædsla rundt ikring, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv. | |
Psal | NorSMB | 31:16 | I di hand stend mine tider; berga meg or handi på mine fiendar, og frå deim som forfylgjer meg!. | |
Psal | NorSMB | 31:18 | Herre, lat meg ikkje verta til skammar, for eg ropar til deg; lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen! | |
Psal | NorSMB | 31:19 | Lat lygn-lippor verta mållause som talar skamdjervt mot den rettferdige, med ovmod og uvyrdnad! | |
Psal | NorSMB | 31:20 | Kor stor er din godhug, som du hev gøymt åt deim som ottast deg, som du hev vist mot deim som flyr til deg, for augo på menneskjeborni! | |
Psal | NorSMB | 31:21 | Du løyner deim i løynrom for di åsyn mot samansvorne menner, du gøymer deim i ei bud mot kiv av tungor. | |
Psal | NorSMB | 31:23 | Og eg, eg sagde i mi hugsott: «Eg er burtriven frå dine augo!» men endå høyrde du røysti av mine audmjuke bøner, då eg ropa til deg. | |
Chapter 32
Psal | NorSMB | 32:1 | Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd! | |
Psal | NorSMB | 32:2 | Sælt er det menneskje som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd! | |
Psal | NorSMB | 32:4 | For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela. | |
Psal | NorSMB | 32:5 | Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. Sela. | |
Psal | NorSMB | 32:6 | Difor skal kvar som er trugen beda til deg den tid du er finnande; sanneleg, um store vatsfløde kjem, til honom skal dei ikkje nå. | |
Psal | NorSMB | 32:7 | Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela. | |
Psal | NorSMB | 32:8 | Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg. | |
Psal | NorSMB | 32:9 | Ver ikkje som hest og muldyr som ikkje hev vit: deira prydnad er taum og beisl til å tvinga deim, elles kjem dei ikkje nær til deg. | |
Psal | NorSMB | 32:10 | Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, honom kransar han med miskunn. | |
Chapter 33
Psal | NorSMB | 33:12 | Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv. | |
Psal | NorSMB | 33:16 | Ein konge vert ikkje frelst ved sin store styrke, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft. | |
Chapter 34
Psal | NorSMB | 34:1 | Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt. | |
Psal | NorSMB | 34:6 | Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast. | |
Psal | NorSMB | 34:7 | Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor. | |
Psal | NorSMB | 34:8 | Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut. | |
Psal | NorSMB | 34:11 | Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt. | |
Psal | NorSMB | 34:19 | Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd. | |
Chapter 35
Psal | NorSMB | 35:1 | Av David. Herre, før mi sak mot deim som hev sak mot meg! Strid mot deim som strider mot meg! | |
Psal | NorSMB | 35:3 | Drag spjotet fram og steng vegen for deim som forfylgjer meg! Seg til mi sjæl: «Eg er di frelsa!» | |
Psal | NorSMB | 35:4 | Lat deim blygjast og skjemmast, som stend meg etter livet! Lat deim vika attende med skam, som vil meg noko vondt! | |
Psal | NorSMB | 35:7 | For utan orsak hev dei løynt si grav med garn åt meg, utan orsak hev dei grave ei grav for mitt liv. | |
Psal | NorSMB | 35:8 | Lat tjon koma yver honom, når han ikkje veit det, og det garn han løynde fanga honom; lat honom falla i det til sitt tjon! | |
Psal | NorSMB | 35:10 | Alle mine bein skal segja: «Herre, kven er som du, du som friar den arme frå ein som er honom for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar honom?» | |
Psal | NorSMB | 35:13 | Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjæl med fasta, og mi bøn vende att til min barm. | |
Psal | NorSMB | 35:14 | Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og svartklædd, som ein som syrgjer på mor si. | |
Psal | NorSMB | 35:15 | Men no, då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; det flokkast mot meg fantar og folk eg ikkje kjenner; dei riv sund og kviler ikkje. | |
Psal | NorSMB | 35:17 | Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjæl undan deira herverk, mitt einaste frå unge løvor! | |
Psal | NorSMB | 35:19 | Lat deim som utan grunn er mine fiendar ikkje gleda seg yver meg! Lat deim som hatar meg utan orsak ikkje blinka med auga! | |
Psal | NorSMB | 35:21 | Og dei riv sin munn vidt upp imot meg, dei segjer: «Ha, ha! Vårt auga hev set det!» | |
Psal | NorSMB | 35:23 | Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak! | |
Psal | NorSMB | 35:25 | Lat deim ikkje segja i sitt hjarta: «Ha, det er vår lyst!» Lat deim ikkje segja: «Me hev gløypt honom upp!» | |
Psal | NorSMB | 35:26 | Lat deim skjemmast og blygjast alle saman som gled seg i mi ulukka; lat deim klæda seg i skam og skjemsla, dei som høgmodast yver meg! | |
Psal | NorSMB | 35:27 | Lat deim fagna seg og gleda seg, som unner meg min rett, og lat deim alltid segja: «Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng honom godt!» | |
Chapter 36
Psal | NorSMB | 36:2 | Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, kjenner eg i mitt inste hjarta. Ingen ræddhug for Gud er det for hans augo. | |
Psal | NorSMB | 36:4 | Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt. | |
Psal | NorSMB | 36:5 | Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde. | |
Psal | NorSMB | 36:7 | Di rettferd er som Guds fjellhøgder, dine domar er ei stort havdjup; menneskje og dyr frelser du, Herre! | |
Psal | NorSMB | 36:8 | Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer. | |
Psal | NorSMB | 36:9 | Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du deim å drikka. | |
Psal | NorSMB | 36:11 | Lat di miskunn vara lenge for deim som kjenner deg, og di rettferd for dei trurøkne i hjarta! | |
Chapter 37
Psal | NorSMB | 37:1 | Av David. Vreidskast ikkje yver illgjerningsmennerne, harmast ikkje yver deim som gjer urett! | |
Psal | NorSMB | 37:7 | Ver still for Herren og stunda på honom! Vreidast ikkje yver den som hev lukka på sin veg, den mannen som legg upp meinråd! | |
Psal | NorSMB | 37:9 | For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet. | |
Psal | NorSMB | 37:10 | Og um ei liti stund er den ugudlege ikkje til, og legg du merke til hans stad, so er han der ikkje. | |
Psal | NorSMB | 37:14 | Dei ugudlege dreg sverdet og spenner sin boge til å fella den arme og fatige og myrda deim som fer ærleg fram. | |
Psal | NorSMB | 37:18 | Herren kjenner dei dagar dei ulastande skal liva, og deira arv skal vara til æveleg tid. | |
Psal | NorSMB | 37:19 | Dei skal ikkje verta til skammar i den vonde tid, og i hungers dagar skal dei verta mette. | |
Psal | NorSMB | 37:20 | For dei ugudlege skal ganga til grunnar, og Herrens fiendar som blomeskrud på engjar; dei kverv som røyk, kverv burt. | |
Psal | NorSMB | 37:22 | For dei han velsignar, skal erva landet; men dei han forbannar, skal verta utrudde. | |
Psal | NorSMB | 37:25 | Eg hev vore ung og vorte gamall, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød. | |
Psal | NorSMB | 37:28 | For Herren elskar rett og forlet ikkje sine trugne; til æveleg tid vert dei haldne uppe; men avkjøme av ugudlege vert utrudt. | |
Psal | NorSMB | 37:33 | Herren yvergjev honom ikkje i hans hand og fordømer honom ikkje, når han vert dømd. | |
Psal | NorSMB | 37:34 | Venta på Herren og haldt deg på hans veg! so skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde. | |
Psal | NorSMB | 37:35 | Eg såg ein ugudleg ovrikjen mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv. | |
Psal | NorSMB | 37:36 | Men han gjekk burt, og sjå, han var ikkje meir, og eg leita etter honom, men han vart ikkje funnen. | |
Psal | NorSMB | 37:37 | Merk deg den ulastande mann, og sjå på den rett-tenkte, at freds mann hev ei framtid. | |
Chapter 38
Psal | NorSMB | 38:4 | Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld; det er ikkje fred i mine bein for mi synd skuld. | |
Psal | NorSMB | 38:5 | For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge. | |
Psal | NorSMB | 38:11 | Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg. | |
Psal | NorSMB | 38:12 | Mine vener og frendar held seg undan frå mi plåga, og mine næmaste stend langt burte. | |
Psal | NorSMB | 38:13 | Og dei som ligg etter mitt liv, dei legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, dei talar um undergang og tenkjer på svik heile dagen. | |
Psal | NorSMB | 38:14 | Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus som ikkje let upp sin munn. | |
Psal | NorSMB | 38:17 | For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.» | |
Psal | NorSMB | 38:20 | Og mine fiendar liver, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan orsak. | |
Chapter 39
Psal | NorSMB | 39:2 | Eg sagde: «Eg vil vakta mine vegar, so eg ikkje syndar med mi tunga; eg vil leggja taum på min munn, so lenge den ugudlege er meg for augo.» | |
Psal | NorSMB | 39:3 | Eg tagna og var kurende still; eg tagde utan von um lukka, men mi liding vart rørd upp. | |
Psal | NorSMB | 39:4 | Mitt hjarta brann i min barm; ved mi grunding kveiktest eld - eg tala med mi tunga. | |
Psal | NorSMB | 39:5 | Herre, lat meg få vita min ende og målet på mine dagar, kva det er; lat meg vita kor snargjengd eg er! | |
Psal | NorSMB | 39:6 | Sjå, som ei lovebreidd hev du sett mine dagar, og mi livstid er som ingen ting for deg; berre som den tome fåfengd er kvart menneskje sett her. Sela. | |
Psal | NorSMB | 39:7 | Berre som ein skugge gjeng mannen ikring, berre til fåfengs ståkar dei; han dungar i hop og veit ikkje kven som skal sanka det inn. | |
Psal | NorSMB | 39:12 | Tuktar du ein mann med refsing for skuld, so fortærer du hans fagerleik som motten. Berre fåfengd er kvart menneskje. Sela. | |
Chapter 40
Psal | NorSMB | 40:3 | Og han drog meg upp or den tynande grav, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine stig støde. | |
Psal | NorSMB | 40:4 | Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren. | |
Psal | NorSMB | 40:5 | Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovlåtne og til deim som vik av til lygn. | |
Psal | NorSMB | 40:6 | Herre, min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg forkynna og tala um deim, er dei for mange til å telja. | |
Psal | NorSMB | 40:7 | Slagtoffer og grjonoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje. | |
Psal | NorSMB | 40:10 | Eg bar det gode bod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det. | |
Psal | NorSMB | 40:11 | Eg løynde ikkje di rettferd inne i mitt hjarta, eg tala um din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling. | |
Psal | NorSMB | 40:12 | Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg. | |
Psal | NorSMB | 40:13 | For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, og eg kan ikkje sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg. | |
Psal | NorSMB | 40:15 | Lat deim verta til skam og spott alle saman som stend etter mitt liv og vil riva det burt! Lat deim vika attende og skjemnast, som hev hugnad i mi ulukka! | |
Chapter 41
Psal | NorSMB | 41:3 | Herren skal verja honom og halda honom i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva honom til hans mordgiruge fiendar. | |
Psal | NorSMB | 41:7 | Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, so gjeng han ut og talar um det. | |
Psal | NorSMB | 41:8 | Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som gjer meg vondt: | |
Psal | NorSMB | 41:10 | Ja, endå den som eg livde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg. | |
Psal | NorSMB | 41:12 | På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg. | |
Chapter 42
Psal | NorSMB | 42:3 | Mi sjæl tyrster etter Gud, etter den livande Gud. Når skal eg koma og syna meg for Guds åsyn? | |
Psal | NorSMB | 42:4 | Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?» | |
Psal | NorSMB | 42:5 | Dette må eg koma i hug og tøma ut mi sjæl hjå meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med deim til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum. | |
Psal | NorSMB | 42:6 | Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og bruser i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom for frelsa frå hans andlit. | |
Psal | NorSMB | 42:7 | Min Gud! Mi sjæl er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgderne, frå det vesle fjell. | |
Psal | NorSMB | 42:8 | Vatsflod ropar til vatsflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg. | |
Psal | NorSMB | 42:9 | Um dagen sender Herren sin nåde, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud. | |
Psal | NorSMB | 42:10 | Eg må segja til Gud, mitt berg: «Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?» | |
Chapter 43
Psal | NorSMB | 43:1 | Døm meg, Gud, og før mi sak mot folk utan miskunn, frels meg frå falsk og rettarlaus mann! | |
Psal | NorSMB | 43:2 | For du er den Gud som er mi vern. Kvi hev du støytt meg burt? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk? | |
Psal | NorSMB | 43:3 | Send ditt ljos og di sanning, lat deim leida meg, lat deim føra meg til ditt heilage fjell og til dine bustader, | |
Psal | NorSMB | 43:4 | so eg kann koma til Guds altar, til Gud, min fagnad og mi gleda, og lova deg på cither, Gud, min Gud! | |
Chapter 44
Psal | NorSMB | 44:2 | Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar. | |
Psal | NorSMB | 44:3 | Du dreiv ut heidningarne med di hand, men deim planta du; du øydelagde folkeslag, men deim breidde du ut. | |
Psal | NorSMB | 44:4 | For ikkje med sitt sverd vann dei landet, og deira arm gav deim ikkje siger, men di høgre hand og din arm og ditt andlits ljos; for du hadde hugnad i deim. | |
Psal | NorSMB | 44:6 | Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me treda under føter deim som reiser seg imot oss. | |
Psal | NorSMB | 44:8 | Men du gjev oss siger yver våre fiendar, og deim som hatar oss, gjer du til skammar. | |
Psal | NorSMB | 44:10 | Og endå hev du støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar. | |
Psal | NorSMB | 44:12 | Du gjev oss burt som sauer til å eta upp, og spreider oss ikring millom heidningarne. | |
Psal | NorSMB | 44:14 | Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for deim som bur ikring oss. | |
Psal | NorSMB | 44:15 | Du gjer oss til eit ordtøke millom heidningarne; dei rister på hovudet åt oss millom folki. | |
Chapter 45
Psal | NorSMB | 45:1 | Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik. | |
Psal | NorSMB | 45:2 | Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn. | |
Psal | NorSMB | 45:3 | Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid. | |
Psal | NorSMB | 45:5 | Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk. | |
Psal | NorSMB | 45:6 | Din piler er kveste - so folk fell under deg - dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar. | |
Psal | NorSMB | 45:7 | Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike. | |
Psal | NorSMB | 45:8 | Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør. | |
Psal | NorSMB | 45:9 | Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik. | |
Psal | NorSMB | 45:10 | Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir. | |
Psal | NorSMB | 45:12 | og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom. | |
Psal | NorSMB | 45:15 | I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg. | |
Chapter 46
Psal | NorSMB | 46:3 | Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet, | |
Psal | NorSMB | 46:10 | Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld. | |
Chapter 47
Chapter 48
Psal | NorSMB | 48:3 | Fager i si høgd, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, staden til den store kongen. | |
Psal | NorSMB | 48:9 | Liksom me hev høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers drotts by, i vår Guds by, Gud gjer honom fast til æveleg tid. Sela. | |
Psal | NorSMB | 48:11 | Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endarne av jordi; di høgre hand er full av rettferd. | |
Chapter 49
Psal | NorSMB | 49:6 | Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg, | |
Psal | NorSMB | 49:11 | Nei, han må sjå: Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre. | |
Psal | NorSMB | 49:12 | Deira inste tanke er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn. | |
Psal | NorSMB | 49:13 | Men eit menneskje i høg vyrdnad vert ikkje verande; han er lik dyri, dei må tagna. | |
Psal | NorSMB | 49:14 | So gjeng det deim som er fulle av tru til seg sjølve, og etter deim fylgjer dei som likar deira tale. Sela. | |
Psal | NorSMB | 49:15 | Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter deim, og dei trurøkne tred deim ned, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger. | |
Psal | NorSMB | 49:16 | Men Gud skal løysa ut mi sjæl or handi på helheimen; for han skal taka meg til seg. Sela. | |
Psal | NorSMB | 49:18 | For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans æra skal ikkje fara ned etter honom. | |
Psal | NorSMB | 49:19 | Um han og velsignar si sjæl i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar, | |
Chapter 50
Psal | NorSMB | 50:1 | Ein salme av Asaf. Gud, Gud Herren talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad. | |
Psal | NorSMB | 50:3 | Vår Gud kjem og skal ikkje tegja. For hans åsyn gjeng etande eld, og ikring honom stormar det sterkt. | |
Psal | NorSMB | 50:12 | Um eg var hungrig, vilde eg ikkje segja det til deg; for meg høyrer jordriket til med alt det som fyller det. | |
Psal | NorSMB | 50:15 | og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.» | |
Psal | NorSMB | 50:16 | Men til den ugudlege segjer Gud: «Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn, | |
Psal | NorSMB | 50:21 | Dette gjorde du, og eg tagde; so tenkte du eg var liksom du sjølv; men eg vil yvertyda deg og leggja det fram for deg. | |
Psal | NorSMB | 50:22 | Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva burt, og ingen frelser. | |
Chapter 51
Psal | NorSMB | 51:6 | Mot deg einast hev eg synda og gjort det som vondt er i dine augo, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer. | |
Psal | NorSMB | 51:9 | Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø! | |
Psal | NorSMB | 51:16 | Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd. | |
Psal | NorSMB | 51:18 | For du hev ikkje lyst til slagtoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad. | |
Chapter 52
Psal | NorSMB | 52:2 | då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sagde til honom: «David er komen i Ahimeleks hus.» | |
Psal | NorSMB | 52:7 | So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg upp frå tjeldet og rydja deg ut or livsens land. Sela. | |
Psal | NorSMB | 52:9 | «Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si vern, men sette si lit til sin store rikdom og sette sin styrke i sin vondskap.» Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus; eg set mi lit til Guds nåde æveleg og alltid. Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil vona på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne. | |
Chapter 53
Psal | NorSMB | 53:2 | Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira misgjerning; det er ingen som gjer godt. | |
Psal | NorSMB | 53:3 | Gud skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud. | |
Psal | NorSMB | 53:4 | Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det er ikkje ein einaste. | |
Psal | NorSMB | 53:5 | Veit dei det då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje. | |
Psal | NorSMB | 53:6 | Då vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt. Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg. | |
Chapter 54
Psal | NorSMB | 54:5 | For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela. | |
Chapter 55
Psal | NorSMB | 55:3 | Gjev gaum etter meg og svara meg! Eg er uroleg med mine sorgfyllte tankar, og eg må stynja | |
Psal | NorSMB | 55:4 | for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege. For dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg. | |
Psal | NorSMB | 55:7 | Og eg segjer: «Å, hadde eg vengjer som duva, då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad. | |
Psal | NorSMB | 55:13 | For ikkje min fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for honom. | |
Psal | NorSMB | 55:15 | me som hadde huglegt samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus med den glade hop. | |
Psal | NorSMB | 55:16 | Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta. | |
Psal | NorSMB | 55:19 | Han løyser ut mi sjæl frå strid mot meg og gjev meg fred, for mange er dei mot meg. | |
Psal | NorSMB | 55:20 | Gud skal høyra og svara deim - han sit frå fordoms tid, sela - deim som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud. | |
Psal | NorSMB | 55:22 | Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd. | |
Chapter 56
Psal | NorSMB | 56:1 | Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat. | |
Psal | NorSMB | 56:2 | Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid. | |
Psal | NorSMB | 56:3 | Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg. | |
Psal | NorSMB | 56:5 | Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg? | |
Psal | NorSMB | 56:6 | Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er. | |
Psal | NorSMB | 56:7 | Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt. | |
Psal | NorSMB | 56:9 | Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok? | |
Psal | NorSMB | 56:10 | Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg. | |
Chapter 57
Psal | NorSMB | 57:1 | Til songmeisteren, etter «tyn ikkje»; av David, ein miktam, då han flydde for Saul inn i helleren. | |
Psal | NorSMB | 57:2 | Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjæl, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd, til dess ulukka gjeng yver. | |
Psal | NorSMB | 57:4 | Han vil senda frå himmelen og hjelpa meg, når han som vil sluka meg, spottar. Sela. Gud vil senda si miskunn og sin truskap. | |
Psal | NorSMB | 57:5 | Mi sjæl er millom løvor, eg må liggja millom deim som spruter eld, millom menneskjeborn som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd. | |
Psal | NorSMB | 57:7 | Dei set garn for mine stig, mi sjæl er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela. | |
Chapter 58
Psal | NorSMB | 58:2 | Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn? | |
Psal | NorSMB | 58:3 | Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender. | |
Psal | NorSMB | 58:7 | Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor! | |
Psal | NorSMB | 58:8 | Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd! | |
Psal | NorSMB | 58:9 | Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli. | |
Psal | NorSMB | 58:10 | Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn. | |
Chapter 59
Psal | NorSMB | 59:1 | Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David; ein miktam, då Saul sende folk som gjætte på huset og vilde drepa honom. | |
Psal | NorSMB | 59:4 | For sjå, dei ligg på lur etter mi sjæl, sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan mi misgjerd og utan mi synd. | |
Psal | NorSMB | 59:6 | Ja du, Herre, allhers drott, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela. | |
Psal | NorSMB | 59:8 | Sjå, dei let det gøysa ut or munnen sin, der er sverd i deira lippor, for: «Kven høyrer?» | |
Psal | NorSMB | 59:11 | Min Gud vil møta meg med si nåde, Gud vil lata meg sjå med lyst på deim som lurer på meg. | |
Psal | NorSMB | 59:12 | Drep deim ikkje, at ikkje mitt folk skal gløyma det! Driv deim ikring ved di magt og støyt deim ned, du Herre, vår skjold! | |
Psal | NorSMB | 59:13 | Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat deim so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar! | |
Psal | NorSMB | 59:14 | Gjer ende på deim i vreide, gjer ende på deim, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at Gud er Herre i Jakob, alt til endarne av jordi! Sela. | |
Chapter 60
Psal | NorSMB | 60:2 | då han stridde med syrarar frå Mesopotamia og syrarar frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen. | |
Psal | NorSMB | 60:3 | Gud, du hev støytt oss burt, du hev rive oss sund, du hev vore vreid, kveik oss upp att! | |
Psal | NorSMB | 60:4 | Du hev fenge landet til å skjelva og rivna; bøt du bresterne, for det stend ikkje stødt! | |
Psal | NorSMB | 60:6 | Men du hev gjeve deim som ottast deg eit merke til å hevja seg for sanning skuld. Sela. | |
Psal | NorSMB | 60:7 | At dei du elskar må verta frelste, so hjelp oss no med di høgre hand, og bønhøyr oss! | |
Psal | NorSMB | 60:8 | Gud hev tala i sin heilagdom: «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla. | |
Psal | NorSMB | 60:9 | Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav. | |
Psal | NorSMB | 60:10 | Moab er mitt vaskarfat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt for meg, du Filistarland!» | |
Chapter 61
Psal | NorSMB | 61:3 | Frå enden av jordi ropar eg til deg, medan hjarta vanmegtast; på eit fjell som er for høgt for meg, må du føra meg upp. | |
Psal | NorSMB | 61:6 | For du, Gud, hev høyrt på mine lovnader, deim som ottast ditt namn, hev du gjeve deira arv. | |
Chapter 62
Psal | NorSMB | 62:3 | Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje. | |
Psal | NorSMB | 62:4 | Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg? | |
Psal | NorSMB | 62:5 | Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela. | |
Psal | NorSMB | 62:9 | Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela. | |
Psal | NorSMB | 62:10 | Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman. | |
Psal | NorSMB | 62:11 | Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det! | |
Chapter 63
Psal | NorSMB | 63:2 | Gud, du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjæl tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmagt utan vatn. | |
Psal | NorSMB | 63:5 | Soleis vil eg lova deg so lenge eg liver, i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender. | |
Psal | NorSMB | 63:6 | Som av merg og feitt skal mi sjæl verta mett, og med lovsyngjande lippor skal min munn prisa deg. | |
Psal | NorSMB | 63:10 | Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi. | |
Chapter 64
Psal | NorSMB | 64:6 | Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?» | |
Psal | NorSMB | 64:7 | Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt. | |
Psal | NorSMB | 64:9 | Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet. | |
Chapter 65
Psal | NorSMB | 65:2 | Gud, dei er stille for deg og prisar deg på Sion, og dei gjev deg det dei hev lova. | |
Psal | NorSMB | 65:5 | Sæl er den som du vel ut og let koma nær, so han bur i dine fyregardar; me vil metta oss med det gode i ditt hus, ditt heilage tempel. | |
Psal | NorSMB | 65:6 | Med skræmelege gjerningar bønhøyrer du oss i rettferd, du, vår Frelse-Gud, ei livd for alle heimsens endar og havet langt burte. | |
Psal | NorSMB | 65:9 | Og dei som bur ved endarne av jordi, ræddast for dine teikn, heimen for morgon og kveld fyller du med lovsong. | |
Psal | NorSMB | 65:10 | Du hev gjesta jordi og gjeve henne ovnøgd, du hev gjort henne ovleg rik, Guds bekk er full av vatn. Du hev laga til korn for folk, for soleis laga du jordi til. | |
Psal | NorSMB | 65:11 | Du vatna hennar plogforer, jamna dei med upp-pløgde åkrar, du bløytte henne med regnskurer, velsigna hennar grøda. | |
Chapter 66
Psal | NorSMB | 66:3 | Seg til Gud: «Kor skræmelege dine verk er! For di store magt skuld må dine fiendar gjøla for deg. | |
Psal | NorSMB | 66:6 | Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i honom. | |
Psal | NorSMB | 66:7 | Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningarne; dei tråssuge må ikkje upphøgja seg. Sela. | |
Psal | NorSMB | 66:12 | Du let menneskje fara yver vårt hovud, me kom i eld og vatn - men du førde oss ut til uppkveikjing. | |
Psal | NorSMB | 66:15 | Brennoffer av feite sauer vil eg ofra til deg med eim av verar, eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela. | |
Psal | NorSMB | 66:16 | Kom og høyr, so vil eg fortelja, alle de som ottast Gud, kva han hev gjort for mi sjæl. | |
Chapter 67
Psal | NorSMB | 67:5 | Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela. | |
Chapter 68
Psal | NorSMB | 68:2 | Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar honom, flyr for hans åsyn. | |
Psal | NorSMB | 68:3 | Liksom røyk driv burt, so driv du deim burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunnar for Guds åsyn. | |
Psal | NorSMB | 68:4 | Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda. | |
Psal | NorSMB | 68:5 | Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn! | |
Psal | NorSMB | 68:7 | Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende. | |
Psal | NorSMB | 68:9 | då skalv jordi, ja, himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds, åsyn. | |
Psal | NorSMB | 68:14 | Når de ligg millom felæger, er det som sylvlagde duvevengjer, og vengfjører med grøn gullglima. | |
Psal | NorSMB | 68:17 | Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid. | |
Psal | NorSMB | 68:18 | Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen. | |
Psal | NorSMB | 68:19 | Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneskje, ogso av dei tråssuge, at du kunde bu der, Herre Gud. | |
Psal | NorSMB | 68:21 | Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Herren er det utvegar frå dauden. | |
Psal | NorSMB | 68:22 | Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på honom som ferdast i si syndeskuld. | |
Psal | NorSMB | 68:25 | Dei ser di sigersferd, Gud, sigersferdi der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen. | |
Psal | NorSMB | 68:26 | Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på trummor. | |
Psal | NorSMB | 68:28 | Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver deim, hovdingarne av Juda - deira hop, hovdingarne av Sebulon, hovdingarne av Naftali. | |
Psal | NorSMB | 68:31 | Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid. | |
Psal | NorSMB | 68:32 | Velduge menner skal koma frå Egyptarland, Ætiopia skal skunda seg og retta henderne ut til Gud. | |
Psal | NorSMB | 68:34 | Han som fer fram i dei eldegamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldug røyst. | |
Chapter 69
Psal | NorSMB | 69:3 | Eg er sokken ned i det djupe dike der det inkje fotfeste er, eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg. | |
Psal | NorSMB | 69:4 | Eg er trøytt av mi roping, det brenn i min strupe, mine augo er upptærde, med di eg ventar på min Gud. | |
Psal | NorSMB | 69:5 | Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan orsak, mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende. | |
Psal | NorSMB | 69:7 | Lat deim ved meg ikkje verta til skammar, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers drott! Lat deim ikkje ved meg verta skjemde, dei som søkjer deg, Israels Gud! | |
Psal | NorSMB | 69:10 | For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg. | |
Psal | NorSMB | 69:14 | Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med di trufaste hjelp! | |
Psal | NorSMB | 69:15 | Fria meg ut or søyla, og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta utfria frå deim som hatar meg og frå dei djupe vatni! | |
Psal | NorSMB | 69:16 | Lat ikkje vatsflodi fløyma yver meg, og ikkje djupet svelgja meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg! | |
Psal | NorSMB | 69:20 | Du kjenner mi spott og skam og vanæra, for di åsyn stend alle dei som trengjer meg. | |
Psal | NorSMB | 69:21 | Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen. | |
Psal | NorSMB | 69:23 | Lat bordet deira framfyre deim verta ei snara, og ei gildra for deim når dei er trygge! | |
Psal | NorSMB | 69:27 | For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt deim som du hev gjenomstunge. | |
Psal | NorSMB | 69:28 | Lat deim leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat deim ikkje koma til di rettferd! | |
Psal | NorSMB | 69:29 | Lat deim verta utstrokne or livsens bok, og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige! | |
Psal | NorSMB | 69:33 | Når spaklyndte ser det, vil dei gleda seg; de som søkjer Gud - må dykkar hjarta liva! | |
Chapter 70
Psal | NorSMB | 70:3 | Lat deim verta til skam og spott, dei som stend etter mitt liv! Lat deim vika attende og skjemmast, som hev hugnad i mi ulukka! | |
Chapter 71
Psal | NorSMB | 71:3 | Ver meg eit berg til å bu på, der eg alltid kann koma! Du hev påbode frelsa for meg, for du er mitt fjell og mi festning. | |
Psal | NorSMB | 71:4 | Min Gud, berga meg frå handi til den ugudlege, frå hans neve som er urettferdig og gjer valdsverk! | |
Psal | NorSMB | 71:6 | På deg hev eg studt meg alt frå morsfanget; du er den som drog meg ut or morslivet, um deg vil eg alltid syngja min lovsong. | |
Psal | NorSMB | 71:9 | Kasta meg ikkje burt i min alderdom, forlat meg ikkje når mi kraft vert til inkjes! | |
Psal | NorSMB | 71:11 | og segjer: «Gud hev forlate honom; forfylg honom og tak honom, for det er ingen som bergar!» | |
Psal | NorSMB | 71:13 | Lat deim som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunnar! Lat deim som søkjer mi ulukka, verta klædde i spott og skam! | |
Psal | NorSMB | 71:15 | Min munn skal fortelja um di rettferd, um di frelse all dagen, for eg veit ikkje tal på deim. | |
Psal | NorSMB | 71:16 | Eg vil koma fram med Herrens, Herrens velduge verk, eg vil forkynna di rettferd, berre di. | |
Psal | NorSMB | 71:17 | Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar. | |
Psal | NorSMB | 71:18 | Forlat meg då ikkje heller når eg vert gamall og grå, du Gud, til dess eg fær forkynna um din arm til ei onnor ætt, um di magt til kvar den som skal koma. | |
Psal | NorSMB | 71:19 | Og di rettferd, Gud, når upp til det høge, du Gud, som hev gjort store ting, kven er som du? | |
Psal | NorSMB | 71:20 | Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss livande att og draga oss upp att or dypterne i jordi. | |
Psal | NorSMB | 71:22 | So vil eg prisa deg med harpespel, din truskap, min Gud! Eg vil syngja deg lov med cither, du Israels Heilage. | |
Chapter 72
Psal | NorSMB | 72:4 | Han skal døma armingarne i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen. | |
Psal | NorSMB | 72:7 | I hans dagar skal den rettferdige bløma, og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir. | |
Psal | NorSMB | 72:9 | Dei som bur i øydemarki, skal bøygja seg for honom, og hans fiendar skal slikka mold. | |
Psal | NorSMB | 72:10 | Kongarne frå Tarsis og øyarne skal bera fram gåvor, kongarne frå Sjeba og Seba skal koma med skatt. | |
Psal | NorSMB | 72:13 | Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjælerne åt dei fatige skal han frelsa. | |
Psal | NorSMB | 72:14 | Frå trykk og vald skal han løysa deira sjæl, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo. | |
Psal | NorSMB | 72:15 | Og han skal liva, og Sjeba-gull skal han gjeva honom, og han skal alltid beda for honom, heile dagen skal han lova honom. | |
Psal | NorSMB | 72:16 | Det skal vera ei mengd med korn i landet, på fjelltopparne, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk blømer fram i byarne som gras på jordi. | |
Psal | NorSMB | 72:17 | Hans namn skal vara i all æva, so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og ved honom skal dei velsigna seg, alle heidningefolk skal prisa honom sæl. | |
Psal | NorSMB | 72:19 | Og lova vere hans herlege namn i all æva! og all jordi verte full av hans æra! Amen, amen! | |
Chapter 73
Psal | NorSMB | 73:2 | Men eg - mine føter hadde so nær snåva, det skilde lite at mine stig hadde skride ut. | |
Psal | NorSMB | 73:5 | Dei veit ikkje av naud som andre folk, og dei vert ikkje plåga som andre menneskje. | |
Psal | NorSMB | 73:11 | Og dei segjer: «Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?» | |
Psal | NorSMB | 73:15 | Dersom eg hadde sagt: «Eg vil tala soleis,» då hadde eg vore utru mot ætti av dine born. | |
Psal | NorSMB | 73:16 | Og når eg tenkte etter korleis eg skulda skyna dette, vart det for mødesamt var det for meg | |
Psal | NorSMB | 73:19 | Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under, fekk ein skræmeleg ende. | |
Psal | NorSMB | 73:20 | Som ein vanvyrder ein draum når ein vaknar, soleis vanvyrder du, Herre, deira bilæte når du vert vaken. | |
Psal | NorSMB | 73:26 | Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min deil. | |
Psal | NorSMB | 73:27 | For sjå, dei som er langt burte frå deg, skal ganga til grunnar; du tyner alle som i hor gjeng frå deg. | |
Chapter 74
Psal | NorSMB | 74:1 | Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter? | |
Psal | NorSMB | 74:2 | Kom i hug din lyd som du fekk deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell der du bur. | |
Psal | NorSMB | 74:4 | Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus, dei hev sett sine merke upp til merke. | |
Psal | NorSMB | 74:7 | Dei hev sett eld på heilagdomen din, reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn. | |
Psal | NorSMB | 74:8 | Dei hev sagt i sitt hjarta: «Lat oss tyna deim alle i hop!» Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet. | |
Psal | NorSMB | 74:9 | Våre merke ser me ikkje, det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge. | |
Psal | NorSMB | 74:11 | Kvifor dreg du di hand, di høgre hand, attende? Tak henne ut or barmen, og øydelegg! | |
Psal | NorSMB | 74:18 | Kom i hug dette: Fiendar hev spotta Herren, og eit dårlegt folk hev vanvyrdt ditt namn. | |
Psal | NorSMB | 74:19 | Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar! | |
Chapter 75
Psal | NorSMB | 75:9 | For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi. | |
Chapter 76
Psal | NorSMB | 76:6 | Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra, dei søv sin svevn, og ingen av kjemporne fann sine hender. | |
Chapter 77
Psal | NorSMB | 77:2 | Eg ropar til Gud, og eg vil skrika; eg ropar til Gud, og han vil venda øyra til meg. | |
Psal | NorSMB | 77:3 | Den Dagen eg er i naud, søkjer eg Herren, um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjæl vil ikkje lata seg trøysta. | |
Psal | NorSMB | 77:7 | Eg vil koma i hug min strengleik um natti, i mitt hjarta vil eg grunda, og mi ånd vil ransaka. | |
Psal | NorSMB | 77:9 | Er det for all tid ute med hans miskunn? Hev hans lovnad vorte upp i inkje frå ætt til ætt? | |
Psal | NorSMB | 77:12 | Eg vil forkynna Herrens gjerningar, for eg vil minnast dine under frå fordoms tid. | |
Psal | NorSMB | 77:19 | Di tora dunde i kvervelstormen, eldingar lyste upp jordriket, jordi skalv og riste. | |
Chapter 78
Psal | NorSMB | 78:1 | Ein song til lærdom av Asaf. Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar! | |
Psal | NorSMB | 78:4 | det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og hans under, som han hev gjort. | |
Psal | NorSMB | 78:5 | Han hev sett upp eit vitnemål i Jakob, og ei lov hev han lagt i Israel, som han baud våre feder, til å kunngjera deim for borni, | |
Psal | NorSMB | 78:6 | so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna deim, at dei kunde koma fram og fortelja um deim til sine born, | |
Psal | NorSMB | 78:8 | og ikkje vera som deira feder, ei tver og tråssug ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud. | |
Psal | NorSMB | 78:17 | Men dei heldt endå på og synda imot honom, og var tråssuge mot den Høgste i øydemarki. | |
Psal | NorSMB | 78:20 | Sjå, han slo i berg, so vatn rann ut, og bekkjer fløymde. Tru han og kann gjeva brød, eller koma med kjøt til sitt folk?» | |
Psal | NorSMB | 78:21 | Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga upp mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel; | |
Psal | NorSMB | 78:26 | Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si magt. | |
Psal | NorSMB | 78:31 | då steig Guds vreide upp imot deim, og han drap deira sterke menner hjå deim, og Israels ungdomar slo han ned. | |
Psal | NorSMB | 78:38 | Men han er miskunnsam, han forlet skuld og tyner ikkje, og mange gonger let han sin vreide venda um, og han vakte ikkje heile sin harm. | |
Psal | NorSMB | 78:49 | Han sende på deim sin brennande vreide, sinne og harm og trengsla, ei sending av uferds-englar. | |
Psal | NorSMB | 78:50 | Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjæl for dauden, og deira liv gav han til sotti. | |
Psal | NorSMB | 78:51 | Og han slo alle fyrstefødde i Egyptarland, fyrstegrøda av dei sterke i Khams tjeld. | |
Psal | NorSMB | 78:52 | Og han let sitt folk fara av stad som sauer, og førde deim som ei hjord i øydemarki. | |
Psal | NorSMB | 78:54 | Og han førde deim til sitt heilage landmerke, det fjell som hans høgre hand hadde vunne. | |
Psal | NorSMB | 78:55 | Og han dreiv ut heidningar for deim, og let deira land falla til deim som arv, og let Israels ætter bu i deira tjeld. | |
Psal | NorSMB | 78:56 | Men dei freista Gud, den Høgste, og tråssa honom, og hans vitnemål agta dei ikkje på. | |
Psal | NorSMB | 78:60 | Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneskje. | |
Psal | NorSMB | 78:69 | Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, liksom jordi som han hev grunnfest til æveleg tid. | |
Psal | NorSMB | 78:71 | Han førde honom frå lambsauerne som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv. | |
Chapter 79
Psal | NorSMB | 79:1 | Ein salme av Asaf. Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort ditt heilage tempel ureint, dei hev gjort Jerusalem til steinhaugar. | |
Psal | NorSMB | 79:2 | Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr. | |
Psal | NorSMB | 79:3 | Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda deim. | |
Psal | NorSMB | 79:4 | Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring. | |
Psal | NorSMB | 79:5 | Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld? | |
Psal | NorSMB | 79:6 | Renn din harme ut yver heidningarne som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn! | |
Psal | NorSMB | 79:8 | Kom ikkje i hug mot oss synderne åt våre forfeder, lat di miskunn snart koma imot oss, for me er svært utmødde! | |
Psal | NorSMB | 79:9 | Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld! og frels oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld! | |
Psal | NorSMB | 79:10 | Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er deira Gud?» Lat det for våre augo verta kjent millom heidningarne, at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar! | |
Psal | NorSMB | 79:11 | Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! So sterk som armen din er, spar daudens born! | |
Psal | NorSMB | 79:12 | Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre! | |
Chapter 80
Psal | NorSMB | 80:2 | Du Israels hyrding, vend øyra til! du som fører Josef som ei hjord, du som tronar yver kerubarne, syn deg herleg! | |
Psal | NorSMB | 80:7 | Du sette oss til eit trættemål for våre grannar, og våre fiendar spottar seg imillom. | |
Psal | NorSMB | 80:13 | Kvi hev du rive ned gardarne ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det? | |
Psal | NorSMB | 80:15 | Gud, allhers drott, vend um att! skoda ned frå himmelen og sjå og vitja ditt vintre! | |
Psal | NorSMB | 80:17 | Det er brent med eld, det er avhogge, for trugsl frå ditt andlit gjeng dei til grunnar. | |
Psal | NorSMB | 80:18 | Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut, | |
Chapter 81
Psal | NorSMB | 81:6 | Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg: | |
Psal | NorSMB | 81:8 | I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela. | |
Psal | NorSMB | 81:10 | Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud. | |
Psal | NorSMB | 81:11 | Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom! | |
Psal | NorSMB | 81:15 | Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar. | |
Chapter 82
Psal | NorSMB | 82:5 | Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollar til jordi ruggar. | |
Chapter 83
Psal | NorSMB | 83:4 | Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot deim som du tek vare på. | |
Psal | NorSMB | 83:5 | Dei segjer: «Kom, lat oss rydja deim ut, so dei ikkje lenger er eit folk! og Israels namn skal ingen meir koma i hug!» | |
Psal | NorSMB | 83:12 | Far med deim, deira fremste menner, som med Oreb og Ze’eb, og med alle deira hovdingar som med Zebah og Salmunna! | |
Chapter 84
Psal | NorSMB | 84:3 | Mi sjæl lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den livande Gud. | |
Psal | NorSMB | 84:4 | Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers drott, min konge og min Gud! | |
Psal | NorSMB | 84:6 | Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar. | |
Psal | NorSMB | 84:7 | Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei honom til ein kjeldevang, ja, tidlegt regn legg velsigning yver honom. | |
Psal | NorSMB | 84:11 | For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi til gudløysa. | |
Chapter 85
Psal | NorSMB | 85:9 | Eg vil høyra kva Gud Herren talar, for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap. | |
Chapter 86
Psal | NorSMB | 86:2 | Tak vare på mi sjæl, for eg er gudleg. Frels din tenar, du min Gud, han som lit på deg! | |
Psal | NorSMB | 86:5 | For du, Herre, er god og viljug til forlating, og rik på miskunn for alle deim som kallar på deg. | |
Psal | NorSMB | 86:9 | Alle heidningar som du hev skapt, skal koma og tilbeda for di åsyn, Herre, og dei skal æra ditt namn. | |
Psal | NorSMB | 86:11 | Lær meg, Herre, din veg, eg vil ferdast i di sanning; sameina mitt hjarta til å ottast ditt namn! | |
Psal | NorSMB | 86:12 | Eg vil prisa deg, Herre min Gud, av alt mitt hjarta, og eg vil æra namnet ditt æveleg. | |
Psal | NorSMB | 86:13 | For di miskunn er stor yver meg, og du hev frelst mi sjæl frå den djupe helheimen. | |
Psal | NorSMB | 86:14 | Gud, stormodige hev reist seg imot meg, og ein flokk av valdsmenner stend etter livet mitt, og dei hev ikkje deg for auga. | |
Psal | NorSMB | 86:15 | Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap. | |
Psal | NorSMB | 86:16 | Vend deg til meg og ver meg nådig, gjev din tenar styrken din, og frels son åt di tenestkvinna! | |
Chapter 87
Psal | NorSMB | 87:1 | Av Korahs born; ein salme, ein song. Det som han hev grunnfest på dei heilage fjelli, | |
Psal | NorSMB | 87:4 | «Eg vil nemna Rahab og Babel millom deim som kjenner meg; sjå Filistaren, Tyrus og Kusj: Denne er fødd der.» | |
Psal | NorSMB | 87:5 | Og um Sion skal det verta sagt: «Kvar ein er fødd der», og han, den Høgste, gjer det fast. | |
Chapter 88
Psal | NorSMB | 88:1 | Ein song, ein salme av Korahs born. Til songmeisteren; etter Mahalat leannot; ein song til lærdom av ezrahiten Heman. | |
Psal | NorSMB | 88:6 | Eg er forlaten millom dei daude, som dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, då dei er avskorne frå di hand. | |
Psal | NorSMB | 88:9 | Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for deim, eg er innestengd og kann ikkje koma ut. | |
Psal | NorSMB | 88:10 | Mitt auga hev vanmegtast av liding, eg hev kalla på deg kvar dag, Herre, eg hev rett ut mine hender til deg. | |
Chapter 89
Psal | NorSMB | 89:2 | Um Herrens miskunns verk vil eg æveleg syngja frå ætt til ætt vil eg med min munn forkynna hans truskap. | |
Psal | NorSMB | 89:5 | «Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.»» Sela. | |
Psal | NorSMB | 89:6 | Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage. | |
Psal | NorSMB | 89:8 | Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom. | |
Psal | NorSMB | 89:11 | Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen, med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar. | |
Psal | NorSMB | 89:15 | Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; miskunn og truskap gjeng fyre di åsyn. | |
Psal | NorSMB | 89:16 | Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlit skal dei ferdast. | |
Psal | NorSMB | 89:20 | Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sagde: «Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldug, eg hev upphøgt ein ungdom av folket. | |
Psal | NorSMB | 89:25 | Og min truskap og mi miskunn skal vera med honom, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft. | |
Psal | NorSMB | 89:29 | Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom. | |
Psal | NorSMB | 89:30 | Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer. | |
Psal | NorSMB | 89:40 | Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev skjemt hans kruna og kasta henne på jordi. | |
Psal | NorSMB | 89:42 | Alle som fer fram på vegen, plundrar honom, han hev vorte til spott for grannarne sine. | |
Psal | NorSMB | 89:43 | Du hev upphøgt den høgre hand til hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade. | |
Psal | NorSMB | 89:47 | Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld? | |
Psal | NorSMB | 89:48 | Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle menneskjeborn. | |
Psal | NorSMB | 89:49 | Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? Sela. | |
Psal | NorSMB | 89:50 | Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap? | |
Psal | NorSMB | 89:51 | Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg må bera i fanget alle dei mange folk, | |
Chapter 90
Psal | NorSMB | 90:2 | Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du Gud. | |
Psal | NorSMB | 90:5 | Du riv deim burt som i flaum, dei vert som ein svevn, um morgonen er dei som groande graset; | |
Psal | NorSMB | 90:9 | For alle våre dagar er framfarne i din vreide, me hev livt våre år til ende som ein sukk. | |
Psal | NorSMB | 90:10 | Vår livstid, ho varer sytti år, og når der er mykje kraft, åtteti år, og jamvel det stoltaste er møda og fåfengd, for snart er det framfare, og me flaug burt. | |
Psal | NorSMB | 90:14 | Metta oss med di miskunn når morgonen renn, so vil me fegnast og gleda oss alle våre dagar! | |
Chapter 91
Psal | NorSMB | 91:4 | Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap. | |
Psal | NorSMB | 91:7 | Um tusund fell attmed sida di, og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg. | |
Psal | NorSMB | 91:14 | «Av di han heng fast ved meg, vil eg fria honom ut; eg vil frelsa honom, av di han kjenner mitt namn. | |
Psal | NorSMB | 91:15 | Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra. | |
Chapter 92
Psal | NorSMB | 92:5 | For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort. | |
Psal | NorSMB | 92:8 | Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid. | |
Psal | NorSMB | 92:10 | For sjå dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde. | |
Psal | NorSMB | 92:12 | Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg. | |
Psal | NorSMB | 92:13 | Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa. | |
Chapter 93
Psal | NorSMB | 93:1 | Herren er konge, han hev klædt seg i høgd; Herren hev klædt seg, han hev gyrdt seg med styrke, jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka. | |
Psal | NorSMB | 93:4 | Men meir enn duren av dei store vatn, dei herlege, havbroti, er Herren herleg i det høge. | |
Chapter 94
Psal | NorSMB | 94:9 | Han som hev sett inn øyra, skulde han ikkje høyra? Han som hev laga til auga, skulde han ikkje sjå? | |
Psal | NorSMB | 94:10 | Han som tuktar heidningar, skulde han ikkje refsa, han som gjev menneski kunnskap? | |
Psal | NorSMB | 94:13 | til å gjeve honom ro for vonde dagar, til dess det vert grave ei grav for den ugudlege. | |
Psal | NorSMB | 94:15 | For domen skal venda um att til rettferd, og alle ærlege i hjarta skal halda med honom. | |
Psal | NorSMB | 94:16 | Kven stend upp for meg imot dei vonde? Kven stig fram for meg mot deim som gjer urett? | |
Psal | NorSMB | 94:19 | Når det kjem mange tunge tankar i mitt hjarta, då huggar dine trøystarord mi sjæl. | |
Psal | NorSMB | 94:21 | Dei flokkar seg i hop mot sjæli åt den rettferdige, og dei fordømer uskuldigt blod. | |
Chapter 95
Psal | NorSMB | 95:2 | Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar! | |
Psal | NorSMB | 95:7 | For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag! | |
Psal | NorSMB | 95:10 | I fyrti år var eg leid av den ætti, og eg sagde: «Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegarne mine.» | |
Chapter 96
Psal | NorSMB | 96:10 | Seg millom heidningarne: «Herren er konge, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka; han dømer folki med rettvisa.» | |
Chapter 97
Psal | NorSMB | 97:2 | Skyer og myrker er kringum honom, rettferd og rett er grunnvoll for hans kongsstol. | |
Psal | NorSMB | 97:7 | Skjemde vert alle som dyrkar bilæte, som rosar seg av avgudar. Alle gudar tilbed honom. | |
Psal | NorSMB | 97:8 | Sion høyrer det og gled seg, og Judas døtter fagnar seg for dine domar skuld, Herre. | |
Psal | NorSMB | 97:10 | De som elskar Herren, hata det vonde! Han tek vare på sjælerne åt sine trugne, frå handi til dei ugudlege frelsar han deim. | |
Chapter 98
Psal | NorSMB | 98:1 | Ein salme. Syng Herren ein ny song! For han hev gjort under, hans høgre hand hev hjelpt honom, og hans heilage arm. | |
Psal | NorSMB | 98:2 | Herren hev kunngjort si frelsa, for augo på heidningarne hev han openberra si rettferd. | |
Psal | NorSMB | 98:3 | Han hev kome i hug si miskunn og sin truskap mot Israels hus; alle heimsens endar hev set frelsa frå vår Gud. | |
Chapter 99
Psal | NorSMB | 99:4 | Og i si magt elskar kongen det som rett er; du held rettvisa uppe, du hev gjort rett og rettferd i Jakob. | |
Psal | NorSMB | 99:6 | Moses og Aron var millom hans prestar, og Samuel millom deim som kalla på hans namn; dei ropa til Herren, og han svara deim. | |
Psal | NorSMB | 99:7 | I ein skystolpe tala han til deim, dei heldt hans vitnemål og den lov han gav deim. | |
Psal | NorSMB | 99:8 | Herre vår Gud, du svara deim, du var deim ein Gud som tilgav deim, men og ein hemnar yver deira gjerningar. | |
Chapter 100
Psal | NorSMB | 100:3 | Vit at Herren er Gud, han hev skapt oss, og ikkje me, til sitt folk og til den hjord han føder. | |
Psal | NorSMB | 100:4 | Kom inn i hans portar med takk, i hans fyregardar med lov, prisa honom, lova hans namn! | |
Chapter 101
Psal | NorSMB | 101:2 | Eg vil agta på den ulastande veg - når kjem du til meg? Eg vil vandra i mitt hjartans uskyld i mitt hus. | |
Psal | NorSMB | 101:3 | Ikkje set eg meg for augo nidingsverk, å gjera misgjerd hatar eg, slikt heng ikkje ved meg. | |
Psal | NorSMB | 101:5 | Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola. | |
Psal | NorSMB | 101:6 | Mine augo ser på dei trugne i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som vandrar på ulastande veg, han skal tena meg. | |
Psal | NorSMB | 101:7 | I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine. | |
Chapter 102
Psal | NorSMB | 102:1 | Bøn av ein arming, når han vanmegtast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren. | |
Psal | NorSMB | 102:3 | Løyn ikkje ditt andlit for meg den dagen eg er i naud! Bøyg ditt øyra til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart! | |
Psal | NorSMB | 102:9 | Heile dagen spottar mine fiendar meg, dei som reint er ville mot meg, sver ved meg. | |
Psal | NorSMB | 102:14 | Du vil standa upp, du vil miskunna Sion, for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen. | |
Psal | NorSMB | 102:15 | For dine tenarar hev godhug for steinarne hennar, og dei ynkast yver hennar grus. | |
Psal | NorSMB | 102:18 | han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn. | |
Psal | NorSMB | 102:19 | Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren, | |
Psal | NorSMB | 102:25 | Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år. | |
Psal | NorSMB | 102:27 | Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du deim, og dei vert umskifte; | |
Chapter 103
Psal | NorSMB | 103:10 | Han gjer ikkje med oss etter våre synder og gjev oss ikkje lika for våre misgjerningar. | |
Psal | NorSMB | 103:11 | For so høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldug yver deim som ottast honom. | |
Psal | NorSMB | 103:16 | Når vinden fer yver honom, er han ikkje meir, og staden hans veit ikkje meir av honom. | |
Psal | NorSMB | 103:17 | Men Herrens miskunn er frå æva og til æva yver deim som ottast honom, og hans rettferd er mot barneborn, | |
Psal | NorSMB | 103:18 | mot deim som held hans pakt, og som kjem i hug hans fyresegner og liver etter deim. | |
Psal | NorSMB | 103:20 | Lova Herren, de hans englar, de velduge kjempor som set hans ord i verk, med di de lyder på røysti av hans ord! | |
Chapter 104
Psal | NorSMB | 104:1 | Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd. | |
Psal | NorSMB | 104:2 | Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk, | |
Psal | NorSMB | 104:3 | han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden. | |
Psal | NorSMB | 104:9 | Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi. | |
Psal | NorSMB | 104:14 | Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi, | |
Psal | NorSMB | 104:15 | og vin som gled menneskjehjarta, til å lata andlitet skina av olje, og avla brød som styrkjer menneskjehjarta. | |
Psal | NorSMB | 104:18 | Dei høge fjelli er for steinbukkarne, bergskortorne er til livd for fjell-grevlingarne. | |
Psal | NorSMB | 104:24 | Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde deim alle med visdom, jordi er full av det du hev skapt. | |
Psal | NorSMB | 104:25 | Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr både små og store. | |
Psal | NorSMB | 104:29 | Du løyner ditt andlit, dei vert forskræmde, du tek burt deira ande, dei døyr og dei vender attende til dusti si. | |
Psal | NorSMB | 104:33 | Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til. | |
Chapter 105
Psal | NorSMB | 105:5 | Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn, | |
Psal | NorSMB | 105:14 | let han ingen mann få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld: | |
Psal | NorSMB | 105:25 | Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og lagde løynderåder upp mot hans tenarar. | |
Psal | NorSMB | 105:38 | Egyptarland gledde seg då dei drog ut; for rædsla for deim hadde falle yver deim. | |
Chapter 106
Psal | NorSMB | 106:4 | Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, gjesta meg med di frelsa! | |
Psal | NorSMB | 106:5 | so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv. | |
Psal | NorSMB | 106:7 | Våre feder i Egyptarland agta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men dei var tråssuge ved havet, ved Raudehavet. | |
Psal | NorSMB | 106:9 | og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let deim ganga gjenom djupi som på slette marki, | |
Psal | NorSMB | 106:10 | og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand, | |
Psal | NorSMB | 106:23 | Og han tenktest til å tyna deim, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, at han ikkje skulde øydeleggja. | |
Psal | NorSMB | 106:38 | og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter som dei ofra til Kana’ans avgudar, og landet vart vanhelga med blodskuld. | |
Psal | NorSMB | 106:41 | Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim, | |
Psal | NorSMB | 106:43 | Mange gonger fria han deim ut, men dei var tråssuge og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning. | |
Psal | NorSMB | 106:47 | Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov! | |
Chapter 107
Psal | NorSMB | 107:40 | Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let deim villast i veglaus øydemark, | |
Chapter 108
Psal | NorSMB | 108:8 | Gud hev tala i sin heilagdom. «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla. | |
Psal | NorSMB | 108:9 | Meg høyrer Gilead til, meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav. | |
Psal | NorSMB | 108:10 | Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min, for Filistarland set eg i med fagnadrop.» | |
Chapter 109
Psal | NorSMB | 109:2 | For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga. | |
Psal | NorSMB | 109:10 | Lat hans born flakka ikring og beda seg, lat deim ganga som tiggarar frå sin øydelagde heim! | |
Psal | NorSMB | 109:11 | Lat okerkallen leggja snara um all hans eigedom, og framande plundra hans avling! | |
Psal | NorSMB | 109:12 | Lat ingen finnast som hyser miskunn imot honom, og ingen som ynkast yver hans farlause born! | |
Psal | NorSMB | 109:13 | Lat hans etterkomarar ganga til grunnar og deira namn verta utstroke i næste ættled! | |
Psal | NorSMB | 109:14 | Hans fedra skuld vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki! | |
Psal | NorSMB | 109:16 | av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein arm og fatig mann, og ein hjarteskræmd og vilde drepa honom. | |
Psal | NorSMB | 109:17 | Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom. | |
Psal | NorSMB | 109:18 | Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein. | |
Psal | NorSMB | 109:19 | Lat henne verta honom til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg! | |
Psal | NorSMB | 109:20 | Dette vere løni frå Herren åt mine motstandarar, og åt deim som talar vondt imot mi sjæl! | |
Psal | NorSMB | 109:21 | Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld, etter som di miskunn er god, so berga meg! | |
Psal | NorSMB | 109:23 | Som ein skugge når han lengjest, kverv eg burt, eg vert jaga burt som ein grashopp. | |
Psal | NorSMB | 109:28 | Dei forbannar, men du velsignar, dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg. | |
Psal | NorSMB | 109:29 | Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa. | |
Psal | NorSMB | 109:30 | Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova honom. | |
Chapter 110
Psal | NorSMB | 110:1 | Av David, ein salme. Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!» | |
Psal | NorSMB | 110:2 | Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar! | |
Psal | NorSMB | 110:3 | Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden. | |
Psal | NorSMB | 110:4 | Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» | |
Psal | NorSMB | 110:6 | Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord. | |
Chapter 111
Psal | NorSMB | 111:6 | Krafti av sine verk hev han kunngjort for sitt folk, då han gav deim arven til heidningarne. | |
Psal | NorSMB | 111:9 | Han hev sendt sitt folk utløysing, han hev skipa si pakt æveleg, hans namn er heilagt og skræmelegt. | |
Chapter 112
Psal | NorSMB | 112:1 | Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord. | |
Psal | NorSMB | 112:4 | Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, nådig, miskunnsam og rettferdig er han. | |
Psal | NorSMB | 112:5 | Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån, han held uppe si sak i retten. | |
Psal | NorSMB | 112:6 | For dei skal ikkje rikka honom i all æva, den rettferdige skal vera i ævelegt minne. | |
Psal | NorSMB | 112:8 | Hans hjarta er trygt; han ræddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar. | |
Psal | NorSMB | 112:9 | Han strår ut, gjev til dei fatige, hans rettferd stend alltid, hans horn skal verta upplyft med æra. | |
Chapter 113
Chapter 114
Chapter 115
Psal | NorSMB | 115:1 | Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld! | |
Psal | NorSMB | 115:7 | Med sine hender grip dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje, dei hev ikkje mål i strupen. | |
Psal | NorSMB | 115:12 | Herren kom oss i hug, han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus, | |
Chapter 116
Psal | NorSMB | 116:3 | Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg. | |
Psal | NorSMB | 116:16 | Å Herre, eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band. | |
Chapter 117
Chapter 118
Psal | NorSMB | 118:12 | Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned. | |
Psal | NorSMB | 118:15 | Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk. | |
Psal | NorSMB | 118:19 | Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren. | |
Psal | NorSMB | 118:27 | Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret! | |
Chapter 119
Psal | NorSMB | 119:23 | Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter. | |
Psal | NorSMB | 119:33 | Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes. | |
Psal | NorSMB | 119:37 | Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg! | |
Psal | NorSMB | 119:48 | Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter. | |
Psal | NorSMB | 119:69 | Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner. | |
Psal | NorSMB | 119:73 | Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord! | |
Psal | NorSMB | 119:78 | Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner. | |
Psal | NorSMB | 119:80 | Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar! | |
Psal | NorSMB | 119:84 | Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg? | |
Psal | NorSMB | 119:88 | Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn. | |
Psal | NorSMB | 119:91 | Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar. | |
Psal | NorSMB | 119:93 | I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live. | |
Psal | NorSMB | 119:110 | Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt. | |
Psal | NorSMB | 119:112 | Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes. | |
Psal | NorSMB | 119:116 | Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von! | |
Psal | NorSMB | 119:117 | Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter. | |
Psal | NorSMB | 119:118 | Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd. | |
Psal | NorSMB | 119:121 | Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg. | |
Psal | NorSMB | 119:122 | Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg! | |
Psal | NorSMB | 119:145 | Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på. | |
Psal | NorSMB | 119:157 | Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike. | |
Psal | NorSMB | 119:168 | Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn. | |
Chapter 120
Chapter 121
Psal | NorSMB | 121:1 | Ein song til høgtidsferderne. Eg lyfter augo mine upp til fjelli, kvar kjem mi hjelp ifrå? | |
Chapter 122
Psal | NorSMB | 122:1 | Ein song til høgtidsferderne; av David. Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.» | |
Chapter 123
Psal | NorSMB | 123:2 | Sjå, som augo til tenarar skodar på handi åt herrarne sine, som augo til tenestgjenta på handi åt frua si, soleis skodar våre augo upp til Herren, vår Gud, til dess han vert oss nådig. | |
Chapter 124
Psal | NorSMB | 124:1 | Ein song til høgtidsferderne; av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, - so segje Israel - | |
Psal | NorSMB | 124:7 | Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan. | |
Chapter 125
Psal | NorSMB | 125:1 | Ein song til høgtidsferderne. Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast. | |
Psal | NorSMB | 125:2 | Jerusalem - fjell er kringum det, og Herren er ikring sitt folk frå no og i all æva. | |
Psal | NorSMB | 125:3 | For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, at ikkje dei rettferdige skal retta ut til urett sine hender. | |
Chapter 126
Psal | NorSMB | 126:1 | Ein song til høgtidsferderne. Då Herren førde Sions fangar heim att, då var me som drøymande. | |
Psal | NorSMB | 126:2 | Då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop. Då sagde dei millom heidningarne: «Store ting hev Herren gjort mot desse.» | |
Chapter 127
Psal | NorSMB | 127:1 | Ein song til høgtidsferderne; av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det. Dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vakti fåfengt. | |
Psal | NorSMB | 127:2 | Fåfengt stend de tidleg upp og sit til seint på kvelden og et det mødsame brød; det same gjev han venen sin som søv. | |
Chapter 128
Psal | NorSMB | 128:1 | Ein song til høgtidsferderne. Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar! | |
Psal | NorSMB | 128:3 | Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt. | |
Chapter 129
Psal | NorSMB | 129:1 | Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel - | |
Psal | NorSMB | 129:2 | mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg. | |
Chapter 130
Psal | NorSMB | 130:7 | Venta, Israel, på Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom. | |
Chapter 131
Psal | NorSMB | 131:1 | Ein song til høgtidsferderne; av David. Herre, ikkje er mitt hjarta stolt og ikkje augo mine storlåtne, og ikkje gjeng eg med tankar som er altfor underlege for meg. | |
Psal | NorSMB | 131:2 | Nei, eg hev fenge sjæli til å vera still og tegja som avvant barn hjå mor si, som avvant barn er sjæli mi hjå meg. | |
Chapter 132
Psal | NorSMB | 132:11 | Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: «Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol. | |
Psal | NorSMB | 132:12 | Dersom dine søner held mi pakt og mine vitnemål som eg skal læra deim, so skal og deira søner æveleg og alltid sitja på din kongsstol.» | |
Psal | NorSMB | 132:17 | Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, der hev eg stelt til ei lampa for den eg hev salva. | |
Chapter 133
Psal | NorSMB | 133:1 | Ein song til høgtidsferderne; av David. Sjå kor godt det er og yndelegt at brør ogso bur i saman! | |
Psal | NorSMB | 133:2 | Det er liksom den gode olje uppå hovudet, som renn ned yver skjegget, Arons skjegg, og som renn ned på saumen av hans klædnad, | |
Chapter 134
Psal | NorSMB | 134:1 | Ein song til høgtidsferderne. Upp, og lova Herren, alle Herrens tenarar, de som stend i Herrens hus um næterne! | |
Chapter 135
Psal | NorSMB | 135:7 | han som let eim stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, som fører ut or sine gøymslor vind, | |
Chapter 136
Chapter 137
Psal | NorSMB | 137:3 | For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!» | |
Psal | NorSMB | 137:6 | Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda. | |
Psal | NorSMB | 137:7 | Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!» | |
Psal | NorSMB | 137:8 | Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss! | |
Chapter 138
Psal | NorSMB | 138:1 | Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov. | |
Psal | NorSMB | 138:2 | Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn. | |
Psal | NorSMB | 138:7 | Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand. | |
Chapter 139
Psal | NorSMB | 139:8 | For eg upp til himmelen, so er du der, og reidde eg seng i helheimen, sjå, der er du og. | |
Psal | NorSMB | 139:12 | so vilde ikkje heller myrkret gjera noko myrkt for deg, og natti vilde vera ljos som dagen, myrkret vilde vera som ljoset. | |
Psal | NorSMB | 139:14 | Eg takkar deg, av di eg er laga på øgjeleg underfull vis; underfulle er dine verk, og mi sjæl veit det so vel. | |
Psal | NorSMB | 139:15 | Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi. | |
Psal | NorSMB | 139:16 | Då eg var eit foster, såg dine augo meg, og i di bok vart dei alle uppskrivne, dei dagar som vart fastsette, då ikkje ein av deim var komen. | |
Psal | NorSMB | 139:19 | Gud, gjev du vilde drepa den ugudlege! og de, blodfuse menner, vik burt frå meg - | |
Psal | NorSMB | 139:21 | Skulde eg ikkje, Herre, hata deim som hatar deg, og styggjast ved deim som stend deg imot? | |
Chapter 140
Psal | NorSMB | 140:5 | Vakta meg, Herre, for henderne til dei ugudlege, vara meg ifrå valdsmenner, som tenkjest til å få mine fet til fall. | |
Psal | NorSMB | 140:6 | Dei ovmodige gøymer snara til meg og reip, dei strekkjer garn ved vegen, gildror set dei snaror for meg. Sela. | |
Psal | NorSMB | 140:9 | Herre, lat ikkje den ugudlege få si lyst, lat ikkje hans vonde råd få framgang! Dei vilde elles upphøgja seg. Sela. | |
Psal | NorSMB | 140:10 | Yver hovudet på deim som kringset meg, skal den ulukka falla som deira lippor valdar. | |
Psal | NorSMB | 140:11 | Brennande kol skal ein rista ned yver deim, i elden skal han kasta deim, i djupe vatn, so dei ikkje kann koma upp. | |
Psal | NorSMB | 140:12 | Ein munnkåt mann skal ikkje trygt på jordi, den vonde valdsmann skal dei jaga til han sturtar. | |
Chapter 141
Psal | NorSMB | 141:1 | Ein salme av David. Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst når eg ropar til deg! | |
Psal | NorSMB | 141:2 | Lat bøni mi gjelda som røykoffer for ditt andlit, mi hand-upplyfting som kvelds-grjonoffer! | |
Psal | NorSMB | 141:4 | Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt til å gjera ugudlege gjerningar saman med menner som gjer urett, og ikkje lat meg eta av deira lostemat! | |
Psal | NorSMB | 141:5 | Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudsalve skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap. | |
Psal | NorSMB | 141:6 | Deira domarar vert sturta utfyre fjellveggen, og sjølv skal dei høyra mine ord, at dei er yndelege. | |
Psal | NorSMB | 141:7 | Som når ein pløgjer og rotar i jordi, so ligg beini våre spreidde kring ved døri til helheimen. | |
Psal | NorSMB | 141:8 | For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg, tøm ikkje ut mi sjæl! | |
Chapter 142
Psal | NorSMB | 142:4 | Når mi ånd vanmegtast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ferdast, hev dei løynt snaror for meg. | |
Psal | NorSMB | 142:5 | Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte frå meg, ingen spør etter mi sjæl. | |
Psal | NorSMB | 142:6 | Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: «Du er mi livd, min lut i landet åt dei livande.» | |
Chapter 143
Psal | NorSMB | 143:1 | Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd, | |
Psal | NorSMB | 143:2 | og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn. | |
Psal | NorSMB | 143:3 | For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude. | |
Psal | NorSMB | 143:5 | Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort. | |
Psal | NorSMB | 143:7 | Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi. | |
Psal | NorSMB | 143:8 | Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg! | |
Psal | NorSMB | 143:10 | Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet. | |
Psal | NorSMB | 143:11 | For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla! | |
Chapter 144
Psal | NorSMB | 144:1 | Av David. Lova vere Herren, mitt berg, som lærde mine hender strid og mine fingrar ufred, | |
Psal | NorSMB | 144:2 | mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg! | |
Psal | NorSMB | 144:3 | Herre, kva er ein mann, at du kjenner honom, eit menneskjebarn, at du agtar på det? | |
Psal | NorSMB | 144:7 | Rett henderne ned frå det høge, frels meg og fria meg ut frå dei store vatni, frå handi åt framande, | |
Psal | NorSMB | 144:11 | Frels meg og fria meg ut frå handi åt framande, dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand! | |
Psal | NorSMB | 144:12 | So våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott, | |
Psal | NorSMB | 144:13 | so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja, ti tusundtal på våre marker, | |
Psal | NorSMB | 144:14 | so våre kyr kann hava kalv, og der ikkje må vera brot og ikkje tap, og inkje klagerop på våre gator. | |
Chapter 145
Psal | NorSMB | 145:1 | Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid. | |
Psal | NorSMB | 145:6 | Um dine sterke, skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um. | |
Psal | NorSMB | 145:7 | Minne-ord um din store godleik skal dei lata strøyma ut, og di rettferd skal dei lovsyngja. | |
Psal | NorSMB | 145:12 | til å kunngjera dine velduge verk for menneskjeborni, og den strålande herlegdom i ditt rike. | |
Psal | NorSMB | 145:18 | Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning. | |
Psal | NorSMB | 145:19 | Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim. | |
Chapter 146
Psal | NorSMB | 146:4 | Fer hans ande ut, so vender han attende til si jord, den dagen er det ute med hans tankar. | |
Psal | NorSMB | 146:6 | han som hev skapa himmel og jord, havet og alt som i deim er, han som er trufast til æveleg tid, | |
Psal | NorSMB | 146:7 | han som gjev dei nedtyngde rett, han som gjev dei hungrige brød. Herren løyser dei bundne. | |
Psal | NorSMB | 146:8 | Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige, | |
Psal | NorSMB | 146:9 | Herren varar dei framande, farlause og enkjor held han uppe, men han villar vegen for dei ugudlege. | |
Chapter 147
Psal | NorSMB | 147:1 | Halleluja! For det er godt å lovsyngja vår Gud, for yndelegt er det, og lovsong høver vel. | |
Psal | NorSMB | 147:8 | han som tekkjer himmelen med skyer, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli. | |
Psal | NorSMB | 147:13 | For stengerne på dine portar hev han gjort faste, han hev velsigna dine born i deg. | |
Chapter 148
Psal | NorSMB | 148:13 | Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel, | |
Chapter 149
Chapter 150